a lle FO t O er tatt av Hilde Buer og Anders Braanaas, unntatt:
Side 26, 46: David de Tout
Side 27: Måleri av Jean Baptiste de Champaigne / Wikimedia Commons
Side 29 (t.v.): National Geographic / Thierry Ollivier
Side 29 (t.h.): The Metropolitan Museum of Art / Oi-Cheong Lee
Side 32 (t.v.): Sylvain Cherkaoui
Side 41, 61, 71, 80, 87, 127, 129, 147, 158, 174, 207, 215, 227, 230, 247 og 268: Anne Helen Robberstad
Side 55, 77, 221 og 224: Tina Bøe Buer
Side 67: Jenny Morton
Side 90: Norsk Genressurssenter / Jutta Kapfer
Side 95: Anne Therese Kusslid
Side 163: Måleri av August Friedrich Schenck / Wikimedia Commons
Side 192: Yngve Rekdal, NiBiO
Side 205: Daniel Hansen, Forystufé Island
Side 253: Wenche Haddal
Side 273 og 282: Knut Evensen
Side 277: Kjell Olav Kusslid
i llustrasj ON ar:
Omslag og side 44, 45, 63, 67, 98, 102, 104, 107, 109 og 119: Øystein Vidnes
Side 31, 100, 101, 111, 235, 291 og 299: Hilde Buer
Når dyr gjev uttrykk for kjenslene sine, renn dei ut som vatn frå ein tut. Kjenslene til dyr er råe, ufiltrerte og ukontrollerte. Gleda deira er den reinaste og mest smittande av gleder, og sorga deira er den djupaste og mest øydeleggjande. Lidenskapen deira får oss i kne av glede og sorg.
m arc Bek OFF
INNHALD
PROLOG / 9
0 INNLEIING / 13
1 KVEN ER SAUEN? / 17
Kva gjer ein sau til ein sau? / 17
Ville sauer / 19
Domestiseringa / 25
Naturleg seleksjon eller avl / 30
Avlen vert stadig meir effektiv / 31
Nedarva åtferd / 36
Drøvtyggjar eller jortar / 42
Sauen kler seg etter vêret / 44
Sauen er godt skodd / 50
Gode tenner er avgjerande / 52
Luftavkjølt sau / 52
Horn til meir enn kamp / 53
2 SAUEN SINE SANSAR / 57
Sauen er vidsynt / 58
Sauen snur øyra etter lyden / 69
Fenomenal luktesans / 70
Smakssansen / 74
Hudsansar – berøring og
kulde- og varmesans / 81
Smerte – fysisk kjensle / 83
Stadsans / 89
Tidssans / 94
3 FYSIOLOGISKE
PROSESSAR BAK
ÅTFERDA / 97
Nervesystemet og hjernen / 99
Hormonsystemet / 109
Fysiologiske følgjer av stressrelatert åtferd / 118
4 SAUEN SITT SINN / 123
Primære kjensler eller emosjonar / 136
Sekundære emosjonar / 170
5 SAMSPELET MELLOM
MENNESKE OG DYR / 217
Skiftande dyresyn
gjennom historia / 217
Kan vi verkeleg forstå
sauene våre? / 222
Sauen sitt språk / 232
Kva er god velferd for sauen? / 251
6 PRAKTISKE TILTAK
FOR BETRE VELFERD / 263
Sjå sauene dine / 265
Avl for betre velferd / 268
Sauen sitt miljø / 273
Hald sauene friske / 279
Nok og rett ernæring / 285
Tem sauene dine / 286
Lær opp sauene / 293
Handtering av sau og lam / 296
Gjeting med hund / 297
Syt for gode hegn og gjerde / 298
Bruk av teknologi / 300
Ta omsyn til temperatur og vêr / 305
Vidare lesing / 305
7 SLUTTORD / 307
REFERANSAR / 311
NOTAR / 319
PROLOG
d et var lammi NG stid , grøne bøar, vakkert og stille vêr. Sauen Martha kom springande rett i beina mine og sperra vegen for meg. Ho såg meg beint i auga med eit insisterande og bedande blikk, kva ville ho? Eg hadde 150 sauer, og femårige Martha var ikkje mellom dei spakaste. Eg ville heim til middag og føyste ho først unna, men ho sperra vegen på ny. No først såg eg at ho ikkje hadde lammet sitt med seg, det fine, lysegrå saulammet som vart fødd i førre veke. For første gong snakka eg rett til Martha. Så snart ho fekk mi fulle merksemd, snudde ho seg og gjekk nokre steg ut av vegen nedover mot sjøen, ho stoppa, såg tilbake på meg med eit bedande blikk. Eg måtte følgje etter henne, eg oppfatta at ho var letta og glad for at eg følgde med. Martha leidde meg eit par hundre meter til nedsida av Mikkelshuset, der det vesle saulammet sat fast i gjerdet. Det var uråd for meg å sjå frå vegen, og lammet var trøytt av kavinga og mekra ikkje. Tenk at Martha hadde forstått at ho trong hjelp, at ho våga forlate lammet for å hente meg, at ho hadde tillit til at eg kunne hjelpe. Denne opplevinga forandra heile mitt forhold til sauene. Tenk at dei vende seg til meg for å få hjelp! At hunden, katten og hesten snakka til meg, var eg van med og tok mest som sjølvsagt, men at ein sau var likeins, var ei overrasking.
Etter denne hendinga med Martha begynte eg å høyre og sjå etter. Eg som hadde vore sauebonde i tjue år, hadde aldri før opplevd slik tydeleg kommunikasjon frå ein sau. Snart vart eg liksom kjend med sauene på ny, og i ettertid har eg tenkt at det må ha vore kjekt for sauene også, å få ein hyrding som verkeleg såg kvar og ein av dei. Sauene er jo like ulike karakterar som vi folk er; nokre stikk seg fram og gjer mykje av seg, andre er stillfarne og lette å oversjå.
