16
OPPFINNAREN SNU T T
då burrr gjekk på skulen og var redd for å dette i sjøen kvar einaste dag, ante han ingenting om flymagukken Snutt, som budde i eit land som heiter Gnore, like ved Nordpolen. Først og fremst var Snutt oppfinnar, for han elska å finne opp ting. Spesielt ting som hadde med fly å gjere. Og difor hadde han også fått tilnamnet flymagukk. Ein magukk, det kallar gnoringane ein som lagar rare ting, og som gukkar, altså snakkar, om dei. Snutt heitte eigentleg Sir Nataniel Umulius Trompeterstråle Tutt, men det var så langt, så alle berre kalla han for Snutt. Alle i Gnore kjende til dei mange rare og nyttige oppfinningane hans. Vindaugsviskarar for krokodiller til dømes, sånn at dei kunne få vekk krokodilletårene. Det var berre det at ingen torde å feste dei på krokodillene. 17
– Yeeeaahhh! ropte ungdommane og sprang ned til stranda med surfebretta sine. – Å, så herleg! smilte dei vaksne og sette straks i gang med å grille. – Yipppiii! skreik ungane og slost om å komme først i køen framfor kiosken for å kjøpe sjokoladeispinnar.
SKYER OVER NORDPO LE N
Snutt flaug omkring heile dagen og freste bort skyene som hang over Olsen og resten av Gnore. Snart var det klar himmel, og gnoringane over heile landet hoppa i sjøen, bada og surfa. Og dei som ikkje bada, dei leikte på stranda og vart veldig brune, og nokre fekk frekner over heile kroppen, til og med på rumpa. Dama som melde vêret på TVGnore, kyste vêrkartet og song heile vêrmeldinga, så glad var ho: Hurra! Ei melding til små og store, hurra! Det blir vedunderleg vêr over heile Gnore! For alle skyer er borte frå himmelen … Ops! Vêrdama stogga brått. Rett over der ho hadde kyst vêrkartet, kom det faktisk ei ny, grå sky sigande nedover. Og ei til. Og endå ei. 35
Men ho trudde ikkje heilt på det sjølv. Ho hadde sant å seie ikkje ein einaste god idé. Det var Burrr som fekk ideen. Fort løyste han skjerftauet av halsen sin, knytte ein knute på enden av det og kasta det av all makt mot isfjellet. Men tauet berre sklei ned isfjellveggen utan å setje seg fast. Og isfjellet dreiv stadig lenger unna. Der var fleire hyller nedover den bratte isveggen, men ingen som knuten festa seg i. Gvenda flaksa fortvila over Burrr, som strekte seg så lang han var der han stod på kanten av isflaket. Sjøen steig opp over føtene hans. Snart ville tauet vere for kort. Gvenda stupte ned og greip knuten med nebbet sitt. Ho hadde sett ein sprekk i isen og flaksa av all makt for å prøve å få knuten ned i den. Ho drog så hovudfjørene streta og auga stod på stilkar. Der! I siste liten greidde Gvenda å lirke knuten ned i den smale sprekken så han vart sitjande fast. Burrr stramma tauet og prøvde å dra seg nærare inn til isfjellet. Men då heldt isflaket hans på å kvelve, det stod nesten rett opp på kant. Han måtte klore seg fast med eine labben mens han heldt tauet med den andre. 42
43
72
– Flymagukk, sa han med den grove bassen. – Å henge med nokon betyr å henge med kule folk på din eigen alder, forstår? – Sjølvsagt, sa Snutt. – Ha, ha, ha. Klart eg forstår det! lo han. Men Snutt visste ingen ting om å henge med kule folk på hans eigen alder. Det var jo ikkje så rart heller, for han var ein vaksen mann som nesten aldri tenkte på anna enn oppfinningane sine. Snutt snudde helikopteret på rett kjøl, samstundes som han gjorde det om til fly igjen. Men dermed ramla Burrr og pappa Isbjørn av og vart på nytt hengande under flykroppen i skjerftauet. Snutt prøvde å oversjå det, han vende seg til Heng og sa med overlegen mine: – Unge mann, eg går ut frå at du med kule meiner kuler. Henge med kuler, det var det du prøvde å seie, ikkje sant? 73
118
Ikkje noko svar. Ingen levande vesen å sjå på flåten. Håpet snudde seg til mismot hos flokken på land. Fleire snudde seg for å gå. Då kom det eit menneske krabbande fram bak hytta på flåten og reiste seg opp. Kleda var sundrivne, håret var tjafsete og skjulte nesten heile andletet. Men det var likevel ingen tvil. – Sofiiiieeee! hylte Sofiemor. – YEEEEEAH! jubla ungdommane, så Snutt hoppa som ein handballkeeper for å hindre lydane i å treffe oppfinningane hans. Sofiemor sprang over landgangen inn på flåten med opne armar. Framfor Surfe-Sofie stoppa ho brått. – Korleis er det du ser ut? spurde ho klagande. – Eg tok feil, sa Surfe-Sofie lågt. – Det viktigaste er ikkje å bli lykkeleg. Sofiemor svelgde tungt. Armane hennar løfta seg for å ta rundt dottera. Dei løfta seg fleire gonger, ho såg ut som gåsa Gvenda som heldt på å lette. Så stakk ho handa ned eine lomma. – Ein karamell? kviskra ho. I staden for å ta imot sa Surfe-Sofie: – Det viktigaste er å bry seg. Ho snudde seg langsamt mot flåten, der eine gluggen i tårnet hadde opna seg på gløtt. Ut gjennom sprekken kom ein kropp, ein underkropp. Der kom overkroppen også. 119
– sol, sa snutt spørjande. – Sol? Han klødde seg i hovudet og grubla. – Aha! Ei sol som de kan slå av og på, ei slags lampe? – Nei! ropte ungdommane. – Ei datasol? Programmert til å dukke opp på uventa plassar? I senga, på do? Det var forresten ein ypparleg idé, på do har vi jo god tid til å sole oss, til og med på rumpa … – Nei, nei! hylte ungdommane. – Vi vil ha sol når vi surfar, forstår du? Ekte sol.
Den sprø oppfinnaren Snutt finn opp dei raraste duppedingsar. På Nordpolen lever isbjørnungen Burrr og har forferdeleg vasskrekk. Slikt kan det fort bli trøbbel av. Ei ellevill klimabok! ISBN 978-82-7959-222-8