Ein ny norsk pomologi over historiske og levande fruktsortar med røter i vår felles kulturarv.
Fruktdyrking har lange røter i norsk historie, og frå gamalt av har det vore dyrka eit rikt mangfald av ulike fruktsortar.
Eple, pære, plomme er eit praktverk som løftar fram over 130 heimlege sortar av eple, pærer og plommer – både dei som er godt kjende og dei som i dag er borte. Boka er ei kjærleikserklæring til norsk fruktdyrking som både dokumenterer kunnskap som er i ferd med å forsvinne og inspirerer oss til å ta vare på dei gamle kulturarvssortane.
I tillegg til omtale av kvar enkelt sort, får du spennande artiklar om tradisjonell fruktdyrking, skadedyr, plantehelse og lagring. Boka er gjennomillustrert med detaljerte, handmåla akvarellar av Hege Gjerde Sviggum.
ISBN 9788279593713, 20,0 x 26,0 cm, 360 sider, trådinnbunden, handteikna illustrasjonar. NOK 699,-