Issue_Sea north shipping

Page 1


Kjartan Brügger

Bjånesøy

40 ÅR MED OPPTUR UNDER VATN

INNHALD

Prolog

– Er det ikkje berre å fortelje historia som ho er, utan for mykje fiksfakseri?

Spørsmålet til Hallvard Bertin Klepsvik var korleis han såg for seg ei bok om North Sea Shipping. Han er den eldste av gründerane og var den første administrerande direktøren. No sat han på kontoret i lokala til reiarlaget i sjøkanten på Bakkasund i Austevoll kommune og drakk lunka kaffi frå eit krus med logoen til føretaket dei starta for 40 år sidan. Han såg ut vindauget. Tenkte han? Med dryge tusen kvadratmeter fordelt på tre etasjar er det god plass til å tenkje.

– Men me må ikkje blamere oss, sa han.

– Nei?

– Nei, og heller ikkje snakke negativt om andre. Heimanfrå lærte me at me ikkje skulle baksnakke folk. Krangling og konfliktar legg me bak oss. Me må trekkje dei store linjene og ikkje lage noka stor greie av at me har tent nokre hundre millionar her og der.

– Det må vel vere lov å skryte i ei jubileumsbok?

– I så fall må det dempast veldig. Me har aldri vore bajasar, og det må me passe oss for.

– Litt skryt?

– Okei, då. Litt skryt kan me vel få.

Han smilte: – Det har trass alt gått ganske bra med oss her ute på skjeret.

I kontorlokala til North Sea Shipping er det ingen tvil om kva dei jobbar med: Det handlar om båtar.

Forord

I 2011 DROG EIT team frå Finansavisen i Oslo til Vestlandet for å spore opp det dei kalla «Norges ukjente offshoreprinser». Det starta ikkje bra for journalistane. Dei tok ferje, kryssa bruer og øyar, men fann ikkje kontoret til reiarlaget. Kunne verkeleg eit av dei mest lønsame reiarlaga i landet halde til så langt ute i periferien? Dei måtte til slutt spørje om vegen.

Til journalistane sitt forsvar var dette nokre år før alle bustader og bygg i Austevoll kommune fekk namn og nummer, og North Sea Shipping skulle etter kvart få adressa Kvaløya 18, 5385 Bakkasund.

I kvar sin genser med V-hals utanpå skjorta pryda brørne Knut og Hallvard Bertin framsida av Finansavisen med tittelen «Norges ukjente milliardærer»: «I det stille har tre brødre og en svoger i Austevoll bygget opp en av Norges største private formuer», skreiv dei, og meinte at dette var familien som finansmagasinet Kapital aldri fann då dei laga lista over dei rikaste i landet.

Dei to andre gründerane, Harald Torbjørn Klepsvik og Aksel Økland var ikkje med på biletet. Mest truleg var dei ute på oppdrag med å følgje opp nye fartøy. Og

GRÜNDERANE

Aksel Økland (f. 1954)

MØTEROMMA I KONTORBYGGET TI L North Sea Shipping er alle kalla opp etter øyar omkring Storekalsøy. Ved inngangen til det store møterommet «Spissøy» er glasveggane folierte med bilete av foreldra til gründerane. Her finn du ein smilande Hans Økland og kona Dorthea Melingen. Dei skulle få fem barn, og nummer fire i rekkja var Aksel. Faren reiste i fleire år som maskinist, både på fiske og i nordsjøfart.

– Eg såg ikkje mykje til far vår då eg vaks opp. Han kom heim til jul, og så var det kanskje ein månad fri om sommaren. Då fiska vi ein del saman, men eigentleg blei vi ikkje så godt kjende før han slutta å reise til sjøs. Han fekk hjarteproblem i slutten av 50-åra, men reiste til han var 65 år, dei siste åra som stuert. Han var ingen stor kokk, men mannskapet var ikkje så kravstore på den tida, seier Aksel.

Mora Dorthea var, som dei fleste mødrer på den tida, heimeverande då barna var små. Seinare i livet jobba ho mykje som heimehjelp.

– Me budde berre hundre meter frå sjøen, og det var der eg likte meg aller best, fortel Aksel. – Men som liten var eg «slupsen», det blei et problem, for eg dreiv stadig og ramla på sjøen. Dei eldre karane jaga meg ofte heim, dei blei lei av å plukke meg opp.

Det beste var då Aksel fekk vere med farfaren Martin. Han blei fødd med etternamnet Taranger, men skifta seinare til Økland.

– Frå stoveglaset kunne eg sjå når bestefar var på veg til sjøen, og då sprang eg etter. Eg hadde full kontroll på alt han gjorde. Han hadde ein gammal færing, ein open robåt, og i barndommen var eg nok meir med bestefar enn min eigen far. Men bestefar døydde av kreft då eg var sju år gammal, det var trasige greier.

Aksel var berre 14 år då han reiste på fiske første gong.

Skøyta fiska etter brisling, størje og sild, men dreiv òg med hjelping.

– På den tida hadde ikkje snurpebåtane sidepropellar, så når dei gjorde store k ast, måtte hjelpebåten slepe snurparen. Me var om bord og hjelpte til med å hale nota.

For hjelp til sleping, håving og tørking av nota fekk hjelparen 10 prosent av fangsten. Turen denne måndagen i mai gjekk rett ut i Nordsjøen.

Frå stoveglaset kunne eg sjå når bestefar var på veg til sjøen, og då sprang eg etter.

– Våren 1969 blei eg kontakta av Brødrene Birkeland Fiskebåtrederi, som mangla mannskap på «Vima». Problemet var at eg gjekk på framhaldsskulen, men etter avtale med læraren fekk eg lov å reise ut etter siste eksamen. Eg kan hugse spenninga då me la ut frå kai 18. mai i 1969.

«Vima» var ei skøyte på 65 fot, kjøpt i 1953 for 50 000 kroner i kontantar av brørne Harald og Arne Birkeland.

– For ein 14-åring var det tøffe tak å hale på dei store nøtene, og eg hugsar det som steikjande tungt. Det største problemet var at eg blei så forferdeleg sjøsjuk. Då vi omsider kom i land i Haugesund, gjekk det rundt for meg i mange dagar etterpå.

Men Aksel gjorde seg ikkje vekk, og det blei fleire turar med brørne Birkeland. Tenåringen frå Torangsvåg hadde lagt seg opp godt med lommepengar då han var klar for juleferie. Men høgtida heime i Torangsvåg blei alt anna enn god.

Fire dagar før julaftan i 1969 skulle Karl Økland, onkelen til Aksel, ein tur på butikken i Torangsvågen. Heime hadde onkel Karl ei dotter på eit halvt år som nettopp hadde blitt døypt til Charlotte, og på butikken jobba den eldre dottera Anne Marie i kassen. Inne i butikken fall han om av hjartestans. Karl Økland blei berre 46 år.

Åtte år tidlegare hadde ein annan onkel av Aksel lidd same skjebne. Kvar søndag hadde mennene i bygda for vane å samlast på same stad, men på ein av desse godvêrsdagane kom Mandinus Økland i store sjøstøvlar. Han var ungkar og styrmann, men sjølv for ein ugift mann var ikkje dette vanleg fottøy på ein frisøndag. Mandinus var så hoven i beina, sa han, og fekk ikkje på seg andre sko. Dagen etter døydde han av hjartestans, 43 år gammal.

– Det var vore mykje hjartetrøbbel på farssida, og sjølv har eg hatt eit par pottetette blodårer og vore gjennom ei stentbehandling for å ordne opp i systemet. No fungerer alt godt, så det har gått greitt, seier Aksel.

Men i dagane etter at onkel Karl fall om på butikken i 1969, kjende Aksel seg dårleg. 15-åringen hadde vondt i magen og kasta opp, og foreldra tenkte at det var sorga etter onkelen som hadde sett seg i han. Fjerde juledag slo mormora frå Troland neven i bordet, og sa at nok var nok. No måtte dei tilkalle lege! Distriktslegen Finn

Dyngvold kom sjøvegen frå Storebø. Med sprokken blindtarm blei 15 år gamle Aksel i all hast send til Haukeland sjukehus i Bergen.

– Om eg hadde kome ein time seinare, hadde eg vore ferdig. Eg blei liggjande på sjukehus i to månader. Det var gått betennelse i buken, og eg fekk all næring intravenøst. Eg vog 65 kilo då eg blei lagd inn, og då eg kom heim, var eg 40 kilo.

Aksel var aldri i tvil om at han skulle til sjøs igjen. Sakte, men sikkert kom han seg på beina og fekk feita seg opp. Sommaren 1970 var han igjen på fiske. Då hausten kom, byrja han på realskule og fekk dagleg skuleskyss til Storebø med Lars Horgen. Båten til Horgen fungerte òg som ambulansebåt, og ofte blei det mange timar å vente for pendlarelevane. Tida gjekk mest med til å røykje i eit kaldt busskur.

Då Aksel var 16 år, blei han kjend med 15 år gamle Mari Klepsvik ute frå Bakkasund. Men det skulle gå nokre år før dei blei eit par og etter kvart gifta seg, i 1976.

Sjølv med hjarteproblem blei faren Hans Økland 81 år. Han var ti år eldre enn kona Dorthea, som òg levde til ho blei 81.

Lenge før foreldra døydde, peila Aksel seg ut ei maritim utdanning og reiste på skule i Haugesund. Som ferdig styrmann fekk han jobb på kjende Austevoll-båtar som «Gerda Marie», «Ole Bakk» og «Haugagutt». Men det var ikkje lenger berre fiskeri som lokka sjøfolk på jobb i Nordsjøen.

Allereie i 1973 hadde dei utflytta austevollingane og reiarane Ellen Marie og Mikkel Forland bygd om eit fiskefartøy til seismikkskip. Fleire snurpebåtar frå Austevoll skulle bli hyra inn som hjelpebåtar, og ombygde fiskebåtar blei tekne i bruk i standbytenester. Utbygginga av Statfjord-feltet, det største oljefeltet i Nordsjøen, var i gang og hadde gjeve ny fart langs kysten.

Sjølv fekk Aksel jobb som skipper i reiarlaget StoltNielsen. Etter fleire år i skipsmeklarfirma i London og New York bygde haugesundaren Jacob Stolt-Nielsen jr. (1931–2015) opp sin eigen flåte av spesialskip.

I 1981 reiste Aksel Økland som skipper på «Vimi». Dette er altså ikkje skøyta «Vima» han reiste ut med som 14-åring. Nei, «Vimi» med i var ein ombygd fiskebåt, og akkurat dette fartøyet var det mange austevollingar som kjende godt til frå før. På godt og på vondt.

I byrjinga av 1980-åra blei det stifta to kommandittselskap i Austevoll – denne selskapsforma var svært populær av skattemessige årsaker. Kort fortalt har eit kommandittselskap (KS) to typar deltakarar: Komplementarane har fullt ansvar for selskapet si gjeld og forpliktingar, står for den daglege drifta og tek avgjerder.

56 meter lang trålar som var bygd i 1936 på eit verft i Tyskland. I 1981 fekk fartøyet ny bakpart på Rabben Mek. for å bli eit standbyfartøy. Investeringslysta i kommunen var stor, men dei store kontraktane kom ikkje. Etter to år blei «Vimi» seld til Stolt-Nielsen, og med på kjøpet frå Austevoll fekk reiarlaget skipperen Aksel Økland. Han var då 27 år.

Men heller ikkje for Stolt-Nielsen blei «Vimi» nokon stor suksess, sjølv med det nye namnet «Seaway Petrel».

Aksel var aldri i tvil om at han skulle til sjøs igjen.

Såkalla kommandittistar har avgrensa ansvar og risikerer berre den kapitalen dei har investert i selskapet. Fram til styresmaktene skjerpa inn lovgjevinga og fordelane forsvann, var det kommandittfeber i Noreg.

Som kombinert ordførar og tiltakssjef i kommunen var den alltid driftige Magnus Stangeland drivkrafta bak satsingane Austevoll Supply 1 og Austevoll Supply 11. Mange austevollingar kasta seg på bølgja, og blant dei var Hallvard Bertin og faren hans, Harald Klepsvik.

Den første investeringa var altså båten «Vimi», ein

– Me gjorde nokre spotjobbar her og der, men eg trur ikkje båten passa heilt inn i Stolt-Nielsen sin profil på den tida, seier Aksel.

Etter eit oppdrag i Middelhavet fekk Aksel nyss i at reiarlaget frå Haugesund vurderte å selje fartøyet. Han hadde fleire gonger snakka med svigerbrørne sine om dei ikkje snart skulle kjøpe seg ein båt saman. Temaet var oppe både på familiemiddagar, til fest og når dei elles møtte på kvarandre. Var det no det skulle skje?

– Eg kjende «Seaway Petrel» godt etter fleire år som skipper om bord og var sikker på at vi kunne gjere eit godt kjøp om vi var kjappe med å leggje inn eit bod. Så då tok eg nokre telefonar.

Ein av dei første som fekk telefon, var Knut Klepsvik.

Litt risiko var det sjølvsagt å seie opp fast jobb, men me var ein erfaren gjeng og visste kva me bala med.

representerte Høgre i åtte år, og leia planutvalet i kommunen i fire år.

– Om me først skal bu her ute på øya, må me engasjere oss. For meg handla det den gongen mykje om samferdsel, med eit langsiktig mål om å knyte heile kommunen saman med bruer. For North Sea Shipping hadde det vore totalt uaktuelt å etablere oss her utan at det kom bru. Men kampen for bruene er ei lang historie, den får me ta seinare, seier Knut.

