Skip to main content

JPJ 2026

Page 1

JAZZ PA JØLST

2026

TOGET BIEFLUKT SILJE NERGAARD EIVIND AARSET 4 TET THE RED BARN - med BJØRN TOMREN DANIEL HERSKEDAL og MARIUS NESET SCHEMES QUARTET med VESLEMØY NARVESEN

FOTO: ATLE LUNDE

8.–11. OKTOBER

2026


VELKOMEN TIL

JAZZ PÅ JØLST 2026

Gode publikum Det er ei stor glede å ynskje velkomen til Jazz på Jølst 2026. I år er det den 17. utgåva av festivalen og vi har etter beste evne sett saman eit program som femner om fleire stilartar innan sjangeren. Vi håpar å treffe flest mogleg av både tidlegare og nye publikumsgrupper med dei artistane vi har engasjert som alle tilhøyrer toppen av norsk jazz. Klubben har heilt frå starten satsa bevisst på å presentere unge talent – både under festivalen ved å samarbeide med Firda VGS på Sandane om ein elevkonsert – og ved det fine samarbeidet med Vestnorsk Jazzsenter om sommarjazzkurs med avsluttande konsert. Det er ein viktig og fin tradisjon at vi også ynskjer dei heilt unge velkomen til konsert for born og familie. Vi nyttar høvet til å takke alle våre frivillige, sponsorar og samarbeidspartnarar som gjer det mogleg for oss å arrangere denne festivalen år etter år. Målet vårt er å skape gode opplevingar for folk og utan dykkar innsats og støtte ville det ikkje vore mogleg. Velkomen til festival! Hallvar Helgheim Leiar Jølster Jazzklubb


Sponsorar/samarbeidspartnarar:

Jølster Bygg og Interiør AS Vikavegen 1 AS

|

Gyngehesten AS

|

Spar Jølstraholmen |

Jølstraholmen Landskapshotell


PROGRAM OVERSIKT Torsdag 8. oktober

JAZZ PÅ JØLST 2026

20.00 på Jølstraholmen - TJUVSTART - Daniel Herskedal/Marius Neset Billettar kr. 410/310/100

Fredag 9. oktober

19.30 Grand Hotel Skei - OPNINGSKONSERT - Silje Nergaard Billettar kr. 470/370/100

22.00 Grand Hotel Skei - Schemes Quartet med Veslemøy Narvesen Billettar kr. 430/330/100

Laurdag 10.oktober 12.00 Brunsj & Briller - Jazz for born/familie - Toget Billettar kr. 100

14.00 Audhild Vikens Vevstove - BIEFLUKT - Musikklinja Firda VGS Gratis

19.30 Grand Hotel Skei - EIVIND AARSET 4 TET Billettar kr. 430/330/100

22.00 Grand Hotel Skei - THE RED BARN & BJØRN TOMREN Billettar kr. 430/330/100

Søndag 11. oktober 11.00 Gudsteneste med Jazzpreg - Musikk frå Sacred Concert av Duke Ellington Gratis

Sjekk også festivalpass og komibillettar som gjev rabatterte billettar


Trude Storheim er statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet, og vi er svært glad for at ho vil stå for den offisielle opninga av Jazz på Jølst 9. oktober. Trude er, som mange sikkert veit, tidlegare sjef for Vossajazz frå 2008 til 2023 og ho er breddfull av erfaring frå kultursektoren - og jazzfeltet særskilt. Før ho blei utmend til statssekretær i 2025 var ho dagleg leiar i Norske Kulturarranger frå 2024 og ho har også hatt fleire andre sentrale verv i kulturfeltet. (©Ingerid Jordal)

* Billettar skal lesast slik: Vanleg/Medlem/Unge under 25. Sjekk billettinformasjon ang. Festivalpass og kombi-billettar for kveldskonsertar.


Daniel Herskedal & Marius Neset

Karl Seglem – Tenorsax, bukkehorn, stemme Andreas Vold Løwe – Tangentar Anders Bitustøyl – Bass Kåre Opheim – Trommer


Torsdag 8. oktober kl 20.00 Restaurant Kraftverket, Jølstraholmen Gode publikum! I år er det superduoen Daniel Herskedal & Marius Neset som Tjuvstartar festivalen torsdag 8. oktober i Restaurant Kraftverk på Jølstraholmen. Herskedal og Neset er to av Jazz-Norge sine internasjonalt sørste stjerner. Med eigne grupper og i samarbeid med store orkester spelar dei for utselde konserter og får ståande ovasjonar frå så vel publikum som media. Det er ikkje så ofte dei to har tid til å spele saman. Konsertar med eigne band og prosjekt, samt komponering, tek det meste av tida og det er nærast ei storhending kvar gong dei tek opp att duosamarbeidet. Duoformatet gjev publikum eit breitt repertoar frå heftig jazzimprovisasjon til impulsar frå folkemusikk og klassiske klangar. Daniel Herskedal – tuba, basstrompet Marius Neset – saksofonar


SILJE NERGAARD

Silje Nergaard – vokal Hallgrim Bratberg – gitar Håvar Bendiksen – gitar


Opningskonsert Fredag 9. oktober kl 19.30 Grand Hotel Skei Silje Nergaard har stått på ynskjelista vår lenge og vi er veldig glad for at ho står for opningskonserten fredag 9. oktober. På det siste albumet Tomorrow We’ll Figure Out the Rest har Silje skrive ei samling melodiske låtar inspirerte av klassiske jazzstandardar og her vender Silje attende til jazzen, som ho starta med i 2001 med At First Light, som opna døra til den internasjonale jazzscena. Til Jølster har ho med seg dei to stjernegitaristane Hallgrim Bratberg og Håvar Bendiksen som ho har turnert verda rundt med og fått strålande respons for konsertane sine. Saman inviterer dei publikum inn i ei nær, intim og leiken konsertoppleving, der Silje deler historiene bak songane og musikarane løftar fram den vakre og særprega stemma hennar med sine dynamiske arrangement. Publikum kan gle seg til ein konsert fylt med varme, humor og musikalsk leik.


SCHEMES QUARTET med VESLEMØY NARVESEN


Fredag 9. oktober kl. 22.00 Grand Hotel Skei Schemes Quartet er samansett av utøvarar som alle har sin bakgrunn frå den strålande jazzlinja i Trondheim. Bandet er eit nytt og friskt kvartettpust på den europeiske jazzscena. For vårt publikum er kanskje Veslemøy Narvesen på trommer og vokal den mest kjente i bandet - m.a. frå Lindmo og NRKscenen og eigenkomponert verk med KORK. Medlemmene i bandet har bakgrunn frå ulike prosjekt - og saman er dei no i ferd med å byggje eit eige uttrykk for kvartetten med dei eigenarta stemmene sine. Brede Sørum – saksofon Oliver Skou-Due – piano Bendik Løland Lundsvoll – bass Veslemøy Narvesen – trommer/vokal


JAZZ FOR BORN/FAMILIE:

TOGET


Laurdag 10. oktober kl. 12.00 Brunsj & Briller, Skei Det vert ikkje Jazz på Jølst utan ein konsert for born/familie og i år kjem altså Toget til Skei. «TOGET» er eit band som spelar kul gitarmusikk. Her får du musikk du garantert har høyrt før, blanda med nokre nye, friske musikalske kjenningar. Ta plass på toget og bli med og syng, klapp, knips og dans! Toget slentrar stødig og taktfast langs skinnene og tek deg trygt gjennom kjende og ukjende landskap. Marius Hirth Klovning – Gitar og Banjo Edvard Mjanger – Bass Mats Mæland Jensen – Trommer og perkusjon


BIEFLUKT MUSIKKLINJA FIRDA VGS


Laurdag 10. oktober kl. 14.00 Audhild Vikens Vevstove (Gratis) Det er ein fin tradisjon som går heilt attende til starten av Jazz på Jølst at vi arrangerer ein gratis konsert på Audhild Vikens Vevestove med elevar frå musikklina på Firda VGS på Sandane. Vi er veldig glad for å kunne tilby ei scene der elevane kan vise seg fram på. Det er allltid veldig flinke utøvarar, folksomt i salen og veldig god stemning. Bandet i år er heiter BIEFLUKT og er samansett av: Jakob Pontoppidan Kviberg – Trommer Julie Vågen Nilsen – Vokal Erik Orrestad – Bass Magnus Berge Stenbakk – Piano


EIVIND AARSET 4TET


Laurdag 10. oktober kl. 19.30 Grand Hotel Skei Eivind Aarset har utan tvil klart å skape sin heilt eigne og umiskjennelege musikalske identitet, med ein stor dynamikk i uttrykket. I det eine augneblinken kan han spele dei mest sarte gitartonar, for i neste vending vrenge ut gitarstøy med nerve. Han har eit eineståande gehør når det handlar om å lytte og berre spele det som musikken krev. Samtidig har han ein ibuande trong til å utforske ulike sider av musikken, noko som gjennom åra har opna dører til samarbeid med dei fleire av dei største i sjangeren som Jon Hassell, Marilyn Mazur, Andy Sheppard, og fleire. Eivvind Aarset – gitar, elektronikk Audun Erlien – bass Erland Dahlen – trommer, perk Wetle Holte – trommer, perk, elektronikk Sven Persson – lyddesign


THE RED BARN

med BJØRN TOMREN


Laurdag 10. oktober kl. 22.00 Grand Hotel Skei Publikum har ei stor oppleving i vente når siste band ut laurdag kveld entrar scena på hotellet. The Red Barn er aktuell med plate i 2026, og med Tomrens særeigne uttrykk og country-jazzens nye yndlingar merkar folk raskt at handa er i rett hanske. Etter eit år med strålande kritikkar nasjonalt og internasjonalt for debutplata The Red Barn og nydeleg konsert under Vossajazz blei kvartetten utvida med Bjørn Tomren under Nattjazz - til strålande omtale i Bergens Tidende:. «The Red Barns åpne, organiske lydlandskap og Tomrens unike tekstlege uttrykk skaper eit nytt, leikent og sårbart univers» Vi garanterer svært god stemning! Bjørn Tomren – vokal Aksel Røed – saksofon Mathias Marstrander – gitar og steal Toivo Fjose – bass Kåre Opheim – trommer


GUDSTENESTE MED JAZZPREG


Søndag 11. oktober kl. 11.00 Vassenden Kyrkjesenter Duke Ellingtons Sacred Concert er eit storslått og unikt musikkverk for jazzorkester, kor og solistar. Verket er samansett av tre konsertseriar som blei komponert og framført på 1960-talet. Duke Ellington rekna sjølv desse konsertane som det viktigaste han gjorde i sin lange karriere. Musikken blandar element frå jazz, gospel, blues og klassisk kor. På festivalgudstenesta får vi høyre eit utdrag med songar som «Come Sunday» og «Praise God and Dance». Erlend Os – piano Cathrin Hjelle Søvde – sopran Naustdal Kyrkjekor Liturg: Selma Dahle Kraft


Utforming: RASTRUM

JAZZ PÅ JØLST 2026


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook