Skip to main content

Då Ivan Iljitsj døydde

Page 1

omsett av geir pollen

9 788279 593591

tolstoj

Lev Tolstoj er ein bauta i russisk litteratur, og forfattaren har dess­ utan påverka moderne litteratur verda over. Anton Tsjekhov, James Joyce, Virginia Woolf, Marcel Proust, William Faulkner – alle desse hylla han som ein av dei fremste forfattarane gjennom tidene. Då Ivan Iljitsj døydde (1886) er ei lita perle av ei bok, som ofte har drukna i merksemda rundt dei store romanane Tolstoj er kjend for. Men denne langnovella er noko av det mest personlege han skreiv. Den nådelause skildringa av det uekte, overflatiske livet som Ivan Iljitsj har levd, verkar moderne – nesten samtidig. Utan høflege omsyn til lesaren, viser Tolstoj fram sjukdommen og døden i all si gru. Korleis leve eit meiningsfullt liv med den meiningslause døden som det einaste heilt sikre? Spørsmålet er like essensielt snart halvtanna hundreår seinare.

Då Ivan Iljitsj døydde

ISBN 9788279593591

lev

tolstoj

Geir Pollen (f. 1953) er forfattar og omsetjar, opphavleg frå Målselv i Troms. Han har budd og undervist ved universiteta i Sankt Petersburg og Moskva, før han i 2020 vende tilbake og busette seg i Oslo. Pollen har skrive og omsett ei rekkje bøker i ulike sjangrar og skriv også litteraturkritikk. I 2021 fekk han Bastianprisen for omsetjinga av Dama med hunden og andre forteljingar (Skald 2020) og har tidlegare blitt tildelt Kritikarprisen for beste omsetjing.

Kan det vere at eg ikkje har levd slik eg skulle?

1886

L ev N ikolajev its j Tolstoj (1828–1910) blei fødd inn ein velståande aristokratisk familie. Han begynte å skrive under militærtenesta og blei raskt ein folkekjær forfattar i heimlandet. Sjølv om han var adeleg, var han oppteken av bøndene sine levekår og var ein tydeleg reformtilhengar og seinare også anarkist. Som tidleg pasifist skulle han kome til å påverke sentrale personar i verdshistoria som Mahatma Gandhi og Martin Luther King.

Då Ivan Iljitsj døydde

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Då Ivan Iljitsj døydde by Skald forlag - Issuu