Den store Gatsby kom ut i 1925 og vart rekna som ein fiasko for suksessforfattaren Fitzgerald. Verken lesarar eller kritikarar sette romanen særleg høgt då han kom ut. Først etter at ein frivillig organisasjon delte ut gratis eksemplar av boka til soldatar under den andre verdskrigen, vaks romanen til å bli den klassikaren han er i dag, med tallause adaptasjonar, dramatiseringar og filmatiseringar. Hundre år etter utgjevinga, blir Den store Gatsby sett på som eit av dei viktigaste verka i den moderne verdslitteraturen. Han har forma biletet vårt av 1920-åra, eller det Fitzgerald sjølv kalla «jazzalderen» – ei tid fylt av fest, musikk og framtidsoptimisme, men òg depresjon, einsemd og framandgjering.
ISBN 9788279593768, 220 sider, NOK 279,-