Med ei eineståande formidlingsevne og stort pedagogisk overskot fortel Ana Pêgo historiene bak avfallet som flyt i land langs kysten vår. Ho forklarar djuptgåande kvar plasten kjem frå, korleis han påverkar livet på kloden og kva problem han fører med seg. Men ho viser oss også korleis vi kan gå fram for å endre utviklinga.
Norske barn veks opp med strandrydding og lærar om plast i havet og naturen. Dei er svært opptekne av miljø, og temaet er sentralt i både barnehage og skule. I Plasticus maritimus tek Ana Pêgo barna på alvor og gir dei grundig fagleg kunnskap om temaet.
ISBN 9788279593836, 15,0 x 21,0 cm, 176 sider, NOK 349,-