





p i t t el

![]()






p i t t el

Der Jakob får uventa
besøk og må ta på seg eit
superhemmeleg oppdrag

Det er snart leggetid. Jakob har akkurat kome ut av dusjen. No står han framfor spegelen og gnikkar vekk litt dogg. Har han eigentleg vakse noko som helst i løpet av sommarferien? Han strammar musklane på begge armane og spenner til.
«Nææ», seier Jakob til sitt eige spegelbilete.
Han kler på seg pyjamasen og traskar ned trappa mot stua. Inne på kjøkkenet står mora hans og vaskar opp etter kveldsmaten. Ho syng med til radioen. Han kikar bort mot TV-en i stua. Kanskje han rekk å spele berre pitte litt før han blir oppdaga?
«Jakob, kom og finn fram den nye matboksen! Slik at han er klar for i morgon», ropar mora.
Søren! tenker Jakob akkurat i det han slår på TV-en. «Matboksen ligg oppi sekken min!» svarar han.
Mora kjem ut frå kjøkkenet og stiller seg opp i døropninga til stua. Ho kikar på sekken som heng på ein av stolane ved spisebordet.
«Ja, og derfor vil eg at du opnar sekken og finn fram matboksen! Og slå av den TV-en no med ein gong! Du har ikkje gjort anna enn å spele i heile sommar. Takk og lov for at det blir slutt på det no! Så opp og hopp! Det er langt over leggetid!»
«Jaaaada», svarar han.
Mor til Jakob er alltid så stressa etter sommarferien. Alt skal vere på plass, slik at den første skulemorgonen etter ferien går heilt etter planen. Dei nye sommarkleda ligg klare oppe på rommet. Skulesekken skal vere ferdigpakka og sjekka minst åtte gongar. Og matboksen skal sjølvsagt ligge klar i kjøleskåpet.
I år har han fått seg ny ninjamatboks. Han tek han med seg inn på kjøkkenet.
«Her er matboksen!»
«Perfekt! Legg han her på kjøkkenbenken. Gler du deg til å møte læraren din? Og klassa di?» seier mora og skrur ned radioen.
Jakob synest mamma er masete. Ho er så uroleg for at han ikkje har det bra på skulen.
Han skal til å svare at det blir heilt greitt å starte på eit nytt skuleår, men han rekk ikkje å opne munnen før mora nærast hyler.
«Men Jakob! Ser du klokka? Det er langt over leggetid. No går du og pussar tennene, og i morgon må du hugse å ta på deg den
nye sebramønstrete shortsen og den gule T-skjorta. Du kjem til å sjå superstilig ut.»
Ikkje før ho er ferdig med å snakke, ringer det frå mobiltelefonen som mora har liggande oppe på kjøkkenvifta.
«Kven ringer så seint?»
Ho tek av seg den eine gule oppvaskhansken og røskar til seg telefonen.
«Hallo, du snakkar med Randi», seier ho og skrur på høgtalaren.
Ho legg mobilen på kjøkkenbenken medan ho jobbar med å få av den andre hansken.
Frå telefonen kjem ei digital stemme.
«Dette er ei automatisk oppringing. Om eitt minutt vil eit helikopter lande i hagen dykkar.
Ta med flagg og ønsk sjefen over Noreg og hans gjester velkomne.»
«Noregs sjef i eit helikopter i hagen?» seier Jakob.
Mora ler usikkert. «Det var sikkert nokon som tulleringde. Helikopter, liksom! Kor tullete er ikkje det? Nei, det er nok berre nokre spik, spenna, galne folk!»
Men frå kjøkkenvindauget som står på gløtt, kjem det faktisk ein lyd. Jakob har ikkje høyrt så mange helikopterlydar før, men det kan jo nesten verke som at det er eit helikopter ein eller annan plass der ute.
Jakob kikar ut gjennom vindauget.
«Høyr, då!»
No står mora der også. Klistra opp mot vindaugsruta. Ho grabbar til seg Jakob og held han hardt mot seg. Det var ikkje tull! No høyrer dei begge at eit helikopter er på veg.
«Vi må ut!» ropar Jakob.
Jakob slit seg laus frå mora og spring mot gangen. Mora kjem like etter.
«Flagg!» ropar mora, røskar ut den nedste skuffa i kommoden og riv med seg to flagg. Ho dyttar det eine flagget inn i handa på Jakob.
Når dei kjem ut i hagen, høyrer dei verkeleg ein massiv helikopterlyd over seg.
Like over hustaket ser Jakob helikopteret. «Sjå! Der er det!» ropar han.
Jakob misser nesten pusten av den kraftige vinden frå rotorane.
«Det … blæs … ganske masse!» stotrar han.
Jakob misser balansen og nærast flyg mot husveggen.
«Ååå, Jakoben min!!!! Hald deg fast i meg!» ropar mora. «Og pass på flagget ditt! Det skal aldri peike ned mot bakken!»
Jakob knip hardt rundt flagget som vaiar som ein propell i lufta.
Helikopteret er stort. Men det er nesten umogleg å klare å halde auga opne. «Eg … får … nesten … ikkje puste …», stotrar Jakob.
Jakob og mora legg seg ned på bakken, tett inntil husveggen, og held seg fast i kvarandre.
Først no klarer Jakob å sjå at helikopteret er sølvfarga. Rotorane røskar til seg alt av lause ting. Ei potteplante på utebordet krasjlandar inn i leikehytta med eit brak. Ein plaststol kvervlar opp i lufta, flyg over hekken og bort til det gamle, forlatne nabohuset.
«Vi … må … hugse å vinke … med flagget», stønnar mora.
Helikopteret landar like ved der dei ligg klistra inn til veggen i blomsterbedet. Vinden
frå rotoren røskar framleis, men han har roa seg såpass at Jakob og mora til slutt klarer å reise seg. Pyjamasen til Jakob er heilt svart av jorda frå bedet.
Med eitt går helikopterdøra opp, og ut kjem ein mann i svart uniform. Han rettar ut armane og ropar med ei tullete stemme. Det høyrest nesten ut som ein sirkusdirektør.
«Ta godt imoooooot Noreeeeeeeegs
STATSMINISTEEEEEEEEER!!!»
«Statsminister!?» seier Jakob. Han kikar på mor si.
«Kva i alle dagar?» seier ho.
Og så kjem sjølvaste statsministeren ut av helikopteret! Jakob kjenner han igjen frå
TV. Statsministeren rettar på håret før han plasserer hendene på hoftene og festar blikket på Jakob. Mora er så paff at både haka og flagget heng rett ned.
«Mamma! Du må vinke med flagget!» seier Jakob og dyttar henne i sida.
«Åh, ja!» kremtar ho og neiar. «Velkomen til oss, kjære statsminister. Vi ha…»
Men statsministeren avbryt mora og rettar blikket mot Jakob.
«God kveld! Er det du som er Jakob?»
«Ja», svarar han forsiktig.
«Eg trudde du var mykje større. Er du liten av vekst?»
«Nei, eg trur ikkje det. Eg har ikkje vakse noko særleg i sommar, men eg trur eg er ganske normal.»

Mora ler nervøst i bakgrunnen. Slik ho brukar å gjere når ho ikkje veit kva ho skal seie.
«Han er så stor og fin, at», seier mora og vinkar med flagget.
«Ja ja. Det var hyggeleg at de kunne ta meg imot på så kort varsel», seier statsministeren. «Eg kjem altså for å fortelje at de skal få nye, svært viktige naboar!»
«Nye naboar?» seier Jakob og tek eit raskt blikk på det gamle huset som ligg bortanfor hekken. Det ser heilt mørkt og tomt ut.
Frå mora kjem det eit gisp. «Skal sjølvaste
statsministeren flytte inn i nabohuset? Så innmari koseleg. Ja, her kjem du til å trivast», seier ho.
Statsministeren byrjar å le. «Trur du at eg skal flytte inn i den gamle rønna der?» Han peikar bort på huset. «Ha! Er du galen? Nei, det er denne familien som skal flytte inn.»
Denne familien? tenker Jakob. No forstår han verkeleg ingenting.