FUG: Mobbing Norsk nynorsk

Page 1


Mobbing

– dei vaksne mĂ„ ta ansvar

Mobbing – dei vaksne mĂ„ ta ansvar

Kva er mobbing?

Alle barn og unge har rett pÄ Ä ha det trygt og godt pÄ skulen, og pÄ Ä fÄ utvikle seg bÄde fagleg og sosialt.

Mobbing skaper ein utryggleik som i sin tur gjer at mange ikkje lÊrer godt pÄ skulen. NÄr nokon blir mobba, rammar det klassefellesskapet. Eit godt samarbeid mellom skule og foreldre er difor avgjerande for Ä gi alle tryggleiken tilbake og fÞrebyggje at liknande ting skjer igjen.

Det er fleire mÄtar Ä definere mobbing pÄ, men til sjuande og sist handlar det om at barn og unge blir utsette for handlingar som skaper utryggleik eller ei kjensle av utanforskap.

Det er viktig at vi skil mellom mobbing og konflikt.

Mobbing handlar gjerne om at ein gong pÄ gong blir utsett for negative handlingar og at det er ein ubalanse i styrkeforholdet mellom dei som er involverte. Konfliktar er derimot ikkje til Ä unngÄ nÄr barn og unge kjem saman. Slike situasjonar kan opplevast som ubehagelege, utan at dei nÞdvendigvis er skadelege for dei som er involverte.

Det Ä stÄ i ubehag og klare Ä lÞyse konfliktsituasjonar pÄ eiga hand eller med rettleiing frÄ vaksne kan bidra til auka sjÞlvstende og robustheit i mÞte med omgivnadene.

Ulike former for mobbing

Mobbing kan skje mellom enkeltbarn, mellom eit barn og ei gruppe, eller mellom barn og vaksne. Mobbing kan arte seg ulikt:

‱ Bruk av kallenamn, skjellsord eller uthenging (verbal mobbing).

‱ Bruk av negativt kroppssprĂ„k, blikking, avvising eller utfrysing (sosial mobbing).

‱ Tilsikta þydelegging av kleda eller eigedelane til andre (materiell mobbing).

‱ Nokon blir trua, latterleggjort, lurt eller tvungen til Ă„ gjere noko (psykisk mobbing).

‱ Nokon blir slĂ„tt, dytta eller sparka (fysisk mobbing).

‱ Nokon blir hengd ut eller halden utanfor pĂ„ digitale plattformar og spel.

I Noreg er det lovfesta nulltoleranse for krenkingar som mobbing, vald, trakassering og diskriminering.

OpplÊringslova § 12-2 slÄr fast at alle barn rett pÄ eit trygt og godt skulemiljÞ som fremjar helse, inkludering, trivsel og lÊring. Det gjeld pÄ skulen, i SFO og leksehjelp.

Ulike aktivitetar – bĂ„de digitale og fysiske – utanfor skuletid kan ogsĂ„ pĂ„verke tryggleiken til den enkelte i skulekvardagen. Som foreldre mĂ„ vi difor vere klare over at vala vi tek pĂ„ vegner av eigne barn, kan fĂ„ konsekvensar ikkje berre for deira, men ogsĂ„ for medelevane sin tryggleik og trivsel pĂ„ skulen.

Skulen har ei lovpÄlagt plikt til Ä jobbe systematisk med Ä fÞrebyggje, avdekkje og handtere mobbing.

Det er til sjuande og sist dei vaksne som har ansvaret, anten barna mobbar eller blir utsette for mobbing. Barn treng hjelp og rettleiing frĂ„ varme og engasjerte vaksne som tĂžr Ă„ setje grenser, og som formidlar verdiar og fremjar vennskap i ord og handling. Dette gjeld ikkje berre i skuletida, men ĂČg nĂ„r elevane er heime, pĂ„ fritidsaktivitetar eller aktive pĂ„ digitale arenaer.

Den overordna delen av lÊreplanen er tydeleg pÄ at elevane og heimen ogsÄ har ansvar for Ä bidra til eit godt fellesskap og miljÞ. Skule og heim bÞr difor jobbe saman om Ä skape trygge, gode klassemiljÞ.

Slik den enkelte elev bidrar til fellesskapet pÄ skulen, bidrar fellesskapet til at den enkelte trivst, utviklar

seg og lĂŠrer

Overordna del av lĂŠreplanen

Informasjonsplikt

IfÞlgje § 10-8 i opplÊringslova har skulen informasjonsplikt. Som det stÄr i fÞrste ledd i paragrafen, skal skulen gi elevar og foreldre informasjonen dei treng, mellom anna om opplÊringa, den enkelte elev, skulemiljÞet og skulereglane, og om rettane og pliktene som elevane elles har.

Heim og skule har eit gjensidig ansvar for Ä melde frÄ ved mistanke eller konkret kunnskap om at eit barn eller ein ungdom ikkje har det trygt og godt pÄ skulen. Som foreldre mÄ vi ha forstÄing for at det kan vere vanskeleg for lÊrarane Ä fange opp alt som skjer i skulekvardagen. Iblant kan vi foreldre ogsÄ sitje med viktig kunnskap om situasjonar pÄ fritida som kan fÄ konsekvensar for elevane i skulekvardagen. DÄ mÄ vi seie frÄ.

Vi skal ogsÄ ha med oss at elevane gjerne har ulike versjonar av kva som har skjedd. Det er faktisk heilt naturleg at barn og unge fortel den versjonen som gagnar dei best. Som foreldre mÄ vi ha dette i bakhovudet nÄr vi gÄr i dialog med skulen. NÄr lÊrarar og foreldre snakkar saman, kan det bidra til Ä skape betre oversikt over situasjonen, slik at det blir enklare for skulen Ä kome med tiltak.

Aktivitetsplikt

Skulen har aktivitetsplikt. Dette inneber at alle tilsette skal fÞlgje med pÄ korleis barna har det pÄ skulen, og gripe inn dersom dei blir merksame pÄ slÄsskampar, utfrysing, verbal krenking eller liknande. Vidare har alle som jobbar pÄ skulen, plikt til Ä varsle rektor dersom dei mistenkjer at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljÞ. Dette gjeld ogsÄ dersom eleven sjÞlv fortel om opplevd utryggleik. Skulen skal undersÞkje saka snarast og rette opp i situasjonen ved hjelp av eigna tiltak. I sÊrleg alvorlege tilfelle skal rektor i tillegg melde frÄ til skuleeigar.

Dersom barnet mitt blir mobba

Som vaksne mÄ vi vere merksame pÄ at mobbing ofte skjer i det skjulte, gjerne der vaksne ikkje er til stades. Mobbing skjer ogsÄ gjennom blikk og kroppssprÄk. Legg merke til endringar i humÞret og oppfÞrselen til barna. Kanskje har dei ikkje lyst til Ä gÄ pÄ skulen, dei fÞler seg sjuke eller skulkar undervisning. Ofte endrar motivasjon og lÊrelyst seg og barna bruker mindre tid saman med vennar.

Det er mange grunner til at barn og unge synest det er vanskeleg Ă„ fortelje vaksne om mobbing. Dei vanlegaste grunnane er:

‱ Dei vil ikkje bekymre foreldra.

‱ Dei er redde for Ă„ bli mobba endĂ„ meir.

‱ Dei vil ikkje sladre pĂ„ andre.

‱ Dei skammar seg over noko dei har vore innblanda i (bilete, video pĂ„ nett).

‱ Dei er redde for at foreldra skal bli sinte og dþme dei.

‱ Dei reknar ikkje med at foreldra har god nok digital kompetanse til Ă„ forstĂ„ og kunne hjelpe.

‱ Mobbing er forbunde med skam.

Det kan vere heilt tilfeldig kven som mobbar, og kven som blir mobba. Forsking viser at gutar er minst like utsette som jenter, men at dei sjeldnare fortel om det. Vi bÞr difor ikkje omtale hendingar som «jentegreier» eller «gutegreier». Generelt gjeld det Ä ikkje bruke karakteristikkar som undergrev korleis barnet sjÞlv opplever skulekvardagen sin. I staden bÞr vi oppmuntre barnet til Ä fortelje, og vise gjennom ord og handling at vi er til stades i situasjonen.

Dersom vi fÄr mistanke eller konkret kunnskap om at barnet vÄrt blir mobba, mÄ vi seie frÄ om situasjonen til kontaktlÊraren, nokon i skuleleiinga eller andre vaksne ved skulen som vi har tillit til. Som foreldre har vi rett til Ä forvente Ä bli hÞyrde i ein slik situasjon.

