Skip to main content

NB_Annual Report 2025_issuu_oppslag_260603_RZ

Page 1


NASJONALBIBLIOTEKET

NASJONALBIBLIOTEKET

Kvaløya, Troms (1924–1930). Utsnitt.
Foto: Peter Wessel Zapffe / Nasjonalbiblioteket.

Innhald

Del I Leiarens fråsegn

Del II Introduksjon til verksemd og hovudtal

Del

DEL I

LEIARENS FRÅSEGN

RETT VEST MED

NASJONALBIBLIOTEKET

2025 var året då Nasjonalbiblioteket gjekk rett vest. Den store formidlingssatsinga vår var nemleg 200-årsjubileet for norsk utvandring til Amerika.

Tittelen på utstillinga vår var Rett vest , og for mange nordmenn var det nettopp det dei opplevde. Dei fleste drog bokstavleg talt vestover til områda med billeg jord i Midtvesten, som på den tida utgjorde grenseområdet for USA. Desse områda var ikkje berre prega av mykje og billeg jord, men også av døyelege sjukdommar, ekstremvêr, skurkar, krig og konflikt.

Kva drøymde dei om, dei norske utvandrarane – eit levebrød, jord, fridom, gull? Kva møtte dei? Korleis gjekk det med dei? Og kven gjekk draumane deira utover?

Gjennom bøker, brev, dagbøker, kart, aviser, bilete, film, lydopptak og myteomspunne gjenstandar viste dei dyktige fagfolka våre fram historia om dei norske utvandrarane og landa dei kom til.

Ny teknologi

Også i 2025 stod vi i spennet mellom å forvalte og formidle det gamle og det å vere i front på digitalisering og språkteknologi. Frå Stortinget har vi fått i oppdrag å trene, oppdatere og tilgjengeleggjere norske og samiske

språkmodellar. 2025 har vi brukt på å starte opp dette arbeidet og rekruttert nødvendig kompetanse for å kunne levere det me skal.

Vi fekk også i oppdrag å prøve å forhandle fram avtalar med rettshavarar slik at ei publisering av slike modellar er i tråd med opphavsrettslege rammer og avtalar. Det var derfor gledeleg at Mediebedriftenes landsforbund og Nasjonalbiblioteket blei einige om ein avtale der rettshavarane blir kompenserte for Nasjonalbiblioteket sin bruk. Avtalen – som blir forvalta av Kopinor – inneber at vi kan trene på artiklar frå norske aviser som er eitt år eller eldre. Dette gjer at språkmodellane som blir publiserte, vil prestere langt betre, og dei vil forstå norsk og samiske språk betre.

Satsinga på kunstig intelligens-feltet i Nasjonalbiblioteket og kompetansen vi byggjer opp, gjer oss også til ein interessant samarbeidspartnar i utlandet. Vi har no – saman med Stanford University Library – vore ein av hovudarkitektane bak etableringa av organisasjonen AI4LAM – der LAM står for «Library, Archives and Museums». Organisasjonen blei formelt stifta rett før jul og omfattar rundt 40 nasjonalbibliotek, museum og arkiv rundt i verda. Og vi har presidentskapet i første omgang.

Meir digitalisering

Nasjonalbiblioteket fekk også ei påplussing på 2025-budsjettet for å utvide digitaliseringsproduksjonen på anlegga i Mo i Rana. Desse midlane har gått til å tilsetje fleire folk for å kunne digitalisere meir av alle medietypar – aviser, bøker, tidsskrift, film, fjernsyn, foto, musikk og annan lyd. Noko av midlane har også gått til IT-personale som er heilt vesentlege for at vi heile tida skal kunne utvikle og effektivisere produksjonslinjene våre.

Om du skal rett vest, aust, nord eller langt sør, er ikkje godt å seie når du loggar deg inn på Flyfoto, som er det nye digitale produktet frå Nasjonalbiblioteket. Oppgåva på nettstaden er at du – som publikum – skal hjelpe til med å plassere skråfoto som er tekne frå fly på ulike stader i Noreg. Takka vere eit stort bidrag frå Sparebank stiftelsen DNB har vi kjøpt ei samling med fleire millionar slike foto og fått støtte til å utvikle ei teneste der dei bileta blir viste og er klare til å bli plasserte på kartet straks dei er digitaliserte.

I 2025 fullførte vi gjennomføringa av den utvida bibliotekstrategien «Rom for demokrati og danning». Denne strategien har hatt to hovudformål: å styrkje arbeidet med lesestimulering og formidling i biblioteka og å etablere ein felles digital infrastruktur for biblioteka, med mellom anna gratis metadata, metadatabrønn og nasjonalt lånekort. Nasjonalbiblioteket vil halde fram med å jobbe etter desse linjene også etter strategiperioden.

Forskarfokus

Også på forskingsfronten har det vore god driv og orientering mot vest i 2025. Nasjonalbiblioteket arrangerte ein stor forskingskonferanse med deltakarar frå store delar av universitets- og høgskulesektoren i samband med utvandringsjubileet. Fleire og fleire forskarar brukar samlinga og kompetansen til Nasjonalbiblioteket, og verksemda deltek i stadig fleire forskings- og forskingsinfrastrukturprosjekt. I 2025 starta det forskingsrådsfinansierte prosjektet Webdata , som for første gong skal gi forskarar tilgang til nettsider i nettarkivet til Nasjonalbiblioteket. 2025 var også året då regjeringa delte ut 1,2 milliardar til senter for kunstig intelligens. Nasjonalbiblioteket er partnar i eitt av dei seks sentera som fekk finansiering og skal leie ein arbeidspakke om kulturarv i MishMash – senter for KI og kreativitet

2025 blei det siste året til Aslak Sira Myhre som nasjonalbibliotekar. Etter elleve år i direktørstolen bestemte han seg for å søkje nye utfordringar. Og dette fører oss tilbake til der eg begynte. For kvar drog Myhre? Han drog rett vest. Heim til Stavanger. Heim til byen der båten «Restauration» i 1825 segla av garde med 52 menneske om bord og med det starta utvandringa til Amerika.

Oslo, 15.03.2026

Trond Myklebust

nasjonalbibliotekar ( konst .)

nasjonalbiblioteket

DEL II

INTRODUKSJON TIL VERKSEMD OG HOVUDTAL

Mandatet til Nasjonalbiblioteket er forankra i pliktavleveringslova. Nasjonalbiblioteket leverer infrastruktur og tenester for norske bibliotek på område som biblio grafiske standardar og nasjonalbibliografiar. Gjennom tenesta Tibi tilbyr ein tilrettelagd litteratur til dei som har vanskar med å lese tekst. Nasjonalbiblioteket er depotbibliotek for heile landet og tilbyr digitale innhaldstenester og eitt felles biblioteksøk i og for alle norske bibliotek. I tillegg leverer vi infrastruktur for norsk forsking og er sjølv forskingsinstitusjon. Nasjonalbiblioteket er også leverandør av ein norsk språkbank til bruk i forsking og næringsverksemd. Nasjonalbiblioteket har også ansvar for å digitalisere all dokumentbasert kulturarv frå norske bibliotek og museum.

«Nasjonalbiblioteket er eit av dei mest ambisiøse og moderne nasjonalbiblioteka i verda og har ein brei oppgåveportefølje.» Strategien til Nasjonalbiblioteket

SAMFUNNSBIDRAGET TIL NASJONALBIBLIOTEKET

Innsatsfaktorar og rammevilkår

• 932,1 millionar kroner

• pliktavleveringslova

• folkebiblioteklova

• åndsverklova

• mottak av pliktavlevert og anna materiale

• kunnskapsorganisering

• digitalisering

• bevaring

• tilgjengeleggjering av materialet

• formidling

• forsking og utvikling (FoU)

• avklaring av rettar

• tenesteutvikling

• kunnskapsutvikling

• forvalting av tilskot

• produksjon og tilgjengeleggjering av tilrettelagd litteratur

• trening av norske og samiske språkmodellar

• b ibliotekutvikling

• nettbaserte bibliotektenester for alle medietypar

• bibliotektenester for grupper med tilretteleggingsbehov

• språkkorpus og språkmodellar til bruk i utvikling av KI ­ baserte tenester

• nasjonalmultigrafi

• metadata og andre attfinningsverktøy

• depotbibliotek

• infrastruktur for forsking

• referansetenester, rådgiving og kompetansedeling

• sikker langtidsbevaring av norsk kulturarv

• digital infrastruktur for norske bibliotek

• gir alle enkel tilgang til kulturarven

• lèt forskarar, studentar og andre fagfolk finne og bruke kunnskaps ­ , språkog kulturhistoria

• gir sterkare tilknyting til historia

• gir betre bibliotektenester til heile befolkninga

• skaper identitet og tilknyting

• bidreg til kunnskap, interesse og medvit om norsk kultur ­ , kunnskapsog språkarv

• styrkjer norsk offentlegheit og utviklar fellesarenaer for debatt

• gir alle enkel tilgang til norsk publiseringshistorie og kulturarv

Detalj frå utsmykkinga av Lydlaboratoriet i Mo i Rana. Foto: Nasjonalbiblioteket.

VI Årsrekneskap

ORGANISASJON

I perioden 1. mai til 31. desember har Trond Myklebust fungert som nasjonalbibliotekar. Øyvind Engh har fungert som assisterande nasjonalbibliotekar.

Øyvind Engh tilrettelagd litteratur

Bernt Fjeldberg økonomi og personal

Hege Stensrud Høsøien fag og forsking

Eline Skaar Kleven kulturformidling

ØKONOMI OG RESSURSBRUK

Aslak Sira Myhre Nasjonalbibliotekar

Trond Myklebust digital formidling

Kjersti Rustad tilvekst og kunnskapsorganisering

Trond Myklebust assisterande nasjonalbibliotekar

Bjørn Skevik bygg og tekniske tenester

Svein Arne Solbakk kulturarvdigitalisering

Svein Arne Tinnesand bibliotekutvikling

Wilfred Østgulen IT

Nasjonalbiblioteket er eit bruttofinansiert forvaltningsorgan under Kultur- og likestillingsdepartementet.

Nasjonalbiblioteket si budsjettramme til ordinær drift var på 859,1 millionar kroner i 2025 eksklusive overføringar frå året før.

NØKKELTAL FRÅ ÅRSREKNESKAPEN

Driftskostnader - Tildeling post 01 - 99 Tal eksklusive overføringar frå året før, post 80 og inntekter. Mill.kr

Del

STRATEGI FOR NASJONALBIBLIOTEKET

2024–2029

Samfunnsoppdrag og visjon

Nasjonalbiblioteket gir folk i Noreg tilgang til den felles kunnskaps- og kulturhistoria vår. Gjennom å ta vare på, digitalisere og formidle alt som er publisert for offentlegheita, er Nasjonalbiblioteket den viktigaste kjelda til kunnskap om Noreg og norske forhold. Denne tilgangen til kulturarven gir eit unikt grunnlag for oppleving, kunnskap og forsking. Tilgangen er vesentleg for demokrati og eit opplyst offentleg ordskifte, og han er eit grunnlag for identitet og forståing av historie. Eit av dei viktigaste måla til Nasjonalbiblioteket er at flest mogleg kjenner til og brukar den felles kunnskaps- og kulturhistoria vår.

Nasjonalbiblioteket er eit av dei mest ambisiøse og moderne nasjonalbiblioteka i verda og har ein brei oppgåveportefølje. Mellom anna har Nasjonalbiblioteket ansvaret for nasjonal bibliotekinfrastruktur og ein del sentrale nasjonale bibliotektilbod. Denne strategien skal ikkje gi ei uttømmande skildring av alle oppgåvene til Nasjonalbiblioteket og alle felt vi arbeider på, men peike ut seks hovudområde for strategisk utvikling i perioden.

Hovudmål og -satsingar i strategiperioden

1. Nettbiblioteket er den viktigaste inngangen til Nasjonal biblioteket si samling både for forsking og dokumentasjon og for publikum. Digitaliseringa av samlinga til Nasjonalbiblioteket har, saman med avtalar med rettshavarar om tilgang til materialet, gjort det norske nettbiblioteket unikt i verdssamanheng. Nasjonalbiblioteket skal styrkje posisjonen til Nettbiblioteket gjennom å

a) føre vidare programmet for digitalisering av den analoge samlinga

b) utvide tilgangen gjennom klarering av rettar og samarbeid med rettshavarar

c) gjere tilbodet kjent for nye grupper av befolkninga

d) utvikle nye tenester i takt med det veksande digitale arkivet og gjennom bruk av nye digitale verktøy

2. Formidling av norsk historie og kulturarv er ein aukande del av oppgåva til Nasjonalbiblioteket. Den store jobben som blir gjort med pliktavlevering, kunnskapsorganisering og digitalisering, kjem folk til gode gjennom denne formidlinga. Nasjonalbiblioteket skal auke kunnskapen om norsk historie, samfunn og kulturarv gjennom å

a) styrkje det aktive formidlingsarbeidet og søkje mot flater og kanalar som når breitt ut til folk i heile Noreg

b) vere ein av dei viktigaste møteplassane for kunnskap om og formidling av norsk kulturhistorie

c) bruke formidlingsarbeidet til å setje søkjelys på aktuelle tema og personar, eit arbeid som knyter seg både til jubileum og kjende hendingar, men som også skal vere med på å få fram nye, ukjende eller marginaliserte delar av historia

3. Nasjonalbiblioteket er ein forskingsinstitusjon som legg til rette for og driv forsking på si eiga samling. Samlinga og kompetansen til Nasjonalbiblioteket står sentralt i utviklinga av norsk språkteknologi og forskingsinfrastruktur. Utviklinga innanfor kunstig intelligens og maskinlæring har gjort behovet for norsk språk og innhald til utvikling og trening av denne typen teknologi stadig viktigare. Nasjonalbiblioteket skal i perioden særleg styrkje arbeidet med å

a) vidareutvikle Nasjonalbiblioteket som forskingsinstitusjon og forvaltingsinstitutt i tråd med samfunnsoppdraget til Nasjonalbiblioteket

b) vidareutvikle Nasjonalbiblioteket som infrastruktur for norsk forsking gjennom samarbeid med relevante aktørar

c) produsere og tilby grunnlagsmateriale til bruk i språkteknologi, maskinlæring og kunstig intelligens

4. Nasjonalbiblioteket fekk i 2020 i oppdrag å digitalisere heile den norske dokumentbaserte kulturarven. Samtidig blei samarbeidet og samhandlinga mellom Arkivverket og Nasjonalbiblioteket knytt til digitalisering og lagring av fysisk materiale styrkt. Nasjonalbiblioteket skal i perioden utvikle seg som institusjon for digitalisering og bevaring av materiale frå heile ABM-sektoren i Noreg gjennom å

a) behandle audiovisuelle samlingar i kulturarvsektoren og Nasjonalbiblioteket si eiga samling som éi samling i prioriteringa av digitalisering

b) utvikle fleksibilitet i organisasjonen som gjer det mogleg å prioritere ressursar og folk mellom ulike digitaliseringsoppgåver

c) samarbeide med kulturarvinstitusjonane for å sikre effektive arbeidsprosessar

5. Digitaliseringa av bibliotek og bibliotektenester gjer nasjonal infrastruktur mogleg og nødvendig på stadig fleire område. Samtidig har Nasjonalbiblioteket også fått ansvaret for nasjonale tenester for fleirspråkleg og tilrettelagd litteratur. Nasjonalbiblioteket skal styrkje det nasjonale bibliotektilbodet gjennom å

a) utvikle og drive nasjonal infrastruktur for metadata, fjernlån og bibliotekfagleg kompetanseheving

b) sikre at tilbod om og formidling av fleirspråkleg litteratur og tilrettelagd litteratur blir best mogleg integrert i bibliotektilbodet elles i sektoren

c) vidareutvikle tilbodet til personar som på grunn av ei funksjonsnedsetjing har vanskar med å lese trykt tekst

6. Nasjonalbiblioteket skal overvake eigne arbeidsmetodar og arbeidsprosessar for å sikre at ressursane blir utnytta på ein effektiv måte. I strategiperioden vil vi prioritere desse områda:

a) For hovudarbeidsprosessane i det digitale bibliotektilbodet skal vi utvikle den tverrfaglege teamorganiseringa mellom fagfolk og teknologar med vekt på eigarskap, sjølvstende, iterativ utvikling og kontinuerleg forbetring.

b) På området for kunnskapsorganisering skal vi i dialog med utgivarar og andre aktørar sikre automatisert metadatafangst og gjenbruk av metadata, og utforske nye metodar for attfinning av kunnskap.

c) I arbeidet med å digitalisere den dokumentbaserte kulturarven skal vi ta i bruk og utvikle teknologi som forenklar og gir effektive produksjonsprosessar.

d) Vi skal fullføre integrasjonen mellom tidlegare NLB og NB med vekt på effektive tenesteleveransar og ved å prioritere å ta i bruk beste kompetanse og beste praksis.

I tillegg har Nasjonalbiblioteket prinsipp og reguleringar som er retningsgivande for verksemda. Dei viser seg i lover, reguleringar og styringsdokument frå Storting og regjering, men nokre av dei vil vi trekkje særleg fram i denne strategiperioden:

1. Nasjonalbiblioteket skal i virke og drift bidra til å oppfylle berekraftsmåla til FN.

2. Nasjonalbiblioteket skal i virke og drift respektere åndsverk og bidra til å halde åndsverkrettar ved lag for utgivarar og opphavarar.

3. Nasjonalbiblioteket skal i virke og drift søkje å reflektere mangfaldet i den norske befolkninga.

SAKTIVITETAR OG RESULTAT I 2025 DEL III

tyrking av språkmodellar og auka formidling

I snart 20 år har Nasjonalbiblioteket digitalisert den norske kulturarven. I februar opna kulturministeren nye bygg i Mo i Rana som legg til rette for å gjere massedigitaliseringa endå meir effektiv i åra som kjem. I desse hypermoderne bygga blir materiale frå arkiv, bibliotek og museum digitaliserte i høgt tempo saman med samlinga til Nasjonalbiblioteket sjølv.

I 2025 tok vi imot heile 80 prosent av det pliktavleverte materialet digitalt. Det frigir tid til å digitalisere meir analogt materiale. Den veksande digitale samlinga gir eit

unikt utgangspunkt for formidling og forsking og ikkje minst for utvikling av kunstig intelligens. Arbeidet med å lage språkmodellar retta mot norske forhold er ei viktig oppgåve for Nasjonalbiblioteket, og det blei på tampen av året forhandla fram ein historisk avtale som gjer det mogleg å dele modellar trena på nyare norsk avisinnhald. Internasjonalt er arbeidet med KI i bibliotek, arkiv og museum styrkt gjennom skipinga av organisasjonen AI4LAM. Nasjonalbiblioteket har det administrative ansvaret dei tre første åra.

Nasjonalbiblioteket nådde i 2025 ut til over to millionar publikummarar. Talet inkluderer fysisk og digital

formidling. Det nye kulturkvartalet opna på Solli plass i haust og gir betre rom for besøkjande og for å drive formidlingsarbeid. Med den digitale formidlinga når Nasjonalbiblioteket ut til folk i heile landet gjennom podkastar, strøyming av arrangement og digital skuleformidling.

Kulturkvartalet på Solli plass

Dei siste ti åra har Nasjonalbiblioteket fått eit stadig større publikum. For å komme den aukande interessa i møte opna vi 900 kvadratmeter med nye publikumsområde i 2025. Det nye kulturkvartalet på Solli plass har blitt ein moderne møteplass med god plass til formidling.

Eit atrium med kantineområde bind saman den gamle bibliotekbygningen frå 1913 og Halvbroren, tilbygget frå 2005. Førsteetasjen i Halvbroren er opna opp for publikum, slik at ein kan sleppe til fleire studentar, forskarar og andre som søkjer kunnskap om norsk litteratur, kultur og historie.

Samarbeidet med Credo gjer det mogleg å inkludere historia om norsk matkultur og handverkstradisjonar i publikumstilbodet gjennom eit variert formidlingsprogram. Credo står også for eit breitt serveringstilbod på huset med Credo restaurant, Bakeriet, Bakgården kantine og Nasjonalbibliotekbaren.

Sjømatverkstad på Handverksfestivalen.

Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket.

Fosseforedraget og Fosseprisen 2025

For å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse oppretta regjeringa i 2024 Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar. Ansvaret for gjennomføringa blei lagt til Nasjonalbiblioteket. I arbeidet med Fosseprisen blei det etablert eit samarbeid med NORLA, og i 2025 har det komme på plass eit fagleg råd for Fosseforedraget. Jon Fosse deltek når både foredragshaldar og prisvinnar blir vald.

I mai var kronprinsparet vertskap på Slottet då filosof og teolog Jean-Luc Marion heldt det første Fosseforedraget Etter foredraget delte Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit ut Fosseprisen til den tyske omsetjaren

Hinrich Schmidt-Henkel med 250 representantar frå norsk litteraturliv til stades. Same kveld var det Fossemiddag på Nasjonalbiblioteket.

blir gratulert av kronprinsparet på Slottet. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket.

Det bør også være en allment anerkjent sannhet at et Nasjonalbibliotek med respekt for seg selv, nødvendigvis trenger en person som Heidi Bjerkan.

– Dagens Næringsliv

Fossesatsinga bringar med seg nye perspektiv på den offentlege samtalen om litteratur i Noreg. Sjølve tilstellinga på Slottet blei vist direkte på vg.no og seinare send på NRK, og diskusjonar følgde i avisene i etterkant. I utlandet fekk hendinga merksemd i aviser som The Guardian og Le Monde, og The Times Literary Supplement intervjua Fosse i podkasten sin.

Jean­Luc Marion held det første Fosseforedraget i Store festsal på Slottet. Nasjonalbiblioteket gav samtidig ut foredraget på nynorsk, engelsk og fransk. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket.

Hinrich Schmidt­Henkel, vinnar av Fosseprisen 2025,

%

av befolkninga har høyrt om eller sett Fosseforedraget og Fosseprisen.

Kjelde: Landsrepresentativ befolkningsundersøking for Nasjonalbiblioteket gjennomført av Norstat i 2025.

Frå skipingsmøtet i London. Dr. Ines Vodopivec, som er ein anerkjend ekspert innanfor kulturarv og digital humaniora, er den første generalsekretæren i AI4LAM. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Ny KI-organisasjon for bibliotek, arkiv og museum I desember møttest institusjonar frå heile verda i London og skipa organisasjonen Artificial Intelligence for Libraries, Archives, and Museums (AI4LAM). Føremålet er å fremje ansvarleg, etisk og open bruk av kunstig intelligens i og for bibliotek, arkiv og museum. Nasjonalbiblioteket har det administrative ansvaret for organisasjonen dei tre første åra.

AI4LAM-nettverket oppstod med den første Fantastic Futures-konferansen på Nasjonalbiblioteket i 2018 og har utvikla seg til eit globalt fagfellesskap med over 1500 medlemmer. Målet er å dele kunnskap og utvikle løysingar for digitalt innhald, søk, bevaring og formidling

Papirdigitalisering. Foto:

av kulturarv. Arkiv, museum, universitet og teknologimiljø frå Europa, Asia, Australia og USA deltek, og kjende institusjonar som Stanford University Libraries, Library of Congress, British Library, Harvard Library og Smithsonian er representerte.

KULTURARVDIGITALISERING

Ei av hovudoppgåvene til Nasjonalbiblioteket er å ta vare på og digitalisere den norske kulturarven og gjere han tilgjengeleg for det norske folket. I 2025 er det digitalisert 1,55 millionar objekt. Talet er 1 prosent lågare enn i fjor som følgje av lengre stans i nokre av

digitaliseringsløypene ved overgangen til nytt forvaltningssystem. Om lag 418 000 av dei digitaliserte objekta kjem frå ABM-institusjonar.

Nye bygg i Mo i Rana I februar var det opning av nye bygg i Mo i Rana med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery til stades. Vi ser allereie at dei nye bygga gjer digitaliseringsarbeidet langt meir effektivt.

Papirdigitalisering var først til å flytte i 2024. Lydlaboratoriet flytta ved årsskiftet inn i lokale som er spesialbygde for lyddigitalisering, og til sist blei det nye spesialtilpassa logistikksenteret sett i drift. I tilknyting til logistikksenteret er det etablert eit svært plasseffektivt automatisk mellomlager med moglegheit for å føre

AI4LAM samlar kulturarvinstitusjonar, forskarar og teknologimiljø som ønskjer å utvikle ansvarleg og etterprøvbar bruk av kunstig intelligens. Det handlar både om å utnytte moglegheitene og om å handtere risikoane på ein måte som sikrar demokratiet, kunnskapen og tilliten.

– Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar

DIGITALISERINGSVEKST 2025

Det er digitalisert 1 550 308 objekt*. Det utgjer 1 527 356 gigabyte datavolum.

Digitalisert for Nasjonalbiblioteket 1 131 968 objekt

Digitalisert for ABM-institusjonar 418 340 objekt

* Objekt kan til dømes vere avis, bok, manuskript, film eller time med radio.

materiale inn i fjellmagasinet med førarlaus transport. Erfaringa så langt viser at bygga fungerer godt. Samtidig er areal i dei gamle bygga fristilte, så ein kan auke bemanninga på arbeidet med foto og levande bilde.

Digitalisering for ABM­institusjonar

Nasjonalbiblioteket har god kontakt med arkiv, bibliotek og museum i heile landet, og Senter for kulturarvdigitalisering har også i år besøkt meir enn ti ABM-institusjonar. På ABM-konferansen i september fekk tilsette i ABM-sektoren innsikt i arbeidet med kulturarvdigitalisering ved Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket digitaliserer mange slags objekt for ABM-institusjonar. Av fotoa kjem heile 90 prosent frå denne sektoren. Ei spørjeundersøking blant fotobevaringsinstitusjonar danna grunnlaget for ein rapport i

NOKRE BESØKTE INSTITUSJONAR I 2025

Nordmørsmusea

Oslo Museum

Davvi álbmogiid guovddáš / Senter for nordlege folk

Nord-Troms museum

MiST – Sverresborg Trøndelag Folkemuseum

Trondheim byarkiv

Vestland fylkeskommune, fylkesarkivet

Det Norske Teatret

For å få til ei meir heilskapleg IT­utvikling i grensesnittet mellom ABM­sektoren og

Nasjonalbiblioteket er Team Kulturarv oppretta, med Marte Aanes Stien (produktleiar), Tom Kristian Olsen (tech lead), Per­Oddmund Korsnes (teamleiar) og

Trude Lillevik (produktleiar).

Foto: Anton Roeterdink / Nasjonalbiblioteket.

2025 som slår fast at det finst 120 millionar bilete i ulike institusjonar. Med dagens digitaliseringstakt vil det ta 100 år å digitalisere dei. For å auke takta legg vi kontinuerleg vekt på innovasjon og ny teknologi i arbeidsprosessane.

Omfanget av digitalisert materiale i musea er ei stor utfordring sidan det i dag ikkje finst gode løysingar for bevaring av dette materialet. Det er i 2025 gjennomført eit pilotprosjekt for digital bevaring av musea sine digitale samlingar i samarbeid med Kulturdirektoratet, KulturIT og utvalde bevaringsinstitusjonar. Prosjektet konkluderer med at det er teknisk mogleg å ta imot digitalt materiale frå musea til digital bevaring i Nasjonalbiblioteket, og at det ligg godt til rette for å gjere dette i samarbeid med KulturIT.

Filmlaboratoriet

Det er gjennomført ein analyse av analog versus digital bevaring av film som mellom anna viser at kostnadane er tre til fire gonger høgare ved analog bevaring. Analysen viser også at dei mest nedbrotne filmane berre kan bevarast digitalt. Dette kombinert med at laboratoriet trong omfattande oppgradering for vidare drift gjorde at det i år blei bestemt å leggje ned det analoge filmlaboratoriet og overføre ressursane til digital filmbevaring. Dermed blir det mogleg å auke arbeidet med bevaring og formidling av norsk film.

”Å sikre minnet vårt for ettertida på denne måten – det er heilt uvurderleg. Det som blir digitalisert og gjort tilgjengeleg her i Mo i Rana, fortel litt av historia om kven vi er og kven vi har vore her i landet.

– Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister

Digitalisering av norske langfilmar

Rundt halvparten av norske langfilmar er i praksis utilgjengelege for folk flest sidan dei ikkje finst digitalt i HD-format eller betre. Mange av desse originalfilmane finst i arkivet vårt, og vi arbeider no med å digitalisere fleire langfilmar. Kapasiteten blir fordelt mellom langfilm, filmar frå ABM-sektoren og kortfilmar som står i fare for å gå tapt. For å auke kapasiteten ytterlegare er

det inngått avtale med Nordisk Film om postprosessering av nokre av filmane.

Det er også innleidd samarbeid med aktørar som forvaltar rettar, og aktørar som ønskjer å formidle filmane. Eit samarbeid med Svenska filminstitutet skal bidra til å vidareutvikle kompetansen på feltet.

Før digitalisering blir langfilmrullar kontrollerte for å sikre best mogleg resultat. Foto: Anton Roeterdink / Nasjonalbiblioteket.

TV­sendingar frå NRK, TV 2 og TVNorge blir digitaliserte. Foto: Anton Roeterdink / Nasjonalbiblioteket.

KULTURFORMIDLING

Nasjonalbiblioteket har som mål å nå ut til flest mogleg i heile landet med formidlinga av norsk kulturhistorie. I 2025 nådde vi ut til 2,1 millionar menneske. Talet inkluderer fysisk og digital formidling og viser ein auke på 17 prosent frå førre år. Særleg i digital skuleformidling er det ein markant auke med 234 prosent. Andre viktige tiltak er strøyming av arrangement og podkastar.

Kulturhistoria blir også formidla som redaksjonelt innhald i sosiale medium, på nettsider, video og i nyheitsbrev. Historisk materiale frå samlinga, som brev, film, lyd, fotografi og trykksaker er utgangspunktet for denne formidlinga.

Nasjonalbiblioteket har ein produksjonsstab som mellom anna har ansvar for strøyming av arrangement på nb.no. Det var ein auke på heile 186 prosent for strøyming i 2025. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket.

%

av befolkninga i Noreg kjenner til Nasjonalbiblioteket.

Kjelde: Landsrepresentativ befolkningsundersøking for Nasjonalbiblioteket gjennomført av Norstat i 2025.

Utvandrarmarkeringa 2025 Året 1825 segla sluppen «Restauration» frå Stavanger til New York med dei første norske emigrantane om bord. Det neste hundreåret følgde 900 000 nordmenn etter. Nasjonalbiblioteket bidrog til 200-årsmarkeringa med utstillinga Rett vest. Drømmen om et bedre liv i Amerika. Utstillinga tok for seg alt frå store samfunnsendringar til personlege vitnesbyrd som viste korleis utvandringa påverka familiar og enkeltpersonar.

Utstillinga hadde 23 339 besøkjande og 104 omvisingar for eit allment publikum. Arrangementa i samband med utstillinga trekte fram nye perspektiv, som samiske utvandrarforteljingar og kvekarane si rolle i den norske utvandrarhistoria. Éin av fem kjenner til eller har besøkt utstillinga ifølgje den landsrepresentative befolkningsundersøkinga gjennomført av Norstat for Nasjonalbiblioteket.

Frå musikksamlinga til Nasjonalbiblioteket I 2025 kom den første i ein serie årlege plateutgivingar under merkelappen «Fra Nasjonalbibliotekets musikksamling». Dette er utgivingar som løftar fram historisk musikk- og lydmateriale og gjer det tilgjengeleg for dagens publikum. Serien finst både på vinyl og i strøymetenester.

Podkast

Den nye podkasten Strid kom i 2025. Gjennom tre sesongar fortel nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og historikar Ole-Albert Rønning Nordby om dei norske borgar krigane i perioden 1130–1240. Podkasten blir send på NRK. Det gjer også den faste podkasten frå Nasjonalbiblioteket, Gamle greier , som kom med 22 nye episodar i år. Til saman nådde Nasjonalbibliotekets podkastar 860 408 lyttarar i eigne kanalar. Strid hadde i snitt 7056 lyttarar per episode i NRK Radio og meir enn 467 000 personar lytta til éin eller fleire episodar på direktesend radio.

Skuleformidling

I utstillinga Rett vest. Drømmen om et bedre liv i Amerika tok Nasjonalbiblioteket for seg ei av dei største folkevandringane i norsk historie. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket

Elevar i vidaregåande skule kunne i år delta i undervisningsopplegg både om den faste og den temporære utstillinga. I år er det jobba spesielt med å nå ut til fleire studieretningar. Elevar frå frisør, blomstrar, interiør og eksponering, kunst, design og arkitektur, handverk, design og produktutvikling og restaurant- og matfag har delteke i læringsverkstader som er knytte til årets handverksfestival.

På vinylplata Drømmer og lengsler kan ein lytte til musikk og lydopptak som gir innblikk i utvandringa til Amerika. Foto: Anders Bergesen / Nasjonalbiblioteket.

Handverksfestivalen.

Makrellrøyking på gamlemåten utanfor biblioteket. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket.

EIT UTVAL DIGITALE UNDERVISNINGSOPPLEGG

TILPASSA ELEVAR I VIDAREGÅANDE SKULE

Handelsnasjonen Norge

Kampen om naturen

Journalistikk i krigstider

Lyden av å høyre til Dorothe Engelbretsdotter

Norsk utvandring til Amerika Å heie på Nora Mellomalderen på 20 minutt

Vidaregåande skular over heile landet kan også velje mellom ei rekkje digitale undervisningsopplegg til bruk i klasserommet, der tre er nyutvikla i tråd med læreplanane.

70 prosent av dei vidaregåande skulane i landet har brukt tilbodet i år. 5900 elevar og lærarar har vore på besøk på Solli plass, medan 75 000 elevar har brukt det digitale tilbodet. 141 kommunar og alle fylke er nådde.

Handverksfestivalen. På popup­tatoveringsverkstaden i Folkestova kunne ein få tatovert eit klassisk sjømannsmotiv. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket.

Publikumsarrangement på Solli plass

Gjennom året tilbyr Nasjonalbiblioteket eit variert arrangementsprogram. I år var fleire foredrag og samtalar knytte til Fosseforedraget og utvandrarjubileet.

På seinhausten heldt Terje Tvedt fem foredrag med nye perspektiv på norsk historie. Foredraga var svært populære og kan sjåast på nb.no i ettertid.

Handverksfestivalen 2025

Den fjerde handverksfestivalen blei arrangert i september, i år med havet som tema. Over to dagar med verkstader, samtalar, foredrag og framsyningar fekk publikum oppleve og lære om den materielle kulturarven gjennom aktivitetar som garnreparasjon, vedlikehald av båt, selskinnshandverk, sjømannstatoveringar, sjantisong og mattradisjonar.

Del I Leiarens fråsegn Del II Introduksjon til verksemd og hovudtal

Del III Aktivitetar og resultat i 2025

Del IV Styring og kontroll i verksemda

Del V Vurdering av framtidsutsikter

Del VI Årsrekneskap

Teolog Ragnar Misje Bergem og forfattar Hanne Ørstavik i samtale om det ferske Fosseforedraget av Jean­Luc Marion. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket.

Jørgen Nordeng og Torgeir Waldemar held konsert i Målstova med viser frå Nord­Noreg. Foto: Svein Spjelkavik / Nasjonalbiblioteket.

Handverksfestivalen. Haakon Vatle fortel om tradisjonen med sjømannssongar og lærer dei frammøtte å syngje sjantiar. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket.

NETTBIBLIOTEKET

Stadig fleire finn fram til og brukar Nettbiblioteket. I år blei det registrert 5,5 millionar besøk. Nettbiblioteket har mykje materiale som er ope for alle, men også materiale som er tilgjengeleg på bestemte vilkår.

Flyfoto – Noreg sett frå lufta

Nasjonalbiblioteket fekk for eit par år sidan tilgang til ei stor samling flyfotografi frå heile Noreg. Samlinga spenner frå 1920 til 2000-talet og viser landskap, bygder, byar og hus slik dei ein gong såg ut. Arbeidet med å digitalisere samlinga er i gang, og for å auke bruksverdien er ei ny kartteneste lansert.

I nettenesta Flyfoto ber vi publikum om å bidra med lokalkunnskap og plassere bileta på rett stad på noregskartet. Når plasseringa er stadfesta, legg tenesta automatisk til adresse, gards- og bruksnummer og stadnamn frå databasen til Kartverket. 100 000 flyfoto er no tilgjengelege, og ein tredjedel av dei er allereie knytte til koordinatar på kartet.

Ved hjelp av kunstig intelligens er fotografia på førehand grovsorterte med tekstattkjenning og kartoppslag slik at ein har omtrentleg geografisk plassering som publikum så verifiserer. Lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblio teket og lokalhistorielag frå heile landet har bidrege, og arbeidet har avdekt eit stort engasjement. Sparebank stiftelsen DNB har i tillegg støtta utviklingsarbeidet med eit betydeleg beløp.

Nasjonalbiblioteket prøver ut ein tidleg prototyp av flyfototenesta saman med representantar frå Rana historielag. Foto: Jørgen Schyberg / Nasjonalbiblioteket.

%

av befolkninga i Noreg kjenner til Nettbiblioteket.

Kjelde: Landsrepresentativ befolkningsundersøking for Nasjonalbiblioteket, gjennomført av Norstat i 2025.

FORSKING

I 2025 deltok Nasjonalbiblioteket i 23 forskings-, innovasjons- og utviklingsprosjekt, dei fleste med støtte frå Noregs forskingsråd og eitt med støtte frå The European Research Council.

MishMash Centre for AI and Creativity er eit nasjonalt forskingssenter for kunstig intelligens leidd av Universitetet i Oslo. Prosjektet skal gå over fem år, og Nasjonalbiblioteket leier arbeidspakken «KI for kulturarv». Her

FORSKINGSPROSJEKT SOM STARTA OPP I 2025

• WebData. nasjonal forskingsinfrastruktur for nettdata

• FoodStories: Heritagisering for bærekraftig verdiskaping

• Senter for norsk fagspråk i bruk

• MishMash Centre for AI and Creativity

• NORA HS (Humanities & Society), forskarskule for humaniora og samfunnsmessige spørsmål innanfor KI

Manuskript frå Fossearkivet. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket.

er målet å byggje løysingar for automatisk transkripsjon av og kopling mellom arkiv og samlingar, med vekt på kulturuttrykk frå nasjonale minoritetar, etikk og utvikling av regelverk for å unngå utnytting.

Fossearkivet

Interessa for forfattarskapen til Jon Fosse har eksplodert etter at han fekk nobelprisen i litteratur, og Fossearkivet utgjer ein viktig ressurs for forsking og formidling. I 2025 fekk Nasjonalbiblioteket inn ni esker med arkivmateriale som har vore lagra i barndomsheimen til Fosse i Strandebarm. Donasjonen kompletterer og utfyller Fosse-arkivet som kom frå Nynorsk kultursentrum i 2021 og arkivet vi fekk frå Kai Johnsen i 2023.

Det nye materialet omfattar manuskript, skissebøker og korrespondanse, hovudsakleg frå 1980- og 1990-åra. Her finst tidlege utkast til debutromanen Raudt, svart og handskrivne utkast til dikt i dei tidlege diktsamlingane til Fosse.

Nye arkiv av vesentleg verdi

I 2025 overtok Nasjonalbiblioteket ei omfattande samling med lyd- og videoopptak frå a-ha som dekkjer

perioden 1988–2003. Her finst det upubliserte studioinnspelingar og konsertopptak. Samlinga representerer ein unik dokumentasjon av eit av dei største popbanda i Noreg.

Jan Erik Volds arkiv har fått ein større tilvekst og inneheld no manuskript til dei fleste av bøkene hans saman med arbeidsmateriale frå ei rekkje omsetjingar av utanlandske poetar. Arkivet gir eit breitt utsyn over den litterære praksisen til Vold gjennom heile karrieren.

Jon Fosse har overlate ni kassar med arkivmateriale til Nasjonalbiblioteket. Materialet, som omfattar fleire tidlege manuskriptversjonar og ei rekkje skisser og teikningar, blir no eit sensasjonelt supplement til Fossearkivet.

– Hege Stensrud Høsøien, direktør for fag og forsking

Del V Vurdering av

Del VI Årsrekneskap

Bokstavar som blir brukte i dei samiske språka, men ikkje i norsk, har tidlegare skapt problem ved digitalisering og tekstattkjenning. Med nye modellar er problemet langt på veg løyst. Foto: Nasjonalbiblioteket.

a­ha, 1984. Foto: Sheila Rock / Nasjonalbiblioteket.

Utvandrarmarkeringa

Utvandringa til Nord-Amerika 200 år / Crossings 200 har vore ei viktig satsing i år. I tillegg til generelt formidlingsprogram har Nasjonalbiblioteket bidrege med nasjonal forskingskonferanse, fagleg formidling og vitskapleg publisering. Kjelder frå samlinga er gjorde tilgjengelege, og noregsbrev er publiserte på lokalhistoriewiki.no.

Sannings­ og forsoningskommisjonen

Nasjonalbiblioteket har følgt opp arbeidet til Sanningsog forsoningskommisjonen med formidling av relevante samlingar, digitalisering, kompetanseheving i institusjonen og språkteknologisk arbeid.

Publikasjonar

I år har Nasjonalbiblioteket gitt ut fire bøker i eigne skriftseriar, mellom anna dei vitskaplege Nota bene-antologiane

The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata og The Voices of Jon Fosse . Alle bøker er ope tilgjengelege på nettet.

Tilsette har også bidrege med 25 vitskaplege publikasjonar og fem fagpublikasjonar. Temaa spenner breitt og inkluderer digital kultur, skandinavisme, transatlantisk historie, barnelitteratur og edisjonsfilologi.

SPRÅKTEKNOLOGI

Nasjonalbiblioteket tilbyr datasett med norsk tekst og tale til verksemder som utviklar språkteknologiske produkt. Treningsdata og andre datasett som ikkje er verna av opphavsrett, ligg ope tilgjengelege i ressurskatalogen i Språkbanken og på data.norge.no. Dataa blir også delte på Hugging Face, den leiande plattforma for kunstig intelligens globalt.

I år er det jobba mykje med utvikling, tilpassing og evaluering av språkmodellar. Nasjonalbiblioteket kan no tilby Målfrid 2025, eit tekstkorpus med 2,4 milliardar tokens (ord og teiknsetjing) henta frå norske statlege nettsider og samla inn i samarbeid med Språkrådet. Korpuset inneheld ord på bokmål, nynorsk, nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk og engelsk. I tillegg er det gjort tilgjengeleg ei systematisk samling av helsefaglege omgrep som er omsette frå engelsk, og datasett med forvaltningsrettslege omgrep på norsk teiknspråk.

Tekstgjenkjenning for samiske språk Det er gjennomført eit prosjekt for å gjere den samiske delen av samlinga meir tilgjengeleg. OCR (optical character recognition) er teknologien som blir brukt til å kjenne att og konvertere skanna tekst og slik gjere teksten betre tilgjengeleg. Undersøkingar viser at tekst attkjenninga for dei samiske bøkene og avisene i samlinga har vore av dårleg kvalitet fordi samisk har fleire bokstavar som ikkje finst i det norske alfabetet. Med nye modellar har vi auka attkjenninga av dei samiske bokstavane vesentleg

Regjeringa løyver 45 millionar kroner slik at norske språkmodellar kan trenast på tidsaktuelt innhald frå aviser. Kultur­ og likestillingsminister Lubna Jaffery og digitaliserings­ og forvaltningsminister Karianne

Tung feirar med kake saman med nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket.

og kan no starte arbeidet med å gjere samiske bøker og aviser meir tilgjengelege for søk i Nettbiblioteket, for kvantitative studium og som treningsgrunnlag for språkmodellar.

Kunstig intelligens

Det er gjennomført ei rekkje aktivitetar for å formidle til omverda kva Nasjonalbiblioteket gjer på KI ­ området. Internt er den nye seksjonen for språkmodellar etablert med ti medarbeidarar og støtte frå medarbeidarar i Språkbanken.

Arbeidet konsentrerer seg om tre hovudtypar av språkmodellar, GPT-modellar, tale-til-tekst-modellar og tekst-til-tale-modellar. Det er også skaffa KI-reknekraft til Nasjonalbiblioteket sitt eige datasenter på Mo, og vi har samarbeidd tett med Sigma2 for å få tilgang til reknekraft på Olivia-maskina i Lefdal Mines og LUMI-maskina i Finland.

I desember forhandla Nasjonalbiblioteket fram ein historisk avtale som gir oss rett til å dele modellar som er trena på nyare avisinnhald. Avtalen gjer det mogleg å utvikle språkmodellar av høg kvalitet til fri bruk i samfunnet.

Digital avlevering av musikk gir personalet betre tid til å digitalisere frå den analoge samlinga. Foto: Anton Roeterdink / Nasjonalbiblioteket.

SAMLINGSUTVIKLING

Heile 80 prosent av det pliktavleverte materialet blir no levert digitalt. I år er det pliktavlevert 388 049 objekt, 69 205 analogt og 318 844 digitalt.

Digital avlevering av musikk

Ein vesentleg milepåle var nådd då produksjonsløypa for digitalt pliktavlevert musikk blei fullt operativ med alle planlagde deltakarar. Produksjonsløypa har vore under utvikling i fleire år. No leverer snart alle dei store distributørane daglege pakkar med lydfiler og metadata automatisk til digital bevaring og Nettbiblioteket. Vi har ei god dekning av den norske musikkmarknaden no som Universal, Sony, Warner, Orchard, Diger, Virgin og Danmark Music Group er med. Dermed blir digitale utgivingar tekne vare på og gjorde tilgjengelege for publikum langt raskare enn tidlegare.

Utlån av klassesett

Depotbiblioteket fekk i 2025 på plass ei teneste for utlån av klassesett. Samlinga omfattar overførte titlar og gåver frå andre bibliotek, og ho er på i underkant av 10 000 eksemplar som er fordelte på over 300 titlar.

Det fleirspråklege biblioteket 50 år

I 1975 blei det første fleirspråklege bibliotektilbodet etablert på Deichmanske bibliotek. Sidan 2017 har Det fleirspråklege bibliotek (DFB) vore ein del av Nasjonalbiblioteket. 50-årsjubileet blei markert med ein godt besøkt jubileumskonferanse i november.

DFB er støtteapparat for alle landets bibliotek og tilbyr bøker på 97 språk til barn, ungdom og vaksne. DFB har gjort fleire tiltak for å følgje opp leselyststrategien til regjeringa og oppdraget med å auke tilgang til litteratur for barn og unge på andre språk enn norsk. Det er kjøpt inn barne- og ungdomsbøker på etablerte språk i

Del IV

Del V Vurdering av framtidsutsikter

2025

UTLÅN

Del VI Årsrekneskap

Utlån frå Depotbiblioteket til norske bibliotek i 2025. Talet inkluderer 96 790 publikasjonar frå Det fleirspråklege biblioteket.

samlinga, og arbeidet med å byggje opp ei boksamling på italiensk har starta. Det blei også arrangert ein fagkonferanse på Nasjonalbiblioteket i samband med morsmålsdagen.

TILRETTELAGD LITTERATUR

Leselyst for barn og unge

Leselyststrategien til regjeringa, Sammen om lesing, slår fast at tenesta Tibi skal styrkjast for å auke tilgangen på tilrettelagd litteratur for barn og unge. Med støtte i måla i strategien om gode leseferdigheiter, gode leseopplevingar og auka deltaking er fleire tiltak sette i gang.

Tibi la i år ekstra ressursar i Sommarles­satsinga og laga ein mykje sett animert video der Tibi­lånarar fortel om kor viktig det er å ha tilgang til lydbøker og bøker i punktskrift. Sommarles­forteljinga på lyd er også mykje lesen.

NØKKELTAL FRÅ TIBI – BIBLIOTEKET FOR TILRETTELAGD LITTERATUR

Tal på lånarar: 86 559

Samla utlån av tilrettelagd litteratur: 1 985 260

Utlån av folkebiblioteklitteratur: 1 884 984

Utlån av studielitteratur: 100 276

Tilvekst av folkebiblioteklitteratur: 2 221

Tilvekst av studielitteratur: 341

Ei ny produksjonslinje for tilrettelagde teikneseriar for barn og unge med dysleksi og andre leseutfordringar er på plass. Kombinasjonen av lyd, tekst og bilete gjer det enklare å følgje handlinga og oppleve lesemeistring.

Webinaret Tibi i klasserommet er utvikla i samarbeid med Nasjonalt lesesenter og lansert gjennom den nasjonale satsinga for lærarar og skular. Webinaret skal auke skulane sin kjennskap til Tibi og senke terskelen for at elevar i målgruppa kan bruke tilrettelagde bøker i undervisninga.

Endringar i tilbodet til studentar

Fleire studiebøker er no tilgjengelege kommersielt som universelt utforma e-bøker. Derfor har Nasjonalbiblioteket i samråd med forlaga avgrensa tilgangen til kommersielt tilgjengelege studiebøker. Svaksynte og blinde studentar med produksjonsrett kan framleis få heile pensumet frå Tibi.

