Skip to main content

April

Page 1

Utgitt med støtte frå Goethe-Institut Or igina lt i t t el: April Originally published in the German language as April by Angelika Klüssendorf. Copyright © 2014 by Verlag Kiepenhauer & Witsch GmbH & Co. KG, Cologne/Germany. Published by agreement with the Leonhardt & Høier Literary Agency A/S, Copenhagen. Om sl ag og sat s: Øystein Vidnes Fon t: Greta Text 11/14,2° Pa pir: Holmen Book Cream 80 g T ry k k og in n bin ding: © Skald 2015 www.skald.no isbn 978-82-7959-220-4


Til Anna, Jakob og Axel Hahn


1 Den unge k vinna ringer på ved inngangsdøra i første etasje. På skiltet står det med snirklete skrift: Frk. Jungnickel. Ein fugl kvitrar, to korte triller, så er det stilt igjen. Mannen ved sida av henne kremtar, han trykkjer òg på ringeklokka, utolmodig held han knappen inne. Denne gongen kan det høyrast skritt, det vesle gittervindauget i døra blir opna, ei gammal dame kikar ut, urørleg, berre det eine auge­ loket skjelv. Etter ei stund ser det ut til at ho oppfattar det mannen frå barnevernet seier til henne. Den unge kvinna og mannen må legitimere seg, så kan dei kome inn. Dei følgjer den gamle gjennom gangen inn i eit avlangt rom. Den unge kvinna ser seg omkring, ein isande trekk streifar ansiktet hennar, vindauget må vere utett. Her skal ho vere dei neste månadene, kanskje åra. Ho har akkurat blitt atten, rommet har ho fått tildelt av barnevernet, i tillegg til stillinga som kontorhjelp i elverket. Dei følgjer den gamle inn på kjøkenet. Aldri har ho sett eit så dystert kjøken, sjølv mannen ser forbausa

7


ut. Golvet har beksvarte fliser, veggane er måla med mørk, glinsande oljemåling, kjøkenskapet og til og med utslagsvasken er dekt med svart linoleum. På grunn av musket, seier den gamle, på brei dia­ lekt. Den unge kvinna høyrer ordet for første gong og spør: Musket, kva er det? Ho klarer ikkje heilt å følgje forklaringane, men meiner å skjøne at musk betyr skit, og kjøkenet er verkeleg makelaust reint, ikkje eit støvkorn i sikte. Mannen tek avskjed, ønskjer den unge kvinna lykke til i livet, som om det skulle vere eit terningspel. Frøken Jungnickel, ei mager dame på rundt sytti, forsvinn inn på rommet sitt og lèt døra stå på gløtt. No kan den unge kvinna høyre fuglekvitteret tydeleg, og stemma til den gamle i fortruleg samtale med fuglen. Om ettermiddagen får ho levert møblane som ho fekk velje frå eit dødsbu, ein sofa, to lenestolar, eit gammalt glasskap, gryter, servise, teppe. Dei siste åra har ho budd på heimar, med hundre mark og tildelinga av denne leilegheita har ho blitt sleppt ut i vaksenlivet. Namnet April har ho gitt seg sjølv. April har ein koffert, med alt det vesle ho eig, ho legg han oppå omnen. Ho må fikse seg kol, halve vinteren ligg framfor henne. Det er laurdag, ho går på butikken, kjøper brød og eit stort forråd av suppeposar. På vegen tilbake prøver ho å merke seg kvar det ligg haugar av kol på fortauet utanfor husa. Då ho vil lage ei posesuppe på kjøkenet, kjem frøken Jungnickel inn og blir ståande framfor henne

8


med armane i kors. Frøkna står utan eit ord og held auge med April. Så snart det fell vassdropar på den svarte linoleumen, tek ho ein samanbretta klut og tørkar dropane vekk, så stiller ho seg opp igjen – slik går det ei heil stund: April rører i gryta, ein smule eller ein drope flyg gjennom lufta, den gamle styrtar som ein hauk ned på byttet sitt. April veit at ho må kome overeins med den gamle hurpa, så ho ler som om det skulle vere ein spøk. Ho slår leir på sofaen, viklar teppet fast om seg. Medan ho prøver å lese, høyrer ho ei klokke som slår. Ved det tiande slaget blir døra opna, frøkna kjem inn og sløkkjer taklyset utan eit ord. April ligg på ryggen og ser inn i mørket. Frå etasjen over kan ho høyre ei vedvarande banking, som trenger seg inn bak tinningen hennar. Då lyden forstummar, verkar det svært stille i rommet. Om morgonen vaknar ho tidleg, og det første ho registrerer, er det stygge tapetet, så føtene sine, nomne av kulde. Ho stappar teppet framfor det utette vindauget, slår på gassomnen på kjøkenet og varmar seg på flammane. Då ho høyrer fuglen, det kling som ei klage, kler ho på seg og forlèt huset. Det harde morgonlyset fell på mennesketomme gater, nedsota snøskavlar har hopa seg opp på fortaua, det luktar avgassar, kolstøv og svovel. Utan mål vandrar ho rundt, skritta hennar knirkar i snøen. Butikkane ser ut som om dei er forlatne for lenge sidan, og i utstillingsvindauga ligg alt det vanlege, blytunge. April funderer på kva ho skal kjøpe seg for den første

9


løna; det må vere nok til ein platespelar: Kor ofte har ho sett det for seg, eit eige rom og musikk av Janis Joplin. Ho er stolt av den plata, som ho bytte til seg for ei av Wolf Biermann. For Biermann hadde heile dei samla verka til Shakespeare gått over bordet, ei praktutgåve med rygg i grønt lêr. Frøkna ser ho ikkje noko av heile dagen, sjølv posesuppa får ho lage uforstyrra, men fugledialogen høyrer ho langt inn i kveldstimane. Denne gongen slår ho sjølv av lyset før det tiande slaget, letta over at søndagen er over. Ho vaknar før vekkarklokka, går stilt på toalettet, pussar tennene over vasken. Ho vil sjå skikkeleg ut, og det betyr at ho ikkje kan ha på seg yndlingskleda, ei riven Levi’s-bukse og ei T-skjorte frå Vesten med det amerikanske flagget på. Det er enno mørkt då ho stig av trikken i sentrum. Ho går inn i mengda som går mot eit stort, flatt bygg, «VEB Kombinat Elektrisitetsverk Leipzig – alle» står det på lysskiltet over inngangen. Eigentleg skulle det ha stått «Halle», men bokstaven H lyser ikkje. Av ein eller annan grunn gleder ho seg over det, strengt teke har ho lite lyst på den nye jobben sin. Men kva anna kunne ho gjort? Forutan grunnskulen og ei avbroten læretid ved landbrukskollektivet LPG, har ho ingenting å vise til. Portnaren viser henne kvar ho skal arbeide. I gangane heng ein eim av desinfeksjonsmiddel. Då ho kjem inn i rommet, ser alle opp, frå kortenden av det store bordet reiser det seg ei middelaldrande

10


dame som presenterer seg som kontorleiaren hennar. Med ei handrørsle som ei vertinne viser ho henne til ein plass ved vindauget. April tel sju personar til som stirer nysgjerrig på henne. Kontorleiaren presenterer henne for dei andre kollegaene, men namna trenger seg knapt inn i tankeverda hennar. Dama til venstre begynner straks på eit foredrag om oppgåvene hennar: Det handlar om å tildele kablar til verksemdene; for kvar tildeling må ho fylle ut eit skjema og gi det eit nummer frå ein til ti. Ein betyr regjeringsverksemd, og dei skal prioriterast. Dama spyttar når ho snakkar, April prøver å tørke spyttet diskré frå ansiktet. Ein mann med tynn hentesveis dreg blyanten hardt langs linjalen igjen og igjen; han er den einaste mannen i rommet. Allereie etter ein time må April bruke all sin viljestyrke på å ikkje sovne ved bordet. Ho prøver å fylle ut skjemaa med den finaste skrifta si. I frukostpausen kjøper ho seg kaffi, ei pølse og fleire rundstykke i Kombinat-kiosken. Det forstyrrar henne at alle ser på henne medan ho et, ho merkar korleis dei nye kollegaene ser godvillig ned på henne, og helst skulle ho sagt til dei: Eg kjem aldri til å bli så gammal her som de. Med den første løna si, 320 mark, kjøper ho seg ein platespelar og ei gammal utgåve av Brørne Grimms eventyr med vakre illustrasjonar. Då ho les «Den kloke Grete», yndlingseventyret hennar, er ho tilbake i barndommen, i kjellaren der ho blei låst inn til

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook