Universets vaktar - Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde

Page 1


ka p i t t el

IDRETTSDAGEN

Der Jakob juksar, og det dukkar

opp ein mystisk lærar

«Jakob! Er du her framleis?! Klokka går!»

«Ja då, mamma. Eg går no!» ropar Jakob og hiv sekken over aksla. Han ser seg i spegelen i gangen når han går forbi. Trenings-T-skjorte.

Treningsshorts. Lange fotballsokkar. Kvifor eig han desse tinga, eigentleg? Han kan jo ingenting sportsleg. Ja, ja. Er det idrettsdag, så er det idrettsdag. Jakob sukkar og går ut døra.

Jakob er ein heilt vanleg gut. Bortsett frå at han ikkje elskar idrettsdag, og at han dei siste vekene har hatt i oppdrag å passe på ei romvesenjente som heiter Ramona. Passe på at det ikkje blir avslørt at ho er, nettopp, eit romvesen. Det er statsministeren sjølv som har gitt han oppdraget. Og om han klarer det, skal han få 2,6 millionar kroner. 2,6!

Jakob brukar å møte Ramona ved porten inn til huset, men i dag er ho ikkje der. Han er allereie seint ute, så han må berre håpe at ho enten er sjuk eller har kome seg til idrettsplassen sjølv.

«Velkomen til den store idrettsdageeen!»

Den djupe stemma til rektor ljomar utover idrettsplassen. Alle elevane hoppar og jublar med armane i vêret, før dei held fram med å springe rundt og le og gle seg til dei forskjellige greinene. Alle utanom Jakob.

Han har sett seg øvst på ein tribune og ser på lærarane som set opp stasjonar. Han legg ikkje merke til at nokon har stilt seg opp på rada rett bak han.

«Ah, sporttag!» seier ei skarp stemme.

«Uæh!»

Jakob skvett til. Han snur seg og ser opp på Ramona. Ho har på seg ein altfor stor neongul shorts, ei glitrande, festaktig T-skjorte og flosshatt.

«Kvar har du vore?» seier Jakob.

«Det er sporttag, så eg sporta hit, så klart. Sprang med knea høgt, hoppa bukk over nokre små menneske med gule vestar. Dei kvapp, ein gret. No er eg her.»

Jakob kjenner at det stikk i bringa. Han burde vore der og passa på at ho ikkje gjorde

akkurat det. Han får berre håpe dei trudde ho var ein heilt menneskeleg pøbelunge.

«Kvifor kallar du det sporttag?» spør Jakob.

«Eg byrjar å bli lei norsk. Og så las eg om språk i den statsministertpermen. Og tysk er det aller beste. Heilt vilt rått!»

«Ok …», seier Jakob. «Men kanskje du burde snakke mest norsk sidan du eigentleg skal vere frå Fitjar. Og ta av deg flosshatten, det er ikkje vanleg på ein idrettsdag.»

Jakob ser seg nervøst rundt om nokon har reagert på påkledninga til Ramona, men alle er berre opptekne av seg sjølve. Heldigvis.

Ramona tek av flosshatten og set seg ned ved sida av Jakob.

«Idr-ett-sdag! Det blir nok det beste daget i mitt liv på jorda!»

Jakob fnyser.

«Eg føøøler at du ikkje likar idrettsdag. Det er noko eg føler på meg no. På følinga mi», seier ho og stirar på Jakob.

«Det er berre at eg alltid endar på sisteplass. I alt», seier Jakob lågt.

«Kva for plass vil du på då?»

«Første! Den beste plassen. Dei som kjem seg heilt til stafetten og vinn den, kjem i avisa! Vilhelm er alltid ein av dei.»

Ramona sitt andlet sprekk opp i eit skremmande overdrive glis.

«Vi skal i avisa i år! Begge ti!» seier ho høgt og skingrande.

«Begge to», seier Jakob stillare. «Og ikkje rekn med det. Berre dei med høgast poengsum frå dei første greinene kjem til stafetten.»

Plutseleg høyrer dei lyden frå ein ropert nede frå fotballbanen.

«Då byrjar vi! A-klassa til høgdehopp, B til lengde, C til kule.»

Første aktivitet er kulestøyt. Ei blytung kule

som skal støytast så langt som mogleg. Jakob tek med seg Ramona og stiller seg lengst bak i køen, men Ramona dreg han fram.

«Nei. Kva gjer du?» seier han og prøver å

halde attende, men Ramona er for sterk. Ho dreg han heilt fremst i køen. Rett framom Vilhelm.

«Sjå! Du er først. Førsteplass!»

«Det er ikkje dette som er førsteplass. Dette er berre fremst i kø…»

Gymlæraren avbryt dei.

«Slutt å tjatre!» seier han bryskt. «Følg med!

Hald kula slik. Snu 180 grader og støyt kula frå deg så langt du kan. Ver så god.»

«Ikkje drit deg ut då, Jakob», kviskrar Vilhelm.

Jakob let som han ikkje høyrer, og legg kula

mot halsen slik læraren viste. Han tek sats, snur 180 grader rundt, skyv kula frå, men ho er tung, og han slepper for seint. Kula dett rett ned framom han. Vilhelm ler.

«Ja. Det … Der ligg ho», seier læraren usikkert og kremtar.

«Flott. Eller kva eg skal seie. Neste!»

Ramona hoppar fram.

«Eg!» Ho stiller seg opp, tek sats, snur 180 grader rundt og kyler kula

rett ned i bakken så

hardt ho kan, akkurat der Jakob miste kula.

Vilhelm ler endå høgare.

Jakob blir så flau at han

må snu seg vekk. Då stoppar blikket hans på noko. Ein person i dressjakke og solbriller. Er

det ein ny lærar som han ikkje har lagt merke til før? Personen ser på dei og noterer noko på eit nettbrett. Ramona hoppar ivrig bort til gymlæraren og skumpar borti Jakob på vegen, så han vaknar frå tankane sine!

«Var det bra?» nesten skrik ho. «Var det best? Er det førsteplass?»

Fleire ler, men ikkje gymlæraren. Han ser ut som han har lyst til å byte jobb.

«Nei. Neste!»

Det vart sjølvsagt Vilhelm som vann kulestøyt. Den blinkande jernkula hans flaug langt og korrekt, som vanleg. Men Jakob la berre så vidt merke til det. Han grublar så på kven mannen med nettbrettet var. Kan han ha vore lærar? Ingen lærarar han kjenner, ser slik ut. Men kva er han då? Og kva noterer han?

«Jakob! Har du sovna? Med auga opne? Er du død?» kviskrar Ramona så kvesande og tett opp til øyret hans at han må skyve henne unna.

«Hæ? Nei, eg berre …»

«Bra! For neste aktivitet er hochsprung.

Korleis gjer ein det?»

«Hoch …? Åh, høgdehopp? Ein skal kaste seg baklengs over stonga og lande på madrassen.

Og prøve å ikkje rive. Å lande på stonga er kjempevondt.»

Ramona prikkar seg i tinningane med peikefingrane.

«Ikkje lande på stonga. Eg hugsar det i hugsen min. Men korleis kjem ein seg baklengs over?»

«Du må ha fart, ta sats og liksom … sveve over.»

Jakob mimar med kroppen.

«Ååå! Sveveeee…», seier Ramona intenst for seg sjølv. «Det kan eg.»

«OK! Køyr i gang!» ropar gymlæraren.

Ein etter ein kastar elevane seg over høgdestonga. Nokon klarer det bra, nokon betre, og så er det Jakob sin tur. Han stiller seg opp, spring mot stonga, men han tenker så på kor vondt det er om han landar oppå henne. I det

han er berre centimeter unna bråstoppar han, så han dett fram, dyttar stonga unna med hendene og landar på madrassen. Vilhelm får heilt latterkrampe.

«Haha! Du feiga ut! Hahaha!»

«Du skulle sveeeve over!» seier Ramona og ser forfjamsa på Jakob.

«Eg veit det!» svarar Jakob irritert. «Gjer det sjølv om det er så himla lett.»

«Ok!» seier ho og byrjar å springe.

Ho spring ein heil runde rundt alle saman

før ho joggar mot høgdestativet. Ho tek sats litt for langt unna og hiv seg bakover. Jakob

legg hendene framom auga. Det der kan umogleg gå bra. Men han høyrer ikkje noko

skrall, han høyrer eit gisp.

Ramona har letta. Ho svevar faktisk, heilt kontrollert over stonga. Det skal ikkje vere fysisk mogleg å sveve over på den måten.

Det er det ikkje heller. Ho brukar romvesenkrafta si! I sidesynet ser Jakob mannen med solbriller og nettbrett. Og no er han redd han har skjønt kva mannen med solbriller

gjer her. Han er ikkje lærar. Han spionerer på Ramona?! Ein som vil avsløre og kanskje sabotere det hemmelege oppdraget til statsministeren. Og Jakob berre står der! Han må gjere noko!

«Uææææh!» hyler han plutseleg så høgt og vilt han kan.

Han hoppar og veivar med armane. Heldigvis snur alle seg vekk frå Ramona. Til og med Ramona snur seg. Ho gløymer å sveve og deiser ned på madrassen. Det blir ei pinleg stille, for Jakob planla ikkje meir enn hyling. Så han seier berre «Eg trudde eg datt.»

«Eh, ja …», seier gymlæraren og snur seg mot Ramona att. «Men flott hopp, Ramona.

Eg fekk ikkje heilt med meg slutten, men …»

«Den var sehr toll!» seier ho høgt.

Ramona får nest beste plassering i høgdehopp, før alle blir gjette vidare til lengdehopp.

Jakob tek henne til sida.

«Ramona!» seier han lågt, men strengt. «Du kan ikkje gjere det der. Eg trur det er ein spion her som følgjer med på oss. Du må oppføre deg normalt!»

«Men du sa ein skulle sveve! Og er det ein ting eg kan, er det sveving. No er vi ikkje dårlegast lenger!»

«Du er ikkje det, nei! Eg er den einaste dårlege. Igjen!» seier Jakob og raudnar litt.

«Det er veldig gøy å få det til! Og få SKRYT av læraren.»

«Ja, det er det sikkert … Men du kan ikkje flyge deg sjølv rundt med romvesenkrafta di. Det er juks. Og det er forbode! Du kjem til å bli oppdaga.»

Ramona stivnar og får store auge.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.