Lita jente
Lita jente i pysjen står, augo trøytte, tankar som går natta kviskrar stille ein song, men draumane kjem ikkje heilt i gong
Verda kviler heilt forlaten månen ljosar gjennom natt stjerner blinkar og synar veg, lita jente legg seg ned
Ein draum ho finn, ein stille stad der alt er trygt og alt er godt morgondagen kjem med ro men fyrst må natta få sin fred.
1 år
12 månadar
52 veker
356 dagar
8 765,81277 timar
525, 948,766 minuttar
31 556 926 sekundar
Utan deg
Brått var du borte
Brått var du borte frå alt det vonde.
Dine varme auge og smilande munn.
Med godheit i hjartet, og ein god vits på lur, du sovna ifrå oss på din siste blund.
Saknet er stort, men du slepp å li.
Ditt hjarte får kvile, du er endeleg fri.
Sov godt, kjære morfar, eg har deg så kjær, langt inni hjartet er du meg nær.
Om eg kunne
Om eg kunne fått dagen i reprise.
Om eg kunne fått ledd ein siste gang.
Om eg kunne fått delt ein siste vits.
Om eg kunne få sjå deg smile,
Høyrt deg le.
Om eg berre kunne fått gitt deg ein siste klem,
Då skulle eg vært deg så evig takknemleg!
Eit rom står låst
Inni meg finnes du ikkje lenger
rommet står tomt og ubrukt mørkt stille
lyden av deg forsvinn sakte langt vekk i det fjerne det er så vidt eg kan høyre deg
Innimellom lurer eg på korleis det høyrest ut der inne i mørket finnes det eit håp om at eg ein gang skal få høyre korleis stilla bit deg fast i det som ein gang var
Under stjernehimmelen
klar og blank
ligg det ei jente
lengtar etter svar
Ho hadde høyrt
heilt frå ho var lita
at du var den klåraste
Ho speidar lenge
det verkar som at du er vekk
idet ho er i ferd med å gi opp
glimtar du til
Vinden susar
det var som om du sa
beklagar at du venta
men eg måtte pusse meg blank så du skulle sjå
at det var meg du ventar på
Det er når
regnet treffer
ein varm
sommarasfalt
når sola skin
og varmar kroppen
og lukta av nyslått gras
streifar kroppen min
eg saknar deg mest