Skip to main content

Kunstopplevingar og danningsprosessar

Page 1

Kompetanse Kunstopplevingar og danningsprosessar Eit av dei overordna måla for Den kulturelle skolesekken (DKS), er at ordninga skal bidra til danning og utdanning for barn og unge, slik dette er formulert i overordna del av læreplanen og i læreplanar i fag. Her kan du lese litt om korleis du som lærar kan utnytte kunst- og kultur opplevingar frå DKS i danningsoppdraget.

Kunstopplevingar og danningsprosessar Av: Elisabeth Hovde Johannesen og Tone Cronblad Krosshus

Innhald • Kvifor er kunst viktig? ............. 1 • Kva er ei kunstoppleving? ...... 2 • Kva har kunst med danning å gjere? ..................................... 2

• Korleis kan lærarar leggje til

rette for kunstopplevingar? ..... 2

• Korleis kan lærarar gjere

kunstopplevingar til danningsprosessar? ............... 2 • Tips til lesing: .......................... 2 Prosjektinformasjon ................. 3 • Artikkelforfattarar .................... 3 • Kulturtanken ........................... 3

Grunnskulelærarstudentar ved USN campus Notodden deltar i prosjektet DKS + lærarutdanning = Sant.

Kvifor er kunst viktig? Kunst er viktig fordi han handlar om livet. I møte med kunst får elevar uavgrensa høve til å erfare og oppleve. Kunst inviterer til å utforske eksistensielle tema som skam, venskap og utanforskap fordi ho viser fram ulike sider ved slike fenomen. Kunst kan gjere det ukjende kjent eller det kjende ukjent. Kunst kan utfordre etablerte sanningar, innforståtte haldningar og bidra til forståing og refleksjon omkring nedarva verdiar. Slik kan møte med kunst få oss til å tenkje nytt om noko vi trudde vi forstod, eller få oss til å stille spørsmål til noko vi trudde vi visste.

1


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Kunstopplevingar og danningsprosessar by kulturtankenDKS - Issuu