Brasilianske Machado de Assis står i dag fram som ei av dei mest særmerkte stemmene i verdslitteraturen – ein forfattar som med lågmælt ironi og skarpt blikk trengjer inn i menneskesinnet.
I Alienisten og andre noveller møter vi ein forfattarskap i rørsle, frå det tilsynelatande enkle og elegante til det djupt tvitydige og urovekkjande. Her glir realisme over i det absurde, og skarp samfunnssatire står side om side med finstemte studiar av sjølvbedrag, makt og lengt.
Forfattar: Joaquim Maria Machado de Assis
Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Øystein Vidnes
12,0 x 18,0 cm
288 sider
ISBN 9788279593874
NOK 329,-