Skip to main content

Vener av Bernhard

Page 1

Schwarzenbach

vener av Bernhard

omsett av runa kvalsund

Annemarie

Schwarzenbach

Runa Kvalsund (f. 1987) kjem frå Trondheim og bur i Oslo. Ho er omsetjar og folkemusikar, og har tidlegare arbeidd som redaktør i tidsskrift og forlag, kritikar og kulturjournalist. Ho omset skjønnlitteratur frå tysk, svensk og dansk, og i 2021 vart ho nominert til Kulturdepartementets pris for beste omsetjing av barne- og ungdoms­litteratur for romanen Vulkan av Oscar Kroon.

Livet vårt er eit einaste stort spørsmål.

1931

A n n emarie Schwarzenbach (1908–1942) var del av ein ung, fritenkande generasjon kunstnarar i etterkrigstidas Europa. Sveitsaren var blant dei første forfattarane som våga å skrive skeiv litteratur og fekk svært god mottaking i si tid. Ho døydde ung, og familien hennar, som sympatiserte med nasjonalsosialistane, la lok på forfattarskapen, og bøkene hennar vart destruerte. Først i 1980-åra blei Schwarzenbach oppdaga på nytt. Ho blir i dag lovprisa som ein uredd feminist og ein tidleg frontfigur for kampen for eit fritt liv på tvers av normer for kjønn og seksualitet.

Vener av Bernhard er ei reise tilbake til dei frie 1920-åra der alt verkar å blomstre, medan det ulmar under overflata. I romanen møter vi unge Bernhard, som er elska av venene rundt seg. Han er mild og god og ein inspirasjon for dei meir eksentriske, meir eller mindre knekte personlegdommane omkring han. Vi følgjer den unge kunstnarvenegjengen gjennom Europa og blir med til Paris, Berlin, Lugano og Firenze – fristadar for kunstnarar og dei som samtida såg på som avvikarar. Schwarzenbach skriv fram eit miljø der kjønnsroller går i oppløysing og menneske står friare i møta med kvarandre. Boka krinsar rundt tema som kjærleik, venskap, homoseksualitet, fridom, men også lengsel etter tryggleik og det å høyre til. Romanen er i dag sett på som eit sentralt verk i den moderne, skeive verdslitteraturen.

vener av BERNHARD

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Vener av Bernhard by Skald forlag - Issuu