Etter kvart som sauene vart vane med at eg høyrde og såg dei, vart det travelt, det var mange som ville ha kontakt eller be om eit eller anna. Nokre sauer vart sikkert bortskjemde også, men i det store og heile var det fint å vite at dei ville be meg om hjelp og kome til meg om noko stod på. Dette hadde eg opplevd før, med Coran, den mannevonde hesten eg kjøpte som
tenåring. Det gjekk mange månader før eg vann tilliten hans, men maken til tillit i alle år seinare.
Det var hesteinteressa som leidde til at eg gifta meg med ein bonde, og som inspirerte meg til jordbruksskule og husdyrstudium på NmBu Ås. Her lærte vi ikkje noko om korleis dyra ter seg, etologi var enno ikkje eit fag for husdyrstudentar. Vi hadde langhala, kvite sauer heime på garden, og for meg var det naturleg at kvar sau hadde sitt særpreg, men eg høyrde eller såg ikkje etter kva dei meinte eller ville. Som heradsagronom og etter kvart rådgjevar i meieriet var eg på uteljelege gardsbesøk. Nokre bønder var så redde kyrne sine at mjølkinga vart eit mareritt: sparkebøylar og straumbøylar og høgt stressnivå på både kyr og folk. Andre hadde som vane å slå og jage på dyra sine, til og med når dei stod faste på båsen. Ungane på garden lærte at dei kunne ha makt over dyra med vald.
Mitt beste minne frå denne tida er då eg og formann for veterinærforeinga fekk reise kring i fylket for å besøkje dei bøndene som var nominerte til Dagrosprisen. Dette var ein pris som årleg vart delt ut til bønder med særleg god dyrevelferd. Det var ikkje det at kalvane var runde over ryggen og blanke i pelsen som gjorde sterkast inntrykk. Heller ikkje stemninga i fjøsen når vi kom inn, den stemninga når alle dyra er rolege og liksom vennleg tek imot deg. Nei, det var folket, bøndene, som gjorde størst inntrykk: Dei var lukkelege. Naturlegvis var dei glade for eit slikt besøk, men det var mykje meir: harmonien, roa og gleda.
Som førtiåring var eg byråkrat og hadde for lite kontakt med livet ute. Etter skilsmisse flytta eg med ny mann og yngstedottera mi til ein ny gard på ei øy. No skulle all tida gå til jorda og dyra. Vi kjøpte 135 gammalnorske sauer, og mitt nye liv som villsaubonde tok til. Desse sauene var heilt annleis enn dei langhala moderne sauene eg var van med. Gammalnorsk sau har i større grad sine instinkt i behald og har eit større og tydelegare vokabular på korleis dei uttrykker seg. Saulamma vi kjøpte, nærast flaug i land frå båten. Dei var heilt ville og hadde tydeleg ikkje vore handtert. Første vekene kom eg ikkje på skothald på dei eingong. Heldigvis hadde vi gode gjerde og hegn, slik at vi fekk samla dei og kunne kome i nærkontakt.
Dei unge sauene var greie å få tamme, og etter eit år kom heile flokken ved innkalling. Likevel var det først etter mitt møte med Martha at dialogen og samspelet kom på plass. Denne openberringa fekk meg til å verte nyfiken på kvar og ein av sauene, ikkje berre prøve å tolke dei, men å spørje: «Kven er du?»
1 KVEN ER SAUEN?
KVA GJER EIN SAU TIL EIN SAU?
Sauen er eit klauvdyr som høyrer til i drøvtyggarfamilien i lag med geit og antilope. Det finst sju artar sauer, seks er framleis ville, medan tamsauen Ovis aries er spreidd til alle klimasoner på alle kontinent. I dag er det kring 2000 ulike sauerasar, alle med svært ulik utsjånad og klimatisk tilpassing. Avlen er effektiv, og nye rasar kjem til, medan mange andre opphavelege rasar vert borte kvart år.
Oppførsel eller åtferd er korleis eit dyr reagerer eller svarar på omgjevnadene sine. Responsen kan vere både tillært og arva. Korleis sauen ter seg, er i stor grad det som gjer ein sau til ein sau. Sauen har utvikla mange karaktertrekk som gjer han til eit vellukka dyr, både som vill og som domestisert.
Det er avgjerande å forstå sauen sin karakter for å verte ein god hyrding.
Først og fremst er sauen eit byttedyr, du kan sjå det på fysiologiske trekk; auga på sidene av hovudet er spesialdesigna til å sjå rørsler i alle retningar og i periferien langt borte. Sauen kan snu øyra etter lyden for å avsløre kvar ein eventuell fare lurer, og han har ein fenomenal luktesans. Skallen til sauen er luftavkjølt, noko som gjer at han kan springa langt utan at hjernen vert overoppheta. Lam er fødde klare til å springa, med lange bein og med sansar på vakt.
Det at sauen er ein planteetande drøvtyggjar, bestemmer mykje av åtferda. Han er anatomisk spesialisert til å beite og til å fordøye fiberrike vekstar. Med fire magar som har ein fantastisk mikroflora, kan sauen utnytte vekstar som ikkje er mat for oss eller andre einmaga dyr. Sau har ei kjenslevar spalta overleppe, som gjer at han kan beite svært nær bakken og med stor presisjon beite ørsmå delar av små planter. Såleis kan han beite svært selektivt, ete berre dei beste plantedelane, om han får høve til det i eit beite med rik botanisk variasjon. Sauer som lever fritt brukar mesteparten av tida til å beite og til å leite etter godsaker. Forsøk har vist at i skrinne beite kan sau beite opptil 14 timar per døger og gå heile 12 kilometer dagleg for å finne nok og rett mat.
bobleplasteffekt. Sauen sine hole horn har samband med nase og luftvegar.
Difor kan vêren ved å trekke lufta inn, auke nivået av karbondioksid i blodet, utvide det vaskulære treet i skallen og slik få denne effekten. Mekanismen bremsar blodet som skal flyte tilbake til kroppen, og med auka blodvolum får hjernen eit vernande ekstra lag.
Alle ville sauer og mange opphavelege sauerasar har horn. Gammalnorsk sau har alltid horna vêrar og mange horna søyer også. Sidan eigenskapen horn har høg arvegrad, med det å vere kollete som dominant eigenskap, er det lett å avle bort horna. Dei fleste sauer i verda er kollete, fordi horna var til heft ved handtering.
I vår saueflokk har mange søyer horn, fordi horna søyer kan vere tøffare mot rovdyr og lausbikkjer. Søyene brukar dessutan horna som reiskap, til å klø seg og til å rote i tang og tare for å finne godsaker. Ulempa er at søyene lett kan brekke horn, om dei set seg fast i gjerde eller innreiing. Dess eldre søyene vert, dess svakare vert horna.
Sauer som går ute i lyngheia heile året må spare på ressursane vinterstid, og då veks horna lite. Først når våren kjem med proteinrike, nye spirer, kan ein sjå at horna veks godt att. Dyr som svelt vinterstid, vil ha tydelege svake vinterringer på horna.
Om våren, når det vert grønt i bakkane, veks horna, som på denne lammevêren i april.
2 SAUEN SINE SANSAR
eG G jekk i H eia og leita etter Misja, som hadde kome seg ut i utmarka for å lamme. Det er over 3500 dekar, med haug og hammar og mange gøymeplassar. Dessutan var vêret heller dårleg, stiv kuling og regn. Eg gjekk med hetta på og leita og prøvde å høyre etter svar frå henne eller frå andre sauer. Best som det var, dytta noko meg i knehasane, og eg skvatt så eg heldt på å miste balansen. Det var Ziska, som truleg hadde gått like attom meg ei god stund og no var lei av at eg ikkje såg henne. Ho må ha høyrt eller lukta meg gjennom uvêret, eg hadde korkje sett eller høyrt henne. Dette vart ei påminning om at sauen har langt sterkare sansar enn vi har.
I boka The Welfare of Sheep av dr. Cathy M. Dwyer skriv ho at sauer gjer svært sofistikert bruk av sansane sine, både til sosiale og ikkje-sosiale føremål. Dessutan stolar sauer på synssansen sin i langt større grad enn det ein kunne vente.
Det er fysiologiske skilnader på korleis sauen og vi menneske tolkar sanseinntrykk. Menneska er først og fremst visuelle, vi forstår det meste av verda frå det vi ser. Hos oss tek synssansen større plass i hjernen enn hos alle andre pattedyr. Sauen er også eit visuelt orientert dyr, men luktesans og høyrsel betyr mykje meir. I sauehjernen er lukteorgana dominerande.
Alle sanseorgan, nasen, øyra, auga, huda og tunga, plukkar opp mønster frå omverda og gjer dei om til nevrale impulsar som går til hjernen for å verte sortert og tolka. Hjernen vår kategoriserer alt vi ser, høyrer eller lukter, og er vill etter å lage samanhengar og mønster. Vi menneske veit at vi ser ein vasslange, uavhengig av korleis ho er kveila opp, kva farge eller kor tjukk ho er. Ein sau ser slangen på nytt ved kvart høve, ein slange som er kveila tett eller halveges, ein grøn eller ein gul slange, ein tjukk slange eller ei tynnare. Ei dør er ikkje alltid ei dør for ein sau, det er ei lukka dør, ei open, ei halvopen eller ei dør på gløtt. Viss nokon har skifta handtak på døra, er det slett ikkje sikkert at du ser det, men sauen merkar det med ein gong. Korleis vi oppfattar synsinntrykk, kallar vi for persepsjon. Vi tenkjer ikkje over om slangen ligg på bakken eller er kveila opp, men for
ein sau kan dette vere skremmande. Ei jakke som heng på gjerdet, eller lyden av ei ventileringsvifte, kan skremme vettet av ein sau første gong han opplever det.
Sauen, som først og fremst er eit byttedyr, er spesialkonstruert til å reagere lynraskt på ukjende ting som kan vere rovdyr og flykte av garde. Når vi får informasjon frå auga eller øyra, vert informasjonen tolka i vurderingssenteret i pannelappen før vi reagerer. Hos sauen går signala rett til det motoriske senteret, og reaksjonen vert meir kontant, men mindre reflektert. Skulle ein sau ha tenkt gjennom skremmande inntrykk, hadde han ikkje klart å flykte unna i tide.
Forsøk viser at sau har stor evne til å tilpasse seg og ta i bruk andre sansar om ein sans vert svekt. Viss ein sau vert blind, vil han ta i bruk høyrsel og lukt i endå større grad for å orientere seg.
SAUEN ER VIDSYNT
Har du sett inn i auga på ein sau? Det kan du godt gjere, om sauen er trygg på deg. Då vil du sjå at inne i det bulande auget er ikkje pupillen rund som vår, men rektangulær. Denne spesielle pupillen gjev sauen vidvinkelsyn, som vert ekstra avansert ved plassering av reseptorane på netthinna. Sidesynet til sauen er supert og kan fange opp rørsler langt borte i utkanten av synsranda. Dette vidsynet er typisk for byttedyr. Når sauen ser noko i synsranda, vil han stå i ro og vende hovudet for å sjå med begge auga, for å få samsyn og tolke det han ser. Vi menneske har binokulært syn, der hjernen mottar synsinntrykk frå begge auga samtidig. Vi ser ting frå to ulike vinklar, slik at hjernen kan avgjere avstand og djupne. Sauen har auga langt frå kvarandre og ser to ulike bilete som han må setje saman til eitt. For at ein sau skal kunne sjå klårt på nært hald, lyt han bøye hovudet ned for å kunne bruke begge auga. Sjølv om pupillen er rektangulær hos sauen, betyr ikkje dette at han berre ser opp i himmelen og ned i bakken når han har nasen i bakken ved beiting. Nei, det geniale er at pupillen i auget er som ein gyro, han flyt og held seg horisontalt, uavhengig av korleis hovudet er posisjonert. Såleis har sauen også rimeleg god oversikt, sjølv under beitinga. Sauen har ei blindsone like bak hovudet, i nakken og 2–3 cm rett framom panna. Blindsonen i nakken kan du utnytte når du vil fange ein sau i bingen. Medan ein sau ser mest heile periferien ikring seg, ser vi om lag berre 45 grader på kvar side av nasen. Vi har langt betre skarpsyn, vi ser med begge auga og kan raskt stille synet skarpt på objekt i ulik avstand. Sauen er ikkje så god på dette, han har samsyn i 4 til 77 grader og kan berre sjå skarpt det som er rett framom han når han står stille. Variasjonen i graden av samsyn skuldast ulik utsjånad hos ulike sauer.
