Skip to main content

Sirdalsposten 2025

Page 1


Status, utvikling og nye moglegheiter

ÅRGANG 21 | SINNES, DESEMBER 2025 | SINNESHYTTA.NO

CHARMÅNI

er klar for dei rette

Ei helsing til alle som elskar hyttelivet i Sirdal

Tomter, prosjekter og planar for 2026

Gode ynskjer

Tradisjonen tru, og for 21. gong, er det tid for ny utgåve av Sirdalsposten. Me ynskjer alle kundar, samarbeidspartnarar og gode sirdalsvener ei riktig god jul og eit godt nytt år.

Alt godt helsing Tor Sigve og Trine

ÅRET SOM GJEKK

Det er det 21. året me kjem med Sirdalsposten, og framleis kjennest det litt spesielt kvar gong me set oss ned for å oppsummere året som har gått.

2025 har ikkje vore noko glitrande salsår, men me har samtidig hatt god aktivitet gjennom heile året. I skrivande stund har me to som er solgt og tre reservasjonar, og går dei inn, endar året likevel sånn rimeleg bra. Dei siste månadene har me merka at folk igjen byrjar å røre på seg. Det kjem fleire henvendingar, fleire befaringar og meir bevegelse i markedet. Det er positivt og gjer oss tru på året som kjem.

Samtidig har me hatt stor aktivitet på byggesida. Me har både levert hytter og er i gang med nye, og me har fått engasjert oss i heilt spesielle prosjekt. Alt frå eit lite tilbygg på 12 kvadratmeter som sette i gang ein full makeover av heile hytta, til ei ny storhytte i andre enden av skalaen, med peisar, eldhus og alt som høyrer ein skikkeleg lodge til.

Charmåni og nye moglegheiter

Charmåniet på Heimre Kvendhusbakken står tomt 4 klar med grunnmur og ventar på dei rette folka. Her ligg det ein særs god moglegheit for eit par som vil gjere eit godt kjøp, i bytte mot at me kan bruke hytta til nokre visningar etter avtale.

Liv og drift rundt Sinnes

Handleriet nærmar seg tre års drift, og både butikkane og bakeriet har hatt eit nytt travelt år. Det er verkeleg liv på tunet, og noko av det kjekkaste er at juli no er snart like travel som vinteren.

Regulering og realitetar

Rundt Handleriet jobbar me med fleire langsiktige planar for å utvikle området vidare. I fjor håpa me at reguleringsplanen me hadde levert, snart ville få svar. Det fekk me. Det kom frå sjølvaste Statsforvaltaren, med ein innsigelse som er vanskeleg å forstå.

Dei meiner badeplassen blir for stor, at det manglar kantvegetasjon langs Ånå, som jo alle veit skyldast Beveren. I tillegg er det eit område på 1,7 mål som skal reknast som dyrka mark, sjølv om det ikkje har vore hausta på over tretti år. Me jobbar vidare, for det gjer me alltid. Me utviklar, byggjer og held fram med å tilby tomter og hytter som me er stolte av. Me gler oss til eit nytt år med mykje som skjer.

ME SKAPAR HYTTEDRAUMER

I SIRDAL!

I områder sentralt på Sinnes har me handplukka tomtene våre, og her jobbar me vidare med å levere dei solide og klassiske hyttene folk kjenner oss for. Me ønskjer å tilpasse kvar hytte til både kunde og tomt, og me ser no at etterspurnaden igjen er på veg opp. Med fleire prosjekt i gang, nye reguleringar under arbeid og eit marked som vaknar, går me inn i det nye året med gode kjensler.

VÅRE TOMTEOMRÅDER

Tomtene til Sinneshyttå er ikkje tildelt, dei er handplukka. Handplukka for si optimale plassering med omsyn til ei nærleik, utsikt og sol som passar til dei beste hyttene, – og dei har me mange av. Tomtene er romlege og hyttene kan me skreddarsy heilt etter dine behov og ynskje.

LEDIGE TOMTER

PROSJEKTERTE HYTTER FOR SALG

RESERVERT HYTTER

SLETTEKVÆV Under arbeid

SLETTEKVÆV SKI INN - SKI UT Under arbeid

SKIFORENINGSTOMTA Under arbeid

LEITET BOLIGFELT Under arbeid BAKKEN GÅRD Under arbeid

HEIMRE KVEDNHUSBAKKEN Nytt felt – 10 tomter

SVARTEVASSÅSEN Byggestart er i gang

SVARTEVATN
RUBETØDNANE AUST
MYRALEITE
SINNESLIA
FJELLSTOVA
CHARMÅNI

ANDESTJØNN

DJUPEDALEN

DAGSPARKERING SINNESHYTTÅ BREKKEBUA

HAUGEFJEDL

– –– –

HAUGEFJEDL AUST

BRENDEHEIA
SLOTTET
RAUNELI
HØNEDALEN
HAUGEN
HØNA LYSLØYPE

RUBETØDNANE

Midt i løypenettet

To + tre tomter igjen i eit særprega område.

På Rubetødnane har me no berre to tomter igjen + tre utan vinterveg til døra. Området ligg solrikt til, med kort veg til turstiar, skiløyper og alt det gode Sirdal byr på.

Fakta Rubetødnane

Antall ledige tomter: 5 | Hytter tilpasses tomt og terreng.

SINNESLIE OG BRENDEHEIE

Perfekt for aktive familier

To av dei mest populære hyttefelta er no utselde.

Sinneslie og Brendeheie har over fleire år vore blant dei mest attraktive områda våre, med solrike tomter, gode utsiktsforhold og nærleik til løypenettet. No er begge felta heilt utselde. For dei som ønskjer noko tilsvarande, er nok Heimre Kvednhusbakken og Hobmannskuden det naturlege alternativet.

Fakta Sinneslie og Brendeheie

Antall ledige tomter: 0

Alternativ: Heimre Kvednhusbakken og Hobmannsknuden

HOBMANNSKNUDEN

Med Slottet som nærmeste nabo

Sol, utsikt og nærleik til alt det gode

Hobmannsknuden er i god utvikling. Me har levert to hytter her i år. Dette er ett av dei mest attraktive områda våre, med solrikt terreng, flott utsikt og kort veg til både turstiar og skiløyper.

Fakta Hobmannsknuden

Antall ledige tomter: nokre få | Hytter tilpasses tomt og terreng.

HEIMRE KVEDNHUSBAKKEN

Et nytt storslått hyttefelt sentralt på Sinnes

Sentrale tomter med flott utsikt.

To hytter er levert, ei tomt er reservert, og me har fleire flotte tomter igjen. Her ligg også Charmånitomta, som ventar på dei rette folka.

Fakta Heimre Kvednhusbakken

Antall ledige tomter: fleire | Hytter tilpasses tomt og terreng.

BAKKEN GARD

Eit nytt og solrikt tomtefelt aldeles midt på Sinnes Bakken Gard er no godkjent, og her kjem det ti nye tomter. Me byggjer Charmåni som hovedmodell, og planane blir lanserte over nyttår. Tomtene kan reserverast allereie no.

Fakta Bakken Gard

Antall nye tomter: 10 | Kan reserverast.

SLETTEKVÆV

Endeleg godkjent etter lang ventetid.

Slettekvæv er eit etablert felt med fleire bygde hytter. No kjem sju nye tomter, med gode solforhold og rolege omgjevnader.

SKIFORENINGSTOMTA

Ski in ski ut ved den kjende Skiforeningshytta.

Tomtene ligg tett på Ålsheia og byr på ekte ski in ski ut.

Fakta Slettekvæv

Under regulering | Ski in ski ut | Kan reserverast

Hytteliv med elvesus

Ei tomt igjen i eit særprega område.

Øyne er eit lite og roleg felt med elvesus og kort veg til badeplassar, fisking og turstiar, skiløype og Handleriet

Fakta Øyne

Antall ledige tomter: (1 - tomt nr. 42) | Hytter tilpasses tomt og terreng.

ØYNE

Tomt 4 | Heimre Kvednhusbakken

Vår eigen tolking av den klassiske chalet stilen.

Charmåni er den nye hyttemodellen vår og ei satsing me verkeleg trur på framover. Etter mykje arbeid, skisser og testar har me funne forma me ønskjer å bygge vidare på. Målet har vore å skape ei hytte som kombinerer norsk tradisjon med alpine kvalitetar, og resultatet står seg både i uttrykk og funksjon.

I utviklinga av Charmåni har me samarbeida med arkitekt Camilla Sjo Fasting. Modellen er fleksibel og kan tilpassast ulike tomter og terreng. På Heimre Kvednhusbakken har me tomt fire, som me har kalla Charmånitomta. Dette er den første tomta me ønskjer å bygge denne modellen på, og me ser føre oss ei hytte som kan brukast til visningar etter avtale.

Charmånitomta står no klar i grunnmur og ventar på dei rette folka.

HANDLERIET OG LIVET RUNDT

Ein plass som samlar folk året rundt.

Handleriet er blitt ein naturleg møtestad for både fastbuande og hyttefolk. Me opplever at fleire og fleire brukar området gjennom heile året, enten det er for ein kaffikopp, ein handel eller ein pause mellom aktivitetar.

Fisken på disken

Ein lågterskel aktivitet med over hundre deltakarar i år.

Sirdal Sauna

Den vedfyrte badstova er populær og blir ofte kombinert med eit bad i ånå.

Ladestasjonar

Som mange har fått med seg så er ladekapasiteten til elbiler doblet i heile Sirdal. Dobblinga finner du ved Handleriet med Tesla sine 8 stasjonar og Lyse sine 4 stasjonar.

Næringsmiljøet

I andre etasje er det eit lite og variert arbeidsmiljø, med både faste og drop-in kontor plassar.

Pop up gardsutsal

Sirdalmat har starta opp med lokale matvarer av høg kvalitet i nabofløyen til Hekta bakeri.

POSTKORT FRÅ SIRDAL

BRENN FOR INTERIØR

OG FOR SIRDAL

Då June Hansen flytta til Sirdal i 2021, var det utan lange planar og store forventningar. Ho hadde knapt vore i dalen før, berre høyrt om staden gjennom vener og kjende i Stavanger. Likevel skulle valet vise seg å bli avgjerande, både for livet hennar og for retninga ho har valt vidare.

– Sirdal har betydd så enormt mykje meir for meg enn eg såg for meg. No handlar livet her om aktivitet,fellesskap, tryggleik, kjærleik og kjekt arbeid. Livet, akkurat slik vi likar det, seier June.

I dag er ho tilsett både hos Loni Interiør og Sirdal Sport og Friluft, en kombinasjon som speglar interessa hennar godt. Men det er særleg interiør og Loni ho brenn for, og satsar tungt på.

Eit sterkt engasjement for heim og hytte

June har eit tydeleg ønskje om å vere til hjelp for kundane, anten det er snakk om ei hytte på fjellet eller ein bustad i dalen. Ho er oppteken av at interiør skal vere personleg, funksjonelt og tilpassa både menneska og omgjevnadene dei bur i.

– Eg synest det er ekstra givande å få vere med å skape rom folk faktisk skal leve i. Hytter og hus i Sirdal blir brukte mykje, og då er det viktig at dei fungerer i kvardagen, samstundes som dei gir ro og trivsel.

Hos Loni møter ho kundar som ønskjer kvalitet, gode materialval og ei heilskapleg løysing. June er oppteken av å vere tilgjengeleg, lyttande og ærleg , og å bidra med råd som gjer valet litt enklare.

Å satse lokalt

For June handlar det også om å satse der ho bur. Loni er ei lokal verksemd med høg kvalitet og ein tydeleg identitet, og det er noko ho ønskjer å vere med og bygge vidare på.

– Eg har stor tru på Loni og det vi tilbyr. Det er kjekt å jobbe i ei verksemd der ein får vere med og påverke, og der relasjonane til kundane betyr noko.

Sirdal har blitt meir enn ein stad å bu. Det er ein plass og høyre til, ein stad der June ønskjer å leggje ned både arbeid og engasjement , og vere med å skape gode hytter og heimar for andre.

God jul Godt nytt år

sinneshytta.no

Følg Sinneshyttå

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Sirdalsposten 2025 by lemonagencies - Issuu