Skip to main content

Karmageita

Page 1


Karmageita

Karmageita

Marjun Syderbø Kjelnæs

Originaltittel: Karmageitin

Boka er utgitt etter avtale med Ungu Føroyar, Færøyane

© Marjun Syderbø Kjelnæs og Ungu Føroyar Første utgåve, første opplag 2022

Gjendikta frå færøysk av Lars Moa, MNO

Utgivinga er støtta av Nordisk Ministerråd

Sats: Design Baltic etter Ungu Føroyar

Omslag: Guðrið Syderbø Tapetmønster på omslag: Siggi Óli Pálmason

Trykk: Dardedze holografija

© Orkana forlag 2023

Orkana forlag as, 8340 Stamsund

ISBN: 978-82-8104-564-4 www.orkana.no post@orkana.no

Teach me, my god, bless and pray

The secret of wilting leaves, the brilliance of ripe fruit

This freedom: to see, to feel, to breathe

To know, to hope, to fail

Leah Goldberg, End of the road songs 1954

Opphav

Her er ei kort utgåve av mine apokryfar om ugras og godtru og ein stad i minnet som heiter jenterommet

Her er tankestiar attende til ættemødrer og inn i draumeflokar ja, heilt inn til ei openberring om ei geit ei særeiga søster los og lagnad på same tid

Her er ei mor som stadfestar seg i eit vegkryss uendeleg midtlivstrøytt men som likevel nektar å fornekte livet eller den fargen som gir livet innhald

Her er tvilen velkommen

her er nåden ein sjølvsagt ting her er følgjene av å flykte unna alle dei himmelvende auga

Her er barnet som ingenting forstod men som følte alt heilt inn til botnen der sjela søkte ly mot orda

Her er opprør og underdanigheit om einannan innvendighylet og utanpåsmilet den utemde og den udjerve fløkte inn i kvarandre

Her er sanninga om at alle sanningar smuldrar og morknar og blafrar bort forgylte i vinden

Her er tida som det ikkje går an å krøke seg i men som krøker seg i alt som finst

Her er eit hylster omkring kjøtt og sorg og kraft og ekstase

Her er eit eg som zappar og scrollar i trusspørsmål og vitskapar og gjentar apokalyptiske tidender om vekstar og ville dyr og tenker - kva meir er det å sjå?

Sela

Stunda da eg ser den eine bestemor mi i ansiktet og føler den andre i kroppen

Sela

Tenker på alle børene dei bar mjølkebøttene og vaskebaljene og torvkipene korleis dei kinna

og tvinna og strikka fødde barn rivna

utan bedøving og knadde og skura og dyrka alt slitet og tronge tidene dei hadde til å gjere seg tankar og til å tileigne seg kunnskap

Sela

Alt slitet deira var mi berging det tunge taket dei tok telta reiste på deira grå panner som vinka fortida farvel all deira venting på fredstider båtar mista av syne eit omskifte i vêret at feberen skulle sleppe taket togna boren i verdigheit kvar bønn kvar smerte kvart varme nybakte brød angande på kjøkenbenken eit storveges minnesmerke

Sela

No som eg drøymde om ei geit i dag tidleg

ønskte eg meg likevel berre å drøyme om eitkvart anna

dyret var for banalt

men likevel følte eg meg tett knytt til henne liksom var ho ein del av meg ei søster kanskje

og her må eg nemne at eg inga søster har

men at eg alltid har ønskt meg ei

Lengselen ver altså allereie sterk

og gleda over å finne henne

stor

mi eiga blidøygde bjølleringande geit endeleg

ISBN: 978-82-8104-564-4

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook