



































Kjartan Hatløy
100 dikt om Egypt Mot kaos
Forlaget Oktober 2025
Eg går denne blågrå vegen min der han svingar opp til huset, nyt svingen gjennom og med så vakre dagar endåtil dei med hagl og snø og regn er vakre eg er aldri åleine
nei, for Hathor er med meg – gudinna for kjærleik og død ho kjem ut av statua si og røskar meg med eller ho tek meg i handa og leier meg om bord i sitt smil ho breier fram ein hemmeleg sti
den er av sommarkvite heta steinar, dei ber oss 10 000 år denne næraste sola, nabo til proxima, er far vår han er den mildaste mellom gudar og menneske det er han alltid, så han ropar oss ikkje inn nei ikkje enno
Sola, dagstjerna, saknar sitt folk, egyptarane, faraonisk tid seint i dagane eg fekk, las eg meg opp til ein usynleg korridor bort til henne og den er stråling
eg går inni strålingskorridoren att og fram eg bur midt i dette: ventetida eg gjer det frå Ytre Sogn, frå nokre fjordar der eg føler der den gule varmen frå ein av svingane i Nilen nemleg den guden Hapi sender, han som alltid er framstilt blå
Egypt, frå dei lærer eg å slutte å tale om dyr, døde ting, reine objekt der lærer eg å sjå omkring meg: «dei verande»
Det er i slutten av mi tid, men kjelda eg kom frå, gjev framleis
eg lever i verknadane av det å ha lese om Maat, dotter til sola, ho med ei høg fjør på hovudet ofte framstilt med utbreidde venger eg lever av det å ha lese om hennar tiltak for å skaffe fram rettferd, og sanning, fred eg veit mykje, kjenner òg hennar arbeid for å få fram dei rettferdige veit om jobben hennar i døderetten
eg lever i etterdønningane av tiltaket pyramidane til dømes i Giza, Kairo, som var linja opp i ein djup harmoni med Orion med desse tre stjernene vi seier er «beltet» eg gler meg stort over dei rikt smykka gravromma, dyrkar deira tru på eit framhald der eg ikkje lenger treng vere eit menneske der eg er ein som er i ei meiningsfull byrjing, den å leve i mitt bidrag for å slå ut det vonde i kosmos
kjelda eg kom frå, flyt framleis
Egyptarane sikta mot å syne Anubis. då teikna dei ein hund han gøyr aldri, han kjem så roleg når han kjem han kan kome fram i Sogn, har funne den staden når ein viss dag er komen, set vi oss, vi tre, eg og Anubis og han som skulpturerte Anubis heilt på likt drikk vi nøkternt vatn i lag, vi held heilag stilla etter ei tid er det slutten for oss. ja men nokre nye kjem til og er i sin første morgon, første hending frå det store inkje dukkar dei opp
Seinsommaren, timane då lauvskogen speglar seg i tjørna då er han frå midten av henne ein eirgrøn sirkel det bur ein blågrå hegre der kanskje han veit om dette faktum – at han også er ein hieroglyf? det er om natta han er mest vaken, auge søkjer det hender eg vert med han der ved breidda ei heldig natt ser vi Pleiadane vi to betraktar dei og driv vekk all søvn. vi er ein og ein er sett til å vere slik, i ei gild natt, ja fleire ofte har eg undra om den største sola der, den som heiter Merope nokon gong merkar den hegren
Eg er sameina med solstrålane, alle dagar kvar dag syg eg dei av sola sjølv, men òg av kvar einaste time fjordlys frå henne er tidene komne fram, frå henne som berre er midtvegs i si varigheit henne og vi er framkomne til staden vår. eg gjev han namnet «her» på vegane mine går eg ikring der det heiter Ytre Sogn, grenda Salbu og ser og høyrer men eg går òg ikring i Egypt, der linerle og svale er med meg eg går bort til eit minne frå det gamle riket eit gravrom eg lyttar til ekstra, der eg stoggar og er var dei er meinte å vere Thot sine ord som melder slik i skriftteikna sine: «eg er han som veit, han som reknar og bereknar, som forkynner morgon og kveld eg er han som vaker over timane han som fann opp æva. eg er hjå Orion når eg vil. eg kjenner viljen til Sirius kjenner hennar bane hjå menneska og er bevandra i framtida, utan at eg tek feil av henne»
