

UNESCO-RUTA
Vestland
- MOGLEGHEITSSTUDIE -

UNESCO-fylket Vestland
Kven er UNESCO-Vestland?
Forprosjektet er leda av Nordhordland
UNESCO Biosfære ved Hildegunn Opdal. Takk til alle gode bidrag frå prosjektgruppa; Brynjar Stautland, Hege Agathe BakkeAlisøy, Kai Grieg, Kari Evensen Natland, Kjell Magnus Økland, Trude Søilen. Design ved Morten Stensland Løwe.

Nordportalen Urnes stavkyrkje, ein del av Verdsarven Urnes.
Foto: Adobe Stock
Kva er UNESCO?
UNESCO OG DET GLOBALE OPPDRAGET
UNESCO (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er ein av dei spesialiserte organisasjonane under FN (Dei sameinte nasjonane). Organisasjonen vart etablert i 1945, kort tid etter andre verdskrigen, med mål om å bidra til fred og tryggleik gjennom internasjonalt samarbeid innan utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Grunntanken er at varig fred ikkje kan sikrast berre gjennom politiske og økonomiske avtalar, men må byggjast på menneskeleg forståing, kunnskap og respekt for kulturar og idear.
UNESCO arbeider i dag med eit breitt spekter av tema — frå utdanningsreformer, berekraftig utvikling, til vern av natur- og kulturarv. Eit sentralt uttrykk for dette engasjementet er UNESCO sine ulike konvensjonar og program, som til dømes; Verdsarvkonvensjonen, konvensjonen om vern av immateriell kulturarv, geoparkar, biosfæreområder, Associated Schools Network (ASP-net) mfl. Desse ordningane gir rammer for å identifisere, verne og formidle verdifulle natur- og kulturarvstader, praksisar og landskap over heile verda.
UNESCO-ARBEIDET
I NOREG
Noreg har lenge vore ein aktiv deltakar i UNESCOsamarbeidet, både gjennom bidrag til internasjonale program og gjennom vern og forvaltning av eigne konvensjonar og programmer. UNESCO-arbeidet i Noreg er forankra i ei rekkje aktørar: frå kommunar, fylkeskommunar og museale institusjonar til forskingsmiljø, frivillige og næringsliv. Dette skapar eit rikt nettverk av samarbeid, kor målet er å knyte globalt engasjement til lokal berekraft og identitet.
UNESCO-RUTA VESTLAND

– DET STORE BILETET I EIN REGIONAL KONTEKST
Vestland fylke er i den unike posisjonen at vi har nesten alle UNESCO-programma og -konvensjonane representert. Totalt har vi 10 med UNESCO-status, 6 kandidatar som ønskjer å søkje, og 3 områdedesignasjonar. Gjennom forprosjektet UNESCO-ruta Vestland har vi arbeidd for å knyte saman desse stadene og fagmiljøa i eit tettare samarbeid for kunnskapsdeling, formidling og berekraftig reiseliv. Målet er å styrkje den samla røysta vår – og finne ut korleis vi kan samarbeide for å løfte fram UNESCO-namnet og verdiane det representerer, på tvers av dei ulike programma og konvensjonane.
UNESCO-aktører i Norge unesco.no/informasjonom-unesco-inorge/#norgesdokumentarv
«UNESCO-kommisjonen er svært positivt til prosjektet, og det nettverksarbeidet som no vert gjort mellom UNESCOstatusane i Vestland fylke gjennom forprosjektet UNESCO-ruta Vestland.
Dette arbeidet er heilt i tråd med målsetjingane og intensjonane våre i UNESCO-kommisjonen. Eit tettare samarbeid på tvers av ulike program og konvensjonar kan styrkje fellesskapet, bidra til meir effektive arbeidsprosessar, læring og ikkje minst synleggjere UNESCO sitt arbeid i langt større grad enn kvar aktør klarer åleine.
Sjølv om programma og konvensjonane har ulike formål, arbeider dei alle under den same paraplyen – for å fremje kommunikasjon, vitskap, kultur og utdanning.
Vi ser fram til å følgje utviklinga av dette nettverket og dei resultata som kjem ut av samarbeidet – ikkje minst arbeidet med ei mogleg UNESCO-rute i framtida.»

Styreleiar Den norske UNESCO-kommisjonen
Kyrre Lekve
Foto: Bård Gudim

Fylkesordførar Jon Askeland planter frukttre i parsellhagen Fløen, arbeid tilknytt UNESCOprogrammet: Gastronomibyen Bergen. Foto: Bjarte Brask Eriksen
Støtteerklæring til UNESCO-ruta Vestland
På UNESCO si verdsarvliste finn ein byggverk og naturområde som er uerstattelege for menneskeheita. Lista er vår «felles minnebok». Tre av Noregs åtte verdsarvstader ligg i Vestland. I tillegg er fleire andre stader løfta fram, til dømes gjennom sin status som UNESCO geoparkar eller biosfæreområde. Vi er stolte over den internasjonale anerkjenninga vår eigen kultur- og naturarv har fått.
Vestland fylkeskommune legg FN sine berekraftmål til grunn for utviklingsarbeidet, og vi ønskjer å vere eit leiande verdiskapingsfylke basert på våre fortrinn. Eit av desse fortrinna er vår rike natur- og kulturarv. I urolege tider blir vi minna om kor viktig det er å samarbeide og utveksle kunnskap om verdsarven. Slik kunnskap skaper eit anker for identitet og samhald og bygger respekt for kulturelt mangfald.
UNESCO-ruta Vestland er eit godt initiativ for å samle stadane og programma som kan løfte fram verdsarvverdiane i fylket, bygge kunnskap, gjere dette tilgjengeleg og skape gode opplevingar for innbyggjarar og vitjande.
Ei UNESCO-rute i Vestland vil setje verdsarven på dagorden og bidra positivt til stad-, reise- og næringsutvikling. Arbeidet vil også kunne ha stor overføringsverdi til andre deler av landet og til andre land som vil utvikle likande samarbeid kring formidling av verdsarvverdiane.
Med helsing
Jon Askeland
fylkesordførar Vestland fylkeskommune
















Forprosjektet: UNESCO-ruta Vestland
Forprosjektet UNESCO-ruta Vestland har hatt som formål å utforske korleis UNESCO-utnemningane i fylket kan bindast saman i ei felles forteljing og forståing som løftar fram korleis dei samla bidreg til berekraftig utvikling, kunnskapsdeling og formidling. Dette prosjektet er det fyrste steget mot det å skape ei tydeleg felles retning og identitet for UNESCO-arbeidet i fylket.
Det overordna målet har vore å gjennomføre ein mogelegheitsstudie som viser korleis ein kan styrkje samarbeidet mellom UNESCO-elementa i fylket gjennom utviklinga av UNESCO-ruta Vestland. Siktemålet har vore å etablere ei felles forståing og ramme for korleis ruta kan utviklast vidare i framtida. Dette forprosjektet er finansiert av Riksantikvaren og Vestland Fylkeskommune.
PROSJEKTET VAR DELT I SEKS ARBEIDSPAKKAR:
1. Prosjektleiing
2. Inspirasjon frå Skottland
3. Kartlegging av UNESCO-element
4. Utviklingsspor
5. Organisering og rammer
6. Kommunikasjon.
Gjennom desse arbeidspakkane er det lagt eit solid grunnlag for vidare utvikling for nettverket – med ein tydeleg moglegheitsstudie, som denne rapporten syner i sitt fulle.
OPPSUMMERT HAR FORPROSJEKTET HATT SOM MÅL Å:
• Gi betre kjennskap til dei ulike UNESCO-programma og korleis dei utfyller og forsterkar kvarandre i Vestland.
• Hauste lærdom og inspirasjon frå Skottland si UNESCO-Trail og utforske potensialet for internasjonalt samarbeid.
• Etablere ein felles plattform og møteplass for dei involverte aktørane.
• Skape ei sterk felles forteljing og identitet for UNESCO-ruta Vestland.
• Konkretisere kva UNESCO-ruta skal vere, og korleis ho skal realiserast og organiserast vidare.


Kossdalssvingane på Osterøy i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde. Foto: Tommy Andrè Haveland.

Kven er UNESCO Vestland?
UNESCO-konvensjonar og -program i Vestland
Vestland fylke har ei unik samling av kultur- og naturverdiar som er knytte til UNESCO sine konvensjonar og program. Dette spenn frå verdsarvstader og immateriell kulturarv til biosfæreområde, geoparkar og dokumentarv. Fylket er dermed ein sentral aktør i arbeidet med å ta vare på og vidareutvikle kultur- og naturressursar på ein berekraftig måte. UNESCO-ordningane fungerer både som kvalitetsstempel og som verktøy for lokal utvikling, forsking, formidling og internasjonalt samarbeid.
Konvensjonar
VERDSARVKONVENSJONEN (1972)
Verdsarvkonvensjonen vart etablert for å sikre at kultur- og naturarv av framståande universell verdi blir bevart for framtidige generasjonar. Konvensjonen kom som svar på aukande press frå krig, naturkatastrofar, forureining og masseturisme. Han forpliktar statane til å identifisere, verne og formidle slike verdiar, og til å sikre at dei blir forvalta på ein heilskapleg og langsiktig måte.
Vestland har heile tre, av totalt åtte i Noreg, verdsarvstader:
• Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden
• Urnes stavkyrkje
• Bryggen i Bergen
Desse stadane representerer både naturen sine storslåtte krefter og menneskeskapte kulturminne av høg historisk og estetisk verdi.
KONVENSJONEN OM VERN AV DEN IMMATERIELLE KULTURARVEN (2003)
Denne konvensjonen handlar om å ta vare på levande tradisjonar – alt frå handverk og munnlege forteljingar til ritual, sosiale praksisar og kunnskap om naturen.
Konvensjonen legg stor vekt på respekt for tradisjonsberarar og på å sikre at kunnskapen blir vidareført.
I Vestland er det per i dag:
• Stiftinga Oselvarverkstaden
• Nordisk klinkbåtbygging
Kunnskapen vert halden levande gjennom bygging og bruk.
Kandidatar som er i nominasjonsfasen:
• munnleg historie
• tørrfisktradisjonar
• heimabrygging av øl med kveik
• Gulatinget
UNESCO-programma
MEMORY OF THE WORLD
Dette programmet vernar dokumentarv som har stor historisk, kulturell eller samfunnsmessig verdi.
I Vestland finn vi:
• Sophus Tromholt-samlinga – unik dokumentasjon av samisk kultur og nordlys-fotografi
• Lepraarkiva i Bergen – ei av verdas viktigaste kjelder til medisinsk historie Begge samlingane gir innsikt i viktige delar av norsk og internasjonal historie.
Kandidatar under Memory of the world:
• Sudan samlingane
• Gulatingslova
• Dei bergenske laugsarkiva
MAN AND THE BIOSPHERE (MAB)
MAB-programmet skapar læringsområde for berekraftig samfunnsutvikling.
Biosfæreområda fungerer som læringsområder for nye løysingar på naturforvaltning, lokalsamfunnsutvikling og klimaomstilling.
Vestland har Noreg sitt einaste biosfæreområde:
• Nordhordland UNESCO Biosfæreområde Her blir det jobba med alt frå naturavtalen og arealbruk til undervisning, forsking og samarbeid mellom kommunar og næringsliv.
UNESCO CREATIVE CITIES NETWORK
Programmet fremjar samarbeid med og mellom byar som har peika ut kreativitet som ein strategisk faktor for berekraftig byutvikling. Det er byar som set kreativitet og kulturelle næringar i sentrum for sin lokale utviklingsplan, og som samarbeider
aktivt på internasjonalt nivå.
Vestland har ein kreativ by:
• Bergen - Creative City of Gastronomy
Dette handlar ikkje berre om mat, men om korleis gastronomi kan vere ein motor for berekraft, folkehelse, kulturutvikling og internasjonalt samarbeid.
UNESCO GLOBAL GEOPARKS
Geoparkar er einskaplege, avgrensa geografiske område der stader og landskap av internasjonal geologisk betydning blir forvalta gjennom ein heilskapleg strategi for vern, utdanning og berekraftig utvikling.
Vestland har to geoparkar:
• Geopark Sunnhordland (2023)
• Fjordkysten Regional- og Geopark (2025) Begge viser fram geologi, landskap og kulturhistorie på ein måte som styrkjer lokal identitet og berekraftig næringsutvikling
UNESCO CHAIR-PROGRAMMET
Chair-programmet tek utganspunkt i kompetansen ved høgare utdanningsog forskingsinstitusjonar for å møte dei gjensidig avhengige utfordringane i ei stadig meir kompleks verd. Programmet har vist sin verdi når det gjeld å fremje UNESCO sitt tverrfaglege kunnskapsarbeid og organisasjonen si rolle som globalt observatorium og idéverkstad
Vestland har fylgjande:
• UNESCO Chair innan berekraftig arv og miljøforvaltning ved Universitetet i Bergen v/professor Inger Måren.
Arbeidet er tett knytt til biosfæreområde, naturavtalen og forsking på korleis kommunar kan utvikle berekraftige strategiar.
UNESCO-fylket
VESTLAND
STATUSAR
KANDIDATAR
OMRÅDEDESIGNASJONAR
ER VESTLAND NOREG SITT
UNESCO-FYLKE?
Bryggen i Bergen
Bergen – UNESCO Creative City of Gastronomy
Sophus Tromholts-samling (UiB)
Lepra-arkiva i Bergen
FN-sambandet
Sudan-samlingane
Dei Bergenske Laugsarkiva
Kinn
Kinn Stad
Bremanger
Nordiske klinbåtbygging
Memoar - munnleg historie
Heimabryging av øl med kveik
Tørrfiskens kulturelle og kulinariske tradisjon
Gloppen
Sunnfjord
Stryn
Askvoll Luster
Fjordkysten regionalog geopark
Solund
Fjaler
Hyllestad
Gulen
Tusenårsstaden Gulatinget
Fedje
Øygarden
Austrheim
Høyanger
Sogndal
Urnes stavkyrkje
Årdal
Vik
Masfjorden Modalen Lærdal
Nordhordaland
UNESCO Biosfære
Askøy
Alver
Osterøy
Bergen
Aurland
Vestnorsk fjordlandskap
Voss
Vaksdal
Samnanger
Kvam
Bjørnafjorden
Stiftinga Oselvarverkstaden
Austevoll Stord
Fitjar
Tysnes
Kvinnherad
Bømlo
Geopark Sunnhordaland
Sveio
Etne
Ullensvang
Ulvik
Eidfjord
UNESCOprofessoratet for Bærekraftig Arv og Miljøforvaltning v/Inger Måren ved Universitetet i Bergen
STIFTINGA

UNESCOorganisasjonane i Vestland
UNESCO-arbeidet i Vestland er breitt forankra i eit mangfald av institusjonar, fagmiljø og lokalsamfunn. Dei ulike UNESCO initiativa representerer både kulturarv, naturforvaltning, forsking, utdanning og samfunnsutvikling. Dei fungerer som kunnskapsnav, besøksmål, utviklingsaktørar og formidlingsarenaer – og bidreg til å styrkje Vestland si rolle som ein internasjonalt orientert og berekraftig region. FNs Naturavtale og berekraftsmåla ligg til grunn for arbeidet til alle UNESCO initiativa.
Nedanfor følgjer ein samla og utvida omtale av dei ulike UNESCOaktørane i fylket.
STIFTINGA OSELVARVERKSTADEN
Stiftinga Oselvarverkstaden i Os er eit av dei mest sentrale miljøa for immateriell kulturarv i Noreg. Verkstaden har UNESCO-status gjennom konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven, og arbeider for å vidareføre kunnskapen om bygging og bruk av oselvarbåten – ein tradisjon som har vore ein berebjelke i kystkulturen i Bjørnafjorden og omland i fleire hundre år.

Foto: Vidar
Langeland
Verkstaden kombinerer handverk, opplæring og formidling. Dei har faste undervisningsopplegg for alle ungdomsskular i kommunen, og fungerer som eit viktig læringsmiljø for både unge og vaksne. Stiftinga Oselvarverkstaden bidreg òg til naturavtalen gjennom bruk av kortreist og berekraftig tømmer, og til berekraftsmåla gjennom ansvarleg produksjon og styrking av lokale kulturmiljø. Verkstaden er open for publikum og ønskjer fleire besøkande.
oselvarverkstaden.no
GEOPARK SUNNHORDLAND
Geopark Sunnhordland fekk UNESCO Global Geopark-status i 2023 og omfattar store delar av Sunnhordland. Parken er bygd på eit rikt og variert geologisk landskap, med spor etter gruvedrift, kvartærgeologi og menneskeleg aktivitet gjennom 11 000 år. Han fungerer som eit regionalt utviklingsverktøy der geologi, kulturhistorie og berekraft blir knytte saman.
Geoparken arbeider aktivt med formidling til skuleverk og reiseliv, og nyttar Moster Amfi, Folgefonn-senteret og Sunnhordland Museum som besøkssenter. Parken deltek i internasjonale prosjekt og har eit sterkt fokus på berekraftsmåla, særleg innan utdanning, energi, innovasjon, naturmangfald og berekraftige lokalsamfunn. Det er tett samarbeid med Visit Sunnhordland og ønskjer fleire besøkande, særleg til dei tre hovudsentera.
geoparksunnhordland.no

Foto: Torfinn Bie


UNESCO CHAIR VED UNIVERSITETET I BERGEN
UNESCO Chair-programmet ved Universitetet i Bergen, leia av professor Inger E. Måren, er eit fagleg tyngdepunkt for forsking og undervisning om berekraftig arv og miljøforvaltning. Arbeidet er tett knytt til UNESCO sine biosfæreområde og Man and the Biosphere-programmet, og har eit særleg fokus på korleis kommunar kan implementere naturavtalen og utvikle berekraftige strategiar.
UNESCO Chair fungerer som eit bindeledd mellom forsking, forvaltning og internasjonale nettverk. Programmet er ikkje retta mot turisme, men mot kunnskapsutvikling, politikkutforming og samarbeid med kommunar, nasjonale styresmakter og internasjonale partnarar. Det er eit viktig fagmiljø for Vestland si rolle i globalt berekraftsarbeid.
uib.no/unesco-chair

BRYGGEN I BERGEN
Bryggen i Bergen har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1979 og er eit av dei mest kjende kulturminna i Noreg. Arbeidet ved Bryggen handlar om å ta vare på dei uerstattelege verdiane gjennom langsiktig forvaltning, klimarisikovurderingar og besøksstyring. Det blir arbeidd aktivt med berekraftsmål 11.4 om vern av kulturarv, men òg med mål knytt til likestilling, ansvarleg forbruk og internasjonalt samarbeid.
Bryggen samarbeider tett med Visit Bergen om utvikling av berekraftig reiseliv og besøksforvaltning. Det er planlagt eit nytt verdsarvsenter som skal styrkje formidlinga og bidra til betre handtering av dei store turiststraumane.
bergen.kommune.no/hvaskjer/tema/bryggenverdensarv-i-bergen
Foto: Inger
E. Måren

FN-SAMBANDET
FN-sambandet i Bergen har eit sterkt fokus på undervisning om berekraftsmåla, naturavtalen og klimakonvensjonen. Verksemda er retta mot ungdom i alderen 12–18 år og fungerer som ein viktig læringsarena for globalt medborgarskap. FN-sambandet er ikkje retta mot turisme, men ønskjer fleire besøk frå skular og ungdomsgrupper.
fn.no/avdelinger/bergen

Foto: Guri Dahl

Foto: Kai Grieg



FJORDKYSTEN REGIONAL- OG GEOPARK
Fjordkysten Regional- og Geopark vart UNESCO Global Geopark i 2025 og omfattar kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll og delar av Sunnfjord. Parken arbeider for å skape større merksemd om natur- og kulturressursane i regionen og fungerer som ei samarbeidsplattform mellom frivillig sektor, næringsliv og offentlege aktørar.
Parken har eit sterkt fokus på berekraftsmåla, særleg samarbeid, berekraftige lokalsamfunn og naturmangfald og arbeider aktivt med kystlynghei, karbonbinding, naturvern, undervisning og reiseliv. Fjordkysten Geopark samarbeider tett med Visit FjordKysten og deltek i fleire forskings- og utviklingsprosjekt og ønskjer fleire besøkande, og øyhopping i Solund er eit av dei mest populære tilboda.
fjordkystparken.no
VESTNORSK FJORDLANDSKAP
Nærøyfjordområdet er ein del av Vestnorsk fjordlandskap, som vart innskriven på UNESCO si verdsarvliste i 2005. Området er kjent for sine spektakulære fjordlandskap og har ein sterk lokal forankring gjennom Verdsarvstiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark. Stiftinga arbeider for å bevare natur- og kulturverdiane gjennom lokalt eigarskap, kunnskapsinnhenting, naturkartlegging, involvering av barn og unge og utvikling av berekraftig reiseliv. Det er stort fokus på klimaendringar, utsleppsfri ferdsel, sirkulærøkonomi og besøksforvaltning. Turisttrafikken er høg, og det blir arbeidd aktivt med å finne balansen mellom vern og bruk.
vestnorskfjordlandskap.com

BERGEN – UNESCO CREATIVE CITY OF GASTRONOMY
Bergen er ein del av UNESCO sitt Creative Cities Network og arbeider for å styrkje byen som matby gjennom satsing på gastronomi, berekraft og matkultur. Arbeidet er integrert i kommunale planar og strategiar og omfattar alt frå urbant landbruk til folkehelse og internasjonale relasjonar. Satsinga har tett samarbeid med reiselivsnæringa og matfestivalar, og ønskjer å tiltrekke seg fleire besøkande.
bergen.kommune.no/innbyggerhjelpen/naring-avgifter-og-anskaffelser/ naring/naringsomrader-/matbyen-bergen-og-unesco-creative-cities-ofgastronomy



Foto: Thor Broderskift
Foto: Nærøyfjorden verdsarvpark

SOPHUS TROMHOLT-SAMLINGA
Sophus Tromholt-samlinga er registrert i Memory of the World og inneheld unik dokumentasjon av samisk kultur og tidlege fotografi av nordlyset. Samlinga blir forvalta av Universitetsbiblioteket i Bergen og er tilgjengeleg både digitalt og fysisk. Ho er eit viktig kunnskapsgrunnlag for forsking og formidling og ønskjer fleire besøkande.
marcus.uib.no/exhibition/kritkat

NORDHORDLAND BIOSFÆREOMRÅDE
Nordhordland UNESCO Biosfæreområde er det einaste i Noreg og fungerer som eit læringsområdefor heilskapleg og berekraftig samfunnsutvikling. Området arbeider breitt med berekraftsmåla, naturavtalen, klima, arealbruk, undervisning og lokalsamfunnsutvikling. Det er tett samarbeid med kommunar, forskingsmiljø, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar. Området ønskjer fleire besøkande.
nordhordlandbiosphere.no
Foto:
Sophus Tromholt

LEPRAARKIVA I BERGEN
Lepraarkiva er registrert i Memory of the World og dokumenterer både medisinsk historie og samfunnsutvikling. Arkiva omfattar materiale frå 1688 til 1956 og blir forvalta av Bergen byarkiv og Nasjonalarkivet. Lepramuseet er ope delar av året og ønskjer fleire besøkande.
nasjonalarkivet.no/forskere/norges-dokumentarv/lepraarkivene-ibergen-1688-1967/

Gerhard Armauer Hansen ved mikroskopet ca. 1895. Foto: Ukjent fotograf, Bymuseet i Bergen.


Foto:Hildegunn Opdal
URNES STAVKYRKJE
Urnes stavkyrkje er den einaste stavkyrkja på UNESCO si verdsarvliste og eit av dei mest særprega kulturminna i Noreg. Kyrkja er datert til rundt 1130 og er rik på utsmykking og kulturhistorie. Eit nytt verdsarvsenter, Urneskilen, opnar i 2028 og vil styrkje formidlinga og besøksforvaltninga. Kyrkja er open for omvisingar i sommarsesongen.
verdsarven-urnes.no


Foto:
NORDISKE KLINKBÅTTRADISJONAR
Forbundet KYSTEN spela ei hovudrolle då nettverket Nordisk kystkultur med båtbyggjarar, muséer, kystlag og lokale organisasjonar gjekk saman om å nominera nordiske klinkbåt-tradisjonar til innskriving på UNESCOs representative liste over menneskeættas immaterielle kulturarv, som vart innskrivne på UNESCO si liste over immateriell kulturarv i 2021. Organisasjonen arbeider for å vidareføre tradisjonar knytte til bygging og bruk av klinkbygde båtar og driv eit breitt spekter av aktivitetar som segling, roing, fiske, båtstell og handverk. Forbundet KYSTEN omfattar 26 lokale kystlag i Vestland fylke.
kysten.no



Foto: Kjell Magnus Økland
Foto: Kjell Magnus Økland
UNESCO-organisasjonane i Vestland
Namn
UNESCO-status
Oselvarverkstaden Immateriell kulturarv (UNESCO ICH Convention)
Geopark Sunnhordland
UNESCO Chair (UiB)
Bryggen i Bergen
UNESCO Global Geopark (ikkje konvensjon)
UNESCO Chairs-program (ikkje konvensjon)
UNESCO Verdensarv (sidan 1979)
FN-sambandet Vest FN-organisasjon, ikkje UNESCO-status
Fjordkysten Regional- og Geopark
Vestnorsk Fjordlandskap –Nærøyfjorden
Bergen – UNESCO Creative City of Gastronomy
Sophus Tromholtsamlinga
Nordhordland
Biosfæreområde
Lepraarkiva, Bergen
UNESCO Global Geopark (program)
UNESCO naturverdensarv (2005)
UNESCO Creative Cities Network
UNESCO Memory of the World (2013)
Lokalisering / organisering Hovudmål
Os i Bjørnafjorden, 5 tilsette, leiar Vidar Langeland
Sunnhordland (8 kommunar), 2 tilsette, Region Sunnhordland IKS
UiB, leiar Inger Elisabeth Måren
Bergen, 1 tilsett (Hege Bakke-Alisøy)
Bryggen i Bergen, 2 tilsette, leiar Kai Grieg
Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, 2 tilsette, leiar Trude Søilen
Aurland, Lærdal, Vik, Voss – 4 tilsette, leiar Gry Mørk
Bergen kommune, 1 tilsett (Tom Legdani Hiis-Bergh)
UiB, Billedsamlinga, 3–4 tilsette, leiar Morten Heiselberg
UNESCO MAB (program, 2019) 8 kommunar i Nordhordland, 3 tilsette, leiar Kari Evensen Natland
UNESCO Memory of the World (2001)
Bergen byarkiv + Nasjonalarkivet
Urnes stavkyrkje
Nordiske klinkbåttradisjonar
UNESCO verdsarv (einaste stavkyrkje)
UNESCO ICH – nordiske klinkbåttradisjonar (2021)
Luster i Sogn, 2 faste + 10–15 guidar
26 lokale kystlag i Vestland, 7 tilsette i sekretariatet
Ta vare på kunnskapen om bygging og bruk av oselvaren, undervisning for ungdomsskular
Formidling til skuleverk og reiseliv, drift av besøksenter, guidetenester
Forsking og undervisning om berekraftig utvikling og miljøforvaltning
Bevare og forvalte Bryggen som uerstatteleg verdsarv
Undervisning om berekraft, FN-avtalar og klima for elevar
Auke kunnskap om natur- og kulturressursar i regionen
Bevaring av verdsarvverdiar gjennom lokalt eigarskap og berekraftig utvikling
Posisjonere Bergen som matby og styrkje gastronomi og berekraft
Formidling av kulturhistorie og urfolk gjennom foto og dokumentasjon
Heilskapleg berekraftig samfunnsutvikling og kunnskap om natur og ressursbruk
Formidling og dokumentasjon av medisinsk historie knytt til lepra
Formidling og forvaltning av stavkyrkja og kulturlandskapet
Fremje og vidareføre nordiske klinkbåttradisjonar
Berekraftsmål Naturavtalen
SDG 11, 12 Berekraftig treuttak, kortreist materiale, miljøvennleg bruk
SDG 4, 7, 9, 11, 14, 15 UNESCO peikar geoparkar som bidrag til Naturavtalen
Brei støtte til berekraftsmåla, særleg biosfæreområde
Forsking på kommunal implementering av Naturavtalen
SDG 11.4, 5, 12, 13, 17 Indirekte via berekraftig ressursbruk (trevirke)
Klimakonvensjonen Turisme
Indirekte gjennom miljøvenlege produksjonsformer
Folgefonnsenteret formidlar klimaendringar
Forsking på klimaarbeid i kommunar
Klimatilpassing av verdsarv, samarbeid med NORCE og Klimaservice
Ope to timar dagleg, universell tilgang, ønskjer fleire besøkande
Samarbeid med Visit Sunnhordland, ønskjer fleire besøkande
Ikkje retta mot turisme, ønskjer mindre besøk
Samarbeid med Visit Bergen, universell tilkomst, ønskjer fleire gjestar Alle SDG gjennom undervisning Formidling om Naturavtalen til ungdom
SDG 11, 15, 17
Fleire SDG knytt til natur, kultur, lokal utvikling
SDG 1–17 i kommunale planar
Indirekte kulturarv og kunnskap
SDG 3,4,7,9,11,12,13,14,15
Arbeid med naturmangfald, geoturisme, kartlegging, overvaking
Kartlegging, naturkunnskap, involvering, besøksstyring
Indirekte via lokal mat og berekraftige matsystem
Ikkje særleg relevant
Undervisning om klimakonvensjonen
Kystlynghei-arbeid bind karbon, formidling av klimakunnskap
Klimapåverknad, verktøykasse, utsleppsfri ferdsel, klimatiltak
Indirekte via klimavennleg mat og mindre matsvinn
Ikkje relevant
SDG 3, 4, 11
Internasjonalt og lokalt arbeid med implementering av Naturavtalen
Ikkje relevant
SDG 11 og 15
SDG 14 og fleire kulturbaserte mål
Urneshagen: formidling av natur og mangfald
Tradisjonell bruk av ressursar og berekraftig kystkultur
Prosjekt om natur og klima, utstillingar, formidling
Ikkje relevant
Indirekte via restaurering og drift
Sterk miljøprofil, vedteke strategi for klima
Ikkje turisme, men ønskjer meir besøk frå elevar
Samarbeid med Visit FjordKysten, best: øyhopping i Solund
Høg turisttrafikk, fokus på besøksforvaltning og grøn turisme
Matfestivalar, samarbeid med Visit Bergen, universell tilkomst
Ikkje turisme, men ope heile året, ønskjer meir besøk
UNESCO-ruter, samarbeid med Visit Bergen, beste mål: Fedje
Museet ope delar av året, ønskjer meir besøk
Open mai–oktober, guiding, ikkje universell
Stor aktivitet, frivillig drift, ønskjer fleire medlemmar og besøkande
Kandidatar i nominasjonsfase
Det pågår for tida arbeid med fleire kandidatar knytt til både UNESCO sitt Memory of the World program og konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Desse kandidatane representerer ulike former for kulturarv – frå historiske rettslege dokument og faglege arkiv, til levande tradisjonar, munnlege forteljingar og lokal matkultur. Til saman viser dei breidda i norsk kulturarvforvaltning, og korleis både institusjonar, kommunar, forskingsmiljø og frivillige aktørar arbeider for bevaring, formidling og berekraftig bruk av kulturarven.
GULATINGET
Gulatinget er nominert til Memory of the World programmet, med Anne Hopland som leiar for arbeidet. Prosjektet tek utgangspunkt i Gulatingslova si historiske betydning og korleis eit velfungerande rettssystem vaks fram i Noreg i mellomalderen. Gjennom formidling av lova og tingstaden skal ein synleggjere utviklinga av demokratiske institusjonar, maktfordelinga mellom folk, konge og kyrkje, og framveksten av tidlege forsvars- og rettsordningar.
Sjølve Gulatinget er òg eit etablert turistmål, sjølv om MoW nominasjonen handlar om innhaldet i lovmaterialet. Målgruppene er breie og inkluderer både born, ungdom og vaksne.
Organisatorisk er prosjektet forankra i eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Gulen kommune, med ei styringsgruppe samansett av representantar frå begge partar.
gulatinget.no


Foto: Anne Hopland
SUDAN SAMLINGANE VED UNIVERSITETSBIBLIOTEKET I BERGEN
Sudan-samlingane ved Spesialsamlingane i Universitetsbiblioteket i Bergen er òg kandidat til Memory of the World-programmet. Arbeidet blir leia av Aleksandros Tsakos og byggjer på meir enn 60 år med fagleg samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Universitetet i Khartoum. Samlingane omfattar både forskarnotat, bilete og kopiar av manuskript som gir verdifull innsikt i Sudans historie frå dei kristne nubiske kongedøma og framover.
Materialet speglar ei rik forskingshistorie, der norske antropologar og arkeologar gjennom feltarbeid bidrog til å etablere Bergen som eit internasjonalt sentrum for sosialantropologiske studiar. Samlingane har primært vaksne som målgruppe og er særleg relevante for forskarar, studentar og andre med fagleg interesse for regionen. Sudan-samlingane har ingen særleg turismeprofil, men ønskjer likevel fleire brukarar og meir publikumsretta formidling, særleg digitalt. Arbeidet knyter seg til berekraftsmål 16 om fred, rettferd og velfungerande institusjonar.
marcus.uib.no/instance/collection/ubb-ms-2199-df
DEI BERGENSKE LAUGSARKIVA
Laugsarkiva ved Universitetsbiblioteket i Bergen er ein tredje kandidat til Memory of the World. Arkiva dokumenterer lauga si rolle i bysamfunnet frå mellomalderen og fram til 1800-talet gjennom protokollar, meisterbrev, lærekontraktar og anna materiale. Aleksandros Tsakos er kontaktperson for prosjektet.
Hovudoppgåva er bevaring og formidling av denne viktige delen av byens handverkshistorie. Arkiva er tilgjengelege for både ungdom og vaksne, og formidling skjer både digitalt og gjennom utstillingar. Sjølv om arkiva ikkje er ein turistattraksjon i tradisjonell forstand, har dei universell tilkomst og ønskjer meir bruk heile året.
bergen.kommune.no/hvaskjer/tema/bergen-byarkiv-forteller/byhistorie/ norges-dokumentarv/nordlandshandelsarkivene
TØRRFISK
Arbeidet med å nominere tørrfisktradisjonane til UNESCO si liste over immateriell kulturarv, leia av Slow Food Bergen, ved Terje Inderhaug. Arbeidet omfattar både produksjon, kulinariske tradisjonar og sosiale praksisar knytt til tørrfisk, ein av dei eldste og mest særmerkte mattradisjonane i Nord Noreg og Finnmark.
Prosjektet er tett kopla til ei rekkje berekraftsmål, særleg knytt til miljøvenleg fiske, lokalt ressursbruk og styrking av urfolksnæringar og kultur. Tradisjonar knytt til fiske, tørking og matlaging representerer både biologisk og kulturelt mangfald, og står sterkt i lokalsamfunn langs kysten.

Tørrfisktradisjonane har også eit stort potensial innan kulturturisme, gjennom museum, kystkulturformidling, lokale mattradisjonar og serveringsstader. Medan produksjonsområda er opne i turistsesongen, er potensialet for vidare utvikling stort, og prosjektet ønskjer auka besøk og formidling til eit breitt publikum på både norsk og engelsk.
slowfoodbergen.org


HEIMABRYGGING AV ØL MED KVEIK
Vestnorsk kulturakademi arbeider for å få heimabrygging med kveik inn på UNESCOs representativ liste over immateriell kulturarv. Tradisjonen med kveik – ein unik gjærsopp som berre finst i Indre Vestland – har røter fleire tusen år tilbake og har blitt vidareført gjennom generasjonar. Arbeidet blir leia av Atle Ove Martinussen.
Kveikprosjektet er breitt forankra i berekraftsagendaen, mellom anna gjennom bevaring av genetisk mangfald, lokal småskalaproduksjon, mattryggleik, kulturforståing og rettferdig fordeling av utbyte frå genetiske ressursar. Kveikbanken, etablert av Vestnorsk kulturakademi, fungerer som ein nasjonal genressursbank for mikroorganismar.
Kveiktradisjonane har stort potensial innan biokulturell turisme, matog drikkekultur og handverkstradisjonar. Eldhuset Dale på Voss er i dag hovudarena for formidling, kurs og opplevingar, og det er planar om vidare utvikling av produkt som ”Kveik Route” i Hardanger og Voss. Tilbodet er ikkje universelt tilgjengeleg enno, men konseptet kan utviklast med fleire besøkande og meir internasjonal formidling.
kulturakademi.no
Foto: Inger E. Måren

MEMOAR
Organisasjonen Memoar arbeider for å gjere det enklare å skape, bevare og dele munnlege livsforteljingar, og har søkt UNESCO-status som rådgjevande NGO. Dei har éin tilsett, og blir leia av Bjørn Enes.
Memoar sitt arbeid knyter seg til berekraftsmål 16, med vekt på inkluderande og representative prosessar i samfunnet, samt delmål knytt til deltaking, lytting og formidling av levd liv. Dei utviklar digitale løysingar for å gjere munnlege forteljingar tilgjengelege – ei tilnærming som gjer det mogleg å formidle lokal oral kultur til både publikum og tilreisande, mellom anna gjennom QR-kodar. Organisasjonen har ikkje eige publikumsmottak, men samarbeider med museum og andre institusjonar.
memoar.no

Foto: Atle Ove Martinussen
Foto: Bjørn Enes

Kandidatar i nominasjonsfase
Initiativ Type/UNESCO
Gulatingslova MoW-kandidat; immateriell relevans
Sudan-samlingane MoW-kandidat
Dei Bergenske
Laugsarkiva MoW-kandidat
Tørrfisktradisjonar ICH-nominasjon
Memoar ICH-søknad
Heimabrygging med kveik ICH-kandidat
Hovudoppgåve Målgruppe
Formidle korleis rettssystem og demokratiske institusjonar starta; maktfordeling i Gulatingslova
Bevaring og formidling av 60 år Sudan-samarbeid; manuskriptkopiar, foto, feltmateriale
Bevaring og formidling av laugsarkiv frå mellomalder til 1800-talet
Bevaring og formidling av tørrfisktradisjonar og sosiale praksisar
Gjera munnlege livsforteljingar lettare å skape, bevare og dele
Bevaring av kveik og bryggetradisjonar; eldhuspraksis og gardskunnskap
Born, Ungdom, Vaksne
Vaksne
Ungdom, Vaksne
Born, Ungdom, Vaksne
Vaksne
Vaksne
Organisasjon
VLFK + Gulen kommune; leiar Anne Hopland
Berekraft Turisme Status
Miljøfyrtårn; skjøtselsplan; kulturminnevern
UBB/Spes; leiar
Aleksandros Tsakos
Berekraftsmål 16; global kulturforståing
UBB/Spes; ansvar Tsakos Mål 11.4 og 4.7; handverks- og sosialhistorie
Ansvar: Terje Indrehaug
Berekraftsmål; One Health; Naturavtalen
NGO; leiar Bjørn Enes Mål 16 og 7; inkluderande deltaking
Vestnorsk kulturakademi; Atle Ove Martinussen
Mål 2.5, 4.7, 5, 8.9, 11.4, 12, 15.6; Naturavtalen; klima
Turistmål; minnepark; formidling fysisk og digitalt
Ikkje turisme; best digitalt; ope heile året
Ikkje turisme; universell tilkomst; nett og utstillingar
Kulturturisme: museum, produksjonsstadar, restaurantar
Digital turisme via QR; samarbeid med museer
Biokulturell turisme; Eldhuset Dale; ølfestivalar
Kandidat; utvikling av formidling og universell tilkomst
Kandidat; ønskjer meir publikum
Kandidat; potensiale for digital utvikling
UNESCO-frist mars 2026
Søkt UNESCO-status
Arbeid mot ICHinnskriving

