Næringsstrategi - Skjåk kommune
Næringsstrategi Skjåk kommune Kortversjon
«Gründerbygda - med god energi.» s. 1
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Innleiing
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Næringsstrategien skal: •
Bakgrunn for strategien med mandat
•
Hausten 2020 vart det vedteke i kommunestyret at Skjåk kommune skal utarbeide ein næringsstrategi. Den skal knytast opp mot kommuneplanen for Skjåk der det under planpunktet om samfunns- og næringsutvikling er satt eit mål om ein vekst i sysselsetting på 10 årsverk pr år fram til 2028. Til saman 100 årsverk i perioden Eit sitat som har vore retningsgjevande for arbeidet med kommuneplan og næringsstrategien.
• • • •
Føringar for arbeidet: •
Identifisere styrker og utfordringar ved eksisterande næringsstruktur. Skissere best mogleg føresetnader og rammer for eit robust, berekraftig og verdiskapande framtidig næringsliv. Femne vidt - natur, kultur, skule, helse og kommunikasjon er viktige ingrediensar. Innehalde identitet og engasjement. Munne ut i forslag til satsingsområde med nokre hovudgrep for næringsarbeidet i Skjåk. Alle forslaga skal legge til grunn FN sine berekraftsmål.
• •
• • •
Konkretisering av mandatet: •
• •
Strategien skal identifisere faktorane som har betydning for næringsutvikling, vekte desse etter viktigheitsgrad og moglegheit for kommunen til å påverke desse. Dette for at eksisterande næringsliv skal ha trygge arbeidsplassar, auke i omsetning og tal tilsette. Gjere Skjåk attraktivt for nyetablering.
«Skjåk er tradisjonsbevisst, men har lange tradisjonar for å tenkje nytt.»
s. 2
s. 3
Breitt medborgarskap skal utvikle eit forslag til næringsstrategi som skal vere hovuddokumentasjon og grunnlag for politisk avgjersle for næringsutvikling som aukar folketalet i åra som kjem. Vedtekne utfordringar i Kommuneplanen for 2017-2028 sin samfunnsdel er grunnlaget for strategien. Strategiarbeidet skal utvikle forslag til mål og strategiske tiltak som bidreg til eit framtidsretta, heilskapleg og robust næringsliv i lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt perspektiv. Strategien skal gjelde for åra 2021-2028. Arbeidet skal involvere næringslivet i Skjåk. Strategien skal arbeide innafor rammene av berekraft, miljøavtrykk og grønare framtid.
Næringsstrategi - Skjåk kommune
•
Formål med strategien Det er naturleg å knyte næringsstrategien opp imot kommuneplanen for Skjåk. I kommuneplanen heiter det under planpunktet om samfunns- og næringsutvikling:
•
Mål
Hovedmålet med strategien er å etablere ein meir innovativ og offensiv arbeidsmetodikk for å få utvalde miljø og enkeltpersonar til både å flytte til Skjåk og etablere nye arbeidsplassar her. I tillegg til den overordna målsettinga har strategien fylgjande delmål:
•
Politikarar og administrasjonen i kommunen skal sikre oppslutning og gjennomføringsevne for strategien. Det skal vera tydeleg fordeling av roller og ansvar
•
Kommunedirektøren skal jobbe for å styrke heile bredda i det eksisterande næringslivet med auka inntening, auke i antal tilsette og få ned gjennomsnittsalderen hjå arbeidstakarane. Dette skal gjerast gjennom bruk av eksisterande verkemiddel og eventuelt utvikling av nye. Det skal utviklast individuelle planar for kvar enkelt bransje med tiltak som skal gjennomførast
s. 4
