1944: Arne og Astrid kjempar i skjul mot tyskarane. Eitt feilsteg kan kosta dei livet. Kven kan dei stola på?


![]()
1944: Arne og Astrid kjempar i skjul mot tyskarane. Eitt feilsteg kan kosta dei livet. Kven kan dei stola på?


Copyright © Vigmostad & Bjørke AS 2026
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen
Omslagsdesign: Niklas Lindblad / Mystical Garden Design AB
Papir: 70 g Holmen 2,0 Boka er sett med Sabon LT Pro 10,75
1. opplag 2026
ISBN: 978-82-419-6769-6
Spørsmål om denne boka kan du rette til Vigmostad & Bjørke AS Kanalveien 51 5068 Bergen Telefon 55 38 88 00 Eller e-post til post@vigmostadbjorke.no www.vigmostadbjorke.no
Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering som er gjorde med Kopinor.
Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.
Denne boka er inspirert av sanne historier, men alle personane er oppdikta.
«Om nokon framleis lurer på korfor denne krigen blir kjempa, la dei sjå til Noreg. Om nokon har den vrangførestillinga at denne krigen kunne vore unngått, la dei sjå til Noreg; og om nokon tviler på den demokratiske viljen til å vinna, seier eg igjen: la dei sjå til Noreg.»
President i USA, Franklin D. Roosevelt, 1942
Maskingeværsalvane gjekk rett gjennom skroget så flyet rista kraftig. Kulene suste forbi øyrene mine, eg krøkte meg saman og heldt armane over hovudet. Under oss var det to tyske patruljebåtar som fyrte av. Mellom dei var ein ubåt som dykka med det same han oppdaga oss.
Han var den einaste ubåten me hadde sett denne natta.
Den eine motoren hadde overraskande byrja å brenna for ein dryg time sidan. Etter at han stoppa, mista me høgd i eit farleg tempo. For å ikkje gå ned i Nordsjøen hadde me kasta ut alt overflødig. Bombene, ammunisjonen, lyskastaren, radaren og fallskjermane var på veg mot havsens botn. Til og med alt drivstoffet hadde me pumpa ut. Kapteinen hadde tenkt å behalda nok til at me kunne returnera til Skottland, men ventilen ville ikkje lukka seg igjen. Då hadde han snudd flyet, og no var me på veg mot norskekysten. Me hadde berre reservetanken igjen.
Etter nokre nervepirrande sekund var me forbi konvoien og flaug mot land. Men utanfor skyttarvindauget mitt såg eg at den andre motoren var gjennombora av kuler. Han kunna stoppa når som helst. Sjølv om kapteinen verka roleg, dunka hjarta mitt mitt langt oppi halsen. No var me stabile på 800 fot, men ville me klara å nå land før det var for seint? Å landa i dei høge bølgjene i Nordsjøen ville vera livsfarleg.
Det var ikkje blitt heilt lyst, og eg kunne berre skimta ein fjord som opna seg.
Små og store øyar dukka opp i eit dunkelt landskap under oss. Det minte litt om kysten heime i Canada, men ingen av oss kjende Noreg. Landet hadde vore okkupert av tyskarane i over fire år, og me hadde aldri vore så nær kysten før.
– Gå i krasjposisjonar! ropa kapteinen brått. – Me kjem til å gå ned!
Den andre skyttaren og eg kasta oss på golvet midt i flyet. Me heldt oss fast som best me klarte.
Flyet hadde eit gapande hòl i skroget der lyskastaren hadde vore. Eg såg for meg at vatnet kom til å strøyma inn i hòlet med det same me landa på fjorden.
Eit Wellington-fly kunne halda seg flytande i seksti sekund, men med dette hòlet måtte tida vera halvert. Og skulle me ha slik griseflaks at me kom oss ut, ville vatnet vera så kaldt at me kom til å frysa i hel.
Eg skalv ukontrollert, og eg tenkte at alle seks om bord var like redde som meg.
Kom me til å landa på land eller i det iskalde vatnet?
Søndag 24. september 1944
Klokka 16:35
Ole og eg sprang alt me orka inn i skogen for å koma oss vekk frå tyskarane. Sinte stemmer ropa bak oss. Lynraskt unngjekk me hindringane me hadde sprunge forbi mange gonger før. Me hoppa over den store daude trestamma, trakka på steinar og grastuer for å koma oss tørrskodde over myra.
Opp den stupbratte og godt skjulte stien til toppen av den skogkledde åsen. Han var så bratt at me måtte klatra siste stykket. Ingen tyskarar visste om denne staden, eller korleis dei skulle koma seg opp. Me gøymde oss raskt i den tette lyngen, og frå kanten av stupet kikka me ned på tyskarane.
Dei kava rundt i buskar og kratt medan dei kjefta og skreik.
– Dei finn aldri stien, kviskra Ole. – Det er freistande å visa ræva til dei.
Eg såg strengt på han.
Me småsprang vidare innover åsen mot ei lita, open grasslette, der me kasta oss andpustne ned i graset og
lo. – For nokre naut, sa Ole og reiv papiret av sjokoladen me nettopp hadde stole.
– Skal me ikkje dela med brørne dine? spurde eg.
– Om dei fem havmåsane vil ha sjokolade, kan dei stela frå tyskarane sjølve.
Han knekte plata i to og gav halvparten til meg.
Med lukka auge let eg sjokoladen smelta i munnen.
Eg kunne knapt hugsa å ha smakt noko så godt før.
Ole hadde tatt ein stor sjanse då han lista seg bort til ryggsekkane nede ved sjøen. Soldatane hadde plaska rundt i vågen, og ingen passa på. Berre uflaks at ein av dei snudde seg på akkurat feil tid.
– Eg gler meg til å eta sjokolade kvar einaste dag, sa Ole.
Eg forstod kva han meinte, men me visste begge at det kom til å ta lang tid før me fekk alle varer i butikkane igjen.
– Det blir i alle fall betre mat når me kjem utanlands, sa han. – For når krigen er over, er det ingenting som hindrar oss i å dra til sjøs lenger.
Mor og far hadde sagt nei då eg spurde om å reisa, sjølv om eg var konfirmert. Eg måtte vera heime og hjelpa far med både fisket og garden. Det var alltid eit garn som måtte reparerast, eller ei ku som måtte mjølkast, og far hadde hatt ei dårleg skulder i årevis. Og Ole ville ikkje reisa til sjøs åleine. Han ville venta på meg.
Ein liten robåt dukka opp nede i sundet.
– Sjå der! sa Ole og peika. – Dei har gitt opp.
Tyskarane rodde i retning fortet på naboøya Røtinga. Fortet låg på eit langt og breitt nes. Ingen våga seg nær, verken frå land eller frå fjorden. Tyskarane hadde
sperra av området med piggtrådgjerde og lagt ut miner. Vegen ut dit var patruljert heile tida. Men herifrå kunne me sjå fortet godt, og ingen kunne oppdaga oss.
Midt i fortet var ein stor oppstillingsplass. Det måtte vera meir enn hundre mann stasjonerte der. Langs sjøen stod det fleire kanonar. Heile bakken rista når dei fyrte av. Ikkje berre her på Strøno, men på heile øygruppa me kalla Øyane. Til og med inne på fastlandet kunne du kjenna det.
– Tenk om dei sender hundane etter oss? sa eg.
– For ein sjokolade? sa Ole og lo. – Aldri om dei gjer det. Tyskarane er jo heilt udugelege til fjells.
Robåten var ikkje komen over sundet enno. Tyskarane streva med årane, og dei bytte på kven som skulle ro. Båten rulla fram og tilbake då dei reiste seg.
– Dei er ikkje så mykje betre til sjøs heller, sa eg.
Første gongen me hadde vore her, hadde eg gjort den tabben at eg fortalde det til far. Han hadde eksplodert då han høyrde det.
– Om tyskarane finn ut at dåke har spionert på fortet, er det rett til Espeland! hadde han sagt.
Og ikkje berre Ole og eg, heile familien ville hamna i fangeleiren der inne. Eg høyrde orda til far medan den siste biten av sjokoladen smelta i munnen. Tankane gjorde meg uroleg, og eg reiste meg fort opp. – Nei, me får koma oss heim før kveldsmat.