Ein av syv verdsarvstader i Skottland, Den antoninske mur, Barr Hill i Skottland. Foto: Adobe Stock

Inspirasjonskjelde: Scotland’s UNESCO Trail
Den skotske UNESCO-ruta vart utvikla av VisitScotland i samarbeid med 16 UNESCOaktørar, og vart lansert i 2021. Skottland har om lag like mange UNESCO-aktørar som Vestland, og er på mange måtar samanliknbart med Noreg når det gjeld folketal, klima og natur. Difor er modellen relevant som inspirasjon for UNESCO-ruta Vestland.
SKOTSKE UNESCO-ELEMENT – KORT OVERSYN
Skottland har:
• 7 verdsarvstader
• 2 biosfæreområde
• 3 geoparkar
• 4 kreative byar
Om lag 20 % av landområdet i Skottland ligg innanfor UNESCO-utpeikte område.
VERDSARVSTADER
• Den antoninske mur (del av Frontiers of the Roman Empire) – romersk forsvarsmur tvers over Skottland. Innskriven: 2008.
• Flow Country – stor teppemyrområde i Caithness og Sutherland, viktig for naturmangfald og fugleliv. Innskriven: 2024.
• Heart of Neolithic Orkney – sentrale neolittiske kulturminne på Orknøyane (mellom anna Skara Brae og Ring of Brodgar). Innskriven: 1999.
• New Lanark – industrilandsby og tidleg sosial reformmodell knytt til bomullsspinneriet og Robert Owen. Innskriven: 2001.



Flow Country.
Foto: Adobe Stock
New Lanark. Foto: Adobe Stock
Neolithic Orkney.
Foto: Adobe Stock
• Edinburgh – gamlebyen og nyebyen – historisk bymiljø med stor påverknad på europeisk byplanlegging. Innskriven: 1995.
• St. Kilda – øygruppe i Atlanteren med særleg natur- og kulturhistorisk verdi. Innskriven: 1986.
• Forth Bridge – ingeniørkunst og jernbanebru frå 1890, eit teknologisk landemerke. Innskriven: 2015.
BIOSFÆREOMRÅDE
• Galloway and Southern Ayrshire Biosphere – stort land- og havområde i sørvest med natur- og kulturverdiar, og aktivt lokalsamfunnsarbeid. Innlemma: 2012.
• Wester Ross Biosphere – variert kyst- og høglandslandskap i nordvest, med låg folketettleik og stor naturverdi. Innlemma: 1976.
UNESCO GLOBAL GEOPARK
• North West Highlands Geopark – nokre av dei eldste bergartane i Europa og markante geologiske strukturar. Utnemnd: 2004.
• Shetland UNESCO Global Geopark – øygeologi med svært lang tidsskalaspenn og tydelege spor etter havbotn og vulkansk aktivitet.


St Kilda, Scotland. Foto: Adobe Stock
Utnemnd: 2015.
• Isle of Arran Geopark – «Skottland i miniatyr», med geologi som viser opninga av Atlanterhavet og lang menneskehistorie. Utnemnd: 2025
UNESCO SINE KREATIVE BYAR
• Dundee – Creative City of Design – design og innovasjon som drivkraft for byutvikling. Innlemma: 2014.
• Edinburgh – Creative City of Literature – sterk litteraturtradisjon og verdskjend festival- og bibliotekby. Innlemma: 2004.
• Glasgow – Creative City of Music – brei musikkscene og sterke institusjonar og produksjonsmiljø. Innlemma: 2008.
• Perth – City of Craft & Folk Art – handverk og folkekunst, med både tradisjon og ny produksjon. Innlemma: 2021.




Røynsler frå Skottland
Skottland var det fyrste landet i verda som etablerte ei slik UNESCOrute. Ruta er i hovudsak digital og byggjer på eit breitt partnarskap mellom mellom anna VisitScotland, styresmakter og dei ulike UNESCOelementa.
Prosessen med å utvikle ruta har fått om lag 5 millionar kroner i støtte frå den skotske regjeringa, i tillegg til at alle involverte partar har bidrege med eigeninnsats.
Ruta inviterer publikum med på ei kulturell reise over heile landet, kor ein kan oppleve alt frå historie til vitskap, musikk, design og litteratur til natur og bylandskap. UNESCO-trail Scotland er laga med tanke på å styrkja ambisjonen om å gjere Skottland til eit verdsleiande, ansvarleg reisemål. Ruta oppmodar difor dei vitjande til å bli lenger, til å komme heile året, til å ta berekraftige reiseval, utforske breiare og til rett tid på året, og i sin tur bidra til berekraftig livskvalitet for dei samfunna som omkransar dei utpeikte stadene.

I juni 2024 orienterte Natasha Hutchison (Wester Ross biosfæreområde) Vestland-nettverket om prosess, mål og lærdommar. Seinare samtalar har utdjupa nokre av punkta.
Dette peikar seg ut som særleg viktig:
• Brei involvering og tydeleg leiing i oppstarten.
• Plan for vidareføring etter prosjektperioden, slik at initiativet ikkje mistar kraft når prosjektmidlane tek slutt.
• Tydleg formidling av UNESCO-verdiar (fred, vitskap, utdanning, kultur og kommunikasjon), og kva dei ulike statusane faktisk inneber.
• Frå “insta-turisme” til djupare opplevingar, med lågare tempo og meir innhald.
Teamsmøte med Natasha Hutchison leiar for Wester Ross biosfæreområde, og prosjektleiar for Scotland’s UNESCO Trail. Foto: Anne Hopland

Illustrasjon: visitscotland
• Frå turistar til deltakarar og ambassadørar, som tek berekraftige val og bidreg positivt lokalt.
• Berekraft i heile verdikjeda, med forventningar til lokale aktørar om grønare løysingar.
UTFORDRINGAR SOM ER VERD Å MERKE SEG
• Når ruta er mest digital, kan det vere krevjande å halde konseptet synleg utan jamn trafikk, marknadsføring og omtale.
• UNESCO-aktørane har svært ulike ressursar og føresetnader for å bidra i felles promotering.
• UNESCO-status fører ikkje automatisk med seg meir finansiering eller kapasitet.
• Auka besøk kan gje press på natur, kulturminne og lokalsamfunn dersom besøksforvalting ikkje er del av konseptet frå start.
OPPSUMMERING: KORLEIS DEFINERE SUKSESS?
UNESCO-ruta gir ikkje automatisk fleire besøkande, men kan på sikt styrkje synleggjering og samarbeid. Skottland peikar likevel på at suksess krev:
• ein realistisk plan for varig drift
• sterkare og meir samanhengande formidling av UNESCO-verdiar
• tydlege grep for berekraftig turisme
Web-ressursar
www.visitscotland.com/unesco-trail unesco.org/en/articles/worlds-first-unesco-trail-launched-scotland visitscotland.com/things-to-do/unesco-trail/designation

Funn frå Workshopen UNESCO-ruta Vestland
FØREMÅL MED FORPROSJEKTET
Forprosjektet for UNESCO-ruta Vestland skulle:
• gi betre kjennskap til dei ulike UNESCO-programma og korleis dei kan forsterke kvarandre
• hente lærdom og inspirasjon frå Skottland, og vurdere internasjonalt samarbeid
• etablere ei felles plattform for aktørane
• byggje ei felles forteljing for ruta
• konkretisere kva UNESCO-ruta Vestland kan vere, og korleis ho kan organiserast
Prosjektet peikar mot ei rute med tydeleg forankring i stadbundne ressursar og berekraftig utvikling. Dette omfattar òg reiselivsutvikling, forståing av berekraft i ein UNESCO-samanheng, og behovet for god besøksforvalting.
FELLES UNESCO-VERDIAR
I workshopen vart det peika ut fleire felles verdiar. Gruppa landa på tre som ein felles kjerne:
• Fred
• Læring
• Ivareta
Dialog vart òg løfta fram som sentralt, og kan sjåast som ein del av både fred og læring.
TEMA SOM BESØKANDE SKAL HUGSE
I tillegg til verdiar vart det formulert nokre felles opplevingstema. Det kom òg innspel om å ta i bruk fleire sansar og gi temaa meir kraft.
Felles tema:
• Samspel (til dømes «samspel for å overleve», «dyrk samspel – i motsett ende finn vi makt»)
• Kulturlandskap (til dømes «eg er eit fjell på reise»)
• Nyskaping (til dømes «fortida må med i framtida sine løysingar», «ta vare på fortida for å bygge framtida», «forvaltar verdiar for framtida»)
FELLES UTFORDRINGAR OG BEHOV
Mange UNESCO-aktørar opplever like utfordringar, særleg knytt til lokal forankring. Det som vart løfta fram som felles, var:
• Kommunikasjon: gjere UNESCO meir forståeleg og relevant
• Møteplassar: vere tilgjengeleg, både digitalt og fysisk
Vikingmarknad på Tusenårstaden Gulatinget.
• Unge og utdanning: engasjement gjennom skule og tilrettelagde aktivitetar
• Kopling til kvardagsliv: knyte UNESCO til det folk gjer og bryr seg om VEGEN VIDARE
Det kom mange forslag til vidare samarbeid. Desse kan sjåast som ulike delar av same mål:
• nettverk og erfaringsdeling
• møteplassar og samlingar
• utdanning og læring
• ei framtidig reiselivssatsing
Reiselivssatsinga er det som er utgangspunktet for heile prosjektet og kanskje det som er det endelege målet. Nettverket har vi etablert og all aktivitet vi gjer er med på å styrkje nettverket. Med utgangspunkt i utfordringar knytt til forankring, då særskilt lokalt, samt dei verdiane som ein har sett som felles så kan det vere ein start på noko som har innbyggjarane, og born og unge, i Vestland fylke som målgruppe.
Ved å fokusere på det å skape møteplassar og utdanning og læring så kan ein skape eit godt grunnlag for noko som på sikt kan bli ei reiselivssatsing. Dette femner godt om dei tre felles verdiane, fred, læring og ivareta og tema samskaping, kulturlandskap og nyskaping. Det kom fleire veldig gode innspel knytt til det å ta utgangspunkt i UNESCO sine

Nettverket sin fysiske workshop hos FN-sambandet i Bergen. Foto: FN-sambandet.
tema og velje eit kvart år som alle fokuserer på. Ved å bruke kvarande på ulike samlingar vil ein både styrke den totale kunnskapen om UNESCO og styrkje nettverket.
Ved å nytte FN-sambandet og utvikle undervisningsmateriell knytt til UNESCO, og kvar einskild status så vil dette bidra til å auke den lokale forankringa og styrkje nettverket.
Noko som er ein fordel med å tenkje ut frå desse fokusområde er og kva som er mogleg å få finansiering til å gjennomføre. Her kan ein skalere litt avhengig av kva ein har ressursar til å gjennomføre samstundes som at ein kan oppretthalde fokuset lokalt, gjennom å jobbe med valt UNESCO tema, utan store eksterne økonomiske bidrag. Styrking og bevaring av nettverket vil vere det sentrale og det som må vere grunnlaget for alt.
Konkrete spor å jobbe vidare med:
1. Årleg UNESCO-tema
• integrere tema i lokalt arbeid
• bruke tema som ramme for seminarrekkjer
• UNESCO-tema for 2026: Kvinnelege jordbrukarar og Frivillige for berekraftig utvikling
2. Bruke kvarandre
• finne koplingar og samarbeidsmoglegheiter
• utvikle felles prosjektsøknader
• invitere kvarandre til arrangement
3. Undervisningsopplegg
• utvikle opplegg i samarbeid med FN-sambandet
• styrkje forståinga av UNESCO og dei ulike statusane
• kople arbeidet til lokale skular
Målet er å halde fast på det viktigaste: å bevare og styrkje nettverket som grunnlag for alt vidare arbeid.
Korleis kan vi jobbe i dette samarbeidet vidare?
Ulike forslag frå workshopen
A) EIT NETTVERK
B) EI REISELIVSSATSING
Bygge eit fagleg fellesskap som held seg «varmt» gjennom jamlege møte, aktualiseringar og deling.
DØMER:
• Dele kunnskap og erfaring Hjelp til søknadar (UNESCO) Ha meir samarbeidsprosjekt, gå 2 og 2 saman, eller fleire? Søke saman
• Forsette med innlegg på sosiale media, med UNESCO- paraply over. Dele info.om kvardnare
RESULTAT: Styrke kollegiale (Internt)
MÅLGRUPPE: Vi som jobber med UNESCO i Vestland.
DØMER:
• Lage etter modellen til Skottland Lage mindre og lenger ruter, kanskje finne dei som “passer saman”
• Digitalt og/eller fysisk? (Nettside/ skilt/sosiale media?) Voluntourisme (Berekraftig) “Den gylne omvei”
RESULTAT: Berekraftig besøksforvaltning. Meir kjennskap og intresserte besøkande. Meir verdiskaping.
MÅLGRUPPE: Norske og/eller utalandske turistar.
NB! Då må vi vere gode på besøksforvaltning. Å utvikle dette vil ta tid. Bygge vidare på tema og verdiar. Interpretasjon. UNESCO-ruta Vestland
C) SKAPE MØTEPLASSAR
D) UTDANNING OG LÆRING
Skape møteplassar for innbyggjarar i Vestland fylke.
Få born og unge i Vestland fylke meir kjent med UNESCO.
DØMER:
• T.d. velge eit av UNESCO sine tema, og ha fokus på dei gjennom heile året. T.d. Utdanning - då skal alle ha det.
• Bruke kvarandre på samlingar, Leige inn t.d. Urnes stavkyrkje til Gulatingstaden m.m.
• Ha dette på biblioteka
• Utvikle utstilling, t.d. på Høyden i Bergen.syner alle samlingane i bildesamlinga (ca. 80 % fokus), men òg løftar fram andre UNESCOstatusar (ca. 20 %).
RESULTAT:
Gjere UNESCO meir kjent for innbyggjarar i Vestland fylke.
MÅLGRUPPE: Innbyggjarar i Vestland fylke
DØMER:
• FN-sambandet utvikle undervisningmateriell til dei ulike statusane. Bruke nettverket aktivt inn i dette.
• Kopiere “Verdensarvingarkonspetet”, ikkje berre verdsarv med alle statusane.
RESULTAT: Gjere UNESCO, og dei ulike UNESCOstatusane meir kjent for born og unge i Vestland fylke.
MÅLGRUPPE: Born og unge i Vestland fylke.

Viktige betraktningar i prosjektet og resultat
I forprosjektet har UNESCO Vestland gått frå å vere eit uformelt nettverk til eit meir formalisert samarbeid mellom tilsette som arbeider med UNESCO-program og -konvensjonar. Prosjektet (2025) har utvikla og testa ei felles satsing på tvers av aktørane, definert som UNESCO-ruta Vestland. Arbeidet blir ført vidare i 2026.
Nedanfor er dei viktigaste resultata, ordna etter måla i forprosjektet.
MÅL 1: BETRE KJENNSKAP TIL PROGRAMMA, OG KORLEIS DEI KAN FORSTERKE KVARANDRE
Nettverket har fått vesentleg betre oversikt over breidda i UNESCOstatusane i Vestland, og over korleis aktørane arbeider i praksis. Mange oppdaga gjennom prosjektet både nye statusar og nye miljø som er i søknadsprosess.
Dette er oppnådd gjennom:
• ei felles undersøking der kvar aktør skildra det som er unikt ved eiga ordning
• ein skriftleg rapport som alle har lese
• workshopar og samlingar med deling av arbeidspraksis og erfaringar
Eit viktig funn er at arbeidsformene er meir like enn ein ofte trur, og at det finst klare moglegheiter for samarbeid på tvers av fagområde.
MÅL 2: LÆRDOM FRÅ SKOTTLAND OG POTENSIAL FOR INTERNASJONALT SAMARBEID
Prosjektet har gitt innsikt i Scotland’s UNESCO Trail og i korleis ein kan samle ulike UNESCO-stader under ei felles forteljing.
Viktige lærdommar som bør liggje til grunn for eit eventuelt hovudprosjekt:
1. planlagt vidareføring etter prosjektperioden
2. tydelegare formidling av UNESCO sine verdiar
3. meir djupn, mindre “insta-turisme”
4. frå turistar til deltakarar og ambassadørar
5. berekraft i heile verdikjeda
MÅL 3: FELLES PLATTFORM OG MØTEPLASSAR
Det er etablert:
• ei felles digital plattform i Teams
• fire felles samlingar, inkludert ei todagars workshop i Bergen
• fleire arbeidsmøte i dei ulike arbeidspakkane
Dette har styrkt relasjonar, effektivisert samarbeidet og lagt eit betre grunnlag for vidare samhandling.
MÅL 4: FELLES FORTELJING OG IDENTITET
Gjennom workshop vart nettverket samde om ein felles kjerne:
• Verdiar: fred, læring og ivaretaking
• Tema: samspel, kulturlandskap og nyskaping
Workshopen vart leia av Interpret Norway (Kristian Bjørnstad), og løfta fram interpretasjon som ein nøkkel for truverdig og berekraftig formidling. I UNESCO-samanheng handlar dette om å setje enkeltstader inn i større samanhengar, og gi besøkande kunnskap som sit att.
Som del av kommunikasjonspakka er det samla inn bilete og korte tekstar frå aktørane, og publisert i sosiale medium (Facebook, Instagram og LinkedIn). Til saman har innlegga nådd om lag 90 000 visningar.
MÅL 5: KVA UNESCO-RUTA SKAL VERE, OG VEGEN VIDARE
Prosjektet viser at det trengst meir tid for å utvikle eit fullverdig konsept. Aktørane har avgrensa kapasitet i eigen drift, og eit hovudprosjekt vil krevje både finansiering og lengre tidshorisont.
Råd som er løfta fram i prosjektet:
• bruk tid på å bli kjent i gruppa og avklare felles retning
• løft fram det unike ved kvar stad og kvar aktør
• definer kva berekraftig reiseliv betyr i vår samanheng
• avklar målgrupper og kommunikasjon
• bygg vidare på det som alt finst, i staden for å etablere nye parallelle kanalar
Eit sentralt spørsmål vidare er korleis ein best kan engasjere innbyggjarar og norske reisande, slik at UNESCO blir meir relevant i kvardagen.
ARBEIDSFORM OG ORGANISERING
Prosjektet var organisert i seks arbeidspakkar (AP), der oppgåver vart fordelte etter kompetanse og ressursar. Dette har gitt god framdrift, delt eigarskap og mindre sårbarheit.
ARBEIDSPAKKAR (AP):
• AP1 Prosjektleiing: Nordhordland UNESCO Biosfæreområde (Hildegunn Opdal)
• AP2 Inspirasjon frå Skottland: Forbundet Kysten (Kjell Magnus Økland). Prosjektstøtte: Hildegunn Opdal
• AP3 Kartlegging av UNESCO-element: Sunnhordland Geopark (Brynjar Stautland)
• AP4 Utviklingsspor: Fjordkysten regional- og geopark (Trude Søilen). Prosjektstøtte: Kai Grieg og Insaaf (FN-sambandet), Hege Agathe Alisøy-Bakke (Bryggen i Bergen), Gry Mørk (Fjordkysten verdsarvpark), Kari Evensen Natland og Hildegunn Opdal
• AP5 Organisering og rammer: Hege Agathe Alisøy-Bakke (Bryggen i Bergen). Bidragsytarar: Kai Grieg og Insaaf (FN-sambandet), Gry Mørk, Kari Evensen Natland, Hildegunn Opdal, Morten Løwe (Urnes stavkyrkje)
• AP6 Kommunikasjon: Urnes stavkyrkje (Morten Løwe). Prosjektstøtte: Hildegunn Opdal




Foto: Kristian Bjørnstad
Foto. Trude Søilen
Foto. Trude
Søilen
Foto. Trude Søilen

Oppsummering
Vestland har fleire aktørar og område med UNESCO-status, både gjennom program og konvensjonar. I tillegg finst det miljø som arbeider med nye nominasjonar. Dette gjer Vestland til eit fylke som er aktivt innan UNESCO sine fire hovudområde: utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.
I forprosjektet har vi undersøkt om det er grunnlag for ei UNESCO-rute for Vestland, inspirert av Skottland, som alt har etablert ei slik rute.
VIDARE SAMARBEID
Eit formelt og varig nettverk på tvers av program og konvensjonar er avgjerande for vidare arbeid. Arbeidsnamnet er UNESCO Vestland.
Nettverket må ha:
• digitale kanalar for deling og koordinering
• fysiske møteplassar for relasjonar, læring og samskaping
Gjennom forprosjektet er tre satsingsområde peika ut. Nokre tiltak krev nye midlar, andre kan innarbeidast i eksisterande arbeid.
FORESLÅTTE SATSINGSOMRÅDE
1. Årleg UNESCO-tema
• integrere tema i lokalt arbeid
• bruke tema som ramme for seminar og aktivitetar
• UNESCO-tema for 2026: Kvinnelege jordbrukarar og Frivillige for berekraftig utvikling
• bruke nettverket aktivt til å finne koplingar og utvikle felles prosjekt
2. Undervisningsopplegg
• utvikle opplegg i samarbeid med FN-sambandet
• gi betre forståing av UNESCO og dei ulike statusane
• kople arbeidet til lokale skular
• støtte opp under årleg tema
• synleggjere samanhengar mellom ulike UNESCO-statusar i fylket
3. Nettverksbygging og samarbeid

• styrkje og bevare nettverket som grunnlag for alt vidare arbeid
• vurdere kva som kan finansierast eksternt, og kva som kan gjerast med eksisterande ressursar
• utvikle fleksible løysingar som kan skalerast etter behov
DET LANGSIKTIGE MÅLET: UNESCO-RUTA VESTLAND
Målet på sikt er ei reiselivssatsing: UNESCO-ruta Vestland. For å lukkast treng vi meir tid til å utvikle ei felles forteljing og til å forme ei rute der berekraftig besøksforvalting er ein integrert del.
SPØRSMÅL Å ARBEIDE VIDARE MED
• Kva inneber berekraftig besøksforvalting i vår samanheng?
• Kven er dei viktigaste målgruppene?
• Kor viktig er den norske marknaden samanlikna med utanlandske besøkande?
• Korleis bør ruta eller rutene utformast?
Arbeidet blir ført vidare i 2026, og nye finansieringskjelder må inngå i planlegginga.
UNESCO-RUTA















Vestland