bruno
schulz
schulz
kanelbutikkane omsett av Julia Wiedlocha
Kanelbutikkane og andre forteljingar skildrar det jødiske miljøet i den no ukrainske byen Drohobytsj, sett frå barndommen til forfattaren og med faren Jakub som midtpunkt. Utvalet i boka består av 15 noveller frå den originale samlinga Kanelbutikkane (1933) i tillegg til «Undula», ei tidleg novelle gitt ut under pseudonym. Denne teksten blei først oppdaga i 2019. Schulz skreiv frå eit område som har høyrt heime både i aust og vest, ein kulturell smeltedigel, ein plass for store politiske omveltingar og stadig skiftande grenser. Han stod med eitt bein i den vestlege modernismen og det andre i den jødiske kulturarven. Den særeigne stilen og forteljemåten til Bruno Schulz har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag.
kanelbutikkane
J u lia Wie d lo c ha (f. 1989) er fødd i Opole i Polen og har vakse opp i Oslo. Ho har ein mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo og arbeider i dag som omsetjar. Wiedlocha har omsett ei rekkje polske forfattarar til norsk, blant desse Olga Tokarczuk, Stanis aw Lem, Zofia Na kowska og Andrzej Sapkowski.
Å, verda ville hatt godt av å miste litt innhald.
1933
Brun o Schulz (1892–1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande hundreåret. Forutan nokre enkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk medan han levde. Ein del av forfattarskapen gjekk truleg tapt under den andre verdskrigen. I 1942 blei den jødiske forfattaren skoten av Gestapo på gata i heimbyen Drohobytsj. Bruno Schulz skreiv i eit landskap mellom røynd og draum og har blitt samanlikna med Franz Kafka og Marcel Proust.
og andre forteljingar
Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.