PÅL-ARE VADSTEIN
SKISPOR I
PÅL-ARE VADSTEIN
SUNNMØRSALPANE
SKISPOR I SUNNMØRSALPANE
I SUNNMØR SALPANE kan du renne tusen høgdemeter frå steilande tindar ned til taren i fjøra på under ein time. Med dette skiparadiset i bakhagen vaks forfattar Pål-Are Vadstein opp, og som vaksen nyttar han framleis flesteparten av sine vakne timar til å spore opp dei vakraste rutene til dei mest spektakulære toppane. Dei beste har han samla i denne boka.
Her finn du 85 turar for heile sesongen – frå første snøfall til dei siste, solfylte skidagane langt utpå seinvåren. Rutene er rikt illustrerte og graderte etter vanskegrad. I tillegg inneheld boka gode råd om utstyr, skredtryggleik og fjellvit. Boka er perfekt for deg som drøymer om å klokke inn dei klassiske sunnmørstoppane, men óg for deg som jaktar ukjende perler og mindre opptrakka stier.
ISBN 9788279593614
PÅ L-A R E VA D ST E I N ( f. 1 9 82 ) er frå Ørsta,
sjølve hjartet i Sunnmørsalpane. Han er utdanna ingeniør og lærar og arbeider som prosjektleiar i bygg- og anleggsbransjen. Fritida brukar han til å utforske kvar krik og krok i Sunnmørsalpane, gjerne med ski på beina, og det er knapt ein fjelltopp i området han ikkje har vore på. Tidlegare har han skrive boka Skjulte perler i Sunnmørsalpane: 116 fantastisk fotturar.
S K A L D. N O
I S B N 9 78 - 82 - 7 9 5 9 -3 6 1 - 4
85 SPEKTAKULÆRE TOPPTURAR