Skip to main content

Strategisk plan 2026-2030 Nordhordland UNESCO Biosfæreområde

Page 1

Nordhordland UNESCO Biosfæreområde Strategi 2026-2030

1


Om strategidokumentet Nordhordland UNESCO biosfæreområde - eit læringsområde for berekraftig utvikling Denne strategien peikar ut retninga for arbeidet i Nordhordland UNESCO biosfæreområde i perioden 2026–2030. Dokumentet byggjer på visjonen, oppdraget og måla for biosfæreområdet, og viser kva satsingsområde som skal prioriterast i åra framover. Samstundes er strategien eit praktisk arbeidsdokument: den gjev retning, ambisjonar og prioriteringar for arbeidet vårt. Den er tufta på internasjonale avtalar og nasjonale føringar, men har også tatt opp i seg ambisjonane som ligg i dei ulike kommuneplanane sin samfunnsdel. Strategidokumentet er bygd opp rundt fem satsingsområde som til saman skal styrkje ei heilskapleg berekraftig utvikling i regionen: Levande lokalsamfunn, Natur, miljø og klima, Kunnskap og læring, Grøn verdiskaping, samt Møteplassar og kommunikasjon. Kvart satsingsområde skildrar kva vi vil oppnå, og kva som må til for å lukkast. I tillegg gir handlingsprogrammet retning for prioriterte tiltak i den første delen av strategiperioden. Strategien er ei revidert utgåve av det førre strategidokumentet, og er utvikla med brei lokal medverknad. Innspel frå Biosfærerådet og aktørar frå ulike delar av samfunnet har vore viktige i arbeidet. Det er i møtet mellom kunnskap, engasjement og samarbeid at biosfæresatsinga får kraft. Difor er denne strategien ikkje berre eit dokument om kva vi vil – men eit felles grunnlag for korleis vi saman kan forme ei berekraftig framtid for Nordhordland. Du finn meir informasjon om Nordhordland biosfæreområde her: www.nordhordlandbiosphere.no 2

Bøkeskogen på Vollum, Alver. Foto: Ruben Soltveit. Framside: Kva er inni høyløa? Foto: Eksingedalen oppveksttun.


Nordhordland Biosfæreområde

• •

UNESCO sitt biosfæreprogram, Man and the Biosphere (MABprogrammet), er sentralt i FN sitt arbeid for eit meir berekraftig samfunn. I 2026 omfattar det 785 utnemnde biosfæreområde verda over. Fellesnemnaren for desse områda er at dei arbeider for ein betre balanse mellom å ta vare på naturen, sikre ei god samfunnsutvikling og ein berekraftig økonomi. Då Nordhordland i 2019 vart utnemnt til eit biosfæreområde, var dette ei anerkjenning frå UNESCO: «denne regionen har eit framifrå grunnlag til å drive fram tiltak for berekraftig utvikling som kan bli viktige både lokalt, nasjonalt og internasjonalt».

•

Nordhordland er området mellom Bergen og Sognefjorden. Det utnemnde UNESCO biosfæreområdet inkluderer kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. I tillegg er òg delar av areala til kommunane Øygarden, Voss, Vik og Høyanger tekne med, mellom anna for å få innlemma heile Stølsheimen. Variasjonen i landskapet er stor, frå havet i vest til fjordar og fjell i aust. Storleik og innbyggjartal i kommunane varierer mykje, men det er sterke fellestrekk mellom dei, både geografisk, historisk og kulturelt.

Bevare: Ta vare på vårt biologiske og kulturelle mangfald. Utvikle: Vidareutvikle lokalsamfunnet i ei berekraftig retning, både økonomisk, miljømessig og sosialt. Støtte: Samarbeide og støtte forsking, overvaking, undervisning og formidling om berekraftig utvikling.

Programmet er basert på bruk av lokale ressursar, kunnskap og idear. Samarbeid med forskingsinstitusjonar og næringsliv vert viktig for å ta kunnskapsbaserte val og utvikle innovative løysingar. Vi søkjer difor å utvikle dialog og eit utvida samarbeid mellom lokalbefolkninga, styresmaktene, næringslivet og forskings- og utviklingsmiljø. Utveksling av kunnskap og idéar med andre biosfæreområde og internasjonalt samarbeid gjev ein unik sjanse til å utnytte potensialet som ligg i heile MAB-programmet. Eit biosfæreområde skal vere eit læringsområde som andre stader og regionar i både inn- og utland kan lære av og bli inspirerte av.