Hvis barnet mitt mobbar

Det kan vere mange Ärsaker til at eit barn mobbar eller krenkjer andre. Det kan handle om Ä ha makt eller eit Þnskje om Ä posisjonere seg, eller det kan vere ein mÄte Ä markere tilhÞyrsle til ein gjeng eller ei gruppe pÄ. Enkelte mobbar fordi dei er redde for sjÞlve Ä bli mobba eller haldne utanfor. Mobbing kan ogsÄ hengje saman med dÄrleg sjÞlvbilete eller andre ting som er vanskeleg hos og rundt barnet.

Dersom vi blir gjort merksame pÄ at barnet vÄrt mobbar eller krenkjer andre, vil det naturleg nok setje mange kjensler i sving. Det kan kjennest bÄde sÄrt, ubehageleg og vanskeleg. For nokre vil det ogsÄ vere krevjande Ä ta inn over seg at mobbinga er ein realitet.

Vi er likevel ikkje fritekne frĂ„ Ă„ ta ansvar som foreldre, sjĂžlv om situasjonen er vanskeleg. Skulen er avhengig av at vi tek informasjonen pĂ„ alvor og samarbeider konstruktivt – med mĂ„l om Ă„ finne ei lĂžysing som gagnar alle involverte og klassemiljĂžet som heilskap.

For oss foreldre er det sĂ„leis viktig Ă„ halde hovudet kaldt og hjartet varmt dersom beskjeden kjem: Ikkje gĂ„ i forsvarsposisjon, men tenk heller at dette er noko vi mĂ„ ta pĂ„ alvor og kome til botns i. Dersom vi klarer Ă„ handtere eigne kjensler og reaksjonar pĂ„ ein god mĂ„te, vil det ha ein positiv innverknad pĂ„ korleis situasjonen utviklar seg – bĂ„de for vĂ„rt eige barn og for andre som er involverte.

Vis vilje til Ă„ lĂžyse problemet

Ta kontakt med skulen og be om eit mÞte snarast rÄd. Ikkje vent til neste utviklingssamtale eller foreldremÞte. Del informasjonen du har, sjÞlv om han kanskje ikkje stiller barnet ditt i eit godt lys. Vis vilje til samarbeid og dialog for Ä lÞyse problemet, og spÞr gjerne om det er noko spesifikt du kan bidra med vidare.

Kva skulen skal gjere

Uansett om du er forelder til eit barn som blir utsett for mobbing, eller det er barnet ditt som mobbar andre, har du rett pÄ Ä fÄ informasjon frÄ skulen om kva som skal skje vidare.

Dersom du har hatt ein dialog med ein lĂŠrar om saka, og ikkje

hÞyrer noko frÄ skulen i lÞpet av dei nÊrmaste dagane, bÞr du kontakte rektor for Ä sikre at vedkomande er kjend med det som gÄr fÞre seg. Skulen pliktar Ä undersÞkje saka og setje i verk tiltak innan ei veke.

UndersĂžking inneber fĂžlgjande:

‱ Alle involverte bĂžr fĂ„ hĂžve til Ă„ fortelje korleis dei opplever situasjonen.

‱ Tilsette ved skulen kan observere elevgruppa i léringssituasjonar og friminutt.

‱ Skulen kan bruke undersĂžkingar, kartleggingsverktĂžy eller sosiogram for Ă„ skaffe seg eit bilete av trivselen og samspelet i elevgruppa.

‱ Barnet ditt har rett pĂ„ Ă„ bli hĂžyrt og pĂ„ Ă„ fĂ„ snakke med vaksne det stoler pĂ„.

‱ Du som forelder kan bli invitert til samtale for Ă„ gi skulen informasjon og rĂ„d.

Det finst ingen mal for korleis skulen skaper eller gjenskaper eit trygt og godt skulemiljÞ. Alle elevar er forskjellige, og det er ogsÄ situasjonane dei kjem opp i. Tiltaka som skal gjenopprette tryggleik, vil difor variere frÄ sak til sak.

Ei brei undersÞking kan vere avgjerande for Ä forstÄ situasjonen og finne ut kva skulen kan gjere for Ä hjelpe. Ved Ä fÄ saka godt opplyst vil skulen ha betre fÞresetnader for Ä setje inn tiltak som verkar.

Tiltaka bÞr vere bÄde individuelle og kollektive. Dette inneber at enkelte av tiltaka bÞr ha fokus pÄ eleven som ikkje har det trygt og godt, medan andre tiltak bÞr beskrive korleis ein skal jobbe med klassemiljÞ og fellesskap. Det er heller ikkje

uvanleg at elevar som utset andre for mobbing, sjĂžlve har behov for tiltak.

Tiltaka skal gjerast skriftleg i form av ein aktivitetsplan som foreldra fÄr tilsend i lÞpet av 14 dagar. Aktivitetsplanen

omtaler berre tiltaka som gjeld ditt barn og klassefellesskapet, ikkje andre involverte enkeltelevar.

Aktivitetsplan

Ein aktivitetsplan er ein plan med tiltak som skal bidra til at eleven fÄr det trygt og godt igjen pÄ skulen.

Aktivitetsplanen skal innehalde informasjon om

‱ kva problem tiltaka skal lþyse

‱ kva tiltak skulen har planlagt

‱ nĂ„r tiltaka skal gjennomfĂžrast

‱ kven som skal gjennomfþre tiltaka

‱ nĂ„r tiltaka skal evaluerast

Planen bÞr evaluerast undervegs, og skal fÞlgjast fram til eleven har det trygt og godt igjen. Dersom planen ikkje fungerer, mÄ skulen finne andre tiltak.

Korleis fÄr ein til ein trygg og god samtale rundt det som er vanskeleg?

Snakk med barnet

FĂžr du byrjar snakke med barnet ditt om saka, bĂžr du skape ro i situasjonen. Tenk gjerne gjennom kva du treng Ă„ vite for Ă„ kunne hjelpe barnet ditt og skulen med Ă„ kome vidare i saka.

Lover og reglar kan vere ein god inngang til samtalen. OpplÊringslova slÄr fast at alle elevar har rett pÄ eit trygt og godt miljÞ som fremjar helse, inkludering, trivsel og lÊring. I same lovverk blir det presisert at skulen skal ha nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar.

Som foreldre bÞr vi stÞtte tydeleg opp om dette i samtalar med eige barn, samstundes som vi uttrykkjer forstÄing for at det er lett Ä trÄ feil eller ta dÄrlege val, bÄde nÄr ein er Äleine og nÄr ein er saman med andre.

La barnet sjÞlv fÄ hÞve til Ä fortelje kva som skjer eller har skjedd. Ver medviten om at ulike mÄtar Ä spÞrje pÄ kan generere ulike typar svar, og at mÄten du lyttar pÄ, kan spele ei rolle. Ha i tankane at det er viktigare Ä fÄ opplyst situasjonen enn Ä finne bevis.

Ulike mÄtar Ä spÞrje pÄ

Enkelte spÞrsmÄlsformuleringar gir oss ja- eller nei-svar. Slike lukka spÞrsmÄl kan ogsÄ innehalde skjulte rÄd og fÞringar frÄ oss vaksne. Dei er med andre ord ikkje alltid fÞremÄlstenlege dersom ein Þnskjer Ä fÄ eit godt innblikk i kva som har skjedd. SpÞrsmÄl som byrjar med eit spÞrjeord, fungerer ofte betre.

Opne spÞrsmÄl gir oss lengre, meir utdjupande svar. Vi kjem ofte langt med Ä formulere spÞrsmÄl som byrjar med spÞrjeorda kva, kven, kor, nÄr og korleis.

DÞme pÄ lukka/opne spÞrsmÄl:

‱ Er du sint? / Kva fþler du i denne situasjonen?

‱ Synest du dette er rett? / Kva er rett for deg?

‱ Liker du Ă„ vere saman med denne gjengen? / Kva synest du om Ă„ vere ein del av denne gjengen?

‱ Var det vanskeleg? / Korleis opplevde du det?

Det kan vere lurt Ä forsÞkje Ä unngÄ spÞrsmÄl som byrjar med kvifor. Dette er eit ord som set barnet i forsvarsmodus. Den automatiske responsen kan bli forklaringar, unnskyldningar og rettferdiggjering.

Ulike mÄtar Ä lytte pÄ

Spesielt i vanskelege situasjonar kan det vi hÞyrer, fort bli blanda saman med eigne indre tankar. Vi vurderer og evaluerer undervegs, og risikerer Ä plassere det vi hÞyrer, «i vÄre eigne indre arkivskuffer». Dette er ikkje alltid til beste for barnet og situasjonen.

Gjennom fokusert lytting forsÞkjer vi Ä forstÄ det som blir sagt, ut frÄ stÄstaden til barnet. Ved Ä vise empati og stille oppfÞlgjande spÞrsmÄl undervegs viser du at du lyttar og Þnskjer Ä forstÄ. Still spÞrsmÄl som viser at du vil forsikre deg om at du har forstÄtt ting rett.

