Skip to main content

issuu_AMFI Knarvik_Senteravisa_Sommar 2026

Page 1


Summer mood

Alt til kjøkken og borddekking opptil 50%

Matvarer, oljer og krydder 30%

Bordtekstiler 40% / Kjøkkenvarer 50%

Gjelder f.o.m. 27/5 t.o.m. 21/6. Kan ikke kombineres med andre tilbud.

Kid Knarvik, tlf. 940 26 143

narvik, tlf. 940 26 143

Sommar og smaksglede

Sommaren er her, og i AMFI Knarvik ligg alt til rette for både gode pausar og inspirerande handel. Med 53 butikkar klare for sommarhandelen, finn du alt du treng til feriedagar, festlege lag og late sommardagar – alt samla på ein plass.

Hos oss finn du eit variert og freistande utval av spisestader – frå Burger King, Big Bite og Pizzabakeren, til Baker Brun, Folkemunne Kafé, To katter på Loftet, Damas og iSushi x Roxys. Anten du vil ha noko raskt i farta eller setje deg ned og nyte god mat i hyggelege omgjevnader, har vi noko for alle.

Det blir ekstra mykje å gle seg til når vi inviterer til Nordhordland Matfestival på senteret 19. og 20. juni. Då fyller vi AMFI Knarvik med eit stort utval av lokale matleverandørar, og matvogner med stor internasjonal variasjon – ei skikkeleg feiring av mangfald, smak og matglede for heile familien.

Samtidig kan kundeklubbmedlemmane våre nok ein gong delta i sommarkonkurransen, der du kan vinne ein flott fritidsbåt med motor til ein verdi av 112 000 kroner.

Vi ønsker varmt velkomen til alle som skal nyte sommaren i Nordhordland – heime, på hytta eller hos familie og vener, og håpar du tek turen innom oss i AMFI Knarvik.

Åge Torsvik, Senterleiar AMFI Knarvik

Innhald

Nordhordland Matfestival

Vinn båt – kundeklubben 15 år 06 13 25 31 39 45

Sommarmaten

Bølger av blått

Prikkar

Nyt sommaren

FORSIDE Modell i antrekk frå Dressmann. Shorts 399,- | Skjorte 399,- | Hatt 249,-

BIDRAGSYTARAR Yvonne Jordal – Nordhordland Tekst & Foto | Anne Merete

Solbakken – AMFI Knarvik

UTGIVAR AMFI Knarvik | Kvernhushaugane 10 | 5914 Isdalstø 56 35 19 39 | amfi.knarvik@thon.no

DESIGN OG PRODUKSJON Reklamehuset Produksjon AS

TRYKK BK Grafisk

DISTRIBUSJON Alver, Austrheim, Masfjorden, Gulen, Fedje, Modalen.

TAKK TIL våre flotte modellar frå Power, Jonas og Mariell. Takk til Skin Tonic for make-up, takk til mataktørane for godt samarbeid.

Med atterhald om trykkfeil og utselde varer på grunn av trykketid.

Foto: Mester Grønn

Velkommen innom oss!

Nysesong ny inspirasjon!

Velkommen til Vice Capo Frisør

Klar for sommer, sol og selfies?

Vi gjør håret ditt klart for sommerens øyeblikk

Book time på fixit

FRISØR

Åpningstider Man-fre. 09-20 Lørdag. 09-18

decapo.no 56 35 23 90

Nordhordland Matfestival i bakgården

Fredag 19. og laurdag 20. juni inviterer vi til matfestival i AMFI Knarvik, med matvogner og festivaltelt ute og lokale utstillarar inne på Sentrumstorget.

Velkomen til to dagar med matopplevingar på Nordhordland Matfestival i det nye festivalområdet i bakgården ved Europris.

Fredag 11 - 20

Laurdag 11 - 18

Aktivitetspark for barna Festivalkupongar i appen

For tredje år på rad inviterer AMFI Knarvik, Avisa Nordhordland og Klar Bedrift til ein smakfull folkefest. I år blir Nordhordland

Matfestival arrangert som ein levande bakgårdsfestival, der gode smakar og ekte matglede står i sentrum. Den nye bakgårdsramma gir festivalen ein ekstra lun og intim atmosfære, og her ligg alt til rette for gode samtalar, latter og minnerike smaksopplevingar.

F.v. Knut Ole Tredal i Klar Bedrift, Vegard Flatøy, i Avisa Nordhordland
Anne Merete Solbakken og Åge Torsvik i AMFI Knarvik

Mangfald av smakar

Etter to vellukka år har festivalen vakse seg både større og sterkare. I år kan publikum gle seg til enda fleire matvogner, eit breitt utval av lokale produsentar og ikkje minst gode smakar som speglar mangfaldet i regionen. Ute i bakgården blir det moderne streetfood og spennande smaksopplevingar frå heile verda. Inne på Sentrumstorget kan du oppleve kortreiste råvarer og tradisjonsmat der du kjem tett på både produsentane og historiene bak maten. Her vil du også møte lokale reiselivsaktørar.

Fellesskap og gode opplevingar

– Målet vårt er å skape ein uformell møteplass der folk kan senke skuldrane, smake seg gjennom Nordhordland og oppdage nye favorittar, fortel arrangørane.

Bak festivalen står ei ivrig og engasjert arrangørgruppe som brenn for å løfte fram det beste regionen har å by på. Med stor entusiasme og lokal forankring har dei skapt ein festival som handlar om meir enn berre mat – det handlar om fellesskap, stoltheit og gode opplevingar.

Festivalkupongar

Nytt av året er at spisestadene i AMFI Knarvik tilbyr «festivalmeny» i form av tilbodskupongar. Alle som er medlem av kundeklubben i AMFI Knarvik kan nyte måltid med ekstra gode prisar ved å bruke festivalkupongar i Min Shoppingappen 19.-20. juni

Aktivitetspark for barn

- Vi lagar også eit eige festivalområde framfor NAVbygget med aktivitetar for barn. Her kan barna boltre seg i eigen aktivitetspark med hoppeslott og mykje moro, fortel arrangørane.

Nordhordland Matfestival har på kort tid blitt eit høgdepunkt for matinteresserte i regionen – og årets utgåve ser ut til å bli den beste så langt.

Velkomen til ein smakfull matfestival du ikkje vil gå glipp av!

Drømmer du om å slippe å leke gjemsel med solen?

Gresset er alltid grønnere hos

Jeg blir aldri solbrent

Sommaropplevingar for barna

I sommar skjer det mykje kjekt for barna på senteret. Vi får mellom anna besøk av våre populære maskotar, vi inviterer til vår kreative teiknekrok og til koseleg sommarrebus med premiar.

Amfelia og Oskar er sjølvsagt på plass under Nordhordland Matfestival.

Aktivitetspark på Nordhordland Matfestival

Under Nordhordland Matfestival 19.-20. juni inviterer vi barnog barnefamiliar til eit eige aktivitetsområde. Her kan barna bli med på kjekke aktivitetar som hoppeslott, sklier og mykje anna moro.

Aktivitetsparken finn du ute framfor NAV-bygget ved inngang 4. Inngang/billett kr. 100,- per barn.

Møt Amfelia og Oskar i sommar

Gjer deg klar for store klemmar, high five og morosame møter når dei populære maskotane våre, Amfelia og Oskar, plutseleg dukkar opp på senteret i sommar. Barna kan helse på maskotane, ta bilete og kanskje få ei lita overrasking?

Teiknekrok

I teiknekroken kan barna sleppe fantasien laus med fargar i heile sommar. Ta ein koseleg pause i teiknekroken utanfor Norli, og fargelegg ei av våre gøyale Amfelia & Oskar-teikningar. Teiknekroken er open frå 17. juni - 22. august.

Sommarrebus i juli

Bli med på vår kjekke sommarrebus i heile juli. Hent rebusarket hos Ringo, finn svara rundt omkring på senteret og lever ferdig utfylt rebus tilbake hos Ringo. Alle som deltek blir med i trekninga av ein fin sommarpremie. Ein koseleg sommaraktivitet for små og store som vil utforske senteret i sommar.

For barn i alderen 0-12 år.

@skomani

Gjelder f.o.m 27.05. t.o.m. 28.07.2026, så langt beholdningen rekker.

FYN SOFASETT

Sommer, sommer EUROPRIS

10-20 (18)

2-seter sofa, to stoler og bord i pulverlakkert stålramme. Sete og rygg i plast, armlene i imitert tre, bordplate i herdet glass. Sofa: B:116,5 x H:82 x D:74 cm. Stol: B:61 x H:82 x D:74 cm. Bord: B:80 x H:40 x D:50 cm. Putesett til Fyn selges separat 499,-

Vi tar forbehold om trykkfeil og at enkelte varer kan bli fort utsolgt.

NÅ FRA 99,- TIL 195,(Før fra 198,- til 38990)

Iced bulletproof matcha

1 glass

• 1 ss MCT-olje

• 2 ts matchapulver

• ½ dl vann

• 2,5 dl vekstbasert melk

• 1 klype kokossukker

• Isbiter

Slik gjør du:

Fyll et glass med isbiter. Visp sammen matcha og vann til pulveret er oppløst. Hell melk, MCT-olje og kokossukker i en blender – bland godt.

Hell melkeblandingen i glasset, topp med matchablandingen og nyt!

Supernature

Cocosa MCT-olje 500 ml

Kosttilskudd Nå: 197 kr (ord. pris: 329 kr)

Kosttilskudd skal ikke brukes som alternativ til

Sommarmat på menyen

Sommarstemninga har kome til AMFI Knarvik, og glastaket som ofte held regnet ute, slepp no solstrålane inn. Hugsar du på å ta ein pause mellom slaga? Våre mange spisestader har noko for ein kvar smak, og akkurat no står freistande sommarrettar på menyane i tillegg til klassikarane. Vi gir deg ein liten forsmak.

Stikk innom, eller ta med noko godt dit du skal.

Baker Brun | Big Bite | Damas | Folkemunne | iSushi x Roxys | To katter på Loftet | Pizzabakeren
Mocktail hosTokatterpåLoftet
Burger King
Pizzabakeren
– Nordhordland Tekst & Foto –

Baker Brun

Baker Brun ønsker velkomen innom til både korte pausar og lengre måltid. Her kan du nyte dagslys under glastaket eller ro og meir privat stemning inne i kafeen.

Skal det vere noko å leske seg på? Prøv ein smoothie med smak av bringebær, mango eller tropisk på ein varm sommardag, eller kanskje ein av iskaffi-variantane.

Blant dei mest populære favorittane akkurat no finn vi toast og mandelknutar. Dei tilsette anbefaler å teste kardemommeknuten: Bolle med mandelfyll, pensla med meierismør, og dyppa i sukker og kardemomme. Nam ...

Omelett i følge med spinat, fetaost og purreløk har raskt blitt populær, og elles går dei rause smørbrøda aldri av moten. Rekesmørbrødet er ekstra populært på fine sommardagar, medan bestseljaren er og blir Ost & Skinke.

Ei av dei uforgløymelege kundehistoriene er om ein gjest som kom tilbake berre for å seie at det var det beste han nokon gong hadde smakt. Kanskje det er pepardressinga som er prikken over i’en?

Kundane her kjem i alle variantar, og med større innslag av hyttefolk og turistar om sommaren.

Her er travlast mellom klokka 12 og 14, så kom gjerne før eller etter om du likar rolegare omgjevnader.

BAKST LUNSJ
SMOOTHIE MØTEPLASS
Sommarfavorittar
Blide tilsette hos Baker Brun

To katter på Loftet

Hos To katter på Loftet smakar sommaren best kald, gjerne med ein mocktail – som Frozen Strawberry Slush eller Pineapple Coconut. Friskt, lett og med eit lite hint av tropisk ferie. På menyen finn du òg Takoyaki (たこ焼き), sprø utanpå og mjuke inni – ein japansk streetfood-klassikar.

Visste du forresten at du kan nyte mat og drikke på takterrassen på fine sommardagar?

Bestseljarane er Loftet Cheese Ramen, Biff og Løk Udon og Gyudon Biff Rice Bowl, men dei tilsette anbefalar den litt meir ukjende Soyamelk Kylling Udon – ei fyldig og overraskande mettande skål. Du kan òg tilpasse rettane, for eksempel byte ut ris med nudlar, og prøv gjerne ein Mochiis til dessert!

Kokken gløymer aldri denne bestillinga: Doble nudlar, doble egg, dobbelt kjøt og ekstra bok choy! Kanskje ein framtidig “challenge”-rett?

Meir enn ein spisestad

Med jamlege arrangement og innslag frå lokale artistar, musikarar og komikarar, er her klart for livlege sommarkveldar.

Frå 11. juni til 19. juli blir det vist ein del fotball-VM-kampar på storskjermen.

MOCKTAIL

Burger King

Hos Burger King går sommaren rett i koppen – iskaffi og creamy shakes er populært på varme dagar. Nye rettar er dessutan på veg inn på sommarmenyen, så det er berre å gle seg.

Klassikaren Whopper er framleis ein folkefavoritt, og så går det myyykje softis desse fine sommarmånadene.

Ein nykomar som allereie har fått ein liten fanskare, er Chimichurri – ein smakfull burger med krydra saus, gourmetkjøt og eit ekstra godt brød. Dette er utvilsamt dei tilsette sin favoritt, og ofte den som blir med dei heim.

Burger King ønsker å vere ein stad for folk i alle aldrar, og dei rosar kundane for å vere hyggelege og greie. Her er det leikerom for dei minste, men etter skuletid er det definitivt ungdommen som er i fleirtal. For dei som ønsker minst mogeleg kø og mest mogeleg ro, er det eit tips å peile seg inn på tida mellom lunsj og skuleslutt, eller utover kvelden.

Er du på farten? Då kan du få maten levert rett i bilen – enkelt og greitt.

Dette blir Burger King sin første sommar på senteret, og dei ser fram til å ønske både fastbuande og gjennomreisande velkomne innom!

Iskaffiogcreamyshakes

Hos Damas handlar sommaren om friske smakar, gode råvarer og mat som gjerne blir delt rundt borda. Her finn du syriske rettar fulle av smak, som kyllingsalat, shawarma-tallerken og smårettar laga med ferske ingrediensar – perfekt på late sommardagar med familie og vener.

Akkurat no er det spesielt shawarma-rull med kylling som går igjen blant favorittane, men også pizza har fått mange faste tilhengarar. Damas Spesial og BBQ Chicken er blant dei mest populære hos kundane, og om du vil, kan du runde av med ei deilig kake til dessert.

Vil du prøve noko litt annleis? Fatayer er ein skjult favoritt! Dei små syriske paiane overraskar mange med sin gode smak. Også den syriske tapas-menyen skaper ofte nye matopplevingar, og kven likar ikkje å få smake fleire ulike rettar i same måltid?

For syrarar er måltidsfellesskap viktig, difor blir dei tilsette glade når restauranten fyllast av familiar, ungdommar og vennegjengar som nyt måltidet saman. Mange kjem innom til lunsj eller tidleg kveld, men sommaren passar også perfekt for lange og sosiale middagar rundt bordet.

Mån-fre 10.30-19.30

Laurdag 10.30-18.00

Søndag 13.00-20.00

MØTEPLASS
KAFFI & KAKE

Folkemunne

Folkemunne er ein hyggeleg møtestad midt på Sentrumstorget der mange tar ein liten matbit undervegs i handlinga, medan andre nyttar den til faste middagsavtalar med venner eller familie.

På dagtid i vekene er det mange godt vaksne gjestar innom, medan helgene ofte fyllast av familiar med barn.

Fish & chips, grillmat og biffsnadder er populære og lette rettar no på sommaren, medan hamburgar og pizza er sikre vinnarar året rundt. Likevel er det dette trufaste kundar ofte kjem tilbake for: Heimelaga sosekjøt, laga på gode råvarer og med god tid – ein skikkeleg slow cooking-favoritt.

Når dei tilsette sjølve skal ha noko enkelt med heim etter jobb, blir det som regel pizza. Kjapt og godt, og lett å ta med.

Her er det mest travelt frå lunsj og utover ettermiddagen, så for dei som ønsker litt ro, kan det vere lurt å stikke innom sein ettermiddag. Då senkar tempoet seg litt.

Og likar du raspeballar?

Ja då er raspeball-torsdag ein fin dag for deg. Dette er blitt ein tradisjon som gjestar kjem tilbake til – veke etter veke.

Laurdag 09.00-18.00

iSushi x Roxys

Den kule 50-talsrestauranten ønsker sommaren velkomen med forfriskande boba teas og iskaffe. Menyen på Roxys har fått friskt tilskot av nye burgarar, laga av reine råvarer i eige kjøken.

