Skip to main content

Plakat bygdehelg Botnane 2026

Page 1

Bygdehelga Botnane - Årebrot 10.–12. juli 2026 Fredag 10. juli: kl. 19.00: Opningskonsert Botnane grendahus, Frøysjøvegen 2964. Konsert med To karnaljar, Halvard Husefest Lunde og Ronny Nymark Johannesen. Dei blandar dikt av Jakob Sande med keltiske tonar og irsk folkrock. Mat og drikke medrekna i billetten på kr. 300, til vipps 501465, merk «konsert». Påmelding til Åsmund Berthelsen, mobil 93 23 70 73.

Laurdag 11. juli: Kl. 11.00: Fiskekonkurranse for små og store i Nøre dalen. Premie for flest fisk, største og minste fisken. Grilling av fangsten. v/Torbjørn Øvrebotten og Sigbjørn Sørbotten. Kl. 13.00 - 17.00: Lunsjkafe i Botnane grendahus. Sal av mat, drikke og bøker. God stad å møte folk og slappe av mellom programpostane. Kl. 13.00 – 14.00: Opning av ny familievenleg tursti over Åsen. Torbjørn Øvrebotten har merka ein barnevenleg tursti frå Demma i Nøre dalen til grendahuset og syner veg på den attende frå fiskekonkurransen. Andre som vil vere med møter på Demma. Kl. 12.00 - 14.00: Start turnering på sendebrettbana i Botnane. Frå kl. 12.00 til kl. 14.00 kan du starte på både kort og lang løype på sendebrettbana bak Botnane grendahus. Påmelding til lang løype til Rune Nordbotten, mobil 415 53 395. Det er ikkje påmelding til den korte løypa. Premieutdeling på kafeen kl. 16.30. kl. 13.30: Omvising på Diktarstien i Botnane, m/dikt av Jan-Magnus Bruheim. Turen startar ved grendahuset og tek om lag to timar. Magni Øvrebotten er omvisar.

Søndag 12. juli: Kl. 11.00: Dåpsgudsteneste i Botnane. Med sokneprest Dag Leirvik og kantor Brunhilde Engelhardt. Om det vert godvêr vert gudstenesta ute på Jørnjorda, elles i Botnane grendahus. Kl. 13.30: Liv og verksemd på land og hav. Fridtjov Urdal fortel om næringsvegar på Årebrot fram gjennom tidene. Vi møtest på tunet hans på Kvia på Årebrot, Frøysjøvegen 4150. Det er råd å parkere på Kvia. Kl. 16.00: Basar på Årebrot grendahus, Frøysjøvegen 4200. Med sal av lodd og mat, og utlodding. Inntekta går til Botnane og Årebrot grendalag og drifta av grendahusa. Sal av lodd på grendahuset frå kl. 15.45.

Meir informasjon på www.Botnane.no og på Fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag.

Botnane og Årebrot grendalag


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Plakat bygdehelg Botnane 2026 by Rastrum - Issuu