BIBLIOTEKUTVIKLING

Rom for demokrati og dannelse Utvidet nasjonal bibliotekstrategi – ut 2025 er ved årsskiftet ved vegs ende. Fleire milepålar er nådde i det siste året av strategien.

Felles formidlingsløysing

Nasjonalbiblioteket har bidrege med midlar og inngått samarbeidsavtale med KS Digital om innkjøp av ei felles digital plattform for formidling som kan brukast av alle folkebiblioteka i Noreg. Plattforma skal gi betre ressursutnytting og auke synlegheita gjennom moderne og brukarvenlege nettsider.

Metadatabrønn

Metadataleveransen til folkebibliotek har vore i gradvis utvikling. Ein metadatabrønn er no i hovudsak etablert, utvikla av Biblioteksentralen på oppdrag frå

Nasjonalbiblioteket. Metadatabrønnen er ein samla stad for tilgang til metadata for norske bibliotek. Han utgjer eit kvalitetssikra og samla datagrunnlag for utvikling av gode tenester til lånarane i lokale bibliotek og i nasjonale tenester som Biblioteksøk.

Utlån av digitale bøker i bibliotek Nasjonalbiblioteket har hatt samtalar med Den norske forleggerforening om ei betre ordning for utlån av digitale bøker i bibliotek. Partane er einige om ein modell som blir presentert for biblioteksektoren. Teknisk tilrettelegging må til før modellen kan nyttast.

Nyskaping i biblioteksektoren

Utviklingsmidlane til Nasjonalbiblioteket skal bidra til nyskapande prosjekt i norske bibliotek. Ei viktig satsing er å styrkje biblioteka som møteplass for demokrati, samtale og debatt. Ein del utviklingsmidlar er derfor tildelte prosjekt som utforskar og vidareutviklar denne funksjonen. Det er også arrangert tre konferansar der demokrati, ytringsfridom og vern om mangfald i biblioteka er tema.

Den nye metadatabrønnen skal bidra til betre bibliotektenester. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Den nye avdelinga for bibliotektenester skal gi Nasjonalbiblioteket ein tydlegare profil ut mot biblioteksektoren. Foto: Nikolaj Blegvad / Nasjonalbiblioteket.

Leselyststrategien

Nasjonalbiblioteket følgjer opp leselyststrategien Sammen om lesing . For å auke leselysta blant barn og unge har vi i 2025

• oppretta ei tilskotsordning for samarbeid mellom barnehagar og folkebibliotek

• sett av spelemidlar til leselyst og litteraturformidling i bibliotek

• styrkt Tibi-tenesta for å auke tilgangen til tilrettelagd litteratur

• styrkt Det fleirspråklege biblioteket for å auke tilgangen til litteratur på andre språk

• utvida prosjektstøtta til Sommarles til og med 2030

Samling av nasjonale bibliotektenester

Dei siste åra har Nasjonalbiblioteket utvikla ei rekkje nasjonale tenester. Nettbiblioteket har vakse fram som

ei primærteneste for universitet og høgskular. Det fleirspråklege bibliotek og Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur har blitt ein del av Nasjonalbiblioteket, og vi er ein del av fjernlånssamarbeidet i Noreg. Vi har også utvikla tenester som Biblioteksøk, Bibliotekkortet og metadatabrønn.

Frå nyttårsskiftet blir alle desse tenestene samla i avdelinga for bibliotektenester. Målet er å bli ein tydelegare og meir heilskapleg leverandør av tenester og infrastruktur til bibliotekfeltet.

Miljøfyrtårn

Nasjonalbiblioteket er sertifisert som miljøfyrtårn. Det blir utarbeidd ein årleg miljørapport om forhold som avfall, energibruk, innkjøp, sjukefråvær og arbeidsmiljø.

UTVALDE NØKKELTAL

Besøk på nb.no (nettbiblioteket), målt i engasjerte økter

Podkastavspelingar, digitale arrangement og

Samla tal på besøkjande på Solli plass

publikumstal – digitalt og fysisk

SAMLING PER 31. DESEMBER 2025

Del V Vurdering av framtidsutsikter

Del VI Årsrekneskap

SAMLINGSVEKST I 2025

DIGITALT PLIKTAVLEVERT INNHALD I 2025

MEDIUM MENGDE

Radio 131 400 timar frå 15 rikskanalar og 4 721 filer frå distriktskontor i NRK

TV 113 782 timar frå 13 rikskanalar og 1 444 filer frå distriktskontor

Film 136 titlar

Video 28 titlar er registrerte

Aviser 24 978 aviser, 222 titlar

E ­ bøker 5 681 titlar

Musikk 19 942 utgivingar

RAPPORT FOR MÅL­ OG STYRINGSPARAMETERAR FOR 2025

MÅL ­ OG RESULTATSKJEMAET ER BASERT PÅ DEI FIRE OVERORDNA MÅLA SOM ER SETTE AV STORTINGET GJENNOM PROP. 1 S OG UTDJUPA

GJENNOM STRATEGIEN TIL NASJONALBIBLIOTEKET FOR PERIODEN 2024–2029.

Overordna mål 1 i Prop. 1 S er utdjupa gjennom hovudmål 1–4 i mål ­ og resultatskjemaet. Rolla til Nasjonalbiblioteket som forskingsinfrastruktur og språkbank er utheva i eit eige hovudmål 3 for å utdjupe den sentrale rolla Nasjonalbiblioteket har fått som tekstleverandør for digitale korpus til ulike bruksområde, inkludert språkmodellar til KI ­ feltet. Det nye oppdraget som leverandør av norske språkmodellar er teke ut i eit eige hovudmål 4.

Overordna mål 2 og 4 i Prop. 1 S svarar til hovudmål 6 i mål ­ og resultatskjemaet.

Overordna mål 3 i Prop. 1 S svarar til hovudmål 5 i mål ­ og resultatskjemaet.

Utover dei fire overordna måla i Prop. 1 S, som svarar til hovudmål 1–6 i mål ­ og resultatskjemaet, har skjemaet i tillegg eit hovudmål 7 om effektiv ressursutnytting for å sikre merksemd rundt prioritering av oppgåver og forbetringar av leveransekjedene.

HOVUDMÅL 1. NETTBIBLIOTEKET ER DEN VIKTIGASTE INNGANGEN TIL NASJONALBIBLIOTEKET SI SAMLING BÅDE FOR FORSKING OG DOKUMENTASJON OG FOR PUBLIKUM. NASJONALBIBLIOTEKET SKAL STYRKJE POSISJONEN TIL NETTBIBLIOTEKET.

DELMÅL

1.1 Alt norskpublisert materiale skal vere samla inn, registrert, lagra i fysiske og digitale sikringsmagasin og gjort tilgjengeleg gjennom Nettbiblioteket i tråd med føresegnene i åndsverklova.

1.2 Utvide tilgangen gjennom klarering av rettar og samarbeid med rettshavarar.

1.3 Gjere tilbodet kjent for nye grupper i befolkninga.

1.4 Utvikle nye tenester i takt med det veksande digitale arkivet og gjennom bruk av nye digitale verktøy.

STYRINGSPARAMETER

1.1.1 Etablere løyper for å ta imot, digitalisere, lagre og formidle alle medietypar.

1.2.1 Bidra til å få etablert ei permanent løysing for digital tilgang til pliktavlevert materiale.

1.3.1 Gjennom logging av bruk og befolkningsundersøkingar skal det dokumenterast at fleire kjenner til og fleire brukar Nettbiblioteket.

1.4.1 Nettbiblioteket skal i 2025 lansere betaversjonen av «Noreg sett frå lufta».

AMBISJON OPPNÅING

Kontinuerleg innstraum av alle medietypar ut i Nettbiblioteket i løpet av 2025.

Delvis oppnådd (note 1)

Følgje opp fellestilrådinga frå opphavsorganisasjonane med nye rutinar og fornya informasjon til biblioteka om ordninga.

Delvis oppnådd (note 2)

Det skal gjennomførast to befolkningsundersøkingar i året. oppnådd

Betaversjonen skal vere oppe innan 1. juni. oppnådd

HOVUDMÅL 2. NASJONALBIBLIOTEKET SKAL AUKE KUNNSKAPEN OM NORSK HISTORIE, SAMFUNN OG KULTURARV.

DELMÅL

2.1 Styrkje det aktive formidlingsarbeidet og søkje mot flater og kanalar som når breitt ut til folk i heile Noreg.

2.2 Vere ein av dei viktigaste møteplassane for kunnskap om og formidling av norsk kulturhistorie.

2.3 Bruke formidlingsarbeidet til å setje søkjelys på aktuelle tema og personar. Dette arbeidet knyter seg både til jubileum og kjende hendingar, men skal også vere med på å få fram nye, ukjende eller marginaliserte delar av historia.

STYRINGSPARAMETER

2.1.1 og 2.2.1 Den redaksjonelle formidlinga av norsk kulturhistorie (fysisk og på nettet) skal i 2025 nå ut til eit større publikum enn i 2024.

AMBISJON

OPPNÅING

Auke samla fysisk og digitalt publikum i 2025. oppnådd

2.3.1 I 2025 skal Nasjonalbiblioteket formidle 200 ­ årsmarkeringa (1825–2025) for norsk masseutvandring til Nord ­Amerika.

Produsere eit breitt formidlingsprogram med utstilling, utgivingar, arrangement, podkast og formidling på nett. oppnådd

HOVUDMÅL 3. NASJONALBIBLIOTEKET SKAL STYRKJE POSISJONEN SIN SOM FORSKINGSINSTITUSJON OG FORSKINGSINFRASTRUKTUR.

DELMÅL

3.1 Nasjonalbiblioteket skal utviklast som infrastruktur for norsk forsking gjennom samarbeid med relevante aktørar.

3.2 Produsere og tilby grunnlagsressursar til bruk i forskings infrastruktur og språkteknologi.

STYRINGSPARAMETER

AMBISJON OPPNÅING

3.1.1 Leie og delta i forskingsog forskingsinfrastrukturprosjekt med ekstern finansiering. 15 i 2025 (note 3)

3.1.2 Publisere vitskaplege artiklar. 20 i 2025 (note 4)

3.1.3 Tilby rettleiing, fagseminar og forskarskule.

3.2.1 Leggje til rette samlinga i relevante format.

oppnådd

oppnådd

oppnådd

oppnådd

HOVUDMÅL 4. NASJONALBIBLIOTEKET SKAL TRENE, OPPDATERE OG GJERE TILGJENGELEG SPRÅKMODELLAR PÅ NORSK OG SAMISK.

DELMÅL

4.1 Nasjonalbiblioteket skal etablere ei eining som skal trene, oppdatere og gjere tilgjengeleg språkmodellar for norsk og samisk.

STYRINGSPARAMETER AMBISJON OPPNÅING

4.1.1 Leggje til rette samlinga i relevante format for KI.

4.1.2 Trene språkmodellar på norsk og samisk materiale.

4.1.3 Avklare spørsmål om vederlagsordning for norske rettshavarar.

oppnådd

Delvis oppnådd (note 5)

Delvis oppnådd (note 6)

HOVUDMÅL 5. NASJONALBIBLIOTEKET SKAL I STRATEGIPERIODEN UTVIKLE SEG SOM INSTITUSJON FOR DIGITALISERING OG BEVARING AV MATERIALE FRÅ HEILE ABM-SEKTOREN I NOREG.

DELMÅL

5.1 Behandle audiovisuelle samlingar i kulturarvsektoren og Nasjonalbiblioteket si eiga samling som éi samling i prioriteringa av digitalisering.

5.2 Utvikle organisasjonen slik at han er mest mogleg effektiv og fleksibel.

STYRINGSPARAMETER

AMBISJON OPPNÅING

Delvis oppnådd (note 7)

5.3 Samarbeide med kulturarvinstitusjonane for å sikre effektive arbeidsprosessar.

5.2.1 Gjere det mogleg for skannaroperatørar å byggje kompetanse på skanning av nye materialtypar ved behov for endring av prioriteringane mellom dei ulike materialtypane.

5.2.2 Utvide aktiviteten med 20 stillingar på ein måte som skaper auka verdi for norske ABM-institusjonar.

5.3.1 NB skal arrangere rådsmøte med museums- og arkivinstitusjonane som leverer materiale, for å sikre god koordinering og enklast mogleg arbeidsprosessar i alle steg av prosessen.

Å etablere planar for dette i løpet av året.

Ikkje oppnådd (note 8)

Gjennomføre tilsetjingane i løpet av året.

Delvis oppnådd (note 9)

I løpet av året skal det haldast to slike fellesmøte. oppnådd

HOVUDMÅL 6. NASJONALBIBLIOTEKET SKAL STYRKJE DET NASJONALE BIBLIOTEKTILBODET.

DELMÅL

6.1 Nasjonalbiblioteket skal vidare utvikle tilbodet for personar med funksjonsnedsetjing som har vanskar med å lese trykt tekst.

6.2 Nasjonalbiblioteket skal følgje opp tiltaka i bibliotekstrategien og tiltak i leselyststrategien.

6.3 Nasjonalbiblioteket skal styrkje og utvikle felles infrastruktur for norske bibliotek.

STYRINGSPARAMETER

6.1.1 Nasjonalbiblioteket skal vidareutvikle utlåns-, distribusjons- og formidlingsløysingar som er i tråd med behova til målgruppa.

6.1.2 Nasjonalbiblioteket skal gjennom eigen informasjon og eiga formidling, og dessutan formidling gjennom folkebiblioteka, sikre at målgruppa blir kjend med til bodet og ønskjer å bli lånarar.

AMBISJON OPPNÅING

Gjennom brukarundersøkingar skal ein følgje opp kor fornøgde brukarane er. oppnådd

Kjennskap til tilbodet skal følgjast opp gjennom brukarundersøkingar. oppnådd

6.2.1 Tiltaka skal følgjast opp gjennom dialog i strategisk råd. Det skal arrangerast to slike møte i året. oppnådd

oppnådd

Del

HOVUDMÅL 7. NASJONALBIBLIOTEKET SKAL OVERVAKE EIGNE ARBEIDSMETODAR OG ARBEIDSPROSESSAR FOR Å SIKRE AT RESSURSANE BLIR UTNYTTA PÅ EIN EFFEKTIV MÅTE.

DELMÅL

7.1 Nasjonalbiblioteket skal utvikle den tverrfaglege teamorganiseringa mellom fagfolk og teknologar med vekt på eigarskap, sjølvstende, iterativ utvikling og kontinuerleg forbetring.

7.2 Automatisert metadatafangst og metadatagenerering skal sikre effektive arbeidsprosessar.

7.3 I arbeidet med å digitalisere den dokumentbaserte kulturarven skal vi ta i bruk og utvikle teknologi som forenklar og gir effektive produksjonsprosessar.

7.4 Fullføre integrasjonen mellom tidlegare NLB og NB med vekt på effektive tenesteleveransar og ved å prioritere å ta i bruk beste kompetanse og beste praksis.

Noter

OPPNÅING

AMBISJON

STYRINGSPARAMETER

7.1.1 Det skal gjennomførast kompetansehevande tiltak for utvikling av arbeidsforma.

7.2.1 Det skal etablerast samarbeid mellom hovudaktørane på feltet for å sikre at ingen metadata blir registrerte meir enn éin gong.

7.3.1 I prioritering mellom ulike utviklingstiltak skal tiltak som aukar effektiviteten, prioriterast.

7.4.1 Eit partssamansett utval skal greie ut nye måtar å organisere bibliotektenestene til NB på.

Partane blei einige før sommaren 2025. Resultatet skal setjast i verk i 2026.

oppnådd

oppnådd

oppnådd

oppnådd

1 Vi har no ein kontinuerleg straum av alle medietypar inn i Nettbiblioteket, men for fjernsyn gjeld det berre digitalisering av gammalt materiale.

2 Ei forskriftsendring er nødvendig for å fullføre dette.

3 Ei oversikt over forskings ­ , forskingsinfrastruktur ­ og fagprosjekta til Nasjonalbiblioteket er å finne på nb.no/forsking ­ og ­ utvikling/.

4 Ei oversikt over dei vitskaplege og faglege publikasjonane til Nasjonalbiblioteket er å finne i Cristin ­ databasen.

5 Mangel på tilgang til treningsdata legg avgrensingar på utvikling av språkmodellar på samisk.

6 Avtale om vederlagsordning for tilgang til treningsdata frå norske aviser er inngått i 2025. Det er starta forhandlingar om tilgang til treningsdata frå norske bøker.

7 Oppnådd for lyd og foto og video. Manglar produksjonsløype for å kunne digitalisere film frå andre ABM ­ institusjonar. Tek førebels imot papirarkiv berre frå Arkivverket.

8 Dette omsynet inngår i arbeidet med kompetanseplan for avdelinga for kulturarvdigitalisering. Arbeidet med planen starta i 2025.

9 Målet er å opprette om lag 20 arbeidsplassar. Det er noko forseinking i tilsetjingsprosessane.

Lofoten, Nordland (1957). Utsnitt. Foto: Jac Brun / Mittet & Co.

DEL IV

STYRING OG KONTROLL I VERKSEMDA

Nasjonalbiblioteket brukar mål- og resultatstyring som grunnleggjande styringsprinsipp. Nasjonalbiblioteket viser til at den samla måloppnåinga er god.

Nasjonalbiblioteket gjennomfører risikoanalysar for handlingsplanen og for store satsingar. Det er eit overordna mål at det ikkje skal knyte seg vesentleg risiko til gjennomføring av samfunnsoppdraget.

I 2025 har verksemda, i tillegg til å halde fram oppdraga om utvikling av aktiviteten i Mo i Rana, hatt stor aktivitet innanfor utvikling av generative språkmodellar etter tildelt oppdrag. Oppbygging av eit sterkt fagmiljø er godt i gang, og dei første modellane blei leverte mot slutten av 2025.

Nasjonalbiblioteket arbeider målretta med å utvikle effektive produksjonsløyper og digitale verdikjeder. I løpet av 2025 har ein fullført arbeidet med etablering av fleire tverrfaglege utviklingsteam som består av personar med fagkompetanse på innhald og tekniske IT-utviklarar. Dette skaper større kontinuitet og sterkare eigarskap til den samla oppgåveløysinga innanfor dei respektive områda og reduserer risikoen for tenestesvikt. Nasjonalbiblioteket har i samarbeid med Entra eiendom renovert og bygd om delar av lokala i Oslo. Lokala blir tilpassa for å styrkje formidlingsaktiviteten og opne bygget for brukarar ved mellom anna å leige ut delar av lokala til restaurant. Ombyggingane blei sluttførte like før årsskiftet.

Nasjonalbiblioteket baserer dei interne trusselvurderingane på det trusselbiletet som PST og NSM presenterer. I tillegg hentar vi inn vurderingar om kriminalitet som

politiet presenterer i STRASAK-rapporten. Nasjonalbiblioteket har i løpet av 2025 bestemt seg for å endre styringsmodell for tryggingsarbeidet. Det vil i løpet av 2026 bli sett i gang eit systematisk arbeid med å vidareutvikle system for internkontroll og risikostyring og følgje dei opp.

Vi følgjer opp ressursbruk og effektivitet mellom anna gjennom arbeidsplanar og konkrete produksjonsmål. Vi arbeider også målretta med risikostyring som ein integrert del av verksemdsstyringa. Alle større satsingar, inkludert bibliotekstrategien, blir gjennom året følgde tett opp i leiarmøte. Vi reviderer og risikovurderer planane med tanke på måloppnåing.

NÆRARE OMTALE AV STYRING OG KONTROLL

Nasjonalbiblioteket gjennomfører årleg detaljerte budsjettgjennomgangar på alle nivå i verksemda. Føringane ved årlege rammer for tildelingar blir implementerte i planar og budsjett. Ved inngangen til året gjennomfører vi intern styringsdialog med alle direktørar. Etter denne blir kvar enkelt avdelingsdirektør tildelt rammer og fullmakter. Dette skjer gjennom Internt disponeringsskriv , som blir følgt opp gjennom månadlege rapporteringar.

REKNESKAPSFØRING

Verksemda fører rekneskap etter SRS. Vurderinga er at oppfølginga av rekneskapsrapporteringa gir eit påliteleg nok grunnlag for styring og vedtak.

KONSULENTBRUK

Nasjonalbiblioteket nyttar i svært liten grad konsulentar der det ligg til rette for at vi kan nytte eigne ressursar. Konsulentdelen av driftskostnader i driftsåret 2025 var på 1 %. Konsulentbruken i Nasjonalbiblioteket er

avgrensa til oppgåver som er knytte til prosjektstøtte/ prosjektleiing i samband med eingongsinnføring av store nye IKT-løysingar. I tillegg blei det i driftsåret nytta konsulentstøtte til vidareutvikling av bibliotektenesta TIBI – tilrettelagt bibliotek. Totalt blei det nytta konsulentar for 7,5 millionar kroner i 2025. Det er eit mål å avgrense konsulentbruken i driftsoppgåver til eit minimum.

Nasjonalbiblioteket nyttar ikkje tenester frå kommunikasjonsbransjen.

LÆRLINGAR

Nasjonalbiblioteket har auka talet på lærlingplassar frå 3 i 2023 til 7 i 2025. Det er no tre lærlingar som er knytte til foto-/mediefaglege utdanningsløp, to har eit læringsløp innanfor ITrelaterte fag og 2 innanfor produksjon og sosiale medium. Nasjonalbiblioteket arbeider vidare med mål om å auke talet på lærlingplassar, og vi ser også på om det er mogleg å opprette ein lærlingplass innanfor administrative fag.

AKTIVITETS ­ OG FORKLARINGSPLIKT

Nasjonalbiblioteket legg vekt på å oppfylle den pålagde aktivitetsplikta og følgjer opp alle tilsettingsprosessar basert på lovpålagde krav og tilrådingar. Dette gjeld innanfor alle område som er framheva i regelverket, mellom anna arbeid for å fremje integrering, mangfald og likestilling. Vi legg særleg vekt på å inkludere personar med funksjonsnedsetjing og hindre diskriminering av utsette grupper.

KJØNNSBALANSE

STILLINGSGRUPPE

Verksemda er særleg oppteken av å fremje likestilling og unngå diskriminering. Som tiltak innanfor aktivitetsplikta blir det arbeidd kontinuerleg og målretta med analysar basert på nøkkeltal for å minimere eventuelle diskrimineringsgrunnlag. Dette gjer vi mellom anna ved hjelp av kartlegging, prosedyrar, revisjon av internkontrollar og medarbeidarundersøkingar:

• Kartlegging – samanstilling av personaldata. Verksemda følgjer utviklinga tett for mellom anna

– kjønnsfordelinga i verksemda

– lønnsforhold – kan også brytast ned på kjønn, alder, stillingskodenivå, lokasjon og avdeling – arbeidstid (heiltid, deltid og overtid)

– fråvær – statistikk for foreldrepermisjonar, sjukefråvær, fråvær på grunn av sjukt barn – også pandemirelatert etc.

– oversikt over uttak av personalpolitiske satsingar, til dømes seniorpolitiske tiltak og kompetansetiltak

Data som kjem fram i slike kartleggingar, blir også gått gjennom i forum for medråderett (IDF). Likestillings- og diskrimineringsarbeidet er også eit integrert element ved dei lokale forhandlingane i verksemda. Verksemda har i løpet av 2025 måtta utvide rekrutteringsgrunnlaget for enkelte spesialiststillingar til geografisk å omfatte heile Europa. Dette vil vere eit fokusområde framover og det går fram av risikovurderinga at det kan vere grunnlag for noko sterkare vektlegging av likestillingsarbeidet innanfor denne nye tilnærminga.

Det blir arbeidd kontinuerleg med

– Prosedyrar – i verksemdsprosedyrane for tilsetjingar ligg det tilrådingar om korleis stillingsutlysingar skal utformast. Vi går gjennom prosedyrane jamleg med alle leiarar.

– Verksemda går gjennom mål om inkludering jamleg i det interne leiaroppfølgingsprogrammet.

– Revisjonar av internkontrollar – vi utfører jamlege gjennomgangar av verksemdsprosedyrane, også med tanke på om dei fungerer for ulike grupper tilsette og arbeidssøkarar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne.

– Medarbeidarundersøkingar – medarbeidarundersøkingar gjennomfører vi kvart andre år.

– Det er ikkje gjennomført undersøking av ufrivillig deltid i 2025.

Som tidlegare er det lønnsmessige likestillingsarbeidet i all hovudsak på plass i verksemda. Det er nokre få unntak. Der det er større skilnader, er årsaksforholda kjende, og verksemda arbeider med dei.

HMS/ARBEIDSMILJØ

Nasjonalbiblioteket har ein svært stabil tilsettmasse. Det er no særleg viktig at verksemda ved nyrekrutteringar legg stor vekt på å rekruttere personale med kompetanse som kan dekkje utfordringar og behov i åra som kjem, framfor å kopiere gårdagens kompetanse.

Mange av dei tilsette i Nasjonalbiblioteket har produksjonsoppgåver som kan føre til ein statisk arbeidskvardag. Derfor legg vi stor vekt på tiltak for å motverke uønskte effektar av dette. Jobbrotasjon fungerer godt i enkelte seksjonar. Verksemda har også i fleire år tilbydd tilrettelagd pausetrim i form av korte trenings økter.

Det er bedriftshelsetenesta som organiserer denne aktiviteten.

Ved enkelte arbeidsprosessar brukar vi kjemikaliar som inneber ein potensiell helserisiko. I regi av AMU er risikoanalysen for dette arbeidet i verksemdene revidert og

følgd opp i 2024, og handlingsplanen for HMS-arbeid er oppdatert. I løpet av 2025 blei det vedteke at det eine laboratoriet som nytta kjemikaliar i dagleg drift, skal avsluttast. Dette fører dermed til ein reduksjon i risiko ved arbeid med kjemikaliar.

Vi har mellom anna etablert digitale register for alle produktblad for kjemikaliar der det kan oppstå helserisiko. I regi av bedriftshelsetenesta held vi fram med målretta oppfølging av risikoutsett personell.

Verksemda reknar arbeidet med aktivitets- og utgreiingsplikta som ein integrert og viktig del av den daglege drifta. Måla for dei neste åra med satsingar innanfor nye fagområde, til dømes utvikling av modellar innanfor kunstig intelligens, er å halde på den gode balansen verksemda har klart å byggje over tid.

MANGFALD

Nasjonalbiblioteket er også eit samfunnsinstrument for å fremje mangfald. Dette kjem også til syne i formidlingsprogrammet som blir presentert i kulturkvartalet på Solli plass, og i digitale flater. Sjå også omtalen av aktivitet i del III av årsrapporten.

På same måte som innanfor mangfald er Nasjonalbiblioteket eit samfunnsverktøy for å nå klima- og miljømål. Det at Nasjonalbiblioteket satsar på digital formidling og kunnskapsdeling, kan knytast til fleire av måla. Dei digitale formidlingsprogramma som vi tilbyr utdanningssektoren, er døme på dette.

Verksemda nyttar tilgjengeleg teknologi for å redusere reiseverksemda mellom dei to stadene Oslo og Mo i Rana. Dette gir konkrete resultat i form av færre

jobbreiser. Det auka digitale tenestetilbodet, og spesielt den digitale tilgangen til heile samlinga for forskarar som den nye pliktavleveringslova har opna for, reduserer reise behovet for ei stor gruppe menneske utanfor institusjonen.

ANDRE KLIMATILTAK

Nasjonalbiblioteket er sertifisert som miljøfyrtårn. I tillegg til dette er det sett i verk fleire større og mindre energi- og miljøtiltak. Dei fleste tiltaka er langsiktige og vil gå over fleire år.

Kjøling av datalager genererer mykje varme. Det er i løpet av året etablert planar, i samarbeid med Statsbygg, for utnytting av spillvarmen frå kjøling av dei digitale sikringsmagasina. Av kapasitetsomsyn vil ikkje prosjektet bli sett i verk før i 2026. Dette prosjektet kan gi ein vesentleg reduksjon i behov for energi til oppvarming av kontor- og produksjonslokala på anlegga i Mo i Rana.

Det er etablert to konkrete miljøtiltak ved anlegga i Oslo. Det er sett i gang eit prosjekt for utskifting av gamle lysarmaturar i samarbeid med Entra. Moderne lysarmaturar er svært energieffektive samanlikna med dei som blir skifta ut. Det er planlagt eit tilsvarande prosjekt for oppvarming ved installasjon av lågtemperaturradiatorar. Begge desse tiltaka er sette i verk, og planen er å fullføre utskiftingane i løpet av 2026/2027.

Det er vidare etablert eit forsøksprosjekt/forskingsprosjekt ved Nasjonalbiblioteket for å forske på moglege energiinnsparingar ved langtidslagring av materiale. Forsøket går ut på å redusere tida klimaanlegg er aktive i magasin. Det blir forska på om det er mogleg å redusere tida klimaanlegga går, utan at det gir negative effektar for det lagra materialet. Hensikta med prosjektet er å finne ut om det er mogleg å spare energi i klimaregulerte

lokale. Dette er eit fleirårig prosjekt der det blei gjennomført ei delevaluering i overgangen mellom 2024 og 2025 og ei evaluering ved utgangen av 2025. Målingane så langt er svært positive. Dersom vi når måla for dette tiltaket, vil ein kunne etablere ny praksis på området også utanfor Noreg.

Som eit ledd i den totale miljøtenkinga blir det planlagt for etablering av ladestasjonar til elbil i parkeringsanlegget til dei tilsette på Mo. Etablering av ladestasjonar blei gjennomført i 2025.

Den nasjonale bibliotekstrategien Rom for demokrati og dannelse løftar også fram berekraftsmåla Dei 17 hovudmåla og 169 delmåla tek for seg ulike sektorar og grupper, der biblioteka er viktige bidragsytarar. Biblioteka ligg i skjeringspunktet mellom kultur, utdanning og livslang læring, folkehelse og sosialt arbeid. Dette gir eit godt utgangspunkt for å jobbe aktivt med berekraftsmåla. I befolkningsundersøkinga som blei utført i desember 2025, svarar om lag 25 prosent at dei har besøkt folkebibliotek i løpet av dei siste 12 månadene. Med dette har biblioteksektoren ei unik moglegheit til å nå befolkninga med kunnskap om 2030-agendaen.

Derfor legg ein stor vekt på berekraftsmåla når ein lyser ut prosjektmidlar til biblioteka.

SJUKEFRÅVÆR

Nasjonalbiblioteket har som mål at sjukefråværet samla sett ikkje skal vere over 6,2 %. Sjukefråværet er no høgare enn måltalet. I 2024 var det samla sjukefråværet (tal etter SSB-modell) 6,37 prosent, og i 2025 var det 6,49 prosent. Det legemelde fråværet var på 4,32 prosent i 2024 og 4,44 prosent i 2025.

Verksemda har halde fram arbeidet med oppfølging av dei områda der det blei kartlagt forbetringspotensiale frå medarbeidarundersøkinga frå 2024.

SPRÅKLOV

Verksemda har gjennom året lagt vekt på systematisk språkarbeid. Leiargruppa får rapportar om korleis vi innfrir pliktene i språklova. Dette gjer vi for å sikre forankring og fokus med sikte på at nynorskdelen skal innfri kravet i lova.

ARKIV

Det blir kontinuerleg arbeidd med å forsterke og forbetre arbeidet med journalføring, arkivtilfang og dermed auka dokumentoffentlegheit. Vi arbeider med å revidere prosedyrane våre. Samtidig er det innført elektronisk signatur som forbetrings- og effektiviseringstiltak. I løpet av året er det arkivfaglege miljøet i verksemda styrkt med fagutdanna kompetanse.

TRYGGING OG BEREDSKAP

Departementet har etablert ein praksis der informasjonstryggleik, tryggleik og tryggingsstyring er faste oppfølgingspunkt i styringsdialogen.

Nasjonalbiblioteket har i løpet av 2025 sett i verk ein revisjon av tryggingsarbeidet. Verksemda har gjennom mange år hatt ei gruppe (Tryggingsforum) som via mandat frå LISF (leiinga sitt informasjonstryggingsforum) har som oppgåve å følgje opp tryggleiken i verksemda. Verksemda strukturerer no tryggingsarbeidet basert på tilrådingar frå mellom andre Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).

Som følgje av risiko for sentrale institusjonar, slik det blir peika på i risikoanalysane frå mellom andre NSM og PST, og tildelte oppdrag innanfor utvikling av språkmodellar og mogleg bruk av dei, er det i løpet av driftsåret etablert ein ny personelltryggleiksrutine. Målet med dette er å sikre strukturert risikovurdering ved tilsetjingar og ved tildeling av rettar ved arbeid med sensitive data eller objekt.

Verksemda har rekruttert personell med svært høg tryggleikskompetanse innanfor det digitale feltet.

FORVALTING AV SPELEMIDLAR

Forvaltning av spelemidlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet gav i 2025 eit tilskot på 56,7 millionar kroner. Nasjonalbiblioteket fekk i oppdrag å forvalte midlane til prosjekt- og utviklingstiltak på bibliotekfeltet. Inntil 10 prosent av summen, det vil seie inntil 5,4 millionar kroner, blei disponert til forvaltninga av midlane. Tilskotsmidlane blei nytta til ordningar med sikte på å stimulere utvikling av norske folke- og fagbibliotek. Midlane blir løyvde etter søknad. Forvaltninga inneheld også kontrolloppgåver med rekneskapsføring og rapportering overfor tilskotsmottakarane.

Postkortmotiv (1950–1965). Utsnitt. Foto: Normanns kunstforlag.

DEL V

VURDERING AV FRAMTIDSUTSIKTER

Nasjonalbiblioteket er rusta for vidare drift.

Dei økonomiske rammene slik dei er tildelte over statsbudsjettet 2025, gjer Nasjonalbiblioteket i stand til å oppfylle dei pliktene som vi er pålagde gjennom lov om pliktavlevering, tildelingsbrev og andre føringar frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

På grunn av breidda og variasjonen i oppdraget til Nasjonalbiblioteket er det ei rekkje område der verksemda har særskilt fokus.

Innfasinga av NLB etter verksemdsoverdraginga i 2023 er i ferd med å bli ferdig. Frå og med 1. januar 2026 inngår det som tidlegare var NLB, i ei nyoppretta avdeling i Nasjonalbiblioteket. Dette er sluttføringa av eit partssamansett arbeid for å samle og styrkje bibliotektenestene i NB.

Innflytting i nye fjellhallar er i rute, og dei vil gradvis bli fylte. Opning av nytt automatlager III og nytt

medielaboratorium er ferdig, og innflytting i desse lokala blir sluttført våren 2026.

Det utvida oppdraget om digitalisering for ABM-sektoren og utvida satsing på utvikling av generative språkmodellar har vore dei viktigaste fokusområda, og dei er svært viktige for prioriteringane i Nasjonalbiblioteket. For nokre område der det krevst spesiell kompetanse, kan det oppstå kompliserte rekrutteringsspørsmål framover. Dette heng saman med eit noko avgrensa norsk fagmiljø og ein usikker geopolitisk kvardag.

Innføring av den nye pliktavleveringslova på permanent basis, konsekvensvurderingar av samanhengen mellom tekstkorpus og generative KI-modellar, vidareføring av formidlingssatsinga og språksatsinga i samarbeid med Språkrådet vil også vere prioriterte fokusområde.

Bibliotekstrategien blei sluttført i løpet av 2025. Framover vil satsing på leselyst blant unge og to store jubileum, (Ibsen 2028 og Mellomalder 2030), leggje rammer for ressursbruk.

KÅRSREKNESKAP

OMMENTARAR FRÅ LEIINGA TIL ÅRSREKNESKAPEN 2025

Formål

Nasjonalbiblioteket er eit bruttofinansiert statleg forvaltingsorgan under Kultur- og likestillingsdepartementet.

Nasjonalbiblioteket fører rekneskap etter statleg rekneskapsstandard (SRS). I tillegg følgjer vi kontantprinsippet. Årsrekneskapen utgjer del VI i årsrapporten til Kultur- og likestillingsdepartementet.

Stadfesting

Årsrekneskapen er avlagd i samsvar med reglar om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krav frå Kultur- og likestillingsdepartementet i instruks om økonomistyring. Vi meiner at rekneskapen

gir eit dekkande bilete av dei disponible løyvingane, kostnader, inntekter, eigedelar og gjeld.

Vurdering av vesentlege forhold

Det er ingen vesentlege forhold å rapportere i 2025.

Oppstilling av løyvingsrapportering for rekneskapsåret 2025

Løyvingsrapporteringa viser at dei samla løyvingane i 2025 har vore 1140 millionar kroner inklusive overføringar frå året før. Av desse høyrer 110 millionar kroner til post 80, og 92 millionar kroner er investeringar.

I tillegg er det løyvd, overført frå 2024 og tildelt gåvemidlar frå private på 43 millionar kroner på post 21. Dette er midlar som kan brukast til å utvikle og drive

fellestenester og felles infrastruktur på oppdrag frå departementet. I tillegg blir posten nytta til finansiering av samarbeid mellom verksemda og private givarar til prosjekt som mellomaldersatsing, digitalisering og formidling av skråfoto m.m.

Verksemda er tilpassa tildelte løyvingar, og den rekneskapsmessige statusen er følgd opp kontinuerleg med rapportering frå avdelingane og oversikt over interne budsjettdisposisjonar. I samsvar med den periodiserte rekneskapen (sjå resultatoppstilling og balanseoppstilling) er resultatet for året på 0 millionar kroner.

Post 01 Driftsutgifter viser eit mindreforbruk på 32 millionar kroner. Nasjonalbiblioteket har ei meirinntekt på post 01 på 3 millionar kroner. Samla utgjer dette eit totalt mindreforbruk på 35 millionar kroner. Nasjonalbiblioteket har dermed hatt eit driftsforbruk som har vore marginalt lågare enn overførte midlar frå 2024.

Utover budsjettert avsett reserve skriv mindreforbruket seg i hovudsak frå dette:

1. Uføresette rekrutteringsproblem som er knytte til auka digitaliseringskapasitet. Dette har ført til at enkelte tilsetjingar har teke lengre tid enn forventa.

2. Uføresette rekrutteringsproblem som er knytte til nysatsinga på utvikling av generative språkmodellar. Dette har ført til at enkelte tilsetjingar har teke lengre tid enn forventa.

3. Uvisse knytt til estimat for risikopremie for ei av dei store husleigekontraktane til verksemda.

Overordna føringar for rekneskapane avgrensar det moglege overførbare beløpet frå eitt driftsår til eit anna til maks 5 prosent av løyvinga for post 032601. Dette er i tråd med føresegner i løyvingsreglementet og det årlege rundskrivet om overførbare løyvingar.

For Nasjonalbiblioteket ligg ikkje mindreforbruket over denne grensa.

Nasjonalbiblioteket har eit mindreforbruk på kapittel/ post 032621 og 332602 på 13 millionar kroner totalt sett for utgifter og inntekter.

Posten har desse hovudelementa:

1. Nasjonal bibliotekstrategi: I tildelingsbrev for 2025 blei det gitt ei tildeling på kap. 326, post 21 og kap. 3326, post 02 på til saman om lag 25 millionar kroner. Dette er midlar til utvikling og drift av infrastruktur og fellestenester for bibliotek, jf. bibliotekstrategien. Tildelte løyvingar og delar av dei overførte midlane finansierer denne satsinga. Det har vore stor aktivitet knytt til prosjekta i strategien, og prosjekta i bibliotekstrategien blei sluttførte i løpet av driftsåret. Av dei midlane Nasjonalbiblioteket søkjer om å få overført, vil om lag 2,7 millionar kroner høyre til finansiering av inngåtte rammeavtalar som er knytte til dei bibliotekstrategiske satsingane som blei etablerte i satsingsperioden.

2. Gåvemidlar: Nasjonalbiblioteket fekk i 2025 midlar som blir donerte til verksemda frå private stiftingar. Dei er knytte til konkrete prosjekt/program og er gjerne tildelingar som går over fleire driftsår.

3. Forskingsprosjekt: Nasjonalbiblioteket deltek i fleire prosjekt som er fleirårige. For nokre av desse blir den totale driftsløyvinga til prosjektet gitt til NB sjølv om NB sin del av prosjektmidlane kan vere liten. Forskingsmidlar blir då transporterte gjennom rekneskapen til NB og til andre prosjektdeltakande verksemder. NB fører slike prosjektrekneskapar på posten.

4. AI4LAM: NB er bede om å vere vert for organisasjonen AI4LAM i etableringsperioden, som varer i tre år. I perioden 2026 til og med 2028 vil prosjektkostnadene

for denne organisasjonen bli førte på posten. Det blei betalt ut eit større forskot på kontingent frå ein institusjon i 2025. Desse midlane blir overførte til 2026.

Artskontorapportering

Artskontorapporteringa viser at netto rapporterte driftsutgifter er 848 millionar kroner i 2025. Utbetalingar til lønn og sosiale utgifter kom på 452 millionar kroner i 2025, mot 421 millionar kroner i 2024. Endringa skriv seg frå utbetalt lønnsoppgjer for 2024, lønnsoppgjer for 2025 og at Nasjonalbiblioteket hadde auka lønnskostnader i samband med innføring av nye karriere- og lønnssystem i 2025.

Andre utbetalingar til drift, i hovudsak husleigekostnader og kjøp av tenester, kom på 457 millionar kroner i 2025, mot 387 millionar kroner i 2024. Auken skriv seg i hovudsak frå at verksemda har teke i bruk nye rehabiliterte lokale.

Investeringsutgifter viser 67 millionar kroner i 2025, mot 37 millionar kroner i 2024. Investeringsforbruket er i samsvar med planlagde prosjekt, som oppgraderingar av bygningar og tekniske anlegg og kostnader til utvikling av digital plattform og digitalt utstyr.

Det blei i 2025 løyvd 110 millionar kroner på post 80. Heile løyvinga er brukt.

For rekneskapsåret 2025 blei det tildelt 56,7 millionar kroner etter fordeling av overskotet til Norsk Tipping, omtalt som spelemidlar. Av desse er 5,6 millionar kroner brukte til å administrere ordninga – i hovudsak lønnsmidlar til saksbehandling i samband med tildelingar. Det er i tillegg brukt midlar til administrative kostnader innanfor rekneskap og revisjon. I tillegg er det tildelt 25 millionar kroner til den utviklinga Nasjonalbiblioteket driv av infrastrukturen i sektoren, jf.

bibliotekstrategien. Dei resterande midlane er tildelte til prosjekt i sektoren.

Tilleggsopplysingar

Rekneskapen for dei prosjektmidlane som er tildelte frå spelemidlane, blir førte på eit eige rekneskapsregistrert firma. Midlane som blir forvalta i dette firmaet, inngår dermed ikkje i rekneskapen til Nasjonalbiblioteket, og rekneskapen blir ikkje revidert av Riksrevisjonen, men av ein privat revisor.

Riksrevisjonen er ekstern revisor og godkjenner årsrekneskapen for Nasjonalbiblioteket. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato, men revisjonsmeldinga er venta å vere klar i 1. tertial 2026. Rapporten er unnateken offentleg innsyn fram til Stortinget har fått Dokument 1 frå Riksrevisjonen, men vil bli publisert på nettsidene til Nasjonalbiblioteket så snart dokumentet er offentleg.

Oslo, 15.03.2026

Trond Myklebust nasjonalbibliotekar ( konst .) nasjonalbiblioteket

PRINSIPPNOTE TIL ÅRSREKNESKAPEN

Årsrekneskapen for statlege verksemder er utarbeidd og avlagd etter nærare retningslinjer som er fastsette i reglane om økonomistyring i staten («reglane»). Årsrekneskapen samsvarar med krava i punkt 3.4.1 i reglane, nærare reglar i Finansdepartementet sitt rundskriv R-115 av desember 2025 og eventuelle tilleggskrav som er fastsette av overordna departement.

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i punkt 3.4.2 i reglane – dei grunnleggande prinsippa for årsrekneskapen:

a) Rekneskapen følgjer kalenderåret.

b) Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret.

c) Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet.

d) Utgifter og inntekter er førte med bruttobeløp i rekneskapen.

Oppstillingane av løyvings- og artskontorapportering er utarbeidde etter dei same prinsippa, men grupperte etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarer med krava i punkt 3.5 i reglane, om korleis verksemdene skal rapportere til statsrekneskapen. Sumlinja «Netto rapportert til løyvingsrekneskapen» er lik i begge oppstillingane.

Verksemda er knytt til staten si konsernkontoordning i Noregs Bank i samsvar med krava i punkt 3.7.1 i reglane. Bruttobudsjetterte verksemder får ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen sin. Ved slutten av året blir saldoen på kvar einskild oppgjerskonto nullstilt ved overgangen til nytt år.

Løyvingsrapporteringa

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapporteringa og ein nedre del som viser behaldningar verksemda står oppført med i kapitalrekneskapen. Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som verksemda har rapportert til statsrekneskapen. Oppstillinga skjer etter dei kapitla og postane i løyvingsrekneskapen som verksemda har fullmakt til å disponere. Kolonnen «Samla tildeling» viser kva verksemda har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrev for kvar statskonto (kapittel/post). Oppstillinga viser i tillegg alle finansielle eigedelar og forpliktingar verksemda står oppført med i kapitalrekneskapen til staten.

Mottekne fullmakter til å belaste kapittelet/posten til ei anna verksemd (belastningsfullmakter) står ikkje i kolonnen for samla tildeling, men er omtalte i note B til løyvingsoppstillinga. Utgiftene som knyter seg til mottekne belastningsfullmakter, er bokførte og rapporterte til statsrekneskapen, og står i kolonnen for rekneskap.

Belastningsfullmakter vi har gitt, er inkluderte i kolonnen for samla tildeling, men blir ikkje bokførte og rapporterte til statsrekneskapen frå verksemda sjølv. Belastningsfullmakter vi har gitt, blir bokførte og rapporterte av verksemda som har fått belastningsfullmakta, og står derfor ikkje i kolonnen for rekneskap. Slike fullmakter kjem fram av note B til løyvingsoppstillinga.

Artskontorapporteringa

Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder, og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomvære med statskassen. Artskontorapporteringa viser rekneskapstal verksemda har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege

verksemder. Verksemda har ein trekkrett på konsernkontoen i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje rapporterte som ei inntekt til statsrekneskapen og derfor ikkje viste som inntekt i artskontorapporteringa.

Prinsippnote II til årsrekneskapen for Nasjonalbiblioteket

Rekneskapsprinsipp for bruttobudsjetterte verksemder.

Verksemdsrekneskapen er sett opp i samsvar med dei statlege rekneskapsstandardane (SRS).

Elementa i resultat- og balanserekneskapen er nærare spesifiserte i note 1–15.

KOMMENTAR TIL SAMANLIKNINGSTALA

Avsetning for lønnsoppgjer i 2024

På bakgrunn av at lønnsoppgjeret i staten for 2024 ikkje var ferdig før i slutten av november 2024, fekk ikkje verksemda betalt ut resultatet av lønnsoppgjeret i 2024.

Verksemda gjorde derfor eit estimat for lønnsavsetninga for det sentrale lønnsoppgjeret (lokale og eventuelt sentrale tillegg) per 31. desember 2024. Avsetninga inkluderte også verksemda sitt eige bidrag til lønnsforhandlingar utover det som blei forhandla fram sentralt.

I 2025 blei lønnsoppgjeret fullført og betalt ut i desember 2025, og ei tilsvarande avsetning er ikkje gjord.

Avsetning faktura på flyt

I 2024 fekk vi faktura for husleige i 1. kvartal 2025 med fakturadato i 2024. I 2025 fekk vi faktura for husleige i 1. kvartal 2026 med fakturadato i 2026. Nasjonalbiblioteket har derfor mindre beløp på forskotsbetalt leige i 2025. Begge avsetningane er korrekt utrekna.

Transaksjonsbaserte inntekter

Transaksjonar er resultatførte til verdien av vederlaget på transaksjonstidspunktet. Inntekt blir resultatført når ho er opptent. Inntektsføring ved sal av varer skjer på leveringstidspunktet der overføring av risiko og kontroll er overført til kjøparen. Sal av tenester blir inntektsført i takt med utføringa.

Inntekter frå løyvingar og inntekt frå tilskot og overføringar

Inntekt frå løyvingar og inntekt frå tilskot og overføringar blir resultatført etter prinsippet om motsett samanstilling. Dette inneber at inntekt frå løyvingar og inntekt frå tilskot og overføringar blir resultatført i takt med utføringa av aktivitetane som blir finansierte av desse inntektene, det vil seie i same periode som kostnadene kjem (motsett samanstilling).

Bruttobudsjetterte verksemder har ei forenkla praktisering av prinsippet om motsett samanstilling ved at inntekt frå løyvingar blir rekna som differansen mellom kostnadene for perioden og opptente transaksjonsbaserte inntekter og eventuelle inntekter frå tilskot og overføringar til verksemda. Ein konsekvens av dette er at resultatet av aktivitetane for perioden blir null.

KOSTNADER

Utgifter som gjeld transaksjonsbaserte inntekter, blir kostnadsførte i same periode som tilhøyrande inntekt.

Utgifter som blir finansierte med inntekt frå løyvingar og inntekt frå tilskot og overføringar, blir kostnadsførte i same periode som aktivitetane er gjennomførte og ressursane er forbrukte.

Pensjonar

SRS 25 Ytingar til tilsette legg til grunn ei forenkla rekneskapsmessig tilnærming til pensjonar. Statlege verksemder skal ikkje balanseføre netto pensjonsforpliktingar for ordningar til Statens pensjonskasse (SPK).

Nasjonalbiblioteket resultatfører arbeidsgivardelen av pensjonspremien som pensjonskostnad. Pensjon blir kostnadsført som om pensjonsordninga i SPK var basert på ein innskotsplan.

Frå 2022 har SPK lagt om pensjonspremiemodellen for statlege verksemder. Frå 1. januar 2022 betalar verksemda ein verksemdsspesifikk hendingsbasert arbeidsgivardel som del av pensjonspremien. At premien er verksemdsspesifikk, betyr at han blir rekna ut basert på forholda ved kvar einskild verksemd, ikkje for grupper av verksemder samla. At han er hendingsbasert, betyr at han tek omsyn til dei faktiske hendingane i medlemsbestanden i verksemda, slik at premiereserven er à jour med oppteninga til medlemmen. Medlemsdelen på to prosent av lønnsgrunnlaget er uendra.

Leigeavtalar

Verksemda har valt å bruke forenkla metode i SRS 13 om leigeavtalar, og vi klassifiserer alle leigeavtalar som operasjonelle leigeavtalar.

Klassifisering og vurdering av anleggsmiddel

Anleggsmiddel er varige og betydelege eigedelar som verksemda disponerer. Med varige eigedelar meiner ein eigedelar med ei utnyttbar levetid på 3 år eller meir. Med betydelege eigedelar meiner ein eigedelar med ein innkjøpskostnad på 50 000 kroner eller meir. Anleggsmiddel er balanseførte til innkjøpskostnad med fråtrekk for avskrivingar.

Kontorinventar og PC-ar med tilhøyrande skjerm med utnyttbar levetid på 3 år eller meir er balanseførte som eigne grupper.

Varige driftsmiddel blir skrivne ned til verkeleg verdi ved endra bruk eller utnytting, dersom verkeleg verdi er lågare enn balanseført verdi.

Eigenutvikling av programvare Kjøp av bistand til utvikling av programvare er balanseført. Utgifter til bruk av eigne tilsette ved utvikling av programvare, er ikkje balanseført.

Klassifisering og vurdering av omløpsmiddel og kortsiktig gjeld

Omløpsmiddel og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eitt år etter innkjøpstidspunktet. Andre postar er klassifiserte som anleggsmiddel / langsiktig gjeld.

Omløpsmiddel blir vurderte til det lågaste av innkjøpskostnaden og den verkelege verdien. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på opptakstidspunktet.

Behaldning av varer og driftsmateriell

Behaldningar omfattar varer til sal og driftsmateriell som blir nytta i eller utgjer ein integrert del av tenesteytinga til verksemda. Innkjøpte varer er verdsette til innkjøpskostnaden ved bruk av metoden først inn, først ut (FIFO). Behaldningar av varer er verdsette til det lågaste av innkjøpskostnaden og netto realisasjonsverdi.

Behaldningar av driftsmateriell er verdsette til innkjøpskostnaden.

Fordringar

Kundefordringar og andre fordringar er oppførte i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til

forventa tap. Avsetning til tap skjer på grunnlag av individuelle vurderingar av dei einskilde fordringane.

Valuta

Pengepostar i utanlandsk valuta er sette til gjeldande kurs når rekneskapsåret er slutt. Her er spotkursen til Noregs Bank per 31. desember lagd til grunn.

Statens kapital

Statens kapital utgjer nettobeløpet av Nasjonalbiblioteket sine eigedelar og gjeld, og går fram i rekneskapslinja for avrekningar i balanseoppstillinga. Bruttobudsjetterte verksemder presenterer ikkje konsernkontoane i Noregs Bank som bankinnskot. Konsernkontoane inngår i rekneskapslinja avrekna med statskassen.

Tilskotsforvalting og andre overføringar frå staten

Tilskotsforvaltning og andre overføringar frå staten er presenterte etter bruttoprinsippet.

STATLEGE RAMMEVILKÅR

Sjølvassurandørprinsippet

Staten opererer som sjølvassurandør. Det er følgjeleg ikkje inkludert postar i balansen eller resultatrekneskapen som søkjer å reflektere alternative netto forsikringskostnader eller forpliktingar.

Statens konsernkontoordning

Statlege verksemder er omfatta av statens konsernkontoordning. Konsernkontoordninga inneber at alle innbetalingar og utbetalingar dagleg blir gjorde opp mot Nasjonalbiblioteket sine oppgjerskontoar i Noregs Bank.

Verksemda får ikkje tilført likvidar gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen sin. For bruttobudsjetterte verksemder blir saldoen på kvar einskild

oppgjerskonto i Noregs Bank nullstilt ved overgangen til nytt rekneskapsår.

Oslo, 15.03.2026

Trond Myklebust nasjonalbibliotekar ( konst .) nasjonalbiblioteket

OPPSTILLING AV LØYVINGSRAPPORTERING 31.12.2025 UTGIFTSKAPITTEL

0326

0326

Språk­ og bibliotekformål 01 Driftsutgifter

Språk­ og bibliotekformål 21 Spesielle driftsutgifter, kan

0326 Språk­ og bibliotekformål 45

0326 Språk­ og bibliotekformål 80

Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

NOTE A FORKLARING AV SAMLA TILDELING, UTGIFTER

KAPITTEL OG POST

0326 og 01

0326 og 02

0326 og 45

0326 og 80 0

Kan overføres Kan overføres

UTGIFTSFØRT AV ANDRE UT FRÅ GITTE LØYVINGSFULLMAKTER (–)

MEIRUTGIFT (–) / MINDREUTGIFT ETTER GJEVNE

/ MINDREINNTEKTER (–) UT FRÅ

OMDISPONERING FRÅ POST 01 TIL 45 ELLER TIL POST 01/21 FRÅ LØYVING FOR NESTE ÅR

INNSPARINGAR (–)

* Maksimalt beløp som kan overførast, er 5 % av løyvinga i år på driftspostane 01–29, unnateke post 24, eller summen av løyvinga for dei siste to åra for postar med stikkordet «kan overførast». Sjå årleg rundskriv R ­ 2 for meir informasjon om overføring av ubrukte løyvingar.

** Sjå årleg rundskriv R ­ 2 for meir informasjon om mogleg overførbart beløp.

Tildelinga til verksemda på kapittel/post 032645 og 032621 er gitt med stikkord «kan overførast». Beløpet stammar frå tildelingar innanfor dei to siste budsjettåra, og verksemda fører vidare beløpet som ein del av mogleg overførbare beløp.

Mogleg overførbare beløp:

I tråd med fullmakter i tildelingsbrev av 29. januar 2026 viser ei samla mindreutgift på kapittel 0326 og post 01 og kapittel 3326 post 01 på kr 85 125 724.

Vi søkjer om å få overføre total mindreutgift på kr 35 125 724 på post 01 til 2026.

Vi søkjer om å få overføre total mindreutgift på kr 13 065 064 på post 21 til 2026.

Totalt ved Nasjonalbiblioteket blei det for driftsåret 2025 på post 01 eit mindreforbruk på 35,1 millionar kroner. Maksimalt overførbart beløp er avgrensa til 5 prosent av løyvinga for heile posten, jf. føresegner i løyvingsreglementet og det årlege rundskrivet om overførbare løyvingar.

For Nasjonalbiblioteket overskrid mindreforbruket ikkje denne grensa.

NOTE C OVERSIKT OVER BINDING PÅ LØYVINGAR FOR FRAMTIDIGE ÅR

Avtalar om leige av kontorlokale

ATTVERANDE TID PER 31.12. ÅRLEG LEIGEBELØP

Andre vesentlege leigeavtalar*

ATTVERANDE

Vesentlege avtalar om kjøp av tenester

ATTVERANDE TID PER

*Andre vesentlege leigeavtalar gjeld lisensar.

BINDING PÅ LØYVINGANE FOR FRAMTIDIGE ÅR

DRIFTSINNTEKTER SOM ER RAPPORTERTE TIL LØYVINGSREKNESKAPEN

DRIFTSUTGIFTER SOM ER RAPPORTERTE TIL LØYVINGSREKNESKAPEN

TIL LØYVINGSREKNESKAPEN

INNTEKTER OG UTGIFTER SOM ER RAPPORTERTE PÅ FELLESKAPITTEL

Gruppelivsforsikring konto 1985 (jf. kap. 5309, inntekt)

Arbeidsgivaravgift konto 1986 (jf. kap. 5700, inntekt)

Nettoføringsordning for meirverdiavgift konto 1987 (jf. kap. 1633, utgift)

Netto rapporterte utgifter på felleskapittel

OVERSIKT OVER MELLOMVÆRE MED STATSKASSEN

* Pensjonstrekket i lønna til dei tilsette (2 %) på konto 263 inngår også på denne linja.

RESULTATREKNESKAP

DRIFTSKOSTNADER

INNKREVJINGSVERKSEMD OG ANDRE OVERFØRINGAR TIL STATEN

TILSKOTSFORVALTNING OG ANDRE OVERFØRINGAR FRÅ STATEN

tilskotsforvaltning og andre overføringar frå staten

BALANSE EIGEDELAR

B. OMLØPSMIDDEL I VARE ­ OG DRIFTSMATERIELLAGER

IV FORDRINGAR I SAMBAND MED INNKREVJINGSVERKSEMD OG ANDRE OVERFØRINGAR

Sum fordringar i samband med innkrevjingsverksemd og andre overføringar

STATLEG KAPITAL OG GJELD

C.

I

IV GJELD I SAMBAND MED TILSKOTSFORVALTING OG ANDRE OVERFØRINGAR

Gjeld i samband med tilskotsforvaltning og andre overføringar frå

gjeld i samband med tilskotsforvalting og andre overføringar

NOTE 1 DRIFTSINNTEKTER

INNTEKT FRÅ LØYVINGAR*

* Etter dei statlege rekneskapsstandardane blir inntekt frå løyvingar for bruttobudsjetterte verksemder rekna ut som differansen mellom kostnadene i perioden og opptente transaksjonsbaserte inntekter og eventuelle inntekter frå tilskot og overføringar til verksemda. Ein konsekvens av dette er at resultatet av aktivitetane i perioden blir null.

Informasjon om mottekne løyvingar: sjå oppstilling av løyvingsrapportering.

INNTEKT FRÅ TILSKOT OG OVERFØRINGAR

Tilskot frå Noregs forskingsråd

Tilskot frå andre statlege verksemder

Tilskot frå EU

tilskot og overføringar

INNTEKT FRÅ GEBYR

SALS ­ OG LEIGEINNTEKTER

ANDRE DRIFTSINNTEKTER

ved avgang av anleggsmidlar

driftsinntekter 1

NOTE 2 LØNNSKOSTNADER, ÅRSVERK OG ANDRE YTINGAR

Lønn balanseført ved eigenutvikling av anleggsmiddel (–)

Sjukepengar og andre refusjonar (–)

* Premiesatsen for arbeidsgivardelen utgjorde i 2025 8,4 prosent (arbeidsgivardel av pensjonspremien på artskonto 542 / pensjonsgrunnlaget i 2025 rapportert til SPK). For rekneskapsåret 2024 utgjorde premiesatsen også 8,4 prosent av arbeidsgivardelen av pensjonspremien.

Talet

Lønn og andre ytingar til verksemdsleiar

Nasjonalbibliotekaren, lønn inkl sos.kostn.

NOTE 3 IMMATERIELLE EIGEDELAR

(levetider)

NOTE 4 VARIGE DRIFTSMIDDEL

anlegg

(levetider)

NOTE 5 ANDRE DRIFTSKOSTNADER

utgifter til drift av eigedom og lokale

maskiner, inventar og liknande

* Auken skriv seg frå prisomrekning, og verksemda har i tillegg teke i bruk nye areal.

Den største auken er kjøp av tenester for oppgradering av bygningar, samt kjøp av metadata.

TILLEGGSINFORMASJON OM OPERASJONELLE LEIGEAVTALAR

ATTVERANDE TID TYPE EIGEDEL

IMMATERIELLE

Tid: inntil 1 år

Kostnadsført leigebetaling

DRIFTSLAUSØYRE, INVENTAR, VERKTØY OG LIKNANDE

Verksemda har husleigeavtale som varer i 1–5 år på rapporteringstidspunktet. Årleg husleigekostnad er kr 2 776 511. Verksemda har husleigeavtale som varer i 5 år på rapporteringstidspunktet. Årleg husleigekostnad er kr 234 579 911.

NOTE 7 SAMANHENG MELLOM AVREKNA MED STATSKASSEN OG MELLOMVÆRE MED STATSKASSEN (bruttobudsjetterte verksemder)

A) FORKLARING PÅ AT RESULTATET I PERIODEN IKKJE ER LIK ENDRINGA I AVREKNA MED STATSKASSEN I BALANSEN (KONGUENSAVVIK) 31.12.2025

Avrekna med statskassen i balansen

Bakgrunnen for at resultatet i perioden ikkje er lik endringa i summen som er avrekna med statskassen i balansen for bruttobudsjetterte verksemder, er at konsernkontoane i Noregs Bank inngår som ein del av avrekna med statskassen i balansen. I tillegg blir det teke omsyn til enkelte transaksjonar som ikkje er knytte til verksemdsdrifta, og transaksjonar som ikkje fører med seg ut­ eller innbetaling. Nedanfor viser vi dei ulike postane som er grunnen til at endringa i avrekna med statskassen ikkje er lik resultatet for perioden.

ENDRING I AVREKNA MED STATSKASSEN

Konsernkontoar i Noregs Bank

Konsernkonto

Konsernkonto innbetaling

Netto trekk konsernkonto -1

Innbetalingar og utbetalingar som ikkje inngår i drifta av verksemda (er gjennomstrøymingspostar)

– Innbetaling innkrevjingsverksemd og andre overføringar

+ Utbetaling av tilskotsforvalting og andre overføringar

Bokføringar som ikkje går over bankkonto, men direkte mot avrekning med statskassen

+ Inntektsført frå løyving (underkonto 1991)

– Gruppeliv/arbeidsgivaravgift (underkonto 1985 og 1986)

+ Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift (underkonto 1987)

Andre avstemmingspostar

Spesifikasjon av andre avstemmingspostar

Forskjell mellom resultatført og netto trekk på konsernkonto

Resultat av aktivitetane i perioden før avrekning mot statskassen

Sum endring i avrekna med statskassen*

*Sum endring i avrekna med statskassen skal stemme med endringa i perioden ovanfor.

815 008

NOTE 7 SAMANHENG MELLOM AVREKNA MED STATSKASSEN OG MELLOMVÆRE MED STATSKASSEN (Bruttobudsjetterte verksemder)

B) FORSKJELLEN MELLOM AVREKNA MED STATSKASSEN OG MELLOMVÆRE MED STATSKASSEN

IMMATERIELLE EIGEDELAR OG VARIGE DRIFTSMIDDEL

Spesifisering av bokført avrekning med statskassen

Spesifisering av rapportert mellomvære med statskassen

ANLEGGSMIDLAR

OMLØPSMIDDEL

Gjeld i samband med tilskotsforvaltning og andre overføringar

Mellomvære med statskassen består av kortsiktige fordringar og gjeld som etter økonomiregelverket er rapportert til statsrekneskapen (S ­ rapport). Avrekna med statskassen viser finansieringa av netto eigedelar og gjeld i verksemda.

NOTE 8 INNKREVJINGSVERKSEMD OG ANDRE OVERFØRINGAR TIL STATEN

AVGIFTER OG GEBYR DIREKTE TIL STATSKASSEN

frå andre statlege rekneskapar

frå forvaltningsbudsjettet til kommunane/fylkeskommunane

Skattar og avgifter, renteinntekter og utbytte m.m.

avgifter og gebyr direkte til statskassen

FORDRINGAR I SAMBAND MED INNKREVJINGSVERKSEMD OG ANDRE OVERFØRINGAR

til pålydande

av til forventa tap (–)

Sum, fordringar i samband med innkrevjingsverksemd og andre overføringar

NOTE 9 TILSKOTSFORVALTING OG ANDRE OVERFØRINGAR FRÅ STATEN

NOTE 10 BEHALDNING AV VARER OG DRIFTSMATERIELL

og innkjøpte halvfabrikat

eigentilverka varer og driftsmateriell

* Det blir brent bøker på CD ­ plater til svaksynte. Behaldninga er «tomme» CD ­ plater og fargeband/konvoluttar. Det blir kjøpt éin stk. CD per utlån

NOTE 11 KUNDEFORDRINGAR

til pålydande

(–)

NOTE 12 OPPTENTE, IKKJE FAKTURERTE INNTEKTER / MOTTEKEN FORSKOTSBETALING

OPPTENTE, IKKJE FAKTURERTE INNTEKTER (FORDRING) Sum opptente, ikkje fakturerte inntekter

MOTTEKEN FORSKOTSBETALING (GJELD) Avsetning forskotsbetalte inntekter som gjeld for 2026

NOTE 13 ANDRE KORTSIKTIGE FORDRINGAR

* I 2024 fekk vi faktura for husleige i 1. kvartal 2025 med fakturadato i 2024, som følgje av fakturarutinar hos leverandøren/huseigaren. I 2025 fekk vi faktura for husleige for 1. kvartal 2026 med fakturadato i 2026.

Nasjonalbiblioteket har derfor mindre beløp på forskotsbetalt leige i 2025

Sjå også note 15 og anna kortsiktig gjeld ** Abonnement osv., betalte i 2025 med verknad i 2026

NOTE 14 BANKINNSKOT, KONTANTAR OG LIKNANDE

NOTE 15 ANNA KORTSIKTIG GJELD

* På bakgrunn av at lønnsoppgjeret i staten for 2024 ikkje var ferdig før i slutten av november 2024, fekk ikkje verksemda betalt ut resultatet av lønnsoppgjeret i 2024. Verksemda gjorde derfor eit estimat for lønnsavsetninga for det sentrale lønnsoppgjeret (lokale og eventuelt sentrale tillegg) per 31. desember 2024. Avsetninga inkluderte også verksemda sitt eige bidrag til lønnsforhandlingar utover det som blei forhandla fram sentralt.

** Korrigering av rekneskapsdokumentasjon på feil periode. Sjå også note 13 og forskotsbetalt leige.

Lande, Nordseter (1950–1970). Utsnitt. Foto: Normanns kunstforlag.

Kolofon

Omslagsfoto: Romsdalshornet, Møre og Romsdal (1900–1950). Utsnitt. Fotograf: Mittet & co.

Design: Superultraplus Designstudio AS

VEDLEGG

VEDLEGG

RAPPORT OM TILSKOT AV SPELEMIDLAR TIL KULTURFORMÅL 2025

– PROSJEKT OG UTVIKLINGSTILTAK

PÅ BIBLIOTEKFELTET

Nasjonalbiblioteket er statens myndigheitsog utviklingsorgan på bibliotekfeltet. Styrande for mykje av denne aktiviteten er Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023 Rom for demokrati og dannelse og utvida nasjonal bibliotekstrategien fram til 2025 med same tittel, som blei lagd fram hausten 2023, er styrande for mykje av denne aktiviteten.

Nasjonal bibliotekstrategi slår fast kva som skal vere statleg ansvar og statlege oppgåver overfor biblioteka, og korleis staten, gjennom Nasjonalbiblioteket, best kan leggje til rette for og bidra til innovasjon, kompetanseheving og utvikling i heile biblioteksektoren. Dette både ved utvikling og drift av fellestenester og gjennom tildeling av prosjekt- og utviklingsmidlar etter søknad frå biblioteka.

Våren 2024 la Regjeringa også fram Sammen om lesing, leselyststrategien 2024–2030, og delar av denne inngår i oppdraget til Nasjonalbiblioteket.

I 2025 forvalta Nasjonalbiblioteket 56 700 000 kroner av Norsk Tipping sine spelemidlar til kulturformål, som skal stimulere til utvikling i norske folke- og fagbibliotek. Rammene for prosjekt- og utviklingsmidlane blir fastsette av Nasjonalbiblioteket, i tråd med disponering av speleoverskot frå Norsk Tipping og føringane i tildelingsbrevet frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

Tilskotsmidlane skal nyttast til søknadsbasert ordning som skal stimulere utviklinga av norske folke- og

fagbibliotek, og til leselysttiltak. Spelemidlar blir også brukte til infrastrukturtiltak i regi av Nasjonalbiblioteket. Ein legg til grunn at 15 millionar kroner av beløpet på 56,7 millionar kroner blir sette av til leselysttiltak, jf. leselyststrategien 2024–2030 Sammen om lesing

Denne rapporten er tredelt. Første del er om prosjektog utviklingsmidlar i biblioteka, andre del er om tiltak for leselyst, og tredje del er om infrastrukturtiltak.

PROSJEKT- OG UTVIKLINGSMIDLAR I

BIBLIOTEKA

Nasjonalbiblioteket inviterte biblioteka til å søkje midlar til større, nyskapande utviklingsprosjekt i biblioteka for 2025.

Utviklingsmidlane skal gå til å utvikle nye tilbod, teste nye samarbeidsformer eller prøve ut nye metodar eller modellar. I tillegg ønskjer vi at prosjekta har overføringsverdi til andre bibliotek, slik at dei kan få betyding nasjonalt.

Utlysinga tek utgangspunkt i Utvida nasjonal bibliotekstrategi 2020–2025.

Kven kan søkje?

Folkebibliotek, fylkesbibliotek og fagbibliotek kan søkje, gjerne i samarbeid med andre bibliotek eller andre aktørar. Skulebibliotek kan ikkje søkje, men kan vere med som samarbeidspartnarar i prosjekt.

Minste søknadsbeløp er normalt 300 000 kroner (sjå nedanfor).

Kor mykje kan du søkje om?

Du kan søkje om midlar for eitt år til utviklingsprosjekt. Minste søknadsbeløp for prosjekt innanfor dei tre

innsatsområda eller frie forsøk er 300 000 kroner. Vi oppmodar til å samarbeide om prosjektsøknader.

Når det gjeld utviklingsmidlar til fagbibliotek, er det eit mål at prosjekta skal ha relevans også for folkebiblioteka.

Innsatsområde

Vi oppmodar spesielt til å setje i gang prosjekt innanfor følgjande innsatsområde (hugs at det er mogleg å kombinere fleire):

• nye samarbeidsformer, medrekna samarbeid mellom folkebibliotek og skulebibliotek eller bibliotek i høgare utdanning

• fremje lesing og leselyst (prosjekt som ikkje er ein del av barnehagesamarbeidet)

• demokrati og ytringsfridom

Utover dette kan du også søkje om midlar til

• frie forsøk

• forprosjekt

• konferansestøtte

Du kan søkje om inntil 100 000 kroner for å arrangere konferansar. For å få støtte må konferansen ha nasjonal interesse. Konferansar kan også vere del av eit bibliotekfagleg prosjekt.

Eigenandel

Prosjekt bør vere delfinansierte av prosjekteigar. Eigenfinansieringa bør utgjere minst 40 prosent av samla budsjett, og kan omfatte arbeidsinnsats i prosjektet. Ein del av eigenfinansieringa kan komme frå andre kjelder. Nasjonalbiblioteket kan løyve tilskot som er mindre enn søknadsbeløpet.

Sjå også dei formelle vilkåra for å motta utviklingsmidlar frå Nasjonalbiblioteket.

Kva kan du ikkje søkje om midlar til?

Det blir ikkje gitt tilskot til ordinær drift og ikkje til innkjøp av IKT-utstyr, inventar eller medium, utvikling eller marknadsføring av tenester med sikte på sal eller til kompetanseutvikling som einaste aktivitet.

Tidsrom

Sidan 2025 er det siste året i den gjeldande nasjonale bibliotekstrategien, vil det berre vere mogleg å søkje om støtte for eitt år, men prosjektet vil kunne gå over ein periode på to år.

Søknader skal omtale eventuelle planar for oppfølging eller vidareføring etter prosjektperioden. Støtte til forprosjekt vil ikkje innebere støtte til eit hovudprosjekt.

Kva må søknaden innehalde?

Du må fylle ut søknaden i det elektroniske søknadsskjemaet vårt. Dette er hovudopplysingane som skal fyllast ut:

TILDELING

• opplysingar om søkjar

• søknadstittel

• mål

• skildring av prosjektet

• budsjett og søknadsbeløp

Korleis vurderer vi søknadene?

I prioritering mellom søkjarar vil Nasjonalbiblioteket leggje vekt på følgjande:

• nyheitsverdien til prosjektet: nye tilbod, nye samarbeidsformer eller -metodar som ikkje er prøvde ut i andre bibliotek

• bruksverdi: resultata bør kunne vere nyttige for andre bibliotek

• planar for kunnskapsoverføring og -formidling av erfaringar som kan komme andre til gode

• god forståing av høve til oppfølging etter prosjektperioden

• i plandokument – lokalt eller regionalt

• god forståing og involvering av målgruppa i prosjektet

• gjennomføring i samarbeid med andre bibliotek eller institusjonar, dersom det er relevant

Drammen bibliotek. Menn i biblioteket – nye veier til lesing, tilhørighet og deltakelse

Finnmark fylkesbibliotek i samarbeid med alle folkebiblioteka i Finnmark. Finnlitt 2026 – festival i heile fylket

Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold i samarbeid med folkebiblioteka i Akershus, Buskerud og Østfold. Demokratiløftet

Grimstad bibliotek. Les med meg på mange språk. Å skape lesekultur sammen

Innlandet fylkesbibliotek i samarbeid med biblioteka i Kongsvinger, Nord ­ Odal, Lillehammer, Vang, Gjøvik, Østre Toten, Vestre Toten, Trysil, Åmot og Nord ­Aurdal. Folkedialog i bibliotek

Lærdal bibliotek. Flytande fellesskap

400 000

500 000

610 000

300 000

600 000

300 000

NTNU Universitetsbiblioteket i samarbeid med universitetsbiblioteka i Bergen, Oslo (UiO og OsloMet) og biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet. TAIKun: Tilrettelegging for kompetanseheving og KI-kunnskap

Sveio bibliotek i samarbeid med folkebiblioteka i Etne, Kvinnherad, Lærdal, Stad og Sunnfjord. Samarbeid Vestland på langs

Tromsø bibliotek. Lokalhistorie og ungdomsmedvirkning – med ungdom i førersetet

UiT Universitetsbiblioteket. Norsk nettverk for spesialsamlinger

UiA Universitetsbiblioteket i samarbeid med folkebiblioteka i Arendal, Grimstad og Kristiansand. Semesterles: Biblioteket som arena for studenters leselyst og kritisk literacy

Vadsø bibliotek i samarbeid med folkebiblioteka i Alta, Hammerfest og Sør-Varanger og Finnmark fylkesbibliotek. Sannhet og forsoning: Store spørsmål –små samtaler

Vestland fylkesbibliotek i samarbeid med Austevoll folkebibliotek. 1. april heile året. Digital tryggleik for eldre på biblioteket

Vestland fylkesbibliotek i samarbeid med fylkesbiblioteket i Akershus, Østfold og Innlandet, Lillestrømbibliotekene og utvalde kommunar. Folkebiblioteket i lokalsamfunnet - kvalitet, verdi og potensial

Vestre Toten bibliotek. Leseglede i fellesskap: ungdom, bibliotek og lokalsamfunn

Bergen bibliotek. Fra silo til samspill. Folkebiblioteket som ledd i infrastruktur for inkludering

Bærum bibliotek. Storbyundersøkelsen 2025

Deichman. Demo Deichman – bibliotekets sandkasse!

Haugesund bibliotek. Det må være lett å utvikle bærekraftige bibliotek!

Kristiansand bibliotek. Sammen skaper vi fellesskap og frirom

KS Digital. Felles formidlingsløysing

Rogaland fylkesbibliotek. Kunstig intelligens, kildebevissthet og kritisk mediebruk – et grunnkurs for bibliotekansatte

Rogaland fylkesbibliotek. Utvikling av app, tverrgående trafikktelling

Troms fylkesbibliotek. Fjernlånsundersøkelse

Bergen bibliotek. Se og les 2026 – barne- og ungdomslitteraturkonferanse

Lillestrøm bibliotek. Boka går – Nordisk barnebokkonferanse 2025

Trøndelag fylkesbibliotek. Sammen om lesekultur – en konferanse for barnehager og bibliotek

000

000

000

000

000

000

000

000

000

000

LESELYSTTILTAK, JF. LESELYSTSTRATEGIEN

2024–2030

SAMMEN OM LESING

Regjeringa la i mai 2024 fram leselyststrategien Sammen om lesing

Nasjonalbiblioteket har ansvaret for å følgje opp desse tiltaka:

• opprette ei ny tilskotsordning for å bidra til auka samarbeid mellom barnehagar og folkebibliotek slik at barnehagebarn får betre tilgang til bøker

• styrkje Nasjonalbibliotektenesta Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur for å auke tilgangen på tilrettelagd litteratur

• styrkje det fleirspråklege biblioteket til Nasjonalbiblioteket for å auke tilgangen på litteratur på andre språk enn norsk

• gi spelemidlar til leselyst og litteraturformidling i bibliotek for å auke leselysta hos barn og unge

• prosjektstøtte frå Nasjonalbiblioteket til biblioteka si Sommarles-kampanje til og med 2030 for å medverke til leselyst og leseferdigheiter hos barn og unge

Tildeling av spelemidlar til lesetiltak Utlysingstekst:

Regjeringa sin leselyststrategi, Sammen om lesing , slår fast at det skal det opprettast ei ny tilskotsordning for å bidra til auka samarbeid mellom barnehagar og folkebibliotek. Målet med tiltaket er å gi barnehagebarn betre tilgang til bøker.

Tilskotsordninga inngår som ein del av Nasjonalbiblioteket si oppfølging av leselyststrategien. I tillegg vil det å fremje lesing og leselyst vere eit satsingsområde i ordinær utlysing av prosjektmidlar til biblioteka. Nasjonalbiblioteket vil også fortsette Sommarles og

styrkje tilbodet frå Tibi og frå det fleirspråklege biblioteket.

Nasjonalbiblioteket har i år sett av 9,5 millionar til tilskotsordninga. I samråd med fylkesbiblioteka og for å sikre rask og effektiv bruk av midlane vil tilskota bli delte ut til fylka etter folketal.

Tildeling leselysttiltak 2025

Opprette ei ny tilskotsordning for å bidra til auka samarbeid mellom barnehagar og folkebibliotek, slik at barnehagebarn får betre tilgang til bøker

Styrkje Nasjonalbibliotektenesta Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur for å auke tilgangen på tilrettelagd litteratur

Styrkje det fleirspråklege biblioteket til Nasjonalbiblioteket for å auke tilgangen på litteratur på andre språk enn norsk

Spelemidlar til leselyst og litteraturformidling i bibliotek for å auke leselysta hos barn og unge

Prosjektstøtte frå Nasjonalbiblioteket til biblioteka si Sommarles­kampanje til og med 2030 for å medverke til leselyst og leseferdigheiter hos barn og unge

9 500 000 (7,5 mill. kr via fylkeskommunen, og 2 mill. kr til storbybibliotek)

2 000 000

2 000 000

1 620 305

1 500 000

FELLES UTVIKLING OG DRIFT – INFRASTRUKTUR

Nasjonal bibliotekstrategi Regjeringa vil styrkje og vidareutvikle Nasjonalbiblioteket sin fysiske og digitale infrastruktur for alle biblioteka i landet. Målet er at dei samla ressursane til biblioteka, både fysisk og digitalt, skal bli meir tilgjengelege for befolkninga over heile landet. På denne måten vil det også bli frigjort ressursar i dei einskilde biblioteka, som

kan og bør brukast til auka satsing på formidling og innhaldsproduksjon. Som ein del av nasjonal infrastruktur vil Nasjonalbiblioteket tilby kompetansen biblioteka har behov for.

Midlar til utvikling og drift – infrastruktur

I 2025 disponerte Nasjonalbiblioteket 25 000 000 kroner til utvikling og drift av fellestenester på post 21, jf. brev frå Kultur- og likestillingsdepartementet 14.10.2025. Midlane er fordelte på følgjande tiltak:

• bibliotekstrategi generelt

• biblioteksøk

• bibliotekutvikling.no

• nasjonalt lånekort

• innkjøp av metadata

• nasjonale autoritetsregister

• verdsbiblioteket

• kursing i infrastruktur for biblioteka

• strategisk råd

• bidrag frå Nasjonalbiblioteket til ny Bokhylla-avtale

• Tibi

• Det fleirspråklege biblioteket

Forvalting av midlane

Nasjonalbiblioteket fekk overført 5 600 000 kroner til forvalting av midlane.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
NB_Annual Report 2025_issuu_oppslag_260603_RZ by Nasjonalbiblioteket - Issuu