Sigrid Undset sin romantrilogi «Kristin Lavransdotter» er eitt av dei viktigaste verka i norsk litteratur. Forteljinga, som føregår i Noreg i første halvdel av 1300-talet, gir ei eineståande og sterk skildring av eit heilt menneskeliv, og følgjer Kristin Lavransdotter i ein boge frå ungdom og attrå, gjennom vaksenliv og samliv fram til alderdom, ettertanke og religiøs grunding.
Romantrilogien handlar om den store kjærleiken og dei store svika, om lengt, kvardagsliv og om søking etter meining, om tilgjeving, sorg og anger. Trass i at romanen kom ut for over hundre år sidan, med ei handling sett sju hundre år tilbake i tid, er dei menneskelege dilemma like gripande og enkle å kjenne seg igjen i.
Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag har dramatisert alle dei tre delane av trilogien. «Kristin Lavransdotter av Sigrid Undset» er omsett til nynorsk av Gunnhild Øyehaug. Stykket blei første gong oppført på Det Norske Teateret hausten 2022.