Mur, far og dotter
Ei bok om tørrmuring
Tørrmuring er ein av dei aller eldste byggjeteknikkane til menneska. Muren som reiser seg i denne boka er bygd med same grunnteknikk og same materiale som ein vestnorsk jernalderbonde nytta til langhuset sitt, og som inkaene mura jordbruksanlegga sine med. Gjennom samtalane på byggjeplassen får vi erfare korleis kunnskap om eit handverk vert ført vidare i praksis. Boka er samstundes eit portrett av ein av Noregs dyktigaste kulturhandverkarar.
Kjersti Aase Winjum
På Litlebergen i Vestland bur Haakon Aase, Noregs kanskje fremste tørrmurar. I Oslo sit dotter hans og kjenner på eit ansvar for å ta vare på arven etter faren. Ho vil lære seg å mure med stein. Saman murer dei ein støttemur på garden hans.
Ei bok om tørrmuring
Kjersti Aase Winjum
Mur, far og dotter
Skald
Tørrmuring_Cover_170x240.indd 2
29/08/2022 15:03