Pupillen i sauen sitt auge er ikkje rund som hos oss, men rektangulær og spesialdesigna til å sjå rørsler langt ute i periferien. Pupillen vidar seg ut i mørke og vert rundare.
Ziska.
når du gjeter sau, han veit mykje om kvifor han ikkje vil gå akkurat bort under det berget, så lat han følgje sin eigen sti så langt som råd er, då går alt mykje lettare. Sauen kan ha minne om ubehagelege opplevingar på akkurat den stien. Slike minne ber sauen med seg i all tid. Sjølv om ikkje du kan kjenne revelukta, kan du vere trygg på at sauen gjer det.
Ta omsyn til sauen sin trong til å ville kjenne lukta av deg, for å verifisere at det er du som vil ha kontakt. Når du vil kome inn på ein saueflokk, vil du ofte oppleve at dei spring rundt deg. Dette gjer dei for å kjenne lukta av deg, så sjekk vindretninga når du vil inn på ein skjerr flokk. Dei kan kjenne att lukta av deg på lang lei, dersom vindretninga er gunstig. Har du ny parfyme og byklede på deg, kan det tenkjast at dei ikkje kjenner deg før dei får høyre stemma di.
SMAKSSANSEN
Smakssansen er særs viktig for sauen, han må kunne skilje mellom tallause beiteplanter. Smaksløkane sit i hovudsak på tunga, flest fremst på tunga, men også i gane og i svelg. Sauen har heile 25 000 smaksløkar mot våre
Vêren opnar opp for sitt feromon-analyserande system ( det vomeronasale organet) i nasen. Denne grimasen vert kalla flehmenrefleks.
10 000. Denne detaljrikdomen i sauen sin smakssans gjer han i stand til å skilje mellom uhorveleg mange ulike vekstar og hjelper han til å optimalisere fôropptaket sitt.
Smaksløkane er samla i små strukturar kalla papillar, som varierer i form og funksjon. Dei inneheld ulike typar smaksceller som er spesialiserte på å registrere forskjellige smakar, med spesifikke reseptorar som bind seg til ulike typar molekyl. Dette gjev sauen høve til å skilje mellom ulike smakar og fôr. Dei søte smakscellene reagerer på ulike slag sukker som er viktig for energiopptaket. Sure smaksceller reagerer på surleik, noko som kan indikere vekstar som er umogne eller kanskje uheldige. Salte smaksceller er viktig for å sikre at sauen får i seg høveleg med mineral, medan bittersmakscellene er viktige for å unngå giftige stoff. Sauer er særleg gode på å detektere svært låge konsentrasjonar av bitterstoff. Sauen har også smaksceller for umami, som registrerer aminosyrer og protein.
Sauen ser ut til å like best søte og sure planter, medan dei bitre nødig vert spist, med mindre det er sjølvmedisinering. Sauen er ikkje spesielt god på å skilje grad av søte smakar, truleg fordi det betyr lite for han i naturen. Smak er sterkt bunde saman med luktesansen, og det er mest uråd å tolke
I samspelet mellom søya og det nyfødde lammet er luktsignala avgjerande.
Dei fleste sauer likar godt lauv, og det er reine medisinen attåt grasbeite.
Mottakarcellene vert kalla mekanoreseptorar. Dei svarar på all mekanisk rørsle og sender signal inn til hjernen, slik at individet kan forstå kva slags og kva styrke eit stimulus har. Berøring vert registrert både i hud, musklar og ledd. Kløe og smerte vert registrerte i frie nerveendar i hud og bindevev.
Sauer med stor ullfell kan ha vanskar med å klø seg når dei treng det. Ein ser snart kor kjenslevare sauene er når ein klipper eller ruar ulla av dei. Som for oss har sauer ulik grad av kor kjenslevare ulike kroppsdelar er. Det er også individuelle forskjellar på kor kilne sauene er og kor vare dei er for lugging. Det er uansett viktig å unngå å lugge sauer, det er smertefullt å bli løfta etter ulla. Dessverre finn kontrollørar på slakteria ofte lesjonar i huda etter brutal handsaming av lam og sau.
Viss sauer ikkje vert klipte eller rua årleg, vil den gamle fellen tove seg fast i ny ull og gje sauen store plager. Den gamle ulla er «daud» og vil ikkje halde seg rein og luftig slik levande ull gjer. Etter kvart vil den gamle ulla samle mykje rusk og tove seg fast til nokre få stader på sauekroppen. Ulla vert fuktig, skiten og tung og luggar i huda der den heng fast. Under ein slik fell er det dårleg og fuktig miljø, der det kan gro muggsopp og samlast blodsugande insekt og flugelarvar som gjev sauen store hudskadar og smertefulle sår. Slik dobbel fell er dessutan så isolerande at sauen kan fryse fast til bakken ei kald natt. Kroppsvarmen rekk ikkje gjennom fellen.
Temperatursansen i huda svarar på forandring i temperatur. Det er to ulike slag nervefibrar, der nokre svarar på auka temperatur, medan andre svarar på fallande temperatur. Normal rektaltemperatur for sau varierer frå 38,5 til 40 grader. Nedre kritiske temperatur er den temperaturen der sauen må auke varmeproduksjonen for å halde oppe normal kjernetemperatur. For vaksne sauer med ullfell kan denne vere godt under null celsiusgrader. Men her er svært store raseskilnader, og det betyr sjølvsagt mykje om sauen er klipt eller har full fell. For nyklipte sauer og små lam med lite fødselspels er nedre kritiske temperatur monaleg høgre, truleg heile 15 °C.12
SMERTE – FYSISK KJENSLE
Harimata kom bort og la hovudet sitt i fanget mitt. Ho hadde kasta lamma sine tre dagar før, og eg trudde ho hadde klart det bra og var i ferd med å verte betre. Ho såg ikkje heilt nøgd ut, men ho åt, og eg tenkte sturinga var fordi ho var i sorg etter å ha mista lamma sine. Men når ho no kom i fanget mitt, var det ikkje tvil om at ho hadde sterke smerter. Øyra vende innover, munnen var stram, nasebora utspila og pusten tung. Eg var opptatt av ein annan sau og tok meg ikkje av ho med det same, så då snudde ho og gjekk med raske steg bortover mot grindbygget. Eg bad dottera mi, Ingri, om å følgje etter henne for å sjå kva ho ville, og å stengje ho inne i hegnet slik at ho ikkje vart borte for oss. Når sauer er daudsjuke, vil dei helst gøyme
4 SAUEN SITT SINN
Når e G skal temje lamma om hausten, er dei fleste redde, ingen kjem i handa mi, ingen har lært å ete kraftfôr. Eg prøver å te meg avvæpnande og vennleg, og dersom eg set meg ned, vender dei modigaste lamma fjeset mot meg og ser meg i auga. Kva tenkjer dei då? Dei er redde, men likevel nyfikne, dei både ser, luktar og høyrer meg, dei har minne om at mor deira var i nærkontakt med dette mennesket, dei har røynsler med å stå nære, men kva går føre seg i det vesle hovudet?