I ein slik samtale kan det elles vere aktuelt Ä ta alle sansar aktivt i bruk; til dÞmes ved Ä lytte til stemmeleiet til barnet og observere kroppssprÄket.

Under finn du tre enkle rÄd for aktiv lytting:

‱ ForsĂžk Ă„ setje ord pĂ„ det du hĂžyrer, pĂ„ ein mest mogleg objektiv mĂ„te.

‱ VĂ„g Ă„ la det bli stille undervegs i samtalen. Stilla gir barnet rom for refleksjon.

‱ Observer effekten av det du seier til barnet.

Andre nyttige rÄd:

‱ Ved Ă„ gjenta det som blir sagt, samanfatte det og spegle situasjonen, kan du hjelpe barnet Ă„ sjĂ„ ting frĂ„ stĂ„staden til den andre.

‱ Fang opp nĂžkkelord som kan ha ein spesiell verdi i samanhengen. Gjenta desse medan barnet fĂ„r snakke vidare.

‱ Dersom barnet byrjar unnskylde, bortforklare eller spore av, set du ord pĂ„ at det er ditt ansvar som vaksen Ă„ hjelpe til med Ă„ halde samtalen pĂ„ rett spor

‱ SĂžrg for Ă„ gjere nokre avklaringar undervegs ved Ă„ oppsummere, stadfeste eller korrigere.

FÞrebyggjande arbeid, rÄd, hjelp og klagerett

Det finst fleire aktÞrar, bÄde lokalt og nasjonalt, som bidrar aktivt inn i arbeidet mot mobbing og utanforskap.

Foreldreutvala (FAU)

OpplÊringslova krev at kvar grunnskule har eit arbeidsutval som er valt av foreldra pÄ skulen. Foreldra kan velje Ä organisere seg pÄ andre mÄtar. Kommunen skal sÞrgje for at det blir bestemt kva andre brukarorgan skulen skal ha.

OpplÊringslova er ogsÄ tydeleg pÄ at foreldra skal fÄ vere med pÄ Ä planleggje, gjennomfÞre og vurdere verksemda til skulen, mellom anna det som har med skulemiljÞet, kvalitetsutvikling i opplÊringa og fastsetjing av skulereglar Ä gjere.

FAU skal ikkje behandle saker som gjeld enkeltelevar, men kan bidra inn i det systematiske arbeidet til skulen med Ă„ skape eit trygt og godt skulemiljĂž – bĂ„de gjennom Ă„ bidra til at foreldra blir kjende med rutinane og det fĂžrebyggjande arbeidet til skulen, og ved Ă„ ta initiativ til aktivitetar som fremjar inkludering og bidrar til at elevar og foreldre blir godt kjende med kvarandre.

Mobbeomboda

Alle fylke i Noreg har eit mobbeombod som skal sikre rettane som barn og unge har til eit trygt og godt miljÞ i barnehage og grunnskule. Det er eit tilbod ikkje berre til foreldre og barn, men ogsÄ til skular som Þnskjer hjelp og rettleiing.

Mobbeombodet er ein uavhengig ressursperson med teieplikt og fungerer som eit lÄgterskeltilbod som skal hjelpe barn og ungdom i vanskelege situasjonar. I tillegg jobbar ombodet med fÞrebygging og bidrar gjerne med kurs og fÞredrag pÄ ulike omrÄde.

foreldra og elevane i skulen, og jobbe for Ä fremje eit godt samarbeid mellom heim og skule. I administrasjonen til FUG sit fleire rÄdgivarar som er tilgjengelege per telefon og via kontaktskjema alle kvardagar. RÄdgivarane svarer pÄ spÞrsmÄl og kan gi konkrete rÄd i saker som foreldra opplever som vanskelege.

Foreldreutvalet for grunnopplĂŠringa, FUG

FUG er eit nasjonalt utval som bestÄr av foreldre som er oppnemnde for fire Är om gongen. Utvalet gir rÄd til styresmaktene og har i oppgÄve Ä vareta interessene til

Partnerskap mot mobbing bestÄr av 15 organisasjonar som jobbar mot mobbing blant barn og unge. To gongar i Äret deler Partnerskap mot mobbing ut midlar til prosjekt og tiltak som skal bidra til auka lokal kompetanse og betre samarbeid mot mobbing og krenkingar. Det speler inga rolle om tiltaka er smÄ eller store, eller om sÞkjaren er lokal eller nasjonal, sÄ lenge prosjektet bidrar til Ä nÄ mÄla for partnarskapet:

‱ Å setje arbeidet mot alle former for mobbing pĂ„ dagsorden.

‱ Å involvere barn og unge i eit heilskapleg arbeid for eit inkluderande oppvekst- og léringsmiljþ.

‱ Å styrkje og utvikle kompetanse og kapasitet til Ă„ motverke mobbing i lokalsamfunnet.

PMM

Statsforvaltaren og klagerett

Statsforvaltaren passar pÄ at kommunane fÞlgjer reglane nÄr dei tilbyr tenester, kontrollerer at kommunale vedtak er lovlege, og behandlar klager pÄ enkeltvedtak som kommunane har fatta.

Dersom eleven ikkje har eit trygt og godt skulemiljÞ, kan eleven sjÞlv eller foreldra klage til Statsforvaltaren. FÞlgjande fÞresetnader mÄ dÄ vere innfridde:

‱ Det har gĂ„tt Ă©i veke sidan du melde frĂ„ til rektor om at barnet ditt blir mobba, og du har framleis ikkje fĂ„tt tilbakemelding om at det er sett i verk tiltak.

‱ Aktivitetsplanen som er utarbeidd, betrar ikkje situasjonen for barnet ditt.

Statsforvaltaren ser pÄ om fÞlgjande plikter er oppfylte:

‱ Plikt til Ă„ rette opp situasjonen gjennom eigna tiltak.

‱ Plikt til Ă„ utarbeide ein skriftleg plan.

Statsforvaltaren kan avvise klaga dersom

‱ saka ikkje har blitt teken opp med rektor

‱ det er mindre enn Ă©i veke sidan saka blei teken opp

‱ eleven ikkje lenger gĂ„r pĂ„ den aktuelle skulen

Vi vaksne kan vere gode fĂžrebilete

Hugs at du er det viktigaste fĂžrebiletet til barnet – bĂ„de generelt i kvardagen og nĂ„r det oppstĂ„r vanskelege situasjonar. Det hjelp ikkje at du pukkar pĂ„ kor viktig det er Ă„ vere snill og grei, dersom du sjĂžlv snakkar nedsetjande om folk. Snakk positivt om andre, ver raus og inkluderande. La deg gjerne inspirere av rĂ„da vi i FUG har samla:

10 rÄd frÄ FUG for samarbeid og inkludering

1. Smil og sei «hei» til barn, ungdom og foreldre. Vi treng alle Ä bli sett og godtekne for den vi er.

2. Ver nysgjerrig pÄ det som gÄr fÞre seg blant barn og unge, bÄde fysisk og digitalt. ForsÞk Ä forstÄ framfor Ä dÞme. La det vere lov Ä trÄ feil.

3. VÄg Ä vere den kjipe vaksne som set krav og grenser. Allier deg med andre foreldre. Barn og unge treng rammer og varme, trygge, tydelege vaksne som fÞlgjer opp.

4. Finn juvelen i barn og ungdom – ogsĂ„ dei som ikkje er dine eigne. Alle har eit talent eller ein eigenskap vi kan verdsetje.

5. Tenk «alle med» nÄr noko skal skje. SpÞr etter dei som ikkje har mÞtt.

6. Ta eigne og andre barn og ungdommar «pÄ fersken» i Ä gjere noko bra. Det vi fokuserer pÄ, fÄr vi meir av!

7. Ver ambisiÞs, ikkje berre pÄ vegner av eigne barn og ungdommar, men ogsÄ pÄ vegner av fellesskapet. Elevar trivst og lÊrer best nÄr klassemiljÞet er trygt og godt.

8. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt! I sum kan du og foreldregruppa du hĂžyrer til, bidra med mykje – pĂ„ mange omrĂ„de.

9. Det du ikkje veit, kan du ikkje gjere noko med. Sei frÄ til skulen, bÄde nÄr ting fungerer, og nÄr det oppstÄr krevjande situasjonar. Jobb for at det same skal vere mogleg ogsÄ internt i foreldregruppa.

10. Alt kan seiast – det handlar berre om korleis ein seier ting. Ver vennleg og oppriktig. Lytt og vis interesse. Ha respekt for synspunkta til andre og la det vere rom for Ă„ skifte meining.

Meld deg pÄ FUGs nyhetsbrev

Kontakt oss dersom du Þnsker rÄd og veiledning, materiell eller foredrag

post@fug.no

477 99 200

foreldreutvalgene.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.