Me gjekk raskt ned igjen til sjøen der oselvaren min låg. Eg hugsar kor stolt eg var då eg fekk han splitter ny til konfirmasjonen i forfjor. Han var perfekt til å ro om kapp med. I full fart gjekk han raskare enn mange motorbåtar. Eg var den beste roaren i heile Os,
det hadde eg vist for berre ein liten månad sidan då eg hadde knust alle frå Øyane. For første gong hadde eg til og med vunne over Bjørn. Han var dobbelt så sterk som meg og den argaste konkurrenten min.
Eg rodde over sundet, tett inntil holmane. Oselvaren min var så god og stødig at eg kunne ro han med eit ausekar. Ole sat bak og smilte, han gadd ikkje å ta det andre åreparet for å ro saman med meg. Det gjorde han berre viss han verkeleg måtte. Me var saman nesten kvar dag, og me elska å tulla med tyskarane.
Ole hadde ingen respekt for dei. Eg var nok meir forsiktig, sjølv om me aldri hadde sett nazistane gjera noko skikkeleg fælt.
– Snakkast, landkrabbe, sa Ole og hoppa i land på brygga på Bjørnarøy. Berre bestevener kunne seia slikt til kvarandre. Sidan eg budde inne på Haugland, var eg ikkje øybuar, det let Ole meg aldri gløyma.
Den vesle øya blei mindre medan eg rodde inn Hauglandssundet. Farvatna rundt meg var ein hovudveg mellom Øyane og fastlandet. Me brukte alle båt om me skulle besøke kvarandre, me rodde til butikken, og me fiska nesten kvar einaste dag.
Søndagen var snart slutt, og i morgon var kvardagen tilbake. Far hadde tenkt å reparera nokre av gjerda. Det var kjedeleg arbeid og tok alltid meir tid enn me trudde, men det var viktig for å halda kyrne trygge. Mellom garden vår og sjøen hadde tyskarane lagt eit minefelt.
Alle som budde der, visste kor det låg, sjølv om det var grodd igjen no. Og me gjekk alltid den svingete og bratte Sjøvegen for å unngå å nærma oss minene.
Då eg var midt i sundet, høyrde eg eit kraftig smell. Måsar og gråhegrar skreik og flaksa til vêrs. Det var
kanonane på Røtinga som blei fyrte av. Sjølv om eg var van med lyden, blei eg alltid uroleg av testskytinga. Men ein dag kjem britane og invaderer, tenkte eg. Då blir dei tyske nazi-svina kasta ut. Eg smilte når eg såg det for meg. Det kunne ikkje vera lenge til. Allierte soldatar var på veg mot Berlin frå vest, og russarane frå aust. Undervegs blei by etter by fri. Til og med Paris var frigjort for ein liten månad sidan. Det var berre eit spørsmål om tid før det heile var over, og Tyskland kom til å tapa.
Alle visste det.
Til og med tyskarane visste det.
Eg kunne ikkje skjøna at dei framleis trudde dei skulle vinna.
Måndag 25. september 1944
Klokka 07:05
Eg bråvakna i teltet ved sida av Thomas. Drønna frå det tyske fortet på Røtinga kunne høyrast fleire kilometer unna.
Hjarta hamra, og eg var klam av sveitte. Eg sette meg forsiktig opp og prøvde å roa pusten. Thomas låg berre og snorka, heldigvis.
I over eit halvt år hadde eg spionert på tyskarane. Eg hadde spionert på han som låg ved sida av meg. Han som trudde eg var kjærasten hans. Han som var offiser i den tyske hæren.
Det var Martin som rekrutterte meg til Milorg, den militære motstandsrørsla, då eg var seksten år. Han var ven med tante Berit. Milorg jobba for den norske regjeringa som var samla i London. Den første tida reiste eg berre med hemmelege meldingar mellom Os og Bergen. Men etter at eg fylte atten i januar i år, meinte Martin at eg var klar for eit større oppdrag. Eg og fire andre jenter møttest på hemmelege stader
i Bergen. Martin underviste oss i over ein månad. Eg fekk aldri veta kva dei andre jentene heitte, alt eg visste, var at dei var nokre år eldre enn meg. Men eg hadde alltid sett vaksnare ut enn eg var. Eg hadde vore like høg som mor allereie då eg reiste heimafrå for fire år sidan.