Kommunedirektøren skal identifisere og etablere samarbeid med utvalde miljø som fokuserer på nyetableringar og gründerar. Etablering av fleire gründerar vil styrke ynskja posisjon og forsterke assosiasjonane om skaparkraft og at det er lov å lykkast Kommunedirektøren skal identifisere aktuelle næringar som vil nyte godt av lokalisering i Skjåk og legge til rette for at dei etablerer seg der. Etablering av “riktige” verksemder vil også bidra til å styrke ynskja posisjon for Skjåk. Dette inkluderer også arbeidsplassar som blir lyst ut utan fast kontorstad
•
Kommunedirektøren skal forsterke miljøet knytt til industrien i Skjåk, gjennom godt samarbeid mellom bedriftene og fagmiljø. Forsking, utvikling og samarbeid mellom bedrifter skal vektleggast
•
Kommunen skal tilby byggeklare næringstomter til eksisterande og ny næring. Næringsklynger og synergiar mellom bedrifter skal vektleggast. Nye næringsareal skal regulerast og ekspropriering vil verte nytta dersom kommunen ser det som naudsynt, for vidare næringsutvikling
•
Kommunen skal syte for at det er bustadar tilgjengeleg, til dei som har arbeid eller vil arbeide frå Skjåk. Dette gjev auka skatteinntekter og betre handlingsrom for å tilby kommunale tenester
Næringsstrategi - Skjåk kommune
•
Kommunen skal sikre ein offensiv bruk av kommunikasjon som gjer Skjåk meir synleg
•
Kommunedirektøren skal sikre at tiltak og aktivitetar som blir gjennomført tek i vare kravet om berekraft og klimanøytralitet, samt leggje til rette for at næringslivet tek ei aktiv rolle i klima- og miljøarbeid der det er naturleg
«Vi har Skjåknamnet på mange varer i bygda, dette forbitt folk med kvalitet.»
s. 5
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Intern og ekstern analyse:
Styrker
Svakheiter
Lokal stoltheit Vakker natur – friluftsliv Rikt naturgrunnlag Knutepunkt aust/vest Låg arbeidsgjeveravgift Flinke til å få til ting/skaparkraft Innovativt industrimiljø/gründerar Breitt og allsidig næringsliv Lokalmatprodusentar/merkevarer Tilgang til regulerte næringsareal Stort næringsfond Barnehagegaranti Villreinjaktgaranti Kontorplassgaranti Fibergaranti
Låg kjennskap/kunnskap Mangel på bustadar Låg tilgang til kvalifisert arbeidskraft Lange avstandar Høge transportkostnadar Demografi – høg gjennomsnittsalder
SWOT ANALYSE
O Moglegheiter
Posisjonering/assosiasjonar
analyse som viser styrker, svakheiter, moglegheiter og truslar. (SWOT)
Basert på spørjeundersøkinga og anna informasjonsinnhenting er det utarbeidd ei
S
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Næring
Større synlegheit og nærvær Dialogprogram med unge utflyttarar Bustadbygging/fleire rekrutteringsbustadar Jobb bistand – hjelp med jobb til begge Riksveg 15 prosjekt Naturbasert næringsutvikling Gründersatsing/-tilrettelegging Meir næringssamarbeid Investeringsstøtte Verdibasert kommunikasjon om Skjåk Inkluderingstiltak for tilflytte
T Truslar Konkurranse - alle jaktar på barnefamiliar Kommunikasjonskapasitet Lite synlegheit/nærvær Fråflytting Infrastruktur Lønnsvilkår Skaffe jobb til begge Mangel på bustadar Ferdigutdanna ungdom flytter ikkje heim att Tilflytte mistrivast og flytter vidare
s. 6
W
oppdrag å forvalte det nasjonale fellesskapet sine skattar. Trass dette har Skjåk gjennomført store kraftutbyggingar. Dette har gått føre seg parallelt med etableringa av nasjonalparkane, og på ein slik måte at satsingane har gått hand i hand. Sjølv om vasskraftutbygginga blant mange har vore kontroversiell, ser ein i dag at dette er ei av dei verkeleg berekraftige energikjeldene også globalt.
