
2025-2030


STRATEGI 2025-2030
Det geografiske hovudområdet er Vestland fylke
Side 14
SMST-analyse av bedrifta i dag Side 18
Målformuleringar frå SMST-analyse Side 30
Stretchmål mot 2030 Side 34
Tiltak for å nå måla Side 38
4 5 6 7 8 2 3 1
![]()

2025-2030


STRATEGI 2025-2030
Det geografiske hovudområdet er Vestland fylke
Side 14
SMST-analyse av bedrifta i dag Side 18
Målformuleringar frå SMST-analyse Side 30
Stretchmål mot 2030 Side 34
Tiltak for å nå måla Side 38
4 5 6 7 8 2 3 1


Selskapet HBV Betong AS vart etablert i mars 2016. HBV Betong AS er ei vidareføring av Dvergsdal & Sunde Betong AS, som vart etablert i februar 2004 av Dvergsdal & Sunde Bygg, Geir Heggheim og Åge Heggheim. Ingvar Bell gjekk inn som eigar og vart tilsett som dagleg leiar i 2007.
Hausten 2015 valde D&S Bygg å selje sine aksjar. Desse aksjane kjøpte Egil Vallestad og vart aktiv eigar frå 1. mars 2016.
Vi har som føremål å vidareutvikle eit berekraftig selskap, som utfører betongarbeid og betongkonstruksjonar, for privat og offentleg sektor i Vestland fylke, med kontor og lager i Førde.
HBV Betong AS er i dag samansett av desse eigarane:
• Heggheim Invest AS 25 aksjar
• Heggheim Holding AS 25 aksjar
• Bell Holding AS 25 aksjar
• ERV Holding AS 25 aksjar
Totalt pålydande aksjekapital er kr 100.000 kroner.

4 5 6 7 8 2 3 1


HBV Betong AS skal vere eit selskap, som leverer kvalitet til konkurransedyktige prisar. Og ha fokus på fornøgde kundar, god drift og høg kvalitet i alle leveransar.
Vi skal vere nær marknaden og såleis byggje tillit. Vi
skal bidra til god styring og kontroll, synleggjort gjennom positiv kundeservice. Vi fokuserer på å styrkje selskapet si evne til verdiskaping og utvikling.
4 5 6 7 8 2 3 1


Verdiar er haldningar, ferdigheiter og praktisk handling.
Vi skal:
• vere ansvarsbevisste, å ta ansvar sjølv først, følgje opp andre og leggje til rette for framsynt planlegging
• vere kreative, tenkje og jobbe målretta og vere opne for innspel frå andre
• vere dyktige, ha evne til nytenking, læring og tilpassing
• vere samarbeidsorienterte, skape gode relasjonar, respekt og vilje til å dele
• vite at leiing krev mot, visjonar og integritet
Det skal vere sjølvsagt at produkta våre, blir leverte til forbrukaren utan merknader ved overlevering. Kvalitet skal kjenneteikne marknadsføring, salsfase, driftsfase, avslutningsfase og skape meirverdi for kunde.
God drift for HBV Betong AS betyr kontroll på: Kalkyle, framdrift, prosjektrekneskap og ordrereserve.
Tilsette og underleverandørar skal ha tilstrekkeleg fagleg og praktisk kompetanse til å kunne oppfylle mottoet: «RIKTIG PÅ FØRSTE FORSØK».
Kompetansenivået til alle tilsette skal såleis stå sentralt, i den konkurransefordelen vi skal skaffe oss i marknaden. Dette vil også medverke til auka livskvalitet for dei tilsette.
Konkurransekraft inneber at kvar enkelt viser ansvar, kreativitet, dyktigheit, samarbeidsevner og positiv leiarskap. For oss skal konkurransekraft skaffe oss oppdrag, skape grunnlag for god økonomi og sikkerheit for kundane, og for HBV Betong AS.
Kundefokus betyr for oss at kundane alltid skal vere svært fornøgde.
4 5 6 7 8 2 3 1


