Roald Sangolt skriver om verket:
Eyvind Skeies dikt «møtte» eg første gongen på eit treff heime hjå biletkunstnaren Per Flatøy, i eit møte der og ordkunstnaren Eyvind Skeie var til stades. Diktet fylte ei heil bok, og denne boka med ord og illustrasjonar greidde eg ikkje «å bli kvitt». Så etter eit par år, med orda og illustrasjonane i boka ståande på pianoet, starta eg å tenkja på musikalske kommentarar til diktet.
For meg opplever eg HER RENNER TIDENS ELV som ein viktig kommentar til kvardagslivet i vår tid. Folk som strevar med kvardagen i eit univers fyllt av stress og sorg og kaos. Men at det og er ei von om glede, fred og framtid.
Eg inviterer solistar, kor og musikarar til å leva seg inn i dette universet. Opninga og avslutninga er tenkt som ei innføring til teksten,og samstundes ei tilbakeføring til vår tid i dei siste taktane. Det er ikkj så ofte at utøvarar vert inviterte inn i eit fritt spelerom, og eg vonar at utøvarane vil bli inspirerte til denne uvante, men kreative aktiviteten.