


![]()





Kraftkommunar flyttar ikkje til Sveits
Gunnar Grytås
Denne boka er kjøpt inn under Kulturrådet si innkjøpsordning for ny norsk sakprosa.
Forfattaren har motteke støtte frå Stiftelsen Fritt Ord og Norsk faglitterær forfatterog oversetterforening til sitt arbeid.
Omslagsbilde: NVE / Digitalt Museum
Forfatterportrett: Aud Tåga Design: DesignBaltic Trykk: Dardedze Hologrāfija
ISBN: 978-82-8104-667-2
© Orkana forlag 2026
Orkana forlag AS, 8340 Stamsund
www.orkana.no
post@orkana.no
Ved inngangen til 1970-åra gjekk det framleis for full fart i norsk kraftutbygging. Over heile landet vart det jobba med store og meir avanserte prosjekt i ulike fasar: Nye vassdrag var under planlegging, store reguleringar starta opp og meir effektive kraftverk kom i produksjon. Framleis var det mange som gleda seg over utviklinga, medan andre ville ha sterkare vern framfor vekst.
Eg møtte nokre av kraftsogene som fersk journalist med oppstart sommaren 1969. Det vart eit «rallaraktig» arbeidsliv der eg i mine første arbeidsår jobba i fem aviser rundt om i landet. Først i mi eiga lokalavis Firda i Førde, då kampen om Gaula alt var i gang. Etter militærtenesta og journalisthøgskulen vart det nye jobbar på Helgeland, i Telemark, Vest-Oppland og til slutt i Tromsø frå 1978. Heile denne vegen, og i åra som kom, vart det mange lokale energipolitiske saker å skrive om. Reaksjonar frå lesarane stadfesta at dette var viktig stoff.
Heimanfrå har eg også barndomsminne frå «vår» kraftutbygging: reguleringa av Hovlandsvassdraget i 1960-åra som skulle sikre NACO i Høyanger meir kraft til smelteverket. Ved Åsstølsvatnet hadde farsslekta mi ein støl som ville sige saman, og kanskje rase ut, fordi vatnet vart regulert. Det vart også 12 andre vatn, eit av dei med nesten 40 meters reguleringshøgd. Men dagane vi fekk på stølen, er gode minne om sanking av molter, aurefiske med oter, rømmekolle og turar med kløvhest. Og utan at NACO skal få skulda, var stølsdrifta på hell fordi onkel Johannes og tante Trina var godt oppe i åra og skulle gje seg med slitet uansett. Likevel er det litt sårt at kulturminna etter generasjonars slit har rasa saman. No ligg ruinane som kulisser i ein ny og mykje hardare kamp om
fjellheimen mellom Gaular og Høyanger. Men i dag handlar det nye Snøheia-prosjektet om vindkraft, primært for å sikre Hydro Aluminium energi etter 2030. Der stølsbøndene takka ja til nokre tusenlappar i årlege avgifter og erstatning for utbygginga på 1960talet, er motstanden sterkare no.
Som journalist i Tromsø, med jobbar i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet, var det viktig å fylgje utviklinga i kampen om korleis samfunnet forvaltar eigarskapet til energiressursar som vasskraft, vindkraft, olje og gass. At eg også har skrive ein del om fiskerinæringa, er ikkje noko sidespor. Vasskrafta fekk sine konsesjonslover i 1909 for å sikre lokalsamfunna langs vassdraga avgifter og ein del av verdiane som salet av vasskrafta skapte. Fiskeria fekk sine fiskerigrenser, råfisklov og deltakarlov som ein garanti for at fiskevær og fjordbygder skulle ha inntekter til å leve av. Slik var utgangspunktet felles, men sidan 1990 har dei to næringane gjort ulike politiske retningsval. Med offentleg, lokalt eigarskap er vasskrafta framleis ein nasjonal strategisk leverandør av relativt billig, men no subsidiert energi, og ei viktig inntektskjelde i nesten 200 kommunar. Derimot har fiskeria lausrive seg frå samfunnsansvaret gjennom privatisering, omsetning og samling av fiskekvotane på langt færre hender. Mykje som eit resultat av at Stortinget har «abdisert» og overlate styringa til byråkratiet, organisasjonane og finansmakta. Vi ser også at både fiske, havbruk og dei nye vindkraftselskapa er meir interesserte i å tilfredsstille kvotebaronar og dei nyrike i skatteparadisa, enn lokale nabolag under vindturbinane. Med denne utviklinga som bakteppe er det ikkje unaturleg at tittelen på denne boka vart Kraftkommunar flyttar ikkje til Sveits.
Boka er for ein stor del ei industrihistorie, henta frå ulike anlegg som kvar for seg var typiske for si tid. Her står også arbeidet for å sikre offentleg og lokalt eigarskap til vasskrafta sentralt. Boka er i all hovudsak bygd på skriftlege kjelder. Heldigvis har kraftnæringa vore så lønsam at dei også har sett seg råd til å dokumentere si eiga
historie med hundrevis av bøker. Også kraftkommunane og fylka har gjeve næringa stor plass i sine historieverk. For ikkje å snakke om staten. Det aller, aller meste er å finne på NVE sitt bibliotek i Oslo, og takk for det.
Den meir dagsaktuelle energidebatten, som ikkje akkurat har gått på tomgang dei siste åra, set sitt preg på dei fire siste kapitla.
Det er ikkje lett å skrive ei bok som dette utan å gjere seg opp eigne meiningar. Eg har, kanskje med eit par unntak, prøvd å leggje ein dempar på meg sjølv og heller la dei rikhaldige kjeldene snakke.
Tromsø, september 2025
Gunnar Grytås

I 1911 starta verdas største kraftverk på Vemork opp utanfor Rjukan. Røyrgatene og fossekrafta i Bruresløret vart symbolet for den nye industrien i Noreg. Opptakten i 1905 var eit samarbeid mellom norske ingeniørar og svensk kapital. (Foto: Anders Beer Wilse / Norsk Industriarbeidermuseum)
Nasjonal, offentleg og ofte også lokal kontroll har så langt sikra Noreg vasskraft som ein felles og svært verdifull ressurs. Elektrisitet til alle private og offentlege behov, og til næringslivet med ein stor kraftkrevjande tungindustri. Og ikkje minst til det prisnivået vi er blitt vande med; i særklasse det lågaste i Europa.
At det skulle gå slik, var slett ikkje opplagt. Handelen med fallrettar til fossar og vassdrag skaut fart i 1890-åra. Verdiane peika oppover, og risikoen for at dei ville bli overtekne av utlendingar, skapte uro – ikkje minst på Stortinget. Noreg var framleis i union med Sverige då planane om Norsk Hydro tok form. Prosjektet til grunnleggjarane Kristian Birkeland og Sam Eyde var å produsere kunstig gjødsel av nitrogen frå lufta, tilsett naturleg kalk. Til dette måtte dei også ha enorme mengder elektrisk kraft som dei henta frå øvre Telemark. Norske ressursar alt saman, bortsett frå kapitalen som kom frå det andre landet i unionen som no skulle oppløysast. Det svenske Wallenberg-konsernet var ikkje til å kome forbi, pluss nokre franske investorarar og eit lite, symbolsk norsk bidrag. Aksjekapitalen var 7,5 millionar kroner, ufatteleg mykje pengar den gongen. Selskapet vart stifta i desember 1905 og la opp til ein økonomisk aktivitet som årleg kunne måle seg med eit norsk statsbudsjett.1
Same vinteren, men etter årsskiftet, starta ein flaum av rykte om utanlandske oppkjøp av fleire vassdrag på Vestlandet. Kanskje hadde Norsk Hydro lært politikarane ei lekse om kor verdifulle ressursar dei rådde over? I den første norske regjeringa til Christian Michelsen var Johan Castberg justisminister. Det var han som dreiv gjennom «panikklovene» i 1906, og på denne måten stoppa
1 Aasland, s. 87.
invasjonen av utanlandske oppkjøp av norsk vasskraft. Så brukte han og regjeringa tre år på ei ny konsesjonslov. Her var kravet at lokalsamfunn og kommunar som ofra vassdrag og store areal, skulle ha ikkje berre erstatning for skade og tap, men også ein viss del av den meirverdien som utbygginga skapte, maksimalt 10 prosent, før eigarane, som oftast ein kommune, kunne ta resten. I over hundre år har dei «castbergske» konsesjonslovene garantert ei fordeling av overskotet på vasskraft som vart oppfatta som rettferdig. Lova vart viktig for å finne eit kompromiss mellom utbygging og vern. Kampen om dei einskilde vassdraga var ofte hard og uforsonleg, men i 1993 fekk cirka 400 vassdrag varig vern. Også seinare vart nye vassdrag utbygde, men tempoet var no kraftig redusert.
Då arbeidet med denne boka tok til tidleg på hausten 2021, var det naturleg å starte med byrjinga sist på 1800-talet om ein revolusjonerande ny bruk av fossar og vassdrag til produksjon av elektrisk kraft. Slik dei fleste såg det, måtte denne verdifulle ressursen under nasjonal kontroll for å gje folket i landet eit litt rikare, og mykje betre og tryggare liv. Fossespekulantane var eit trugsmål, men det grodde også opp 40–50 nye industristadar i fotefara etter dei. Størst var likevel dugnaden for å føre elektrisk kraft ut til heile folket – heime og på arbeid. Lokale samfunnsløft som det tok tre–fire generasjonar å fullføre. Utan innsatsen til dei 600–700 småkommunane vi hadde då, ville dette aldri ha skjedd så billig og effektivt som det vart. Dei lokale kraftlaga vart også politiske verkstadar, med erfaringar som kom godt med for den hærskaren av distriktspolitikarar som med tida vart sende på Stortinget. Medan eg jobba meg gjennom denne delen av historia, vart det skapt nye dagsaktuelle kraftsoger. Elektrisiteten si historie har nok av frampeik til vår eiga samtid og inn i framtida.
Spørsmålet var om vi skulle eksportere straum på same måten som for oljen, gassen og fisken. At ein stor og aukande del av vår fornybare kraft blir i så fall ført med handelen dit prisane er høgast,
er berre eit naturleg resultat av ein marknad som fungerer. Men dette aukar også risikoen for at det politiske vernet som sikrar det lokale, offentlege eigarskapet, kan bryte saman og bli vaska vekk.
Om dette festningsverket rundt norsk vasskraft held på å forvitre, er eit spørsmål som tidleg melde seg i arbeidet med denne boka.
Medan fossekrafta fekk kvile, var det vindkrafta som skulle temjast. Her la EU til rette for eit svensk/norsk samarbeid om å byggje store vindkraftanlegg i fjellheimen nordover langs kysten. EU subsidierte ein stor del av investeringane, men denne krafta var mykje dyrare å produsere enn vasskrafta, og det vart straumkundane i Noreg og EU som måtte betale sluttrekninga. Utkantkommunane med svære vindturbinar hadde ikkje lenger den same makta som konsesjonslovene gav dei over vasskrafta. Utan eit like sterkt lovverk var det ikkje lenger snakk om å få ein viss del av verdiskapinga.
Erstatningane for leige av areal og skade på eigedom, og eventuelt natur og miljø, var hemmelege og sterkt varierande. Over 60 prosent av eigarskapet var utanlandsk, og ein stor del av denne kapitalen kom frå skatteparadis.2 Vindkraftutbyggjarane var opptekne av å tilfredsstille investorane, ikkje krafteigande lokalsamfunn i Utkant-Noreg. Dette hindra ikkje at Statkraft og nokre av dei større, offentleg eigde kraftselskapa let seg drive med dei nye, politiske vindretningane.