Kva inneber ein status som biosfæreområde? Det er sett klare krav til kva kvalitetar eit biosfæreområde skal ha, men innanfor desse rammene har kvart biosfæreområde stor fridom til å bestemme kva som skal gjerast. Statusen som biosfæreområde inneber ikkje vern av nye område, men at regionen har forplikta seg til å utvikle området i ei berekraftig retning. I Nordhordland vil vi at biosfæreprogrammet først og fremst skal fungere som ein samarbeidsarena. Det handlar om bruken av naturressursane, om kulturen vår, om medbestemming og engasjement og om å få til ei positiv utvikling for oss og for borna våre. I UNESCO sitt biosfæreprogram er det tre grunnpilarar som alle biosfæreområda verda over skal arbeide etter: Kommunane i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde. Kart: Kjersti Isdal.

3


Heilskapleg berekraftig utvikling I Nordhordland vil vi bruke statusen til å arbeide for ei heilskapleg retning for samfunnsutviklinga i området. Berekraftig utvikling betyr utvikling som tek omsyn til behovet i dag utan å øydelegge mogelegheitene for at kommande generasjonar skal få dekka sine behov. Dette vil seie at vi må ta omsyn til, og få ein god balanse mellom tre viktige dimensjonar: natur-/og miljømessige tilhøve, økonomiske tilhøve og sosiale tilhøve. Ressursane i Nordhordland Nordhordland Biosfæreområde er eit rikt område både på ressursar og kvalitetar. Naturen vår er unik og inneheld alle naturtypar som finst i Noreg, sett bort frå isbrear! Området forvaltar ressursar som ikkje berre vi, men heile landet er avhengige av for mellom anna sikker beredskap, arbeidsplassar og velferd. Vi er eit sterkt energiområde, med vasskraft og petroleumsindustri og har ein stor produksjon av fisk i anlegg.

Lokalt engasjement Eit sterkt folkeleg engasjement har vore ein føremon for å få tildelt statusen som biosfæreområde, og for å utvikle og skape innhald i satsinga. Lokal medverknad, involvering og det å støtte opp om lokale initiativ, er viktig for å klare å oppnå målsetninga med statusen. Dialog mellom aktørane i lokalsamfunnet er ein sentral reiskap for alle biosfæreområde, og erfaringane verda over viser at dette arbeidet gjev gode resultat. I praksis betyr det å leggje til rette for at lokalbefolkninga, lokalpolitikarar, kommunane, forskingsinstitusjonar, næringsliv, barnehagar, skular, frivillige lag utviklar eit eigarforhold til biosfæreområdet, gjennom aktiv medverknad. Både i prosjekta vi har gjennomført, i arbeid vi har i gong, og i framtidige tiltak vi skal i gong med er dette ein grunnpilar: å få til eit sampel med brei involvering på tvers av sektorar og fag.

Ressursprofil for Nordhordland biosfæreområde som viser variasjonen i landskapet (klimagradient) og ressursane som finst i området. Figur: RNI/Kjersti Isdal.

4


Visjon FORTELLINGA OM NORDHORDLAND Fortellinga om Nordhordland - kven vi er - det er utgangspunktet for den framtida vi skal forme. Nordhordland er ein liten stad i verda, lik andre stader langs kysten. Framfor oss er det ressursar og mellom oss er kraft til å forandre verda. Til å gje vårt bidrag til draumen om eit samfunn der menneska og naturen er i balanse. Til å forme ei berekraftig framtid. For å lukkast må alle vere med. Born, unge, vaksne, eldre. Det private og det offentlege. Næringsliv, kommunar, lag og organisasjonar. Næringslivet med sin unike og breie kompetanse er nøkkelen som opnar døra til det blågrøne skiftet: der energi vert hausta og sett i arbeid - på nye måtar. Der liv i hav og havbruk gjev sunn og berekraftig mat, der teknologi tek store sprang for ferdsel på sjø og land, der kunnskap og kompetanse grip moglegheitene som den nye sirkulære økonomien gjev oss. Og mykje, mykje meir. Fortellinga om Nordhordland er fortellinga om dei som tek vare på framtida. Som skapar eit samfunn der ein høyrer heime, der ein kan vekse, utvikle seg og saman skape gode fellesskap. Der naturressursar på land og i sjø vert forvalta og foredla godt. Der kunnskap vert hausta og verdiar skapt til gode for folk som lever her i dag og for dei som kjem etter oss.

Utsikt over Veafjorden, Vaksdal. Foto: Kenneth Vik.

5


Oppdrag Nordhordland UNESCO Biosfære tilbyr eit rammeverk for kommunane, næringslivet, forskingsinstitusjonar, lag / organisasjonar og lokalbefolkninga for at vi alle skal arbeide saman for ei berekraftig region, på lag med natur- og kulturarven vår. Vi legg til rette for eit samarbeid på tvers av sektorar og fag. Nordhordland UNESCO biosfære tek ikkje part i sakar, men skal fungere som det runde bord: der kunnskap samlast og meiningsbryting kan skje og dei gode vala kan takast til det beste for regionen, naturen og kulturen.

Figur 2. Ei berekraftig utvikling inneber både ei miljømessig, økonomisk og sosial dimensjon. Figur: RNI/Kjersti Isdal.

Mål Nordhordland UNESCO Biosfæreområde skal byggje på det beste frå fortida og leggje til rette for ei framtid som sikrar berekraftig bruk av alle ressursane i samfunnet - til nytte og glede for folk i dag og for kommande generasjonar. 6

FN sin Agenda 2030 og berekraftsmåla I 2015 vedtok dei 193 medlemslanda FN sine berekraftsmål. Dei 17 berekraftsmåla og 169 delmåla er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motarbeide ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla byggjer på dei tre dimensjonane i berekraftsomgrepet; miljømessig, økonomisk og sosial utvikling, der partnarskap for å nå måla er gjennomgåande (mål 17). Naturen er grunnlaget som alt spring ut i frå, difor utgjer berekraftsmåla 6 (reint vatn og gode sanitærtilhøve), 13 (stoppe klimaendringane), 14 (livet under vatn) og 15 (livet på land) sjølve fundamentet for dei andre berekraftsmåla. Berekraftsmåla er viktige premissar for dette strategidokumentet. Figur 5. Samanhengane mellom berekraftsdimensjonane i FNs berekraftsmål. Kjelde: Stockholm Resilience Centre.

Naturavtalen Naturavtalen (Kunming–Montreal Global Biodiversity Framework) er ein global avtale vedteken i 2022 for å stanse og reversere tapet av natur og biologisk mangfald innan 2030, med ein visjon om å leve i harmoni med naturen innan 2050. Avtalen inneheld 23 mål, der sentrale punkt er å verne 30 prosent av verdas land- og havområde, restaurere 30 prosent av øydelagd natur og fase ut skadelege subsidiar. Avtalen forpliktar alle medlemslanda i FN (med unntak av USA) til å utvikle nasjonale handlingsplanar. Naturavtalen er ein viktig premiss for strategidokumentet.


Satsingsområde Når målet er ei heilskapleg, berekraftig utvikling i biosfæreområdet, så er det peika ut 5 satsingsområde som skal gjenspegle dette. Desse skal hjelpe oss til å sikre fart og retning langs viktige utviklingsspor i regionen. 1) Levande lokalsamfunn 2) Natur, miljø og klima 3) Kunnskap og læring 4) Grøn verdiskaping 5) Møteplassar og kommunikasjon Sjølv om Møteplassar og kommunikasjon er eit verktøy for alle satsingsområda, så er det ein så viktig del av biosfærearbeidet at det også er satt som eit eige satsingsområde! Nordhordland UNESCO biosfæreområde har identifisert følgande temaer som blir satsingsområde i strategiplanen:

Figur 6. Dei fem satsingsområda til Nordhordland UNESCO biosfæreområde.

FN sine berekraftsmål, frå vandreutstillinga ”Sirkulære Nordhordland”. Foto: Hildegunn Opdal.

7


Nordhordland UNESCO biosfæreområde har identifisert følgende temaer som blir satsingsområder i strategiplanen:

1. Levande lokalsamfunn

God samfunnsutvikling og levande, robuste lokalsamfunn er viktig. Biosfæreområdet ønskjer å bidra til meir kunnskap, kompetanse og engasjement kring ei berekraftig forvalting av ressursane våre – òg dei menneskelege. Utviklinga skal byggje på lokal kultur og identitet og inspirere til eit breitt folkeleg engasjement. • Vere ein medspelar til lokale initiativ som aukar trivselen og attraktiviteten til lokalsamfunna • Bidra til revitalisering av lokal kultur, tradisjonar, handverk og historie • Leggje til rette for kunnskapsoverføring og samhandling mellom generasjonar • Inspirere til, og auke kunnskapen om å leve meir berekraftig • Bidra til styrka folkehelse gjennom å knyte menneske og natur tettare saman

2. Natur, miljø og klima

Naturen utgjer livsgrunnlaget og har ressursar som det er avgjerande å forvalte godt. Biosfæreområdet vil arbeide for at naturen og naturressursane vert ivaretatt og brukt på ein langsiktig berekraftig måte for å sikre både naturmangfaldet (biodiversitet) og dei goda (økosystemtenestene) naturen gjev oss. 8

Foto: Ruben Soltveit. Foto: Kjersti Isdal


• • • • • • •

Bidra til berekraftig arealbruk på land og i sjø Bidra til at ressursane i sjø, vatn og elvar vert nytta på ein berekraftig måte Arbeide for å gjere folk merksame på verdien av biologisk mangfald og av dei verna områda i biosfæreområdet Bidra til å redusere menneskeskapte klimaendringar Bidra til å auke matproduksjonen på lokale ressursar Arbeide for at kulturlandskapet vert forvalta slik at dei kulturhistoriske og landskapsmessige verdiane vert haldne i hevd Inspirere til å oppdage, oppleve og bli glad i naturen

3. Kunnskap og læring

Utviklinga i Nordhordland skal vere kunnskapsdriven og slik leggje grunnlaget for kloke val for framtida. Samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonar – og med skular og barnehagar i regionen - vil vere viktig for å styrkje kunnskapen i biosfæreområdet om kva som er ei god, berekraftig utvikling. • Utvikle satsingar som vektlegg barn og unge sin medverknad, og som gjev dei kunnskap om og engasjement for lokal og global berekraftig utvikling • Utvikle samarbeid med Universitetet i Bergen og andre forskingsinstitusjonar • Utvikle samarbeid med både barnehagar, grunn- og vidaregåande skule • Sikre at forskingsmiljø vert involvert i problemstillingar som er relatert til berekraftig samfunns- og næringsutvikling i regionen • Skape forståing for kva statusen som biosfæreområdet inneber for regionen - gjennom formidling og kunnskapsheving • Sikre at viktig kunnskap og kompetanse vert delt lokalt, nasjonalt og internasjonalt Eksingedalen oppveksttun med sjølvlaga stand på Biosfæredagen 2026. Foto: Ruben Soltveit.

9


4. Grøn verdiskaping

Nordhordland Biosfæreområde er ein sterk industriregion for energi, vi har stor produksjon av fisk, og vi utmerkar oss også innan anna industri, som t.d. robot-teknologi. Saman med eit variert næringsliv elles vert biosfæreområdet ein viktig motor for heile landet, for å bidra med sikker beredskap, arbeidsplassar og velferd. Dette gjer oss til ein attraktiv region for å bu og arbeide i, og slik ønskjer vi det skal fortsette i framtida. Berekraftig ressursbruk er avgjerande for ei framtidsretta utvikling av robuste næringar. Næringslivet i biosfæreområdet er opptekne av berekraftig utvikling og særs mange tek grep for å bidra til ”grøn omstilling”. I biosfæreområdet skal vi samarbeide om og oppmuntre til vidare grøn innovasjon og verdiskaping. • • • • • • • • • 10

Bidra til auka kompetanse i næringslivet kring grøn verdiskaping, beredskap og berekraftig utvikling Vere ein pådrivar for ei miljø- og klimavenleg omstilling av næringslivet i regionen Vere ein pådrivar for sirkulær økonomi Ta i bruk lokale unytta ressursar for verdiskaping Bidra til å utvikle regionen som læringsområde for berekraftig havbruk og landbruk, med vekt på beredskap og innovasjon Bidra til næringsutvikling knytt til skog/skogbruk/bruk av tre Utvikle berekraftige lokale produkt og tenester; aktivitetar og opplevingar som styrker attraktiviteten til Nordhordland Stimulere til vidareutvikling og bruk av berekraftig energi Involvere forskarar og studentar i innovasjons- og produktutviklingsprosessar Industri er ei viktig næring i Nordhordland. Foto: Ruben Soltveit.


5. Møteplassar og kommunikasjon

Å leggje til rette for dialog og samhandling for ei berekraftig utvikling, er ein grunnpilar i UNESCO sitt biosfæreprogram. Det er avgjerande å kome saman, diskutere og dele kunnskap for å skape eit breitt grunnlag for prioriteringar og vegval. I dette ligg også arbeidet med å skape eigarskap og engasjement for biosfæreområdet. Etablering av møteplassar og aktiv kommunikasjon vil stå sentralt og er difor både eit eige satsingsområde og eit viktig verktøy i alle satsingsområda. •

• •

• •

Utvikle gode kommunikasjonsplattformer og ulike arenaer for dialog mellom forskings- og kunnskapsmiljø, kommunane, regionalt næringsliv, dei frivillige og andre samfunnsaktørar Utvikle verktøy og arenaer som skal bidra til dialog og løysing kring omdiskuterte tema i biosfæreområdet Sørge for at Nordhordland biosfæreområde er godt kjent og godt forankra i regionen, og at dette blir ei tydeleg merkevare lokalt, nasjonalt og internasjonalt Etablere samarbeid med aktuelle samfunnsaktørar, næringsliv og ideelle organisasjonar Vere ein aktuell og aktiv samarbeidspartnar i det internasjonale UNESCO-biosfærenettverket

Opning av Biosfæredagen 2026 med tema ”Meining, mat og mot” - om matberedskap og levande bygder. Foto: Ruben Soltveit.

11


Handlingsprogram

frivillige lag – og kombinasjonar av desse aktørane! Det er akkurat slik eit biosfæreområde skal fungere – alle må bidra når ein byggjer eit berekraftig samfunn!

HANDLINGSPROGRAM 2026-2028 Denne handlingsplanen syner dei tiltaka som er prioriterte i denne perioden. Handlingsprogrammet famnar breitt og vi ønskjer små og store prosjekt innafor satsingsområda velkomne. Biosfæreområdet vil i hovudsak engasjere seg i aktivitetar som er organisert i prosjekt. I tillegg kjem faste driftsoppgåver.

Handlingsprogrammet skal reviderast i 2029.

Det er òg viktig å påpeike at det går føre seg mange og særs viktige prosjekt og tiltak innan alle satsingsområda rundt om i kommunane. Desse er i regi av kommunane sjølve, næringslivet, forskingsmiljø,

12

Biosfæresatsinga vil engasjere seg i prosjekt på ulike måtar: 1. Biosfæreområdet set i gang og leier prosjekta som er prioritert i strategien og i regionrådet/biosfærerådet 2. Biosfæreområdet har ei aktiv rolle som samarbeidspartnar i prosjekt som andre aktørar set i gang og som byggjer opp under satsingsområda 3. Biosfæreområdet inspirerer aktørar til å setje i gang eigne prosjekt som samsvarer med verdiane i biosfæreprogrammet

Ei viktig oppgåve for eit biosfæreområde er å skape møteplassar og dialogarena, der ulike syn kan møtast - for å finne gode løysingar. Foto: Ruben Soltveit.


VEDLEGG A HANDLINGSPROGRAM 2023-2025

Levande lokalsamfunn

SATSINGSOMRÅDE 1: LEVANDE LOKALSAMFUNN Tiltak

Kort skildring

Prosjekt-nivå

Samarbeidspartnarar

Inspirera til og auke medvit kring berekraftig utvikling i lokalsamfunna våre Berekraft i kvardagen

Inspirere til lokale møteplassar/kurs: -Miljøvennlege val i heimen, dyrke mat til eige bruk -Ansvarleg forbruk: Redusere, Reparere, Resirkulere

1, 2, 3

Kommunane, lag/organisasjonar, skulane, bibliotek m.fl.

Berekraft i kvardagen (digital)

Byggje opp ein digital møteplass for å inspirere og spreie kunnskap om korleis ta meir berekraftige val i kvardagen

1

Kulturarv

Handlingsbåren kunnskap på tvers av grupper, generasjonar, landskap. Byggje bru mellom fortid og notid med å leggje til rette for å lære og vidareutvikle: - Gamle handverk og ferdigheiter, mattradisjonar - Heimeproduksjon; bruk av lokale ressursar og kultur

1, 2, 3

Kommunane, museum, lag/ organisasjonar, skular, bibliotek, einskildpersonar

Statusrapport for biosfæreområdet

Få kunnskap på ulike målbare parameterar for å kunne måle og rapportere tilstand i biosfæreområdet, mellom anna: - folkehelse, oppvekst, natur, miljø og klima, kultur

1, 2

Universitetet i Bergen, SINTEF, kommunane m.fl.

Kva er ein biosfærekommune?

Definere kva som skal kjenneteikne kommunane i biosfæreområdet - Bidra til at kommunane i regionen kan utvikle gode, felles grep og metodar for berekraftig utvikling - Utvikle mål og verktøy

1, 2

Kommunane

Folkehelse

Vere ein pådrivar for god folkehelse ved å fremje deltaking, meistring og tilhøyrsle, og støtte opp om frivilligheit, dugnad og arbeidet som eldsjeler gjer i lokalsamfunnet. -Region Nordhordland som arrangør av Arbeidsliv- og folkehelsekonferansen

2,3

Kommunane, Region Nordhordland IKS, Region Nordhordland Helsehus, lag/organisasjonar, skular, einskildpersonar

13


SATSINGSOMRÅDE 2: NATUR, MILJØ OG KLIMA Natur, miljø og klima

Tiltak

Kort skildring

Vår rolle

Samarbeidspartnarar

Arbeide for at naturen og naturressursane vert ivareteke og brukt på ein langsiktig berekraftig måte for å sikre både naturmangfaldet og naturgoda

14

Biologisk mangfald

Bygge oppunder og spreie kunnskap om dei unike naturverdiane og naturgoda vi har i Nordhordland - Naturfilmar, Biosfærekart

1, 2, 3

Kommunane, vernestyrer, Statsforvaltaren, Fylkeskommunen, UiB

Berekraftig arealbruk

Sjå på behov for å kartleggje arealpress og kva berekraftig arealbruk kan bety i Nordhordland - Naturmangfaldplanar i kommunane - Planvask, arealnøytralitet - Naturavtalen - Sjøareal - Tilbakeføring/restaurering av natur, kulturlandskap

1, 2, 3

Kommunane, grunneigarar, Statsforvaltaren, Fylkeskommunen, ulike faglag

Ut i naturen

Tiltak for sjølve grunntanken i MAB-programmet: biosfæreområda skal inspirere til å bli glad i, lære av og ta vare på naturen for framtida: - Utvikling av kunnskapsløyper på land og i vatn - Kultur-/naturskular

1, 2, 3

Kommunane, skulane, næringsliv, lag/organisasjonar


SATSINGSOMRÅDE 3: KUNNSKAP OG LÆRING

Tiltak

Kunnskap og læring

Kort skildring

Vår rolle

Samarbeidspartnarar

Styrkje kunnskapen i biosfæreområdet om berekraftig utvikling Ung i biosfæreområdet

Utvikle samarbeid med skular og barnehagar Formidling av UNESCO og MAB-programmet sine verdiar - Undervisningsopplegg - Biosfære-ambassadørar

1, 2

Skuleeigarar, barnehagar, skular i biosfæreområdet, FN- sambandet, MUNN (MAB-Ung i Norge), Lyngheisenteret/MUHO, Matarena m.fl.

Forsking i fokus

Avdekke og tette kunnskapshol i biosfæreområdet Sjå på korleis ein kan forstå koplingar mellom natur og kultur, og korleis ein kan samarbeide om berekraftig ressursforvaltning - Formidling av forsking i biosfæreområdet - Samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonar - Marknadsføre biosfæreområdet som ein forskingsdestinasjon

1

Lokale, nasjonale og internasjonale forskings- og utdanningsinstitusjonar, kommunar, mfl.

Livslang læring

Undervisningsopplegg og kurs - Naturgode, økosystemtenester i biosfæreområdet - Sirkulære Nordhordland - Natur- og kulturarv

1, 2, 3

UiB, kommunane, grunneigarar, Statsforvaltaren, Fylkeskommunen, m.fl.

15


SATSINGSOMRÅDE 4: GRØN VERDISKAPING

Tiltak

Grøn verdiskaping

Kort skildring

Vår rolle

Samarbeidspartnarar

Samarbeide om og oppmuntre til vidare grøn innovasjon og verdiskaping

16

Løfte fram berekraftige verksemder

Stimulere verksemder i biosfæreområdet til å ta gode miljøval med omsyn til miljø, klima og eiga lønsemd - ”Stolt medspelar”

1

Kommunane, næringsliv m.fl.

Frå avfall til ressurs

Tiltak innan sirkulærøkonomi - innan akvakultur, landbruk, energi m.fl.

1, 2, 3

Grøn Region Vestland, renovasjonsselskap, næringsliv

Berekraftig energi

Stimulere til: - energieffektivisering for privat/småskala bruk - prosjekt for offentlege bygg og private verksemder

1, 2, 3

Kommunane, fylkeskommunen, næringsliv og private

Berekraftig reiseliv

Utvikle gode opplevingar og produkt knytt til lokale ressursar. - Merket for berekraftig reisemål - UNESCO-rute

1, 2, 3

Eksisterande og «nye» reiselivsverksemder, Visit Bergen, Fjord Norge, fylkeskommunen, kommunane, Landbruksnæringa

Landbruk/skogbruk i framtida

Matsikkerheit, berekraftig matproduksjon - kunnskap om matproduksjon tilpassa eit endra klima - kartlegge potensialet for og stimulere til meir lokal matproduksjon - kunnskap om skog og berekraftig skogbruk

1, 2, 3

Kommunane (landbrukskontor), bønder, Statsforvaltaren, ulike faglag, forskingsinstitusjonar

Smak av Nordhordland

Nettverk for lokalmatprodusentar med fokus på produkt, kompetanse, marknad og merkevarebygging

1, 2, 3

Lokale matprodusentar, serveringsstader, Matarena, Klar bedrift, Gløde, Kompetansenettverk lokalmat m.fl.


SATSINGSOMRÅDE 5: MØTEPLASSAR OG KOMMUNIKASJON Møteplassar og kommunikasjon

Tiltak

Kort skildring

Vår rolle

Samarbeidspartnarar

Etablering av møteplassar og aktiv kommunikasjon for å leggje til rette for dialog og samhandling for ei berekraftig utvikling Forankring/omdømmebygging

Formidling av Nordhordland UNESCO Biosfære og UNESCO sitt biosfæreprogram - Kommunikasjon - Visuell profil - Presentasjonar - Skilting

1, 2

Kommunane

Dialogarena/møteplassar

Møteplassar som fremjar berekraftig utvikling og støtter opp under satsingsområda - Biosfæredagen - Konferansar, tema-møter

1, 2, 3

Kommunane, lag/organisasjonar næringsliv, forskingsinstitusjonar

Videreutvikle partnarskap og ambassadør-program

Plattformar for ulike samarbeids-tiltak Marknadsføre stempel-ordningane: ”Arrangement”, ”Prosjekt”, ”Stolt Medspelar”, ”Forsking i biosfæreområdet” og merkevareordninga ”Smak av Nordhordland”

1

Næringsliv, lag/ organisasjonar, einskild-personar

Vidareutvikle digitale plattformar

Nettside, digitalt kart, sosiale media, nyheitsbrev Plattform for ulike tema, for å dele informasjon og bygge kunnskap

1

17


Austrheim. Foto: Torbjørn Sæle.

18


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Strategisk plan 2026-2030 Nordhordland UNESCO Biosfæreområde by nordhordlandregion - Issuu