9 7 8 8 2 7 9 5 92 42 6
k afk a
Franz Kafkas «Forvandlinga» (1915) er eit av dei mest nyskapande skjønnlitterære verka i det tjuande hundreåret. Forteljinga har blitt dramatisert, filmatisert, omarbeidd, sitert frå og referert til, og er den lengste ferdigskrivne teksten Kafka gav ut i si levetid. Kafkas verk er ofte sentrert om det vanskelege tilhøvet mellom far og son, og det vert sagt at forholdet til hans eigen far påverka både denne og andre av hans tekstar.
forvandli nga
om s et t av j on fosse
franz
kaf ka
jo n fosse (f. 1959) kjem frå Strandebarn og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar i Oslo. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983, og har seinare gitt ut både romanar, diktsamlingar, barnebøker, essay, omsetjingar og adapsjonar. Han er ein av Noregs viktigaste, nolevande forfattarar og dramatikarar og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar.
Då Gregor Samsa vakna i senga si ein morgon av urolege draumar var han forvandla til eit uhyrleg kryp.
1 91 5
fr a nz kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjend utanfor heimbyen Praha, men frå seint på 1920-talet påverka han både litteraturen og sjølvforståinga i heile det tjuande hundreåret. I dag er Franz Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda.
forvandlinga og andre forteljingar
skalds klassikarar er ein serie av
vellagra, handplukka verk i ny frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.