Skip to main content

Presens Maskin

Page 1

«Frå første gong eg las Knutar på originalspråket nynorsk, har eg vore fanga av Gunnhild Øyehaugs vidd, fantasi, ironiske samfunnskommentar, og fryktlause omfamning av ei kvar form for historieforteljing. Dette er historier å nyte, inspirerande både som kunstverk og i menneskeinnsikt.» LYDIA DAVIS, FORFATTAR

«Norsk litteratur på dansk er ikkje lenger den same etter omsetjinga av Øyehaug. Ho er rett og slett eit praktfullt nytt litterært kjennskap.» MICHAEL BACH HENRIKSEN, KRISTELIGT DAGBLAD

Øyehaug Gunnhild

Maskin Presens www.kolonforlag.no

Omslag: Christian Strand Bergheim Forfatterportrett: Helge Skodvin

9 788205 515550

FREDRIK WANDRUP, DAGBLADET

«Øyehaug kombinerer lettsinnet med eit alvorleg blikk på røynda det akutte ærendet hennar er korleis ein ser på verda.» BJÖRN KOHLSTRÖM, BERNUR

Om Draumeskrivar, 2016 «En drøm av en novellesamling, velskrevet og medrivende.» FREDRIK WANDRUP, DAGBLADET

Gunnhild Øyehaug

«Øyehaug er sannsynligvis Norges beste forfatter under 42, en intelligent, eksperimentell, uhyre selvrefleksiv humorist.» FRODE JOHANSEN RIOPELLE, MORGENBLADET

Om Undis Brekke, 2014 «Få skildrer livets alvor med en mer befriende letthet enn Gunnhild Øyehaug her til lands.»

Roman

MARI NYMOEN NILSEN, VG

«Uhyre velkomponert.» SINDRE EKRHEIM, BERGENS TIDENDE

Om Vente, Blinke, 2008 «Om boka ikkje er perfekt, er ho søren så nærme.» KIRKUS REVIEWS

«Øyehaug vever karakterane og verdene deira inn i ein roman som kjennest like mykje som eit verkeleg bilete av indre liv, som ein forfattars vakre spel.»

Presens Maskin

JAMES WOOD, THE NEW YORKER

«Forfriskende og annerledes om lesing og litteratur.»

Gunnhild Øyehaug

«Ein norsk novellemeister.»

namoR

Presens Maskin

Om Miniatyrlesingar, 2017

Roman

Om Knutar +, 2004/2012

dlihnnuG guaheyØ

Presens Maskin

Gunnhild Øyehaug er fødd i 1975, oppvaksen i Ørsta, busett i Bergen. Ho er forfattar, og underviser ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho debuterte med ei dikt­samling i 1998 og har sidan gitt ut noveller, romanar og essays. Ho har fått mellom anna Sultprisen og Doblougprisen for forfattarskapen sin. Den amerikanske utgåva av Vente, blinke blei nyleg nominert til National Book Award 2018, ein av dei mest prestisje­tunge litterære prisane i USA. Fleire av bøkene er omsette til engelsk, nederlandsk, dansk, tysk og svensk.

Presens Maskin handlar om Anna og Laura. Dei er mor og dotter, og idet verda eit overraskande sekund deler seg i to parallelle univers ein gong på 90-talet, blir dei fanga i kvar sin del. Tjueein år seinare har livet gått vidare som om ingenting har skjedd, men i dei to kvinnene sine liv er det noko som ikkje stemmer. Presens Maskin er ein kjærleiksroman om livets ubotelege einsemd. Om uante konsekvensar av feillesingar, om fåkunne og undring, om merkelege lys på himmelen, strandsniper, barn, språkets indre, uforståelege piano­ stykke, og ikkje minst, om menneske i Roman relasjon til andre menneske.

Gunnhild Øyehaug

sneserP niksaM

Presens Maskin

CLAIRE BENOIT, THE PARIS REVIEW

«Hun skildrer personene med en varme og en klokhet som gjør at jeg gleder meg til neste utgivelse.» SOLGUNN SOLLI, ALTAPOSTEN

«Vente, blinke er ein roman av yrande originalitet som vil nullstille hjernen din og muntert sette heile bibliotek av mindre litteratur i skuggen.» RYAN CHAPMAN, BOMB MAGAZINE

«Ja, mine damer og herrar, ein kan fort miste pusten, men nett slik er det i Vente, blinke, der allverdens trådar, assosiasjonar, sitat, tilfelle, metapoeng og – især – merkelege detaljar, hopar seg opp til ein stor snakkande, tenkande, original og urimeleg morosam og sjølvironisk roman.» NANNA GOUL, WEEKENDAVISEN


© Kolon forlag, eit imprint i Gyldendal Norsk Forlag AS, Oslo 2018 Omslagsdesign: Christian Strand Bergheim Sett med 10,5/13,4 pkt. Sabon hos Type-it AS, Trondheim 2018 Trykt hos ScandBook UAB, Litauen 2018 ISBN 978-82-05-51555-0 Alle spørsmål om denne boka kan rettast til Kolon forlag, Sehesteds gate 4 Postboks 6860 St. Olavs plass, 0130 Oslo. E-post: redaksjon@kolonforlag.no www.kolonforlag.no Alle Kolons bøker er produserte i miljøsertifiserte trykkeri. Sjå www.gyldendal.no/miljo

av gunnhild øyehaug Slaven av blåbæret. Dikt. Det Norske Samlaget, 1998 Knutar. Noveller. Cappelen, 2004 Stol og ekstase. Essay og noveller. Cappelen, 2006 Vente, blinke. Eit perfekt bilete av eit personleg indre, roman, 2008 Knutar +. Noveller, 2012 Undis Brekke. Roman, 2014 Kvinner i for store herreskjorter (saman med Yngvild Sve Flikke). Filmmanuskript, 2015 Draumeskrivar. Noveller, 2016 Miniatyrlesingar. Essay, 2017


gun nhild øyehaug

Presens Maskin Roman

:k

kolon forlag


Kom, lat oss stiga ned og forvirra sprüka deira sü den eine ikkje skjønar den andre! 1. mosebok, 11,7

Who are you? anne carson, Short Talks


innhald

1.

rømmingstrappa . . . . . . . . . . . . . . . . . .

9

2.

stafetten . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

20

3.

kongen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

29

4.

fabelen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

36

5.

sprĂĽket . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

42

6.

syrinen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

50

7.

stemma . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

56

8.

jordtimen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

58

9.

pianoet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

64

10.

dokumentarfilmprisen . . . . . . . . . . . .

71

11.

strandsnipene . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

75

12.

dødsangsten . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

85

13.

studenten . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

90

14.

megafonen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

94

15.

ufoen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

95

16.

digresjonen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

101

17.

glaukomet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

106


18.

mĂĽlet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

110

19.

bensinstasjonen . . . . . . . . . . . . . . . . . .

113

20.

kanarifuglane . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

120

21.

lyktestolpane . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

124

22.

sanninga. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

128

23.

hestane. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

132

24.

plakaten . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

133

25.

bringebÌrsyltetøyet . . . . . . . . . . . . .

136

26.

bassenget . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

141

27.

pendelen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

143

28.

slutten . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

144

29.

myra . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

149

30.

redninga . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

152


1 rømmingstrappa

Det er eitt kollektiv over dei og eitt under, og eitt over gangen. Kollektiva festar ofte samtidig, gjerne frå torsdag til søndag, og Laura sit for eksempel og les i ei bok ein tidleg torsdag kveld då ho frå det kalde trapperommet av stein og betong høyrer klirr frå flasker og dempa stemmer og stødige skritt oppover etasjane, og veit samtidig at ho om lag fire timar seinare vil høyre høge, skingrande stemmer gjalle mellom veggene når festen er på veg ned trappene igjen, og deretter, om ho er uheldig, vil ho høyre altfor godt dei mykje høgare lydane frå eit nachspiel i tretida om natta. Om ho er svært uheldig, kjem nachspiellydane frå kollektivet over dei, som dansar og hoppar til spelet «Let’s Dance» på tregolvet som er Laura sitt tak, og som Laura ligg i ei seng under, med opne auge, på sida med beina opptrekte, dyna kveila mellom låra og under den store magen og med ein oransje øyrepropp strittande ut av øyret som vender opp mot taket. Her kan ein ikkje bu med ein baby, har Laura og Karl 9


Peter funne ut, ei slik natt. Dette gjer dei litt triste, for dei likar leilegheita i fjerde etasje i eit skorsteinshus på Møhlenpris, Bergens New York, som Karl Peter brukar å seie, endå han aldri har vore i New York. Dei likar kjensla av å vere i live dei får av å bu der, dei likar prinsippet om smeltedigelen, alle samfunnslaga som bur tett på kvarandre, fotballbanen som ikkje fekk plass til eitt av hjørna, utandørsbordtennisbordet i Konsul Børs’ gate, lyset mellom bygardane i dei rette gatene når sola går ned. Men det er problematisk med dei narkomane, dei likar ikkje langaren som bur i leilegheita i første etasje på andre sida av gata, og dei likar ikkje sprøytespissane nedanfor trappa heller, dei elskar ikkje bygningskonstruksjonen i dei såkalla skorsteinshusa som det finst så mange av på Møhlenpris, og som dei bur i eitt av, med mur utanpå og treverk innvendig, noko som gjer at husa i tilfelle brann vil oppføre seg som ein skorstein og løfte brannen raskt og effektivt oppover etasjane, og nettopp difor likar dei heller ikkje at dei har ein brannalarm som går i tide og utide, og som huseigaren aldri gjer noko for å fikse. Alt i alt må dei flytte. Laura og Karl Peter er 24 og 28 år gamle. 164 og 198 cm høge. Den eine mørk og den andre blond. Laura står i skrivande stund ute i den ca. éin kvadratmeter store gangen mellom kjøkken, bad og soverom. Når eg seier «i skrivande stund», refererer det naturlegvis til meg, ikkje Laura. Det er ikkje ho som skriv, det er eg. Det hadde nok vore rettare å skrive «i skrivande stund er 10


eg våt på beina», for det er sant, eg er våt på beina, det er store hòl i støvlane mine. Eg får ikkje tak i nye. Men uansett. Tilbake til Laura. Ho opnar no munnen og gjer seg klar for det som ein del av språkvitskapen kallar eksternalisering, altså språk som tale. Karl Peter, kom her, ropar ho. Ho høyrer han sitte ved pianoet i stova og klimpre, det er difor ho ropar så høgt. Laura har akkurat pirka av all maskeringsteipen som har vore klistra rundt døropninga til rømmingstrappa i leilegheita, og no står ho og ser ned i rømmingstrappa, det er aller første gong at Laura ser denne rømmingstrappa, og det ho ser, sjokkerer henne. Korleis kan dei ha budd her, i dette skorsteinshuset, i tre år og ikkje visst om dette, er tankane som skyt rasande gjennom Laura og får hjartet hennar til å dunke raskare enn ho føler er lurt med omsyn til babyen. Laura har den siste tida hatt ei ekkel kjensle av at alt er dobbelt. Ho mistenker at det har å gjere med det at ho er gravid, og at det styrker eitt eller anna kjenslesenter i hjernen som ho ikkje veit kva heiter, men som ho kan hugse – eller det vil seie, ho kan jo ikkje hugse sjølve kjenslesenteret, berre konsekvensen av det – frå sterke angst-episodar frå den intense ung kvinne-fasen mellom 19 og 21, då ho plutseleg kunne få ei kjensle av at ting ikkje var seg sjølve, at tapetet kom mot henne, at det ringde ikkje i øyra, men i lufta utanfor hovudet, osb. I går såg ho ein mann med ein hund som ho seinare fann ut var ein napolitansk mastiff gå forbi henne på gata, denne typen mastiff hadde eit ansikt 11


som var så hengande og rynkete at det såg mest ut som om nokon hadde gjort ein feil, for kva skulle funksjonen med denne overfloda av ansiktshud vere, kva evolusjonsmessig fordel skulle dette hundefjeset ha, i høve til andre hundefjes, der huda låg inntil beinstrukturen i ansiktet, kvifor skulle kinna vere falda som tunge gardiner, som om heile ansiktet var ein tung, knørva drope, ei uhorveleg skrekkfilmmaske, ho såg for seg hunden prøve å ete, heile ansiktet måtte jo ligge og gnure mot hundematen, og han snudde seg mot henne og såg aggressivt på henne med eit par hundeauge inni all den hengande fjes-huda, og då kjende ho det som om mastiffen dirra, som om han var dobbel, som om han fordobla seg rett framfor ansiktet hennar. Men akkurat no står berre Laura her med all maskeringsteipen som har vore teipa kring døropninga til rømmingstrappa, i handa. Ansiktet hennar er eit vanleg menneskeansikt. Maskeringsteipen er ein vanleg maskeringsteip, klistra glatt og perfekt oppetter glipen mellom dør og dørkarm, og slik var det då dei flytta inn, og Karl Peter ville berre at dei skulle late det vere slik. For å unngå trekk. Dei bur nemleg i ei leilegheit med gjennomtrekk. Det trekker også frå den store glipa under balkongdøra, i motsett ende av leilegheita. Det går kald trekk i sirkulasjon gjennom alt, langs golvet, som ein slags kald, gjentakande tanke, eit depressivt drag, eit signal, har Laura tenkt, eit forvarsel frå huset til dei, om korleis det eigentleg er å bu i eit hus eigd av ein mann som gjer alt han kan for å unngå å sikre leigetakarane 12


sine, som ikkje klarer å fikse brannalarmen endå han får klager på at han går av kvar veke, som triksar og tryllar med det elektriske anlegget, som ikkje byter ut vindauge sjølv om dei sprekk, som ikkje tettar gliper der det trekker. Tek dei av teipen, må dei til å kjøpe ny. Då må han, Karl Peter, til å teipe. Det vil bli så keisamt å teipe. Laura, derimot, likar å vere førebudd. Ho vil kunne visualisere det, slik alpinistar visualiserer løypa før dei skal sette utfor: I tilfelle brann vil ho vite korleis det ser ut der ho skal styrte ut. Når Karl Peter har vore ute på turné med bandet sitt, har Laura lagt seg med ei lommelykt og ein kniv under senga og tenkt: I tilfelle brann, eller innbrot, er det rømmingstrappa som gjeld, då flyktar eg ut dit. Ho må først vri om nøkkelen som står i låsen i rømmingstrappa, og så må ho berre rykke til av all kraft, ho vil jo ikkje ha tid til å pirke av all teipen. I fjor la ho seg på denne måten i hundre og femtiseks netter, hittil i år har det berre vore syttisju. Falsk tryggleik kjennest ofte til forveksling lik ekte tryggleik, og det har fungert, for Laura, ho har fått sove, sjølv om vissa om at ho bur i eit skorsteinshus har plaga henne nærmast kvar dag etter at dei flytta inn, og sjølv om ho også veit at handa hennar som held om ein kniv (som ho også må rekke å famle fram frå der han ligg under senga i tilfelle det plutseleg står ein overfallsmann i soverommet), vil visne av prikkande nervøsitet og skjelving og ikkje klare å stikke til sjølvforsvar på noko vis, og sjølv om ho veit at ho truleg er død av røykforgifting før ho klarer å kome seg ut til rømmingstrappa – og om ho ikkje er død, kanskje 13


vil få panikk og ikkje klare å vri om nøkkelen, eller i det heile klare å finne nøkkelen, der han står, så lett å finne i dagslys og når det ikkje er tett av røyk framfor ansiktet. Klimpringa sluttar ikkje. Hallo, Karl Peter! ropar Laura igjen der ho står med døra til rømmingstrappa på vidt gap. Karl Peter kjem gåande gjennom kjøkkenet, slenger ut ein arm idet han passerer kjøkkenbenken og grip eit glas med syltetøy, eplesylta som Bård, far til Laura, har laga. Bård er syltetøyentusiast, denne har eit snev av vanilje. Karl Peter tek ei skei, tek ein stor munnfull, og kjem ut i den vesle gangen der Laura står med maskeringsteipen i hendene. Ta ein kik her, seier Laura og nikkar ned i trappa. Jøss, seier Karl Peter, har du tatt av teipen, eg trudde liksom det ikkje gjekk an. Han har liksom vore som eit ansiktstrekk, seier Karl Peter forundra, ein kan ikkje berre rive av eit ansiktstrekk. Karl Peter er så Karl Peter her han står, med eplesyltetøyet. Han er barbeint. Han luktar røyk. Han er høg, han har ein måte å vere høg på som gjer at det verkar som om han er skoren ut i papp, eller som om han er ein statue som rører på seg i rommet, litt motstridig ettersom det er tungt å vere ein lang statue. Når han står på scena med gitaren sin, er det som om lyset frå lyskastarane lyser opp eit slags gudevesen frå norrøn tid i T-skjorte og dongeri. Han ser alltid sint ut på scena, alltid mild ut når han ikkje er på scena. Eller avventande. Karl Peter tek tak i dørkarmen og lener seg forbi henne for å sjå ned i trappa. Jøss, ho er jo av tre, seier Karl Peter. Er 14


ikkje det eit lite paradoks? Hovudtrappa er av betong, og redningstrappa er av tre? Mhm, seier Laura. Vi har levd i eit skorsteinshus med ei rømmingstrapp av tre, i tre år, og ikkje visst om det, seier Laura. Kva seier det om oss? Tja, seier Karl Peter og tek ei skei til av eplesyltetøyet. At vi er tillitsfulle? At vi ser lyst på livet? At vi ikkje bekymrar oss så raskt? Alt dette er kritikk av Laura. Laura er skeptisk. Laura ser ofte mørkt på livet. Laura bekymrar seg raskt. Laura er ofte eit djupt og mørkt konglomerat av fullstendig unødvendig uro. Har vi testa røykvarslarane i det siste, spør Laura. Nei, det har vi sikkert ikkje, seier Karl Peter. Skifta vi ikkje dei i fjor, då? Du, ikkje tenk på dette. No må vi kjøpe ny maskeringsteip! Han slår ut med dei lange armane. Fuck, kriiiise! Han ler, dreg henne inntil seg med den armen som ikkje har eit glas eplesyltetøy i enden. Han kyssar henne. Ikkje stress, seier han. Det betyr sikkert berre at vi lever i parallelle univers. Du seier ikkje det, seier Laura. Trappene er parallelle, seier Karl Peter. Den eine av betong, den andre av tre, see? seier Karl Peter, og kyssar henne på halsen. Laura, som i tillegg til i det siste å kjenne at ting er dobbelt, har vore oftare kåt. Det har nesten blitt eit problem, ikkje for Karl Peter, men for Laura, det er for mykje, gjer henne ukonsentrert. Det er fordi, sa jordmora då Laura raudnande spurde om det, skjeden er opphovna no under graviditeten, og med auka blodtilførsel blir ho skapt, den kjensla der. Men det er kanskje ikkje så ille, det, sa jordmora og smilte lurt før ho bladde i Laura sine papir. Karl Peter har derimot hatt eit oppheng i parallelle univers, ikkje 15


berre likar han science fiction, men han argumenterer ofte, etter at dei har sett nokre av dei mange filmane som på akkurat dette tidspunktet i verdshistoria baserte seg på ideen om parallelle univers, for eksempel Interstellar, eller Arrival, eller Doctor Strange, der dei utanomjordiske universa for eksempel har intelligente vesen det går an å kommunisere med, eller samtidige dimensjonar som ein kan kome til ved å gjere spennande sirkelrørsler med handa, eller, som i Interstellar, har ei tid som kan bøyast, slik at ein far som er astronaut, kan reise gjennom tida fordi han blir fanga i romtida i eit ormehòl, tilbake til tidspunktet før han reiste ut i rommet, og på spektakulært vis få formidla til den dåtidige dottera si at ho må bli romforskar og løyse den gåta han frå framtida sender henne, men naturlegvis ikkje kan formidle, heller ikkje til den dåtidige versjonen av seg sjølv, at han ikkje må reise, og korleis far og dotter kan møtast igjen, etter at dottera har løyst gåta, og menneskeheita er flytta til ein utanomjordisk koloni (fordi livet på jorda ikkje fekk til å eksistere lenger) som gamal kvinne, og sleppe han laust frå ormehòlet i romtida og han rekk å besøke henne akkurat før ho døyr, Karl Peter har ofte argumentert med at i tillegg til at det sjølvsagt er underhaldande med tanken om doble liv, handlar oppblomstringa av filmar om parallelle univers om vår tid, for berre nokre få år sidan var det ingen i seriøse vitskapelege krinsar som ville ta i omgrepet eingong, og no blir det forska på som aldri før, kva seier dette om vår tid, Laura, er det eit endeteikn? kan han til dømes seie med alvorsam nyhendeopplesarmine. Når 16


Karl Peter stiller desse spørsmåla, forventar han vanlegvis ikkje svar, han stiller dei berre, men når Laura svarer at ho trur det betyr at vi lever i ei brytningstid, at vi lever i ei tid der noko er i ferd med å endre seg, og kan hende ikkje til det betre, men forhåpentleg på sikt, slik til dømes diktet Voluspà truleg blei dikta på 900-talet i brytningstida mellom heidendom og kristendom og spådde verdas undergang og at ei ny jord skulle oppstå av den gamle, blir Karl Peter mint på kven ho er, at ho er tjuefire år og fullførte hovudfaget på halvparten av normert tid, at ho allereie underviser, han er saman med eit geni, brytningstid, seier han, det er vakkert. Men tilbake til kyssinga på halsen i gangen rett ved rømmingstrappa. Ikkje no, seier Laura. Det er ikkje, seier ho, så veldig opphissande å oppdage ei rømmingstrapp i tre som kan stå i full fyr før resten av huset gjer det. Ho har armane i kors over magen. Karl Peter ler og kyssar henne på panna før han går, Karl Peter, som, om ein googlar han, finn «Karl Peter Voll kone» som nummer to på lista over søkeforslag – fordi folk vel vil vite om han er gift, der dei står på konsertane hans og drøymer seg vekk og ser for seg diverse romantiske scenario der dei mørke auga hans blir milde ved synet av ansiktet til den som drøymer. Men for å oppsummere, om Laura med maskeringsteipen i hendene: Er ho ein engsteleg, angstridd person, ein liten kontrollfrik? Ein person med teljekantar på skjortene i skapet? Om ein såg på dei rotete klesskapa til Laura, der kleda meir taut ut enn hang fint, og på 17


dei rotete bokhyllene hennar, og om ein tenkte på den rada av mislukka forhold (med idiotar, som ho hadde forelska seg i på grunn av deira måte å vere på, rettare sagt den måten som dekte til den eigentlege, den idiotiske) som ho hadde før ho møtte Karl Peter, og som var prega av Laura si sterke evne til å bli begeistra og forelska, eller berre rett og slett tok ein kik på Laura sitt indre, som meir liknar ein malstraum, eller ein sverm av bier, eller ein vulkan, eller eit veldig, veldig djupt og svart tjern med ein hemmeleg og forskrekkeleg sjøorm, eller eit fossefall, eller eit himmelrom, eller eit sterkt og knitrande bål, eller eit stort og uendeleg sug, ein langeksponert eksplosjon, så veit ein at svaret ikkje kan vere ja, åleine. Laura har aldri heilt visst korleis ho skulle handtere dei, desse kreftene, som kjendest omtrent lysande, som var ho ein slags utvald person som hadde kome til jorda for å gjere noko godt, berre at ho ikkje hadde funne ut korleis eller på kva måte. Og av og til kunne dei jo føre til det heilt motsette av godt, desse kreftene. Hennar faste skrekkeksempel: den gongen ho som barn fekk eit heilt barneselskap ho hadde grudd seg til å gå i, til å følgje etter henne, vekk frå bursdagsbarnet, heim til henne sjølv, for å sjå på nokre heilt spesielle klinkekuler, og ho merka ikkje at noko var feil før mor til bursdagsbarnet kom og minte henne på med skarp stemme at det ikkje var Laura det handla om i dag. Etter dette har Laura vore mistenksam. Finst her eit bursdagsbarn ho ikkje ser? Og har ho, spør ho seg av og til, på grunn av desse ustyrlege kreftene laga seg ein personlegdom som er denne personlegdommen 18


si motsetning, som er forsiktig, redd, nervøs, som likar å ha kontroll, som søv med kniv? Uansett kan vi seie at det er lite ved Laura som tilseier at ho lever i eit parallelt univers skapt av ei feillesing. Men: Det er det ho gjer. Hadde Karl Peter visst dette, at både han og Laura og alt anna han såg ikring seg, var ei parallell verkelegheit, til ei anna verkelegheit, at alt fanst dobbelt opp, at bak – eller rettare sagt ved sida av – dette Møhlenpris fanst eit anna Møhlenpris, ved sida av dette Bergen fanst eit anna Bergen, ved sida av denne han sjølv fanst ein annan han sjølv, hadde han truleg blitt svært overraska. Kanskje hadde han blitt glad. Forfjamsa. Kjent eit sterkt, eksistensielt trykk, ein heilt særskilt type undring, den slags undring som oppstår når du innser: Ingenting er som du trudde, alt er heilt annleis. Dette skal vi kome tilbake til. Akkurat no står Laura berre her og et eplesyltetøy med ei sint mine i ansiktet, ho plukka syltetøyglaset opp der Karl Peter sette det ned, Karl Peter brukar alltid å ete opp halve syltetøyglaset på éi skive, og det skal ikkje få skje no, tenker Laura.


«Frå første gong eg las Knutar på originalspråket nynorsk, har eg vore fanga av Gunnhild Øyehaugs vidd, fantasi, ironiske samfunnskommentar, og fryktlause omfamning av ei kvar form for historieforteljing. Dette er historier å nyte, inspirerande både som kunstverk og i menneskeinnsikt.» LYDIA DAVIS, FORFATTAR

«Norsk litteratur på dansk er ikkje lenger den same etter omsetjinga av Øyehaug. Ho er rett og slett eit praktfullt nytt litterært kjennskap.» MICHAEL BACH HENRIKSEN, KRISTELIGT DAGBLAD

Øyehaug Gunnhild

Maskin Presens www.kolonforlag.no

Omslag: Christian Strand Bergheim Forfatterportrett: Helge Skodvin

9 788205 515550

FREDRIK WANDRUP, DAGBLADET

«Øyehaug kombinerer lettsinnet med eit alvorleg blikk på røynda det akutte ærendet hennar er korleis ein ser på verda.» BJÖRN KOHLSTRÖM, BERNUR

Om Draumeskrivar, 2016 «En drøm av en novellesamling, velskrevet og medrivende.» FREDRIK WANDRUP, DAGBLADET

Gunnhild Øyehaug

«Øyehaug er sannsynligvis Norges beste forfatter under 42, en intelligent, eksperimentell, uhyre selvrefleksiv humorist.» FRODE JOHANSEN RIOPELLE, MORGENBLADET

Om Undis Brekke, 2014 «Få skildrer livets alvor med en mer befriende letthet enn Gunnhild Øyehaug her til lands.»

Roman

MARI NYMOEN NILSEN, VG

«Uhyre velkomponert.» SINDRE EKRHEIM, BERGENS TIDENDE

Om Vente, Blinke, 2008 «Om boka ikkje er perfekt, er ho søren så nærme.» KIRKUS REVIEWS

«Øyehaug vever karakterane og verdene deira inn i ein roman som kjennest like mykje som eit verkeleg bilete av indre liv, som ein forfattars vakre spel.»

Presens Maskin

JAMES WOOD, THE NEW YORKER

«Forfriskende og annerledes om lesing og litteratur.»

Gunnhild Øyehaug

«Ein norsk novellemeister.»

namoR

Presens Maskin

Om Miniatyrlesingar, 2017

Roman

Om Knutar +, 2004/2012

dlihnnuG guaheyØ

Presens Maskin

Gunnhild Øyehaug er fødd i 1975, oppvaksen i Ørsta, busett i Bergen. Ho er forfattar, og underviser ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho debuterte med ei dikt­samling i 1998 og har sidan gitt ut noveller, romanar og essays. Ho har fått mellom anna Sultprisen og Doblougprisen for forfattarskapen sin. Den amerikanske utgåva av Vente, blinke blei nyleg nominert til National Book Award 2018, ein av dei mest prestisje­tunge litterære prisane i USA. Fleire av bøkene er omsette til engelsk, nederlandsk, dansk, tysk og svensk.

Presens Maskin handlar om Anna og Laura. Dei er mor og dotter, og idet verda eit overraskande sekund deler seg i to parallelle univers ein gong på 90-talet, blir dei fanga i kvar sin del. Tjueein år seinare har livet gått vidare som om ingenting har skjedd, men i dei to kvinnene sine liv er det noko som ikkje stemmer. Presens Maskin er ein kjærleiksroman om livets ubotelege einsemd. Om uante konsekvensar av feillesingar, om fåkunne og undring, om merkelege lys på himmelen, strandsniper, barn, språkets indre, uforståelege piano­ stykke, og ikkje minst, om menneske i Roman relasjon til andre menneske.

Gunnhild Øyehaug

sneserP niksaM

Presens Maskin

CLAIRE BENOIT, THE PARIS REVIEW

«Hun skildrer personene med en varme og en klokhet som gjør at jeg gleder meg til neste utgivelse.» SOLGUNN SOLLI, ALTAPOSTEN

«Vente, blinke er ein roman av yrande originalitet som vil nullstille hjernen din og muntert sette heile bibliotek av mindre litteratur i skuggen.» RYAN CHAPMAN, BOMB MAGAZINE

«Ja, mine damer og herrar, ein kan fort miste pusten, men nett slik er det i Vente, blinke, der allverdens trådar, assosiasjonar, sitat, tilfelle, metapoeng og – især – merkelege detaljar, hopar seg opp til ein stor snakkande, tenkande, original og urimeleg morosam og sjølvironisk roman.» NANNA GOUL, WEEKENDAVISEN


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Presens Maskin by Gyldendal Norsk Forlag - Issuu