Skip to main content

Region Nordhordland IKS årsrapport_2025

Page 1


ÅRSRAPPORT 2025 Region Nordhordland IKS

Region Nordhordland IKS er eigd av kommunane:

Alver

Austrheim

Fedje

Gulen

Masfjorden

Modalen

Osterøy

Vaksdal

Folketal pr. 2025: ca 50 000

Region Nordhordland IKS 2026

Redaktør: Rune Heradstveit/RNI

Grafisk utforming: Kjersti Isdal/RNI

Forsidefoto: Ruben Soltveit.

For å få gjennomført dei prosjekta kommunane gjennom Regionrådet vedtar er det avgjerande å ha eit operativt organ som Region Nordhordland IKS. Selskapet koordinerer tiltak og gjennomfører prosjekt som betyr mykje for regionen og dei som bur her.

Regionrådet si verksemd som politisk koordinerande organ for eigarkommunane vil også framover vera avhengig av at vi har ein fellesressurs med stor gjennomføringskraft.

Lars Fjeldstad, leiar av Regionrådet Nordhordland 2025

Modalsbrygga, Modalen. Foto: Lars Ørjan Nese.

Forord

Region Nordhordland IKS 2025

Region Nordhordland IKS arbeider i det vesentlege med oppgåver bestilte av Regionrådet, kommunedirektørutvalet og kommunalsjefsgruppene innan helse og oppvekst på vegner av dei åtte kommunane som eig selskapet. Regionrådet består av ordførarane og kommunedirektørane i eigarkommunane, og ordførarane utgjer representantskapet (generalforsamlinga) i Region Nordhordland IKS.

Regionen har ei omfattande satsing på digitalisering og innovasjon i kommunale tenester. Frå årsskiftet vart også fire nye kommunar del av dette samarbeidet: Aurland, Austevoll, Samnanger og Sveio. I tillegg har det vore levert tenester til Tysnes, Etne og Vindafjord kommune. Dette heng saman med kva kommunar IKT Nordhordland kommunalt oppgåvefellesskap til kvar tid yter tenester til. Region Nordhordland IKS har òg eit ansvar for å bidra til at desse kommunane har merksemd på digital tryggleik.

Denne rapporten gjev ikkje eit fullstendig oversyn over alt arbeidet som er utført i selskapet i 2025, men løftar fram nokre av dei viktigaste områda og aktivitetane.

I løpet av 2025 har det vore arbeidd med vurderingar av fleire moglege nye samarbeidsområde for kommunane, mellom anna etablering av eit felles økonomi­ og lønskontor. Det er venta at det vert teke avgjerd i saka i 2026. Arbeidet med ny organisasjonsstruktur har også vore eit sentralt tema i 2025, mellom anna med forslag om eige kommunalt oppgåvefellesskap (KO) for dei som arbeider med digitalisering og innovasjon. Også denne saka er venta slutthandsama i kommunane i 2026.

Nordhordland kompetanseregion (NKR) vart organisatorisk innlemma i Region Nordhordland IKS med verknad frå 1. januar 2025. Denne organiseringa gjev regionen betre føresetnader for samordning av tenester, økonomistyring, kompetanseutvikling og digitalisering innan oppvekstfeltet. Både innan oppvekst og innan helse og omsorg har det i 2025 vore arbeidd svært aktivt med ei rekkje felles prosjekt, opplæringstiltak, møte og konferansar, som har bidrege til å setja fagområda tydeleg på dagsordenen.

Unesco Nordhordland biosfære har også hatt høg aktivitet gjennom året, med fleire prosjekt under arbeid. Formidling av informasjon til innbyggjarane og kommunane har vore eit viktig satsingsområde, og det har mellom anna vorte produsert filmar som støtte for dette arbeidet. Eit særleg høgdepunkt i 2025 var Biosfæredagen 2025, eit stort og vellukka arrangement som samla om lag 400 deltakarar i Nordhordlandshallen. Nordhordland UNESCO biosfære har i tillegg utarbeidd ein eigen årsrapport som gjev eit godt innblikk i dette arbeide

Også i 2025 har det vore arbeidd vidare med prosjektet «Berekraftig omstilling av sjømatproduksjon i Vestland ­ frå rødt til grønt». Målet med prosjektet er å redusera lusepresset i oppdrettsanlegga, slik at næringa kan gå ut av raud sone i staten sitt trafikklyssystem og på den måten leggja til rette for betre produksjon og auka inntekter.

Ei viktig oppgåve som selskapet utfører er å vera sekretariat for kontrollutval i seks kommunar. I 2025 er det gjennomført 30 møter i kontrollutvala.

Region Nordhordland IKS leverer òg administrative tenester til Region Nordhordland Helsehus IKS. Dette bidreg til at ein kan arbeida mest mogleg effektivt og samstundes halda kostnadene nede.

Knarvik, 26. mars 2026

Rune Heradstveit Dagleg leiar
Håkon Matre Styreleiar
Nordhordland. Foto: Eivind Senneseth.

Region Nordhordland IKS

Region Nordhordland IKS er eigd av dei åtte kommunane som er med i Regionrådet i Nordhordland. Samarbeidet har merkenamnet Region Nordhordland.

Region Nordhordland IKS

Region Nordhordland IKS fungerer som Regionrådet sin administrasjon og utfører oppgåver og prosjekt som rådet vedtar.

Aktivitetane i Region Nordhordland IKS skal bidra til vidareutvikling av regionen næringsmessig, sosialt og kulturelt. Gjennom ulike prosjekt og aktivitetar bestilt av Regionrådet eller rådmannsutvalet bidrar selskapet til ei effektiv og samordna leiing av interkommunale og regionale tiltak. Dei ulike prosjekta vert finansiert av eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar.

Kort og godt om måla for det regionale samarbeidet:

• Styrka livskvaliteten for dei som bur her

• Skapa det gode liv med fritid, arbeid og god helse

• Styrka samhandling mellom regionen og omverda

• Økonomisera med offentleg ressursbruk

• Bidra til utvikling og miljøvern

Les meir om prosjektarbeid og aktivitetar i Region Nordhordland på heimesida: www.regionnordhordland.no

Representantskapet

Region Nordhordland IKS sitt øvste organ er representantskapet som skal ha eitt medlem frå kvar kommune. Ordføraren i dei deltakande kommunar er kommunen sin representant med varaordførar som vararepresentant. Det har vore to representantskapsmøte i 2025 og hovudsaker var godkjenning av rekneskap 2024 og godkjenning av budsjett 2025.

Styret

Styret blir valt av representantskapet og består av tre medlemer og to varamedlemer. I 2025 har styret bestått av Håkon Matre (styreleiar), Aashild Halland (nestleiar), Hardy Pedersen (medlem), Kristin Nåmdal (1. vara) og Daniel Olai Kvernøy (2. vara). Dei viktigaste sakene som har vore handsama i styret er budsjett og rekneskap, i tillegg til å få fagleg oppdatering på ting som rører seg i selskapet.

Tilsette

Pr. 31. 12.2025 har Region Nordhordland IKS 18 fast tilsette (17,65 årsverk), 2 engasjerte (0,7 årsverk) og to innkjøpte frå kommunar (0,9 årsverk). Torbjørg Grøttveit Gjerstad og Ada Withbro Villum slutta i selskapet i august / september 2025.

Aashild Halland Nestleiar, styret
Hardy Pedersen Styremedlem
Styret i RNI i 2025: Hardy Pedersen (styremedlem), Aashild Halland (nestleiar styret), Håkon Matre (styreleiar), Rune Heradstveit (dagleg leiar). Foto: RNI.

Rune Heradstveit Dagleg leiar

Eva Kristin Nordnes Samhandlingskoordinator helse

Torbjørg Grøttveit Gjerstad Prosjektleiar/kontrollutval

Lars Tveit Leiar Digitalisering og innovasjon

Hilde Kristine Bøe Rådgjevar arkiv

Bent Gunnar Næss Prosjektleiar/rådgjevar

Lise Mikkelsen Rådgjevar oppvekst

Ada Withbro Villum Prosjektleiar

Geir André Bakke Prosjekt- og endringsleiar

Randi Nordås Rådgjevar kontaktsenter

Kari Evensen Natland Koordinator/prosjektleiar biosfære

Kjersti Isdal Rådgjevar biosfære

Benedicte Rasch Sikkerhetsansvarleg - digital sikkerhet for kommunane

Sjur Hopland Rådgjevar og løysningsarkitekt

Amalie Rege Rådgjevar KI

Hildegunn Opdal Rådgjevar biosfære

Martin Marøy Rådgjevar/sekretær kontrollutval

Monica Sandnes Sikkerhetsansvarleg - digital sikkerhet for kommunane

Høydal Rådgjevar teknisk sektor

Kristian Strømme Rådgjevar arkiv
Ingvild
Arkadi Danilov Rådgjevar KI

Regionrådet

Kommunane i Nordhordland har mange felles utfordringar og samarbeider på fleire område. Regionrådet Nordhordland er kommunane sitt samarbeidsorgan og rådet er etablert for å fremja kommunane sine felles ambisjonar for samfunnsutviklinga i regionen.

Regionrådet er eit politisk samarbeidsorgan som gjennom samhandling skal bidra til positiv utvikling for regionen og for deltakarkommunane som er Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. I Regionrådet deltek ordførarane. Kommunedirektørane har tale og møterett. Rune Heradstveit, dagleg leiar Region Nordhordland IKS er sekretær for ­ og har møte og talerett i Regionrådet.

Regionrådet skal styrkja samarbeidet mellom kommunane, ta opp saker av felles interesse, og vera ein tydeleg pådrivar for målretta og berekraftig samfunnsutvikling i regionen. Rådet skal arbeida for gode rammevilkår for næringslivet og for samferdsle­ og infrastrukturløysingar som styrkjer mobilitet, verdiskaping og busetjing. Arbeidet skal bidra til å utvikla ein attraktiv bu­ og arbeidsregion med gode vilkår for tilflytting og rekruttering.

Regionrådet skal vidare samordna og prioritera felles utviklingsoppgåver, og fremja kommunane sine interesser på regionalt og nasjonalt nivå. Rådet skal løfta fram saker av betydning for regionen, ta initiativ til tiltak som styrkjer

berekraft og klimaomsyn, og leggja til rette for samarbeid som gjer kommunane betre i stand til å levera effektive og framtidsretta tenester.

I 2025 har Regionrådet hatt denne samansetjinga:

Regionrådet Nordhordland i 2025

Ordførar Kommunedirektør Kommune

Sara Hamre Sekkingstad Christian Fredrik Fotland Alver

Morten Sognnes Bjørnar Fjellhaug / Britt Mary Skaalevik Lerøy Austrheim

Stian Herøy Berit Karin Rystad Fedje

May-Lynn Osland Reidun K. Halland Gulen

Erlend Kvamsdal Svein Helge Hofslundsengen Masfjorden

Linda Neset Jo Bjarte Tømmerbakke Modalen

Lars Fjeldstad (leiar) Ingvild Hjelmtveit Osterøy

Hege Eide Vik Atle Fasteland / Jarle Landås Vaksdal

Ordførarane i Regionrådet, bak frå venstre: Erlend Kvamsdal, Morten Sognnes, Stian Herøy og sekretariatsleiar Rune Heradstveit. Framme frå venstre: Sara Hamre Sekkingstad, Hege Eide Vik, Lars Fjeldstad og Linda Neset. Foto: Kjersti Isdal/RNI.

Regionrådet hadde fire møter i 2025. I løpet av året har Regionrådet arbeidd med fleire viktige saker for å fremja vekst, berekraft og gode tenester for innbyggjarane i regionen.

Dei viktigaste sakene i 2025:

• Etablering av Regionalt ungdomsråd (sjå eige avsnitt)

• Husbankprosjektet (sjå eige avsnitt)

• «Berekraftig omstilling av sjømatproduksjon i Vestland ­ frå rødt til grønt

• Årsrapport Nordhordland legevakt (NLV)

• Status frå kontaktutvalet i Nordhordlandspakken

• Status frå arbeidet med reguleringsplan m.v. «E39 Vågsbotn ­ Klauvaneset / Nordhordlandstunnelen

• Status / siste nytt vedr. arbeidet med K5

• Deltaking og arrangement i Arendalsveka

• Ide og utviklingsseminar som grunnlag for strategiar / utviklingsplan for Regionrådet, Region Nordhordland IKS og kommunane framover. Framtidsperspektiv –kor er kommunesektoren og spesielt Nordhordlandskommunane no og i åra fram mot 2040? Ved Håvard Moe, Geir Vinsand og Robert Rastad

• Høyring / innspel til Prehospital plan for 2025 – 2035 Helse Bergen

• Avtale om kommune­ og politisamarbeid og eventuelle endringar i gjennomføring av politiråd

• Informasjon frå Gulen kommune og Masfjorden kommune om status for arbeidet med å få renovasjonsstasjonar nord for Fensfjorden

• Løpande informasjon om prosjektet «Felles løns­ og rekneskapskontor»

• Orientering om arbeidet med Digitalisering og innovasjon i kommunane

• Ferjetilbodet Nordhordland

• Status frå Green Spot Mongstad

• U864 – status etter Forsvarsmateriell sin framlegging av rapport

• Moglegheitsstudie – Austrheim vidaregåande skule

• Orientering om arbeidet med helse og oppvekst i regionen

• Formalisering av Regionrådet som eige selskap; Regionrådet Nordhordland Interkommunalt politisk råd (Regionrådet Nordhordland IPR)

Møte med politimeister

Regionrådet hadde tysdag 14. oktober 2025 møte med politimeister Ane Kvaal og toppleiinga i Vest politidistrikt. I møtet vart det mellom anna teke opp misnøye med situasjonen sommaren 2025, då ressursar frå mellom anna Osterøy og Vaksdal vart omdisponerte til Knarvik, samstundes som kontoret der vart stengt og pass­ og ID­tilbodet mellombels vart stansa.

Det vart vidare peika på ei generell uro knytt til ressurs­ og bemanningssituasjonen i regionen og ved tenestestadene i Knarvik, Hosteland, Lonevåg og Dale. Kommunane opplever at terskelen for utrykking til distrikta er blitt høgare, samstundes som rusproblematikken aukar i skulane og blant ungdom. Regionrådet understreka at det er viktig at politiet er synleg og til stades i regionen og i kommunane, og at dei har tilstrekkelege ressursar til førebygging og kontroll.

Generelt har kommunane og Regionrådet eit ønskje om å bli involverte i ein tidleg fase, og ikkje først i etterkant når planar allereie er lagde.

Det var eit godt møte, der Regionrådet var tydeleg på kva kommunane ønskjer og forventar av politiet. Politimeisteren synte stor forståing for behova i kommunane og gav uttrykk for at politidistriktet vil gjera sitt beste for å få fleire ressursar. Ho utfordra samstundes kommunane og ordførarane til å arbeida politisk for dette.

I den samanhengen har Regionrådet eit ønskje om å få til eit besøk til Stortinget, Hordalandsbenken og relevante departement og direktorat for å løfta fram viktige saker for Nordhordland, mellom anna overfor justisstyresmaktene.

Stongfjellet, Osterøy. Foto: Ingrid Skeidsvoll.

Kommunedirektørutvalet

Kommunedirektørutvalet, som samlar kommunedirektørane i samarbeidet, hadde høg aktivitet i 2025 med seks møte og fleire vedtak innan digitalisering, samarbeid og fellesløysingar.

Det var seks møte i kommunedirektørutvalet i 2025. Gjennom året har kommunedirektørutvalet handsama ei rekkje prosjekt innan digitalisering og innovasjon. Mellom anna er det vedteke innføring av fleire fellesløysingar, som Visma BI, Multisak, læringsplattform (KS Kunnskap) og fakturasjekk. I tillegg er det sett i gang større prosjekt som felles innsynsløysing (GIS), reinhaldsmodul og samordning av Norkart­tenester. Desse tiltaka skal bidra til meir standardisering, betre datakvalitet og meir effektiv saksbehandling i kommunane .

Kunstig intelligens har vore eit sentralt tema i fleire møte i kommunedirektørutvalet. Det er vedteke å utvikla ein felles strategi for generativ KI og å etablera ein GenAI­plattform for kommunane. Arbeidet omfattar både kompetanseheving, utprøving og utvikling av løysingar som kan effektivisera arbeidsprosessar og styrkja tenestene. Digital sikkerheit har også hatt høg prioritet. Kommunedirektørutvalet har vedteke retningsliner for informasjonssikkerheit og tiltak for å

styrkja organiseringa av arbeidet. I løpet av året er det òg gjort vedtak om å styrkja ressursane innan digital sikkerheit som følgje av auka krav og fleire deltakarar i samarbeidet.

Vidare har kommunedirektørutvalet sett i gang fleire utgreiingar knytt til samarbeid på tvers av kommunane. Dette gjeld mellom anna felles arkivfunksjon og mogleg samarbeid innan løn og rekneskap. Målet er å redusera sårbarheit, styrkja kompetansemiljøa og leggja til rette for meir effektiv drift .

Organisering av samarbeidet har vore ei viktig sak i 2025. Kommunedirektørutvalet har tilrådd å etablere Digitalisering og innovasjon (DI) som eige kommunalt oppgåvefellesskap, med mål om tydelegare styring og betre tilpassing til omfanget av samarbeidet. Kommunedirektørutvalet har hatt høg aktivitet i 2025 og fatta ei rekkje vedtak som legg grunnlaget for vidare utvikling av samarbeidet mellom kommunane.

Kommunedirektørar, bak frå venstre: Svein Helge Hofslundsengen, Jo Bjarte Tømmerbakke, Christian Fredrik Fotland og Rune Heradstveit. Framme frå venstre: Ingvild Hjelmtveit, Åse Elin Myking (for Atle Fasteland), Berit Karin Rystad og Bjørnar Fjellhaug. Reidun Halland var ikkje tilstades då bildet vart tatt. Foto: RNI/ Kjersti Isdal.

Kommunedirektørutvalet

Kommunedirektørar

Kommune

Christian Fredrik Fotland Alver

Bjørnar Fjellhaug

Britt Mary Skaalevik Lerøy

Trine Merete Jansen (kst. i perioder)

Austrheim

Berit Karin Rystad Fedje

Reidun K. Halland Gulen

Svein Helge Hofslundsengen Masfjorden

Jo Bjarte Tømmerbakke Modalen

Ingvild Hjelmtveit Osterøy

Atle Fasteland

Åse Elin Myking (kst. I periodar)

Jarle Landås

Vaksdal

Rune Heradstveit Region Nordhordland IKS

Bøvågen, Radøy. Foto: Ragnar Floen.

ORGANISASJONSSKISSE

Regionrådet Nordhordland og Region Nordhordland IKS

Region Nordhordland IKS

Representantskapet 8 ordførarar Styret 3 medlem, 2 varamedlem

Dagleg leiar/administrasjon

Rune Heradstveit

”Nordhordlandstinget”

8 formannskap

Regionrådet Nordhordland (RNH)

Ordførarar/kommunedirektørar/ dagleg leiar

Avtale mellom Regionrådet og RNI: Bestilling av prosjekt/oppgåver/avtale sekretariattenester

Kommunedirektørutvalet

Kommunalsjefgruppe helse

Kommunalsjefgruppe oppvekst/kompetanse (frå 1/1 ­25)

Naustmiljø i Krossøy, Austrheim. Foto: Kjersti Isdal.

Region Nordhordland Helsehus (RNH)

Region Nordhordland Helsehus er ein felles arena for ulike tenester som samarbeider for betre helse og tryggleik for innbyggjarane i Nordhordland.

Region Nordhordland Helsehus (RNH) er gjennom selskapet

Region Nordhordland Helsehus IKS eigd av dei sju kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy.

RNH samlar kommunale tenester innan helse, omsorg og oppvekst, spesialisthelsetenester innan somatikk, psykisk helse og rus, samt tannhelsetenesta. Det overordna målet med Region Nordhordland Helsehus er å ha eit bygg som legg til rette for brukarvenlege, berekraftige og framtidsretta løysingar, der kommunale, interkommunale og spesialiserte helsetenester vert samlokaliserte og samarbeider på tvers av tenestenivå.

Samlokaliseringa av tenester i Region Nordhordland Helsehus legg godt til rette for ei felles satsing på fag- og tenesteutvikling i regionen. Bygget har både fellesareal og møteplassar som fremjar aktivitetar, noko som kan bidra til å

realisere dei forventa vinstane av å samle tenester og fagfolk under same tak.

Regionen, kommunane og spesialisthelsetenesta har ein felles plan for samarbeid om Fag­ og tenesteutvikling i og rundt Region Nordhordland Helsehus. Føremålet er å leggja til rette for eit samlande og inkluderande samarbeid på tvers av ulike fagmiljø og tenestenivå i og rundt RNH. Målet har vore og er å etablera ei føremålstenleg styring av dette arbeidet, samt å utforma og forankra felles satsingsområde med gjennomførbare tiltak. Dette arbeidet vert samordna og koordinert av helse og oppvekstressursane i Region Nordhordland IKS.

Region Nordhordland IKS leverer elles administrative tenester som formell leiing, budsjett og rekneskap samt formell oppfølging av avtalar, varer og leveransar til RNH.

Region Nordhordland Helsehus. Foto: Altifilm.
”Region Nordhordland Helsehus - mykje meir enn reint sambuarskap!”

(Sitat: Eivind Hansen, administrerande direktør Helse Bergen)

Tenester og rom i bygget:

1. etg:

• Nordhordland legevakt – interkommunal

• Ambulansestasjon – Helse Bergen

• Fysio- og ergoterapi – Alver

• Areal til røntgen

• Felles garderobe

• Møterom

• Kafeteria/kjøkken

• Driftskontor og lagerrom

2.etg.:

• Knarren legesenter - Alver

• Kommunepsykologar – Alver

• ØH–døgnplassar - interkommunal

• Dialyseklinikk – Helse Bergen

• Blodprøvetaking/Laboratorium – Helse Bergen

• HUD - poliklinikk – Helse Bergen

• Poliklinikk - endokrinolog og ortopedHaraldsplass Diakonale sykehus

• Psykologspesialist – privat med avtaleheimel

• Andre legespesialistar – utgreier behov og muligheter

3. etg:

• Helsestasjon og jordmorteneste - Alver

• PPT - Alver

• Nordhordland tannklinikk - fylkeskommunen

4. etg:

• Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) – Helse Bergen

• Barnevern – Alver, Austrheim og Fedje

5.etg.

• Bjørgvin DPS, poliklinikk – Helse Bergen

• Avdeling for rusmedisin – Helse Bergen

• Psykisk helse og rus – Alver

6.etg:

• Musikkterapi – Helse Bergen

• Treningsrom - felles

• Kontor; samhandling og utvikling

• Kunnskapssenteret med ulike møte- og undervisningsrom

På dagtid har meir enn 250 personar sitt virke i bygget. I tillegg er det aktivitet på kveld, natt og helg. 1000-1500 besøkande går inn og ut av RNH kvar dag.

