PÅSKEMORO
for heile familien
PASTELLFEST
Lekre vårnyheiter

EKTE BOKGLEDE
i årets butikk

![]()
PÅSKEMORO
for heile familien
PASTELLFEST
Lekre vårnyheiter

EKTE BOKGLEDE
i årets butikk

– Med lysare dagar, meir liv og god stemning i gangane, og ein kjensle av alt alt er litt enklare. Som senterleiar er eg utruleg stolt av den flinke gjengen som jobbar her. Kvar einaste medarbeidar, uansett butikk eller oppgåve, spelar ei viktig rolle i å skape den gode opplevinga kundane våre fortener. I vårmagasinet møter du nokre av dei nye butikksjefane våre, og du bli betre kjent med nokre av våre trufaste kundar, som gir oss både motivasjon, smil og gode historier kvar einaste dag.
Og apropo historier: Nyleg møtte eg ein klok mann i senteret. Han stoppa meg, såg seg rundt og sa: “Du, Åge… dette er faktisk den viktigaste møteplassen for folk her i området.”
Eg kunne ikkje anna enn å smile – for han har heilt rett. Det er akkurat dette som er kjernen i alt vi gjer. AMFI Knarvik er ikkje berre ein stad du handlar – det er ein plass du møter folk, blir sett, slår av ein prat og kjenner deg heime. Det er kundane våre som skaper livet her, saman med alle dei dyktige tilsette som står på kvar dag.
Tusen takk for at du handlar lokalt, støttar opp om senteret, og bidreg til at vi faktisk er den viktigaste møteplassen i nærmiljøet vårt.
Vi håpar du finn både inspirasjon og glede i dette vårmagasinet – og at våren og påsken blir lys, sosial og full av fine opplevingar.

Nyheiter i pastellar
Folk i farta
Årets butikk 2025 Nye butikksjefar
Cloud Dancer
Påskestemning
Påskemoro i AMFI Knarvik




FORSIDE Modell i antrekk frå Only. Veske frå Kid interiør. Bildet er tatt på Baker Brun. BIDRAGSYTARAR Yvonne Jordal – Nordhordland Tekst & Foto og AMFI Knarvik – Anne Merete Solbakken
UTGIVAR AMFI Knarvik | Kvernhushaugane 10 | 5914 Isdalstø 56 35 19 39 | amfi.knarvik@thon.no
DESIGN OG PRODUKSJON Reklamehuset Produksjon AS
TRYKK BK Grafisk
TAKK TIL vår flotte modell Henriette Engan Løvik og Skin Tonic for make-up til fotoshoot.
Med atterhald om trykkfeil og utselde varer på grunn av trykketid.







Medlem:
DIANA
Diamantring 375 gull. Pris pr. ring. BGR90114/BGR92089 6 999,Førpris/Ikke medl. 9 999,-
Medlem:


ØREDOBBER/HALSSMYKKE
375 gull. Pris pr. par/smykke. BGE90311/BGP90296 1 999,Førpris/Ikke medl. 2 499,-


Medlem:

ØREDOBBER/HALSSMYKKE
925 forgylt sølv. BSE20616GP/BSP20520GP 399,-/499,Førpris/Ikke medl. 499,-/599,-

Velkommen til Alver Optikk ved inngang 4. Me hjelper deg gjerne med å finna nye briller eller solbriller! Amfi Knarvik Tlf. 96 91 74 74
CLASSIQA
Topp med ballongerme 499,95
Mørk bootcut jeans 1100,-
EUROSKO
Blå sneakers 999,-
Bildet er tatt i veskeavdelinga til Eurosko, og der finn du mange lekre vårvesker og koffertar.

Våren lokkar oss ut av redet og ut på tur. Med lette vårantrekk og kofferten klar er du rusta for nye opplevingar.

Chinos 599,- | Skjorte 799,Linblazer 1799,- | Slips 299,Belte 399,-
Alver Optikk Brilleinnfatning frå Opo 1050,-


Pastellfargar gir ei lett og lys vårstemning, og i vår finn du dei i både klede, garn, interiør og små, fine detaljar.


Kult vårantrekk til ungdom


|


Norli «I ly av regnet» av Jojo Moyes 299,- | «Ninja Creami-boken - is du kan spise hver dag» av Maria Haugland 299,-


til
|

&
Nytt garnmerke frå Garnpikene! Høylandsull og Børstet Ull kjem i 27 herlege fargar. Garna er fantastiske å strikke med og gir eit jamt og vakkert maskebilete. Nøye utvalde og grundig utprøvde!














Kva får folk til å ta turen innom AMFI Knarvik? Vi tok ein prat med tilfeldige kundar ein heilt vanleg dag for å finne ut kvifor dei var innom. Vi spurte mellom anna om kva dei likar best, kva som toppar turen og kva dei eventuelt saknar.
Martine Soltveit (6)
Fløksand
Martine er på AMFI Knarvik saman med mamma for å handle til bursdagsbesøket sitt dagen etter. Ho likar seg aller best hos Normal, fordi ho elskar nips og småting. – Eg synest det er gøy å vere på senteret, er Martine sitt klare svar. Ein handletur blir ekstra kjekk dersom ho får noko fint, eller når ho og mamma og pappa et på kafé. Martine og mora er samde i at senteret har mykje forskjellig å by på.


Patrick Høvig (18)
Alversund
Patrick og kompisane er på veg mot smågodthyllene på Bunnpris. Skuledagen er over, og det er fredag! Han er oftast innom Meny, der det gjerne blir både snop og taco-bagettar. Når han treng klede, tek han turen innom Dressmann, men elles er Burger King favoritten om han må velje. Han kjenner seg godt heime i senteret, og heng her aller helst med vener. Han meiner senteret har alt han treng, og likar å ha alt på ein stad. Patrick skildrar AMFI Knarvik som heimekoseleg.

Charlotte Johnsen (52)
Knarvik
Charlotte er på AMFI Knarvik for å gjere ærend i samband med oppussing av huset. Når ho er innom senteret, stoppar ho oftast hos Power – favorittbutikken. Ho set pris på at senteret er sentralt og lett tilgjengeleg, og at ho alltid finn det ho treng. – Ein handletur blir ekstra triveleg når eg treff kjentfolk og hyggelege butikktilsette, og det gjer eg ofte, seier ho nøgd. Om ho kunne ønske seg noko meir, måtte det vere ein stoffbutikk.
Charlotte skildrar senteret med eitt ord: Triveleg.

Hagbart Jacobsen (67) Hilland
Hagbart er i senteret for å stå på stand. Når han først er innom, er det oftast Meny det går i. Han røper at det stort sett er kona som dreg han med, og at favorittane er Meny for det gode utvalet og Europris for gode kaffitilbod. Det som gjer handleturen ekstra triveleg, er å treffe kjende. Han finn det han treng på senteret og set ekstra pris på at alt er samla under eitt tak. – Lettvint er ordet, kvitterer Hagbart.
Cecilie Gravdal (49) Knarvik
Cecilie er i Knarvik for å kjøpe ei gåve. Ho handlar gjerne i fleire av butikkane, og ramsar raskt opp Mester Grønn, Norli, Bunnpris, Meny, Normal, Kitch’n og Kid. Ho set pris på at ho finn det meste på ein stad, og likar å støtte lokalt næringsliv. Favoritten hennar er Kid – ein godtebutikk for heimen. – Det som gjer handleturen ekstra triveleg, er hyggelege butikktilsette og god service, noko det er mykje av på senteret, stadfestar ho. Ho skildrar AMFI Knarvik som triveleg.


er kommet til Farmors hus



Universalprodukt for naturlig glød!

3 for 2 på alt fra Weleda
Skjønnhet innenfra og ut til påsken.
Weleda tilbyr 100% sertifisert naturlig og økologisk hudpleie for hele familien.
Tilbudet kan ikke kombineres med andre tilbud og gjelder fra 18.3.2026 t.o.m. 7.4.2026.
Dundyne Cloud og dunpute Soft
50%
Kan ikke kombineres med andre tilbud. Gjelder i perioden 7.3 – 5.4.


