Skip to main content

9788241967443 No er livet

Page 1


No er livet

BENTE BRATLUND

No er livet

100 nye dikt

Copyright @ Vigmostad & Bjørke AS

Sats: Type-it AS, Trondheim

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen

Omslagsdesign ved forlaget

Papir: 100 g Munken Print Cream 15

Boka er sett med Warnock Pro 11/15 pkt.

1. opplag 2025

ISBN: 978-82-419-6744-3

Spørsmål om denne boka kan rettast til Bladkompaniet

St. Olavs gt. 12 0165 Oslo

Telefon 23 30 24 28 eller e-post til: kundeservice@bladkompaniet.no www.bladkompaniet.no

Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverkloven eller avtalar om kopiering som er inngått med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.

Tankar

No er livet

No er livet

Du kan ikkje henta att morgondoggen du ikkje drakk

Dansen du takka nei til

Handa du ikkje møtte

og kysset du ikkje tok imot

Ingen er berre det du ser

Ingen er berre det du ser

Det er skjulte rom i alle

Det er tårer ingen kjenner

Det er gleder som har sin plass

Ingen er berre sitt ytre

Alle har sine indre rom

Draumar som lever og dirrar

Eit hjarte som ber på lengsel

Sorg som er utan ord

Audmjuke skulle vi vera

Audmjuke

Mitt folk

Eg søker ikkje dei som

tilsynelatande får alt til eller dei som har alle svara klare til bruk

Mitt folk er dei som snublar på vegen og reiser seg igjen

Dei som tar feil og kan seia unnskyld

Dei som kan gråta og le og som kan undrast

Og som kan snu om når dei ser dei tar feil

Mitt folk er folket med rifter og arr og rause hjarter

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
9788241967443 No er livet by Vigmostad & Bjørke - Issuu