Styret i RNHI 2025, frå venstre: Torbjørn Nævdal (nestleiar styret), Solfrid Farestveit Olsen (styremedlem), Håkon Matre (styreleiar), Rita Tveiten (styremedlem), Øivind Olsnes (styremedlem). Foto: RNI.
Frå venstre: Rune Heradstveit er dagleg leiar, Tord Borge er driftsleiar og Bent Gunnar Næss har ansvaret for økonomi/rekneskap. Foto: RNI.

Nordhordland UNESCO Biosfæreområde

Nordhordland fekk som det første området i Noreg tildelt status som eit UNESCO Biosfæreområde i 2019. Region Nordhordland IKS har ansvaret for koordineringa av arbeidet i Nordhordland UNESCO Biosfære.

Nordhordland UNESCO Biosfære Året 2025 har vore nok eit viktig år for biosfærearbeidet, og det er kjekt å sjå at stadig fleire engasjerer seg. Godt samarbeid gir kraft, og vi held fram arbeidet gjennom forsking, prosjektarbeid, møteplassar, undervisning og formidling for å gjere berekraft konkret og relevant i kvardagen.

Noko av det som skjedde i 2025:

Biosfæredagen

Dagen har blitt ein årleg suksess. Etter tidlegare tema som «Forsking i biosfæreområdet» og grøn omstilling – energi og natur», var temaet i 2025 «Matsikkerheit og levande bygder». Med 68 medarrangørar samla vi over 400 deltakarar til ei engasjerande konferanse med både nasjonal og lokal spisskompetanse.

Naturen på agendaen

Naturavtalen har stått sentralt i fleire prosjekt. Også i vår region er naturen under press. Difor har vi løfta naturen fram på ulikt vis som t.d. gjennom utstillinga «Sirkulære Nordhordland», utvikling av undervisningstilbod, møteplassar om lokale naturutfordringar og produksjon av naturfilmar om verdiar i biosfæreområdet – og meir til. Oppdraget vårt er å spreie kunnskap, arbeide tverrfagleg og kunnskapsbasert, og å motivere og involvere breitt. Målet er ikkje å verne naturen, men at vi tek den i bruk med omsyn.

Internasjonal forplikting

I september vart ny strategisk handlingsplan for MABprogrammet vedteken for det neste tiåret. Planen gir eit tydeleg kompass og styrkjer rolla til biosfæreområda i arbeidet med berekraftsmåla og internasjonale miljøavtalar.

Eksingedalen Oppveksttun, Biosfæredagen 2025. Foto: Ruben Soltrveit.

Vi synleggjer Nordhordland

Alle kan bidra til at biosfæreområdet er eit læringsområde for berekraftig utvikling. Gjennom merkeordningane «Biosfære­arrangement» og «Stolt medspelar» kan fleire engasjere seg. Mange verksemder og frivillige i Nordhordland arbeider for ei berekraftig framtid, og vi vil synleggjere dette arbeidet for å inspirere til endå meir.

Vi har laga eiga årsrapport for arbeidet i biosfæreområdet, den finn du her: ÅRSRAPPORT 2025 Nordhordland UNESCO Biosfæreområde.

Hugs at du kan finne mykje meir informasjon på heimesida vår: www.nordhordlandbiosphere.no. Om du vel å følgje oss på sosiale media; Facebook, Instagram og LinkedIn, vil du alltid vere oppdatert!

UNESCO sitt biosfæreprogram (MAB)

UNESCO sitt program Man and the Biosphere vart etablert I 1971 for å fremja eit tverrfagleg fokus på kunnskapsbasert, berekraftig utvikling. Det viktigaste verktøyet for MAB er oppretting av biosfæreområde. Desse skal vera modellområde for ei positiv, berekraftig utvikling basert på området sine eigne naturgitte, kulturelle og økonomiske føresetnader, ressursar og utfordringar. Det er 686 biosfæreområde i verda i 122 land. I Europa er det 145 biosfæreområde i 34 land. Nordhordland er det første biosfæreområdet i Noreg.

Biosfæredagen 2025. Foto: Ruben Soltrveit.

Folketal og utvikling i Nordhordland

Dei forventa prognosane i folketalsutvikling er i endring. Det vert fleire eldre og færre yngre i regionen, samstundes som folketalet stoppar opp.

Folketal

Veksten i folketal har stoppa opp i regionen. Den forventninga som SSB hadde i sine prognoser i 2016 er no erstatt av prognoser med nesten null vekst i folketalet totalt. Veksten skjer i dei eldre aldersgruppene, mens i dei yngre aldersgruppene er der ein reduksjon. Aldersgruppa 80+ aukar no sterkt kvart år og det vil gi store krav til auka helsetenester frå kommunane. Dette vil utfordre kommunane med omsyn til å få tak i arbeidskraft og nytte den så rasjonelt som mogleg. Det er allereie i dag store utfordringar med å få nok personell til helse og omsorg og med dei prognosane som er vil dette forsterke seg framover. Lågt fødselstal over fleire år gir mindre behov for barnehageplassar og færre elevar i skulen og behovet for å sjå på skulestruktur. Den same diskusjonen vil om få år kome i vidaregåande skule om behovet for skuleplassar og lokalisering.

Oversikt over vekst i folketal i dei eldre og dei yngre aldersgruppene. Figurar: Bent Gunnar Næss, Region Nordhordland.

Akvakultur – ”Frå raudt til grønt”

Høgt nivå av lakselus i regionen inneber ein reduksjon i produksjonskapasitet for akvakulturnæringa.

Prosjektet ”Frå raudt til grønt”

I 2025 har Region Nordhordland IKS hatt særleg merksemd på utviklinga i akvakulturnæringa. Regionen ligg i produksjonsområde 4, som har «raudt lys» i trafikklyssystemet for havbruk. Dette inneber reduksjon i produksjonskapasitet som følgje av for høgt nivå av lakselus og negativ påverknad på villaks.

I samarbeid med næring og forskingsmiljø har regionen delteke i prosjektet «frå raudt til grønt», finansiert av Vestland fylkeskommune og oppdrettsselskapa. Alle selskapa i regionen har delteke, saman med Veterinærinstituttet, Havforskningsinstituttet, Universitetet i Stavanger og Sintef Ocean.

Prosjektet viser at lusesmitte og behovet for avlusing kan reduserast betydeleg gjennom målretta tiltak. Analysane indikerer at utskifting av seks av 45 lokalitetar til lukka merder kan redusere avlusingsbehovet med om lag 60 prosent, samstundes som smittepresset mot vill laksefisk vert vesentleg redusert. Erfaringane peikar på behov for betre koordinering på tvers av selskap, lokalitetar og forvaltningsnivå, særleg når det gjeld utsetjing, slakting, brakklegging og biosikkerheit. Utvikling av ein overordna «masterplan» for større geografiske område kan vere eit aktuelt verkemiddel for meir heilskapleg oppfølging.

Akvakulturnæringa er sentral for regionen, med store ringverknader og betydelege inntekter til kommunane. Dei siste to åra har inntektene frå Havbruksfondet vore om lag 82 millionar kroner årleg.

Seminar

Som oppfølging av prosjektet arrangerte Region Nordhordland IKS, i samarbeid med Vestland fylkeskommune, eit dagsseminar 27. oktober. Her deltok statssekretær Even Sagebakken frå Nærings­ og fiskeridepartementet, saman med representantar frå forsking, næring og forvaltning. Seminaret la til rette for dialog om prosjektresultat, status for havbrukspolitikken og vidare utvikling av næringa, mellom anna knytt til produksjonskapasitet, arealforvaltning, regelverk og behov for betre samordning.

