Fredag 15. juni 1184 stod det endelege slaget mellom Sverre Sigurdsson og Magnus Erlingsson, som begge hevda at dei hadde krav på den norske trona, i Sogndalsfjorden ved Fimreite. Tusenvis av hærmenn kjempa i timesvis og fire langskip gjekk under. Likevel er det gjort få arkeologiske funn etter hendinga, og det er mykje vi ikkje veit – mellom anna kvar i fjorden slaget stod.
I boka følgjer vi forfattar Rune Timberlid si lidenskapelege jakt etter spor som kan kaste nytt lys over historia. Vi får òg lese om den spennande og dramatiske opptakten til slaget – og får ei levande skildring av kampen der Magnus Erlingsson til slutt måtte bøte med livet.
ISBN 9788279593621, 14,8 x 21,0 cm, 160 sider, NOK 449,-