No kan forskarar sjå inn i sjølve hjernen til sauen, nevrologar kan jamvel sjå korleis nervesignala går mellom nervecellene i hjernen, men sinnet kan ingen sjå. Kva er eit sinn? Kva er det å vere bevisst? Korleis heng dette i hop?
Den islandske forfattaren Halldór Laxness skreiv boka Sin egen herre frå 1934: «Menneskesinnet er som vær og vind på heiene: skiftande, umogleg å styre, til tider lunefullt og ubarmhjertig.»
Kvar og ein av oss har vårt eige sinn som rommar heile livet, her ligg minna våre, tankane, røynslene, kjenslene våre, inntrykk og refleksjonar. Det er sinnet som gjer deg i stand til å hugse den fyrste skuledagen din, kjenne deg varm om hjartet når du møter nokon du er glad i, eller vere usikker på kva du har lyst på til middag. Sinnet er òg det som formar tankane og refleksjonane dine – det indre rommet der meiningar, tankar og følelsar vert rørte i hop, og ut kjem dei avgjerdene du tek. Det er eit slags indre univers, utan ei fysisk form, men som likevel påverkar alt du gjer.
Antonio Damasio, som er professor i nevrovitskap, psykologi og filosofi, skriv i boka Feeling and Knowing frå 2021 at sinnet får ein kontinuerleg straum av meldingar i form av nevrobiologiske mønster frå sansane våre og frå kroppens indre. Desse mønstera vert til mentale hendingar eller imaginære bilete, som først når dei kjem i kontakt med følelsar og sjølvperspektiv vert forståelege mønster eller røynsler. Slik kan mental erfaring vere synonymet til bevisstheit.
Bevisstheit er det som gjer at du veit at du tenkjer, føler eller opplever noko. Det er bevisstheita di om at du er til, at du er til stades i verda. Det
stresset mykje at han får selskap eller i det minste får sjå på eit bilete av ein roleg flokkmedlem.33
Sauedemokrati
Sauen byter på leiing av flokken, på denne måten deler dei kunnskapen dei ulike sauene har. Saman vert dei svært gode på optimal utnytting av beitet. Ein kan seie at visdomen ligg i flokken. Dei eldste søyene har som regel meir autoritet, og viss ei av dei vil reise seg og gå, eller gå i ei bestemt lei, vil flokken oftast følgje henne. Her handlar det om tillit, dei stolar på at leiarsauen veit best.
I 1990-åra forstod biologen David Sloan Wilson, som studerte bøflar, at det dei trudde berre var daglege tøyingar, er ei slags «stemmeåtferd». Kyrne gjev teikn på kva retning dei vil gå ved å reise seg og stire i den retninga for så å leggje seg att. Berre vaksne kyr tek del i dette, men det ser ut som det er uavhengig av rang. Viss kyrne er ueinige, stiller seg i ulike retningar, vil dei ofte dele flokken og gå kvar sin veg. Tilsvarande observasjonar har vore gjort på hjort, dei avgjer retninga ved kor mange som reiser seg og stirer i vald retning.34
Sauene tykkjest også vere demokratiske når dei tek avgjerder. Når flokken er ferdig med lunsjpausen og drøvtygginga, reiser først ein sau seg og vender hovudet mot der ho helst vil gå. Snart reiser andre sauer seg og vender seg i same retning, snart vil heile flokken følgje fleirtalet. Men om ei ung søye reiser seg, ser det ut som om ho berre spør dei andre, for først når ei eldre søye reiser seg og ser i den retninga ho vil gå, vil fleire andre reise seg og følgje henne. Dei fleste berre følgjer utan om og men, men nokre må først syte for å få med seg sine næraste, og dei vil breke og vente til gjengen er samla og klare til å gå. Vert ein liten flokk akterutsegla, oppstår det gjerne panikk med breking og springing. Som oftast er det nokon i hovudflokken som tek ansvar, stoppar og svarar, slik at dei bortkomne lettare finn att flokken.
Sidan sauer likar å følgje etter, kan ein sjå sauer som kjem frå fjellet i lange perlekjeder. Urgamle sauetråkk slyngjer seg gjennom landskapet, ikkje snorrette, men i bølgjer eller slake svingar. Truleg har dette samanheng med at den første sauen vil ha oversikt bakover i rekka: Ved å vende seg litt til eine og andre sida, vil han kunne sjå dei sauene som kjem etter. På same vis vil heile køen av sauer kunne følgje med både fram- og bakover i rekka. Når dei følgjer ein leiarsau eller ein gjetar, går dei ofte på lange rekker, ein og ein sau etter kvarandre. Stoppar leiaren, stoppar heile rekka og står tolmodige i kø, til dess leiaren går vidare. I store flokkar kan ein sjå fleire parallelle rekker i rørsle mot felles mål.
På Island har dei ein spesiell sau som dei kallar leiarsau. Berre tre prosent av dei islandske sauene vert rekna til denne spesielle linja. Dei har ikkje vore utsett for den effektive avlen for betre kjøtvekt og kjøtkvalitet som resten av
Sauer er hypersosiale og knyt nære vennskap, ikkje berre til eigne avkom og søsken, men også til venninner. Når eg skal flytte på sauene mine, må eg alltid ta omsyn til kven dei trivst best i lag med. Her kjem sjefen Susy i midten, Grethe og Ina og Sne er ofte tett på henne.
sauepopulasjonen på Island. Leiarsauen er avla på intelligens og ikkje på produksjonseigenskapar. Denne sauen vert rekna som svært verdifull og vert i dag teken vare på av den islandske saueavlsstasjonen. Det var vikingar som tok den norske sauen med seg til øyane i vest under landnåmstida. Dei fleste leiarsauer er farga, oftast med tofarga mønster, høgbeinte og horna og liknar mykje på vår gammalnorske sau.
I tidlegare tider med meir ekstensiv drift, med skifte mellom vinter- og sommarbeite, hadde dei fleste sauebøndene på Island eit par leiarsauer i tillegg til den vanlege saueflokken. Desse sauene kunne varsle om dårleg vêr og har spesielt gode evner til å orientere seg. Eg har fått høyre historier om leiarsauer som nektar å gå av garde med flokken fordi ein storm er undervegs, og om leiarsauer som har fått flokken sin med seg heim i tide, før store snøfall. Denne oppvakte sauen leidde flokken ut til gode beite og heim att når uvêret truga. Han er spesielt atletisk og kan raskt lære ulike kommandoar som høgre, venstre, stopp og gå. Dei skal også vere meir interesserte i menneske og vennlegare enn vanleg islandsk sau. Leiarsauen kan tolke vêret sjølv om han står innomhus, og han finn alltid rett veg, sjølv under ekstreme forhold. Han er ein sjølvsagt og målretta leiar med autoritet og sterk psyke.
5 SAMSPELET MELLOM
MENNESKE OG DYR
i mitt F ørste år som villsaubonde opplevde eg kor livredde dei nyinnkjøpte lamma var når dei kom til gards, dei såg på meg som farleg, truleg som eit rovdyr. Kvifor er det slik at mange bønder tykkjer det er greitt med redde sauer? Dette spekulerte eg mykje på. På Terra Madre, eit internasjonalt møte mellom småbønder under Slow Food i Torino i 2004, møtte eg sauebønder frå andre kulturar. Gjetarar frå Tyrkia fortalde at sauene deira sjølvsagt var tamme, at dei kunne få 800 sauer til å følgje seg og stole på voktarhunden. Ei kvinne som representerte urfolket i Surinam gav meg eit nytt, avgjerande perspektiv: Ho sa at dei framleis såg på dyra som likeverdige, at dyra var del av familien. Ho sa vidare at dei ikkje hadde vore utsett for vestleg tenking eller religion som gjorde dyr til underordna reiskapar eller til ting.
SKIFTANDE DYRESYN GJENNOM HISTORIA
Frå første stund i menneska si teneste har sauen vore ein vandrande rikdom som gav kjøt, feitt, mjølk, skinn og ull. Vi var heilt avhengige av husdyra våre, det handla om liv og daude. Dei første menneska hadde særleg stort behov for å kunne tolke dyra kring seg, dei måtte lære kven rovdyra var, når dei var farlege og korleis dei tedde seg. Dei utvikla snart ein enorm kunnskap om byttedyr, kva slags dyr dei kunne jakte på og korleis. At sauene kunne tenkje og ha alle slag kjensler var sjølvsagt for bønder og gjetarar i mange tusen år. Dyra høyrde til menneska sin inste krins. I det engelske språket heiter husdyrdrift «husbandry», som kjem frå dei norrøne orda hus og band, og som viser til bindinga mellom dyra og huset og folket.
I norrøn tid i vår del av verda var det ikkje noko hierarki der menneska stod over dyra. Tvert imot såg ein på dyr som likesinna og endåtil som guddommelege. Det var særskilt fem dyr som gav vikingar styrke og kreftar: rovfugl gav vidsyn og haukeblikk, ulven lærte krigaren å vere blodtørst,
Saulamma elskar kos, her set det eine lammet nasen sin mot Ingri sin nase, ho helsar på henne som om ho var ein annan sau.
ein båtmotor, men det var basstonane til Morild som rumla bak han. Kjersti høyrest mest ut som eit årslam når ho gaular på meg frå heia. Eg kjenner fleire av sauene mine att på brekinga, dei har ulike stemmeleie og dessutan glir dei på tonane på karakteristiske vis. Siv brekar falskt, som om ho ikkje treffer ei einaste tone, men brukar heile skalaen. Vilja held same tone i lange bææh. Gullveig humrar når ho kallar på meg, medan Gulla skrik med sopranrøyst i lange tonar. Mange sauer brekar med to tonar, den siste ein oktav høgare. Vêrlamma skifter stemme første hausten, og det tek lang tid før dei får ein tydeleg grov vêrrøyst.
Forskarar har undersøkt vokaliseringa hos mjølkesauer i Hellas. Der fann dei at når sauene vart stressa, hadde dei høgfrekvent breking. Sauene mine gaular på ein bestemt måte når dei har kome bort frå lammet sitt, då er denne gaulinga absolutt høgfrekvent.
Forskarar har stadfesta at brekinga varierer individuelt, og at lyden er påverka av rase, kjønn og kroppsstorleik. Andre forsøk har også vist at lydmønsteret til sauen endrar seg når han er spent, samanlikna med når han er stressa eller redd. Når sauen er glad, brukar han eit breiare spekter av frekvensar, spesielt i dei høgare frekvensane, og viser større variasjon av høge og låge tonar. Når ein sau er stressa, er det færre høge frekvensar og intensiteten er lågare. Søyer er meir lydhøyre når lamma som skrik høyrer til eigen rase.40
Studiar har også vist at sauer føretrekkjer bestemte lydar, noko som tyder på at dei kan uttrykkje kjenslene sine til andre individ med å breke. Ein trur sau kan uttrykke følelsar ved å breke i varierande tonehøgd. Dette kan vere vanskeleg for oss å fange opp. Det kan vere opprørande for ein sau å høyre ein flokkvenn i naud.
Brukar du tid mellom sauene, kan du lære deg å høyre at dei har ulike måtar å breke på.
Dei har alle ulike stemmer, og når eg som menneske kan skilje dei frå einannan, er eg viss på at sauene kjenner kvarandre att på stemma eller på signaturlyden.
Søya pratar med lamma med lågfrekvent humring utan å opne kjeften dei første par dagane. Etter kvart som mor og lam har knytt band, vert brekinga meir høgfrekvent, og mora har lært å kjenne lammet sitt på tonen. Lam som kjem bort frå mor si kan breke med høgfrekvente skrik, og mora svarar i alle tonar, med sin eigen signatur. Slik lærer snart lammet å kjenne stemma til mor si. Det vert stillare mellom dei når lamma vert om lag ti veker gamle. Ei søye brukar også ulik type breking til lamma sine, og truleg ligg ulike bodskap eller meldingar her. Vêren si rumling i paringstida og søya si grynting til sitt nyfødde lam er karakteristiske og lette å forstå.
Det er teikn som tyder på at dess meir domestiserte sauer er, dess meir brukar dei vokal. Det er klåre skilnader mellom sauerasar på kor mykje sauene brekar til kvarandre, truleg også skilnader frå flokk til flokk. I vår
6 PRAKTISKE TILTAK FOR BETRE VELFERD
i alt H usdyrstell er røktaren viktigaste faktor for suksess. Røktaren må sjå kvart dyr og gjere rette ting til rett tid. God planlegging og gjennomføringsevne bidreg til gode resultat. Men gode produksjonsresultat er ikkje i seg sjølv uttrykk for god velferd. Derimot kan dårlege resultat indikere dårleg velferd.
Dyrevelferd handlar i stor grad om haldningar og verdisyn, dessutan korleis vi omset kunnskap til praktisk handling. Grunnlaget for god handtering av sau byggjer i følgje den australske sauespesialisten Hutson på omsyn til fire karaktertrekk hos sauen: Han er eit flokkdyr, likar å følgje etter, brukar synet sitt og ikkje minst er han intelligent.48 Her vil eg tilføre at sauen først og fremst er eit byttedyr og lett å skremme vettet av.
Dersom vi anerkjenner at sauene våre er tenkjande, gløgge individ med alle slags kjensler, bør det føre til større respekt for korleis vi held sauer i vår teneste. Viss sauene forstår at du er deira hyrding, at det er trygt å vere i nevane dine, vert drifta ikkje berre hyggeleg, men òg langt meir effektiv.
Når sauene stolar på gjetaren sin, vil skremmande inntrykk lettare verte underordna, og dyra toler langt meir bråk og mas utan å verte redde.
Vi bør i det minste prøve å verne sauer mot stress, prøve å unngå å skremme dei unødig. Det kan vere enkle grep som gjev sauen ein betre kvardag både inne og ute. Akkurat slik det er for folk, er det fint for ein sau å kjenne at han har oversikt og ein viss kontroll over ulike situasjonar. Er ein føreseieleg når ein handterer sau, får sauen ein sjanse til å forstå kva som skjer; han kan dermed verte med på samarbeidet, og alt vert meir effektivt. Ikkje berre bør vi fri sauene for ubehag, men også gje dei positive opplevingar og forventningar.
Sauemannen Johan Schumann skreiv følgjande om forholdet mellom sau og gjetar: «Skjønt udegangerfaar er vilde af sig, bør de holdes saa rolige, at gjæteren med sin hund kan gaa inde imellem dem, uden at de lader seg skræmme eller jager afsted i flugt. Thi gjør de det, da tyder det almindelig paa, at hyrden ikke forstaar sin dont og ikke tidt nok efterser hjorden.»
Sauene våre er lette å hente heim.
Når sauene er trygge og stolar på gjetaren, følgjer dei fint sjølv om både bilar og hestar kjem i vegen. Her er vi på heimveg med gimrer som skal klippast. Viss eg går med ein flokk ungsauer langs vegen og møter store vogntog, er det heilt tydeleg at sauene lit på meg; står eg roleg og avslappa, ser dei på meg og står roleg til bilen har passert.
SJÅ SAUENE DINE
Hugs at vi stort sett ser det vi vil sjå, og høyrer det vi vil høyre. For verkeleg å sjå sauen som flokk og som individ, må ein vere open og trene på det. Å sjå aktivt og sjå både heilskap og detaljer kan ein lære seg. Arkitektstudentar må trene seg på å sjå på ein aktiv måte, for å få til gode, heilskaplege prosjekt. På same vis må ein sauebonde lære seg å aktivt å sjå sauene sine. Dei flinkaste bøndene kan dette, og alle som er motiverte til det, kan lære å sjå kvart individ og slik verte betre på å tolke sauene sine.
Først må du sjå på flokken som om du ser han for første gong. Kutt ut alle andre tankar og alt anna arbeid. Sauene bør vere rolege, og ikkje forstyrr dei, berre observer. Kva gjer dei? Oppfører dei seg om lag på same vis? Skil nokre seg ut? Slik kan du plukke opp signal som kan indikere problem. Ein må ta seg tid, sjå etter kven som kjem til deg og kven som held seg unna. Kva sau kjem sist, kva sau ter seg annleis enn fleirtalet. Sjå etter kroppshaldning, øyrer og auge, slik du las om i førre kapittel. Dessutan kan du sjå etter rørsler, vomfylling, drøvtygging og om sauen klør seg, har blod eller skit bak eller ser triveleg ut. Når du tek deg tid til å observere sauene med eit ope sinn,
7 SLUTTORD
d ei F leste saue B ø N der her i landet driv ikkje med sau for å verte rike på pengar, men fordi dei har ein lidenskap for sauedrifta. Vi har mange svært flinke sauefolk som syter for at bygdene i heile landet framleis er vakre og levande. Sjølv om dei fleste er kunnskapsrike, trur eg mange vil få ein betre kvardag og betre drift med å gje sauene sine endå betre kår. Å sjå sauene som einskilde individ, ikkje som umælande reiskapar for å løyse ei eller anna oppgåve.
Det å bruke dyr som ressursar gjev oss mange moralske og etiske dilemma. Eg meiner det er rett at vi kan bruke husdyr til å skaffe oss mat, så sant vi kan gje dei reelt gode kår. Vi har kunnskapen som skal til for å gje husdyra gode liv og human slakting, men det vantar på politisk vilje til å få det til. Sterke incentiv til auka produksjon og auka effektivitet gjev sjeldan betre kår for folk og dyr. Husdyr gjev oss så mykje meir enn mat og fiber til tekstil. Dei gjev oss vakre landskap med rikare biologisk og botanisk mangfald. Dei bidreg til kretsløpet og gjev oss gjødsel til å dyrke grønsaker og korn på berekraftig vis. Husdyra gjev oss mykje glede og lærer oss empati, omsorg og respekt. Internasjonalt har det lenge vore vanleg å fôre storfe i såkalla feedlots, i staden for å late dei gå på beite. No vert det stadig vanlegare å sluttfôre lam, å setje også dei inn i store fôringsanlegg, der dei ikkje får høve til stort anna enn å keie seg og ete seg feite. Å flytte drøvtyggjarar frå beitedrift til slike fôringsanlegg er ikkje bra for korkje klima, jorda eller for dyra. Slike fôringsanlegg fører til opphoping av gjødsel, ureining og store klimagassutslepp. Nye tal viser at produksjon av kjøt utgjer over halvparten av drivhusgassar frå global matproduksjon, der industriell produksjon av storfekjøt er dominerande. Samtidig fører intensiv fôrdyrking til utarming av jorda. I mange land veks ørkenlandskapet skremmande fort, men ekstensiv beiting og regenerativ drift tek vare på jorda og bidreg til å restaurere stepper, gjev rikare landskap og ikkje minst betre dyrevelferd. Korkje storfe eller småfe trivst innestengde i intensive farmar, det er ikkje triveleg for korkje folk eller
fe. Det er langt meir miljøvennleg at fe får gå fritt ikring og slik ta vare på verdifulle beitelandskap og også byggje opp kapasiteten til karbonbinding. Heile samfunnet har eit driv etter stadig auka effektivitet, større produksjon og større forbruk med aukande energiforbruk. Også husdyra vert stadig meir «produktive»: meir kjøt, meir mjølk og meir ull på kvart dyr, med stadig meir ressursinnsats. Denne jaginga etter større utbyte frå kvart dyr gjev profitt som først og fremst kjem industrien til gode. Dess meir kjøt kvart lam skal produsere, dess meir høgverdig protein må han ha i fôret. Dette er protein med alternativ verdi som mat for menneske direkte. Jorda dette fôret kjem frå, kunne fødd menneske meir effektivt om det ikkje måtte ta omvegen gjennom ein dyremage. Sauen som drøvtyggjar er lite effektiv når det kjem til å skape om protein og energi til mat, han er mest effektiv når han kan ete vekstar som ikkje har alternativ verdi. Når vi ikkje lenger kan kjøpe billig energi eller billeg protein, treng vi husdyr som kan skape mat av dei ressursane vi sjølve rår over.
I husdyrbruket, som heldigvis enno er levande her i landet, får det negative følgjer for bonden om dyra hennar ikkje har det bra. I industrielt landbruk har kvart dyr liten verdi, medan alle dei teknologiske og industrielle innretningane for å halde oppe maksimal produksjon har større verdi. Hyperproduktive dyr vert lett sjuke og lever korte liv. Intensiv drift krev meir antibiotika, faren for resistente bakteriar og nye patogene bakteriar aukar og matsikkerheita vert dårlegare. Det er svært demotiverande og frustrerande for ein bonde å gå på akkord med sine moralske og etiske prinsipp for god dyrevelferd.
Med billig energi kan vi lett halde fram med å auke produksjonen på kvart dyr og på kvar gard, men vi må sjå på kva det vil koste for bonden, for bygda, for dyra og for klimaet og miljøet. Viss bonden slapp å arbeide full tid utanom garden for å finansiere drifta, ville både folk og dyr få betre dagar. Det vert stadig lengre mellom kollegaer i landbruket. Sist eg sjekka statistikken var det berre 13 700 sauebruk att i heile Noregs land, og bønder er meir einsame enn før. Det er eit stadig større press for auka produksjon, og sosiale medium kjem med nye krav og ofte med kritikk som pregar kvardagen. Heldigvis er det større fokus på mental helse også hos bondefamilien. Bønder som har tid til familien sin og til omsut og samspel med dyra, kan hente mykje glede og sjelefred. Born som trivst i lag med dyra i oppveksten, har større motivasjon til å overta drifta som vaksne. Det beste er om beitedyra våre får gå mest mogeleg ute for å skjøtte beitelandskap og utnytte utmarka. På den måten kan vi produsere i balanse med det naturen gjev. Mitt store ønske for framtida er at vi saman kan arbeide for å gje både bonden og sauen liv som er verde å leve.
Har du nokon gong møtt blikket til ein sau og lurt på kva han prøver å fortelje deg? Med varme og fagleg presisjon viser forfattar, sauebonde og sauekviskrar
Hilde Buer oss verda slik sauen truleg opplever henne. Sauen gir små teikn som kan fortelje oss om behov og trivsel. Om vi lærer oss å lese signala og styrkar bandet til sauen, kan vi redusere tvang og unødvendig stress for både dyr og bonde. Det vil også gi ei meir effektiv drift. Forstår vi dei biologiske mekanismane bak korleis sauen oppfører seg og korleis det sosiale samspelet i flokken fungerer, kan vi lettare legge til rette for friske og glade dyr.
Buer samlar både fersk og tradisjonell kunnskap om stell, miljø, beite, helse og velferd og knyter alt opp til praktiske situasjonar i kvardagen på garden og ute i utmarka. Dette er ei uunnverleg handbok for sauebønder – og ei fascinerande bok for alle som vil forstå sauen betre og lære meir om dyrevelferd og dyreetikk.
Hilde Buer (f. 1958) er ein norsk sivilagronom, bonde og forfattar. Ho er fødd i Bergen og vaks opp i Os. I 2013 flytta Buer til Værlandet i Askvoll der ho i dag har fleire hundre villsauer. 9 788279594130