Norli er kåra til årets butikk 2025 i AMFI Knarvik. Den gjævaste utmerkinga for butikkane i senteret. Med aukande leselyst blant kundane og eit engasjert team som set service først, er Norli ein populær stoppestad både for faste og nye besøkande.

Det var ein rørt og glad butikksjef som tok imot prisen då Norli blei kåra til Årets butikk i AMFI Knarvik 2025.
- Det er stor stas og ein stor overrasking, seier butikksjef Nils Frøseth. Med ein solid omsetningsauke på 13,2 % i 2025, er det tydeleg at mange kundar finn vegen inn til Norli i Knarvik. Og det er ikkje tilfeldig. Her blir du møtt av blide, engasjerte og kunnskapsrike tilsette som tek seg tid til kvar enkelt kunde, anten du er på jakt etter ei spennande bok, eit artig spel eller noko kjekt til barna.
Eit lag der alle er med
For Frøseth handlar utmerkinga først og fremst om menneska som jobbar i butikken. Til saman ti tilsette, frå små til store stillingar, står saman som eit tett og engasjert team.
- Vi har ein super gjeng. Tilsette som er svært positive, står på, og gir av seg sjølv kvar einaste dag, seier han stolt.
- Denne prisen er ein lagsiger.
Service og kunnskap
I Norli tek dei god service på alvor. Det handlar om å sjå kunden.
- Vi skal vere tilgjengelege, imøtekommande og kunnskapsrike. Dei tilsette her likar å lese, vi bryr oss om bøkene, og det merkar kundane, seier Nils. Han fortel at mange av dei faste kundane blir verande lenge i butikken, slår av ein prat, blar i bøker og kosar seg. Andre stikk innom på raskt besøk.
- Ein bokhandel skal vere begge delar, slår han fast. Opplæringa til dei tilsette er grundig og kontinuerleg, alt frå basiskunnskap og «månadens bok» til tekniske ferdigheiter, varehandtering og søk i system. I tillegg arrangerer dei ofte interne konkurransar med premiar for å halde motivasjonen og gleda oppe.
Gode tider for bokbransjen
Omsetninga hos Norli i Knarvik er litt høgare enn kjedesnittet på landsbasis, og akkurat no er heile bokbransjen i medvind.
- Lesepila peikar oppover. Det har den ikkje gjort på 8–9 år, forklarer Nils. Han meiner det handlar om både uro i verda og eit aukande behov for kunnskap.
- Folk vil forstå meir. Faktabøker sel som berre det.
Samtidig står dei klassiske sjangrane støtt, sjølv om det er ein klar vriding mot meir kunnskapsorienterte bøker.
Blant bestseljarane gjennom fjoråret finn vi «UFRED» av Åsne Seierstad, «Basiskokeboken» av Eivind Hellstrøm og den lokale favoritten «Kaiene på Radøy».
- Lokale bøker sel ofte godt her hos oss, fortel han. Trenden blant dei yngre er også tydeleg:
- Jenter i 13–19 årsalderen les mykje på engelsk og gutar les mykje Manga. Tik Tok inspirerer dei til å kjøpe og lese heile seriar, fortel Nils.
Spel, puslespel og opplevingar
Men suksessen i bokhandelen handlar ikkje berre om bøker. Etter korona har både spel og puslespel fått eit skikkeleg løft. Men kanskje viktigast av alt: Norli ønsker å vere ein opplevingsbutikk.
- Vi vil ikkje vere ein statisk og kjedeleg butikk. Her skal det skje ting. Folk skal trivast og vere her lenge, seier Nils. Butikken samarbeider tett både med biblioteket og senterleiinga og arrangerer jamleg aktivitetar og forfattarbesøk. Signerte bøker løftar også interessa og salet. Framover kan kundane gle seg til påskeaktivitetar og andre kjekke arrangement i løpet av våren.
Takk til kundane
Nils avsluttar med ei varm helsing til kundane:
- Tusen takk til alle som kjem innom. Både dei som er her kvar veke og dei som droppar innom i farta. Det er gøy at stadig fleire er begeistra for bøker.


SUPERUNDERTØY
Hodlekve superundertøy
Trøye/bukse
Dame str. XS-XL
Herre str. S-XXL
100





TURMAT

Tilsett varmt
Monsens Bolognese/ Carbonara/Mac & Cheese/ Jegergryte 50





BASELAYER SETT
Ponk Baselayer sett Str. 90-130 cm (2-8 år)



Kløfritt
Myk
Slitesterk
Settpris 2-8 år
300


FRITIDSSKO
Ergoroller
Dame Str. 36-41
Herre str. 41-46



Behagelig passform
Ventilerende overdel
Komfortabel demping









Våren er her – og det betyr lysere dager, grønnere turer og en hund som plutselig har litt for mye energi. Perfekt timing for å skjemme bort din firbeinte bestevenn med påskefine og vårklare favoritter!






Fire nye, engasjerte butikkleiarar har tatt plass i kvar si verksemd på AMFI Knarvik – alle med mål om å skape gode opplevingar for kundane. Anten det handlar om mote, interiør eller mat, er fellesnemnarane kvalitet, service og trivsel.


ONLY - Rebekka Dahlstrøm har brei erfaring frå både butikk, frisørsalong og butikkstyling. Ho tek fatt på jobben som butikksjef hos Only med tryggleik og engasjement.
Rebekka kjem opphavleg frå Bønes, men har no funne seg godt til rette i Alversund, der ho og familien nyleg har kjøpt hus. Ho har tidlegare jobba som butikksjef, frisør og med butikkstyling for kjende kjedebutikkar i Bergensområdet.
Hos Only treff kundane eit imøtekommande team og eit sortiment som kombinerer trendar med tidlause plagg. – Vi vil tilby klede som er aktuelle, men som òg kan brukast lenge. Det skal vere enkelt å finne noko ein føler seg vel i, seier Rebekka.
– Kundane skal gå ut av butikken med eit smil om munnen, og med plagg dei verkeleg likar.
I rolla som butikksjef gler ho seg spesielt til å byggje team. – Eg likar nye stader og nye menneske. Det å skape samhald og trivsel blant dei tilsette er viktig for meg, og eg set stor pris på å møte kundar i alle aldrar. Hennar personlege favoritt i sortimentet er ei blomstrete denimskjorte. Vårstemning!
Om AMFI Knarvik har ho dette å seie: – Det kjennast heimekoseleg og nært. Det er usnobbete på ein veldig fin måte.
Når ho ikkje er på jobb, er Rebekka først og fremst mamma – og ein ivrig boklesar.

DAMAS - Han har sterke røter i eigen matkultur, mange års erfaring frå restaurantbransjen i Bergen og eit stort hjarte for gjestfridom. Osama Dabagh er klar som ny restaurantsjef i eigen restaurant.
Osama er fødd i Damaskus i Syria, som eitt av ni sysken. Familien har alltid vore tett og støttande, men krigen tok frå han foreldra. Mot slutten av 2015 kom han til Noreg. Han bur på Nesttun, men no som han har teke steget fullt ut som eigar av Damas, kikkar han mot Nordhordland.
Hos Damas kan kundane vente seg syrisk mat laga frå botnen, med ferske råvarer og høg kvalitet. – Vi serverer klassiske rettar, men likar òg å fornye oss. Her finn du både kjøtrettar og vegetarmat, noko for heile familien både til kvardags og fest, fortel Osama. Favorittretten er shawarma, men han anbefaler gjerne tapas for dei som vil smake litt av alt.
God stemning og respekt er heilt sentralt i møtet med kundane.
– Folk skal kjenne at dei blir sett og få ei god oppleving både gjennom service og smakar. Eg ønsker å skape ein stad der alle føler seg velkomne. Ein møteplass for både nye og faste kundar – for svoltne nordhordlendingar i alle aldrar. I rolla som butikksjef er han nøgd over å vere ein del av senteret.
– Vi har ei veldig hyggeleg senterleiing, og kollegaene i dei andre butikkane er støttande. Det gjev meg tru på ei spanande framtid her.
Sjølv nyttar han fleire av butikkane på senteret, men har eit ekstra godt auge til Power, fordi han er svak for elektronikk.
Når han ikkje sjølv jobbar på kjøkkenet eller bak disken, går mykje av tida til vidare utvikling av verksemda – men i ledige stunder finn han ro i naturen, gjerne på tur med eller utan fiskestonga.


NOVALIE - Med eit stort engasjement for kundemøte og ei ekte glede i å hjelpe folk, er Eilin Lleshi Brahmimi klar for rolla som butikksjef hos Novalie. Her står trivsel, service og fine dameplagg i sentrum.
Eilin er tilbake i Alversund etter eitt år i Bergen. Ved sida av butikkjobben på 70 prosent er ho fulltidsstudent på BI – ein kvardag ho trivst svært godt med. Ho har erfaring frå fleire ulike butikkjobbar, og vurderer å byrje å dele glimt frå arbeidskvardagen sin i sosiale medium. Hos Novalie kan kundane vente seg eit godt utval dameklede for vaksne kvinner, med ekstra fokus på kjolar i fine vårfargar, skjorter og bukser i ulike lengder.
– Vi er fem tilsette, og alle er opptekne av god service. Det er viktig for oss at kundane føler seg vel og får hjelp når dei treng det, seier Eilin.
Det ho gler seg mest til i den nye rolla, er nettopp kundemøta.
– Eg elskar å hjelpe folk med å finne klede dei føler seg fine i. Samstundes er det spennande å lære meir om butikkdrift – det er veldig relevant sidan eg held på med bachelor i organisasjonspsykologi, HR og leiing.
Favorittane i butikken er det ingen tvil om: Kjolar. Gjerne fleire. – Kjole nummer éin, to, tre, fire … ler ho.
Eilin set stor pris på miljøet på senteret.
– Det beste med AMFI Knarvik er fellesskapet. Vi blir kjende på tvers av butikkane, besøker kvarandre og hjelper kvarandre. Det skapar mykje godt venskap.
Når vi spør etter favorittbutikk, har ho fleire, men naboen skil seg ut.
– Only! Dei har òg fine klede. Eg supplerer gjerne der, og så er det hyggelege folk som jobbar der.
Når Eilin ikkje er på jobb, går tida til studiar, vener og sosiale filmkveldar.
– Eg er veldig glad i å vere saman med folk, avsluttar ho.


PRINCESS - Butikksjef i to butikkar? Det tek Veronica Nilsen Woldseth på strak arm når ho no går inn i rolla hos Princess i AMFI Knarvik, i tillegg til på Øyrane Torg i Arna. Med seg har ho lang erfaring, eit varmt vesen og ei tydeleg kjensle for heim og trivsel.
Veronica bur på Breistein og er mamma til tre store barn. Når ho har fri, set ho stor pris på rolege kveldar heime –eller hyttehelger i Jondal.
Hos Princess ønsker Veronica å skape ei kjensle av å kome heim. Kundane skal møte god service, kvalitetsprodukt og ein behageleg atmosfære der det er lett å trivast. – Vi vil at folk skal kjenne seg velkomne og ivaretekne, og oppleve ein god handel. Det handlar om den kvardagslege trivselen i heimen, seier ho.
I møtet med kundane er tillit heilt sentralt.
– Eg ønskjer at folk skal trivast i butikken, kjenne seg sett og møtt med varme. Vi håpar å fortene tilliten deira gjennom å vere hyggelege og til stades.
Ho trekker òg fram fellesskapet på AMFI Knarvik som noko heilt spesielt.
– Eg har blitt svært godt teken imot, både av kollegaer, senterleiinga og kundane. Det har vore mange handtrykk og velkomsthelsingar – det set eg stor pris på.
Ho ser spesielt fram til å bli kjent med kollegaer og kundar på senteret, og trur det blir positivt å veksle mellom to butikkar.
– Det er inspirerande å vere del av to ulike senter. Nye folk, nye perspektiv på små og store ting gir energi i kvardagen, synest Veronica.
Ho har eit klart svar på favorittar i butikken
– Alt som er beige! Dei beige tonane ligg hjartet nærast.
Når ho ikkje er på jobb, handlar kvardagen om familie, heim og å finne ro etter arbeidsdagen.
– Det er godt å lande heime, vere med gutane og kome seg litt på hytta når ein har anledning, avsluttar ho.




Terrengløpesko om er designet for både gå- og løpeturer på fjellet og i marka. Denne avanserte turskoen har bl. a. blitt brukt av deltakerne på 71° nord. Dame/Herre
Kvernhushaugane 8, AMFI Knarvik
Tlf: 56 35 04 15 Åpningstider: 10-20 (lørdag 10-18)
TOUCH PRO DØRLÅS
Før 3990,Nå 3390,-


STEKEPANNESSETT 24/28 CM
Før 2399,Nå 999,-
THERMOS WORK 1,2 L
Før 799,Nå 499,-


LADY WONDERWALL –25 %








og litt ekstra luksus i påskeegget.








FARMORS HUS
Dressjakke 1399,95
Skjørt 799,95



Kvart år kårar det største fargeselskap i verda, Pantone, årets farge. I 2026 er det kvitfargen Cloud Dancer som regjerer. Cloud Dancer er ein mjuk og tidlaus offwhite-tone som symboliserer ro. Fargen gir eit lyst, roleg og elegant uttrykk. Kvitfargen blir å sjå både på klede, sminke og interiør i år.







før 499,NÅ




dittgavekort.no kan brukast i 4000 butikkar på ca. 80 kjøpesentre og på alle Thon Hotels i Norge. Kjøp det i gåvekortautomaten ved Sport 1 eller på dittgavekort.no



Bestill på forhånd, hent hos oss - og få fordeler på kjøpet! -25%





Dongeribukse 799,Turkis jakke med mønster 799,Kvit topp 399,Bildet er tatt på FARMORS HUS. Alle interiørdetaljar er frå butikken.
Rosa, beige og mjuke grøntonar er i vinden denne sesongen – i alt frå mjuke tekstilar og friske detaljar, til lette plagg i vårlege nyansar.







Blazer i linblanding Dressmann 1499,-
Bluse med jordbærmønster
Ladies & Gentlemen 799,95

Keramikkvase Floral
Mester Grønn 495,-

Sesongen byr på lekre rosatonar som skapar både varme og vårkjensle – både i heimen og garderoben.



Glasvase
Mester Grønn frå 120,-

Proteinvatn Bringebær Life 39,-






En unik behandling som inneholder alt huden trenger for fornyelse, for fasthet og en strålende glød.
EGER I Prime er ikke en standardbehandling. Prime er for deg som ønsker det ypperste innen naturlig anti-age. Her kombineres stimulering, strukturforbedring og teknologi i én plan.
Resultatene er ikke bare synlige –de er bygget for å vare.
























KID INTERØR
Påske er tid for kos og hygge med familie og vener. Dekk eit koseleg påskebord med påskeservise, serviettar, påskepynt og fine blomar – og du har påskestemning på 1-2-3.

Kva gir deg ekte påskestemning? Er det dufta av nysteikte vaflar, friske blomar på bordet eller tid saman med dei du er glad i? På senteret finn du inspirasjonen, smakane og dei små detaljane som gjer det enkelt å skape ei varm og triveleg påske – anten du feirar heime, på hytta eller møtest hos oss.

















Snop deg noko ekstra fint eller godt til påskeferien.
















KÅPE TILDE JAKKE Mykje nytt på vei inn...

Mange spennande nyheiter og dei gode gamle favorittane er på vei til butikken framover regndress til dei minste + gul og blå HAGL regndress til dei litt større + rosa VÅRNYTT BIAK JAKKE

















Vi inviterer små og store til påskemoro i AMFI Knarvik laurdag 28. mars. Kos med søte påskekyllingar, bli med på påskeeggjakt, kom i gang med Stolpejakten og handle alt du treng til påskeferien!
Alle aktivitetane er gratis!

Kom og teikn hos oss i teiknekroken utanfor Norli. Fargelegg teikningar av maskotane våre, Amfelia & Oskar, og bli med i trekninga av fine påskepremiar. Teiknekroken er for barn i alderen 0 til 12 år, og er open i heile påsken.
Kl. 12.00

Stolpejakten 2026 – klar, ferdig, gå!
Den populære Stolpejakten Alver er endeleg i gang igjen. Tradisjonen tru markerer vi den offisielle opninga palmelaurdag kl. 12 på Sentrumstorget, saman med ordførar Sara Hamre Sekkingstad. Bli med på ein frisk og flott tur i nærmiljøet – det er plassert fleire stolpar i nærleiken av senteret. Registrer dine første stolpar, og kom inn igjen og få ein gratis halv Sub frå BigBite. Ein perfekt start på ein aktiv påskeferie.

Bli med på jakt etter dei forsvunne påskeegga til maskoten vår Oskar. Oskar er ein skikkeleg søtmons, men ein liten, lur påskehare har gøymd påskeegga til Oskar i fem butikkar i senteret. Finn påskeegga, skriv kor du fann dei og skriv namn og telefonnummer på svararket. Alle som deltek får ein liten premie, og blir også med i trekninga av ei stor påskeoverrasking! Hent og lever konkurransearket hos Ringo.
For barn i alderen 0 til 12 år.



Har du møtt dei koselege maskotane våre, Amfelia og Oskar? No får du sjansen når dei tek turen rundt på senteret laurdag 28. mars. Dei elskar å helse på folk, og er spesielt gode på «high five». Kanskje du er ein av dei heldige som får møte dei denne laurdagen?
Kom og kos med nydelege, små påskekyllingar på vår mini-bondegard med Lise frå Glede på Hjul. Her kan barna kose med dei nyklekka kyllingane og oppleve herleg påskestemning. Du finn påskekyllingane på Vestretorget, rett ved Baker Brun. Det er køordning, og barna slepp inn i grupper.
påskehandel!
Takk for at du handlar lokalt.
I påsken har vi ope måndag-onsdag kl. 10-20. Påskeaftan kl. 10-16.
Sjå nettsida vår for alle opningstider i påsken.
















Fyll opp hos Norli





40%

Årets påskekrim er her!
40% Alle spill og puslespill

Tilbudet gjelder til og med 5. april.


Gjelder utvalgte produkter
Vitusapotek Knarvik
Kvernhusmyrane 5, 5914 Isdalstø Tlf 55 69 96 20, fax 56 33 88 81
E-post: knarvik@vitusapotek.no Åpningstider: man-fre 10-20, lør 10-18.


Meld deg inn i kundeklubben til AMFI Knarvik og få eksklusive tilbod, invitasjonar til arrangement, bursdagsgåve og faste medlemsfordelar gjennom året.
Medlemskapet er gratis, og du vel sjølv korleis du vil høyre frå oss. Last ned Min Shopping-appen og registrer deg der – så har du alltid fordelane lett tilgjengelege på mobilen. Aldersgrensa for å bli medlem er 15 år.

Velkomsttilbud
til våre nye kunder
For klipp og styling
Hverdager man–fre mellom kl. 10–16
Gjelder ved bestilling på vår hjemmesiden - under behandlingsmeny finner du kategori “Ny kunde” bestill via linken der, eller scan QR-koden.


Dekk med detaljer!
Gjelder f.o.m. 09/03 og så langt beholdningen rekker.


Sjekk ut våre superpriser hos lærling




og tilbehøyr
Anna verksemd
Aktiv Trafikkopplæring ........................................................
Alver Bibliotek
Avisa Nordhordland .............................................................
Deloitte
Falck
Feste Trafikkskole
Fitnesspoint
NAV-Nordhordaland
Nordhordland Akvasenter
Nordhordland lensmannsdistrikt – Politi
Privatmegleren
Salto Ungdomskontakten ................................................
Villanger Trafikkskole
35 30 30
37 54 31
35 55 55
21 81 00
12 62 66
18 18 29
61 78 62
55 33 33
04 01 41
35 56 70
55 97 97
64 83 80
35 87 87
Sjå komplett oversikt over våre butikkar og spisestader.
Skann QR-koden, eller gå inn på amfi.no/amfi-knarvik