Vidare arbeid - masterplan

Region Nordhordland IKS vurderer prosjektet som vellukka så langt, og vil arbeide vidare med å utvikle samarbeid og tiltak for ei meir berekraftig utvikling av havbruksnæringa. Vidare arbeid vil mellom anna omfatte dialog om auka samarbeid i næringa, betre samordning med forvaltninga og mogleg utvikling av ein regional masterplan, også på tvers av produksjonsområde.

Frå seminar om havbruk, der statssekretær Even Sagebakken (innfelt) var særskild invitert. Foto: RNI

Helse

Samhandling mellom kommunane og helseføretaka

Region Nordhordland IKS har ei viktig rolle i det interkommunale samarbeidet innan helse. Samhandlingskoordinatorstillinga representerer kommunane i det regionale samarbeidet innan helse og omsorg. Stillinga har ansvar for å sikra informasjonsflyt, koordinering og vidareutvikling av felles satsingar i regionen, og har fast sekretariatsfunksjon for kommunalsjefgruppa for helse og omsorg.

Kommunalsjefgruppa møtest jamleg og drøftar aktuelle saker innan helse­ og omsorgstenestene. Gruppa er ein viktig arena for erfaringsutveksling, avgjersler og samhandling mellom kommunane i regionen.

Samhandlingskoordinatoren har òg ein fast funksjon i samarbeidssekretariatet i Helsefellesskapet i Bergensområdet. Helsefellesskapet skal bidra til meir heilskaplege og samanhengande helsetenester for innbyggjarane, og har som mål å styrkja samarbeidet mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.

Region Nordhordland Helsehus har blitt eit viktig knutepunkt for møte, samlingar og arrangement i regionen. Dette omfattar faste årlege aktivitetar er mellom anna frukostmøte, faglege møteplassar, kurs, konferansar og temakveldar.

I 2025 vart det arbeidd med fleire aktivitetar og satsingar innan helseområdet:

• samarbeidsprosjektet Fag­ og tenesteutvikling i og rundt Region Nordhordland Helsehus

• prosjektet EUVECA, eit EU­finansiert prosjekt gjennom Erasmus+, der Region Nordhordland IKS deltek som samarbeidspart saman med Helse Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Prosjektet har som mål å bidra til utvikling og innovasjon i helse­ og omsorgssektoren, og sikra tilgang til framtidsretta og yrkesrelevant opplæring

• arbeid med utvikling av samhandlingsmodell for digital heimeoppfølging

• seniorkveld med fokus på velferdsteknologi og digitale hjelpemiddel

• helsedag for 10. klasse, med omvising og informasjon om helsefagleg utdanning og yrkesmoglegheiter

• utvikling av felles arena for samhandling mellom kommunalsjefar for oppvekst og kommunalsjefar for helse og omsorg

• arbeidslivs­ og folkehelsekonferanse for leiarar, HR­tilsette, verneombod og tillitsvalde i privat og offentleg sektor

• frukostmøte for privat og offentleg næringsliv, med fokus på sjukefråværsoppfølging, rekruttering og det å halde på tilsette

• temakveldar med aktuelle tema innan helse

I åra framover skal Region Nordhordland IKS halda fram arbeidet med å styrkja samhandlinga mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, slik at innbyggjarane får trygge, koordinerte og berekraftige helsetenester. Dette inneber å vidareutvikla faglege samarbeidsarenaer og felles møteplassar, sikra gode og samanhengande pasientforløp for sårbare grupper, og bidra til kunnskapsdeling, planlegging og utvikling av helsetenestene. Gjennom arbeidet skal selskapet òg vera med på å skapa ei felles forståing for utfordringar og moglegheiter i helsesektoren.

Helsefagarbeiderelevar ved Knarvik VGS testar VR for å simulere pasientmøte i eit trygt miljø. Målet er å øve på kommunikasjon, observasjon og kliniske vurderingar utan risiko for ein reell pasient. Foto: Liv Irene Ruud / SIMArena Høgskulen på Vestlandet.

Oppvekst

Samarbeid mellom kommunane i oppvekstsektoren

Nordhordland kompetanseregion (NKR) vart organisatorisk innlemma i Region Nordhordland IKS med verknad frå 1. januar 2025. Organiseringa gir regionen betre føresetnader for samordning av tenester, økonomistyring, kompetanseutvikling og digitalisering innanfor oppvekstfeltet.

Føremålet med samorganiseringa er å leggje til rette for ei meir heilskapleg og berekraftig utvikling av oppvekst­ og helsetenestene i regionen, samt å styrkje oppfølginga av barn og unge i tråd med regionale og nasjonale føringar. Dette bidreg til ei meir robust oppvekstsektor i Nordhordland og styrkjer den samla regionale kompetansen for framtida.

Hausten 2025 vart det etablert faste møteplassar mellom kommunalsjefnettverket for oppvekst og kommunalsjefnettverket for helse, med første møte gjennomført i november 2025. Det vart vidare arrangert ein regional fagdag for «Laget rundt barnet», som gav viktige innspel til prioriterte

utviklingsområde for å sikre heilskaplege og samordna tenester til barn, unge og familiar i regionen.

Eit sentralt mål for oppvekstfeltet i åra framover er å redusere skulefråvær, fråfall og utanforskap. For å lukkast med dette, må vi:

• styrkje samhandlinga mellom aktørane i laget rundt barnet

• auke barnehagar og skular si evne til å romme så mange som mogleg innanfor ramma av den universelle pedagogikken

• styrkje barn, føresette og tilsette si evne til å handtere motstand

• I samarbeid med kommunane er det utvikla langsiktige satsingar og tiltak som skal bidra til å realisere desse måla.

Fag- og

tenesteutvikling

Samhandling mellom helse- og oppvekst

Dei overordna måla for samarbeidet om fag­ og tenesteutvikling mellom oppvekst og helse i Region Nordhordland

IKS er:

• betre helse og tryggleik for innbyggarane i Region Nordhordland gjennom meir heilskaplege og koordinerte tenester

• styrke samarbeidet mellom kommunane i regionen, spesialisthelsetenesta, brukarane og sivilt samfunn gjennom auka dialog, utvikling av gode samarbeidsløysingar og tenleg oppgåveløysing

• skape eit fagleg fellesskap som bidreg til rekruttering og auka kompetanse i regionen

Avgjerdsmyndet til samarbeidet om fag­ og tenesteutvikling ligg til Kommunalsjefnettverk oppvekst og Kommunalsjefnettverk helse RNI, samt Områdeutvalet for Nordhordland. Rådgjevar helse og rådgjevar oppvekst i RNI koordinerer arbeidet, og jobbar på mandat frå kommunalsjefnettverka og Områdeutvalet. Ulike arbeidsgrupper innanfor dei ulike tenesteområda i helse og oppvekst blir oppretta etter behov.

Sekretariatsfunksjonen for kontrollutval

Region Nordhordland IKS har sekretariatsfunksjonen for kontrollutvala i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Osterøy.

Rammene for kontrollutvalssekretariatet sitt arbeid

Kontrollutvalet si verksemd, herunder sekretariatet sine oppgåver, er definert i kapittel 23 i kommunelova, samt i forskrift om kontrollutval og revisjon. Kontrollutvalet skal utføre ein del av kommunen sin eigenkontroll gjennom å føre løpande tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret. I tillegg er det kontrollutvalet si oppgåve å sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Sekretariatet si rolle

Sekretariatet skal vera uavhengig i høve kommunen sin administrasjon og kommunen sin revisor. Oppgåva til sekretariatet er å administrera og leggja til rette for at kontrollutvala i kommunane får utført sine oppgåver. Sekretariatet gjer dette mellom anna gjennom sakshandsaming, saksutgreiing, rådgjeving, koordinering og tilrettelegging for gjennomføring av møte.

Sekretariatet er slik sett kontrollutvalet sin administrasjon og har som hovudoppgåve å sjå til at dei sakene som vert hand­

sama av kontrollutvalet er forsvarleg og objektivt utgreia, og at utvalet sine vedtak vert sett i verk.

Arbeidet i sekretariatet krev ca. eitt fullt årsverk, i hovudsak fordelt på to tilsette. Sekretariat har i 2025 bestått av: Martin Marøy, Torbjørg Grøttveit (til august 25).

I 2025 har sekretariatet deltatt og førebudd følgjande møteaktivitet for kontrollutvala:

Kommune Tal møte Tal saker*

6 30

5 23

5 24

4 22

5 25

*Formaliasaker, faste saker og meldingar er ikkje rekna med i tal saker.

Mo, Modalen. Foto: Tonje Husum Aarland.

Smak av Nordhordland

Smak av Nordhordland er eit program for lokalmat som skal bidra til kompetansebygging, styrking av nettverk, samarbeid og felles merkevarebygging.

Smak av Nordhordland

Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære er eit lokalmatnettverk og ei merkevare for produsentar frå kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Nettverket samlar aktørar som har fokus på berekraftig matforedling, innovasjon og formidling av mattradisjonane frå regionen.

I 2025 har mat og landbruk vore eit sentralt satsingsområde for Nordhordland UNESCO Biosfæreområde, og Smak av Nordhordland har vore ein viktig del av dette arbeidet. Prosjektet var òg naturleg knytt til Biosfæredagen, der matsikkerheit og levande bygder stod på programmet. Ved utgangen av året tel nettverket 38 lokalmat­ og drikkeprodusentar, og vi ser ein tydeleg vekst i interessa frå nye aktørar som ønskjer å knyte seg til ordninga.

Ei viktig satsing i året har vore vidareutvikling av lokale firmagåver i samarbeid med Gløde, Klar Bedrift og 11 produsen­

tar. Med støtte frå Alver Næringsfond gav dette svært gode resultat, med nær 740 selde gåver. Dette viser at næringslivet ser verdien av ekte, kortreiste produkt med høg kvalitet og lokal forankring.

Gjennom året har nettverket vore synleg på fleire arenaer, mellom anna med marknad under Biosfæredagen, fellesstand på Bondens dag og deltaking under Ullveka. I tillegg har prosjektet delteke i referansegruppa til Visit Bergen, utvikla reklamefilm og informasjonsfilm, oppdatert brosjyre, laga kartløysing over produsentane og marknadsført aktørane aktivt i sosiale medium og på nettsida. Produsentane har òg fått gratis tilgang til kurs gjennom «Smak frå Vest».

Smak av Nordhordland er slik eit viktig bidrag til berekraftig verdiskaping, bevaring av kulturlandskap og vidareføring av mattradisjonar i heile regionen.

Les meir på: www.smakavnordhordland.no

Smaksverkstad på Lyngheisenteret for medlemmer i Smak av Nordhordland. Foto: Hildegunn Opdal.

Regionalt ungdomsråd

I 2025 vart det inngått ein avtale som legg til rette for tettare samarbeid, erfaringsdeling og felles innspel mellom ungdomsråda i regionale saker.

Regionalt ungdomsråd

Regionrådet gjorde vedtak i 2024 om å sjå på moglegheita for å få eit tettare samarbeid mellom ungdomsråda i kommunane. Region Nordhordland IKS arbeidde i 2025 med ein avtale som sikrar meir samarbeid mellom ungdomsråda i kommunane. Avtalen vart godkjent i desember 2025.

Samarbeidet byggjer vidare på dei eksisterande kommunale ungdomsråda, og etablerer ikkje eit nytt formelt organ. Gjennom jamlege møte og kontakt mellom leiarane i ungdomsråda skal ein skapa arenaer for å utveksla erfaringar, drøfta felles utfordringar og samordna innspel i regionale saker.

Eit viktig element i avtalen er å styrkja ungdom sitt høve til å påverka regionale utviklingsprosessar, og å gjera ungdomsperspektivet meir synleg i arbeidet til kommunane og regionrådet. Samarbeidet legg òg til rette for betre informasjonsdeling om aktuelle prosjekt og prosessar som påverkar ungdom.

Avtalen er eit uttrykk for ei langsiktig satsing på meir samarbeid og tettare kontakt mellom ungdomsråda, med mål om å sikra reell og relevant ungdomsmedverknad i Region Nordhordland.

Holsnøy og Osterfjorden. Foto: Ruben Soltveit.

Felles løn- og økonomikontor

11 kommunar starta i 2025 utgreiing av felles løn- og økonomikontor

Felles løn- og økonomikontor

Kommunane i Nordhordland har over fleire år drøfta behovet for eit tettare og meir formalisert samarbeid innan løn og rekneskap. Bakgrunnen er samansette og langsiktige utfordringar som krev nye løysingar.

Kommunane står overfor:

• Strammare økonomiske rammer

• Demografiske endringar med færre i arbeidsfør alder

• Aukande konkurranse om kompetanse

• Små og sårbare fagmiljø

• Behov for betre utnytting av digitalisering og KI

Rekneskap og løn er kritiske funksjonar som må fungere heile året, og som krev spesialisert kompetanse, sterk internkontroll og høg leveringspresisjon. Samstundes har kommunane felles IKT­drift og same fagsystem (Visma Enterprise), noko som gir gode føresetnader for samarbeid.

Kommunedirektørutvalet vedtok difor i juni 2025 å få utgreidd korleis eit felles løn­ og rekneskapskontor kunne vere organisert. Det er desse 11 kommunane som er med på utgreiinga: Alver, Aurland, Austevoll, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger og Vaksdal. Oppgåva vart gitt til økonomisjefane og RNI som sekretariat.

Føreslått modell

Det vert tilrådd å etablere eit kommunalt oppgåvefellesskap (KO) som eige juridisk selskap, med:

• Éin arbeidsgjevar

• Éi samla leiing

• Funksjonsbasert organisering (ikkje geografisk)

• Verksemdsoverdraging av tilsette

• Ha eit hovudkontor i Knarvik/Frekhaug/Alversundområdet. I tillegg til hovudkontoret skal det vere arbeidsplassar på andre kommunale lokasjonar (kommunane utanom Alver). Dei tilsette kan ved overgang til kommunalt oppgåvefellesskap velje om dei vil ha sin daglege arbeidsplass på hovudkontoret eller på andre kommunale lokasjonar.

Samla vurdering

Etablering av eit felles løns­ og rekneskapskontor er ikkje primært eit innsparingstiltak på kort sikt, men eit strategisk grep for å sikre kvalitet, robustheit og berekraft for ein kritisk støttefunksjon.

Alternativet er at kvar kommune skal møte utfordringane åleine, med små og sårbare fagmiljø.

I løpet av sommaren/tidleg haust må det avklarast kven kommunar som vil vere med å etablere eit felles løn­ og rekneskapskontor. Dersom det vert positive vedtak i kommunane må RNI følgje opp prosjektet vidare til det er i etablert drift som kan vere frå og med 01.01.2028.

Digitalisering og innovasjon (DI)

Digitalisering og innovasjon (DI) koordinerer digitaliseringsarbeidet i kommunane. I 2025 var aktiviteten høg, med brei innsats og særleg satsing på fellesløysingar og kunstig intelligens.

Digitalisering og innovasjon

Avdelinga digitalisering og innovasjon (DI) i Region Nordhordland IKS har ansvar for bestilling, prosjektgjennomføring og implementering av digitaliserings­ og innovasjonsprosjekt for 15 kommunar. I tillegg til eigarkommunane i Region Nordhordland IKS deltek kommunane Samnanger, Aurland, Austevoll, Sveio, Tysnes, Etne og Vindafjord. IKT­samarbeidet vert drifta av IKT Nordhordland.

