

0 2 5


![]()


0 2 5




Region Nordhordland interkommunale selskap (RNI) er eigd av kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. RNI skal støtte kommunane i å løyse notidige og framtidige utfordringar og oppgåver gjennom å leggje til rette for samarbeid og samhandling. Selskapet skal vere kommunane sitt verktøy for dei felles utviklingsprosjekta kommunane gjer saman, som går på å vidareutvikle både næringsliv, offentlege oppgåver, helse og det sosiale og kulturelle livet i regionen. Selskapet har eit eige styre, men er også tett knytt opp til Regionrådet Nordhordland som er sett saman av ordførarane frå dei åtte eigarkommunane.
Det regionale samarbeidet skal:
• Styrka livskvaliteten for dei som bur i regionen, og bidra til å skapa gode liv med fritid, arbeid og god helse for befolkninga.
• Styrka samhandlinga mellom regionen og omverda.
• Økonomisere offentleg ressursbruk.
• Bidra til utvikling og miljøvern.
Det er stor variasjon i oppgåvene som RNI får tildelt, alt i frå utviklingsarbeid innan samfunnsutvikling, helse, digitalisering, næring, miljø/klima, til reine formelle oppgåver som sekretariat-funksjonar i ulike fora. Arbeidet kring Nordhordland UNESCO Biosfære er lagt til Region Nordhordland IKS.
Les meir om RNI HER.

Nordhordland er Noreg sitt første og einaste
UNESCO Biosfæreområde. Det skal me vera stolte av. Men det forpliktar og. I ei tid der me skal gjera meir med mindre samtidig som me tar vare på naturen og omstiller økonomien til det utsleppsfrie og sirkulere, er biosfære ein vev som samlar alle trådane. Me ser og rundt oss at demokratiske verdiar og system kjem under press. Då er det viktig at me tar i eit ekstra tak og syt for at alle stemmer vert høyrde, og tatt i vare så godt som råd er. Spesielt her tenker eg at det at me er eit
UNESCO Biosfæreområde kan setta oss i ein nøkkelposisjon der me har eit endå betre utgangspunkt enn dei rundt oss for å lukkast med omstillinga me skal gjennom på naturen, næringslivet og innbyggjarane sine premiss.
Beste helsing,
Lars Fjeldstad
Leiar i Regionrådet Nordhordland og Ordførar i Osterøy kommune


OM OSS 08-13
FORSKING I NORDHORDLAND 16
BIOSPHERE - AREAL UNDER PRESS 17
ACTIONABLE - EIT FORSKINGSPROSJEKT 18
UNESCO-TRAIL NORTH-ANTALANTIC 19
UTSTILLING SIRKULÆRE NORDHORDLAND 20
BEREKRAFT, BIOSFÆRE OG BIBLIOTEK 21
BLI MED! MERKEORDNINGAR 22
SMAK AV NORDHORDLAND 23
UNESCO-VESTLAND 24
SEMINAR BIOSFÆREDAGEN 2024 25
SYNLIGHEIT - KOMMUNIKASJON OG SOME 26
NATUREN VÅR - NATURAVTALEN I KOMMUNANE 27
STORT OG SMÅTT 28 -30
OSS 31


Året 2025 har vore eit spennande år for biosfærearbeidet, og det er kjekt å sjå at stadig fleire engasjerer seg. Godt samarbeid gir kraft, og vi held fram arbeidet gjennom forsking, prosjektarbeid, møteplassar, undervisning og formidling for å gjere berekraft konkret og relevant i kvardagen.
Biosfæredagen
Dagen har blitt ein årleg suksess. Etter tidlegare tema som «Forsking i biosfæreområdet» og grøn omstilling –energi og natur», var temaet i 2025 «Matsikkerheit og levande bygder». Med 68 medarrangørar samla vi over 400 deltakarar til ei engasjerande konferanse med både nasjonal og lokal spisskompetanse.
Naturen på agendaen
Naturavtalen har stått sentralt i fleire prosjekt. Også i vår region er naturen under press. Difor har vi løfta naturen fram på ulikt vis som t.d. gjennom utstillinga «Sirkulære Nordhordland», utvikling av undervisningstilbod, møteplassar om lokale naturutfordringar og produksjon av naturfilmar om verdiar i biosfæreområdet – og meir til. Oppdraget vårt er å spreie kunnskap, arbeide tverrfagleg og kunnskapsbasert, og å motivere og involvere breitt. Målet er ikkje å verne naturen, men at vi tek den i bruk med omsyn.
Internasjonal forplikting
I september vart ny strategisk handlingsplan for MABprogrammet vedteken for det neste tiåret. Planen gir eit tydeleg kompass og styrkjer rolla til biosfæreområda i arbeidet med berekraftsmåla og internasjonale miljøavtalar.
Vi synleggjer Nordhordland
Alle kan bidra til at biosfæreområdet er eit læringsområde for berekraftig utvikling. Gjennom merkeordningane «Biosfære-arrangement» og «Stolt medspelar» kan fleire engasjere seg. Mange verksemder og frivillige i Nordhordland arbeider for ei berekraftig framtid, og vi vil synleggjere dette arbeidet for å inspirere til endå meir.
Kari Evensen Natland Koordinator, Nordhordland UNESCO biosfære

«Man and the
Frå tidleg på 1970-talet har Man and the Biosphere (MAB)-programmet vore eitt av UNESCO sine mange arbeidsområde. Programmet vart etablert som eit verkemiddel for å finne berekraftige løysingar på dei store utfordringane verda stod ovanfor, som til dømes befolkningsvekst, klimaendringar og politisk uro.
MAB-programmet har som mål å oppnå langsiktig berekraftig bruk av jorda sine ressursar. Biosfæreområda, som Nordhordland UNESCO Biosfæreområde, er eit læringsområde som skal vise gode døme på berekraftig ressursbruk.
MAB-programmet og biosfæreområda sin visjon er ei verd der menneska er bevisste på si felles framtid, korleis dei samhandlar med planeten, og at dei handlar kollektivt og ansvarleg for å bygge framgangsrike samfunn i harmoni med biosfæren.

19. juni 2019 vart Nordhordland utnemnd til UNESCO biosfæreområde, det første i Noreg. Det er kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal som eig statusen.
Då Nordhordland fekk denne utnemninga var det ei anerkjenning frå UNESCO om at denne regionen har særskilt gode føresetnader for å utvikle regionen for ei berekraftig framtid. Og ikkje berre det: Kvalitetane vi har for dette arbeidet syntest UNESCO er så interessante og viktige at det vi gjer her skal vere gode døme for andre rundt om i verda.
Sjå filmen om Nordhordland UNESCO Biosfære HER.












Nordhordland er valt ut som eit UNESCO biosfæreområde fordi regionen på ein god måte kan vere eit læringsområde, både for det historiske og det moderne kystlandskapet i Noreg. Utvikling i samfunn og teknologi har ført til at regionen forvaltar store verdiar i form av vasskraft, petroleum og fisk. Det varierte kultur- og naturlandskapet er ein ressurs i seg sjølv. Naturen er rik på kontrastar, med kysten som er beskytta av ein brei skjergard, store og små fjordar, og vidare gjennom dal- og skoglandskapet opp til høge fjell.

Ressursprofil for Nordhordland UNESCO biosfæreområde som viser variasjonen i landskapet og ressursane som finst i området. Figur:

Stab
Gjennom det meste av 2025 hadde vi 2,8 årsverk knytt til biosfærearbeidet, fordelt på 3 personar. Vi har fått ein reduksjon med eit halvt årsverk, noko vi merker godt på arbeidsmengda. Aktiviteten er høg og framleis har vi ein aukande prosjektportefølje. Det er knytt mange forventningar til biosfærearbeidet frå ulike hald om oppgåver som skal løysast og ulike målgrupper som bør involverast. Vi arbeidar godt saman med Biosfærerådet og ulike samarbeidspartnarar for å skjøtte mandatet vi har. Det er viktig for å sikre synergiar mellom tiltak vi har i arbeid, og nå ut med informasjon.


Økonomi
Biosfæreområdet har ein sunn, om enn noko trong økonomi. Driftsinntektene vi har er umåteleg viktig for stabilitet og grunnfinansiering. Det gjev oss ei ekstra kraft til å sikre oss prosjekt og prosjektinntekter som er heilt naudsynt for å fylle strategi og handlingsprogrammet vårt med innhald.
Organisering
Regionrådet Nordhordland er det overordna organet for biosfæreområdet sitt arbeid. Region Nordhordland IKS (RNI) har det administrative ansvaret for økonomi og forsvarleg drift. Vidare sørge for at biosfæreorganisasjonen utfører arbeidet i tråd med UNESCO sine retningsliner følge vedtatt strategisk handlingsplan for MAB-programmet.
Regionrådet har oppnemnd eit Biosfæreråd som skal vere sett saman av personar med relevant kompetanse.
Biosfærerådet
Biosfærerådet er vårt rådgjevande organ, det er samansett med brei kompetanse og god geografisk spreiing. Leiar er Sara Sekkingstad, ordførar i Alver. Rådet har hatt fem møter i 2025.

Arbeidsplanen til Nordhordland UNESCO biosfære er vedteke i Regionrådet. Det er peika ut fem satsingsområde, med tilhøyrande handlingsprogram med tiltak for kvart av satsingsområda. Handlingsprogrammet vart rullert i 2023. Prosess for ny strategi- og handlingsplan vart påbegynt i 2025 og vert klar i 2026.
Dei fem satsingsområda:
Levande lokalsamfunn
Tiltak som styrker lokal kultur og identitet, aukar trivsel og attraktiviteten til bygda og regionen. Inspirere til breitt, folkeleg engasjement for verdiane i biosfæreområdet.
Natur, miljø og klima
Biosfæreområdet vil arbeide for at naturen og naturressursane vert ivaretatt og brukt på ein langsiktig berekraftig måte, for å sikre både naturmangfaldet og dei goda naturen gjev oss.
Kunnskap og læring
Utviklinga i Nordhordland skal vere kunnskapsdriven og slik leggje grunnlaget for kloke val. Samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonar – og med skular og barnehagar i regionen - vil vere viktig for å styrkje kunnskapen i biosfæreområdet om kva som er ei god, berekraftig utvikling.
Grøn verdiskaping
Berekraftig ressursbruk er avgjerande for ei framtidsretta utvikling av næringslivet i regionen. Næringslivet i biosfæreområdet er opptekne av berekraftig utvikling, og særs mange tek grep for å bidra til ‘grøn omstilling’. I biosfæreområdet skal vi samarbeide om og oppmuntre til vidare grøn innovasjon og verdiskaping.
Møteplassar og kommunikasjon
Å leggje til rette for dialog og samhandling for ei berekraftig utvikling, er ein grunnpilar i UNESCO sitt biosfæreprogram. Biosfæreområdet vil oppmuntre til å kome saman, diskutere, dele kunnskap og vise engasjement.
Natur, miljø og klima
Kunnskap og læring
Grøn verdiskaping


”Vi arbeider for å utvikle biosfæreområde gjennom ulike prosjekt.”



UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCO har oppretta ulike program som skal ivareta ein eller fleire av desse fire parameterane. MAB-programmet er knytt til den vitskaplege seksjonen i UNESCO, og i Nordhordland
UNESCO Biosfære jobbar vi difor mykje med vitskap og forsking knytt til berekraftig utvikling. Ein viktig del av dette arbeidet er samarbeidet vi har med Universitet i Bergen, og deira UNESCO-professorat. Dei har eit eige team som berre jobbar med forsking innan biosfæreområde, og sidan Nordhordland er Norge sitt einaste biosfæreområdet vert vi delaktig i fleire av deira prosjekt der Nordhordland er forskingscase, som t.d.; ACTIONABLE, BIOSPHERE (Areal under press) mfl. Vidare har vi og den siste tida fått eit nærare samarbeid med NORCE, og spesielt med forskarar som driv forsking på hav, lakselus, fjordar, elv og fisk.
Utanom dette jobbar vi også med forsking meir generelt, og i hovudsak med to viktige tema:
• Gjere forskinga i Nordhordland meir kjent og tilgjengeleg
• Gjere Nordhordland UNESCO Biosfære til eit attraktivt forskingsområde
Aktivitetar i 2025 kring dette er:
• Laga artiklar innom spalta: «Møt ein forskar». Artikkelserie om forskarar som forskar i Nordhordland.
• Samla og publisert filmar med intervju frå professor Peter Emil Kaland ved UiB.
• Bidrege med informantinnhenting til forskingsprosjekt.
• Formidle forsking. Oppsummere og gjere forskingsartiklar meir forståeleg og tilgjengeleg. Døme: Framtidsvisjonar frå VGS-elevar og Skog-skulen.
• Marknadsføre området. Drive med aktivt profileringsarbeid av biosfæreområdet som ein god partnar og lokasjon for nye forskingsprosjekt.
Les meir om forsking i biosfæreområde HER.



Det 3-årige forskingsprosjektet BIOSPHERE er eit samarbeid med Universitetet i Bergen. Prosjektet ser på arealendringar i regionen vår.
“Skog-skulen”
Gjennom artikkelserien «Skog skulen» på nettsida til Nordhordland UNESCO biosfære har målet vore å formidle kunnskap om ulike typar skog, og korleis det tidlegare skoglause landskapet i Nordhordland har endra seg til eit skoglandskap i løpet av dei siste 70 åra.
Ieva R. Arina har skrive ein av artiklane her: «Urskog, naturskog og produksjonsskog – kva er forskjellen?». Denne er publisert gjennom innlegg på facebook-sida til biosfæreområdet, hausten 2025: Kva er skog?,Kva er urskog? Kva er naturskog? Kva er produksjonsskog? All skog er ikkje like grøn.Samarbeid kring kurset «naturens verdi» (UiB). Hausten 2025 samarbeida vi med UiB og Arboretet om kurset «Naturens verdi». Kurset hadde fokus på Naturavtalen og var retta mot næringsliv og kommunar, for at dei kunne lære korleis deira verksemd eller kommune kan bidra til å ta betre vare på natur og naturmangfald. Kurset er ei oppfølging av samarbeidet med Universitetet i Bergen i 2024, om «Berekraftsanalyse for Alver» - der Alver kommune var case og jobba med dei ulike måla i Naturavtalen.
Utarbeiding av undervisningsmateriale
Det utarbeida eit kompendium om Naturavtalen og Økosystemtenester i samband med kurset. Nordhordland UNESCO biosfæreområde og landbruksavdelinga i kommunane har bidrege i produksjonen av seks videoar som har vore nytta i undervisning i samband med kurset.
• Kva er naturavtalen? Sjå den HER.
• Korleis jobbar Nordhordland Biosfæreområde med måla i Naturavtalen? Sjå den HER.
• Korleis jobbar ein kommune med Naturavtalen? Sjå den HER.
• Smak av Nordhordland. Sjå den HER.
• Nordre Solend Gård - eit medlem i Smak av Nordhordland! Sjå den HER.
• Korleis kan bønder jobbe med Naturavtalen? Sjå HER .



kunnskap og læring
natur,miljø og klima
ACTIONABLE er eit internasjonalt forskingsprosjekt leia av Universitetet i Bergen, der Nordhordland UNESCO Biosfære deltek saman med LoVe Utvikling, Samisk høgskule, tre biosfæreområde og eit universitet i Vancouver, Canada. Prosjektet undersøker korleis samhandling kan styrkje biokulturelt mangfald og berekraftig utvikling i kystsamfunn. Biokulturelt mangfald handlar om å sjå biologisk mangfald og kulturarv i samanheng, og forstå korleis desse påverkar kvarandre over tid.
Universitetet i Bergen har hovudansvaret for den vitskaplege forskinga, medan vår rolle er tett knytt til utvikling, formidling og lokal forankring. Vi bidreg med erfaring og rettleiing inn mot nye, potensielle biosfæreområde, og deler kunnskap om korleis ein kan byggje struktur, samarbeid og legitimitet lokalt. Ein anna sentral del av vårt arbeid er utviklinga av ein tilstandsrapport for Nordhordland biosfæreområde. Her har vi valt ut indikatorar og parametrar som kan seie noko om tilstanden i regionen – innan natur, samfunn og næring. Arbeidet i 2025 har i stor grad handla om å systematisere innhald, identifisere relevante data og sikre samanliknbare tal for kommunane våre. Dette legg grunnlaget for framtidig måling av utvikling og effekt av biosfærearbeidet.
Gjennom prosjektet legg vi òg til rette for møteplassar og formidling. I 2025 har vi bidrege til workshop’ar med kunstnar Ase Brunborg Lie for vidaregåande elevar, samt koordinert utstillingar og arrangement lokalt og i Bergen. I tillegg har vi støtta masterstudent Solveig Haga og forskar Janne Thomsen med informantarbeid og lokal innsikt. ACTIONABLE styrkjer koplinga mellom forsking, lokalsamfunn og praktisk handling – og gjer kunnskap relevant for framtida.
Les meir om ACTIONABLE HER.



Vi er prosjektansvarlege for eit spennande prosjekt med andre UNESCO-utnemningar rundt Nord-Atlanteren. Prosjektet ein plattform for samarbeid på ulike plan: Felles utprøving og utveksling av idear og tiltak mellom stader som arbeidar med liknande føremål som oss. Ved å knyte menneske og stader saman på tvers av grenser har samarbeidet ei felles ambisjon om å gjere Nord-Atlanteren til ein leiande region for berekraftige livsmiljø og ei kjelde til inspirasjon for verda.
Rapporten frå arbeidet i 2025 oppsummerar dei viktigaste læringspunkta for samarbeidet:
• Stadbasert berekraftig utvikling som sentral ambisjon
• Søke etter balanse mellom miljømessige og sosiale behov
• Fremme lokalt engasjement og eigarskap
• Kulturarv og historieforteljing som viktig drivkraft
• Felles tematiske nettverk og dokumentasjon
Strategiske tilrådingar for vidare arbeid
1. Formalisere innhald: Etablere praksisnettverk, roterande vertskap og felles format for å støtte kontinuerleg kunnskapsutveksling.
2. Prioritere dei praksisnære døma: Bruke stadforteljingar til å styrkje identiteten og inspirere andre.
3. Kommunikasjon: Sikre at ein digital plattform speglar mangfaldet og rikdomen i erfaringane frå stadane.
4. Posisjonere det Nord-Atlantiske samarbeidet:
5. Utvikle ei felles stemme om berekraftige livsmiljø i Nord-Atlanteren.
Partnarane i prosjektet er: Island: Thingvellir Nasjonalpark / Verdsarvstad og Snæfellsnes Regionalpark, Færøyane: Færøyane Nasjonalmuseum, Grønland: Kujataa Verdsarvstad, Canada: Manicouagan Uapishka biosfæreområde, Skottland: Orkney Islands Council, Norge: Nordhordland Biosfæreområde.
Prosjektet er finansiert av ”Nordisk Atlantsamarbeid, NORA”.
Les meir om prosjektet HER. kunnskap og læring



Vandreutstillinga Sirkulære Nordhordland har reist over fjell, fjord og dalar – og gitt både innbyggjarar og skuleelevar eit nytt blikk på eigen region. Med det grøne skiftet som bakteppe viser utstillinga korleis naturog kulturarven vår kan vere nøkkelen til berekraftige løysingar. Gjennom tema som fotosyntesen, livet på land, livet i havet, energi og industri, vert kunnskap formidla med forankring i biosfæreområdet – gjennom forteljingar, tal og forsking.
Turnéen starta med eit brak under Biosfæredagen 30. mai 2024, då ordførarar og elevar frå Knarvik skule klipte «ullsnora» og markerte opninga. I 2025 har utstillinga besøkt dei resterande kommunane i biosfæreområdet –Austrheim, Fedje, Osterøy og Vaksdal – før ho avslutta turnéen med tre månadar ved Region Nordhordland Helsehus i Knarvik.
Gjennom Den kulturelle skulesekken har elevar fått fordjupe seg i ulike tema saman med pedagog Vigdis Valde, som har halde ei rekkje engasjerande undervisningsopplegg. Engasjementet har vore særleg stort ved Eksingedalen Oppveksttun og Matre skule, som utvikla eigne søyler til utstillinga. Biblioteka i vertskommunane har òg arrangert samlingar knytt til tematikken, og ved Region Nordhordland helsehus har både barnehagebarn, skuleklassar og møtedeltakarar teke turen innom.
Den kommunale turnéen er no avslutta, men utstillinga lever vidare ved Lyngheisenteret – og kan igjen leggje ut på reise dersom nye aktørar ynskjer besøk.
Utstillinga er eigd av Museumssenteret i Hordaland, avdeling Lyngheisenteret, og utvikla i tett samarbeid med Nordhordland UNESCO Biosfære og fleire lokale partnarar.
Les meir om utstillinga HER.



I tilknyting til vandreutstillinga Sirkulære Nordhordland har vi arrangert fem kveldsseminar i 2025 i samarbeid med biblioteka og lokale lag og foreiningar. Dette har vore ei vidareføring frå tilsvarande arrangement i 2024. Målet har vore å nå innbyggjarar i heile biosfæreområdet med tema frå Naturavtalen, forankra i lokale problemstillingar. Dei kommunane som fekk besøk i denne prosjektperioden var: Fedje, Osterøy, Vaksdal, Alver og Austrheim. På kvart arrangement har vi presentert kva eit biosfæreområde er og korleis vi arbeider med Naturavtalen i Nordhordland, i kombinasjon med faglege innlegg frå lokale og regionale aktørar. Tema har spent frå natur og næring, berekraftig teknologi og verdiane i Stølsheimen, til framande og invasive artar:
Austrheim: «Våtmark i Austrheim»
• Våtmarkene ved Fonnes – Norge sin største «soveby» for svaler v/Stein Byrkjeland (Statsforvaltar i Vestland)
• Mose, myr og mangt – det heile bildet! v/Mari Jokerud (NINA)
Fedje: «Natur og næring på same lag»
• Verdifull natur på Fedje v/Stein Byrkjeland (Statsforaltaren i Vestland)
• Natur som næring v/Sankaren Josten Husa
Osterøy: «Berekraftig teknologi - før og no»
• Ombruk og berekraft - før omgrepa fanst (døme: potetkjellaren) v/ Arild Sætre, Museumssenteret i Hordaland
• Robotteknologi og berekraft v/ Vidar Tufteland, Robotteknologisenteret
Vaksdal: «Stølsheimen»
• Ei vandring i Stølsheimen v/ Sveinung Klyve, naturfotograf
• Verdiane i Stølsheimen v/ Nils Kvamme, Stølsheimen Landskapsvernområde
Alver: «Gleder og sorger i naturen»
• Verdiane i Stølsheimen v/ Nils Kvamme
• Framande artar på Vestlandet v/Olav Overvoll



For å løfte fram gode initiativ og engasjement i regionen har vi utvikla tre merkeprogram: «Stolt Medspelar», «Arrangement i biosfæreområdet» og «Prosjekt i biosfæreområdet», med kvar sine logoar. Desse logoane gjer det lettare å synleggjere og anerkjenne verksemder, arrangement og prosjekt som bidreg til ei berekraftig utvikling i Nordhordland.
Til no har vi 16 stolte medspelarar med på laget frå næringslivet i Nordhordland. Desse er både frå mindre og større bedrifter, samt frå ulike sektorar som industri, teknologi, IT, kultur, kunst, reiseliv, landbruk og konsulentverksemd. Dei har små og store tiltak som dei jobbar med i si verksmed for å bidra til ein meir berekraftig region, og viser berekraftige løysingar i praksis. Søk på ordninga HER.
Vi har tilsaman hatt 17 arrangement som har ville krone seg med Arrangement-logoen vår. Vi ynskjer at biosfæreområdet skal være eit kvalitetsstempel for mangfaldet av flotte arrangement som har ein berekraftig profil. Stort eller lite – til saman skapar vi engasjement for framtida i Nordhordland. Søk på ordninga HER.
Vi har hatt 3 prosjekt som har nytta seg av Prosjektlogoen, denne kan nyttast av initiativ og tiltak som støttar minst eit av dei fem satsingsområda til biosfærearbeidet. Dette kan vere alt frå forskingsprosjekt i regionen til lokale utviklingstiltak. Søk på ordninga HER.
Desse tre merka gjer det enklare å synleggjere og anerkjenne gode tiltak i regionen. Alle desse program er i sin startfase og vi håpar å kunne jobbe meir aktiv med dette i 2026.



grøn verdiskaping
I 2025 har mat og landbruk vore eit sentralt satsingsområde for Nordhordland UNESCO Biosfæreområde. Prosjektet Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære har spela ei viktig rolle i dette arbeidet, og var ein naturleg del av tematikken under Biosfæredagen, der matsikkerheit og levande bygder stod på programmet.
Det mest gledelege er at nettverket og merkevara utviklar seg jamt og trutt. Vi opplever ein tydeleg oppsving av aktørar som ynskjer å knyte seg til ordninga.. For oss er lokalmataktørane levande døme på berekraft i praksis – dei tek vare på ressursane, kulturlandskapet og mattradisjonane våre, samstundes som dei skapar verdiar og arbeidsplassar i bygdene. Etter 2025 tel nettverket 38 lokalmat- og drikkeprodusentar.
Eit viktig satsingsområde har vore vidareutvikling av lokale firmagåver, i samarbeid med Gløde, Klar Bedrift og 11 dyktige produsentar. Med støtte frå Alver Næringsfond har vi utvikla konseptet ytterlegare. Resultatet i år er svært positivt: nær 740 selde gåver!. Næringslivet ser verdien av ekte, kortreiste og kvalitetsrike produkt – og ynskjer å gi gåver med meining.
Gjennom året har vi vore synlege på fleire arenaer: marknad under Biosfæredagen, fellesstand på Bondens dag og under Ullveka, deltaking i referansegruppa til Visit Bergen og utvikling av reklamefilm og informasjonsfilm om nettverket. Vi har fått god avisomtale, oppdatert brosjyren, utvikla eiga kartløysing over produsentane og marknadsført aktørane aktivt i sosiale medium og på nettsida. I tillegg har produsentane fått gratis tilgang til kurs gjennom “Smak frå Vest”.
Smak av Nordhordland handlar om stoltheit, samarbeid og berekraftig verdiskaping i heile regionen.
Søk på ordninga HER. Sjå meir om Smak av Nordhordland HER.



Vestland fylke står i ei særstilling nasjonalt: Her finn vi nesten alle UNESCO-program og -konvensjonar representerte. Med tolv UNESCO-statusar og sju kandidatar, rommar fylket eit unikt mangfald i UNESCOfamilien. Gjennom forprosjektet UNESCO-ruta Vestland har vi utforska korleis desse kan knytast tettare saman – i ei felles forteljing og i eit sterkare samarbeid. Vi i Nordhordland UNESCO Biosfære har hatt prosjektleiinga på dette prosjektet.
Målet med forprosjektet har vore å gjennomføre ein moglegheitsstudie: Korleis kan vi utvikle ei UNESCO-rute som styrkjer kunnskapsdeling, formidling og berekraftig reiseliv? Og korleis kan vi samle stemma vår på tvers av program og konvensjonar? Prosjektet er finansiert av Riksantikvaren og Vestland fylkeskommune, og markerer fyrste steg mot ei tydeleg felles retning for UNESCOarbeidet i fylket.
Forprosjektet har auka kjennskapen til dei ulike UNESCOprogramma og vist korleis dei utfyller kvarandre. Det har etablert ein felles møteplass for aktørane og utvikla ei sterkare samla forteljing om UNESCO i Vestland.
Vidare arbeid krev eit formelt nettverk – UNESCO Vestland – som kan sikre koordinering og framdrift. Tre prioriterte satsingsområde er identifiserte for vidare utvikling. Nokre tiltak krev nye midlar, medan andre kan integrerast i eksisterande aktivitet. UNESCO-ruta Vestland handlar om å sjå heilskapen – og om å løfte den globale verdien av UNESCO-arbeidet i ein tydeleg regional kontekst.
Les meir om prosjektet HER.



Onsdag 17. september2025 samla vi over 400 menneske i Nordhordlandshallen til ein kveld fylt med kunnskap, inspirasjon og fellesskap. Med 68 medarrangørar og sponsorar, 17 utstillarar, ni føredragshaldarar, kor, revy og eit dugnadslag på nærare 50 personar, vart Biosfæredagen 2025 eit arrangement utan sidestykke.
Tema i år var «Matsikkerheit og levande bygder», og arrangementet var ein del av den landsdekkande folkerørsla «Meining, mat og mot». Kvelden starta med suppe, stands og god drøs. Utstillarane viste fram lokalmat, historie, kultur, næring og frivillig engasjement. Eksingedalen Oppveksttun imponerte med skuleprosjektet «Den sirkulære heimstaden», og sogelaga frå Lindås og Radøy presenterte den nye åttringen Kikallbåten – eit sterkt symbol på fiskarbonden og identiteten i regionen. Hjelmåsrevyen opna det heile med energiske «Bonderap».
Blant føredragshaldarane utfordra Anders Nordstad etablerte mytar om matsystem og forbrukarmakt, medan professor Inger E. Måren løfta perspektivet mot framtida si matforsyning og naturgrunnlag. Edel Urstad engasjerte salen med bodskapet om at forbrukarar må bruke stemma si for å sikre norsk sjølvforsyning. Premieren på filmen Nordhordlandsbonden, laga av Kristoffer Eknes i samarbeid med landbrukskontoret i Alver, rørte mange. Landbrukssjef Laila Bjørge, haldt eit innlegg om bygda, og viktigheita av fellesskapet og at bøndene har naboar. Lokale bønder som Siv-Marit Rødland og Maya Greve delte sterke historier frå eigen kvardag.
Som pauseunderhalding mellom føredrag var det korsong med sjølvaste Bjarte Leithaug i spissen – kor dei song Nordhordlandsongen. Dennis Asbjørnsen inspirerte til sjølvdyrking, medan tidlegare forsvarsgeneral Robert Mood sette matsikkerheit inn i eit globalt beredskapsperspektiv.
Publikum drog heim litt klokare – og stolte av det Nordhordland får til når vi spelar på lag, og ei tydleg påminning om at levande bygder krev bønder, naboar og fellesskap.
Sjå film frå dagen HER.



Kommunikasjon – langsiktig arbeid lønnar seg
Formidling og involvering står sentralt i biosfærearbeidet og vi nytter mange verkemidlar i kommunikasjonsarbeidet vårt. I 2025 ser vi tydeleg at langsiktig innsats lønner seg: vi har hatt våre høgaste visningstal på nettside og sosiale medium, fleire medieoppslag og vårt største arrangement til dags dato er arrangert. Samfunnsutvikling krev dialog med heile breidda av målgrupper – frå innbyggjarar og ungdom til næringsliv og fagmiljø. Difor nyttar vi fleire kanalar: YouTube, Instagram, Facebook, LinkedIn, nettside, nyhendebrev og fysiske møteplassar. Vi arbeider bevisst med bilete, film, tekst, illustrasjonar og kart for å gjere bodskapen forståeleg og synleggjere gode døme på berekraft i praksis. Vi er i kontinuerleg utvikling og testar nye metodar for å styrkje forståinga av kva eit biosfæreområde er og betyr.
Film som metode
Film har vore eit spesielt viktig kommunikasjonsverktøy i 2025. Filmar gir oss moglegheit til å synleggjere biosfæreområdet sitt mangfaldige arbeid, frå natur, landbruk og forsking, til lokal kultur og menneske. I år har vi utvikla naturfilmar med borna Lucas, Matheo og Liam Soltvedt, og med Ruben Soltvedt bak kamera, landbruksfilmar med Eknes Media og ei rekkje engasjerande «reels» som fangar bondeliv og landskap. Vi har samarbeidd med Universitetet i Bergen om filmar om forsking og historia bak biosfæreområdet, blant anna om frontfiguren Peter Emil Kaland og lokale case knytt til Naturavtalen. På tampen av året samla vi mange av vore filmar til ein digital julekalender med 24 unike filmar som syner vår kultur- og naturarv.
Følg oss!
Om du ikkje allereie følgjer oss, så finn du oss på Facebook, Instagram, LinkedIn, YouTube, nettside eller meld deg på vårt nyhendebrev som vert sendt ut kvart kvartal!



natur, miljø og klima kunnskap og læring
Naturavtalen – med tittelen «Kunming-Montreal Global Biodiversity Framework (GBF)» har vore eit viktig tema i arbeidet vårt i 2025, med prosjektskjønnmidlar frå Statsforvaltaren i Vestland. Naturavtalen har som mål å stanse og reversere tap av natur, og gje oss meir natur, innan 2030. Avtalen skal følgjast opp nasjonalt, og vil vere eit viktig verktøy for å stanse tapet av natur globalt. Dei største truslane mot naturen er arealendringar, overhausting, klimaendringar, forureining og spreiing av framande artar. Nesten all natur i Noreg vert forvalta av kommunane gjennom plan- og bygningsloven (PBL). Det er her det meste av jobben må gjerast.
Vi starta 2025 med å arrangerte vi eit stort seminar om naturavtalen, med eit godt program og nær hundre deltakarar frå kommunane, både lokalpolitikarar og sakshandsamarar. Tittel for seminaret var «Korleis unngå bit-for-bit nedbygging av naturen i Nordhordland». Tilbakemeldingane var gode, og vi vart oppfordra til å ta dette arbeidet vidare!
I prosjektet har vi produsert fem korte naturfilmar frå hav til fjell, for å løfte fram viktige leveområde for artar i Nordhordland. I samband med vandreutstillinga «Sirkulære Nordhordland», har vi hatt arrangert kveldsseminar for innbyggjarar med naturavtalen som tema. Vi har løfta status for naturmangfaldplanar i plannettverket, arbeidd med klimabondefilm om invasive artar (lyssiv), gjennomført kampanje mot framande artar saman med hagelag, publisert artikkelserien «Skogskulen».
Mange kommunane opplever at ønskje om utbygging kjem i konflikt med ønskje om å ta vare på naturen. Innbyggjarar har engasjert seg stort, enten det handlar om utbygging av vindmøller, strømliner, næringsareal eller anna.
Prosjektet har avdekka eit tydeleg behov for meir kunnskap om natur – både blant innbyggjarar, lokalpolitikarar og sakshandsamarar. Naturdata må gjerast meir tilgjengeleg, og vi treng gode, praktiske døme på korleis ein kan jobbe.




Eksingedalen oppveksttun
Eksingedalen oppveksttun var både medarrangør og aktiv deltakar på Biosfæredagen. Inspirerte av utstillinga «Sirkulære Nordhordland», utvikla av Lyngheisenteret og Nordhordland UNESCO Biosfære, sette barnehageborn og elevar i gang arbeidet med si eiga utstillingssøyle om den sirkulære heimstaden. Gjennom våren har dei forska på korleis det var for 100 år sidan, korleis det er i dag – og korleis dei ynskjer at Eksingedalen skal vera i 2040.
Under Samarbeidskonferansen 2025 i Bergen møttest aktørar frå heile Vestland til to dagar med nettverksbygging og fagleg påfyll. Tema var omstilling i praksis, framtidas Vestland, attraktiv region og samskaping på tvers. Vår eigen Kari var på plass og løfta fram korleis status som biosfæreområde kan vere ein motor for berekraftig endring og omstilling i regionen.
Besøk frå andre biosfæreområder; Ungaren og Litauen Som biosfæreområde deltek vi aktivt i internasjonalt samarbeid. I år hadde vi besøk frå Pilis Biosphere Reserve i Ungarn, der Pál Kézdy møtte Biosfærerådet, besøkte Lyngheisenteret og bøkeskogen på Vollom. Vi tok òg imot ein delegasjon frå Litauen som førebur søknad om nytt biosfæreområde. Dei fekk innsikt i arbeidet vårt gjennom møte med Lyngheisenteret, Osterøy kommune og landbruksavdelinga i Alver.
Ullveka
Ullveka 2025 vart arrangert 26. september–5. oktober, og nytt av året var at fleire deler av Vestlandet no er med, program både frå Nordhordland, Bergen og Voss. Opninga under «Natt på fabrikken» ved Hillesvåg Ullvarefabrikk markerte starten på ei festveke for norsk ull. Ordførar Nina Bognøy minna oss om å ta bevisste «ull-val» for å sikre arbeidsplassar og fagkunnskap. Ullveka er ein viktig arena for læring, tradisjon og berekraftig bruk av norsk ull.




Landbruksfilmar
I samband med Biosfæredagen om matsikkerheit og levande bygder vart filmane «Me er bønder frå Nordhordland» og «Kvifor er du bonde?» utvikla. Filmane løfter fram dyktige bønder som kvar dag sikrar norsk matproduksjon, og viser både utfordringar og naturnære opplevingar gjennom året. Med handlingsboren kunnskap og bruk av både innmark og utmark held dei kulturlandskapet i hevd. Filmane er laga i samarbeid med Eknes Media og landbruksavdelinga i Alver kommune.
Eco-reboot
7.–14. september deltok Nordhordland UNESCO Biosfære, saman med Landbrukskontoret i Alver og Statsforvaltaren i Vestland, på oppstarten av det internasjonale prosjektet ECO Reboot. Samlinga i Križevci i Kroatia samla deltakarar frå Tyskland, Egypt, Kroatia og Noreg. Temaet var agroøkologi og berekraftige økosystem. Gjennom Workshop ‘ar, kartlegging av jordkvalitet og besøk til landbruksskule og gardar utvikla vi eit første forslag til undervisningsopplegg for ungdom.
Lærarfagdag Gulen og Masfjorden
Vi deltok på lærarfagdagen for Gulen og Masfjorden kommune saman med GMU og Ungt Entreprenørskap Vestland, for å løfte samspel mellom skule og næringsliv. Elevane treng å møte arbeidslivet – og næringslivet treng å møte elevane. Saman presenterte vi konkrete undervisningsopplegg og aktuelle problemstillingar. Det vart ein inspirerande dag med gode samtalar og felles ambisjon om tettare samarbeid framover.
Hangzhou Strategisk handlingsplan (2026 – 2035)
I haust reiste Kari på vegne av den norske MAB-komitéen til Kina for å delta på verdskonferansen til biosfæreområda 2025. Eit viktig tema var den nye strategiske planen for MABprogrammet i UNESCO. Planen legg føringar for arbeidet internasjonalt, nasjonalt og i biosfæreområda, med tre satsingar: bidra til å nå miljøavtalar og berekraftsmåla, styrkje kvaliteten i nettverket og utvikle forsking og kunnskapsdeling. Sjå den strategiske handlingsplanen HER.




UNESCO-lærarseminar
I år fekk UNESCO-skulane frå heile landet moglegheit til å delta på den årlege lærarkonferansen arrangert av FNSambandet. Om lag 50 deltakarar tok turen til Bergen, og vi fekk vere ein del av programmet kor vi presenterte kva eit biosfæreområde er, undervisningsopplegga vi har utvikla, og korleis vi arbeider med tverrfagleg læring og lokalt engasjement. Konferansen vart ein inspirerande arena for erfarings- og idéutveksling mellom skulane.
NordMAB til Lofoten
Siste veka i mai deltok vi på NordMAB-seminar i Lofoten, der 34 deltakarar frå biosfæreområde i Nord-Europa og Canada var samla til erfaringsutveksling og fagleg påfyll. Tema var naturforvaltning og berekraftig reiseliv. Det færøyske prosjektet Closed for Maintenance var særleg inspirerande. Vi fekk òg innsikt i lokal kultur og næring. Takk til vertskapet i Lofoten for gode samtalar og nyttige perspektiv.
UNESCO familien til kunnskapsdepartemenet
Før jul inviterte Kunnskapsdepartementet og UNESCOkommisjonen til samling for «UNESCO-familien» i Noreg. Deltakarane fekk oppdateringar frå UNESCO-kommisjonen, UNESCO i Paris, og presentasjonar frå dei kreative byane Hamar og Bergen. Det var òg tid til gruppearbeid, debattar og erfaringsdeling. Biosfæreområdet deltok aktivt i panelet og presenterte prosjektet i Vestland, som viser korleis samarbeid på tvers av ulike UNESCO-statusar kan styrke lokal utvikling og berekraftig praksis.
Seminar - Berekraftig akvakultur, framlegg av rapport Region Nordhordland arrangerte seminar om berekraftig sjømatproduksjon i Vestland, der aktørar frå næring, forsking og forvaltning diskuterte korleis havbruksnæringa kan gå frå «raudt til grønt». Funn frå rapporten viste at strategisk bruk av lukka anlegg reduserer lusesmitte og avlusing, og at postsmoltproduksjon gir god økonomi. Tiltaka krev tett samarbeid, felles masterplan og koordinering med styresmaktene. Statssekretær Even Tronstad Sagebakken deltok og orienterte om Havbruksmeldinga.
Foto: Oddbjørn Rosnes.

Foto: Tina Monslaup.
Trykk her! Nettstaden vår!
Foto: Oddbjørn Rosnes.
Trykk her! Facebook
Foto: Hildegunn Opdal.
Trykk her!
Trykk her! YouTube
Trykk her!
Nyhendebrev
Trykk her!