Då opplæringa var over, sende Martin oss jentene til ein hotellrestaurant i Bergen, der tyske offiserar samla seg om kvelden. Me fekk ordre om å sjarmera dei, og etter ei lita stund sikta eg meg inn mot Thomas Berger. Han var løytnant og hadde vore i Noreg sidan starten av okkupasjonen. Det tok tid, men etter nokre månadar kyssa han meg for første gong. Det var mykje fomling i byrjinga, og både Thomas og eg var flaue og sjenerte. Eg tenkte heile tida at eg var i ei rolle, akkurat som skodespelarar på film. Eg kunne ikkje vera meg sjølv. Det var slik eg fekk Thomas til å stola på meg. Me møttest som regel i Bergen, før eller etter eg leverte hemmelege meldingar for Milorg.
Det kom endå eit drønn frå fortet, og eg hugsa den same forferdelege lyden i Bergen for fire år sidan. Den som vekte oss alle natt til 9. april. Fiendeflya som brølte over hovuda våre medan det regna løpesetlar med nazipropaganda. Sjølv om eg den gongen stod trygt utanfor huset vårt på Laksevåg, skalv eg av redsle. Byen blei erobra før dei fleste bergensarar var ute av senga. Eg sakna livet mitt slik det var før krigen, særleg brørne mine. Jørgen var tjuetre no, Geir hadde akkurat fylt ti. Det hadde alltid vore meininga at eg skulle flytta til tante Berit for å hjelpa henne på garden, men
det var ikkje meininga at familien på Laksevåg skulle verka så fjern for meg som no.
Thomas hadde ikkje det stygge i seg som mange av dei andre nazistane hadde. Mange av dei var sadistar som nekta fangane mat. Utmagra russiske krigsfangar var synlege overalt. Dei var som slavar for nazistane. Eg hadde òg høyrt om tyskarar som låg med nesten kvar einaste norske jente dei kom over. Nokre jenter gjorde det nok berre for å oppnå fordelar. Men eg og mange andre hadde ein god grunn til å liggja med tyskarane. Me ville vera med og redda landet vårt.
Thomas var tjueseks år gammal og kom frå ein liten by like ved Hamburg. Han smilte alltid når han fortalde om heimstaden og familien. Sjølv om eg var på oppdrag frå Milorg for å spionera, hadde eg byrja å lika han. Og han likte meg òg, det hadde han sagt mange gonger. Likevel trippa eg heile tida rundt som på knust glas, livredd for å laga lyd eller skjera meg under foten. Eg hadde bedratt Thomas sidan me møttest, og enno hadde han ikkje byrja å mistenka noko. Men han kunne avsløra meg når som helst.
Thomas vakna og gløtta bort på meg. Dei lyseblå augene strålte. Det ikkje var noko vondt i han. Utan å opna soveposen rulla han over på sida og kyssa meg. Eg kikka ut av teltopninga og såg morgonskodda som låg over det vesle vatnet. Me var midt i skogen, langt frå folk og nysgjerrige blikk. Dette var første gongen me hadde gjort noko slikt.
– Du har det ikkje travelt, vel? spurde Thomas og strauk meg nedover ryggen. Norsken hans hadde blitt mykje betre dei siste månadane. Eg hadde oppdaga at
det var dette som skilde dei hyggelege tyskarane frå dei uhyggelege, kor mykje dei brydde seg med å læra norsk. Thomas kraup ut av teltet og sprang splitter naken ned til vatnet medan han hoia.
– Kom uti, Astrid! lo han og la seg på rygg i vatnet. Han fekk meg til å le, men så kikka eg forsiktig rundt meg. Tenk om det var nokon der? Nei, det var berre oss. Eg kunne slappa av.
– Scheisse! sa han og trippa tilbake mot meg. – Det var kaldt. Det hjelpte ikkje eingong å tissa i vatnet.
– Slutt å skvetta på meg, i alle fall! sa eg og prøvde å beskytta meg mot dropane. Men han brydde seg ikkje og kyssa meg igjen. Eg la armane rundt den våte og kalde kroppen hans.
– Dette har vore det beste som har skjedd sidan denne fordømte krigen starta, sa han og såg meg djupt inn i augene. – Eg elskar deg, Astrid, og eg har lyst til å gifta meg med deg, og at me skal få ni ungar saman!
Det kribla i heile meg.
– Ni ungar er kanskje litt mange, sa eg i ein spøkefull tone.
– Du veit kva eg meiner, sa han alvorleg. – Vil du gifta deg med meg?
Eg berre nikka forsiktig, men kjende kinna brenna. Kva ville folk tru om eg gjorde noko slikt? Kva ville Thomas gjera om han fekk veta kva eg dreiv med? Eg skalv av kulde då eg tok på meg resten av kleda. Til slutt stod eg der og såg på han medan han leita etter buksa si.
Den djupe stemma til Martin kom inn i hovudet: «Ikkje bland kjensler inn i dette, Astrid. Dette er ein jobb, kanskje den tøffaste jobben av dei alle.»
Men eg kunne ikkje berre slå av kjenslene mine som ein lysbrytar.
Oppdraget eg hadde fått, var å bli kjend med Thomas. Ikkje hoppa til sengs med han. Men for å koma nær nok såg eg ikkje nokon annan utveg. Eg hadde ikkje sagt noko om dette til Martin og tante Berit, men eg trudde dei visste det likevel. Korleis kunne dei ikkje
skjøna det? I det siste hadde det gått opp for meg at tante Berit måtte ha godkjent dette. «Me må alle ofra noko», sa ho ein gong då eg starta i Milorg. Var det dette ho meinte?
Før eller seinare ville sanninga koma ut. Alle ville få veta det. Til og med mor og far. Eg måtte dytta dei ut av hovudet kvar einaste gong eg tenkte på dei. Kunne ikkje la meg distrahera.
– Men eg kan uansett ikkje gifta meg med deg før eg har møtt foreldra dine, sa eg så sjølvsikkert eg klarte.
– Etter krigen, då, sa han bestemt, og såg ut som han meinte det.
– Etter krigen, nikka eg bekreftande. Klumpen i magen blei større jo meir eg tenkte på kva eg dreiv med. Thomas elska meg! Sviket mitt kjendest endå verre. Eg elska kanskje ikkje han, meg eg likte veldig godt å vera saman med han. Folk hadde gifta seg for mykje mindre enn det.
Det var ikkje Thomas sin feil at Tyskland okkuperte Noreg, han gjorde som han fekk beskjed om. Og så vidt eg forstod, var det uaktuelt å nekta.
Medan morgonskodda sakte forsvann, prøvde eg å slappa av. Eg følte meg jo eigentleg trygg saman med Thomas. No var han ikkje i uniform, og han kunne
vera kven som helst. Ingen hakekors eller nazisymbol.
Akkurat no kunne eg bli her i skogen for alltid.
Thomas fann knekkebrød og kaffi-erstatning til meg. Eg såg på han utan å vera redd for å visa meg.
For første gong fall maska mi når eg var nær han.
Kunne eg gifta meg med han? Eg kunne snika meg unna alt som kom til å skje i Noreg etter krigen, og ingen ville finna ut kor eg var, før lenge etterpå. Eg kunne ein god del tysk, og Thomas forstod veldig godt norsk. Var det eit liv i Tyskland som venta meg? Alle meinte at krigen snart var over. Thomas var overtydd om at han snart skulle få reisa heim. Han hadde ingen tankar om at Tyskland kom til å vinna.
Det hadde han ikkje hatt så lenge eg hadde kjent han.

Noreg har vore okkupert av Tyskland i fire år, og Arne drøymer om å vera med i motstandskampen. Då eit kanadisk fly krasjlandar i bygda, får han endeleg sjansen. Men vil det gjera han til eit mål for tyskarane?
Astrid er spion for motstandsrørsla og har eit hemmeleg forhold til ein tysk offiser. Under eit oppdrag i byen går flyalarmen, og brått er himmelen fylt av bombefly. Kan Astrid koma seg i dekning i tide?
Alt er lov er ei spennande historie med utgangspunkt i verkelege hendingar frå andre verdskrigen – ei forteljing om mot, spionasje og ei tid der kven som helst kunne visa seg å vera ein fiende.

ISBN 978-82-419-6769-6