
Vi vandrar saman
Herborg Kråkevik
![]()

Herborg Kråkevik
I det store fotoarkivet til Nasjonalmuseet finst det ei rørande scene av eit par som står framfor Brudeferd i Hardanger, det kanskje mest kjende og brukte bildet me har frå det me kallar nasjonalromantikken i målarkunsten. Paret held kvarandre i hendene, med auga festa i kvarandre, mens dei stille syng bruremarsjen som vart spelt i deira eige bryllaup tretti år tilbake i tid. For paret, og ganske sikkert for fleire av dei som var i rommet, vart augneblinken noko dei tok med seg vidare. For museet vart forteljinga om det berømte bildet utvida, eit kapittel vart lagt til.
Songen er med oss heile livet. Han oppstår av samanhengar, som i denne scena med minna frå eit bryllaup, og han skaper sjølv samanhengar som rammar inn både dei spesielle dagane og alle kvardagane. Me kan nyta songen frå favorittane våre i ein stor konsert, men likevel er det kanskje voggesongen frå mor eller far på sengekanten me lengtar aller mest etter.
Kunsten vert til i møte med publikum. Når det mest framståande ved musikken vert sett opp mot den visuelle kunsten, kan det ekstra kraftfeltet føra oss nærare opplevinga og nærare kvarandre. Denne songboka er fylt med verk frå samlinga i Nasjonalmuseet. Kvart av dei er nøye plukka ut for å klinga saman med kvar sin song som på éin eller fleire måtar kan knytast til tema eller stemning. Notar og tekstar følgjer kvar song.
Kunsten er fri, og like viktig som å gle seg over dei para av song og verk som er danna her, er det å bruka eigne erfaringar for å ta steget inn i kunstverka. Utvalet av kunst er gjort av Herborg Kråkevik og er henta frå ein lang periode; det eldste er frå 1842 og det nyaste frå 2011. Det spenner frå storslåtte landskap av J.C. Dahl til konseptkunst av Marianne Heske. Bilda får følgje av kjære songar frå tilsvarande periode – frå Aasmund Olavsson Vinje og Edvard Grieg til Vamp. Både songar og bilde byr på små og familienære tema, og store og dramatiske. For alle som er glade i landet vårt, er songboka òg ei reisebok som svingar innom alle landsdelane og fangar slåande utsikter og fargesprakande himlar. Nasjonalmuseet er eit museum for heile Noreg og boka ei påminning om at kunsten sjølv best kan uttrykkja dei store kontrastane i det vakre, langstrekte landet vårt.
Samlinga er her, velkomen inn, vel deg verket ditt! Og ikkje gløym å syngja!
Ingrid Røynesdal direktør, Nasjonalmuseet

Hans Gude og Adolph Tidemand
Brudeferd i Hardanger, 1848
Olje på lerret
93,5 × 130 cm
Kunstnarlege bidrag blei vesentlege når Noreg skulle definere eigen identitet etter at nasjonen fekk grunnlova i 1814. Måleriet Brudeferd i Hardanger er eit godt døme på at ein fortolka innhald og motiv som gav kraft til nasjonsbygginga, som den storslåtte vestlandsnaturen, bryllaupsgjestane i folkedrakter og stavkyrkja på odden bak. Tidemand måla folkelivet og Gude landskapet. Dei arbeidde saman ved fleire høve. Det skjønne ved naturen og folkelivet festa seg som eit av våre mest kjente bilete i perioden som er kalt nasjonalromantikken. Biletet vart særs populært og reprodusert i uendelege versjonar og format. Det har vore brukt i teater, politisk biletkunst, dikt og musikk.
8 Bestemors brudekrone
og «Ingerid Sletten av Sillejord»
12 Vår med hest og «Vårsøg»
16 Torvmyr på Jæren og «Og vesle lerka»
20 Sommernatt
og «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta»
24 Lørdagskveld og «Vi vandrar saman»
28 Livets dans
og «Danse mi vise, gråte min sang»
32 Stetind i tåke
og «Barndomsminne frå Nordland»
36 Langt, langt der borte saa han noget lyse og glitre og «Løft dit hode!»
40 De tolv villendene og «Myrsnipa»
44 Kronborg slott i måneskinn og «Ofelias vise»
48 Vinje som gjetergutt og «Blåmann»
52 Gjetere, Tåtøy og «No livnar det i lundar»
56 En Bondebegravelse
og «Jeg lagde meg så silde»
60 Mor og barn
og «Den fyrste song»
64 Japansk lykt
og «I ensomme stunde»
68 Fra Stalheim, Prosjekt Gjerdeløa
og «Ved Rondane»
74 Henders bruk
og «Kan eg gjør någe med det»
78 Madonna tar av seg glorien I
og «Til ungdommen»
82 Blad frå Imperialismens dagbok III og «Vise om byen Hiroshima»
86 Det syke barn
og «Den dag kjem aldri»
90 Gutt med skyggelue spiller seljefløyte
og «Fløytelåt»
94 Bondehagen
og «Fola, fola blakken»
98 Syende kvinne ved lampelys
og «En liten vise»
102 Fugl på sten
og «Liten fuggel»
106 Vinternatt i Rondane
og «Norge, mit Norge!»
Rikdom
Som barn kjende eg meg rik. Me hadde mat på bordet, dyr i floren, grønsaker i åkeren, bøker i hyllene og bilde på veggane. Me hadde kvarandre og naturen.
Ingerid Sletten hadde verken sølv eller gull, står det, men «en liden hue af farvet uld», «der skinned langt mer’ end guld». Den var eit symbol på håp for henne, ein dyrebar skatt ho hadde arva og ville spara til den rette skulle dukka opp. Ein av skattane eg trudde me hadde på veggen heime, var eit måleri som heitte Bestemors brudekrone. Lite visste eg at dette var ein reproduksjon og ikkje var verdt mange pengar. For meg var det ein skatt eg ville spara på og ta med meg ut i verda når eg vart vaksen.
Det å spara på gleder er ein skatt i seg sjølv. At det er skilnad på kvardag og høgtid, er ein arv eg har med meg frå barndommen. Minnet om det eg syntest var ei bognande pappøskje frå kolonialhandlaren kvar fredag – med ei literflaske brus og laurdagsgodt – gjorde helga til helg og veka til veke.
Då eg vart artist og invitert til å opptre for ein kolonialhandlar som hadde selt så mange øskjer med helgemat at han var rik på gods og gull, fortalde eg han om dette måleriet. Han kunne fortelja meg at originalen hang over spisebordet hans. Det gjorde sterkt inntrykk på meg. At me to – trass i svært forskjellig bakgrunn – var like opptekne av dette måleriet – og av nasjonalromantikken. Denne blømingstida i norsk kunst, frå ca. 1830 til 1870, var avgjerande for at me fekk sjølvstendet vårt i 1905. Noko av det som held oss saman, er naturen og kunsten – forteljingane, songane, bilda. Det vert større skilnader på folk i landet vårt, både materielt og kulturelt, men kulturarven har me felles, og bilda som heng på Nasjonalmuseet, dei eig me alle.

Adolph Tidemand
Bestemors brudekrone, 1860–1869
Olje på lerret
146 × 161 cm
Privat eige: Canica kunstsamling
Ikkje del av samlinga til Nasjonalmuseet
Tidemand gjennomfører mange studiereiser i Noreg. Gjennom skisser fangar han livet og kulturen til bonden. Han dokumenterer tradisjonar og folkedrakter og vert rekna for å vera ei påliteleg kjelde blant folkedraktgranskarar. I dette måleriet frå 1860–1869, sit ei kvinne og viser fram ei krone til to barn. Brurekroner er eit hovudplagg som tradisjonelt vart bore av brura på bryllaupsdagen.
Ingerid Sletten af Sillejord havde hverken sølv eller guld; men en liden hue af farvet uld, som hun havde fåt udaf mor.
En liden hue af farvet uld, havde hverken stas eller for; men fattigt minde om far og mor, der skinned langt mer’ end guld.
Hun gemte huen i tyve år, måtte ikke slide den ud!
Jeg bærer den vel en gang som brud, når jeg for alteret går.
Hun gjemte huen i tredive år, måtte ikke skjæmme den ud!
Så bærer jeg den så glad som brud, når jeg for vorherre står.
Hun gjemte huen i firti år, hugsede endnu på sin mor, «Vesle min hue, forvist jeg tror, vi aldrig for alteret står.»
Hun ganger for kisten at tage den, hjærtet var så stort derved; hun leder frem til dens gamle sted, da var der ikke tråden igjen.
Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson
Melodi: Rikard Nordraak
Adolph Tidemand
Bestemors brudekrone, 1860åra
Kol og krit på papir
31 × 27,2 cm
