Bjør nstjer ne Bjør nson, tekst i nr. 1 og 2
Magnar Åm, tekst i nr. 3 - 7
![]()
Bjør nstjer ne Bjør nson, tekst i nr. 1 og 2
Magnar Åm, tekst i nr. 3 - 7
7 songar med litt mindre tyngdekraft enn jorda
Magnar Åm, musikk for blandakor med eller utan piano
Tittel: månetonalt
Undertittel: 7 songar med litt mindre tyngdekraft enn på jorda
Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson og Magnar Åm
Musikk: Magnar Åm
Utgitt av Cantando Musikkforlag AS 2012
ISMN M-2612-3125-1
Adresse: Postboks 8019
4068 Stavanger
Telefon: 5186 90 00
Faks: 5186 90 01
E-post: order@cantando.com
Internett: www.musikkforlaget.no
Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Cantando Musikkforlag AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk.
Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning, og kan straffes med bøter eller fengsel.
Desse songane er eit forsøk på å fylle ut gapet mellom det tradisjonelle, tonale korrepertoaret og den atonale/fritonale samtidsmusikken. Kvar av dei 7 songane her har eitt eller anna element i seg som kan fungere som ei trening og førebuing til utfordringar som den «vanskelege» samtidsmusikken gjerne byr på.
Songane kan framførast med eller utan piano. Dei kan syngast i kva rekkefylgje ein vil, og dei kan framførast frittståande og einskildvis.
I dette heftet er dei ordna tekstleg-tematisk:
Nr. 1 lyttar til skogen si røyst.
Nr. 2 lyttar til dei to som møtest i skogen.
Nr. 3 lyttar til eit livslangt venskap.
Nr. 4 lyttar til ekkoet av alt i fortid og notid som formar oss.
Nr. 5 lyttar til det me er og gjer, som om det var eit språk.
Nr. 6 lyttar til modninga vår som den var ein båt med mange årepar.
Nr. 7 let det i oss synge som er bortanfor tid og stad.
Songane er ikkje ordna etter vanskegrad. Så det må vere opp til den einskilde dirigent å velje rekkefylgja på innøving. Sjølv har eg funne song nr. 7 å vere ideell å starte med, fordi den gir stor grad av gjenkjenning med tradisjonelt repertoar og slik kan fungere som første motivator for innøvinga av fleire i samlinga.
Elementa som songane gir trening i, er i stor grad til stades i alle songane. Men grovt sett finst der ein konsentrasjon av elementa slik:
«I skogen» gir trening på:
1)Store triolar (firedelstriol som strekker seg over to slag)
2)Bråe tonalitetsskift (takt 14 og 21)
3)«milde dissonansar» samansette av kvartar og store sekundar, og som står fritt utan å bli oppløyste (takt 3-4, 6, 12-13, 24-25. 29 og 319)
4)Disharmonisk samklangsintervall på ein liten none (takt 14, 16, 18 og 19).
5)Bitonale samklangar (takt 23).
«Stevnemøtet» gir trening på:
1)Fritthengande tonalitet, ein tonalitet som ikkje «landar».
2)Stor kvartol, 4 mot 3 (takt 13).
«møtet med venen min» gir trening på:
1)Oppdriftstonalitet, ein tonalitet som gir kjensle av at musikken lyftar seg, gjennom konstante, stigande rørsler og gjennom uventa tonalitetsskift (takt 30 og 39).
2)«instrumental», akkompagnerande synging (solistkvartett)
«restegarn» gir trening på:
1)Polyfon synging
2)Å vere plassert langt frå kvarandre i rommet (stemmevis rundt publikum).
3)Å synge i konstant sekundavstand til kvarandre (solistduo takt 4-8 og 12-14).
«spegel for vår grunn» gir trening på:
1)Svevande tonalitet med blanding av krasse og milde dissonansar.
2)«nesten-gjenkjennelege» harmoniar, som kviler, men likevel har ein smertedissonans i seg (takt 9 og 25).
3)Å hugse ein tone gjennom ein pause, for så å kunne treffe den første tonen etter pausen (Sopranar takt 25-27 og 27-30, altar takt 26-27, tenorar takt 9-10 og 11-12, bassar takt 25-27 og 27-28-29).
4)Store melodiske intervall, som septim og none (takt 3, 7, 17, 22-23, 24, 35, 3839, 40, 41-42, 43).
«8 årepar» gir trening på:
1)Rytmisk konsentrasjon og sjølvstende.
2)Homogen, melodisk synging i tenor og bass.
3)Korte, ikkjemelodiske, instrumentalt sungne tonar i sopran og alt.
«eg er» gir trening på:
1)Omtolking av tonar slik kan binde saman to heilt ubeslekta tonalitetar (takt 2829 og 54-55).
2)«rare» samklangsrekkefylgjer som likevel har ein indre logikk (takt 32-37).















