I Skjåk går tradisjonell verksemd hand i hand med oppleving, industri odling og hausting og bruk og vern av naturen. Tenestene i Skjåk kommune er godt utvikla. Dette som følgje av politiske prioriteringar og tidvis gode rammer som resultat av høge kraftprisar og løyvingar over inntektssystemet frå staten. Kommunen har god skule og kulturskule, gode barnehagar og god eldreomsorg - tenester som forskarar lyftar fram som viktige i rekrutteringssamanheng.
Små lokalsamfunn utanfor dei største byane og tettstadane kan ikkje måle seg når det gjeld urbanitet, puls og servicemangfald. Men trendane går i retning av etterspørsel etter rein luft, reint drikkevatn, klimastabilitet, lokal mat og trygge og stabile oppvekstvilkår for barn og unge. Kommunen skårar høgt på desse verdiane, og må nytte dette i marknadsføring for Skjåk som attraktiv plass å flytte til.
Vi har mykje urørt og verna natur. Det er ei oase for dei som er glad i, og ynskjer å bruke naturen aktivt og i eit miljøperspektiv. Kommunen har eit areal på 2140,45 km2. Knapt 80 % av kommunen sitt areal er verna etter naturvernlova. Det gjer at ein vesentleg del av Skjåk sitt landareal er urørt natur, og kan nyttast til naturoppleving på ein heilt unik måte.
For dei fleste vil det å bu på eller flytte til ein plass, handle om det gode daglegliv, med arbeid eller skule, gode fritidsaktivitetar og kommunale tenester tilpassa det behovet ein har til ei kvar tid. For å stimulere til busetnad må kommunen medverke til at desse ynskja eller behova blir ivaretekne.
Kommunen ligg lengst vest i Innlandet fylke, og dette gjer at det er gode nedbørsmengder i fjella, men regnskuggen gjer at det er svært lite nedbør i låglandet. Vatnet som den blåe tråden gjennom bygda, er sjølve livsnerven for busetnaden i Skjåk. I tiår etter tiår har vatnet frå elvene og breane og snøsmelting frå fjella gjort det mogleg å så og dyrke jord og skape eit samfunn i Skjåk. Skjåk Almenning er ei bygdeallmenning og er den nest største privateigde eigedomen i Norge. Skjåk Almenning utgjer 95 % av arealet i Skjåk kommune. Som vertskap for to nasjonalparkar, og i randsona til fleire andre, har kommunen fått i s. 7
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Assosiasjonskartet under viser ulike element som er av betydning for korleis Skjåk blir opplevd i dag. Assosiasjonane som har tjukke blåe strekar er sterkare enn dei med tynne strekar.
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Vi ynskjer å forsterke assosiasjonane som er ringa inn med raudt og skal jobbe aktivt for områda der det er tjukke raude strekar, slik at vi oppnår ynsjt posisjon for Skjåk. “Gründerbygda med god energi”
«Ein unik ting i Skjåk er at det er openheit for å prøve noko nytt. Det er mange småe ”gründerar” i Skjåk og eg føler folk møter dei med ope sinn.»
«Bedrifter må samarbeide og lyfte fram kommunen sine moglegheiter saman.»
s. 8
s. 9
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Prioriterte satsingsområde
Styrking av satsing på miljø og berekraft Fordi Skjåk kommune skal bidra aktivt for å redusere klimaavtrykket mellom anna ved å leggje til rette for berekraftige verksemder. Dette vil gjere bygda meir attraktiv for den yngre generasjon som er spesielt opptatt av omstilling til ei grønare framtid, og det vil også styrke omdømmet til Skjåk.
For å nå målsettinga om å gå frå ein defensiv til ein offensiv arbeidsmetodikk i arbeidet med å etablere fleire arbeidsplassar og auke tilflyttinga til Skjåk, vil vi anbefale at fylgjande satsingsområde blir prioritert: Intern forankring Fordi vi av erfaring veit at gjennomføringsevna er avhengig av at både politikarar og administrasjon i kommunen har eigarskap til næringsstrategien, samt at roller og ansvar er tydeleg fordelt.
Næringsstrategi - Skjåk kommune
«Det mest unike med Skjåk er klimaet, kan vatne når det trengs vatning. Det fører til store avlinger og god kvalitet.»
Samhandling med utvalde næringsaktørar og miljø Fordi ein ved å samarbeide med aktuelle miljø og aktørar med like interesser, vil auke moglegheita for å lykkast. Innsatsen frå eksterne samarbeidspartar er viktig for å innfri ambisiøse ambisjonar.
Ekstern forankring Fordi brei oppslutning og positiv energi blant eksisterande næringsliv og sentrale samarbeidspartnarar er ein viktig føresetnad for å lykkast. Nærlingslivet i Skjåk står sterkt og særleg industrien har gode føresetnader for å lykkast med videre vekst og utvikling. Det må også vere forståing for fordeling av roller og ansvar mellom kommunen og næringslivsaktørar.
«Eg brukar kvar ei moglegheit til å skryte av heimplassen min.»
Posisjonering av Skjåk som “Gründerbygda med god energi” Fordi ein ved å forsterke den eksisterande posisjonen som ei bygd med stor skaparkraft i kombinasjon med nye tiltak som stimulerer og legg til rette for innovasjon og gründerskap, vil vere attraktive for gründerar og nyetableringar. I arbeidet vil vi prioritere offensiv bruk av kommunikasjon i alle kanalar for å styrke posisjonen. Skjåk kommune skal leggje vekt på verdiorientert kommunikasjon for å få fram dei gode verdiane og alle moglegheitene som finnes etter arbeidstid for dei som vel å flytte til Skjåk. I all vår kommunikasjon med potensielle nye Skjåkverar skal vi vise forståing for at dei lever eit heilt liv der både jobb og fritid er like viktig for å trivast.
Ungdomsprosjekt for å sikre framtida si arbeidskraft Fordi ungdomen er framtida si arbeidskraft og mange ungdomar i Skjåk har eit sterkt ynskje om å flytte attende etter ferdig utdanning. Forutsetninga er at dei kjenner kva for moglegheiter som finst i bygda, og kva for utdanning dei bør ta for å vere attraktive for bedriftene. Ung arbeidskraft er ei forutsetning for å få ned gjennomsnittsalderen hjå eksistande arbeidstakarar.
«Skaffar Vårherre oss sol ska oss sjølve skaffe væte” kan stå som eit motto for Skjåk-bygda også i 2022.»
Resultatoppfølging Fordi vi er avhengige av framdrift og at vi når konkrete resultatmål på kort og lang sikt. s. 10
s. 11
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Tiltaksplan
Satsingsområde
1. Intern forankring
2. Samhandling med eksisterande næringsliv
3. Ungdomsprosjekt for å sikre framtida si arbeidskraft
Tiltak
Samarbeidspartnar
Forankre strategien på politisk nivå
Ordførar
Forankre strategien på kommunalsjefnivå
Kommunedirektør
Utarbeide tydeleg fordeling av roller og ansvar som forankrast
Ordførar, kommunedirektør
Teambuilding og erfaringsutveksling på næringskontoret
Eksterne fagmiljø
Formidle suksessar
Kommunikasjonsmedarbeidar
Kompetanseprogram for avdeling for miljø og samfunnsutvikling
Eksterne fagmiljø
Opprette arenaer og møteplassar med utvikling av eit program for regelmessige møte og aktivitetar
Skåppå, NiS, 6K næring, Norsk Landbruksrådgiving, næringslivet i nabokommunar
Utarbeide individuelle planar for kvar enkelt bransje med spesifikke tiltak basert på innspel frå næringa
Representantar frå alle bransjar i næringslivet
Årleg møte mellom næringssjef/kommunalsjef og utvalde næringslivsleiarar
Næringslivsleiarar
Årleg næringslivsseminar med fagleg innhald og rapportering på utviklinga av næringslivet i Skjåk (sysselsetting, sjukefråver, nyetableringar etc.)
Verkemiddelapparat, fagmiljø, NiS
Inngå avtale om samarbeid med skuleverket
Skuleverket
Inngå avtale om samarbeid med Ungt Entreprenørskap
Ungt Entreprenørskap, skulen
Utvikle opplegg for samarbeid med eksisterande næringsliv
Lokalt næringsliv, skulen, Innlandet fylkeskommune
Kartleggje behov for kompetanse og arbeidskraft for riktig yrkesval og jobbmoglegheiter i framtida
Lokalt næringsliv, skulen, Innlandet fylkeskommune
Skolere rådgjevarane på skulen om moglegheitene innan eksisterande næringsliv
Lokalt næringsliv, skulen
Samarbeid med rådgjevarane på skulen om moglegheitene for utdanning og etablering av eigen verksemd innan tradisjonshandverk
Fagmiljø og bedrifter som er dedikerte på området
Gjennomføre konkrete aktivitetar retta mot ungdom, t.d. kokkekamp og elevbedriftsmesse, gründercamp
Skuleverket, Gudbrandsdalsmat, Nasjonalparkriket reiseliv
Sikre årleg deltaking i elevbedriftsordninga
Politikarar, skuleverket, Ungt Entreprenørskap
Kåring av årets elevbedrift
Utnemne eigen jury
Tilby mentorordning og utviklingsprosjekt for unge gründerar
Skåppå, Innovasjon Norge
s. 12
s. 13
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Satsingsområde 4. Styrking av satsing på miljø og berekraft 5. Samhandling med utvalde næringsaktørar og miljø
6. Posisjonering av Skjåk som ”Gründerbygda med god energi”
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Tiltak
Samarbeidspartnar
Legge til rette for miljøsertifisering av bedrifter
Tilbydarar av tenesta som til dømes Rørsla
Utarbeide klima- og miljøplan
Kommunalsjef, prosjektarbeid
Utvikle eigne prosjekt for å oppnå eit klimanøytralt næringsliv
Tilbydarar av sertifiseringstenestar,
Identifisere aktuelle næringsaktørar og miljø
Relevante kompetansemiljø, direktorat
Utarbeide opplegg for kontakt, dialog og oppfølging
Eksisterande næringsliv
Deltaking og vere til stade på aktuelle arenaar (seminar, messer, skular etc.)
Eksisterande næringsliv, politikarar
Synlegheit og vere til stade med kronikk, foredrag etc.
Eksisterande næringsliv
Utvikle ein kommunikasjonsstrategi med kommunikasjonskonsept
Kommunikasjonsmedarbeidar
Arrangere årleg gründerseminar
Skåppå
Sikre økonomiske ressursar som speglar ambisjonar
Politikarar
Skape arenaar og aktivitetar som gjev kommunikasjonsmoglegheiter
Eksisterande næringsliv
Utvikle eigne prosjekt for å stimulere til det grøne skiftet
Eksterne fagmiljø
Inngå samarbeid med mesterbrevnemnda som pilot
Mesterbrevnemnda, Folkeuniversitetet
Aktiv synlegheit av næringsfondet samt brei støtte til etablerarar
Kommunikasjonsmedarbeidar, politikarar, bedrifter som har motteke støtte
Kartlegge trivsel blant tilflytte med eit trivselsbarometer
Frivilligsentralen, tilflyttaransvarleg
Formidle suksessar, gode historier og referanseprosjekt
Kommunikasjonsmedarbeidar, media
Etablere rutinar for oppfølging av framdrift og resultat
7. Resultatoppfylging
Definere viktige måltal for måloppnåing
Politikarar
Sette målbare resultatkrav på alle tiltak der det er mogleg Regelmessig resultatrapportering til utvalde målgrupper
Politikarar
Oppfølging av at roller og ansvar blir overhalde
«Eg trur at heimekontor blir brukt meir i framtida. Her har vi store moglegheiter berre vi jobbar aktivt og skapar eit miljø for etablering av underavdelingar i Skjåk.»
s. 14
s. 15
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Kritiske suksessfaktorar Det er ein del viktige føresetnader som må vera på plass for at det skal lykkast med å realisere strategien. Dei viktigaste kritiske suksessfaktorane er:
•
•
Intern forankring både hjå politikarar som er premissgjevarar og hjå tilsette i kommunen som vil ha eit stort ansvar for gjennomføring av planar og tiltak i samarbeid med utvalde aktørar. Avklaring av roller og ansvar. Oppretthalde eit godt fagmiljø for næringsutvikling i kommunen både når det gjeld kompetanse og kapasitet. Kommunen må ha god kompetanse på området miljø og berekraft for å vere gode diskusjonspartnerar for næringslivet i omstilling til det grøne skiftet.
•
Forståing for at etablering av nye arbeidsplassar er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid og at det er verksemder som skapar arbeidsplassar. Kommunen si viktigaste oppgåve er å leggje til rette for at dette kan skje, og leggje til rette for ein tett dialog med eksisterande næringsliv med erfaringsutveksling og samarbeid.
•
Viktigheita av lokal oppslutning og positive og konstruktive bidrag for å lykkast.
•
Forsterka samarbeid med sentrale aktørar som til dømes Innovasjon Norge, Ungt Entreprenørskap, Innlandet fylkeskommune, Statsforvaltaren i Innlandet og ulike forskingsmiljø.
•
Tett samarbeid med skuleverket med felles forståing og innsats for at ungdommen i Skjåk har kunnskap og motivasjon for å bli framtidas arbeidskraft i bygda, og at dette bidreg til å få ned gjennomsnittsalderen hjå dei yrkesaktive.
•
Vi skal ha ein variasjon i bustadar å tilby dei som ynskjer å flytte til Skjåk. Dette skal ivaretakast gjennom ein eigen strategi for bustadutvikling.
•
For at nytilflytta skal trivast og bli buande, må dei bli inkludert i lokalsamfunnet.
•
Utarbeiding av eit tydeleg kommunikasjonskonsept som forsterkar vår posisjon som “Gründerbygda med god energi”, samt sentrale assosiasjonar som styrker vår identitet.
•
Løyving av midlar som samsvarar med målsettingar og ambisjonar og set kommunen i stand til å realisere handlingsplanar.
Næringsstrategi - Skjåk kommune
«Synleggjera moglegheiter og ressursar i heimbygda. Kommunisere gjennom sosiale medier for å vise kva som fins. Vera tilgjengeleg for folk som ynskjer å etablere eigen arbeidsplass eller ta med seg jobben sin heim.»
«Skjåk bør vera synonymt med berekraft.» FN´s bærekraftmål s. 16
s. 17
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Næringsstrategi - Skjåk kommune
Satsingsområde og fokus for å skape fleire arbeidsplassar i Skjåk
«Det er mange godt vaksne politikarar i Skjåk. Vi unge må på bana for å bestemme framtida vår.» Landbruk/Mat
Gründer
Industri
RV15/Transport
Kompetanse/ Naturessursar
Proaktiv næringskommune – eigarskap og involvering
«For at folk skal trivast og bli buande treng dei eit nettverk og føle at dei høyrer til.»
Posisjonering for synlegheit, omdømme og attraktivitet Samarbeid - lokalt og med sentrale aktørar Utviklingsprosjekt - gründerar, ungdom, miljø og berekraft, innovasjon Tilrettelegging - Næringsfond, næringsareal og bustadar Resultatoppfylging
s. 18
«Folk i næringslivet generelt skal reklamere for å «selje» bygda og gjere den til ein attraktiv stad å besøke evt busette seg i. God marknadsføring er alfa omega for å sette Skjåk på kartet.» s. 19