Organisasjon, organisering og personale
Hovudkontor og lager er i dag i Flovegen 11, Førde i Sunnfjord kommune.
Hovudsatsingsområde for HBV Betong AS skal vere å utføre oppdrag innan landbruk, industri, kraftutbygging og bustadmarknaden i betongfaget.
Bransjar som vi vil ha særleg fokus på framover:
• Havbruk – landanlegg (setjefisk og/eller matfisk)
• Vindmølledrift – fundament
• Samferdsle – veg og vedlikehald
HBV Betong AS vil og ta sikte på å utføre mindre tømrararbeid i perioden, med innleigd arbeidskraft eller eigne tilsette.
Dette skal vi oppnå med å vere leiande innan kvalitet, kompetanse, trivsel og resultatgrad.
Primærområde: Tidlegare Sogn og Fjordane fylke.
Sekundærområde: Tidlegare Hordaland fylke, Møre og Romsdal fylke, Buskerud fylke og Innlandet fylke.

4 5 6 7 8 2 3 1


Som grunnlag for mål og strategi har vi gjort ein analyse av firmaet. S = Svakheiter M = Moglegheiter S = Styrke T = Truslar
1. Solid økonomisk grunnlag: HBV Betong AS har ein solid økonomisk posisjon, noko som gir oss fleire fordelar i en konkurranseutsett bransje:
• God likviditet: Selskapet har god evne til å dekke kortsiktige forpliktingar, og dette gir handlingsrom til å gripe moglegheiter.
• Investeringsevne: HBV Betong AS har råd til å investere i ny teknologi, utstyr og utviding av kapasitet. Dette gir fortrinn i ein bransje med stadig aukande krav til effektivitet og berekraft.
• Langsiktig perspektiv: Den sterke økonomiske posisjonen gjer at bedrifta kan tenke langsiktig og ikkje treng å ta raske og risikable val for å sikre overleving.
2. Sterkt omdøme og tillit: HBV Betong AS er kjendt for å levere kvalitet og er eit påliteleg selskap med ein god historikk. Dette gir dei ei rekkje fordelar:
• Fornøgde kundar: Kundane stolar på HBV Betong AS og er villige til å returnere.
• Langsiktige kundeforhold: Selskapet har bygd sterke og langsiktige relasjonar med kundar som er trygge på HBV Betong AS sin solide posisjon.
• Svært lite marknadsføring: Verksemda har bygd opp eit sterkt omdøme gjennom god service og kvalitet, og treng ikkje å bruke mykje ressursar på å marknadsføre seg.
• Gode vilkår i lokalbanken: lokalkunnskap, godt omdøme og god inntening gir gode vilkår i banken.
3. Erfaren og kompetent arbeidsstyrke: HBV Betong AS har eit erfarent og kompetent team med ein sterk arbeidsmoral.
• Brei kompetanse: Teamet har ein god miks av kompetansar innan ulike fagområde, noko som gjer at verksemda kan handtere kom-
plekse prosjekt og utfordringar.
• Lojalitet: Tilsette er lojale mot bedrifta og vi er villige til å gå den ekstra mila for å sikre suksess.
• Evne til læring: HBV Betong AS har ein kultur for læring og vi er villige til å investere i vidareutdanning av tilsette.
4. Tilpassingsdyktig og fleksibel: Selskapet har vilje til å ta på seg ulike typar oppdrag og tilpasse seg kundekrav.
• Fleksibilitet: Strukturen i HBV Betong AS er ikkje rigid. Det gjer at ein kan tilpasse seg endringar i produksjonsvolum og leveringstider.
• Evne til å handtere nye utfordringar: Verksemda har vilje til å ta på seg nye prosjekt og utfordringar, noko som gjer oss godt posisjonert til å møte framtidige behov.
• God kommunikasjon: Bedrifta har ein god og open kommunikasjon med kundar og tilsette, noko som gir dei fleksibilitet til å finne løysingar på utfordringar.
• Miljø: HBV Betong AS har integrert miljøarbeid i den daglege drifta, og har evne til å tilpasse seg krav til berekraftige løysingar.
5. Godt samarbeid med lokale leverandørar: HBV Betong AS har gode relasjonar med lokale leverandørar, noko som gir ei rekkje fordelar:
• Tilgang på ressursar: God tilgang på materiell og utstyr som trengs.
• God kjennskap til lokale forhold: Dette gjer at ein kan handtere logistikk og transport effektivt.
• Sterkare posisjon i lokal marknad: Gode relasjonar med lokale leverandørar styrker posisjonen i lokalt marknad.
• Lokale eigarar: Lokale eigarar med godt omdøme og god lokal kunnskap skapar tillit hos lokale leverandørar.
SVAKHEITER:
1. Avgrensa marknadsføring: Selskapet har ikkje eit stort fokus på marknadsføring, noko som kan vere ei svakheit i ein konkurranseutsett bransje:
• Mangel på synlegheit: Bedrifta er ikkje like synleg i marknaden som større aktørar.
• Avgrensa tilgang på nye kundar: Verksemda tenderer mot å stole på eksisterande kundar. Det kan vere utfordringar med å nå nye marknader.
• Manglande moglegheit for vekst: Utan aktiv marknadsføring kan det vere vanskeleg å auke omsetninga og sikre vekst.
2. Kan bli betre på systematikk: Det er mindre systematikk enn ønskje-
leg i høve til administrative prosessar, og dette kan føre til ineffektivitet og uføreseielegheit:
• Avgrensa kvalitet på dokumentasjon: Fokus på dokumentasjon, utover prosjekt kan systematiserast betre.
• Utydelege rolleskildringar: Rolleskildringar for alle tilsette kan med fordel spesifiserast betre, for å unngå misforståingar og uklare ansvarsgrenser.
• Oppfølging av tilsette kan bli betre: Det kan av og til vere mindre oppfølging og feedback enn ønskt, noko som kan føre til at ting fell mellom stolane.
3. Avgrensa fokus på innovasjon: HBV Betong AS har ikkje sterkt fokus på nyskaping:
• Lite fokus på ny teknologi: Selskapet kan med fordel ta i bruk ny teknologi, som kan forbetre effektivitet og kvalitet, raskare.
• Mindre fokus på utvikling av nye produkt og tenester: Verksemda tenderer mot å stole på eksisterande produkt og tenester. Korleis verksemda skal møte framtidige behov er ikkje tilstrekkeleg tydeleg avklara.
4. Avgrensa ressurskapasitet: Sjølv om verksemda har ein sterk økonomisk posisjon, kan den vere avgrensa i forhold til å handtere større og meir komplekse prosjekt:
• Mangel på personell: Selskapet har eit avgrensa tal tilsette, og dette
kan setje ei avgrensing på kor mange prosjekt ein kan handtere.
• Avgrensingar med omsyn til utstyr: Bedrifta har avgrensa tilgang på og oppbevaring av eige utstyr, og dette kan vere ein barriere for å ta på seg større og meir krevjande oppdrag.
• Mangel på kapasitet: Verksemda kan ha avgrensa kapasitet til å ta på seg store og komplekse prosjekter, noko som kan avgrense vekstpotensialet.
5. Kan bli betre på tydelege roller: HBV Betong AS har rolleskildringar, men dei kunne vore meir spesifiserte:
• Risiko for uklåre ansvarsområde: Det er ikkje alltid klårt kven som har ansvar for kva, og dette kan føre til konfliktar og dobbelt arbeid.
• Kan bli betre på struktur: Utydelege rollar kan føre til mangel på struktur og effektivitet.
• Kan bli betre på delegering: Uklåre ansvarsområde kan føre til at leiarar er usikre på kven ein skal delegere oppgåver til, og dette kan føre til at ein sit fast i administrative oppgåver og ikkje får tid til å fokusere på strategi.
1. Aukande etterspurnad: HBV Betong AS kan dra nytte av økt aktivitet i bygg- og anleggssektoren:
• Høgare etterspurnad etter betong: Auka aktivitet i bygg- og anleggssektoren fører til høgare etterspurnad etter betongprodukt.
• Fleire moglegheiter for å sikre seg kontraktar: Verksemda kan dra nytte av auka konkurranse og få fleire moglegheiter til å sikre seg kontraktar.
2. Nye marknader: Selskapet kan utvide sitt marknadsområde til nye bransjar:
• Oppdrett: Bedrifta kan utnytte sin kompetanse til å ta på seg oppdrag for oppdrettsnæringa, noko som kan bidra til å auke omsetninga og sikre framtidig vekst.
• Nye områder: HBV Betong AS kan utforske nye marknader, til dømes innanfor vindkraft, infrastruktur eller samferdsel, for å finne nye moglegheiter for vekst.
3. Teknologisk utvikling: HBV Betong AS kan dra nytte av ny teknologi for å forbetre effektivitet og kvalitet i produksjonen:
