SYN og SEGN 2.22 TIDSSKRIFT FOR KULTUR, SAMFUNN & POLITIKK
DET NORSKE SAMLAGET / PRIS KR 129 / 129. ÅRGANG
TIDSAM 1322-02
RETURUKE 31
Er vi i gang med russisk rulett? Ein ven sa at «her feirar vi bursdag kvar dag». Men det er berre dei som overlever, som kan feire.
darya shut Far min, Lukasjenko og Belarus
LJUBA JAKIMTSJUK TOGET FRÅ KYIV S. 26.
ingunn lunde Fortida i russisk samtidslitteratur
kåre johan mjør På sporet av Vladimir Putins verdsbilete
Vladimir Putin er mannen alle snakkar om. Biletet viser ei søppelkasse i Favara på Sicilia. foto: Unsplash / Don Fontijn
TEM A / P utin mot v erda
PÅ SPORET AV VLADIMIR PUTINS VERDSBILDE 24. februar 2022 invaderte Russland Ukraina. Dei fleste blei overraska. Nokre seier dei visste kva som ville koma. Men kva har Vladimir Putin eigentleg sagt om Russland, Ukraina, Vesten og verda?
av KÅRE JOHAN MJØR i forkant av invasjonen, 21. februar 2022, anerkjende president Vladimir Putin sjølvstendet til «folke republikkane» Luhansk og Donetsk i Ukraina. Anerkjenninga blei akkompagnert av ein lang fjernsynstale om Ukraina. Til liks med talen han heldt då Krim vart annektert i 2014, gjekk Putin rett til historia, eller det som er hans versjon av henne: Ukraina er konstruert av russarar, særleg av Lenin og bolsjevikane, men sidan 1991 har det «russofobiske» Ukraina vendt det «hjelpsame» Russland ryggen. Ukraina er no lite anna enn ein arena for fiendslege vestmakter, der det overordna målet er å «halda Russland tilbake». Som stat er Ukraina fullstendig mislukka og har dessutan inga eiga historie.1 Sjølv for oss som kjenner måten Putin vanlegvis uttrykkjer seg på, var den aggressive tonen sjokkerande og representerte ein uvanleg konfronterande framstøyt sjølv til han å vera. Krigserklæringa og utsegner i første fase av krigen gjekk endå eit steg vidare: Ukraina er styrt av ein «junta» som ikkje berre er nazistisk, men også ein gjeng «narkotikamisbrukarar». Fleire ekspertar meiner Putin står fram som meir irrasjonell enn tidlegare.2
Putin som politisk tenkjar Korleis ei så nedlatande haldning til nabolandet skal få Ukraina til nokon gong å opna seg mot Russland, er ei gåte. Etter invasjonen er det blitt umogleg. Samstundes var hovudsynspunkta til Putin i februar 2022 eigentleg ikkje nye. Denne artikkelen tek eit steg attende i tid og undersøker kva Putin har sagt tidlegare om Ukraina og om Russland i verda. Desse utsegnene er kjelde til det verdsbildet Kreml ønskjer å kommunisera. Putin opptrer gjerne som ein politisk tenkjar, særleg i form av artiklar i eige namn, sjølv om vi må rekna med at fleire skribentar har vore inne i bildet. Det er alltids lett å innvenda at som «politisk tenking» er dette magre saker. Men det er tvillaust ytringar som blir lytta til, analyserte og responderte på. Nytt i seinare tid er at han har teke på seg rolla som historikar også – han viser gjerne til informasjon han har «frå arkiva». Før vi ser på nyare tekstar, kan det vera nyttig med eit gjensyn med nokre klassiske Putin-ytringar.
Draumen om ei stormakt i ei multipolar verd I 1999, i det han overtok presidentembetet, kom den første artikkelen i Putins namn: «Russland på terskelen til eit tusenår».3 Her presenterte han det han meinte var «tradisjonelle verdiar for russarar», og ein av dei var Russland som stormakt – derzjava. Og «geopolitikk»
TEMA: PUTIN MOT VERDA | 11
Det var trass alt ein «geopolitisk katastrofe».
er eitt av områda der dette kjem til uttrykk: Russland forsvarer eigen tryggleik og interesser internasjonalt. Forskarar og kommentatorar har i grunnen vore nokså samde om at det postsovjetiske Russland knappast kan kallast ei reell stormakt, og i alle fall ikkje på dette tidspunktet.4 Men den nye presidenten la dette fram som ein verdi.
føra ein «uavhengig utanrikspolitikk». Kommentatorar har, med ein viss ironi, karakterisert denne talen som det postsovjetiske Russlands «sjølvstendeerklæring».7 I München såg Putin tilbake til den kalde krigen som norm for ein balanse mellom fleire hegemoniske polar. I 2020 kom dette endå klarare til uttrykk.
Den geopolitiske urkatastrofen
18. juni 2020 publiserte det amerikanske konservative tidsskriftet The National Interest ein artikkel i Putins namn: «Dei sanne lærdommane av 75-årsjubileet for den andre verdskrigen».8 Størstedelen av artikkelen handlar om kva som «eigentleg» skjedde i perioden før krigsutbrotet. Han er framprovosert av ei fråsegn frå EU-parlamentet i 2019, som fordelte skulda for krigen mellom Nazi-Tyskland og Sovjetunionen. Putin på si side forklarer krigen med den nasjonale audmjukinga av Tyskland etter første verdskrigen. At audmjuking skaper krigsfare, er lett å lesa som ei skildring av dagens situasjon, der mange – Putin inkludert – hevdar at Russland har blitt «audmjuka» etter den kalde krigens slutt. Artikkelen i National interest brukar mykje plass på å rettferdiggjera ikkjeåtakspakta med Tyskland, og Putin har ikkje uventa fått kritikk for alt han ikkje kjem inn på i denne samanhengen – framfor alt alle overgrepa i kjølvatnet av den sovjetiske invasjonen av Aust-Polen.9 Men teksten handlar ikkje berre om det som Putin og Kreml meiner er den historiske sanninga. Sentralt i artikkelens tittel står omgrepet «lærdommar». Éin lærdom er å ikkje dela opp stormakter etter «kunstige grenser», noko som ifølgje Putin skjedde både med Habsburg-imperiet og Det russiske imperiet etter den første verdskrigen. I begge tilfelle brukar han metaforen «tidsinnstilt bombe»: Nye inndelingar bar i seg nye konfliktar og trugsmål. Sovjetunionens oppløysing blir for Putin ei stadfesting av dette.
Ei av Putins mest kjende utsegner fall i 2005 under den årlege talen til parlamentet, der han omtalte Sovjet unionens kollaps som «ein av dei største geopolitiske katastrofane i det tjuande hundreåret».5 Det han særleg viste til i så måte, var dei 25 millionar etniske russarar som brått budde i nye statar, som mange av dei neppe opplevde som heimlandet sitt. Men det hadde også endå større dimensjonar, ikkje minst territoriale. Det var trass alt ein «geopolitisk kata strofe». Ein konkret ting han nemnde, var «Khasavjurtkapitulasjonen», altså avtalen som avslutta den første Tsjetsjenia-krigen og innebar at føderale styrkar måtte trekka seg ut av den tsjetsjenske republikken. Putins første politiske prosjekt var ei gjenerobring og reintegrering av Tsjetsjenia, og i 2005 hadde dette prosjektet nådd avgjerande milepålar. Ein annan berømt tale er den Putin heldt på tryggingskonferansen i München i 2007, der han fritt og freidig skulda særleg USA for å tre over grensene sine, både i geografisk forstand og ved å tvinga eigne normer på andre, utan vørdnad for internasjonal rett.6 Verda har blitt «unipolar», men Putins spådom var at verda i stadig større grad er i ferd med å bli «multipolar» – og at det var ei sunn utvikling. Putins USA-kritikk var ikkje ulik den ein har kunna høyra i Vesten, særleg i kjølvatnet av Irak-invasjonen. Det er likevel viktig å merka seg konklusjonen til Putin: Russland har ei «tusenårig historie» og dermed det privilegiet å kunna
12 | SYN OG SEGN 2–2022
Tilbake til Jalta
Vladimir Putin omtaler den ukrainske hovudstaden Kyiv som alle russiske byars mor. Biletet viser eit inngansparti i Kyiv. . foto: Unsplash / Marjan Blan
På den andre sida hadde Sovjetunionen også ein annan dimensjon. Medan radikalismen til dei revolusjonære bolsjevikane (Lenin & co.) gjorde narr av nasjonale tradisjonar og stod for full omvelting, viste andre verdskrigen at sanne patriotiske verdiar hadde overlevd. Russland gjekk ikkje under med revolusjonen, tvert om. Men grensene frå 1920-talet står framleis for Putin som amputasjonar av det som eigentleg er russisk territorium.
Det viktige tryggingsrådet Den andre viktige «lærdommen», som særleg er viktig i denne samanhengen der Putin skriv for eit internasjonalt publikum, handlar om internasjonalt samarbeid. Putin understrekar naturleg nok at Sovjetunionens innsats under andre verdskrigen var avgjerande, men han framhevar også at sigeren var eit kollektivt prosjekt der ei rekkje nasjonar bidrog på ulike flankar. Og ut av dette vaks stormaktsalliansen som blei stadfesta på konferansar i Teheran, Jalta, San Francisco og Potsdam. Sentralt her står The Big Three: Sovjetunionen, Storbritannia og USA. Det systemet dei etablerte, «la grunnlaget for ei verd som i 75 år var
utan nokon global krig, trass i skarpe motsetnader». Denne maktbalansen blei institusjonalisert gjennom Tryggingsrådet. Putin nemner eksplisitt vetoretten som det som sikrar denne balansen og hindrar direkte konfrontasjon. Motsatsen til dette er det gamle Folkeforbundet i mellomkrigstida, som han innleiingsvis skildrar som eit handlingslamma organ. Å fjerna vetoretten, slik nokre ønskjer, vil vera å føra verda attende til mellomkrigstidas kaos, hevdar Putin. Russland har elles nytta vetoretten særs aktivt det siste tiåret, i spørsmål om Ukraina og Syria,10 og vi kan forventa at landet vil gjera det framover også, i samband med invasjonen av Ukraina. Vetoretten i Tryggingsrådet er viktig for Russland fordi han er ein av dei få institutta som sanksjonerer ei stormaktsrolle. Til generalforsamlinga i 2015 sa Putin at «Jalta-systemet» hadde stabilisert verda etter 1945. Etter den kalde krigen er dette ei utsegn som har normative implikasjonar. Å halda fast ved rolla ein av «dei store tre» har vore eit utanrikspolitisk mål for Putin.11 Kva då med dei som ligg «mellom», som Ukraina?
TEMA: PUTIN MOT VERDA | 13
foto: Unsplash / Egor Myznik
FORTIDA DÅ OG NO
18 | SYN OG SEGN 2–2022
TEM A / P utin mot v erda
Historia blir stadig viktigare for Vladimir Putin. Og fortida er aldri langt unna i russisk samtidslitteratur. Men dagens store russiske forfattarar fortel andre historier enn Putin.
TEMA: GUD OG VI ANDRE | 19
Ljuba Jakimtsjuk er poet, manusforfattar og journalist. Dikta hennar er omsett til elleve språk. Foto: Valentyn Kuzan 26 | SYN OG SEGN 2–2022
TEM A / P utin mot v erda
TOGET FRÅ KYIV I krigen feirar vi bursdag kvar dag. Men det er berre dei som overlever, som kan feire.
a v L J U B A JA K I M T S J U K ved daggry den 24. februar 2022 vart eg vekt av ein ni månader gamal kattunge. Eg sleppte han ut av rommet og la meg til å sove vidare. Eg slumra då eg høyrde ein serie eksplosjonar utanfor vindauget og såg lyseksplosjonar på himmelen. Klokka var fem på seks i Kyiv. Mannen min og eg spratt opp av senga. Det er ikkje så lenge sidan vi kjøpte dette huset, framleis er det verken gardiner eller rullegardiner framfor vindauget. I staden har vi sola som skin inn over senga og ein vindaugskarm full av blomar. Det var gjennom dette vindauget eg såg eldregnet over himmelen. Eg skreik «elskling» og følgde opp med bannskap. Så sprang eg inn på barnerommet der ein vettskremt 11-åring alt hadde sett seg opp i senga. Vi sprang ned trappa mot første etasje. Eg mista telefonen min, han small mot flisene i trappa og sklei ned framfor oss. I gangen i første etasje slengde vi oss ned på golvet, som på instinkt. Vasyl, sonen min, heldt hendene framfor ansiktet. Eg kan framleis ikkje finne ord for å skildre den tyng ande, metalliske kjensla over hovudet. Som om du berre ligg der og venter på å bli avretta. Og ikkje berre det, ei tilfeldig, heilt vilkårleg avretting. Er vi i gang
med russisk rulett? Ein ven sa at «her feirar vi bursdag kvar dag». Men det er berre dei som overlever, som kan feire.
Bak frontlinja Eg vart kjent med krigen i 2014. Det var då heimbyen min Pervomaisk i det austlege Ukraina vart okkupert. Eg såg starten av krigen i Luhansk med eigne auge. Eg forlét byen saman med sonen min og ei tung kjensle av skuld. Den gongen tenkte eg at ein berre kunne flytte på seg og overleve. For bak frontlinja finst store landområde, byar der eg kunne gøyme meg, finne ein ny heim eller bygge ein sjølv. Denne gongen er det annleis. Nokre byar er delvis trygge, andre er direkte farlege. Men same kvar eg drar, kjenner eg denne kulda over hovudet mitt. Ho blir splintra av lyden av eksplosjonar, eller av sirener og røysta frå høgtalaren som bed oss gå mot bomberomma, også når det er uråd å finne dekning. Her må eg nemne at mannen min og eg førebudde oss både praktisk og rasjonelt på fullskala invasjon. Då det vart kjent at russiske troppar stod utplassert langs grensa til Ukraina og i delar av Belarus, var eg ikkje i tvil om at krigen snart ville kome til Kyiv, der vi bur.
TEMA: PUTIN MOT VERDA | 27
I krigen er det ingen fridagar.
Ljuba Jakimtsjuk voks opp i småbyen Pervomaisk aust i Ukraina, som i dag er ein del av den sjølverklærte folkerepublikken Luhansk. foto: Dirk Skiba.
Kyiv-cocktailar Difor deltok mannen min og eg på eit militærkurs for sivile. Der lærte vi ikkje berre om korleis vi skal te oss i kampsituasjonar, handtere våpen og kvitte oss med dei, eller om korleis vi skal identifisere eksplosive objekt, men også om korleis ein raskt og effektivt kan stoppe blødningar. Vi kjøpte 80 liter bensin og fylte tanken på den gamle bilen vår. Så kjøpte vi ein elektrisk generator, bygde opp eit matlager, korn, mjøl, grønsaker, fisk og kjøt. Vi fraus til og med ned tvorog (ein ukrainsk kvarg, red. anm) og mjølk i porsjonspakningar. Eg fylte opp førstehjelpsskrinet, kjøpte årepresser og bestilte walkie-talkiar. Barnet såg på dei og sa «mamma, eg vil overleve», medan han øvde på å slenge seg ned på golvet, på den måten ein gjer det når ein står i mål under ein fotballkamp. Så la eg ut ein tekst på Facebook om kva ein burde kjøpe før krigen kjem til Kyiv. Venene mine reagerte som om eg var blitt fullstendig galen. Til og med ektemannen min trudde at vi framleis hadde fleire månader på oss. Men han var velvillig
28 | SYN OG SEGN 2–2022
og kjøpte ståldunkar og bensin til Molotov-cocktailar, som vi frå no av kjem til å kalle Kyiv-cocktailar, og spurde etter medisinske sakser på alle apoteka i byen.
På golvet Og no ligg vi her, i gangen, ved eit grantre som veks i ei bøtte. Treet skaut knoppar etter jul, så vi bestemte oss for å la det få bli her hos oss. No er det slutt på førebuingane. Vi ligg verkeleg her. Ved sida av meg ligg den knuste telefonen min, og sonen min som (takk Gud!) heldigvis framleis er heil. Eg skjelv som om det var iskaldt. Eg klarar ikkje riste av meg kjensla av at alt dette som skjer, er uverkeleg. Då det roa seg, stengde mannen min straks vindauga med stållemmer. Ikkje alle har slike. Naboane våre, eit par med eit barn, har store franske vindauge som går heilt ned til bakken og skjelv under kvart bombetokt. Dei flytta inn hos oss og tok med seg ein hund og ein katt. Vi har ein hund og to kattar, så vi har fått sjansen til å observere artsgenerelle og artsspesifikke relasjonar i stor monn. Når vindaugslemmene er for, veit du
Vindauget var utan gardiner, men karmen var fylt opp av blomar. Gjennom dette vindauget såg Ljuba Jakimtsjuk eldregnet over himmelen den første dagen av invasjonen. foto: Yuri Barabash/ Privat
ikkje kva tid på døgnet det er. Difor varte dei første fire dagane uendeleg lenge. Klokka tolv på føremiddagen kjendest det som om klokka alt var sju på kvelden. Etter kvart opna vi vindauga på gløtt.
Nomen På den tiande dagen klarte eg endeleg å sove litt. Det var laurdag, men i krigen er det ingen fridagar. Eg lytta til luftforsvaret som jobba. Det gjorde godt. Eg har alt lært meg å skilje mellom dei ulike lydane – kva det er som flyg der over oss, og om eg er i fare eller ikkje. Eg treng ikkje gå i dekning kvar gong. Eg stod opp og kjende meg vel, som om det var helg. Av ein eller annan grunn verka det som om gleda slo inn gjennom kroppen frå ryggen. Sannsynlegvis fordi ho hadde vore klemt i hop dagen før, og den høgre trapesmuskelen og huda på hovudet kjendest nomen. Eg kunne ikkje eingong kjenne det høgre øyret mitt. Eg tenkte på å ringe den frivillige legetenesta og be om ein konsultasjon, men nei. Alt var i orden. Eg gjorde til og med litt morgongymnastikk. Om det
hadde vore varmt ute, ville eg ha teke ein joggetur i nabolaget. Eg skulle ha skrive at eg ikkje rømmer frå væpna spesialstyrkar, men berre er på ein joggetur. Eg har berre to måtar å kvitte meg med stress på. Gjennom å ta eit bad, eller gjennom å jogge. Eg har ikkje eingong eit badekar her. Vi har ikkje fått tid til å få det på plass. Men i går klarte eg å løyse opp i spenninga gjennom å gråte. Det er det som er greia med hormon. Dei må få utløp, på den eine eller den andre måten. Etterpå, med eit ansikt som var raudt av gråt, las eg eit dikt på eit nett-arrangement for den amerikanske PEN-klubben.
Barna våre Den natta sov eg ikkje på kontoret, slik eg hadde gjort i dagane før, men i senga. Det er tryggare på kontoret, for det er i første etasje. Men eg trivst betre på soverommet. Eg skrudde på varmen, for brikettane til varmeomnen rekk berre for eit par dagar. Eg sparar som ein tulling medan mannen min fraktar babymat og medisin til fødselsklinikken i Kharkiv. Med jamne mel-
TEMA: PUTIN MOT VERDA | 29
RUSSLAND ER MEIR ENN PUTIN
Syn og Segn bad fire ekspertar fortelle om kva dei set pris på med det store, vanstyrte nabolandet vårt.
AMUND TRELLEVIK Journalist og styreleiar i Barents Press Foto: Privat
Ein banja er langt meir enn ei badstue.
34 | SYN OG SEGN 2–2022
Det er mange ting eg vil takke Russland for. Men om eg skal få trekke fram ein ting, og spørsmålet her er jo kva eg tykkjer er det beste med Russland, vil eg seie den flotte og tradisjonstunge banjakulturen. Ein banja er, enkelt omsett, ei badstue. Men det er ikkje alt i Russland som lett lar seg omsetje eller overføre til ei vestleg forståing. For ein banja er langt meir enn ei badstue. Ein banja er ein kultur institusjon, ein møteplass for menneske frå ulike samfunnslag, i alle høgder og fasongar. Og ein stad for mental helse og fysisk velvære. Å vere i ein banja er eit prosjekt i seg sjølv. Her blir ein møtt av (strenge) ritual og mønster for korleis ein opptrer. Punkt 1: Alle er nakne (men det er kjønnsdelte seksjonar). Punkt 2: Aldri bruk bjørkeris (eller anna ris laga av eik eller einer) til å slå i området rundt hjartet. Kvifor? Eg vart det fortalt av ein russisk bantsjik (ein mann som jobbar i ein banja). På dei store, eksklusive banjahusa vert det servert mat, øl og vodka. På dei mindre, offentlege, gjerne nabolagsbadehusa i bydelane, er det enkel logistikk: Du tar med deg handklede, såpe, tørka fisk og kvas sjølv. Bruksområdet til dei to førstnemnde er opplagt. Kvas (mørk, kolsyrehaldig drikke laga av rug) og fisk knaskar du i pausane frå sesjonane, altså opphaldet inne i det varme badstuerommet. Sjølv er eg aldri mindre enn tre timar i ein banja. Helst meir. Ei god bok er ein god ven. Eller du kan prate med banjanaboen. For å briljere seier du på veg ut, til bantsjiken og andre gjestar: «S ljåkim parom.» – «Nyt badet!».l
TEM A / P utin mot v erda
Alle språk er vakre på sitt eige vis.
ØYVIND NORDSLETTEN Tidlagare ambassadør for Noreg i Russland og Ukraina. Foto: Privat ukuelege og rause folk : 1990-talet, eg sit på ein benk i
ein sørrussisk by og kjem i prat med ei vakker kvinne med markerte andletsdrag, vel 80 år. «Eg vart fødd medan tsaren styrte. Så kom verdskrig, Lenin og revolusjon. Alt vart snudd opp ned. Deretter fylgde år med borgarkrig. Vi budde i ei jordhole. Ikkje før hadde vi kome oss, så var det kollektivisering. Vi svalt, men overlevde. Heilskinna kom vi òg gjennom åra med terror på 30-talet. Vi pusta ut, heilt til 22. juni 1941. Då kom tyskarane og svei av landsbyen vår. Mann og son forsvann i krigen. Etter krigen var det harde år med gjenreising, men etter kvart fekk vi det betre. Rike på det jordiske vart vi ikkje, men det gjekk framover. Vi delte det vi hadde. Så kom perestrojka, og atter vart alt som vi trudde var sant og rett, snudd på hovudet.» «Det er eit heilt spesielt liv du har levd», seier eg. «Nei, slett ikkje», svarar ho, «det er eit tvers igjennom vanleg liv, eit slikt liv som millionar har levd, ingen grunn til å gjera noko vesen av det.» språket : Alle språk har noko vakkert ved seg, men alle språk er vakre på sitt eige vis. Høyr Pusjkins ugløymelege kjærleiksdikt «Ja Vas ljubil», eller det alle kan utanåt, Konstantin Simonovs, «Zjdi menja» – «Vent på meg». brødet : I Russland er eit varmt måltid utenkjeleg utan хлеб – brødet. Best er det mørke av rug. Legg du på det ein sylteagurk og eit stykke salo, salta flesk, og unner deg ein skvett av det vesle vatnet attåt, seiest du få ein forsmak på sæla. l
TEMA: PUTIN MOT VERDA | 35
Berre 13,4 prosent av rumenarane har tillit til regjeringa. Biletet viser ei gate i hovudstaden Bucuresti. foto: Unsplash / Adrian Dascal
38 | SYN OG SEGN 2–2022
VERDA
E VA M A RI E B U L A I
Når tillit blir mangelvare Dei skrur opp TV-en så ingen skal høyre skrika frå grisen som spring rundt i blokkleilegheita.
vi er tilbake i det kommunistiske Romania i ei trong lita leilegheit. Onkel kjem på besøk rett før jul og har tatt med seg ein gris. Problemet er berre at han er levande. To godt vaksne menn spring rundt i stova etter ein skrikande gris, mens mor i huset foreslår å sette opp lyden på TV-en for å avleie mistenksame naboar. Den absurde scena er frå filmen Aminitiri din Epocha de Aur (2009), som er sett til ei tid der ein heil gris var luksus ein berre kunne drøyme om. Far i huset fryktar at han kjem til å ende bak lås og slå om dei blir ferska. I 40 år levde mange rumenarar i ei konstant frykt for å bli innrapporterte eller angitt. Ein skulle følgje reglane. Var du bonde, skulle til dømes så og så mykje av avlinga eller bodskapen tilbake til kollektivet. Og heldt du igjen for mykje til deg og familien, var det nok av folk som spionerte på deg. Det kunne vere vener, familie, den du minst ana. Etter kommunismens fall har folk fått stadfesta mistankane sine: Fleire har lese i mappa si svart på kvitt at det var tilfelle der nettopp vener og familie rapporterte direkte til tryggingspolitiet Securitate. Kva gjer slike erfaringar med tilliten mellom folk? Og kva gjer dei med tilliten til styresmaktene?
Tal som talar for seg 13,4 prosent. Det er den prosenten av rumenarar som i dag har tillit til regjeringa. Det tilsvarande talet i Noreg er 68 prosent. Tala speglar på mange måtar historia. Nordmenn har levd i eit land der fungerande demokrati har vore normalen i over 100 år. I Romania blei det tent eit håp rett etter revolusjonen i 1989 om nettopp eit
VERDA | 39
I FJOR GJEKK EIN KLOSTERLEIAR UT OG SA AT VAKSINEN GIR DEG FISKEHUD.
KVEN HAR RUMENARAR TILLIT TIL? Militæret 68,2 Det Rumenske Akademiet 64,7 Kyrkja 62,4 Regjeringa 13,4 Dei politiske partia 8,8
%
40 | SYN OG SEGN 2–2022
fungerande demokrati. Ved det første frie valet den 20. mai 1990 gjekk 86 prosent av befolkninga til stemmeurnene. Mange trudde på ei betre framtid. Men som etter så mange andre revolusjonar fall tilliten til politikarane raskt og brutalt. Og han har ikkje komme seg opp att. Men kven er det rumenarane set sin lit til, når det ikkje er nokon grunn til å ha tillit til politikarane? Går vi attende til statistikken over kva for institusjonar dei set mest lit til, tronar militæret høgst med 68,2 prosent, deretter kjem Det Rumenske Akademiet, Romanias høgaste forum for vitskap og kultur, med 64,7, tett etterfølgt av kyrkja med 62,4 prosent. Eg har undra meg over kvifor det er så sterk motstand mot korona-vaksinen i Romania. Då eg kom attende frå ferie i Noreg i september i fjor, var berre 28 prosent vaksinerte. No er det 41 prosent. Det er ikkje mangel på vaksinar. Romania har måtta selje unna til andre europeiske land for at ikkje vaksinane skal gå ut på dato. Mens folk her ventar med å vaksinere seg, har over 60 000 menneske døydd av korona. Kan hende ligg noko av svaret i talet 13,4? Når det kjem ei oppmoding frå styresmaktene om å ta vaksinen, går det som det må gå. Orda deira fell på steingrunn. Men kyrkja sin bodskap fell i god jord. Dessverre har prestar og biskopar i den ortodokse kyrkja nytta posisjonen sin til å åtvare mot vaksinen. I fjor gjekk ein klosterleiar ut og sa at vaksinen gir deg fiskehud og blodkreft. Men her kan det verke som om høgare makter har tatt affære: Vedkommande hamna på intensiv avdelinga med nettopp korona.
Ein gris i stova skaper trøbbel i filmen Aminitiri din Epocha de Aur. foto: IMDB
Følgjer barna via videolink - Takk for tilliten, er ikkje ei uvanleg utsegn frå læraren på skulen. Ho merkar seg nemleg når vi litt annleis og utanlandske foreldre viser at vi har tillit til at ungen har det bra på skulen. Noko som er svært uvant for meg, er at fleire private barnehagar og skular i dei største byane har overvakingskamera innandørs. Når eg spør foreldre kvifor dei har behov for å observere ungen sin frå jobb, får eg til svar at rumenarar har ei smertefull erfaring med fysisk straff i skule og barnehage. Og det er ikkje besteforeldregenerasjonen vi snakkar om. Det er folk på min eigen alder og yngre som har erfaring med til dømes å bli slått over fing rane eller haldne fast i senga for at dei skulle sove (born opp til 5-årsalderen søv på dagen i rumenske barnehagar). Foreldra ønsker å sitte på jobb og følgje med på kva som skjer med barnet deira til kvar tid. Motargumentet om personvern når ikkje fram til bekymra foreldre som ikkje har tillit til at barnet deira har det bra.
I VALKAMPEN MÅ PARTIA BETALE FOR Å DELTA I DEBATTPROGRAM.
Betaler for å få delta Valdeltaking seier ofte mykje om tilliten i eit land. Ved parlamentsvalet i desember 2020 var valdeltakinga nede på 31,8 prosent. Nedgangen var på nesten 8 prosent poeng frå førre parlamentsval, i 2016. Tala stemmer overeins med tala for tillit til institusjonar i Romania, der dei politiske partia er på jumboplass med 8,8 prosent. Som journalist har eg merka meg ein del sider ved media som neppe er med på å auke tilliten til dei politiske partia: Det er TV-kanalar, nettaviser eller radio som får økonomisk støtte direkte eller indirekte frå politiske parti. I valkampen må partia betale for å delta i debattprogram. Utanom valkampar finst det døme på politikarar som betaler for å bli inviterte, det merkar ein ved at programleiaren lar betalande gjest føre monolog i kan hende fem minutt og ikkje stiller kritiske spørsmål. Interessant form for journalistikk, eller var det PR-byrå? La oss ta eit kort blikk attende igjen: Romania har hatt 40 år med kommunisme der politikarane gjorde som dei ville og folket måtte lyde. Som nemnt måtte bønder gi frå seg avling og dyr til fellesskapet. I tillegg blei eigedommar nasjonaliserte: Nokre blei regelrett tatt frå huset fordi myndigheitene bestemte seg for å nasjonalisere eigedommen, som altså betyr å overta huset; eit anna døme er at styresmaktene kunne bestemme at ein einebustad skulle delast opp til tre familiar. Slik mista svært mange eigedomsretten. Dagleg går eg forbi tomme hus som står og forfell fordi ein kranglar om kven som eig dei, eller fordi eigaren ikkje klarer å få ut leigebuarar som nærast har okkupert huset.
Romania har hatt ein kraftig velstandsauke etter at landet gjekk inn i EU. FOTO: Haseeb Jamil/Unsplash
Då diktatoren Nicolae Ceauşescu (1918-1989) bygde parlamentet i Bucuresti (det nest største byggverket i verda i flateinnhald), rydda han like godt eit område på meir enn sju kvadratkilometer. 40 000 menneske mista heimane sine og blei stua inn i blokker. I Oslo er området jamstort med heile bydel Gamle Oslo (som består av Lodalen, Grønland, Enerhaugen, Nedre Tøyen, Kampen, Våler enga og Helsfyr) eller ein og ein halv gong Grünerløkka. Eg har høyrt fleire historier om folk som jobba med å byggje parlamentet: Kom du deg på innsida, tok du sjølvsagt med deg ein suvenir heim – ein bit av ein dørkarm, eit handtak eller – slik ein eg kjenner gjorde – ein heil lastebil med murstein(!). Ettersom politikarane gjorde nett som dei ville, svara folket med å gjere som dei ville. Ein gjensidig mistillit, kan ein vel seie.
Statsministeren som juksa For kort tid sidan avslørte ein kjent gravejournalist at den sitjande statsministeren har plagiert store delar av doktorgraden sin (42 av 137 sider). Eit sjokkerande nyhende i mine auge. Men til ho har saka fått minimale konsekvensar – om nokon i det heile. Saka skal undersøkjast, men det kan sjå ut som om ho renn ut i sanden. Og statsministeren? Han sit trygt i stolen sin. Det høyrer med til historia at dette dessverre ikkje er den første statsministeren som har blitt ferska i å plagiere utdanninga si. Det triste er at når politikarane
VERDA | 41
25. mars i år heldt Razam - ei markering for fridom for Belarus framfor Stortinget.
52 | SYN OG SEGN 2–2022
VERDA
F O R TA LT | DA RYA SH UT T ILR E T T E L AGT | ASTR I D SV ER RE SDOT TE R DY PV I K F OTO | KETI L BLOM H AUGSTU L E N
Far min, Lukasjenko og Belarus Då eg var barn, skamma eg meg over familien min. Eg drøymde om at far min skulle byte side og støtte presidenten. Då eg vart gamal nok, forlét eg heimlandet mitt.
noko av det første eg stussa over då eg kom til Noreg, var at det var lov å sitte på grasplenane her. At ein ikkje vart jaga av politiet. Eg vart også overraska over kor lett det var å forstå systemet. Sjølv med dei avgrensa språkkunnskapane mine kunne eg lett forstå korleis ting fungerte, kva steg ein måtte gjennom for å studere, få studentbustad, jobb, opphaldsløyve eller for å levere ei eksamensoppgåve. Alt var transparent og føreseieleg. Heilt annleis enn heime i Belarus.
Då far min var parlamentarikar Eg vart fødd i Sovjetunionen. Far min var kirurg og sjef for eit sjukehus utanfor Minsk. Som alle andre med den slags jobbar var han partimedlem. Men han kom frå ein familie av såkalla folke fiendar. Bestefar hans hadde vore bonde. Han sat godt i det, men mista alt han eigde då landbruket vart tvangskollektivisert på 1930-talet. Så vart han deportert til Sibir. Stalin sende femten prosent av bøndene i Belarus til fangeleirar aust for Uralfjella. I tida etterpå svalt mange i hel. Nokre historikarar hevdar at fem prosent av innbyggjarane i Belarus døydde i denne svoltkatastrofen.1 Min farfar, son til han som vart deportert til Sibir, var krigsfange under den andre verdskrigen. I alle åra etterpå vart han rekna som ein landsforrædar. Våren 1990 var det parlamentsval i Belarus. Kommunistpartiet var einaste tillatne parti. Folk var inspirert av dei demokratiske protestane i dei baltiske landa. Far min stilte til val som uavhengig kandidat og fekk plass. Den sommaren erklærte Belarus seg som
VERDA | 53
Vesaas og Fuglane har gjort stor suksess i Tyskland. Biletet viser Konstantin Lindhorst og Julia Goldberg som Mattis og Hege i teatergruppa Fringe Ensemble si oppsetjing av Fuglane frå 2021. 60 | SYN OG SEGN 2–2022
SAMFUNN O G KULTUR
B E N E D I K T JAG ER
Om fuglar og hestar Det første forsøket på å lansere Tarjei Vesaas’ forfattarskap i Tyskland gjekk skeis. Med forlaget Guggolz har Vesaas fått ein ny vår i Tyskland.
Men det mest fantastiske med kvartbekkasinen, i tillegg til namnet, syntest eg var at han under stup høyrest ut som ein galopperande hest. Eg såg for meg dette: at eg stod på ei vidde og høyrde ein galopperande hest nærme seg, så eg snudde meg etter lyden, men der såg eg i staden ein stupande fugl. Eg måtte gråte igjen. Dette var meg. Gunnhild Øyehaug: Fuglar (2020)
«i den norska författaren Tarjei Vesaas’ roman Fåglarna från 1957 (som följer med mig vart jag går i livet) spelar morkullan en viktig roll. Bokens huvudperson Mattis, […] dras ständigt til naturen och tyder dess tecken. När morkullan plötsligt visar sig i skymningen ser han det inte som något gott omen: […]»1 Det er ikkje overraskande at ein fugle-begeistra forfattar som Tomas Bannerhed blir dregen mot Vesaas’ klassiske roman. Han vidarefører ei svensk tradisjonslinje som strekkjer seg tilbake til Nobelpris-komiteen som vurderte Vesaas som ein mogleg vinnar seint på 60-talet,2 og han speglar for eksempel Per Olov Enquist. Særleg i Nedstörtad ängel kan ein spore nærleik til Fuglane. Den gåtefulle handlinga blir knytt til fuglane: «Jag kunde foreställa mig at jag befann mig på en […] yttersta gräns. Och så fåglarna, inborrade i sina drömmar. [/] Plötsligt en rörelse, en fågel som lyfte. Jag kunde inte höra et ljud, såg bara hur den
TARJEI VESAAS 125 ÅR | 61
Kampanjeplakat for den svenske folkerøystinga om brennevin 27. august 1922. 49 prosent stemte for forbod og 51 imot. foto: Wikimedia Commons
78 | SYN OG SEGN 2–2022
SAMFUNN O G KULTUR
K A RL E GI L JOH A NSEN
Frå stengde kranar til frislepp Historia om korleis fråhaldsrørsla gjekk frå å vere ein maktfaktor i norsk politisk liv til å bli ein liten, ignorert minoritet.
fråhaldsrørsl a er ut frå medlemstalet blitt rekna for å vere den største folkerørsla i norsk historie. I 1919 hadde organisasjonane som organiserte fråhaldsfolket, 257 000 medlemer. Det er nærliggjande å samanlikne med arbeidarrørsla, der Arbeidarpartiet hadde i underkant av 100 000 medlemer på same tid. Høgdepunktet for fråhaldsorganisasjonane var sigeren ved folkerøystinga om brennevinsog heitvinsforbod i 1919. I dag er situa sjonen ein heilt annan. Mens fråhaldsfolket i 1919 utgjorde vel 10 prosent av befolkninga, utgjer dei i dag mindre enn to promille. Tilslutnaden har meir eller mindre forvitra, og med det òg makt og innverknad på alkoholpolitikken. Kva var så grunnen til at dei mange medlemene forsvann og fråhaldsfolket etter kvart vart redusert til ein liten, ignorert minoritet? Det finst ikkje noko enkelt svar, men i denne artikkelen skal vi prøve å nøste opp litt av bakgrunnen for fallet til den ein gong så mektige folkerørsla.
Frå siger til nederlag Etter langvarig kamp fekk fråhaldsfolket i løpet av få år oppleve at målet, eit nasjonalt forbod mot bruk av alkohol, vart realisert. Det som gjorde dette mogeleg, var dei spesielle forholda under fyrste verdskrig. Allereie i august 1914 vart det vedteke eit mellombels forbod mot produksjon av brennevin og øl. Ein forventa mangel på råvarer som korn og poteter var eit viktig argument, det same var eit ønske om å skape ro og orden i den nye krigssitua sjonen. Forbodet vart gradvis oppheva utover hausten same året. Men krigen drog ut og vart stadig meir nærgåande gjennom den tyske ubåtkrigen i Nordsjøen. Saman med ein viss auke i alkoholforbruk og drukkenskap gjorde dette at det i desember 1916 vart innført eit nytt, mellombels brennevinsforbod. I tillegg til eit forbod mot produksjon av brennevin kom no òg eit forbod mot all import av brennevin, øl og vin frå utlandet. «Juleforbodet», som det vart kalla, vart
SAMFUNN OG KULTUR | 79
FREMSTE FORBODSFYLKET VAR MØRE OG ROMSDAL.
Den internasjonale gotemplarordenen (IOGT) hadde gode dagar i Noreg også etter at brennevinsforbodet vart oppheva. foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
82 | SYN OG SEGN 2–2022
mellomsterkt øl som pils og bayer kom tilbake i butikkane i 1919, året etter òg sterk ølet. Det ser ut til å ha kompensert for mykje av den reduksjonen i alkoholbruken som brennevins- og heitvinsforbodet førte med seg. Snart kom òg heitvinsforbodet under press frå «vinlanda», Frankrike, Spania og Portugal. Forhandlingar med desse starta hausten 1920, og året etter var ein avtale med Frankrike på plass. Her måtte Noreg forplikte seg til fri import av vin med inntil 14 prosent alkohol (dvs. òg heitvin med 12–14 prosent alkohol). For å få kontroll med vinomsetninga vart det oppretta eit halvstatleg vinmonopol, A/S Vinmonopolet. Dette kunne likevel ikkje hindre eit aukande vinforbruk, som på sikt skulle vere med på å undergrave forbodet. Avtalen med Frankrike innebar òg at Noreg måtte forplikte seg til å importere 400 000 liter brennevin og heitvin i året. Tanken var at denne alkoholen skulle gå til teknisk, vitskapleg og medisinsk bruk. Forhandlingane med Spania og Portugal vart endå hardare. Dei brukte særleg importen
av norsk klippfisk som pressmiddel. Våren 1921 innleia Spania ein veritabel tollkrig mot Noreg, som svarte med å auke tollen på spanske varer. Utpå hausten kom ein likevel fram til ein avtale der Noreg måtte gå med på å importere 500 000 liter brennevin og heitvin frå Spania i året. Seinare kom ein tilsvarande avtale med Portugal om 600 000 liter. Å nyttiggjere seg heile dette kvantumet på ein legal måte synte seg umogeleg. I 1923 fann Stortinget det derfor nødvendig å oppheve forbodet mot heitvin. Dermed stod ein att med forbodet mot brennevin, og det var openbert berre eit tidsspørsmål før også dette «restforbodet» ville falle. Dei fleste forkjemparane for forbod var likevel ikkje villige til å gje seg. Mens Storting og regjering hadde vore arena for striden frå folkerøystinga i 1919 fram til opphevinga av forbodet mot heitvin i 1923, vart det fram mot folke røystinga i 1926 i aukande grad ein kamp om opinionen.
Forbodet sine «skuggesider» Når dei som kjempa for forbod, leid eit så svidande nederlag ved folkerøystinga i 1926, er dette ofte blitt forklart med dei nemnde handelsproblema, særleg vanskane for klippfiskeksporten. Men tilbakegangen i Møre og Romsdal, det mest utprega klippfiskfylket, var mindre enn mange andre stader, på Sunnmøre berre 4 prosent. Handelsproblema blir med andre ord utilstrekkelege når ein skal forklare det ulike utfallet av folkerøystingane i 1919 og i 1926. Andre faktorar, og mest det Per Fuglum har kalla forbodet sine «skygge sider», hadde truleg meir å seie for denne opinionsendringa.
Vitseteikning frå den gongen brennevinet var reseptbelagt. Teksten var denne «ligger hun for døden, sier de? Det får ikke hjelpe. Jeg har annet å bestille». foto: Wikipedia
1923
vart det skrive ut over to millionar reseptar. I gjennomsnitt skreiv legane då ut ca. 1250 reseptar kvar, men Per Ole Johansen fortel om ein i Kristiania som skal ha skrive ut over 48 000.
Mykje som er skrive om forbodstida, handlar om dette. Ei av skuggesidene var bruk av alkohol som skulle gå til teknisk eller medisinsk bruk. Den tekniske spriten var ofte tilsett stoff som skulle gjere han udrikkeleg, såkalla denaturert sprit («dunder», på folkemål). Den denaturerte spriten måtte derfor destillerast på nytt om ein skulle få bort desse tilsetjingane. Enkelte hadde bra utstyr til slik destillasjon, andre klarte seg med enkle metodar. Mest brukt var raudsprit, som òg vart drukken utan reinsing. Misbruket var størst under og like etter krigen, til det i 1920 kom restriksjonar på kjøp av denaturert sprit. Ulike former for surrogat var heller ikkje uvanleg, alt frå hostesaft (rigabalsam) til helseskadelege produkt som hårvatn, nafta, ja, jamvel skokrem og kvistlakk. Dei største problema var likevel reseptmisbruk, heimebrenning og smugling. Reseptmisbruket tok til alt til i 1917, men det var fyrst under spanskesykja i 1918–1919 at det for alvor skaut fart. Motsett utviklinga internasjonalt heldt mange norske legar på den gamle førestillinga om brennevinet som medikament med medisinsk betydning, særleg konjakk. Hausten 1918 fekk alle jamvel lov til å kjøpe ei halvflaske brennevin utan resept, den «løvlandske halvflaske» (etter sosialminister Jørgen Løvland). Det vart òg skrive ut reseptar til husmedisin før folk var blitt sjuke – «i påkommende tilfelle». I 1923 vart det skrive ut over to millionar reseptar. I gjennomsnitt skreiv legane då ut ca. 1250 reseptar kvar, men Per Ole Johansen fortel om ein i Kristiania som skal ha skrive ut over 48 000.8
SAMFUNN OG KULTUR | 83
Svetlana Aleksijevitsj seier at ho ikkje er historikar, men humanist. I boka Slutten for det røde mennesket skildrar ho Sovjetunionen som mental tilstand. foto: Unsplash / Pavel Neznanov
88 | SYN OG SEGN 2–2022
EIVINDS B OKHYLLE
Støvet syng Ei sanning skin sterkare enn andre, når ho er formulert med fynd og klem og aforistisk kraft. Bøkene til Svetlana Aleksijevitsj inneheld så mange slags sanningar.
TEKST Eivind Myklebust eg gløymer aldri synet av den lange køa utanfor den første McDonald’s-restauranten som opna på Pusjkin-plassen i Moskva 31. januar i 1990: Grått vêr, gråbrune fasadar og brungråe hattar, frakkar, skjerf. Og så den solgule M-en – eit strålande symbol på den frie marknaden – som liksom sprett fram frå ein blodraud bakgrunn. Og under M-en? Jo, Sovjetunionens raude flagg, med stjerne, hammar og sigd skinande i matchande gult. Ein skulle tru dei var laga for å gå i lag. Eg skriv at eg ikkje gløymer synet, men om sant skal seiast, har eg ikkje sett McDonald’s-restauranten på Pusjkin-plassen ved sjølvsyn, verken der og då eller på eit seinare tidspunkt. Eg var knapt halvanna år gammal då, og vaks opp på NordVestlandet i Norge, med foreldre som sikkert hadde uroa seg for etterverknadane av Tsjer-
nobyl-ulukka i åra før eg blei fødd. Eg vaks opp etter at den største strålefrykta hadde lagt seg, etter at den kalde krigen inntil vidare var over, og eg var stort sett uvitande om den gamle verdsordenen. Eg var forma av dei fryktlause 90-åra, då historia visstnok var over og ideologiane i alle fall forbi. Slik skulle det ikkje bli. Vi las George Orwell på ungdomsskulen, Karl Marx på gymnas. Vi lærte først å avsky det totalitære, sidan kapitalismen òg, sjølv om det var den vi pusta og levde i. Der var framleis ei verd å vinne og draumen om sosialismen døydde ikkje ut. Det var sikkert nokon som snakka om Lenin og Stalin, men dei høyrde vi aldri på; det var dei same folka som var i overkant opptatt av kosakkluer og sovjetiske rekvisittar, og som brukte sosialistiske slagord for å snylte til seg øl og sigarettar.
EIVINDS BOKHYLLE | 89
Eg vaks opp etter at den største strålefrykta hadde lagt seg.
Når det galdt det enorme nabolandet der i Aust, trur eg for eigen del at konturane først byrja å klårne då eg las journalisten Anna Politkovskajas bok Putins Russland. Ho hadde blitt skoten og drepen eit år i føre vegen, og eg las boka på ein nattbuss som skulle køyre meg til Dillingøy, der eg skulle innrullerast i den stolte siviltenesta, som militærnektar eller -vegrar, alt etter som. Eg skulle bli ein av landets siste sivilarbeidarar; militæret var ikkje noko for meg, heller ikkje for så mange andre rundt meg. No var det visst mest for spesielt interesserte. Det var fredelege tider. Var det ikkje?
Ein slags normalitet Politkovskajas bok gjorde inntrykk. Både kontinuiteten og brota mellom Sovjet unionen og Russland steig fram der, men viktigare: Den heilt spesifikke kynismen og brutaliteten til Putin, slik det tidleg og
konkret kom til uttrykk i utbombinga av Tsjetsjenias hovudstad Groznyj, og slik det seinare spreidde seg både innan- og utanlands. Dette forma nok blikket mitt på Russland. Likevel har det herska ein slags normalitet, eg kan ikkje seie å ha opplevd det annleis. Russland har rett nok vore eit framandt land, som vi har møtt med mistenksame miner og eit blikk bada i vestlege førestillingar. Eg har prøvd å utfordre nokre av desse førestillingane i meg sjølv, leita etter bøker som kjem seg bak dei. Det har vore ei vanskeleg øving, men i bøkene til den kviterussiske nobelprisvinnaren Svetlana Aleksijevitsj har eg i alle fall fått god hjelp. Aleksijevitsj lèt det einskilde mennesket stige fram i bøkene sine, i sakprosaiske kor og symfoniar som skapar samanheng mellom einskilde lagnadar og den kollektive historia. Ho undersøkjer menneskesjela – det handlar om kjærleiken, sorga, fortvilinga – men er
Anna Politkovskaja vart vegen inn i Putins Russland for artikkelforfattaren. foto: Shutterstock
90 | SYN OG SEGN 4–2021 2–2022
Aleksijevitsj skriv historia om det ho kallar sovjetmennesket. foto: unsplash / Sovjet Artifacts
samstundes på sporet av det ein kan kalle eit massemedvit. Ambisjonane er ikkje små. I den store syklusen ho kallar Utopiens stemmer, jobbar ho langsamt med massive mengder intervju, som ho redigerer og syr saman til bøker som ikkje går opp i liminga med det første. Den førebels siste boka i syklusen, Slutten for det røde mennesket. Tiden second hand, kom i 2013. Sidan då har ho arbeidd med eit stort verk om kjærleiken, som no er sett på vent medanho skriv bok omrevolusjonen i Kviterussland i 2020. Hotrudde ho snart var ferdig med den. Så kom krigen i Ukraina. Enn så lenge er Slutten for det røde mennesket det breiast anlagde bandet i syklusen. Her vil ho skildre «sovjetmennesket» – homo sovieticus – så å seie i eigen person. Det er eit historisk emne, men i nokre innleiande notat til boka, understrekar Aleksijevitsj at ho ikkje er historikar, men humanist: Å fange katastrofen i rammen av det dag
ligdagse, det er den eneste måten å forsøke å fortelle noe på. Komme frem til en forståelse. Jeg slutter aldri å undre meg over hvor interessant et vanlig menneskeliv er. Antallet menneskelige sannheter er uendelig... Historiefaget interesserer seg bare for fakta, det holder det emosjonelle utenfor. Det er ikke akseptert å slippe det inn i historien. Men jeg ser på verden med humanistens blikk, ikke historikerens. Jeg lar meg forundre over mennesket ...
Mange små sanningar Eg trur dette er sentralt. For sjølv om Aleksijevitsj kallar seg sjelshistorikar og etter eige utsegn vil skildre «en særskilt menneske type» som visstnok blei avleggs og forsvann i historia då Sovjetunionen braut saman, er det nettopp kløfta mellom då og no ho ser ned i og prøver å kome seg over. «Jeg spurte alle jeg møtte: ‘’Hva er frihet?’’» fortel ho ein stad i innleiinga: «Fedrene svarte noe annet
EIVINDS BOKHYLLE | 91
Biografiar
I førre utgåve av Syn og Segn hadde vi forveksla bileta av Pompeu Fabra og Antoni Maria Badia i Margarit i Johannes Nymarks artikkel om katalansk språk. Vi beklagar. Antoni Maria Badia i Margarit
Pompeu Fabra
K A ISA AGLE N (f. 1985) er lyrikar. Ho voks opp i Volda og har studert filosofi. Aglen debuterte som forfattar med boka Kvar i kroppen sit ingenting (Samlaget 2012).
ING UN N LUN D E (f. 1969) er professor i russisk ved Universitetet i Bergen. Siste utgjevne bok på norsk er Fragmenter av fortid – historiens rolle i russisk samtidslitteratur (Dreyer 2019).
EVA M A RIE BU L A I (f. 1979) voks opp i Vadsø, der ho starta journalistkarrieren i lokalavisa Finnmarken. Ho er utdanna frå Universitetet i Oslo (Balkan-studium) og Høgskolen i Oslo ( journalistikk). Bulai er journalist i NRK og er gift med Iulian Bulai, som er parlamentsmedlem i Romania for partiet USR PLUS.
KÅRE JOHAN MJØR (f. 1973) er førstelektor i russisk ved Universitetet i Bergen og første bibliotekar ved Høgskulen på Vestlandet. Han har doktorgrad i russisk og har forska på Russland og russisk idéhistorie gjennom fleire år. Han har mellom anna gjeve ut boka Russiske imperium (2017).
ASTRID SV ERR E S D O T T E R DYPV I K (f. 1977) voks opp i Nordland og Trøndelag og er historikar, forfattar og redaktør for Syn og Segn. Ho gav ut boka Det mørke Tyskland – ei reise blant høgre ekstremistar i 2021. M A RTIN INGE BR I G T S E N (f. 1984) er poet og forlagsredaktør og bur i Trondheim. Han debuterte med boka Riv av seg ansiktet (Samlaget 2018). BE NE DIKT JAG E R (f. 1966) voks opp i Saarland, Tyskland. Han er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Stavanger og redaktør for Norsk litterær årbok. Den siste boka hans på norsk er Norsk litteratur bak muren. Publikasjons- og sensur historie fra DDR (1951–1990). LJ UBA JA K IMT S J U K (f. 1985) er poet og journalist. Ho er opphavleg frå Luhansk, men var busett i Kyiv då Ukraina vart invadert. Etter at ho forlot landet, har ho reist verda rundt for å snakke om krigen i heimlandet. Ei av diktsamlingane hennar er tilgjengeleg i engelsk språkdrakt. Den har tittelen Apricots of Donbas. K A RL E G IL JO H A NS E N (f. 1947) er historikar og professor emeritus ved Høgskulen på Vestlandet. Han har skrive ei rekkje faghistoriske bøker og artiklar, særleg om fiskerihistorie og kystkultur, men òg om kommune- og regionshistorie, jødisk historie, fotballhistorie og andre tema.
98 | SYN OG SEGN 2–2022
EIVIN D MY K L EBUST (f. 1988) er litteratur kritikar i Klassekampen og fast litteraturskribent i Syn og Segn. Han voks opp i Ørsta, er ein ihuga fotballentusiast og vart kåra til Årets litteratur kritikar i 2020 av Norsk Kritikerlag. DAG H. N EST EG AR D (f. 1968) er journalist, forfattar og filmprodusent. Han har jobba i NRK, vore redaktør for Bok og Samfunn og har skrive biografiar om Kjell Opseth og om flypioneren Thor Solberg. I dag er han taleskrivar i Kunnskaps departementet. DARYA SH UT (f. 1984) voks opp i Minsk i Belarus og flytta til Noreg i 2005 for å studere statsvitskap ved Universitetet i Oslo. I 2020 var ho med på å grunnlegge Belarussisk forening i Norge – Razam, som mellom anna har engasjert seg for å få nord menn til å byte ut namnet Kviterussland med Belarus og i protestane mot valfusket i 2020. PER EMIL SK JEL BR ED (f. 1988) er journalist i Suldalsposten. Han har studert nordisk litteratur og samfunnsgeografi ved UiO. Skjelbred har vore aktiv i Raud Ungdom og i Raudt. T OR A AASL AN D (f. 1942) er busett på Bryne. Ho har vore stortingsrepresentant, minister for høgare utdanning for SV (2007–2012) og fylkesmann i Rogaland. I 2005 vart ho Kommandør av St. Olavs Orden.