Produksjonen av vasskraft har sidan 1909 vore ein vegvisar til lokal skattlegging på bruk av naturressursar. Her gjekk skatten, opptil 10 prosent av verdien, tilbake til kommunane. Då Noreg fann olje og gass, som også var ein naturressurs, var det opplagt at også ein stor del av desse verdiane, litt under 80 prosent, vart ei inntekt til staten. Så langt var det liten strid om dette. Med fiske og lakseoppdrett, som var under privatisering, vart det heilt annleis. Etter kvart som dei to kystnæringane var overtekne av milliardtunge investorar, tørka viljen til å betale skatt på gratis bruk av naturres-
2 Tax Justice Network Norge, Norsk Vindkraft 2013, s. 13.
sursane inn. Her fekk dei god hjelp då Arbeidarpartiet gjekk til høgresida for finne støtte for såkalla breie forlik som skjerma både vindkraft og lakseoppdrett for det dei med rette skulle betalt. Dei siste åra har det nesten ikkje blitt sett i drift nye vindkraftanlegg i Noreg. Kommunane fekk vetorett mot etablering, og dei forhastar seg ikkje.
Med krigen i Ukraina gjekk gassprisane kraftig opp, og då Russland kutta eksporten vestover, måtte Europa støtte seg til Noreg; utpeikte til «Europas batteri» og fekk ovasjonar med skryt og takk frå toppane i EU. Men i Storbritannia hadde pipa ein annan låt. Her omtala avisene Noreg som ein kynisk og grådig spekulant. På heimebane kom det svært omstridde vedtaket om «elektrifisering» av olje- og gassproduksjonen utanfor kysten, på sokkelen utanfor Finnmark. Der skulle det byggjast ut vindkraft på land som skulle førast fram og erstatte dei gassdrivne kraftverka med fossilfri kraft. Men overføringane til sokkelen vart store og dyre med risiko for kraftmangel i industrien og anna næringsliv. Store deler av fagrørsla var rasande, det same var ein stor opposisjon i Senterpartiet. Og etter brotet i regjeringssamarbeidet i januar 2025 er det ein omkamp på gang. To av dei første vindkraftverka som skulle levere straum til sokkelen, låg på Fosen-halvøya. Trass i ein uavklart strid med reindrifta var begge i full produksjon då Høgsterett hausten 2021 slo fast at dei ikkje hadde lovleg konsesjon. Dommen kom som eit sjokk, og etterspelet vart ein skandale. Dette vart forsterka av at kraftproduksjonen ikkje vart stoppa, og det tok halvanna år før ei motvillig regjering innrømma at dette var eit brot på menneskerettane i høve til den samiske reindrifta. Regjeringa nekta likevel å stoppe drifta, og saka vart avslutta med ei mekling der reindrifta godtok avtalar som gav tilgang til nye beite og 700 millionar i kompensasjon for minst 25 års meir tungvint drift.
Det var lett for Noreg å vri gasseksporten mot EU då Russland skrudde kranane igjen. Men å vri eksporten av vasskraft same
vegen når vindane over Kontinentet stilna, var ikkje like enkelt eller ynskjeleg. Årsaka er enkel. Vår elektrisitet kan lagrast i over tusen vassmagasin, slik at vi kan produsere det vi treng, når det skal være. EU har lite vasskraft og er heilt avhengig av vind- og solkraft som er umogeleg å lagre. Utan vind må EU og Storbritannia kjøpe inn vasskraft frå Noreg for å unngå mangel på straum, og betale dyrt for dette. Når Noreg både skal elektrifisere sokkelen, og på same tid møte krav om meir energi frå fastlandsindustrien pluss utanlandske etableringar for datalagring, kan EU sitt «norske batteri» bli utlada på kort tid, samstundes som kraftprisane vil gå opp. Dette utfordrar EU-motstanden som framleis finst i norsk politikk. Då EU sin energikommissær, Kadri Simson, vitja Noreg i mars 2024, tok ho ein tøff tone og truga med sanksjonar. EU vil mellom anna få fart på utbygginga av vindkraft. Dette skal skje i utvalde delar av landet der kommunar og andre interesser, også samiske, ikkje lenger skal hindre ei nødvendig utvikling til beste for EU, med eller utan Noreg som medlem. Mykje tyder på at produksjonen av elkraft snart vil møte eit vegkryss der eit stort skilt prangande peikar mot Brussel. Noreg sa nei til EU både i 1972 og 1994, og vi kom oss nokså skadefri vidare. Men ein treng ikkje vere mykje til spåmann for å fastslå at neste gong blir oppgjeret om dei «castbergske» konsesjonslovene ei av dei viktigaste sakene. Det står om fossespekulasjon i heilt ny drakt, men dei økonomiske kreftene er dei same.

Ein cirka 40 meter lang og 6 meter høg steindemning tetta med torv, ved utløpet frå Botnastølsvatn i fjellområda i ytre Sunnfjord. Reguleringane byrja i 1897. Her starta den første produksjonen av aluminium i Norden ved eit britisk/norsk smelteverk i Stongfjorden i Askvoll. Men drifta gjekk tungt og vart nedlagd i 1945. (Foto: NVE)
På slutten av 1890-åra kom det rekande eit heilt nytt slag av handelsfolk til norske bygder.
Men det var ein viktig skilnad mellom desse og omflakkande hestehandlarar, bokagentar og skreppekarar. Nykomarane hadde ikkje noko å selje, men med lommebøkene fulle av pengar ville dei derimot slå kloa i det mest verdifulle som bygdene hadde.
Eg vil gjerne kjøpe fossen din. For du brukar den vel ikkje sjølv? Og elva som renn nedover på veg til sjøen, treng du vel heller ikkje? Eg har snakka med grannane dine. Dei vil selja, alle som ein.
Om lag slik la dei fram ærendet sitt når dei banka på hos bygdefolket i brattbakkane. Bøndene hadde på si side nyleg fått eigedomsretten til rennande vatn av Stortinget, men visste lite om kor verdifull denne vassretten var i ferd med å bli. Difor var dei fleste lette å overtale. For mange var det både første og siste gongen dei fekk friske tusenlappar på handa. Ørsmå delar av ein utømeleg norsk nasjonalrikdom som no også vart ufatteleg god butikk. Kampen om «de nationale Herligheder»,3 eigedomsretten til dei enorme mengdene med ny energi i krafta frå fossar og elvestryk, var i full gang. Den skulle aldri ta slutt.
«Fossespekulantane», som dei var kalla, leita seg fram gjennom landet. Dei kappast om å jakte på fallrettar, kartla eigarskapet og
3 Ot.prp. nr. 2 (1909), Angaaende utfærdigelse av lov om vassdragsreguleringer, hvorved industrielle formaal fremmes. Her omtala Johan Castberg vasskrafta i landet som «nationale herligheder». Omgrepet vart understreka også ved typografiske virkemiddel i dokumentet. Sjeldan kost i offentlege dokument på den tida.
takserte kor mykje energi dei aktuelle vassdraga kunne levere, målt i hestekrefter, eller med det nye, mystiske ordet kilowatt. Dei som reiste rundt og kjøpte opp rennande vatn, var inga einsarta gruppe.
Nokre av dei var etablerte industrifolk som forstod verdien av å få kontroll over ein ny og viktig nasjonal ressurs. Dette skulle bli grunnlaget for produksjon av elektrisk kraft til ein heilt ny industri. Store industriselskap som Norsk Hydro og Elkem var i emning. Rykta gjekk også om endå fleire, store investeringar – svenske og andre utanlandske. For alle var tilgang til norske fossefall og vassdrag avgjerande for om satsing på ny industri ville bli ein suksess eller fiasko.
Så langt var det ingenting i vegen for at kapitalsterke utlendingar kunne sikre seg full kontroll over eit vassdrag eller tre. At det svenske Wallenberg-konsernet og andre svenske, britiske, tyske og franske selskap viste så stor interesse, var sterkt medverkande til at prisane på fallrettar auka. Denne marknaden var også som eit flugepapir for dei som satsa på fossespekulasjon i ordet sin rette forstand. Her var det ingen industriplanar, berre eit intenst ynskje om kjøpe billig, og selje krafta dyrast råd.
Handelen med fallrettar på Vestlandet skilde seg frå oppkjøpa på Austlandet. I «de brede bygder» var det snakk om nokre få, større vassdrag som Glåma, Lågen/Vorma, Drammens- og Telemark/Skiensvassdraget. Gjennom flatbygdene flaut elvane sakte og roleg gjennom store område. Her måtte mange grunneigarar vere villige til å selje, og om dei hadde ulike krav om prisar og andre vilkår, kunne slike prosjekt bli svært arbeidskrevjande. Var det i tillegg andre spekulantar som jakta på fallrettar i det same vassdraget, ville det drive prisane opp. Slik sett var det mykje lettare i Sogn og Fjordane og resten av Vestlandet, der fossekrafta var mykje billigare enn på Austlandet.4 Her var det mange fleire fossar, elvane rann brattare, og på den korte vegen til sjøen var
4 Nordstrand, s. 41.
det som oftast ikkje så mange bønder å forhandle med. Ingen hadde full oversikt over kor mange vassdrag som kunne leggjast ut på denne nye «marknaden» for naturressursar, eller kor mykje fossekraft som kunne utvinnast.
I møtet med bøndene var det liten tvil om at fossespekulantane hadde dei sterkaste korta på handa. Med unntak for kverner, slipesteinar og eit og anna sagbruk hadde elvane liten alternativ verdi. Nokre elvar kunne slik dei låg forårsake flaum og skade på jorda. No kunne slike problem bli løyste. Kunnskap om at vassdragsregulering kunne endre vekstvilkår i jordbruket, senke nivået for grunnvatn, føre til islagde fjordar eller forverre gytevilkåra for laks og aure, var det heller dårleg med.
Kor gode prisane var, kunne diskuterast. Også i denne marknaden gjekk det opp og ned. Både for bøndene og fossespekulantane var det tider for å vente og tider for å slå til. Men oppkjøparane var mest aktive og sat ofte med bukta og begge endane. Hadde dei først gjeve tilbod på ein fallrett, hasta det med å få underskrifta frå bonden, før rykta om at det kunne løne seg å vente, spreidde seg i bygda. For bønder flest var det likevel heilt uverkeleg at dei kunne få fem, ti eller fleire titals tusen kroner for noko dei hadde så lite nytte av. I åra 1897–1900 vart det betalt 12 000 kroner for fleire vassdrag i Gloppen i Nordfjord. Med dagens kroneverdi tilsvara det 1,0 million.5 For Feigumvassdraget i Sogn vart det underskrive ein avtale om 60 000 kroner i 1907 (5,1 mill. kr i 2025-verdi), for Naustdalselva i Sunnfjord var kjøpesummen 200 000 kroner i 1917 (8,6 mill. kr). Det dyraste oppkjøpet i desse åra var Aurlandsvassdraget i Sogn, der grunneigarane fekk 1,1 millionar (58,0 mill. kr).6
5 Hoel, s. 160.
6 Same kjelde, s. 160.
Fossekrafta mot ei ny tid?
Så langt har vasskrafta frå over tusen fossar, elvar og vassdrag gjeve Noreg overskot av elektrisk kraft til eit mangfaldig forbruk og truleg også dei lågaste straumprisane i Europa. Konsesjonslovene frå 1906 og 1909 som sikrar offentleg eigarskap og gjev arbeid og inntekter til hundrevis av lokalsamfunn i Utkant-Noreg, oppfyller framleis forventningane.
Slik har vi her til lands hatt det i 120 år, og slik vil vi gjerne ha det også i framtida. Men
Stortinget har framleis ikkje sett nokon sluttdato for bruk av olje og gass. Og det er strid om kva slags plass fleire andre og meir klimavenlege kjelder skal ha i norsk energipolitikk dei neste 50 åra. Gjennom norske landskap fossar det framleis cirka 400 verna vassdrag. Kan nokon av desse ofrast? Ikkje berre for eige forbruk, men også etter press frå resten av Europa? Og kva med vindkraft?

Gunnar Grytås (f. 1949, Sande i Sunnfjord) er journalist og sakprosaforfattar, og har arbeidd i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Grytås har skrive ei rekke bøker og artikler.