I dag jobbar alle tre barna til Knut i reiarlaget. Dag Heine er «vessel manager» med driftsansvar for alle fartøya, Janne er mannskapskoordinator, og Kristian jobbar med innkjøp.

To av dei fire barna til svogeren Aksel er òg tilsette i reiarlaget: Sveinung er operativ sjef, medan dottera Lena jobbar som mannskapskoordinator. Geir, sonen til Hallvard Bertin, har teke over faren si rolle som administrerande direktør.

Knut ser ut mot sjøen og peikar på ein småbåt som kjem tøffande inn.

– Der er bror min, Harald Torbjørn, eg trur han har drege nokre teiner med barnebarna. Som teknisk sjef har han vore fenomenal for utviklinga i dette selskapet.

Harald Torbjørn Klepsvik (f. 1950)

MANGE FAMILIAR HAR gjerne ein i flokken som går for å vere litt smartare når det gjeld tekniske ting. Det er gjerne han eller ho som likar å lese bruksrettleiingar, og som ser løysingar der andre ser problem.

I den store søskenflokken på Bakkasund var det Harald Torbjørn som fekk utdelt denne gåva, og det er han som har fått ei T-skjorte av barnebarna med teksten: «Da som ikkje besten kan fiksa, kan ingen».

Harald Torbjørn kan hugse at mor hans blei imponert då han som liten gut laga vinsj av ein hjulvisp.

– Eg har alltid likt å skru ting frå kvarandre og setje dei saman igjen. Det er interessant, for då lærer du noko.

Eg kan ikkje fatte og begripe korleis folk ikkje har glede av å lese ei god bruksrettleiing? Ein må ta seg tid til å forstå korleis ting verkar, det er så mange som er altfor utolmodige.

Etter realskulen reiste Harald Torbjørn som fiskar med faren på «Anstein». Han utdanna seg som elektro -

ingeniør i Bergen og tok vidareutdanning som prosessingeniør ved Kongsberg Ingeniørhøgskole. Etter kvart fekk han jobb i Forsvaret.

– Då eg starta i Sjøforsvaret, var det gigantiske datamaskiner som blei mata med holkort, og dei maskinene tok enormt med plass. Dei kunne fylle ein heil vegg og likevel ha mindre kapasitet enn det ein vanleg mobil har i dag. Men den gongen var det topp moderne og veldig spennande å jobbe med.

Frå basen på Haakonsvern hadde Harald Torbjørn ansvaret for vedlikehald av landbaserte kanonsystem, og seinare for ein ubåtsimulator til kamptrening i norske fjordar. Men etter fleire år i Bergen kom òg tida då Harald Torbjørn ville heim.

– Då Aksel tok initiativet til å leggje inn eit bod på «Seaway Petrel», den gamle «Vimi», ville eg vere med på laget. Det var med ein viss risiko, men den gongen var me unge og spreke, ville og galne, og då tenkjer ein ikkje så mykje på kva som kan gå skeis.

jobben med å byggje han opp. Klart det var ei utfordring med Austevoll Akvabetong, ikkje minst var det noko heilt nytt.

Den første generalforsamlinga i selskapet gjekk av stabelen 21. september 1985. Styreformann blei broren

Knut. I aviser frå nord til sør blei det lyst ut ledige stillingar med teksten:

«Austevoll Akvabetong A/S er en nyetablert bedrift som produserer flytende konstruksjoner i lettbetong. Bedriften ligger på Bakkasund i Austevoll kommune. Forholdene for nyetablering er lagt godt til rette med byggefelt, ny barneskole, barnehage osv.»

Eg har alltid likt å skru ting frå kvarandre og setje dei saman igjen. Det er interessant.

I starten var North Sea Shipping berre ei investering for Harald Torbjørn, og ikkje ein fast arbeidsplass. Han returnerte til øya for å utføre ei heilt anna oppgåve.

– Det var ein gjeng frå Bergen som hadde ein idé om å starte ein lettbetongfabrikk på Bakkasund, og eg fekk

– Ideen var ikkje dum. Akvaindustrien var i god vekst, og lettbetongen me skulle produsere, var like sterk som gammaldags betong, men vog berre halvparten, seier Harald Torbjørn.

Folket hadde tru på at fabrikken kunne bli ein trygg og stor arbeidsplass, og nesten heile øya blei med som investorar. Det første året hadde dei òg ein noko spesiell gjest til lunsj kvar dag.

Hausten 1986 kom ein 42 år gammal reiar frå hovudstaden til Bakkasund. Han hadde sloppe ut av Oslo kretsfengsel etter 113 dagar i varetekt, blant anna mistenkt for å stele råolje for rundt 58 millionar kroner. For å kome til

hektene etter månadene i fengsel reiste John Fredriksen til sin gode ven Johan Warpe, som hadde hus på Bakkasund. I boka Storeulv – en uautorisert biografi om John Fredriksen av Odd Harald Hauge og Gunnar Stavrum, står det:

En sen kveld la de ut med Warpes fiskesjark. Vel utpå havet begynte det å blåse kraftig. Mens bølgene bygget seg opp, gikk båtmotoren nesten tom for diesel, i bunnen av tanken lå det bare igjen noen få liter og skvulpet. Ubønnhørlig drev båten mot land, uten at Fredriksen og Warpe kunne gjøre noe med det. Etterhvert kom en hjelpebåt til, og man fikk ombord en line. Men den røyk tvert av i uværet, og sjarken drev nærmere og nærmere de hvitskummende brenningene på land. Warpe og Fredriksen var ikke direkte i livsfare, men båten risikerte havari i noen dramatiske øyeblikk. De to ombord lot seg ikke merke med det. Mens vinden ulte i regntøyet, sto vennene tvekroket av galgenhumor. – Det var nå vi skulle sweepet drivstoff, skrek de til hverandre og brølte av latter. Noen sekunder senere fikk de start på motoren og reddet seg i land.

– Fredriksen var ein grei kar, snakka aldri om saka, og me spurde han heller ikkje. Han kom no berre kvar dag, frisk og freidig, og fekk seg gratis lunsj. Men klart, hadde me

visst kva som skulle skje vidare, kunne me kanskje teke litt betalt for maten, seier Harald Torbjørn.

John Fredriksen inngjekk forlik i råoljesaka, men innrømte aldri skuld. Då han reiste frå øya, var det framleis gode tider for den nye betongfabrikken.

– Austevoll Akvabetong produserte flytekaiar som blei selde til oppdrettsindustrien. Rundt på kysten finn du framleis kaiar som me produserte, flotte kaiar med hus på. Og ein del flytebryggjer i større hamneanlegg.

Likevel gjekk ikkje drifta rundt, og fabrikken blei avvikla i 1989.

– Etter eit brått fall i oppdrettsindustrien blei det fullstendig stopp i investeringar. Dette var på tampen av jappetida i Noreg, og bankane stod i kø for å låne oss meir pengar. Men me måtte gje oss. Dette var òg ei tid med høge renter, sjølv hadde eg ei bustadrente på 18 prosent.

Det som er bra, er at bygget i dag er hovudkvarteret for reiarlaget Br. Bakke, ein stor og viktig arbeidsplass her på øya. Så det industribygget var ikkje heilt fånyttes.

Harald Torbjørn bygde seg hus på Bakkasund i 1986 og hadde då ei dotter i lag med Henny Grete Kalve. Ho var frå same øy, men då huset stod ferdig, var ikkje dei to lenger eit par. I motsetnad til Austevoll Akvabetong enda historia om ekteskapet godt til slutt.

– Etter ti år som skilde fann me saman igjen og fekk to søner.

Ved sida av jobben i Austevoll Akvabetong brukte

Harald Torbjørn mykje av tida si om bord på fartøya til North Sea Shipping. Det var alltid noko som måtte fiksast, og då betongfabrikken blei lagd ned, var det aldri spørsmål om kva han skulle drive med. Han blei teknisk sjef i reiarlaget, og i periodar reiste han som maskinist

– utan at han hadde papira til det.

– Det var nok av utfordringar. Utviklinga gjekk i eit rasande tempo med stadig ny teknologi. Men eg likte arbeidet, spesielt når me klarte å finne gode løysingar. Det var alltid fantastisk.

Etter kvart som dei fann gode løysingar, blei huset bygd på. Med betre kontraktar kom det nye arker til, og til slutt ein flunkande ny garasje. Harald Torbjørn reiser seg frå møterommet «Spissøy» og peiker over bukta:

– Eg bur i huset på toppen der. Knut bur berre nokre meter frå meg, og Karsten har sommarhuset sitt rett nedanfor Knut. Fem minutt unna bur Hallvard Bertin.

Det var godt at han kom seg heim, han budde jo lenge på Sotra.

Det var nok

av

utfordringar.
Utviklinga gjekk i eit rasande tempo med stadig ny teknologi.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.