

Jenterommet
– ein eksistensiell horrorkomedie
Jenterommet – ein eksistensiell horrorkomedie
Marjun Syderbø Kjelnæs
Originaltittel: Gentukamarið – ein eksistentiell horrorkomedia
Boka er utgitt etter avtale med Ungu Føroyar, Færøyane
© Marjun Syderbø Kjelnæs og Ungu Føroyar Første utgåve, første opplag 2022
Omsett frå færøysk av Lars Moa, MNO
Utgivinga er støtta av Nordisk ministerråd og innkjøpt av Norsk kulturfond
Sats: Design Baltic etter Ungu Føroyar
Omslag: Guðrið Syderbø
Tapetmønster på omslag: Siggi Óli Pálmason
Trykk: Dardedze Holografija © Orkana forlag 2023
Orkana forlag as, 8340 Stamsund
ISBN: 978-82-8104-566-8 www.orkana.no post@orkana.no
Marjun Syderbø Kjelnæs
Jenterommet
– ein eksistensiell horrorkomedie
Omsett frå færøysk av Lars Moa, MNO
Dei som er med:
Ho
Vesenet
Mora Kelneren
1. DEL
Eit rom med småblomstra tapet.
Ein skorstein går opp gjennom rommet.
Ein skiljevegg står inntil skorsteinen.
Eit skrivebord med nips, leselampe, spegel og ei lyseraud poesibok.
Ei seng som er oppreidd.
Ein modellskonnert står på ein kommode.
På veggen eit innramma bilde av to barn på veg over ei bru, med ein skytsengel svevande ovanfor seg.
Ein saccosekk ligg i eit hjørne.
Ein kvit gettoblaster står i vindaugskarmen. «Islands in the Stream» med Dolly Parton og Kenny Rogers høyrest spele.
1. SCENE
Saccosekken livnar, og eit vesen reiser seg.
VESENET: (Strekker dei stive ledda sine, liksom ho har lege samankrøkt lenge.
Ser velnøgd rundt omkring seg, går rundt i rommet og helsar på alle gjenstandane. Slår av musikken, set seg på huk ved kommoden og dreg opp ei skuffe. Ristar på hovudet og tømmer ein dunge sundtekne dokker på golvet.
Set seg for å sette dei saman)
No kjem du. No er du på veg heim att – eg føler det på meg. Teikna er også greie: Mamma har reidd opp, pappa har lufta ut. Staden er gjort klar.
(set seg ved sminkebordet)
Men kvifor rømmer du? Baklengs attende. No igjen. Og kva nyttar det, at du gøymer deg slik, hmm?
(rynkar på nasen og skjuler ansiktet bakom hendene)
BØØØ!
Jo, jo. Eg forstår det godt. Det er kanskje nødvendig, av og til. Ein har kanskje bruk for å forsvinne med kvart. Bort frå verda og seg sjølv. Men h\er? På denne grunna?!
(ler hysterisk)
Jenterommet som ein stad å gøyme seg? Berre tanken. Her er alt som du ein gong var, og alt som du så gjerne ville bli. Vesle du.
Jenterommet som redningsbåt? Det er latterleg. Nokså kjært, ja, men bort i staur og veggar.
Jenterommet som skyttargrav, ser du, no nærmar vi oss.
(har ei dokke i kvar hand og får dei til å slåst inntil den eine er underlegen og mistar hovudet)
Du hugsar sikkert rimet om den forheksa klokka som gjekk bakover, og visarane som tvinna seg fast i håret på jenta, fordi ho snakka altfor mykje:
Snikk, snakk.
Tikk, takk.
Snakk, snikk.
Takk, tikk.
Og klokka slo ti, Med blod og skrik. Men da klokka slo tolv, Da datt hovudet – på golv!
Ja, ja, ja, berre roleg ! Eg skal nok ta vel imot henne.
(legg dokkene ordentleg ned i skuffa att, slår på musikken og tar på seg pyjamas, legg seg ned på senga, men set seg raskt opp att på sengekanten, der ho blir sittande)

I Jenterommet – ein eksistensiell horrorkomedie er den vaksne kvinna attende i barndomsrommet sitt i eit opprivande møte med eit marerittvesen som prøver å knekke henne. Hennar eiga mor og eiga dotter er også innblanda i handlinga der fortid og notid blir sausa saman i ei frykteleg røre. Men ho kjempar seg gjennom natta, ja, ho kjem faktisk styrkt ut.
Jenterommet – ein eksistensiell horrorkomedie er saman med Karmageita nominert til Nordisk råds litteraturpris 2023. Den færøyske juryen skriv i grunngivinga for nominasjonen: « Karmageita og Jenterommet er eit litterært dobbeltverk der dei to bøkene har kvart sitt uttrykk og preg. Det er tale om to ulike sjangrar, ei diktsamling og ein dramatisk tekst. Verka kan lesast i vilkårleg rekkefølge og er ikkje lineært eller kausalt forbundne, men snarare som to verk som er innleira i kvarandre: der dialogane i dramaet, rørslene i dikta, sinnstilstandane og dei fysiske romma veks inn i kvarandre.»
Marjun Syderbø Kjelnæs (f. 1974) er ei kjent og aktiv stemme på den færøyske litterære og dramatiske scenen. Jenterommet – ein eksistensiell horrorkomedie er den fjerde boka hennar som blir utgitt på norsk.
Orkana