Samarbeidet bygger på ein samarbeidsavtale mellom kommunane og legg grunnlaget for anskaffing, innføring, utvikling og implementering av nye digitale tenester og løysingar. Samarbeidet er basert på erfaringsdeling, felles kunnskapsløft og mest mogleg like digitale løysingar og system for kommunane. Alle nye prosjekt som skal iverksetjast går gjennom digitalisering­ og innovasjonsrådet, som består av alle rådmenna i dei 12 kommunane. Dei besluttar om prosjektet skal realiserast og finansierast.

Arbeidet kring digitalisering i dei 12 kommunane skjer i eit samspel mellom DI­avdelinga i Region Nordhordland IKS og

IKT Nordhordland (IKTNH). Samarbeidet er forankra gjennom felles drift og IKT­tenester i selskapet IKTNH, som er kommunane si driftsstøtte til IKT.

Aktivitet i 2025

I 2025 vart det gjennomført aktivitetar innan helse og omsorg, oppvekst, samfunnsutvikling og konsernsystem/digitale tenester i det interkommunale samarbeidet. Arbeidet var prega av innføring, implementering, pilotering og oppstart av nye løp, med særleg vekt på helse­ og omsorgsløysingar, styringsverktøy, innbyggartenester og tekniske fagsystem.

Porteføljen viser breidd i aktivitetane gjennom året. Fleire tiltak var framleis pågåande ved årsskiftet, men har hatt vesentleg framdrift i 2025 og er derfor tekne med i denne rapporten.

Kunstig intelligens

Det har vore omfattande aktivitetar knytt til kunstig intelligens.

for Digitalisering og Innovasjon (DI). Foto: Eivind Senneset.

Avdeling

Viktige tiltaket er vedtak om å bygge ein GenerativKI plattform for kommunane i samarbeidet. Dette prosjektet skal levere ei trygg og sikker plattform for bruk av Generativ Kunstig Intelligens. Samtidig vil plattforma danna grunnlaget for satsing på KI i tenesteutvikling og leveransar i kommunane.

Helse og omsorg

• Pilot for Visma Flyt Helse vart gjennomført, og hovudprosjekt vart starta opp.

• Det vart arbeidd med innføring av PLL og SFM

• Oppgradering til ny velferdsteknologiplattform Sensio365 vart gjennomført for alle kommunane

• Det vart starta opp prosess for pilotering av ny løysing for hjelpemiddel, KS Hjelpemiddel

• Gjennomført pilotering på løysingar for KI­generert turnusplanlegging.

Oppvekst

• Anbod på barnehageløysing vart gjennomført med påfølgande implementering av ny barnehageløysing med noko rest arbeid inn i 2026

• Bibliotekimplementering var del av aktivitetsnivået gjennom året som og fortsette inn i 2026

Digital sikkerheit (DS)

Samfunnsutvikling

• Gjennomført anbod på FDV bygg og eigedom med innføringsløp hausten 2025 og vidare oppfølging inn i 2026.

Konsernsystem og digitale tenester

• Det vart arbeidd vidare med digitale skjema, innbyggartenester og tilhøyrande vidareutvikling av digitale kontaktflater.

• Innføring av årshjul i dei fleste kommunane.

• Det vart gjennomført aktivitetar knytte til arkiv og dokumentasjonsforvaltning, læringsplattform og

• Besøksløysing i kommunale bygg og konseptarbeid for kart­ og GIS­tenester inngjekk òg i aktivitetsbiletet.

Samla vurdering

Aktivitetane i 2025 viser eit jamt og breitt arbeid med digital utvikling i samarbeidet. Tyngda låg på innføring og vidareutvikling av felles løysingar, samstundes som det vart lagt grunnlag for vidare gjennomføring i 2026. På bakgrunn av tilgjengeleg prosjektoversikt framstår 2025 som eit år med god framdrift i fleire parallelle løp, men utan at alle tiltaka kan reknast som avslutta. Satsinga på Generativ KI markerer ein milepæl i samarbeidet på tilgjengeleggjering av nye og avanserte tenester.

Digital sikkerheit har i 2025 styrkt internkontroll, beredskap og førebyggjande tiltak i kommunane.

Digital sikkerheit

Gjennom året har kommunane sin sikkerheitsorganisasjon

Digital sikkerheit haldt fram med utviklingsarbeid og implementering av internkontroll.

I 2025 har vi:

• Identifisert og iverksett fleire sikkerheitstiltak i samarbeid med kommunane sin driftsleverandør IKT Nordhordland, m.a. ny autentiseringsløysing

• Utarbeida og fått vedtatt fleire retningslinjer og prosedyrar

• Bidratt i handtering av uønskte digitale hendingar og vidareutvikla relaterte prosedyrar

• Gjennomført tabletop­øvingar innan digital beredskap, samt tekniske øvingar med bruk av krisehandteringsverktøy

• Gjennomført fleire informasjons­ og bevisstgjeringskampanjar

• Gjennomført sikkerheitsmånad og sikkerheitskonkurranse

• Jobba systematisk med risiko­ og personvernkonsekvensvurderingar knytt til ulike digitale løysingar som kommunane nyttar

• Delteke i test av nasjonal løysing for risikostyring med KS – rammeverk for trygg digitalisering

I 2026 vil vi halde fram arbeidet med risiko, beredskap og bevisstgjering. Vi vil også auke fokus på heilskapleg internkontroll, m.a. gjennom å opprette eiga kompetansegruppe som skal utarbeide prosedyrar og malverk for internrevisjon på fagområdet.

Husbankprosjektet

Husbankprosjektet skal styrkje kompetansen og samarbeidet om startlån i kommunane.

I 2025 vart ei fagleg utgreiing lagt fram, som grunnlag for vidare arbeid.

Husbankprosjektet - Interkommunalt samarbeid om startlån

I 2023 vedtok regionrådet å greie ut korleis kommunane i regionen kan styrkje kompetansen i sakshandsaming og bruk av startlån. Startlån blir innvilga til personar eller hushald som ikkje får lån i private bankar, men som likevel kan ha økonomisk evne til å betene eit bustadlån.

Ei meir aktiv utnytting av startlånsordninga kan vere eit viktig verkemiddel for kommunane i arbeidet med å leggje til rette for auka busetjing. Dette kan gi positive ringverknader, som til dømes større tilgang på arbeidskraft, folketalsvekst og auka engasjement i lokalsamfunnet

Region Nordhordland IKS fekk i oppdrag å utarbeide ein søknad om støtte frå ordninga Tilskot til bustadtiltak i distriktskommunar, administrert av Husbanken og Distriktssenteret. Søknaden omfatta midlar til ei fagleg utgreiing av korleis regionen kan ta i bruk startlånsordninga i større grad og sjå om det er moglegheiter for interkommunalt samarbeid rundt handsaming av startlån. Søknaden vart innvilga, og prosjektet kunne setjast i gang.

By­ og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet gjennomførte den faglege utgreiinga og leverte slutt­

rapporten i slutten av 2024. Rapporten vart presentert for regionrådet i 2025, og vidare handsaming og vedtak i regionrådet vil avgjere den vidare framdrifta i prosjektet.

Arbeidet med startlånsordninga i regionen har fått merksemd også utanfor Nordhordland. Meir informasjon om prosjektet er tilgjengeleg på OsloMet sine nettsider: https://www.oslomet.no/forskning/forskningsnyheter/samarbeid­om­startlan­kan­styrke­distrikta

Husbanken vedtok å gå vidare med å tilsetje ein prosjektleiar som i perioden 2026–2028 skal arbeide tett opp mot kommunane i Region Nordhordland for å styrkje kompetansen om startlån og andre ordningar Husbanken tilbyr.

Vedtaket vart gjort på bakgrunn av rapporten og vurderingar av at samarbeidet mellom kommunane i Nordhordland er eit eigna område for eit slikt pilotprosjekt.

Region Nordhordland IKS har ei støtte­ og koordineringsrolle i dette arbeidet. I 2026 vil RNI bidra til å arrangere møte og konferansar for å styrkje kommunane si kjennskap til startlånsordninga. Samstundes skal tilsette som arbeider med startlån i kommunane i regionen få høve til å møtast og utveksle erfaringar.

Nothus, Masfjorden. Foto: Anette Thorsheim.

Andre saker

Nordhordlandstunnelen

Regionrådet i samanarbeid med Nordhordland Næringslag har stort fokus på E39 Vågsbotn – Klauvaneset – Nordhordlandstunnelen. Regionrådet og Nordhordland Næringslag ved ei arbeidsgruppe Beate Korsøen, Rune Heradstveit og Atle Kvamme følgjer prosjektet tett og har i løpet av året hatt møte med m.a. prosjektleiinga til Statens vegvesen, ansvarleg byråd i Bergen, utbyggingsdirektør i Statens vegvesen og elles sentrale politikarar sentralt og lokalt.

Statens vegvesen har i 2025 jobba med reguleringsplanen for strekninga, og dette arbeidet går etter planen som er å ha ferdig reguleringsplanen våren 2026.

Planarbeidet omfattar tre reguleringsplanar:

1. Ny E39 i lang tunnel som inneheldt 7 km ny firefelts motorveg med omalg 5,1 km tunnel og planfrie kryss i Vågsbotn og på Klauvaneset

2. Gang­ og sykkeltiltak hovudsakleg langs eksisterande veg

3. Område for massehandtering

Prosjektet har no eit styringsmål på 9,1 mrd. Dette inneheldt både nye veg og oppgradering av g/s­veg langs eksisterande veg.

Kontaktutvalet Nordhordlandspakken

Kontaktutvalet i Nordhordlandspakken skal sørgje for porteføljestyring av prosjekta som inngår i pakken, og at ein held seg innanfor rammene Stortinget har sett. Kontaktutvalet består av representantar frå Vestland fylkeskommune (Dina Lefdal, leiar), Statens vegvesen (Tone Anette Espe) og Regionrådet Nordhordland. Øyvind Oddekalv og Rune Heradstveit er utnemnde som Regionrådet sine representantar.

I 2025 vart prosjekt nr. 5 i pakken, fv. 564 Frekhaugkrysset inkludert utbetring av fv. 244 (punktutbetring og trafikksikring), samt eit stykke på fv. 5308 Sagstadvegen (finansiert av Miljøløftet), ferdigstilt. Pakken kom tidleg haust i gang med prosjekt nr. 17 E39 Vikane – Eikangervågen. Det har dessverre teke for lang tid å kome i gang med anbodsprosessen for prosjekt nr. 3 fv. 245 Fosse – Moldekleiv, men det er venta oppstart der våren 2026. Dersom både dette prosjektet og prosjekt nr. 4A fv. 564 Fløksand – Vikebø, som

er under planlegging, vert svært kostbare, vil det ikkje vere att midlar i pakken til fleire prosjekt.

Reiseliv

Visit Bergen er destinasjonsselskap for kommunane i regionen og Region Nordhordland IKS er tilretteleggjar for arbeidet mellom Visit Bergen og kommunane / reiselivsaktørane ute i kommune. Visit Bergen og reiselivsdirektør Anders Nyland er svært aktiv i arbeidet og stiller alltid opp når kommunar eller aktørar i region ber om det. I tillegg tar

Visit Bergen mange initiativ sjølv til å laga filmar i regionen, og til å laga samlingar og aktivitetar både i Nordhordland og i Bergen. Alver kommune er ikkje med på reiselivssatsinga.

Arendalsveka

Region Nordhordland IKS og Regionrådet Nordhordland deltok under Arendalsveka 2025 for å setje søkelys på viktige saker i regionen. Det vart arrangert to møte: eitt om status for U­864 utanfor Fedje og eitt om kraftsituasjonen på Mongstad og i Sløvågen. Begge arrangementa var vellukka, med gode faglege innlegg, relevante paneldeltakarar og høg deltaking.

Deltakinga gav verdifull erfaring med å arrangere møte på ei ny nasjonal arena, og stadfesta at det er nasjonal interesse for sakene frå Nordhordland. Region Nordhordland IKS og Regionrådet, i samarbeid med partnarar, tek sikte på å arrangere fleire møte under Arendalsveka i 2026.

Kompetanseforum Nordhordland

Kompetanseforum Nordhordland er eitt av fem regionale kompetanseforum under Kompetanseforum Vestland. Målet med Kompetanseforum Vestland er å leggje til rette for at kompetanse skal vere ein drivkraft for utvikling i arbeidslivet, avdekkje kompetansegap og bidra til løysingar for å dekkje desse. Partane i forumet skal setje framtidas kompetansebehov på dagsorden. Frå Region Nordhordland IKS deltek dagleg leiar, samhandlingskoordinator for helse og rådgjevar for oppvekst.

Høyringar

Region Nordhordland IKS skriv høyringsinnspel og uttalar til aktuelle regionale saker.

Høyring / uttale - prehospital plan Helse Bergen

Helse Bergen innførte hausten 2024 eit nedtrekk av ambulanse på natt to dagar i veka ved Knarvik ambulansestasjon. Dette var ikkje kommunane og Regionrådet fornøygde med, og gav tydelege signal til Helse Bergen om at dette fekk betydning for tenestene ved Nordhordland legevakt og for kommunane, og at ein ønskte tilbake same tilbod ved Knarvik ambulansestasjon som før nedtrekket.

Regionrådet såg det vidare som særs viktig at ambulansestasjonane i Gulen, Austrheim, Osterøy og Vaksdal vert oppretthalde på dagens nivå i åra framover. Ambulansestasjonane er særs viktige i den akuttmedisinske kjeda, og generelt i beredskapen i distrikta. Klimaendringar med stengte vegar og vanskelege køyreforhold, og nye typar uønskte hendingar rammar distrikta sterkt, og då er ikkje nedbygging av den akuttmedisinske kjeda svaret. Regionrådet viste også til at den tryggingspolitiske situasjonen også får betydning i distrikta då det er her særs mykje av dei sårbare og livsviktige infrastrukturen som kraftstasjonar, gass­ og oljeterminalar, industri m.v. ligg.

Høyringsinnspel – tomteval for nybygg ved Austrheim vidaregåande skule

Regionrådet sluttar seg fullt ut til Austrheim kommune sin uttale om prioritering av tomtealternativ, men Regionrådet vil også trekkja fram tomt 2.2 – ved verftet i Mastrevik – som den beste og mest spennande lokaliseringa for nybygget. Dette alternativet har etter vår vurdering dei beste føresetnadene både fagleg, strategisk og samfunnsmessig. Tomta ligg flott og skjerma til i sjøkanten, og gir Vestland fylkeskommune høve til å byggja ein vidaregåande skule som kan bli eit fyrtårn og eit utstillingsvindauge for heile fylket. Eit nytt skulebygg her vil kunna vera eit kraftfullt bidrag til utviklinga av Mastrevikområdet og styrkja samspel mellom utdanning, næringsliv og lokalsamfunn

REGION NORDHORDLAND

Region Nordhordland IKS Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø

e-mail: post@regionnordhordland.no www.regionnordhordland.no

Krossfjellet, Meland. Foto: Torbjørn Sæle.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook