PÅ SUNNFJORDSKE STIAR
1 97 1 – 2 0 2 1
Indre Sunnfjord Turlag
1
2
PÅ SUNNFJORDSKE STIAR KJELL ARVID STØLEN
3
4
SJUFJELLSTUREN I FØRDE. På veg frå Viefjellet mot Kvamane. Foto: Atle Holsen
5
FØREORD
DU har no i hendene historieskriftet til Indre Sunnfjord Turlag. Heftet er ført i pennen av Kjell
Arvid Stølen, mangeårig journalist i NRK. Han er fødd og oppvaksen i Årdal i Sogn, men har budd det meste av livet sitt i Sunnfjord, og har reist fylket på kryss og tvers og gått mange turar i dei sunnfjordske fjella. Turlaget vart stifta som det første turlaget i dåverande Sogn og Fjordane fylke. At det tok 102 år frå stiftinga av Den Norske Turisforening (DNT) til det kom eit turlag i fylket kan ein no fundere på årsakene til. Sunnfjordingar har nok gått på tur lengre enn 50 år, men tidlegare kanskje mest knytt til ulik næringsverksemd. I dag er det 14 turlag i det som var Sogn og Fjordane fylke, med overbygningslaget Sogn og Fjordane Turlag som bindeledd til DNT og som koordinerer arbeidet mellom laga. For 50 år sida hadde IST fem tillitsvalde, i dag er talet 41 fordelt på seks undergrupper og hyttetilsyn. I heftet vil du bli nærare kjend med nokre av dei som har vore viktige i å byggje opp Indre Sunnfjord Turlag til den organisasjonen det er i dag. Men ein må ikkje gløyme at det er mange fleire enn dei som er omtalt i heftet som har vore veldig engasjerte, og lagt ned stor innsats for laget. Desse har i lange periodar brukt nesten all si fritid på Indre Sunnfjord Turlag. Ikkje nok med at dei har brukt av fritida si, turlaget har og drege stor nytte av deira yrkesmessige kompetanse.
6
Aktiviteten til laget har utvikla seg i takt med tida og ynskje frå medlemmene og befolkninga. I starten var det turar og hyttebygging. Breturar og skiturar var vanlegast, og dei som drog mest folk. Oppretting av Barnas Turlag-grupper rundt om i medlemsområdet til turlaget har og vore ein viktig faktor til veksten i laget. Medlemstalet var litt over 50 i stiftingsåret - i dag er det nesten 2000 som er medlemmer. Dei seinare åra har stimerking og rydding og vedlikehald vorte meir og meir etterspurt. Tendensen er at folk ynskjer å gå på tur i mindre venegrupper/familiegrupper og når det høver best for dei sjølve, Ikkje som før med fellesturar i store grupper . Ynskjet om å bruke naturen til tur og rekreasjon er aukande. Så det gjeld for Indre Sunnfjord Turlag å henge med i utviklinga av friluftslivet i dei neste 50 åra også, for å sikre ei vidare god drift av laget og til beste for medlemmene. Kjell Arne Hjellbrekke leiar Indre Sunnfjord Turlag
7
TRUGETUR PÅ VENEVASSEGGA. Foto: Atle Holsen
8
9
INNHALD
FØRSTE TURLAGET I SOGN OG FJORDANE ....................................................................... 12 TUNG TURSTART ....................................................................................................................... 16 MÅTTE RINGE RUNDT .............................................................................................................. 18 MOT KRAFTUTBYGGING ....................................................................................................... 20 FIRE ÅR I «DVALE» ..................................................................................................................... 22 DRAMATISK ÅRSMØTE ............................................................................................................ 26 KRAFTIG AUKE I MEDLEMSTALET ........................................................................................ 30 TRE HYTTER – OMSIDER .......................................................................................................... 32 KONFLIKT OM GRATIS OVERNATTING ................................................................................ 36 MASSBU OG NIPEBU .............................................................................................................. 38 NIPEBU ....................................................................................................................................... 40 BASERT PÅ TILLIT ...................................................................................................................... 42 STIRYDDING OG MERKING ................................................................................................... 44 FLEIRE HYTTEPLANAR ............................................................................................................. 46 NYTT TURKART ......................................................................................................................... 48 POPULÆR OG TRADISJONSRIKE TURAR .......................................................................... 50 ONSDAGSTURANE ................................................................................................................... 53 UNDERGRUPPER – M.A. BARNAS TURLAG ........................................................................ 54 TURLAGSKONTOR .................................................................................................................... 56 SAMARBEID OM OPPTUR-BØKER ....................................................................................... 60 UHELL OG ULUKKER ............................................................................................................... 62 IST OG NATURVERN ................................................................................................................. 63 «VEGEN ER STENGD FOR TURLAGET» .................................................................................. 64 EIN PROTESTORGANISASJON? ............................................................................................. 66 IST OG MEDIA ........................................................................................................................... 68 IST OG FRAMTIDA ..................................................................................................................... 70 ÅLEINE SOM HEIDERSMEDLEM ............................................................................................. 74 LEIARAR GJENNOM TIDENE .................................................................................................. 76
FØRSTE TURLAGET I SOGN OG FJORDANE
Indre Sunnfjord Turlag vart skipa 13. mai 1971, etter at det den 21. januar same året vart vald ei nemnd på tre personar som skulle førebu skipinga. IST vart det første turlaget i Sogn og Fjordane. Luster Turlag vart ein god nummer to med skiping i november same året, medan Årdal Turlag kom på bana i 1973. Men i turlagssamanheng var IST likevel ikkje spesielt tidleg ute. Den Norske Turistforening – DNT – hadde alt eksistert i over hundre år. Men turlag hadde lenge vore noko ein sysla med i byane, for å få byfolk ut på tur. I Sogn og Fjordane gjekk folk fjellturar for seg sjølve, av og til i lag med nokre få vener. Framand-
12
folk gjekk ein iallfall ikkje i lag med. Unnataket var breførarane i bygdene rundt Jostedalsbreen, men dei var for profesjonelle å rekne. Men fjella i Sunnfjord var ikkje folketomme før turlaget kom i sving. Som i andre vestlandsbygder var det mykje aktivitet knytt til stølsdrift, mange plukka bær, dei gjekk på jakt og fiske. Kort sagt mest ferdsel knytt til nytte og matauk. Men det var og ein del som gjekk berre for turen si skuld. I Førde-området var Langeland også på 1900-talet utgangspunkt for turar både til fots og på snø. Om sommaren gjekk folk til Klungeren derifrå, om vinteren var det populært blant dei unge å ta
Den første leiaren i IST, JON GJERDÅKER. Privat foto
bussen til Langeland, og så gå på ski tilbake til Førde via Heia og Reset. Etter at det vart bygt veg opp til toppen av Hafstadfjellet, vart det og ein populær tur. For naustedølene var Ramsdalsheia eit fint utgangspunkt for turar. Dei mest avanserte av turglade sunnfjordingar gjekk på ski til Blæja, eller dei køyrde kanskje til Gaularfjellet og gjekk på Johannesberget. På sommaren var det nokre få våghalsar som tok seg turar på Jostedalsbreen. Men organiserte turar var det ikkje før IST vart skipa, og merking av stiar fanst ikkje. Og då Førde-området rundt 1970 fekk stor tilflytting, var det mange som ynskte seg eit lag der
dei med litt hjelp kunne ta til å utforske den vakre Sunnfjord-naturen. Ein av desse var vossingen Jon Gjerdåker (1933-2016). Han kom til Førde frå Innvik, der han hadde vore lærar på Langvin jordbruksskule. I Nordfjord fekk han sansen for breturar. Sonen Arnfinn fortel at Jon saman med to vener gjekk første turen til Lodalskåpa, bundne saman med ei klessnor, og ein av dei gjekk i gummistøvlar. I Førde var han med på å ta initiativet til å starte turlag, og han vart den første leiaren i Indre Sunnfjord Turlag. I Sunnfjord fekk Gjerdåker først jobb som skogbruksleiar på Mo jordbruksskule, så vart
13
han heradsskogmeister i Førde, seinare disponent i Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Han var leiar i IST frå starten i 1971 til 1977. Året etter flytta han og familien til Voss, der han tok over farsgarden. På skipingsmøtet den 13. mai 1971 på Sunnfjord Hotell heldt den kjende turmannen Claus Helberg føredrag og synte lysbilete. Framlegget til vedtekter vart godkjent, der § 1 seier kva som var føremålet med laget: «Laget har som oppgåve å arbeide for eit friskt og sunt friluftsliv, særleg med å skipe til fotturar (om vinteren skiutferder) og andre utferder i laget sitt interesseområde.» Området vart vedteke å vere kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Seinare, i 1994, har Askvoll og Fjaler kome med. I tillegg til leiaren Jon Gjerdåker var det første styret samansett av Helge Bydal, Anders K. Huus, Hans Hvidsten og Borgny Ulltang. Det vart også valt eit hyttestyre med Helge Bydal som leiar.
DEN ÅRVISSE TUREN TIL MUNKEGGI er i slikt vêr ein draum for alle som likar å stå på ski. Foto: Dag Nestegjerde
14
15
16
TUNG TURSTART
Det vart vedteke å starte litt forsiktig første året, dei ville ikkje gape over for mange turar. Det vart sett opp fem forslag utover sommaren og hausten. Første turen i laget si historie vart planlagt til helga 20. – 22. august 1971, og det var ikkje akkurat nokon svipptur: Dei skulle gå Stardalen – Briksdalen – Tungestølen – Stardalen. Men vêret spelte ikkje på lag, og turen vart avlyst. Det same skjedde med ein planlagd tur frå Haukedalen til Jostefonn. Den 5. september var planen å gå frå Helgheim i Jølster til Skjorta, 1473 meter over havet på vestsida av Breimsvatnet. Heller ikkje då var vêret på deira side, men denne turen vart berre utsett, og den 12. september 1971 gjekk den første turen arrangert av Indre Sunnfjord Turlag. «Då Skjorta laut til pers» var tittelen på eit svært fyldig turreferat i Firda. Turfylgjet talde 12 deltakarar, mellom
dei leiaren, Jon Gjerd-åker, og sonen hans, åtte år gamle Svein, som seinare er blitt redaktør i nynorskavisa Dag og Tid. Den kjende breføraren A. K. Huus var kjentmann. Dei gjekk frå Helgheim, og på returen tok dei den bratte nedstigninga til Førde inst i Breimsvatnet, «heilskinna, men møyre», som det stod i turrapporten. Erik Solheim, då 24 år gamal, var mellom turdeltakane. I august 2021 skal han vere turleiar for jubileumsturen til Skjorta. To veker etter turen til Skjorta, den 26. september, gjekk tur nummer to – frå Nydalsstølen til Sandegga. «Eit par dusin naturelskarar hadde ein fin tur, der sola bakte godt i ryggen, under oppstigninga, og utsynet etter kvart vida seg ut til å nå frå Kinn i vest til Gjegnalunden i nord og langt inn på Jostedalsbreen i aust», stod det å lese i Firda etterpå.
17
MÅTTE RINGE RUNDT
Sjølv om det var bra med folk på desse to turane i skipingsåret, var det ikkje så veldig mange som heiv seg med på dei organiserte turane dei første åra i IST si historie. Erik Solheim fortel at han ein gong var på besøk heime hjå leiaren Jon Gjerdåker. Då sa kona til Gjerdåker, Kjellaug, at ho ikkje kunne forstå kvifor mannen måtte annonsere i Firda kvar gong han gjekk på tur med Borgny Ulltang. Gjerdåker brukte ofte å ringe folk han kjende for å få dei med på tur, slik at han slapp å gå åleine.
18
I eit minneskrift til familien sin fortel Gjerdåker dette om året 1974: «Som formann i turlaget fall det mange oppgåver på meg, stilla opp om andre hadde forfall. Skiturar til Bjørga, Grovabreen, Årdalskåpa og Heilefjellet t.d. Oftast 10-20 deltakarar.» I 1972 var medlemskontingenten i IST 10 kroner. Dette året hadde turlaget samla inntekter på 605 kroner, medan utgiftene kom på 450 kroner. Til samanlikning hadde IST i 2020 samla inntekter på nesten 1,1 millionar kroner.
ALT I 1972 valde hyttestyret i IST stad for ei lagshytte. Jostein Beinnes set ned merkestein med Helge Bydal som kontrollør. Dette er berre nokre hundre meter frå der Longevasshytta seinare vart bygd. Foto: Einar Eimhjellen
19
MOT KRAFTUTBYGGING Indre Sunnfjord Turlag markerte seg også i debatten om kraftutbygging i Naustdal-Gjengedalsvassdraget på 1970talet. Turlaget vedtok sommaren 1973 ei fråsegn som sterkt frårådde ei slik utbygging. «Vi meiner at korkje lokalsamfunnet eller landet er tente med denne utbygginga, vurdert i vidaste samanheng, og vil rå til at områda vert freda.» I fråsegna vart det nemnt at IST hadde planar om ei turhytte midt i det aktuelle området. Og freding vart det. Den 9. januar 2009 vart Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde oppretta.
