


Anker Eysajan
![]()



Anker Eysajan

Illustrert av Hilde Hodnefjeld
Samlaget 2025
«Guten min, du er sola mi», seier mamma.
«No må du stå opp.»

Sola står tidleg opp om morgonen, men eg klarar ikkje det. Eg likar å sova lenger enn sola.

Ringar, ringar
på alle fingrar.
Eg er ein rik tjuv.
Eg er ein detektiv.
Nei, eg er kongen med krøllar og mykje, mykje lommepengar.
Om morgonen finn eg ikkje ringane.

«Pappa, pappa, kor er dei?
Har ringane mine venger?»