Medan eg minnest foreldra, skjønar eg ein tale frå Egypt eg er her, på min kant av det moglege, står her, ved rekkje på rekkje av graver alle borne oppe av den gulbrune morenen, nett der ein ser Åfjord i Sogn så godt eg lyttar til bylgjene, til æva sitt språk, det inkluderer kvart av Egypt sine her står eg og kan ikkje anna. mine minne er frå Ytre Sogn og frå Luxor, frå Karnak, frå Teben desse stadene har eg vore, om ikkje i Kairo eg også er tilkopla Nilen si meining. eg òg har fått lyst brød og øl eg òg lever godt av pyramiden til Khufu, til Unas foreldra, ja. eg får ikkje fortalt dei om Egypt, men eg veit korleis dei er no medan eg står på grasbakken over dei. dei er reine, begge to, det veit eg, som eg står over beina deira ja, dei er reine, som staden her er rein, bylgjelyden det same så kan eg drøyme. eg kan gå eitt steg fram og så vere hjå Hathor det er hennar palme eg søkjer skugge under, dama som tidvis får gje ordrar over Aten, solskiva Hathor sjølv er no faren ned til Hermopolis ho er der for å verne endå ein dag skriftene med sitt gilde ord nemleg kvar einaste tekst eller bok av Thot
Det er haust, og eg er ute og vandrar
Sogn skaffa meg fram, Sogn dominerer meg; eg går ved eit kvitt berg på ein svingete asfaltveg det er berre ein knaus, men har med seg soloppgangane i silur eller kanskje i devon, og dei første fiskane sine viljar, dei blømer bak det stille berget så kjem eg forbi ein stad med lav-skorpe, det liknar eit øyre, enno ikkje antropocen der litt lenger borte, brått høyrer eg Egypt endå ein gong, og den som melder seg, «skapte seg sjølv»
Nun er namnet
og så høyrer eg kva han seier til Ra:
«kyss dotter di frå meg kyss kvar time Maat, gudinna med ei strutsefjør vaiande frå hovudet ho som aldri er anna enn sanning» – og han seier meir:
«gje av ditt liv, Ra», seier Nun, «gje meir av ditt liv, send det inn i den staden ved nasen hennar der livet står fram mest intenst, og der hjartet veit mest»
Eg går her og høyrer fjorden, at det er flo sjø desse dagane avgjer eg mangt i livet
også dette i meg
som dei der sør i Egypt kalla ba ein del i dette ba er mitt mobile auge, det som Horus lærte meg å sende på speidingar utover Tellus
ba – i den framtidige grava mi er han ei svale, ein sporv. han fer som han vil men alltid kjem han att
Utvalde dagar pyntar eg Sogn med livet i Egypt dei, som eg, seier «sjel», vi finn ikkje betre ord vi har ikkje rundt oss objekt eller dyr, men «verande» såleis er Nilen eit verande, Åfjord det same og ei kjelde melder: «min ba er min. men så er han òg noko æva sine gudar fritt gjestar og når det høver, er ba med meg, om eg er død eller i live, om i stein eller utanfor stein» dette er det eg sjølv seier: lekamen min, ivareteken av Anubis kvar av innvolane mine, behandla av han altså: kroppen min på veg, midt i si strevsame gjesting av kosmos
Eg går denne blågrå vegen min der han svingar opp til huset, nyt svingen
gjennom og med så vakre dagar
endåtil dei med hagl og snø og regn er vakre
eg er aldri åleine
nei, for Hathor er med meg – gudinna for kjærleik og død
ho kjem ut av statua si og røskar meg med
eller ho tek meg i handa og leier meg om bord i sitt smil
ho breier fram ein hemmeleg sti
den er av sommarkvite heta steinar, dei ber oss 10 000 år
denne næraste sola, nabo til proxima, er far vår
han er den mildaste mellom gudar og menneske
det er han alltid, så han ropar oss ikkje inn
nei ikkje enno
kjartan hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga
Solreven. Han blei heidra med lyrikkprisen Diktartavla i 2015, og i 2021 fekk han Doblougprisen. Hatløy har lenge hatt ei brennande interesse for egyptologien. I Mot kaos, som er den femtande diktsamlinga hans, omset han denne lidenskapen i dikt.