• Automatisering: Selskapet kan automatisere produksjonsprosessar for å auke effektivitet, redusere kostnader og forbetre kvaliteten på produkta.
• Berekraftige løysingar: Det kan investerast i teknologi for å utvikle berekraftige betongløysingar som reduserer miljøbelastninga.
• Digitale løysingar: Ein kan nytte digitale verktøy og plattformer meir systematisk for å forbetre kommunikasjon, planlegging og prosjektstyring.
4. Partnarskap og samarbeid: HBV Betong AS kan styrke sin posisjon
ved å inngå partnarskap med andre verksemder:
• Eigedomsprosjekt: Verksemda kan samarbeide med eigedomsutviklarar for å ta på seg betongarbeidet som underleverandør i eigedomsprosjekt.
• Samarbeid med andre leverandørar: Selskapet kan inngå samarbeid med andre leverandørar for å tilby meir omfattande pakkeløysingar til kundar.
• Samarbeid med utdanningsinstitusjonar: Bedrifta kan samarbeide med utdanningsinstitusjonar for å rekruttere nye talent og sikre tilgang på kompetanse.
5. Økt fokus på berekraft: Det er ein aukande etterspurnad etter berekraftige løysingar i bygg- og anleggsbransjen. HBV Betong AS kan posisjonere seg som ein leiande aktør på dette feltet:
• Utvikle miljøvenlege betongløysingar: Det kan utviklast nye betongløysingar som er meir miljøvenlege og energieffektive.
• Fremje berekraftig bygging: Verksemda kan bidra til å fremje berekraftig bygging ved å dele kunnskap og erfaring om miljøvenlege løysingar.
1. Konkurranse: Betongbransjen er konkurranseutsett, og ein må vere merksame på potensielle konkurrentar:
• Priskonkurranse: Verksemda kan bli utsett for prispress frå konkurrentar som tilbyr billegare løysingar.
• Auka konkurranse frå alternative materiale: Betong møter aukande konkurranse frå alternative byggemateriale, til dømes tre og stål.
• Større aktørar: Det er risiko for å møte konkurranse frå større aktørar som har fleire ressursar og større marknadsmakt.
• Ny kompetanse: Nye krav til kompetanse og berekraft vil kunne krevje rekruttering av andre typar fagfolk. Desse kan bli utfordrande å rekruttere og halde på.
2. Økonomiske svingingar: Usikkerheit i økonomien kan påverke byggeprosjekt og dermed etterspørselen etter betong:
• Nedgang i byggeinvestering: Ein økonomisk nedgang kan føre til at kundar utset eller avlyser byggeprosjekt, noko som kan påverke inntektene til selskapet.
• Høgt rentenivå: Høge renter over lang tid kan gjere det dyrare å finansiere byggeprosjekt, noko som kan føre til redusert etterspurnad.
3. Endringar i reguleringar: Nye miljøkrav og byggeforskrifter kan påverke produksjonsprosessar og kostnader:
• Strengare krav til miljøvenlege løysingar: Strengare krav til miljøvenlege løysingar kan føre til auka kostnader for HBV Betong AS.
• Nye bygningsforskrifter: Nye bygningsforskrifter kan føre til endringar i produksjonsprosessar og krav til materiale, noko som kan føre til auka kostnader og kompleksitet.
• Strengare krav til kompetanse og autorisasjon: Strengare krav til utføring som krev sentral godkjenning tiltaksklasse 3.
4. Framveksten av alternative materiale: Betong møter aukande konkurranse frå alternative byggemateriale:
• Økt popularitet av tre og stål: Tre og stål blir stadig meir populære byggemateriale, noko som kan føre til at verksemda har avgrensa moglegheiter innanfor andre marknadsnisjar enn kraftverk.
• Berekraftige alternativ: Det er ein aukande etterspurnad etter berekraftige byggemateriale, og dette kan føre til auka konkurranse frå andre materiale.
5. Klimaendringar: Ekstreme vêrforhold og klimaendringar kan påverke både produksjon og transport av betongmateriale:
• Vanskelegare arbeidstilhøve: Ekstreme vêrforhold kan gjere det vanskelegare og dyrare å jobbe med betong, noko som kan føre til forseinkingar og auka kostnader.
• Auka transportkostnader: Ekstreme vêrforhold kan føre til auka transportkostnader for materialar og utstyr.

4 5 6 7 8 2 3 1


For å vidareutvikle seg og sikre framtidig suksess, må selskapet:
• Auke fokus på marknadsføring og sal:
• HBV Betong AS må bli meir synleg i marknaden for å nå nye kundar og auke omsetninga. Selskapet kan nytte ulike kanalar for marknadsføring, til dømes sosiale media, nettsider, reklame, direkte marknadsføring og aktiv oppfølging av potensielle kundar.
• Forbetre organisasjonsstruktur og prosessar:
• Verksemda må skape meir systematikk i administrative prosessar for å auke effektiviteten. Dette kan gjerast ved å utvikle klare rolleskildringar for tilsette, med fokus på roller og ansvar, implementering og etterleve eit digitalt dokumentstyringssystem. Etablering av rutinar for oppfølging og feedback, gode konfliktløysingsrutinar i samband med prosjekt, samt reindyrke dagleg leiar-funksjonen.
• Investere i ny teknologi og innovasjon:
• Selskapet investerer i ny teknologi for å forbetre produksjonsprosessar, redusere kostnader og utvikle berekraftige betongløysingar. Verksemda kan også investere i teknologi for å forbetre kommunikasjon, planlegging og prosjektstyring.
• Utvide marknadsområde:
• HBV Betong AS kan utvide sitt marknadsområde til nye bransjar, til dømes oppdrett (både for smolt/setjefisk og matfisk), fornybar energi (til dømes fundament til vindmøller), infrastruktur eller samferdsle, samt nye geografiske områder.
• Styrke posisjon innanfor berekraftig bygging:
• Bedrifta kan posisjonere seg som ein leiande aktør innanfor berekraftig bygging ved å nytte miljøvenlege betongløysingar og dele kunnskap om berekraftig bygging.
• Ta tak i utfordringar knytt til vekst:
• HBV Betong AS treng ein strategi for å handtere vekst på en måte som sikrar at dei har riktig personell, kompetanse, utstyr og ressursar til å handtere større og meir komplekse prosjekt. Dagens organisasjonsstruktur må justerast dersom selskapet skal vekse, sidan dagens partnarskapsmodell gir avgrensingar - både med omsyn til roller og ansvar, samt til oppfølging av personell og prosjekt.
• Styrke HRM (Human Resource Management/strategisk personalstyring):
• Selskapet må sikre kompetanse og kapasitet på personalområdet for både å ta vare på og følge opp personell, samt legge til rette for rekruttering av folk med rett kompetanse til å møte framtidas bransjeutfordringar.
STRETCHMÅL MOT 2030 4 5 6 7 8 2 3 1


Årleg mål
• Utvide geografisk marknad
• Primærmarknad:
Tidlegare Sogn og Fjordane fylke
• Sekundærmarknad:
Tidlegare Hordaland fylke
Møre og Romsdal fylke
Buskerud fylke
Innlandet fylke
• > 5 nye unike kundar som kvar gir omsetnad på > 5 millionar kroner per år
• Måltal for blank overtakingsprotokoll: 95 prosent
Kvalitetsmålet vårt er å levere jobben til høg kvalitet, slik at kundane kan stole på leveransane våre og vere trygge for eigen økonomi gjennom heile byggjeprosessen.
I HBV Betong AS er kvalitet definert i forhold til kunden. Overtakingsprotokollen skal vere blank. Kunden skal oppleve leveransen betre enn venta.
Kvalitet blir òg definert internt: Arbeidet skal utførast som spesifisert på første forsøk.
Eit viktig kvalitetsmål er blank overtakingsprotokoll.
Innan tre år
• Minst eitt nytt oppdrag i definerte bransjar
• Havbruk – landanlegg (setjefisk og/eller matfisk)
• Vindmølledrift – fundament
• Samferdsle – veg og vedlikehald
Årleg mål
• Årleg inntektsvekst: > 20 prosent
Berekning: Endring i omsetnad frå i år til neste år i prosent av årets omsetnad
• Årleg driftsmargin: > 15 prosent
Berekning: Driftsresultat i prosent av driftsinntekter
• Årleg avkastning på bokført kapital: > 50 prosent
Berekning: Årsresultat (resultat etter skatt) i prosent av bokført eigenkapital (*)
(tal i heile 1.000)
Årleg inntektsvekst: > 20 prosent
Årleg driftsmargin: > 15 prosent
Årleg avkastning på
(*) Føresetnad: Bokført eigenkapital er sett til 6.314.000 kroner (henta frå 2024-rekneskapen). 70 prosent av årsresultatet blir disponert som konsernbidrag/utbytte
Innan tre år
• Kartlegging og dokumentasjon på alle relevante rutinar
• ISO-sertifisering:
• ISO 9001: Kvalitetsstyring
https://www.dnv.no/services/iso-9001-kvalitetsstyring-33655/
• Oppretthalde miljøsertifiseringa og sikre kontinuerleg miljøforbetring i bedrifta
• Oppdaterte jobbskildringar til alle tilsette
• Utvide til sentral godkjenning tiltaksklasse 3

Årleg mål
• Sjukefråvær < 2 prosent
• Reindyrke dagleg leiar-funksjon
• Må ha eit tydeleg marknadsføringsmandat
Innan tre år
• Alle operativt tilsette skal ha fagbrev
• Vidareutvikle og styrke matriseorganiseringa av verksemda
• Partnarane skal ha ansvar for eigne kundar og tilsette på prosjektbasis
• Dedikere og utvikle rolla som prosjektleiar
• Skal ha ansvar for planlegging og prosjektstyring
BALANSERT MÅLEKORT:

4 5 6 7 8 2 3 1
TILTAK FOR Å NÅ MÅLA


• Dagleg leiar og prosjektleiarar
• Formål: gå gjennom budsjett, sal, oppstart prosjekt, drift til neste møte, økonomi, prognose neste kvartal og status per dags dato
• Fire møte kvart år, første måndagen kvar tredje månad
• Stad: Kontoret i Flovegen 11
• Kvalitetssikringsgruppe: Dagleg leiar, Egil Vallestad, Geir Heggheim, Åge Heggheim og ein tilsett
• Formål: få best mogleg kvalitetssikring i HBV Betong AS. Ein gong per kvartal
• Styret skal gå gjennom arbeidet éin gong i året og lage handlingsplan
8.3 MEDARBEIDARSAMTALE
• 1 gang i året
• Få arbeid utført gjennom andre med rett kvalitet og god lønsemd
• Forstå og etablere åtferd med personleg fokus på lønsemd
• Velje dei rette folka
• Bli flinkare til å delegere
• Utvikle spisskompetanse på byggjeforskriftene (Tek 17)
• Lage og bruke handlingsplanar
• Utvide kompetansen for å oppnå krav til sentral godkjenning tiltaksklasse 3
• Presentere årsresultat
• Presentere strategi
• Presentere budsjett
• Avtale framtidige rammer
• Alle leiarar evaluerer resultatskapinga for sine tilsette kvartalsvis, handlingsplan som konklusjon
• Sosialt: Gjennomføre 4 firmasamlingar kvart år. Planlegge ein weekendtur annan kvart år
• Lage årsplan og budsjett for dette kvart år i november
• Dagleg leiar syter for at kvar tilsett får høve til å bli dyktigast mogleg
• Halde fram med bonusordning og presentere resultatet for arbeidarane
• Byggje opp og tilsette ein dyktig og samansett arbeidsstokk
• Gjennomgang av framdrift og lønsemd på kvart leiarmøte
