Skip to main content

Siri Gossé: Enno er vi her

Page 1


Lyrikkforlaget © 2025

Inkognito publisering

Postboks 112

4395 Hommersåk

www.lyrikkforlaget.no

Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering

ISBN: 9788283984989

Omslag: CF media

Sats: CF media

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.

enno er vi her

SIRI GOSSÉ

gjennom nattedøra smett eit gullband

skar av novemberhimmel skin i plogfurene

legg si skrøpelege tyngde mot jorda

ein gong himla vi rom i opne landskap

solfossar vart silt til skumring gjennom steinen og rømda fekk hud

eg minnast skuggane vi las for bøn og brunst

men no no tyder vi ikkje lenger mørkret

å vakne

kvar morgon den same viljen

stupe mot yta bryte seg inn i kroppen

alt for ei upresis sansing

ribbeinas boger spenner ei skumring

hjarteslaga riter rom av skremmande teikn

gyldig er mi uro der også tankane skvett bort frå vekta av skuggane våre

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook