Skip to main content

Smokkefeen Tutta

Page 1

a n- magr itt lind tner

Ei eventyrleg og fantasifull bok om smokkar som forsvinn.

ISBN 978-82-7959-197-9

Illustrert av J ens K ristensen

Thea er òg veldig glad i smokkar. Ho har alltid minst to smokkar med seg. Ein dag reiser Thea og familien på ferie, og då legg smokkefeen Tutta i veg til huset med dei mange, fargerike smokkane i.

· Smokkefeen Tutta ·

Tutta er fe, og det beste ho veit er smokkar. Raude smokkar, gule smokkar, grøne smokkar, nye smokkar, gamle smokkar – smokkar i alle slags fargar og former.

a n - mag r i t t l i n d t n e r

Smokkefeen Tutta

Illustrert av Jens Kristensen


Tutta er tynn og kjempehøg. Mykje høgare enn andre fear. Ho har langt hår med tusenvis av krøller i. På ryggen har ho store venger, og med dei flyg ho høgt oppe i lufta. Om du er musestille og lyttar nøye, kan du kanskje høyre dei lyse ringjelydane? Det er Tutta som flyg omkring med smokkane sine dinglande nedst på kjolen.

6


7


10


Tutta bur i eit gigantisk slott. Det ligg nok langt, langt vekke, for om det hadde vore her i nærleiken, så hadde du heilt sikkert sett det, så stort er det. Slottet lyser i alle slags fargar, for det er laga av tusenvis av smokkar! Men dei aller finaste smokkane bruker Tutta til blomar rundt slottet og i hagen. Tutta kjem stadig heim med nye lass med smokkar, og slottet veks og veks. Ho har fire bad, åtte soverom, ti stover og endå fleire kjøken – og alt saman er laga av smokkar! Bortsett frå golvet, det er laga av tre. Tidlegare hadde Tutta også eit smokkegolv, men ho snubla og jamra seg kvar gong ho gjekk over det.

11


Thea var òg veldig glad i smokkar. Når ho skulle leggje seg, hadde ho alltid med seg éin smokk i kvar hand, i tillegg til den eine som ho hadde i munnen. Helst ville ho bruke smokk om dagen òg, i alle fall når ho var lei seg, eller når ho såg på barne-tv. Men det likte ikkje mamma og pappa. Thea hadde høyrt mykje om Tutta, men smokkefeen hadde heldigvis ikkje oppdaga smokkeskattane hennar endå. Ein sommardag skulle Thea og familien hennar reise på ferie til Frankrike. Thea hadde gledd seg i vekevis. Ho fór rundt på rommet sitt og plukka fram alt ho trong til ferien: badedrakt, solbriller, sommarkjole, yndlingstrusa med hjarte på – og smokkar. Mange smokkar!

12


13


a n- magr itt lind tner

Ei eventyrleg og fantasifull bok om smokkar som forsvinn.

ISBN 978-82-7959-197-9

Illustrert av J ens K ristensen

Thea er òg veldig glad i smokkar. Ho har alltid minst to smokkar med seg. Ein dag reiser Thea og familien på ferie, og då legg smokkefeen Tutta i veg til huset med dei mange, fargerike smokkane i.

· Smokkefeen Tutta ·

Tutta er fe, og det beste ho veit er smokkar. Raude smokkar, gule smokkar, grøne smokkar, nye smokkar, gamle smokkar – smokkar i alle slags fargar og former.

a n - mag r i t t l i n d t n e r

Smokkefeen Tutta

Illustrert av Jens Kristensen


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Smokkefeen Tutta by Skald forlag - Issuu