Skip to main content

Årsmelding Håslått festivalen 2025

Page 1


Årsmelding

Forsidebilde: Historisk arrangement

Side 2, venstre kolonne frå øverst og ned: Laila Riksaasen Dahl og Arne Willy Dahl, historisk arrangement, hjortettallerken (festivalens signaturrett), dialogsamtale festivalgudstjeneste, Birger Bull / foredragshaldar Landbruksfrukosten, festivalteltet.

Side 2, høgre kolonne frå øverst og ned: Marit Eldal og Henning Skilbrei årets vinnarar av Håslåttfestivalprisen, kulturkvelden, simualtanspel sjakk, stinn brakke på Landbruksfrukosten, frukostbordet og avslutningskonsert

Alle foto: Tore Berg

Layout årsmelding: Tore Berg

Trykk: E Natvik Prenteverk AS, Florø

Organisasjonen:

Bankkontonr –3750 55 28072

Organisasjonsnr. –93119799

VIPPS –821574

01 Innleiing

Håslåttfestivalen på Viksdalen blei i 2025 arrangert for fjerde gong.

Festivalen går normalt over 3 dagar, siste helga i juli. I år var den strekt over ei veke med tre arrangement søndag, tirsdag og torsdag. I alt 19 arrangement.

Festivalen skal sette Viksdalen og bygdene i Sunnfjord på kartet. Festivalen skal vere ein møteplass mellom folk, mellom forskjellige kulturuttrykk og mellom tradisjon og fornying. Og ved ulike arrangementer skal den danne grunnlag for dialog.

02 Organisering

Håslåttfestivalen er organisert som ein organisasjon, med eige organisasjonsnummer.

Styret (komitéen) bestod i perioden oktober 2024 til september 2025 av: Tore Berg – leiar / sekretær / festivalsjef

Sindre Roska – styremedlem / nestleiar

Turid Hoff Nes – styremedlem

Erik Espeset – styremedlem

Lars Egil Viken - styremedlem Festivalens rekneskapsfører er Kåre Ness.

Dagens organisering er til vurdering. Dialog pågår med Nærmiljørådet. Det er eit ynskje å kunne få skilt styre og komité, med eit styre samansatt av lokale «festivaleigarar».

03 Om årsmeldinga

Årsmeldingane går frå august til august, ettersom festivalen blir arrangert siste helga i juli. Forberedelsane til festivalane startar gjerne i oktober og oppfølging/avslutning skjer i august.

04 Om Håslåttfestivalen og festivalen 2025

Håslåttfestivalen er eit årleg arrangement, normalt utan aktivitetar ellers i året. Men i april 2025 gjennomførte festivalen, i samarbeid med Viksdalen Nærmiljøråd eit seminar om frivilligheit.

Festivalen er meir enn berre eit arrangement. Den er eit strålande høgdepunkt tufta på dugnadsånda og eit engasjerande festivalprogram. Festivalen er fortsatt fersk, men har raskt blitt ein kjær festival på Viksdalen og i regionen.

Komitéen:

Håslåttfestivalen sitt styre 10/2024 til 9/2025, frå venstre: Turid Hoff Ness, Sindre Roska, Erik Espeset, Lars Egil Viken og Tore Berg. I daglegtale omtales styret som festivalkomitéen.

Kvart år har den hatt 12 til 15 forskjellige arrangementstypar. I år heile 19 arrangement. Sjøl om programstrukturen, med alle arrangementstypar, blei etablert alt første året utvikla festivalen seg stort frå 2022 til 2023. Litt enkelt sagt blei alt 3-dobla. Det blei vidareført i 2024 og 2025.

Arrangementsstruktur

2025-festivalen hadde denne arrangementsstrukturen:

Dag/arrangement Innhald Varigheit

Søndag og tirsdag

Dugnaden fossar fram Fossestivedlikehald 4 timar (t)

Torsdag

Telt, Tull & Tonar

Fredag

Perfekt i Kasta

Er demokratiet under press?

Sprudlande i Lune

Ung & Lovande

Laurdag

Gard, Grunnfjord og Gründerskap

Streken som Svir

Ungt blikk – gamal grunn

Sjakk Matt i Bygda

Forvandling i Farta

Svar med Stil

Godt & Gildt i Gamma

Dans og Sans i Sentrum

Søndag

Høgtid i Harmoni

Frå Okkupert til Oppreist

Kva gjer ein mann?

Teltpub med live musikk 4 t

Fiskekurs

Debatt – foredrag og samtalegrupper

Kulturkveld – kåseri og konsert Dans for ungdom

Landbrukfrukost med foredrag

Kunstutstilling

Fotoutstilling og avduking informasjonsskilt

Simultanspel med Hans Olav Lahlum

Barnearrangement

Turquiz

GLAD Ettermiddag SentrumsFEST

Festivalgudstjeneste –musikk og samtale

Historisk arrangement om krigen

Avslutningskonsert

SEMINAR FOR FRIVILLIGE: I april arrangerte

Håslåttfestivalen, i samarbeid med Viksdalen Nærmiljøråd, Jølster Skisenter og VM Vektløfting 2025, eit seminar om frivilligheit. På Viksdalen.

Layout: Tore Berg

AVSLUTNINGSKONSERT: Tuftegarden 4H-gard blei for andre gong brukt som avslutningskonsert med Erlend Ona Gjul og Erlend Os, med forestillinga «Kva gjer ein mann?».

Svært flott arrangement og svært vellykka konsert. Dei opptrådte også på festivalgudstjenesta.

Layout: Tore Berg

Festivalvertar: I år

skifta vi navn på våre frivillige til festivalvertar.

Festivalkomitéen legge ned mellom 1000 og 1200 timar før festivaldagane.

I tillegg kjem alt arbeid før og under festivaldagane. Det er eit mål for 2026 å få bedre oversikt over den totale arbeidsinnsatsen.

Layout: Sindre Roska

Festivalmat: Lokal mat

blir ein viktigare og viktigare del av festivalen. Festivalen har bl.a. utvikla sin eigen hjortetallerken, ved Øystein Ness og Svein Hauge..

Foto: Tore Berg

06

Samarbeid og frivillige

Samarbeid med organisasjonar, bedrifter og frivillige er heilt avgjerande.

Særleg er samarbeidet med Viksdalen Nærmiljøråd, Viksdalen Butikkbygg og Joker viktig. Og vi har eit godt samarbeid med Kyrkja, eller Sunnfjord kyrkjeleg fellesråd, som i 2025 var med om endå ei svært vellykka festivalgudstjeneste.

Også samarbeidet med reiselivsbedriftene begynne å utvikle seg.

Men samarbeidet med organisasjonar og bedrifter kan utviklast endå meir. Endå større lokal forankring er ei prioritert oppgåve for komitéen.

I 2025 hadde vi også ca 30 frivillige med i gjennomføringa i dagane før og under festivalen. Utan desse ville det naturlegvis ikkje vore mogeleg å gjennomføre Håslåttfestivalen.

Festivalen er 100% dugnadsbasert, både festivalkomitéen sitt omfattande arbeid og dei frivillige som deltek i gjennomføringa. I 2022 estimerte vi dugnadstimane til 350, i 2023 til 450 og i 2024 auka det betydeleg, kanskje til 7-800 timar (usikre tal). I år passerte vi over 1200 timar.

07 Markedsføring og kommunikasjon

I forhold til ressursane og kompetansen gjere Håslåttfestivalen eit stort og godt arbeid på markedsføring og kommunikasjon. Med eiga nettside og vi er på SoMe, spesielt facebook. Lokalavisa FIRDA er også viktig. I år hadde FIRDA ein 4 siders reportasje frå festivalen, sjå side 7 (den direkte reklameverdien på den er sannsynlegvis mellom 60 – 80.000 kr)

I 2024 la komitéen eit stort arbeid i programhefte, som vert distribuert til alle husstander i Viksdalen og nabobygder. Også hyttefolket i Viksdalen prøver vi å nå. Dette blei vidareført i 2025 med eit godt gjennomarbeida 28 siders programhefte.

Festivalen må arbeide meir med merkevarebygging og branding. For 2026 vil vi t.d. lage eit større arrangement ved programsleppet i mars/april

08 Lokal mat

Blir ein viktigare og viktigare del av festivalen, i samarbeid med Eldalstunet gardsrestaurant og Tuftegarden 4H-gard. I 2025 hadde vi også eit avgjerande samarbeid matentusiastane Svein Hauge, Anders Espeseth og Roy Inge Råheim (ny). Og alle kakebakarane.

09 Økonomi og sponsorstøtte

På side 7 vises utviklinga i nokre nøkkeltal.

I 2025 auka vi omsetninga ytterlegare I 2022 gjekk festivalen i null. I 2023 med eit fint overskot. I 2024 gjekk vi så vidt i pluss. 2025 ligge an til eit positivt resultat.

Det blei også fleire regionale bedrifter som støtta festivalen. Andel smessig, og faktisk, auka den økonomiske støtte betydeleg (frå 47 til 60%), mens vi hadde ein nedgang på salsinntekter, særleg på dei tre billetterte

arrangementa (frå 52 til 40%).

Honorarkostnader er den største utgiftsposten . Vi vurderer å ha fått svært god kvalitet for ganske moderate kostnader, men vi må pårekne at disse vil auke.

Ei stor utfordring med festivalgjennomføringa er å få finansieringa avklart tidleg nok i programplanlegginga og inngåelse av avtaler.

Rekneskapet er utført av Kåre Ness (pensjonert revisor).

Rekneskapet blir revidert av Steinar Hatlestad (pensjonert frå Lotteritilsynet) og Torunn Espeseth (bankansatt).

10 Oppsummering og publikumsoppslutning

Pulikumsoppslutninga auka frå i underkant av 800 i 2023 til godt over 1000 i 2024. Truleg blei dette vidareført i 2025, hovedsakleg pga fleire arrangement og tilbod.

I tillegg var turistar og andre tilreisande innom. Vi kan ikkje seie anna enn at vi i 2025 landa med beina godt planta på jorda.

Tilbakemeldingane på festivalen, som er svært viktig for oss i komitéen, aukar også.

Vi ser fram til å gå vidare med ny festival i 2026.

MEDIEOMTALE: Lokalavisa FIRDA ga 2025-festivalen brei omtale.

Med tillatelse frå FIRDA

Historia

Håslåttfestivalen starta med ein idé om å setje Viksdalen på kartet. Ja, ikkje berre Viksdalen, men bygdene i ein større samanheng. Ei anna drivkraft låg hjå hyttefolk og utflytte viks dølingar som i rein kjærleik ynskte å gje noko attende til bygda i form av eit sommarleg arrangement. Ein MØTEplass som kunne samle.

I nært samarbeid med det aktive Viksdalen Nærmiljø råd i bygda og dugnads villige bygdefolk, såg Håslåttfestivalen dagslyset for første gong i 2022. Olsokhelga peika seg ut som eit aktuelt tidspunkt for ein årleg festival, eller ein sommarlett arena for dialog, kultur, tradisjon og rein bygdeglede.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Årsmelding Håslått festivalen 2025 by Natvik Prenteverk - Issuu