Av klassikarane er Naughty Burger og Spareribs sikre vinnarar, sistnemnde slow cooked over mange timar. iSushi har no gitt moglegheit til å erstatte ris med salat på poke bowls. Det trur dei tilsette blir ein sommarhit.

Mest populære sushi? Green Dragon og Ebi Kushiro, om du lurte.

Plass til noko søtt? No kjem «Cake of the day». Kvar dag – si kake.

I år har sushi catering til konfirmasjonar tatt av!

Om du vil, kan dei òg ta seg av servering til alle slags arrangement. Dei anbefaler Sushi & Sliders om du vil ha det beste frå to verder.

BOBA TEAS NAUGHTY BURGER POKE BOWLS SUSHI
Cakeof theday!

smoothies

Big Bite

Stopp gjerne innom Big Bite for raske, enkle og friske måltid, perfekt på farten.

Smoothies i tre ulike smakar er ekstra populære no om sommaren, og sjekk gjerne ut nykomaren Nanta (limited edition ut juni), ein hybrid mellom nanbrød og pita.

Her er mykje spenstig å velje mellom, men klassikaren Ost & Skinke er likevel bestseljaren. Dei tilsette sin eigen favoritt er uomstridd: Kyllingkarri i Sub med Bacon – eit tips til kundar som vil prøve noko nytt.

Dei trekker og fram Spicy Tuna som ei skjult perle i menyen, sjølv for dei som eigentleg er skeptiske til tunfisk. Dei kan dessutan avsløre at spennande nyhende er på veg inn i sommarmenyen, så det er berre å velje og vrake.

Gjennom året har dei mange skuleelevar og faste lunsjkundar innom, medan sommaren kjem med barnefamiliar, gjennomreisande og hyttefolk.

Det tilsette elskar sommaren med kundar i ekstra godt humør, og stamgjestar er dei veldig glade i, som for eksempel «hyttedama» som kvar einaste sommar kjem tilbake for akkurat den same bestillinga.

Opningstider

Mån-fre 10.00-20.00 Laurdag 10.00-18.00

Pizzabakeren

Hos Pizzabakeren er sommaren like enkel som resten av året: Her kan du velje og vrake frå menyen, enten du går for ein trygg favoritt eller har lyst til å prøve noko nytt.

Pizzabakeren Spesial har lenge vore den store bestseljaren, men blant dei tilsette er Mr. X favoritten. Mr. X er òg ingrediens i favoritt-kundehistoria: Ein kunde ringde for han hadde fått feil pizza levert. Dei tilsette venta ein klage, men i staden fekk dei ein stor takk. Kunden hadde no fått seg ein ny favoritt, og har aldri bestilt nokon annan pizza sidan.

Vil du ha ei overrasking? Prøv Nr. 8, Biffen, ein favoritt for dei som ønsker seg noko sommarleg.

Pizzabakeren legg vekt på service, pris og kvalitet, og har både fastbuande og ferieturistar i kundegruppa. Kundane får anten levert heim eller i bilen, eller dei stikk innom og hentar sjølve.

Dei tilsette har til slutt eit bonustips: Hald på maten – måkene er òg svoltne. Det erfarte ein gjest ein sommar, men heldigvis var det raskt å lage ny pizza.

Mån-tors 12.00-22.00

Fre-laur 12.00-22.30

Søndag 12.00-22.00

PIZZA LEVERING RASK TAKE AWAY

Er du klar for å få enda mer ut av kjøpene dine hos POWER?

Meld deg inn i MyPOWER i dag og få tilgang til eksklusive tilbud, bonus på alle kjøp, enkel oversikt over alle kjøpene dine, kvitteringer og mye mer!

Scan QR-koden for å bli medlem:

Sitat fra test i Lyd og Bilde:

"Leverer fet bildekvalitet, og kan absolutt måle seg med andre premium-modeller fra Samsung og TCL."

Anbefalt av Drillo – og bladet Lyd & Bilde!

Se "Drillo får ny TV"-serien på power.no/drillo, og se hva som skjedde da han fikk ny CepterTV:

Vi ble quizzet og hunden Cafu stakk av! 55'' 10 998,75'' 19 998,-

FLOYD
PULZ
SORBET
MAPP BLACK COLOR
COPENHAGEN MUSE

Blå sommarfavorittar

Frå lyse himmeltonar til djupe havnyansar –Blått set tonen for sommaren.

Novalie Kjole 2199,Solbriller frå Lindex 129,-

PRINCESS Søt badeponcho med delfinar 299,90

DRESSMANN Matchande sett Badeshorts 399,- | Skjorte 499,-

Bølger av blått

Blått er flott i sommar! Frå morgonbad til seine kveldar i hagen - Sesongens favorittar hentar inspirasjon frå blå, blå himmel og hav.

KID INTERIØR Skap sommarstemning med tekstilar og dekor i blånyansar
CUBUS Sommerfin i lekker, blå lin

ENDELIG SOMMER!

Gjør deg klar for en herlig sesong med din pelskledde venn. Kom innom for tips & råd til en fantastisk sommer og hva du bør tenke på i sommervarmen. Velkommen til oss!

Non-stop dogwear, Protector Life Jacket, fra 1499,-

1. Dog Copenhagen, Comfort Walk Air, fra 749,- 2. Thule, Allax, fra 6699,- 3. Alac, Sporline Poly, fra 249,- 4. Ozami, Godbitbøtte 500g, fra 149,- 5. O’Tom, Flåttang, 99,- 6.

Tlf: 56 35 53 06 Åpningstider Man-fredag 10-20 Lørdag 10-18

Ozami, Hundebasseng, fra 549,- 7. Cold&Dog, Hundeis, 75,-

Velkommen inn til oss for hjelp med

Synsundersøking (me henviser til augelege ved behov)

Kontaktlinser

Briller

Solbriller

Du finner oss ved inngang 4. Enkel tilkomst, parkering like ved døra.

Bestill time på alveroptikk.no eller ring på 56 99 26 36

Prikk, prikk, prikk ...

Den klassiske prikketrenden er på moten denne sesongen og gjer antrekket både elegant og leikent.

ONLY

Prikkete kjole 629,95

Espadrillos frå EUROSKO 1299,Smykke 399,- frå BJØRKLUND

Solbriller frå LINDEX 129,Oreo Milkshake frå FOLKEMUNNE

499,-

Lindex Minikjole

BESTSELGER

LA SPORTIVA - ULTRA RAPTOR II GTX HIKINGSKO

Terrengløpesko om er designet for både gå- og løpeturer på fjellet og i marka. Denne avanserte turskoen har bl. a. blitt brukt av deltakerne på 71° nord. Dame/Herre

Kvernhushaugane 8, AMFI Knarvik

Tlf: 56 35 04 15

Åpningstider: 10-20 (lørdag 10-18)

Modern House Mummi piknik rosa

Drikkebeger 30 cl før 99,- 59,-

Skål 14,5 cm før 129,- 77,-

Asjett 22,5 cm før 129,- 77,-

Årets sommerkopp

Moomin Arabia Mummi Ferieklar

Asjett 19 cm 299,Kopp 30 cl 329,-

Tramontina Chic Kids vannisform s/6 før 179,- 107,-

Modern House Tapitas ildfaste former fra 99,-

Tramontina BBQ by Hellstrøm kjøttplanke 28x19 cm teak før 279,- 195,-

KITCH’N KNARVIK 51 11 71 32 | WWW.KITCHN.NO Tilbudene gjelder t.o.m. 17 juni så langt lageret rekker hos Kitch’n Knarvik. Vi tar forbehold om mulige trykkfeil

Gjelder alle varer merket

i

vere

Sommerens nyheter

Den beste sommermaten

Les deg opp til VM i fotball!

Vinn flotte premier ved kjøp av fotballprodukter hos

Norli Knarvik. Tre heldige vinnere får premie fra følgende butikker: Sport 1, Sport Outlet og Norli. Bl.a. den offisielle VM-ballen.

SMOOTHIES

Velg mellom tre friske smaker!

LAST NED APPEN

Bestill på forhånd, hent hos oss - og få fordeler på kjøpet!

Håndplukkede favoritter til hverdag og sommertid

til Farmors Hus

1. etasje, AMFI Knarvik | Tlf. 92 02 78 84 | Følg oss på Facebook!

Mix & match!

Kjøp 2 eller flere varer og få

Kan ikke kombineres med andre tilbud. Gjelder t.o.m 17.7. 50%

Gjelder en mengde sommervarer

Late sommardagar

KID INTERIØR

Alt til sommarlivet ute.

Nyt rolege augeblikk under open himmel med lekre hagemøblar, tekstilar og tilbehøyr frå Kid.

Sommaren byr på lyse dagar, kvilepuls, gode smakar og tid til å vere saman. Vi har samla inspirerande sommarnyheiter, lekre sommarantrekk og tips til vakker borddekking frå butikkane våre. Små og store gleder som gjer sommaren ekstra minnerik.

MENY Blåskjell frå MENY er perfekte til eit skikkeleg skalldyrbord
JERNIA På jakt etter grill til hage, terrasse eller balkong? Hos Jernia finn du eit stort utval av grillar og grillutstyr.

Nyt sommaren

Ein komfy hettegensar i eit veldig mjukt og behageleg materiale, med eit unikt graffiti-design på ryggen laga av den talentfulle artisten Sedin Zunic. Han brukar kunsten som virkemiddel for positiv bevisstgjering og sosial inkludering. Gensaren har french terry innside og børsta overflate, som er stilig og komfortabel.

TURUTSTYR

JAKKER/BUKSER

REGNKLE/STØVLAR

SOKKAR/ULLKLE/ FLEECE

Har du prøvd den gode

ODDA-buksa vår??

No har vi fått inn shorts i same modell. Kom innom og prøv!

turen innom vår store

Her har vi alt du kan tenke deg

Sjø - ferskvatn - garn - teiner m.m.

FISKEUTSTYR m.m. Mange spennande nyheiter og dei gode gamle favorittane er på vei til butikken framover

DETTE FÅR DU:

• Bursdagsgåve

• Eksklusive medlemstilbod

• Faste tilbod i Min Shopping

• Konkurransar og spel

• Invitasjonar til arrangement

Medlemsskapet er gratis Aldersgrense 15 år

Tlf. 45 87 20 10 AMFI KNARVIK

GOD SOMMER

25%

PÅ UTVALGTE DUFTER & DEODORANTER

*tilbudet gjelder tom 20/6 kan ikke kombineres med andre tilbud

25%

PÅ EN MENGDE MAKEUP, ANSIKTSPLEIE, SOL & SELFTAN

*Gjelder utvalgte produkter i uke 26-28 kan ikke kombineres med andre tilbud

[ Utegrønt ] 120,- 2 FOR 70,- pr. stk

Tilbud !

[ Betulia ] 95,120,-

[ Aloe Vera ] 200,- 150,-

Vinn denne båten Verdi 112.000 kroner!

I år feirar vi 15 år med kundeklubb i AMFI Knarvik, og det markerer vi med ei ekstra spennande sommartrekning for medlemmane våre. Premien er ein flott fritidsbåt med båthengar til ein samla verdi av 112.000 kroner!

For å vere med i trekninga treng du berre å vere medlem av AMFI Knarvik sin kundeklubb, hente konkurransekupong i ein av butikkane våre og samle fire stempel når du handlar i senteret mellom 17. juni og 31. august. Når kupongen er ferdig utfylt, leverer du den i postkassa ved båtutstillinga på Sentrumstorget, og du er med i trekninga.

Du kan delta så mange gongar du vil, og båten står utstilt på Sentrumstorget gjennom heile sommaren.

Ikkje medlem enno?

Då er dette den perfekte tida å melde seg inn! Last ned

Min Shopping-appen og vel AMFI Knarvik som ditt senter. Premien i sommartrekninga er gitt av AMFI Knarvik i samarbeid med E39 Båt & Henger.

Les meir om sommartrekninga og båten her

Vinn ein Hobby 420 Classic med Suzuki DF 9,9 BS Sport påhengsmotor og båthengar

Finn denne kupongen i senteret og bli med i konkurransen.

Klar for sommersesongen?

Vi har alt du trenger til terrasse og uteplassen.

WEBER SPIRIT E-425

Gassgrill med 4 brennere

Test Vinner

7490,-

JOTUN Trebitt terrassebeis

Beskytter og fremhever treverket.

399,-

STIGA COMBI 53S

Effektiv og brukervennlig. Perfekt til hagearbeidet.

5199,-

VED KJØP AV 2 ELLER FLERE

TJÆRALIN

Tjæralin-beis til terrasse og uteplass.

Kan ikke kombineres med andre tilbud. Gjelder utvalgte varer.

UT VESTLAND

T-skjorte 299,Blå shorts 800,Stort utval av fiskestenger og fiskeutstyr hos UT Vestland.

Hos UT Vestland i Knarvik finn du eit imponerande utval av fiskeutstyr for både hobbyfiskarar og erfarne sportsfiskarar. Butikken byr på alt frå stenger, sneller og slukar til klede og tilbehøyr – nøye utvald for vestlandske forhold og ekte fiskeglede.

Vitusapotek Knarvik

Kvernhusmyrane 5, 5914 Isdalstø

Tlf 55 69 96 20, fax 56 33 88 81

E-post: knarvik@vitusapotek.no

Åpningstider: man-fre 10-20, lør 10-18.

SOLPLEIE

PLUKK O G MIKS! Vi spanderer det rimeligste

Gjelder i perioden 17. juni - 4. august 2026.

Kundeklubben

fyller 15 år!

Kundeklubben i AMFI Knarvik markerer i år 15 år, og kan feire dette saman med nesten 30 000 medlemar. Gjennom åra har kundeklubben blitt ein viktig kanal for tilbod, arrangement og informasjon til kundar i regionen.

Bli medlem i kundeklubben!

Medlemane får mellom anna eksklusive kampanjar, kupongar, bursdagsgåve og faste fordelar gjennom året. Medlemskapet er gratis, og aldersgrensa for å bli medlem er 15 år. Last ned Min Shopping-appen og bli medlem her

LINDEX
Sommarkjole 499,Solbrillar 199,Veske 349,Espadrillos 1299,- frå EUROSKO Rosa koffert frå SKIN TONIC 1899,-

Hjarteleg god sommarhandel

2 timer gratis parkering

LADIES & GENTLEMEN
Kvit bukse 999,95 ,Rutete topp 699,-
Grøn linbukse 999,Korterma genser 899,-
Bildet er tatt i butikken hos KID INTERIØR

Butikkoversikt

Mote og tilbehøyr

Classiqa

Cubus

Dna .................................................................................................

Dressmann

56 35 35 55

55 21 94 89

56 34 15 00

55 21 92 61

Farmors Hus ............................................................................. 92 02 78 84

Eurosko

56 34 15 00

Ladies & Gentlemen ........................................................... 47 49 36 90

Lindex

23 65 20 63

Mani ............................................................................................... 48 84 97 29

Novalie 41 25 58 74

Only

Spesialbutikkar

53 50 50 60

Wagner 98 25 11 94

Zavanna 47 66 43 44

Hus og heim

Buddy

Europris

56 35 53 06

56 35 85 80

Farmors Hus 92 02 78 84

Jernia

56 35 03 30

Kid Interiør .................................................................................. 94 02 61 43

Kitch’n

51 11 71 32

Mester Grønn............................................................................ 32 22 97 49

Nille 97 46 48 87

Power ............................................................................................. 21 00 40 00

Princess 56 35 71 50

Mat og drikke

Bunnpris .......................................................................................

Global Basket

Life

Meny

Vinmonopolet

Anna verksemd

Aktiv Trafikkopplæring

Alver Bibliotek

Avisa Nordhordland .............................................................

Cedra

99 50 04 26

92 53 61 04

91 79 53 77

56 35 74 00

22 01 50 00

56 35 30 30

56 37 54 31

56 35 55 55

55 21 81 00

Falck ................................................................................................ 97 12 62 66

Feste Trafikkskole

Fitnesspoint ................................................................................

NAV-Nordhordaland

55 18 18 29

45 61 78 62

55 55 33 33

Nordhordland Akvasenter................................................ 48 04 01 41

Nordhordland lensmannsdistrikt – Politi

Privatmegleren

Ungdomskontakten Salto

Villanger Trafikkskole

56 35 56 70

55 55 97 97

40 64 83 80

56 35 87 87

Service og tjenesteytande

Sjå komplett oversikt over våre butikkar og spisestader.

Skann QR-koden, eller gå inn på amfi.no/amfi-knarvik

God sommar!

CLASSIQA

Shorts 349,95

Skjorte 499,95

Skjerf med prikkar 299,50

Veske frå SKIN TONIC 399,-

Solbriller frå SKIN TONIC 449,-

Drikkebeger frå NILLE 69,90

Armband frå BJØRKLUND 499,-

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook