![]()
Skjåk Turløyper SA skal gje folk gode tur- og naturopplevingar sommar og vinter gjennom organisering av tiltak og vedlikehald av skiløyper og turstigar i Skjåk. Skjåk Turløyper står for organisering og koordinering av all skiløypekøyring.
Skiløypene kjem ikkje av seg sjølv, og bak dei flotte moglegheitene for skigåing i Skjåk ligg eit stort arbeid i vedlikehald og oppkøyring av løypenettet. For å få til dette er vi heilt avhengige av inntekter frå kommune, sponsorar og støtte frå privatpersonar.
Skjåk Turløyper ynskjer deg med på laget for å sikre oppkøyring av skiløyper. Løypebidraget er valfritt, men vårt forslag er
Kr 750 per husstand/familie/hytte Kr 350 per enkeltperson
Gje ditt bidrag på kontonummer eller på vipps.
Løypebidrag kan du betale til:
Kontonummer 2085.26.57554 / Vipps 506023
Oppdatert løypeinformasjon finn du på:
www.loyper.net
og på vår facebookside
www.facebook.com/skiogtur
Med atterhald om vær- og føreforhold er det skiløyper på desse stadene i bygda:
• Ljosløypa i Botn
• Bottrunda
• Åslivegen
• Ljosløypa i Dønfoss
Helger, vinterferie og påske blir desse
løypene køyrt:
• Åsen – Billingen – Fjellro – Nysætra
• Åsen rundt (frå ca 15. februar)
• Grotliløypene
(Grotli-Hamsevika - Kjerringtjønnene- Grotli, med avstikkar inn til Viksvatnet er vårløype)
• Sotaløypene
Foto: Skjåk Turløyper
Mysubytta - Solsida 1,6 km
Mysubytta - Syrtbyttjønn 2,5 km
Røykjeskålsvatnet - Syrtbyttvatnet 4,5 km
Sota -hyttefeltet
2,5 km
Sota - Liavassosen 6,9 km
Sota – Mysubytta rundløype 10,4 km
Løypene på Sota/Mysubytta blir køyrde av Explore Skjåk for Skjåk turløyper
Grotlirunda 3,9 km
Grotli vest
2,4 km
Grotlivassrunda 5,6 km
Heillstuguløypa 15,1 km
Mastrunda
2,2 km
Løypene på Grotli blir køyrde av Skjåk hytteservice og Grotli Høyfjellshotell for Skjåk turløyper
Løypa i Dønfoss blir køyrde av Skjåk IL skigruppa
Dønfoss ljosløype 7,2 km