20
ARNFINN VALAKER ved Kupevatnet på veg til Longevasshytta. Foto: Kjell Arvid Stølen
21
FIRE ÅR I «DVALE»
I skipingsåret 1971 var det 60 medlemmer i laget. Talet på turar auka jamnt utover heile 1970-talet. Men etter at det ikkje lukkast å få valt leiar i 1980, dabba aktiviteten av. Det var stort sett berre den årlege skituren Årdal – Nes som vart arrangert, og på denne turen i 1984 tok tre personar initiativet til å få turlaget i gang att. Dei tre var Einar Eimhjellen, Bjørn Høyvik og Richard «Rikken» Andersen. I mai 1984 vart det valt eit nytt styre med Richard Andersen som leiar, og aktiviteten tok seg etter kvart kraftig opp. – Det var stor interesse for å få laget i gang att. Vi fekk leiaren i Sogn og Fjordane Turlag, Eivind Skjerven, med på skipingsmøtet den 3. mai. Det var lett å få folk med til å sitte i styret, og eg sa ja til å vere leiar. Det vart ein del arbeid, vi hadde ganske tett program med turar, kanskje for tett. Mellom anna arranger-
22
te vi tur til Spiterstulen, med busstransport, fortel Rikken. Men den aller første turen etter nystartinga var lokal, den 30. mai gjekk 20 personar frå Klopstad via Svistølen til Helgås i Naustdal med Andreas B. Erdal som lokalkjend vegvisar. Richard Andersen var leiar av laget til 1988, då Kjell Oddvin Hjellbrekke tok over. Men han var leiar berre eitt år. I 1989 tok Agnar Åsnes over roret. Men Hjellbrekke tok ei ny økt som leiar frå 1995 til 1998.
DESSE TRE tok initiativet til å få IST i gang att. Frå v. Einar Eimhjellen, Richard «Rikken» Andersen og Bjørn Høyvik. Utklipp frå Firda
23
RIKKEN, i 2020 har han passert 86 år, hugsar godt det som skjedde i 1984.
24
DEN FØRSTE turen etter restarten. Utklipp frå Firda
25
DRAMATISK ÅRSMØTE
Og Åsnes fekk etter kvart ein litt stri tørn som leiar. Årsmøtet den 3. desember 1993 var prega av dramatikk, og styret truga med å trekkje seg. Det var fleire saker som skapte splid. Før årsmøtet hadde tidlegare leiar Richard Andersen gått ut i Firda og kritisert det han kalla eliten i turlaget. «Det er racerane i turlaget, ei gruppe på 15-20 personar som møter opp på årsmøtet og får sine ønskje gjennom … årsmøtet må ta eit oppgjer med elitestempelet.» Turlaget hadde gått inn med 15.000 kroner i aksjekapital i firmaet Aktiv Natur, som selde turutstyr og skulle organisere bre- og fjellturar. Eit par av dei tillitsvalde i turlaget hadde verv i firmaet. Richard Andersen meinte IST burde trekkje
26
seg ut av Aktiv Natur og heller bruke pengane på andre oppgåver, men på årsmøtet kom det aldri noko framlegg om å trekkje seg ut. Ein journalist frå Firda var til stades på årsmøtet, og avisa refererte det som skjedde under tittelen «Dramatikk i turlaget». Leiar Agnar Åsnes sa til avisa at han tykte det var noko stort tull å påstå at laget var eliteprega. – Vi har aldri hatt eit så omfattande og variert tilbod. Viss det er nokon som har jobba for å få det meir familievenleg, så er det eg. Ei anna konfliktsak var spørsmålet om å leige ein eigedom ved sjøen i Stavang, noko Richard Andersen ivra for, men som styret var heller lunkne til. På årsmøtet vart det vedteke å gå vidare med planane i Stavang, i tillegg til
hytteplanane styret hadde lansert i området ved Kvamshesten. Eit ekstraordinært årsmøte i februar 1994 skulle ta stilling til kva prosjekt laget skulle satse på. Det enda med at planane i Stavang vart skrinlagde. Også valet på årsmøtet i 1993 vart dramatisk. Det viste seg at berre ein av medlemmene i valnemnda hadde gått inn for attval av Agnar Åsnes som leiar. Det, i tillegg til at han måtte jobbe for eit hytteprosjekt han var imot, gjorde at Åsnes sa frå seg attval, og mesteparten av styret gjorde det same. Men etter mykje fram og tilbake, kom ei samla valnemnd med framlegg om attval av heile styret. Og slik vart det. Åsnes sat som leiar i eitt år til. Aktiv Natur vart avvikla i 1996. Då sa
Richard Andersen til Firda at dei styremedlemmene som hadde vore med på å kjøpe aksjar i selskapet, burde betale dei 15.000 kronene i tapt aksjekapital av eiga lomme.
27
28
DETTE BILETET teke på skituren Årdal-Nes i 1995 kan vere ein god illustrasjon på utviklinga av medlemstalet. Foto: Einar Eimhjellen
29
KRAFTIG AUKE I MEDLEMSTALET Det var berre 64 betalande medlemmer i 1985. Men frå 1989 tok medlemstalet av. Dette året vart IST gjennom Sogn og Fjordane Turlag (stifta i 1983) tilslutta DNT. Det skjedde samstundes med ei større samanslåing over heile landet, og DNT fekk om lag den organiseringa foreininga har i dag. Medlemstalet til IST gjorde eit hopp til 290. Frå 1994 vart medlemsområdet til IST utvida med Askvoll og Fjaler, og i 1995 passerte IST 800 medlemmer. Så var det stagnasjon i medlemstalet nokre år, fram til ei kraftig turbølgje strøymde over heile landet. Det vart attraktivt å vere DNT-medlem, og det viste att med ein formidabel auke i dei lokale turlaga. IST hadde 1075 medlemmer i 2005, 1490 i 2010, og dei siste åra har medlemstalet lege rundt 2000. I 2020 gjekk talet noko ned, til vel 1900.
30
PÅ VEG NED FRÅ FLØYEN med utsyn mot Dale og Dalsfjordbrua. Foto: Kjell Befring
31
SLIK TEIKNA TORODD OS LONGEVASSHYTTA, og slik vart ho.
32
TRE HYTTER – OMSIDER
Indre Sunnfjord Turlag skulle ha sine eigne hytter, det vart slege fast alt på skipingsmøtet i 1971, der det og vart valt ei hyttenemnd. Det vart peika på eit område i det dei kalla Nordfjella, mellom Jølster, Naustdal og Gloppen. Leiaren i hyttenemnda, Helge Bydal, var tilsett i NVE, og han hadde eit oppdrag i dette området sommaren 1971. Han tok med seg Jostein Beinnes og Einar Eimhjellen i eit sjøfly, og dei fann ei tomt dei meinte var eigna, berre nokre hundre meter frå der Longevasshytta står i dag. Men det skulle ta ein del år før planane vart realiserte. Uklare eigedomstilhøve og planar om kraftutbygging i Naustdalsvassdraget var viktigaste årsakene til at planane vart lagde på is. Først i 1986 kom det fart i sakene, då fekk
dei ordna med tomt mellom Inste Longevatnet og Vassvendevatnet. Dei satsa på ei hytte teikna av Torodd Os. På eit ekstraordinært årsmøte 14. desember 1987 røysta 15 for å satse på teikningane hans. Ein av dei frammøtte røysta imot fordi vedkomande meinte hytta vart for stor, og ein røysta blankt. Det vart rekna med at det meste skulle gjerast på dugnad. Likevel måtte det ein del pengar til, og Richard Andersen fortel at dei finansierte materialane på ulike måtar, i tillegg til tilskotet frå DNT, tippemidlar og gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Hyttebygginga vart kostnadsrekna til 400.000 kroner. –Mellom anna hadde vi eit kunstlotteri, med verk av folk som John Indrekvam og
33
Kjartan Slettemark. Kronerulling hadde vi også, fortel Rikken. I 1988 resulterte kronerullinga i 20.000 kroner. IST håpa også å få inn 20.000 kroner på riving av eit par hus ved Førde Sentralsjukehus, men ingen møtte opp til dette arbeidet, og Andersen etterlyste på årsmøtet i 1988 større dugnadsinnsats frå medlemmene. Det vart valt ei byggjenemnd med Bjørn Høyvik som leiar. Dei fem medlemmene i nemnda var den harde kjernen i dugnadsarbeidet, som starta i 1988. Høyvik har rekna ut at dei fem stod for 76,6 prosent av alle dugnadstimane. Det samla talet timar vart til slutt 3191. Ut frå ei timeløn den gongen på 44
34
kroner, utgjorde dugnadsinnsatsen 140.404 kroner. Men dei brukte også helikopter, i alt 18 hiv vart flogne opp. Dette kosta 40.540 kroner. Men Longevasshytta kom opp utan at Indre Sunnfjord Turlag trong ta opp fem øre i lån. I 1989 kunne Indre Sunnfjord Turlag ta i bruk den fine hytta. Den offisielle opninga skjedde i 1990. Alt same året bad hyttestyret om å få byggje på hytta, slik at det vart eit vaskerom og toalett. Det er seinare bygt eit naust ved Inste Longevatnet, og like ved Longevasshytta er det sett opp ei kombinert ved- og naudbu. Dei som tek turen til Longevasshytta, kan låne robåtar og kano.
1988. Bygginga av Longevasshytta er i gang. Foto: Richard Andersen 1990. Longevasshytta er teken i bruk. Foto: Einar Eimhjellen SEINARE vart det bygt ei sikrings/utstyrsbu og eit lite tilbygg mot aust. Foto: Kjell Oddvin Hjellbrekke
DETTE KUNSTVERKET fekk IST av kunstnaren Kjartan Slettemark til eit kunstlotteri til inntekt for bygging av Longevasshytta på 1980talet. Men kunstverket fekk aldri ein eigar, og det har lege på lageret til turlaget sidan. No syner det seg at det er verd nokre kroner.
35
KONFLIKT OM GRATIS OVERNATTING
Richard Andersen, som gjekk av som leiar i IST i 1988, fortel at det var kjekt og sosialt å vere med på bygginga av hytta, men at det også vart ein konflikt ut av det. – Det var ein del som meinte at dei som jobba dugnad, skulle få betalt dugnadstimane med ei gratis overnatting på hytta. Det var eg usamd i, for det er ikkje dugnad når innsatsen skal betalast med ei anna teneste. Denne konflikten var ein av grunnane til at eg trekte meg ut av turlaget. Styret i IST vedtok 26. april 1995 reglar for gratis overnatting på Longevasshytta. Dugnadsgjengen som hadde bygd hytta og som hadde meir enn 30 dugnadstimar, fekk ei gra-
36
tis overnatting for dei første 30 timane, deretter ei overnatting for kvar fullførde ti timar. Men desse overnattingane måtte nyttast i 1995. Det vart gjort unnatak for fire personar med svært høgt tal dugnadstimar. Desse fekk 10 år på å avvikle sine overnattingar. Det vart populært å ta turen til Longevasshytta, og til tider kunne det bli trongt om plassen. Spesielt for større grupper som skuleklassar som i større grad har hatt ønske om å bruke hytta. Difor starta IST planlegginga av ei utviding. Arbeidet med å byggje på mot vest starta så smått i 2015. Det meste av arbeidet vart gjort i 2016, og i 2017 var det fullført, fortel leiaren i hyttestyret, Kjell Kleiven.
I 2015 starta arbeidet med å utvide Longevasshytta mot vest. Foto: Kjell Kleiven
37
INGVALD OS på ein av sine mange turar til Massbu. Foto: Lisbeth Sommer
38
MASSBU OG NIPEBU
I 1992 kom tanken opp om eit rute- og hyttenett frå kysten og inn mot breen, Hav til Bre-prosjektet. Samstundes vart det diskutert å satse på ei hytte ved kysten, med tanke på eit tilbod for Barnas Turlag. Etter ein del debatt vart det bestemt å satse på Hav til Bre-prosjektet, i første omgang frå Stongfjorden og inn til Langeland. På Øvre Laukelandsstølen fekk laget tilbod om om langtigsleige av eit gamalt sel for oppussing. Også her vart alt arbeidet gjort på dugnad, med Ingvald Os som leiar. Hytta fekk namnet Massbu, oppkalla et-
ter den tidlegare eigaren, Mass Laukeland, og vart teken i bruk i 1999. Den offisielle opninga var 14. august det året, og det var dåverande ordførar i Gaular, Per Kjelstad, som stod for den, han skrudde fast skiltet ved inngangsdøra. Ifylgje avtalen med eigaren skulle IST ikkje betale leige for hytta dei 15 første åra. I 2020 sa eigaren frå at han vurderte å overta hytta sjølv. Men IST kom i løpet av våren 2021 til semje med eigaren om vidare leige, i første omgang for tre år, mot ei årleg godtgjerlse.
39
NIPEBU Ved Langevatnet, mellom Fossedalen og Rivedal fekk laget ei festetomt. Arbeidet med tomta vart sett i gang i 1999. Sommaren 2000 vart det leigd inn eit byggefirma for oppføring av råbygget, og innreiinga vart gjort på dugnad det neste året. Nipebu vart teken i bruk i 2001. Agnar Åsnes, som var sentral i arbeidet med å bygge Nipebu, fortel: Den 2. desember 1998 var to personar frå Askvoll kommune med til Langevatnet for å stikke ut tomta. 30. juli 1999 starta arbeidet med graving, men helga 20.–22. august var den første skikkelege dugnaden, med sju personar. Arbeidet med graving og støyping av pelar heldt fram til slutten av oktober. I mai 2000 vart støypinga gjort ferdig, og det var klart til bygging. Firmaet M. Leiknes i Askvoll hadde arbeidet med å sette opp bygget. Den 3. juni vart det floge opp 21 helikopterhiv med materialar, og den 5. juni starta reisinga. Arbeidet med tett bygg var ferdig 24. juni.
40
Etter dette starta dugnadsarbeidet, med isolering og paneling innandørs. Det var stor dugnadsinnsats frå slutten av juli og fram til starten av desember. Då var det meste av arbeidet med paneling ferdig. Frå februar til ut mai vart alt gjort ferdig, og hytta var klar til opning. Opninga var den 10. juni 2001. Til stades var ca 110 personar, og ordføraren i Askvoll, Kjellaug Veivåg Høyvik, klipte snora. Ordføraren i Fjaler, Arne Kyrkjebø, kåserte. Det var servering av rømmegraut og spekemat, med marsipankake til dessert. I alt 47 personar var med på dugnaden under bygginga, i tillegg deltok bygglinja ved Dale vidaregåande skule. Til saman vart det utført 1923 timar med dugnad. Dei neste ti åra var det oppe mange planar, og forslag om nye hytter for å føre ruta vidare. Det har ikkje lukkast å bli samde med grunneigarar om tomt, og fleire alternativ har
vorte stoppa av Fylkesmannen si miljøvernavdeling. Hyttene til Indre Sunnfjord Turlag er populære, og det er Nipebu som har mest besøk. I 2008 var det 612 gjester på hytta, i alt det året var det 934 personar som overnatta på dei tre hyttene til IST. Longevasshytta har ein kortare sesong enn Nipebu, mellom anna fordi det i periodar kan vere både vanskeleg og risikofylt å gå langs Stegsvatnet på ruta frå Årdalsdalen. Men i 2014 vart det sett rekord med 302 gjester på Longevasshytta, det året var det 397 på Nipebu og 34 på Massbu.
SLIK SÅG Nipebu ut i slutten av juni 2000. Foto: Agnar Åsnes NIPEBU er ei populær hytte. Foto: Kjell Arvid Stølen NIPEBU ligg fint til ved Langevatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen
41
BASERT PÅ TILLIT Turlaga er drivne av folk med tru på det gode i folk. Indre Sunnfjord Turlag har valt å ha opne dører i dei tre hyttene sine. Andre stader i landet må turfolk ha med seg DNTnøkkel om dei vil ty inn i ubetente hytter. Og dei aller fleste som er innom hyttene, gjer opp for seg. Enkelte gløymer å betale og må purrast på. Men direkte uærlege personar er sjeldan innom Nipebu, Longevasshytta og Massbu. Eit unnatak var i juli 2004, då ein eller annan tok med seg innhaldet i kassa, nokre eingongsfullmakter og 2000 kroner i kontantar, frå Nipebu. I dag vil nok utbytet vere magert dersom nokon tek turen for å finne pengar. Dei aller fleste betalar no med Vipps. Det er mest utanlandske turistar som brukar kontantar.
42
SJUFJELLSTUREN I FØRDE, gjennom skoddeslør mot Fureviknipa. Foto: Atle Holsen
43
STIRYDDING OG MERKING
Alt første driftsåret starta IST med å merke ruter i fjellet. Den første leiaren, Jon Gjerdåker, måla den første T-en på ruta mellom Vonavatnet i Naustdal og Årdal i Jølster, i september 1971. Dette resulterte i ein artikkel i Firda: «Med raudmåling til fjells.» Sidan den tid har dei raude T-ane blitt eit stadig meir vanleg syn for fjellvandrarar i Sunnfjord. Det største stiprosjektet var Frå hav til bre, Askvoll-Langeland, eit arbeid som vart sett i gang i 1992. Den hausten vart IST-leiar Agnar Åsnes kontakta av Per Kjelstad, som då var ordførar i Gaular. Han var leiar i Samarbeidsrådet for utmarksnæringar i Gaular. Dei hadde merkt ein tursti frå Bringeland og ut til Kvamshesten, og no lurte han på om turlaget kanskje ville føre det vidare. Slik kom det heile i gang.
44
Idéen vart presentert på årsmøtet året etter, fortel Åsnes. – Så kom det opp på eit ekstraordinært årsmøte, der det blei bestemt at turlaget skulle satse på dette prosjektet, og at vi skulle starte frå vest. Det vart valt ei nemnd som skulle arbeide med planane, og vi hadde ein kontaktperson i alle dei berørte kommunane, Askvoll, Gaular og Førde. Kommunane hjelpte til med å kontakte alle grunneigarane, det var temmeleg mange. Så starta arbeidet med å få til hytter langs stien vi skulle planlegge. Vi kom tidleg i gang med planlegging av hytte der Nipebu no ligg. Men på grunn av ein grenseoppgang, som skulle opp i Jordskifteretten, måtte vi vente ei god stund.
Samstundes vart det arbeidd med stien. Den startar i Stongfjorden, går via Nipebu og Massbu og vidare til Langeland. Her vart det arbeidd i etappar, og alt er vel ikkje ferdig enno. På grunn av ei kraftutbygging ved Sæle i Bygstad skulle vi vente til denne var ferdig. Men i juni 2005 var stien og merkinga frå Stongfjorden til Laukeland fullført, og Gustav Skaar kunne saman med Åsnes posere i Firda med overskrifta: «Kom igjen, turfolk – ruta er merkt!»
I LØPET AV dei 50 åra IST har eksistert har det vore brukt mykje raudmåling i Sunnfjord-fjella. Her er det Kjell Befring og Knut Børge Skurtveit som driv med remerking av ruta Ålhus-Longevasshytta i godt sommarvêr, på ryggen mellom Tolsbotnen og Litlebottsegga, den 24. juli 2019. Foto: Atle Holsen
45
ARTIKKEL I FIRDA om merkinga av ruta frå hav til bre. Personane på biletet er Gustav Skaar og Agnar Åsnes.
46
FLEIRE HYTTEPLANAR
Vest for Kvamshesten i Kvanndalen hadde vi på hand ei tomt til hytte, men i siste liten var det ein av grunneigarane som sa nei. – Vi såg på tomter lengre aust, men fekk aldri til noko, fortel Agnar Åsnes. – Så tok vi til å planlegge traséen frå Langeland og austover. Det første som skjedde, trur eg, var at vi fekk tilbod om å kjøpe fjellstova på Rørvikfjellet. Denne hadde Sogn og Fjordane Røde Kors fått som gåve, men etter ei tid fann dei ut det ikkje passa for dei. Styret i IST gjekk imot kjøp her, så det vart ikkje noko av for oss heller. Seinare var vi og såg på eit lite småbruk, rett over dalen for Rørvikfjellet, på Vindheim. Heller ikkje her var styret begeistra, så det vart heller ikkje noko av.
Til slutt fekk vi tilbod av Per Kjelstad om ei hyttetomt på Kjelstadnakken, litt sørvest for sjølve toppen. Også her var styret negativt, og vi måtte takke nei til denne òg. Etter dette takka eg for meg med arbeidet i prosjektet Hav til bre, seier Agnar Åsnes. Men det vart gjort mykje andre stader i dekningsområdet til turlaget. I 2015 sette IST i gang med å merke 23 ulike turstiar i Førde-området, i alt 50 kilometer med sti. Ein del av rutene er i sentrum, men dei fleste til fjelltoppane rundt Førde. Det kom opp grøne skilt som viste veg og skilt på toppane med namn og høgdemeter. Også i dei andre kommunane i IST-området vart det skilta og merkt mange nærturar.
47
NYTT TURKART I 1992 starta arbeidet med eit nytt turkart for området mellom Nordfjorden og Sognefjorden. Det hadde i nokre år vore snakka om trongen for eit godt kart over området som Longevasshytta ligg i. Ei arbeidsgruppe med representantar for dei involverte kommunane, forsterka med to frå IST, Agnar Åsnes og Leif Hundvebakke, og ein frå Statens Kartverk, hadde sitt første møte i desember 1992. Målet var å få ferdig eit kart året etter. Så fort gjekk det ikkje, men i 1997 var eit kart i målestokk 1:100.000 i sal. Det var ikkje berre applaus for produktet, i ein notis i Firda 19. mars uttrykkjer nokre anonyme turgåarar misnøye med stavemåten på ein del lokale stadnamn. Men kartet kom i bruk. Dei siste åra har digitale løysingar som GPS og kartappar på mobiltelefon blitt meir vanleg i bruk, men dei fleste røynde turgåarane har alltid med seg eit papirkart og kompass på lengre turar.
48
ARBEIDSGRUPPA for eit nytt turkart starta arbeidet sitt i desember 1992. Frå v. Per Kjelstad, Gaular, Leif Hundvebakke, IST, Åsmund Berthelsen, Naustdal, Agnar Åsnes, IST, Arve Seger, Førde, Hallgeir Hansen, Gloppen, Jarle Helgheim, Jølster, og Kåre Kyrkjeeide, Statens Kartverk. Foto: Øystein Torheim, Firda
49
FØRSTE SKITUREN Årdal-Nes i 1974. Biletet er teke ved Vassvendevatnet. Foto: Einar Eimhjellen
50
POPULÆRE OG TRADISJONSRIKE TURAR Turprogrammet til Indre Sunnfjord Turlag anno 2021 er variert, men ein del av turane har ei historie som er nesten like lang som turlaget sjølv. Den mest tradisjonsrike og kanskje mest populære er skituren frå Årdal i Jølster til Nes i Naustdal, via Longevasshytta. Turen blir skipa til kvar palmesøndag, og med godt vêr er det mange som tek turen. Det har vore nokre avlysingar på grunn av dårleg vêr eller snømangel, og i 2020 sette koronapandemien ein stoppar for turen. Bre- og fjellsportgruppa har fire tradisjonsturar på Jostedalsbreen, Josten på langs i mai, nattskituren på breen i juni, brevandring Lunde-Fjærland og fottur frå Fonn i Stardalen over breen til Tungestølen på Veitastrondi i Luster. På jubileumsturen til turleiar Bjørn Høyvik (20 turar) var det 63 deltakarar. I 1989 var det 65 deltakarar på Josten på langs, og i 2006 var det 125 som gjekk Lunde-Fjærland.
I 1994 vart den første sjufjellsturen i Førde avvikla. Dette er ein krevjande tur, med start ved Nordheitunnelen til Fureviknipa, Skinnbroka, Fauskevarden, Halbrendsnipa, Hafstadfjellet, Viefjellet og Førdsnipa. Seinare har det blitt sjufjellsturar både i Naustdal og Askvoll. Ved tusenårsskiftet starta ein ny tradisjon. IST innleia 2000-talet med bålbrenning på Hafstadfjellet nyttårsafta 1999. Bortimot 100 personar tok turen opp frå Bruland for å vere med på denne stemningsfulle markeringa av at vi gjekk inn i eit nytt årtusen. Sidan har dette vore ei fast avslutning av året. Ein annan tradisjon er samarbeidet med Folkemusikkfestivalen (Førdefestivalen) om konsert på Hafstadfjellet og Halbrendsstølen.
51
FRÅ BRETUREN Lunde-Fjærland i 2020. Utsyn ned i Bøyadalen. Foto: Kjell Kleiven
KJELL KLEIVEN har mange år bak seg som turleiar for sjufjellsturen i Førde. Her er det ein liten rast på Fauskevarden. Foto: Atle Holsen
52
JENS PETTER BØE på onsdagstur nummer 275, saman med IST-leiar Ragna Renna. Det var verdt eit oppslag på nettsida til NRK Sogn og Fjordane.
ONSDAGSTURANE er også ein lang tradisjon i IST. Det starta i 1991, tenkt som eit rekrutteringsprosjekt for å lokke folk til å bli med på lengre turar. Dette er eit tilbod om kortare turar på onsdag ettermiddag, der deltakarane møter på Esso-stasjonen i Førde og blir med turleiarane mot mål som er råd å nå utan at det blir for mørkt på returen. Nokre av desse turane har vore svært populære. I juni 2007 var så mange som 56 med turleiar Jens Petter Bøe frå Åsane til Sandegga. Den same Bøe var heilt åleine på den første onsdagsturen, som gjekk frå Vieåsen til Viefjellet 5. juni 1991. 20 år seinare, 15. juni 2011, hadde han eit fylgje på 40 personar med seg til topps. Samstundes runda han 275 onsdagsturar, og dette vart markert på toppen av Viefjellet. Dei seinare åra har talet på deltakarar gått nedover, mykje fordi folk i mykje større grad enn før finn vegen til desse måla sjølve.
53
BARNAS TURLAG i Askvoll har hatt god aktivitet dei siste åra. Her er det Tuva Ask og Hogne Solheim som helsar på Turbo. Foto: Evelyn Vågane
54
UNDERGRUPPER – M.A. BARNAS TURLAG
I november 1999 gjekk styret i IST inn for å opprette Barnas Turlag som undergruppe av laget, og på årsmøtet 5. desember vart dette vedteke. Då hadde ei barne- og familiegruppe vore i sving i eitt år som ei prøveordning. Aktiviteten kom i gang i 2001, etter at Bjørn Vidar Mathisen vart vald til første leiaren i Barnas Turlag på årsmøtet 3. desember 2000. I 2001 vart det rapportert at 113 barn og 95 vaksne var med på turar, nokre turar med svært mange deltakarar, nokre med berre den harde kjernen, vart det opplyst på eit felles-
møte i november. Etter kvart vart det BT-lag i alle kommunane som IST dekker, i Fjaler i 2006, i Naustdal først i 2011. Dei siste åra er det BT-laga i Askvoll og Naustdal som har hatt størst aktivitet. Turlaget fekk også ei bre- og fjellsportgruppe og eit seniorutval. Seinare vart det også etablert DNT Ung-grupper, men som har hatt varierande aktivitet. Grunnen til det er nok at ungdommen ofte er på flyttefot. Siste gruppa som er kome er merke- og løypenemnd, som vart oppretta på årsmøtet i 2017.
55
TURLAGSKONTOR I 1994 fekk Indre Sunnfjord Turlag ein stad å vere. Då vart det leigd eit lite kontor hjå Aktiv Natur. Då dette selskapet vart avvikla i 1996, inngjekk IST avtale med Norges Blindeforbund om leige av kontorlokale i tredje etasje i den tidlegare bygningen til Førde Samyrkelag. Det var opningstid på ettermiddag/kveld, og dei tillitsvalde bytte på å ha kontorvakt. I februar 2004 flytta Sogn og Fjordane Turlag kontoret sitt frå Florø til Førde med lokale i den tidlegare postbygningen ved Langebrua, med Astrid Kalstveit som informasjonskonsulent. Sidan har IST hatt lager der og brukt kontoret som møtelokale. Men i 2020 har SFT planar om ei omorganisering som kan bety slutten på kontoret i Førde. Det gjer at IST må vurdere eigne lokale. Etter omorganiseringa har IST teke over kontoret og lageret i Langebruvegen. Dette for å kunne ha ein møteplass og lager. Laget har óg tilsett Marie Sørum i 25% stilling, som ei vidareføring av tidlegare avtale om administrativ hjelp av Kjell Arvid Stølen.
56
YNDESTADSTØLEN. Foto: Kjell Arvid Stølen.
57
SOMMARIDYLL VED BOTNAVATNET. Turar i fjell, skog og mark kan gi oss mange fine opplevingar. På ein varm sommardag kan eit bad i til dømes Botnavatnet vere lukka i livet. Foto: Judith Nora Stølen.
58
59
SAMARBEID OM OPPTUR-BØKER Selja Forlag gav i 2005 ut boka «Opptur – 267 fotturar i Sogn og Fjordane». Her var Indre Sunnfjord Turlag med på å gi informasjon om turar i sitt nedslagsfelt. Sidan har det kome fleire Opptur-bøker. Mest involvert vart IST i boka «Opptur Indre Sunnfjord» (2018), eit samarbeid mellom forlaget og turlaget. Denne boka fekk eit etterspel. Eigarane av høgdegarden Fossen i Erdalsdalen gjekk til Forliksrådet med krav om at boka skulle stansast. Dei meiner at omtalen i boka førde til så stor trafikk av turgåarar at det gjekk ut over privatlivet deira. Selja Forlag avviste kravet.
60
LISBETH SOMMER på tur på Hestane. Foto: Anne Cecilie Kapstad
61
UHELL OG ULUKKER
Tryggleiken til turdeltakarane har alltid vore noko av det viktigaste for IST, og sidan 1971 har turleiarane til Indre Sunnfjord Turlag losa tusenvis av menneske trygt til fjells og heim att. Men eitt unnatak sit brent fast i minnet til mange i turlaget: Den 13. mars 2004 omkom ein mann frå Breim i eit snøras i Fagredalen ved Dvergsdalsdalen. Raset vart utløyst av turfølgjet. Ni av dei andre i ei skigruppe på 12 frå Indre Sunnfjord Turlag vart også tekne av raset, men berga livet. Nokre av dei kom til skade. I mai 2008 døydde ein 69 år gamal mann på ein IST-tur på Gaularfjellet. Dødsårsaka var hjartestans. Det har også vore nokre mindre uhell og skadar, men samla sett har det vore
62
veldig trygt å vere med IST på tur gjennom 50 år. Fram til 1995 var turgruppene utan kontakt med omverda når dei var i fjellet. Men dette året vedtok styret å kjøpe ein mobiltelefon, ein NMT 450 frå Magne Aase, prisen var 6000 kroner. Det vart presisert at dette var ein naudtelefon. «… samtalar heim frå kjende fjelltoppar m.m. ser styret i IST på som ein uting, og skal ikkje førekome. Vi har teikna eit billeg abonnement, men det er dyrt i bruk», står det i referatet. Seinare vart det investert i satellittelefon. I 1998 vart det vedteke å kjøpe inn ein GPS som ekstra tryggleik, i tillegg til kart og kompass.
IST OG NATURVERN Alt på 1970-talet markerte Indre Sunnfjord Turlag seg i naturvern, med ei fråsegn mot kraftutbygging i NaustdalGjengedalsvassdraget. Seinare overtok naturvernutvalet i Sogn og Fjordane Turlag ansvaret for å tale naturen si sak. Det har vore ein del tilfelle der standpunkta til turlaget har skapt konfliktar, mellom anna med grunneigarar.
63
«VEGEN ER STENGD FOR TURLAGET»
I juli 2008 skulle eit turfølgje frå Indre Sunnfjord Turlag til Fossheimsdalen i Jølster, og med turleiar Ludvig Birkeland i spissen var planen å køyre bomvegen som var bygd i samband med ei kraftutbygging i Fossheimselva. Men på vegen stod det eit skilt som fortalde at vegen var stengd for turlaget. Bakgrunnen var at Sogn og Fjordane Turlag i ei høyringsfråsegn hadde gått imot utbygginga. Grunneigar Kåre Eide sa til Firda at han meinte det var dobbeltmoral av IST å bruke ein veg som var ein del av ei utbygging dei hadde sagt nei til. Det høyrer med til historia at turfølgjet sette frå seg bilane der bomvegen starta og gjekk dei 2,5 kilometrane opp til der turstien byrjar.
64
IST-TUR TIL SKJORTA, ein rast etter oppstigninga i Helgheimsdalen. Heilt til høgre turleiar Erik Solheim, sjølvsagt på treski. Foto: Kjell Arvid Stølen
65
PÅ TURPROGRAMMET til IST står også breturar. Her er turfølgjet på veg mot Fjærland med Supphellenipa i bakgrunnen. Foto: Anne Cecilie Kapstad.
66
EIN PROTESTORGANISASJON?
I januar 2006 var det ein litt oppheta debatt i lesarbrevspaltene i Firda. Utgangspunktet var ein «applaus» i avisa frå Gustav Skaar til leiaren i naturvernutvalet i Sogn og Fjordane Turlag, Alvar Melvær, for at han «ved fleire høve har kome med gode og velgrunna merknader til naturøydingane vi ser». Dette fall ein del grunneigarar tungt for brystet, og det vart stilt spørsmål om turlaget er ein protestorganisasjon. Ein grunneigar meinte å ha registrert at Sogn og Fjordane Turlag «har blitt svært aktiv med protestar mot grunneigarane sine disposisjonar. Det gjeld vegbygging, hogst og spesielt utbygging av småkraftverk». I eit svar til dette skreiv Alvar Melvær at turlaget er ein friluftsorganisasjon, men at det også skal vere
ei vaktbikkje for friluftsinteresser. SFT seier svært sjeldan noko om vegbygging og har aldri sagt noko om hogst. Derimot har turlaget i 22 år engasjert seg i kraftutbyggingssaker, skreiv Melvær. Men debatten var ikkje over med det. Fleire grunneigarar kom på bana, og ei kvinne fekk oppslag i Firda på at ho gjekk ut av turlaget i protest. «Sogn og Fjordane Turlag har blitt for prega av urbane haldningar om at naturen skal ligge urørt for at byfolk skal ha den til å gå tur i. Eg opplever ei einsretting der medlemmene skal stå for ei kompromisslaus vernehaldning eg ikkje kan dele.» Dette fekk leiaren i SFT, Jørgen Bruheim, til å svare at desse karakteristikkane av turlaget var tullprat.
67
IST OG MEDIA Dei første åra var avisa Firda ein viktig medspelar. Alle turane vart annonserte i avisa, og Firda tok gjerne inn turrapportar og gav dei god spalteplass. Seinare har utviklinga både innan media og generell teknologisk utvikling ført til at kontakten med medlemmer og andre interesserte har kome over på eigne plattformer. Indre Sunnfjord Turlag har fått si eiga nettside, indresunnfjord.dnt.no, og eiga Facebook-side. Der er det førehandsomtale av alle turane, og turomtalar med foto blir lagt ut i etterkant. Det som kjem om IST i aviser, radio og TV, handlar helst om hendingar som avvik frå det normale, som ulukker og konfliktar.
68
TRU DET ELLER EI, i Sunnfjord går ikkje alle turane i godvêr. Dette er i frå ein onsdagstur til Fløyen i Gaular, med Osen i venstre bildetkant. Foto: Kjell Befring.
69
IST OG FRAMTIDA
Sjølv om talet på medlemmer i Indre Sunnfjord Turlag er høgt, har talet på deltakarar på dei organiserte turane gått nedover. Det kan vere ulike grunnar til det, men det er ikkje tvil om at sunnfjordingane brukar fjellet og stiane turlaget har merka som aldri før. Med andre ord er det no ein meir individuell bruk av fjellet. Mange turbøker med god informasjon og god merking av mange stiar gjer at folk finn vegen sjølv. Det same er tilfelle med appar som ut.no. Dagsturhyttene som fylkeskommunen og Sparebankstiftinga har fått reist i alle kommunane i det gamle Sogn og Fjordane har og fått veldig mange ut på tur. I føremålsparagrafen som vart vedteken i 1971 står det: : «Laget har som oppgåve å arbeide for eit friskt og sunt friluftsliv, særleg med å skipe til fotturar (om vinteren skiutferder) og andre utferder i laget sitt interesseområde». Indre Sunnfjord Turlag har gjennom
70
50 år lagt ned eit stort arbeid med å legge til rette for friskt og sunt friluftsliv ved å byggje og drive hytter, merke stiar, arrangere turar og informere gjennom nettside og på sosiale medium. Så om talet på deltakarar på dei organiserte turane går ned, oppfyller IST i høg grad føremålet sitt, å få folk ut på tur. Framleis er talet på organiserte turar i regi av IST høgt. I 2021 er det planlagt rundt 40 lengre fellesturar, medrekna turane til Bre- og fjellsportgruppa. I tillegg er det i sommarhalvåret ettermiddagsturar på onsdagane, seniorgruppa har ei rekkje turar på tysdagane, og Barnas Turlag har mange turar og aktivitetar på planen sin. IST set også opp turmål i TiTur Sunnfjord og TiTur Dalsfjorden. Her kan folk sjølve gå turane og vere med i trekninga om premie når sesongen er over. IST er også med på å arrangere Opptur, der åttandeklassingar og lærarane deira brukar
DEI SISTE ÅRA har IST også arrangert trugeturar. Dette biletet er frå ein av dei første turane, i 2013. Det er pause på Hjellestølen på veg mot Steinheia. Turleiar er Kjell Kleiven (nr. 2 frå venstre). Foto: Foto Ragna Renna.
71
EIN AV TURANE til seniorgruppa i 2019 gjekk til dagsturhytta Vidsyn i Fjaler. Foto: Odd Skrede
ein skuledag i mai på fjelltur. Dette er ein fin måte å vise ungdommen kor kjekt det kan vere å kome seg ut på tur. I 2020 var koronapandemien ein kraftig brems på aktiviteten, særleg i starten av tursesongen, då ein del turar vart avlyste. Smitterestriksjonar gjorde at færre om gongen kunne besøke hyttene våre, alle besøk måtte avtalast på førehand via e-post. Samla sett gjorde det at inntektene på hytteutleige gjekk vesentleg
72
ned. Men turlaget hadde auke i andre inntekter og mindre utgifter, mellom anna vart det ikkje brukt helikopter for å frakte proviant og ved til hyttene. Dette saman med gode inntektsår tidlegare gjer at turlaget har kapital å tære på, så inntil vidare er det ikkje grunn til å uroe seg for økonomien.
MOT GROVABREEN. Foto: Kjell Arvid Stølen
73
BJØRN HØYVIK med beviset på at han er heidersmedlem i IST. Foto: Kjell Arvid Stølen
74
ÅLEINE SOM HEIDERSMEDLEM
I 2009 vart Bjørn Høyvik den første og til no den einaste som har blitt utnemnd til heidersmedlem i Indre Sunnfjord Turlag. Det skjedde i samband med 20-årsjubileet til Longevasshytta. Grunngjevinga var at han var ein av tre som fekk i gang att turlaget i 1984, i tillegg til at han har hatt ei rekkje verv i laget. Han var turleiar, både på fotturar og breturar, m.a. starta han med breturen Fonn-Tungestølen og var turleiar på den turen i 20 år. Ikkje minst var han heilt sentral i planlegginga og bygginga av Longevasshytta. Han var mellom dei som hadde så mange dugnadstimar at turlaget gav dei ti år til å bruke opp dei gratis overnattingane dei hadde opparbeidd seg. Høyvik skreiv ned alle turane han hadde til Longevasshytta dei to åra bygginga pågjekk. I alt vart det 52 turar, og han hadde i alt 114 dagar på byggjeplassen.
– Det vart ein del helger og feriedagar, seier han. Det mange ikkje veit, er at Bjørn også er mannen bak den første logoen til Indre Sunnfjord Turlag. – Eg var på tur til Gjøset og teikna profilane til Hestane. Så sende eg det til eit firma i Danmark og fekk tilbake eit utkast som så vart godkjent av IST. Dei siste åra har Bjørn brukt mykje av tida på luftsport, og sjølv i sitt 83. år hadde han ein god del luftige turar frå Hafstadfjellet. Den spreke pensjonisten er eit levande bevis på kor bra allsidig idrett og fjellturar er for helsa. I sin ungdom var han både skihoppar, langrennsløpar og fotballspelar. Han var spiss på A-laget til Jølster alt som 13-åring, og som spelar på Sandane var han med på ein kamp mot Brann. Bergensarane vann 5–3, men Høyvik scora to mål i den kampen.
75
LAGET HAR HATT FØLGJANDE LEIARAR:
76
Jon Gjerdåker
1971 – 1977
Trygve Oslandsbotten
1978 – 1979
Valt styre – utan leiar
1980 – 1983
Richard Andersen
1984 – 1988
Kjell Oddvin Hjellbrekke
1989 – 1990
Agnar Åsnes
1991 – 1994
Kjell Oddvin Hjellbrekke
1995 – 1998
Ingvald Os
1999 – 2005
Atle Holsen
2006 – 2010
Ragna Renna
2011 – 2015
Kjell Arne Hjellbrekke
2015 –
KJELL ARNE HJELLBREKKE har vore leiar i IST sidan 2015.
77
ORGANISASJONSKART:
Sogn og Fjordane Turlag
1971
2021
For kommunane Sunnfjord, fjaler og askvoll
78
PÅ LAG MED TURLAGET:
STOREHAGEN 5
79
IST
1 97 1 – 2 0 2 1
Indre Sunnfjord Turlag
80